Møteprotokoll Utvalg: Møtested: Dato: Tidspunkt: Breheimen nasjonalparkstyre Skjåk Utmarkssenter 08.06.2015 10:00-13:00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Rolv Kristen Øygard Styreleiar Bjarne Eiolf Holø Styremedlem Norunn Lunde Furnes Styremedlem Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Mariann Isumhaugen Styremedlem Ivar Kvalen Nestleiar Rannveig Brennhaug Styremedlem Følgende varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Marit Aa Tennø Ivar Kvalen Representerer Skjåk kommune Lom kommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Representerer Oppland fylkeskommune Luster kommune Skjåk Almenning Representerer Luster kommune Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Bjørn Dalen Nasjonalparkforvaltar Eldrid Nedrelo Nasjonalparkforvaltar Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. ______________________ ______________________ _______________________ Marit Aa Tennø Rolv Kristen Øygard Bjarne Eiolf Holø Saksliste Utvalgssaksnr Innhold ST 24/15 Godkjenning av innkalling og sakliste - val av to medlemmar til å skrive under protokoll saman med styreleiar 2003/4333 ST 25/15 Sak - Restaurering av bru over Høya ved innløpsosen til Høydalsvatnet - Lom fjellstyre. 2015/3447 ST 26/15 Sak - Mørkridsdalen landskapsvernområde Gjenoppbygging av skot på sel på Berget - Johan Mørkrid Forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde – Høyring Sak –Mørkridsdalen landskapsvernområde – Bruk av helikopter til Tussen i samband med oppføring av repeater – Søknad om utvida periode for flyging – Eltel Sønnico AS 2015/3501 ST 27/15 ST 28/15 Lukket Arkivsaksnr 2012/3352 2015/2728 Referatsaker RS Mørkridsdalen landskapsvernområde - Tilbakemelding til Bolstad- og Heltne Sameige gitt i møte 30.10.14 Planar om Kulturlandskapssenter 2013/7238 RS Protokoll frå møte i villreinnemnda for Ottadalen 24.25. mai 2015/3408 RS Avtale om kjøp av teneste - Vigdalen landskapsvernområde - Tiltak i form av hogst mellom Vårstølen og Fjellstølen - 2015 2015/3241 RS Mørkridsdalen landskapsvernområde - Referat frå synfaring til Berget 13.05.2015 2015/3366 RS Referat - Møte i Fagleg rådgjevande utval/Administrativt kontaktutval for Breheimen 04.05.2015 Breheimen nasjonalpark – Kjøp av tenester – Trykking og utsending av forvaltningsplan på høyring 2013/5047 RS 2015/3451 ST 24/15 Godkjenning av innkalling og sakliste - val av to medlemmar til å skrive under protokoll saman med styreleiar 2003/4333 Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 08.06.2015 Vedtak Det var ingen merknader til innkallinga, sakliste og innkalling vart godkjent. Bjarne E. Holø og Marit Aa Tennø vart valde til å skrive under protokollen saman med styreleiar. ST 25/15 Sak - Restaurering av bru over Høya ved innløpsosen til Høydalsvatnet Lom fjellstyre. 2015/3447 Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 08.06.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre har løyvd eit tilskot på kr.50 000,- eks. mva, til Lom fjellstyre gjennom Bestillingsdialogen for året 2015. Midla skal gå til delfinansiering for utskifting av eksisterande bru over Høya elv ved vestre enden av Høydalsvatnet. Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å gje Lom fjellstyre løyve til å bruke båt med motor for transport av brumateriell, alternativt bruk aa motorkøyrtøy. Løyvet for transport er gjeve med heimel i verneforskrift for Høydalen landskapsvernområde § 4, jf. nml. § 48. Løyvet etter verneforskriftene regulerer ikkje grunneigar og kommunen sine rettar etter anna lovverk. For transport, restaurering og løyving av midlar gjeld følgjande vilkår: 1. Ansvarleg for restaureringsprosjektet er Lom fjellstyre. 2. Ein må tilpasse fundamenta til brua og leggje til rette tilkomsten frå båe sider. 3. Området skal ryddast for restar etter den gamle brua og tidlegare byggjeverksemd. Restane skal fraktast ut av verneområdet. 4. Tiltaket skal gjennomførast i 2015. 5. Eventuelle inngrep i vasstrengen krev eige løyve frå vassdragmyndet. 6. Lom fjellstyre er eigar og har ansvaret for av brua etter bygging. 7. Transporten kan går føre seg med traktor etter veg ned på vestsida av vestre seterkve i Nordre Høydalen til enden av veg. Resten må materiellet berast. Alternativt kan det brukast båt med motor på Høydalsvatnet frå Høydalsvegen og inn til vestre enden av Høydalsvatnet. Midla blir utbetalt Lom fjellstyre, etter rekneskap, seinast 1.desember 2015. Samrøystes som innstillinga. ST 26/15 Sak - Mørkridsdalen landskapsvernområde - Gjenoppbygging av skot på sel på Berget - Johan Mørkrid 2015/3501 Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 08.06.2015 Vedtak Med heimel i verneforskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområde § 3 pkt. 1.3 f) gir Breheimen nasjonalparkstyre Johan Mørkrid løyve til å rive og setje opp att nytt skot på selet i Berget. Vilkår: Skotet skal ha same dimensjonar som det gamle skotet, 5x5 meter, og med lik mønehøgd tilsvarande som på selet. Kledningen skal vere ståande og uhøvla i varierande breidd, ikkje villmarkspanel. Døra skal vere mest mogleg lik den gamle og det skal vere opning over døra mot mønet slik det var før. Det skal vere torvtak (evt. gamle bølgjeblekkplater) på bygget. Dersom bygningen vert måla, bør det nyttast ein farge som går mest mogleg i eitt med terrenget. Alt materiell som vert til overs, og utstyr/avfall frå det gamle skotet, skal fraktast ut or verneområdet etter avslutta arbeid på bygningen. Nasjonalparkstyret ber om rapport på arbeidet etter at det er sluttført innan 1. november 2016. Samrøystes som innstillinga. ST 27/15 Forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde - Høyring 2012/3352 Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 08.06.2015 Vedtak Orienteringsmøte og opne kontordagar i samband med høyring av Utkast til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde skal kunngjerast i Sogn Avis, Fjuken og Gudbrandsdølen Dagningen veke 37 2015. Det vil bli arrangert tre orienteringsmøte i samband med høyringa eitt i kvar av kommunane Lom, Luster og Skjåk. Leiar/ordførar og nasjonalparkforvaltarane presenterer forvaltningsplanen og opplegg for høyring til dei frammøtte. Møtestader vil vere Galdesand i Lom, Gaupne i Luster og Dønnfoss i Skjåk. Dagen etter møta vil nasjonalparkforvaltarane ha opne kontordagar i kvar av kommunane. Nasjonalparkforvaltarane og ordføraren i den einskilde kommunen vert samde om aktuelle møtedatoar som skal annonserast. Styremedlemmar som har høve til å stille på dei opne møta deltek. Forvaltningsplanen vil bli lagt ut i digital versjon på heimesida til Breheimen nasjonalparkstyre. Forvaltningsplanen skal trykkjast opp i om lag 1000 eksemplar og sendast ut til alle grunneigarar innanfor verneområda i Breheimen, samt lag og organisasjonar som planen vedkjem. Forvaltningsplanen vil bli sendt ut på høyring i perioden 1. juli - 1. oktober Høyringsfrist: 5. oktober Samrøystes med føreslåtte endringar. ST 28/15 Sak - Mørkridsdalen landskapsvernområde - Bruk av helikopter til Tussen i samband med oppføring av repeater - Søknad om utvida periode for flyging - Eltel Sønnico AS 2015/2728 Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 08.06.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre gjev Eltel Sønnico AS løyve til to ekstra turar for lågtflyging frå Fortun med landing på Tussen i Mørkridsdalen landskapsvernområde, og utvida løyveperiode for landing med helikopter i samband med bygging av repeater for naudnett. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområde § 4 første alternativ, jf. naturmangfaldlova § 48 første ledd, første alternativ, og gjeld med følgjande vilkår: Løyvet gjeld 3-4 landingar, 1 dag i perioden 8. juni 2015 til og med 27. juni 2015. Løyvet gjeld 6 landingar i løpet av 2 dagar i perioden 27. juni til og med 15. august 2015. Landingsplassen for helikopteret skal vera ved punktet der repeateren skal byggast, ved høgde 1180 moh. sør for Tusen, og aust for Myrasetevatnet/Tussavatnet. Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for å gjennomføre arbeidet medrekna opprydding, og ein skal nytte kortaste veg frå start til landing. Under helikoptertransporten skal det takast særleg omsyn til dyreliv og folk på tur i området, slik at ein så langt som råd unngår skade og uroing. Løyvet gjeld ikkje søndagar og andre heilagdagar, og det bør ikkje flygast i fellesferien. Flyginga må avklarast med Statens naturoppsyn (SNO) (Liv Byrkjeland : 99267670) seinast dagen før. Løyvet til motorferdsel og køyrebok skal vere med under transporten. Det skal sendast rapport om flygingane til Breheimen nasjonalparkstyre innan 1. september 2015. Vi gjer merksam på at det må innhentast nødvendige løyve til motorferdsel frå kommunen og aktuelle grunneigarar. Samrøystes som innstillinga. Referatsaker Mørkridsdalen landskapsvernområde - Tilbakemelding til Bolstad- og Heltne Sameige gitt i møte 30.10.14 - Planar om Kulturlandskapssenter 2013/7238 Protokoll frå møte i villreinnemnda for Ottadalen 24.-25. mai 2015/3408 Avtale om kjøp av teneste - Vigdalen landskapsvernområde - Tiltak i form av hogst mellom Vårstølen og Fjellstølen - 2015 2015/3241 Mørkridsdalen landskapsvernområde - Referat frå synfaring til Berget 13.05.2015 2015/3366 Referat - Møte i Fagleg rådgjevande utval/Administrativt kontaktutval for Breheimen 04.05.2015 2013/5047 Breheimen nasjonalpark - Kjøp av tenester - Trykking og utsending av forvaltningsplan på høyring 2015/3451
© Copyright 2024