Støyutbetring for deg som bur langs sterkt støybelasta veg I heimen, på arbeidsplassen og i nærmiljøet er det mange ulike lydkjelder som påverkar oss. Når lyden blir plagsam og uroar oss, blir den definert som støy. Ulike lover og retningsliner regulerer støyproblematikken. Bur du langs eksisterande veg, er det forskrift om grenseverdiar for støy med heimel i Forureiningslova som gjeld. Skal du byggje nytt i eit støybelasta område, er det Plan- og bygningslova som legg nødvendige føringar. Denne brosjyren tek utgangspunkt i Grenseverdiforskrifta og omhandlar grenseverdiar for aktuelle bustader, barnehagar skular og helseinstitusjonar langs eksisterande vegnett. Når lyd blir støy Oppstigende DC9 jetfly i 200 m avstand Pressluftsbor (udempet) i 40 m avstand Høyeste innendørs trafikkstøynivå i utsatt byleilighet Daglege situasjonar På fortau i sterkt trafikkert gate (gjennomsnittsnivå) Lyd blir målt i ein desibelskala der 0 dB(A) utgjer den svakaste lyden eit menneske kan høyre, medan smertegrensa går ved 120 dB(A). Figuren til venstre viser lydnivået i ein del daglege situasjonar. Utandørs støy Sterkt plaga Plaga 10% 20% 40% 25% 40% 55% Støynivå 55 dB(A) Støynivå 65 dB(A) Støynivå 75 dB(A) Figuren gjeld utandørs støy. Redusert helse- og livskvalitet Trafikkstøy skaper ofte søvnforstyrring. Støy kan føre til redusert helse- og livskvalitet. Forstyrring av samtale og lytting er ei vanleg følgje av trafikkstøy. Søvnforstyrring, endra åtferd, samt problem med konsentrasjon og motivasjon er andre følgjer. Sterke støyplager er eit varsel om stressbelasting og fare for sjukdom. Det er dokumentert at personar som bur i bustader ved sterkt trafikkerte gater, er meir nedstemte og mindre avspente enn personar som bur i rolige omgjevnader. Larmskadar som permanent øydelagde sanseceller er derimot ikkje eit sannsynleg resultat av vegtrafikkstøy. Støynivå og sjenanse Vegvesenet tek ansvar Vegtrafikkstøy og fleire andre typar støy som varierer over tid, blir omtala i eininga døgnekvivalent støynivå: Det er gjennomsnittleg støynivå over 24 timar, dB(A), og ikkje lydnivået frå rushtrafikk og andre utsette tidsrom som utgjer grunnlaget for vurdering av støy langs eksisterande veg. Høg støy kan føre til Statens vegvesen tek støyproblema på alvor. Denne brosjyren gir deg informasjon om kva grenser som gjeld for å bli omfatta av støyreduserande tiltak når du bur i sterkt støyutsette område, kva tiltak som kan setjast i verk og korleis vi gjennomfører tiltaka i det vedtekne støyutbetringsprogrammet. Normal stemme på 1 m avstand Støy fra kjøleskap i lite kjøkken Blader som rasler i stille vær sjenanse: Ei ubehageleg kjensle av å bli uroa eller plaga. Støyplagene blir graderte på ein skala frå «sterkt plaga» til «ikkje plaga/litt plaga». Kor mange som opplever å vere «sterkt plaga» og «plaga», varierer med lydnivået: 1 million nordmenn bur i bustader med utandørs døgnekvivalent støynivå over 55 db(A). Av desse er omlag 250 000 «sterkt plaga» av støy. I eit moderne samfunn er vi konstant omgitt av lydkjelder med ulikt støynivå (Illustr. Norsk forening mot Støy). 3 Grenseverdiforskrifta etter Forureiningslova slår fast at folk som bur i eksisterande bustadområde med døgnekvivalent trafikkstøy på minst 42 dB(A) innandørs, har krav på å få utført støyreduserande tiltak. Kven får utbetra støytilhøva? Utbetringar på veg Når Statens vegvesen tek ansvar for å redusere trafikkstøyen i dei mest utsette bustadene langs riks- og fylkesvegnettet, må vi følgje støygrensa i forskrifta. Vi kan i liten grad utøve skjønn eller gjere særskilte unntak. Grensa for tiltak for dei som bur langs eksisterande veg, er 42 dB(A) innandørs, noko som tilsvarer om lag 70-72 dB(A) utandørs. Forskrifta har berre støygrense for innandørs støy. Det er difor ikkje aktuelt å gjennomføre tiltak som berre reduserer støyen utandørs, som til dømes lokal skjerm for uteplass. Grensa er eit kompromiss mellom støyomsyn og økonomi, fastsett for å rydde opp i dei verste støyproblema langs vegnettet. Statens vegvesen vil i perioden 2002-2004 investere store beløp i støyreduserande tiltak. Plan- og bygningslova har minstekrav for å byggje og planleggje nye bustader og andre støyfølsame bygningar. Desse minstekrava er på 55 dB(A) ute og 30 dB(A) inne, og dei er såleis mykje strengare enn utbetringsgrensa. Plan- og bygningslova viser også til ein definisjon av god lydkvalitet, som tilsvarer ein situasjon praktisk talt utan støyforstyrring. Denne er endå 5-10 dB(A) lågare, og blir nytta frivillig i ein del dyrare bustadprosjekt. Ansvarsfordeling Statens vegvesen er ansvarleg for å utføre støyreduserande tiltak langs riks- og fylkesvegar i eksisterande bustadområde som blir omfatta av grenseverdiforskrifta. Forskrifta er under revisjon. Uavhengig av utfallet vil òg dei som bur langs vegen langt under tiltaksgrensa kjenne seg plaga av trafikkstøy. Å utføre utbetringar på eiga hand, er derfor eit alternativ for mange. Vi presenterer her ein del støyreduserande tiltak, både dei vegvesenet vil utføre og tiltak dei som bur langs vegen under støygrensa kan finansiere sjølve. Kva påverkar støynivået? Vegtrafikkstøy blir utrekna på grunnlag av opplysningar om trafikk og terreng. Støyen blir rekna om til gjennomsnittleg støy i døgnet (sjå side 3). Trafikkmengde, fart og avstand mellom veg og bustad er spesielt avgjerande for støynivået. Utrekningane er grunnlag for vidare planlegging og dimensjonering av støyreduserande tiltak. I nokre få tilfelle blir det utført målingar av støyen, oftast som stikkprøvekontroll av utførte tiltak. Figuren til høgre viser dei viktigaste faktorane som verkar inn når støynivået skal reknast ut. 50 Trafikkmengde Trafikksammensetning Hastighet STØYNIVÅ Kjøreunderlag Stigning Ulike støygrenser Sjølv om bebuarar under støygrensene ikkje får dekt utbetringar, gir vi råd om sjølvfinansierte støytiltak. Refleksjon 4 Avstand Marktype Akustiske rådgjevarar hjelper vegvesenet med vitskaplege utrekningar som gir nøyaktig støymåling. 3 Ved utbetringsgrensa på 42 dB(A) i forureiningslova vil knapt 40 % av dei som bur langs vegen oppleve å vere «sterkt plaga». 3 I eksisterande bustadområde vil støyisolering av bustaden/ institusjonen vere det mest effektive tiltaket for å redusere trafikkstøyen. Isolering vil nesten alltid betre inneklimaet. Det blir no opna for å redusere fartsgrensene i bustadområde, mellom anna for å redusere trafikkstøyen. Vi har gode erfaringar både med redusert fart og omlegging av vegtraseen. Best resultat Innvendig og utvendig isolering reduserer støyplagene. Isolering er hovudtiltaket 3 Når forskrifta trer i kraft, blir støynivået innandørs avgjerande for val av type tiltak. Isolering er det mest effektive tiltaket: Nye eller utbetra vindauge, eventuelt tilleggsisolering i vegg og tak. Ein må kutte trafikkmengda med opptil 90 % for å få same støyreduksjon som ved isolering. Tiltaka skal òg gje bustaden tilfredsstillande ventilasjon. Dette vil oftast bety balansert ventilasjon. Betra ventilasjon reinsar lufta og fører til forbetra inneklima. I eksisterande bustadområde skal tiltaka redusere støynivået til under 35 dB(A), om mogleg endå lågare. Andre alternativ Tiltak på eiga hand Ein kan òg setje i verk andre tiltak enn isolering når dette er formålstenleg og kostnadseffektivt. Blant dei aktuelle bustadene i Region Vest er det registrert få tilfelle der skjerming langs vegen vil være eit reelt alternativ til isolering. Dette fordi dei støyutsette bustadene ligg svært nær vegen. Her er nokre tiltak som likevel kan vere aktuelle: Folk med støyplager som ikkje blir omfatta av utbetringsprogrammet, kan med råd og bistand frå fagfolk ordne og finansiere støyreduserande tiltak på eiga hand. Her er nokre forbetringsområde: 3 redusert trafikkmengde 3 redusert fart 3 støysvake bilar: motor og dekk (dette er teknisk mogleg, men ikkje sannsynleg dei næraste åra) 3 støysvakt vegdekke (dette er brukt i utlandet, men krev at ingen nyttar piggdekk) 3 skjerming langs vegen der det er mogleg 7 3 støyisolering ved utskifting eller forbetring av vindauge, balkongdører, veggar og tak 3 montering av ventilasjonsanlegg slik at vindauge i støyutsette rom kan vere lukka 3 skjerming av uteplass i hage, på balkong eller terrasse 3 endra planløysing i bustaden, med soverom mot den minst støyutsette fasaden Arbeidet med å vurdere støytilhøva og gjennomføre utbetringar på støyutsette bustader, byrja for fleire år sidan. Målsetjinga er at alle bustader med støy over 42 dBA skal vere ferdig isolert i løpet av 2004. Informasjon, estetiske omsyn og vedlikehald Mange får tiltak Dei fyrste kartleggingane viser at mange bustader i Region Vest kan ha støy over grensa. Om lag 95 % av desse ligg langs riks- eller fylkesvegnettet i Stavanger og Bergen. Få kommunale vegar har bustader med støy over grensa. Forskrifta omfattar også flystøy og jernbanestøy. Tiltak i desse områda er det Forsvarsbygg og Jernbaneverket som har ansvaret for. Synfaring, prosjektering og tiltak Etter at huseigarane fyrst får brev med informasjon om at bustaden er grovkartlagt innanfor 42 dB(A), vil støyarbeidet følgje faste prosedyrar: Akustisk rådgjevar kjem på synfaring med måltaking og bygningsmessig registrering, og detaljerte støyutrekningar blir gjennomførte. Dersom bustaden/institusjonen får påvist 42 dB(A) eller meir, blir nødvendige tiltak prosjekterte. Målsettinga er at ingen opphaldsrom i bustaden skal ha meir enn 35 dB(A) innandørs etter at tiltaka er gjennomførte. Tiltaka blir utførte av byggmeister /entreprenør engasjert av vegvesenet. Etter at tiltaka er gjennomførte, blir det arrangert sluttsynfaring. 9 Om lag 95 % av dei sterkt støyutsette bustadene i Hordaland ligg ved fylkes- og riksvegar i Bergen. 3 Utbetringar på gang Huseigar får informasjon om prosessen og ei orientering om forslag til tiltak. Det blir tatt nokre estetiske omsyn i prosjekteringa, som til dømes at vindauge i størst mogleg grad skal behalde original stil. Huseigar må sjølv ta vanlege kostnader med vedlikehald og drift av isoleringstiltak og ventilasjonsanlegg. NB: Erfaringa tilseier at om lag 50 % av dei detaljvurderte bustadene viser seg å ha lågare støynivå enn 42 dB(A). At du blir kontakta og får besøk, betyr difor ikkje at du heilt sikkert har krav på å få dekt tiltak. Erfaringane frå bustader som allereie er ferdig isolerte, viser at utbetringsprogrammet reduserer støyplagene og gir bebuarane ein betre kvardag. Støyisolering nyttar 11 Isolering av bustader langs Fjøsangerveien i Bergen har redusert støynivået med 10-15 dB(A). 3 Dei fleste støyutsette bustader ligg nær sterkt trafikkerte vegar. Det betyr at dårleg inneklima i form av asfaltstøv og luftforureining kan komme på toppen av støyproblema. Erfaringane frå utbetringsprogrammet viser at installasjon av ventilasjonsanlegg har gjort det mogleg å oppretthalde eit tilfredsstillande inneklima i bustader der luftforureining tidlegare var eit stort problem. Statens vegvesen har fått i oppgåve å utføre støyutbetringar etter eigne budsjett frå sentrale styresmakter. 3 Forbetra inneklima Kontakt gjerne Statens vegvesen for ytterlegare informasjon om støyproblematikken i denne brosjyren: Statens vegvesen Region Vest Telefon: 57 65 57 00 - Leikanger Heimeside: http://www.vegvesen.no Informasjon om støy, førebygging, regelverk og liknande, finn du i Støyhåndboka, TA-1827/2001. Denne kan du kjøpe eller skaffe hos Statens forureiningstilsyn, telefon 22 57 34 00. Sjå også SFT sine heimesider: http://www.sft.no For bistand til støyberekning, råd om planløysing, dimensjonering av støyreduserande tiltak og liknande, kan du slå opp i Telefonkatalogen Gule sider, under Rådgivende Ingeniører – Akustikk. Du kan òg få informasjon hos Norsk forening mot Støy Storgt. 45 0182 OSLO Telefon: 22 20 07 20 Andre viktige kontaktorgan er fagavdelingane i dei enkelte kommunar, fylkeskommunar og fagavdelingane hos Fylkesmannen. Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt og klageinstans i støysaker. Statens forureiningstilsyn, eller den Miljøverndepartementet avgjerd, kan gjere unntak frå forskrifta. Forskrifta er for tida under revisjon. Utarbeidd i samarbeid med Kilde Akustikk ved Sigurd Solberg. Produksjon: Reklamebyrået AG2 Her får du meir informasjon
© Copyright 2024