Møteprotokoll Utvalg: Møtested: Dato: Tidspunkt: Breheimen nasjonalparkstyre Stryn kulturhus, Stryn 24.03.2015 10:30-13:30 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Rolv Kristen Øygard Leiar Norunn Lunde Furnes Medlem Representerer Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Bjarne Eiolf Holø Medlem Ivar Kvalen Nestleiar Mariann Isumhaugen Medlem Rannveig Brennhaug Medlem Representerer Følgende varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Stig Aaboen Rannveig Brennhaug Representerer Merknader Eivind Brenna kunne ikkje møte for Mariann Isumhaugen. Annelise Marstein kunne ikkje møte for Bjarne Eiolf Holø. Ivar Kvalen var tilgjengeleg på telefon. Frå SNO møtte: Øyvind Angard Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Bjørn Dalen Nasjonalparkforvaltar Eldrid Nedrelo Nasjonalparkforvaltar Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Norunn Lunde Furnes Rolv Kristen Øygard Stig Aaboen Saksliste Utvalssaksnr Innhald Lukka Arkivsaksnr ST 14/15 Godkjenning av innkalling og sakliste - val av to medlemmar til å skrive under protokoll saman med styreleiar 2003/4333 ST 15/15 Sak - Breheimen nasjonlapark - Dispensasjon Transport av merkemateriell og merkepersonell til Rauddalen - DNT Oslo og Omegn. 2015/786 ST 16/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Riving av bru, bygging av ny bru og omlegging av stig på DNT ruta Lundadalsseter - Trulsbu - DNT Oslo og omegn. 2015/793 ST 17/15 Sak - Breheimen nasjonlaparkstyre Bestillingsdialogen - 2015 - Prioritering av midla etter tildelt rame. 2014/7879 ST 18/15 Sak - Breheimen nasjonalpark/Mysubytta landskapsvernområde - Klage på vedtak om rekreasjonskøyring med snøskuter til seter og hytte - Sigmund Lilleødegård 2015/563 Delegerte saker DS 6/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark og Vigdalen landskapsvernområde Bruk av snøskuter for transport av saltstein til Hammarsdalen - Ole A. Ødegård 2015/1722 DS 7/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje Hans Urdahl. 2015/712 DS 8/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved,gass og utstyr til hytte ved Sottjønn - Kjell P. Rusten. 2015/925 DS 9/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark Dispensasjon - Transport av ved, gass og provinat til hytte ved Lundadalsvatnet . 2015/750 DS 10/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motorbåt i samband med fiske, villreinjakt og ettersyn av beitedyr - Jakop Sæther. 2015/515 DS 11/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av utstyr til og vedlikehald av almenningsbuer -Skjåk Almenning 2015/25 DS 12/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark/Høydalen landskapsvernområde/Musybytta landskapsvernområde/Strynefjellet landskapsvernområde - Årleg teljing av villreinstamma i område Ottadalen sør Ottadalen villreinutval 2015/184 DS 13/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen 2015 Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet Fjelleventyret v/Magne Håvard Forberg 2014/8684 DS 14/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av proviant og bagasje med snøskuter frå Sota til Mysubytta Ragna Brit Mork. 2015/1941 DS 15/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Ola Lundemo. 2015/1336 DS 16/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Tor Gunnar Lundemo. 2015/1415 DS 17/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonlapark Thorstein Åmot og Merete Haugen Åmot. 2015/1474 DS 18/15 Deleger vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved varer m.m. til hytte ved Lundadalsvatnet - Rolf Rakstad. 2015/1538 DS 19/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Rolf Rakstad. 2015/1536 DS 20/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved og bagasje til hytte ved Stilla - Steinar Øygard. 2015/1899 DS 21/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark Ferdigstilling av byggjeverksemd på Martinbu Magne Håvard Forberg. 2014/8686 DS 22/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Stein Lundemo. 2015/1220 DS 23/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje til seter på Mysubytta - Rita Brekkum. 2015/1214 DS 24/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Torstein Ytre. 2015/923 DS 25/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje til hytte på Mysubytta - Gudmund Teigen. 2015/834 DS 26/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved, gass og utstyr til hytte ved Lundadalsvatnet - Jakop Sæther. 2015/514 DS 27/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Gjennomføring av kjentmannskøyring - Luster Røde Kors Hjelpekorps 2015/1945 DS 28/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av salt til sattingsplassar i Lendfjellet - Torstein S. Ytre. 2015/924 DS 29/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - Bruk av motorbåt på Lundadalsvatnet Gudbrand Lundemo. 2015/1412 DS 30/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Uttransport av båt og fiskeutstyr frå Mårådalen - Ståle Bøje. 2015/1948 Referatsaker RS kommune - Delegert vedtak, dispensasjon for oppføring av uthus til hytte i LNF-område gnr.155 bnr.1 fnr.118 i Lom 2015/1112 RS Midler til drift av Breheimen nasjonalparkstyre 2015 2014/6856 ST 14/15 Godkjenning av innkalling og sakliste - val av to medlemmar til å skrive under protokoll saman med styreleiar Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 24.03.2015 Vedtak Det var ingen merknader til innkallinga. Stig Aboen og Norunn Lunde Furnes vart valde til å skrive under protokollen. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/786-2 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 04.02.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 15/15 Møtedato 24.03.15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Transport av merkemateriell og merkepersonell til Rauddalen - DNT Oslo og Omegn. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 24.03.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtak å gje DNT Oslo og Omegn løyvet til følgjande transport: 1. Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt. 6.3. bokstav f, får DNT Oslo og Omegn løyve til å bruke helikopter for transport av materiell og utstyr for remerking av DNT-rute Øyren – Grense mot Jostedalen nasjonalpark i Rauddalen. 2. Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 4 jf. nml. § 48 får DNT Oslo og Omegn løyve til å bruke helikopter for transport av merkepersonell til Rauddalen Løyva gjeld på følgjande vilkår: - - Løyve til persontransport gjeld for tre turar-returar frå Grotli – Ytste Leirvatnet. Løyve til transport av merkemateriell gjeld ein tur Grotli – Ytste Leirvatnet. Løyva for flyging gjeld i perioden 25.juli – 5. august 2015. Løyvet gjeld ikkje sundager og andre heilagdagar. Motorferdsla skal gå føre seg med aktsemd for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og friluftsliv. Spesielt villrein. Køyringa må avklarast med SNO oppsyn (Øyvind Angard : 917 33 365) seinast dagen før bl.a. for å avklare villreinen sin lokalisering og bruk av området, med og evt. korreksjon av ruta. Løyvet til motorferdsel og køyrebok skal vere med under transporten. Rapport skal sendast forvaltningsmyndet innan 1.juni 2015. Vi gjer merksam på at det må innhentast nødvendige løyve til motorferdsel frå kommunen og aktuelle grunneigarar. Samrøystes som innstillinga. Dokument i saka: Søknad pr. e-post frå DNT Oslo og Omegn dagsett 02.02.2015. Søknaden DNT Oslo og Omegn søkjer om følgjande transport med helikopter: - 3 vender med merkepersonell frå Grotli(utanfor nasjonalparken) og inn til Rauddalen. 1 hiv med materiell til bruk for rydding og merking av stigen Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Verneforskrift og verneformål og framlegg til forvaltningsplan Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Etter verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark, er motorferdsel på land, på vatn, og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1), med unnatak gjeve i pkt. 6.2 og 6.3. Forvaltningsmyndet kan gje løyve til m.a.: - bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggjearbeid på hytter,klopper og liknande.(Verneforskrift for Breheimen nasjonalpark § 3 pkt. 6.3. bokstav f). Når det gjeld rein persontransport er det ikkje nokon spesifisert dispensasjonsheimel. Den må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsheimelen i verneforskrifta , § 4 jf. n.ml. § 48.: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48. (Verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark jf. § 4 Generelle dispensasjonsreglar) Vurdering Breheimen nasjonalparkstyre ga i sak 2013/4518-dokument 8 DNT Oslo og Omegn løyve til å remerke ei gamal nedlagd rute mellom Øyren i Rauddalen og grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ga løyve til merking vidare vestover gjennom Rauddalen og ned Sunndalen til Sunndalsseter. DNT Oslo og Omegn søkjer for sumarsesongen 2015 om å få gjennomføre det praktiske arbeidet med merkinga i marka. Dei søkjer om å få bruke helikopter til transport av merkeutstyr, reidskap og merkepersonell. Det vil bli brukt tre merkelag. To av dei vil liggje i telt ved Ytste Leirvatnet og merke i Breheimen. Dette dreier seg om inntil 10 personar. Det blir brukt vanlege vandretelt til overnatting. Området det gjeld er langs stigen i dalbotnen innover vestre delen av Raudalen terrenget der stigen går er prega av mykje kjørr. Ei og anna fjellbjørk pregar landskapet. Området ligg rundt 1000 moh. Villreinen brukar tidvis området, spesielt ved Ytste Leirvatnet. Merkinga er tenkt gjennomført i perioden 27.juli – 3.august. Eventuell villrein i området vil bli lite påverka av transporten som skjer hurtig og effektivt. 3 turar – returar i den gjeldane periode. Langs Heimaste Leirvatnet vestover. Tverrbyttnede inn til venstre bak der DNT stigen til Slæom går.968 moh. Langs Ytste Leirvatnet vestover. Stigen er tilgrodd med kjørr.1012 moh. Transporten vil gå føre seg over fjellet frå Grotli. Når det gjeld persontransporten så er det ikkje nokon spesifisert dispensasjonsheimel for det. Det må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen i verneforskrift, § 4 jf. nml. § 48. Denne transporten må vurderast etter § 4 fyrste alternativ som omfattar tiltak som er foreinlege med verneformålet og verneverdiane i området det gjeld. Nasjonalpark er ei streng verneform og for at persontransport skal få dispensasjon må det vera eit tenleg alternativ for vernet. I dette tilfelle dreier seg om tre turar – returar med personell. Sjølve transporten vil føre til forbigåande forstyrring i området. Eit slik avvik vil ikkje ha nemneverdig påverknad på verneverdiane i området. Landing med helikopter bruk i indre Rauddalen er ikkje tidlegar registrert. Nasjonalparkforvaltaren vurderer transporten, type – helikopter og mengd - tre turar retur)som innanfor det som kan aksepterast. Det er da teke omsyn til ein ekstra tur-retur med reiskap og utstyr. Kunnskapen om dette området er god. Det er viktig å unngå eventuell villrein i området langs ruta. Kunnskapsgrunnlaget er vurdert som oppfylt. Det er god kunnskap om økosystemet og naturtypar i området. Området er av dei mest urøyvde i Breheimen. Det er god kunnskap om området. I rapporten om kartlegging av landskap gjennomført i samband med verneplanprosessen, er området vest for Rauddalsvatnet satt til å ha uvesentlege naturinngrep og av nasjonalverdi. Talet på 3 helikopterturar tur-retur vil ikkje føre til alvorleg irreversibel skade. Sett i forhold til heile verneområdet så er densamla økosystembelastninga liten. Dette er eit tiltak av forbigåande art og transport i dette området er liten. Nasjonalparkforvaltaren vurderer det slik at det ikkje er behov for å bruke føre-var-prinsippet. Bruk av helikopter er einaste måten å få transportert inn personell og utstyr til merkinga på i denne tida på året. Det er og ein hurtig og effektiv måte å få unnagjort transporten sjølv om drivstoff forbruket er veldig høgt. Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at til taket kan gjennomførast. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/793-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 09.03.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 16/15 Møtedato 24.03.15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Riving av bru, bygging av ny bru og omlegging av stig på DNT ruta Lundadalsseter - Trulsbu - DNT Oslo og omegn. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 24.03.2015 Vedtak Samrøystes som innstillinga, med unntak av pkt. 1 og 5 i framlegget til vedtak. Nasjonalparkstyret utset handsaming av pkt. 1 og 5 i sak. Av omsyn til beitebruk, jakt, fiske og anna friluftsliv i området, ønskjer nasjonalparkstyret ei avklaring på om nokon vil ta ansvar for drifta av den gamle brua ved Røysflaten i Lundadalen. Spørsmålet må vere avklara innan 1. september 2015. Dersom ingen ønskjer å ta ansvar for drifta av brua må punkt 1 og 5 i saka takast opp att til handsaming i styret. Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å gje DNT Oslo og Omegn, Postboks 7 Sentrum, 0101 OSLO, dispensasjon for følgjande: 2. Bygging av ny bru nedstraums osen på Lundadalsvatnet. Løyvet blir gitt med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 3, pkt.1.3 bokstav c. Vilkår a. Brua skal ha form og storleik som søkt om. b. Det kan nyttast impregnert trevirke i steinkister og tårn. c. Det skal leggjast vekt på at installasjon ikkje skjemmer landskapet. d. Det kan hentast stein til fylling av steinkister på egna plass. Nasjonalparkforvaltar får fullmakt til å anvise plass. e. Området skal pyntast til og ryddast opp etter at bygginga er avslutta. f. All overflødig material og utstyr skal frakast ut av verneområdet etter ferdigstilling av brua. g. Forvaltningstyresmakta kan krevje at brua blir fjerna. 3. Omlegging av stig frå Røysflatan til ny bru nedstraums Lundadalsvatnet. Løyvet er gitt med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 3, pkt.1.3 bokstav d. Vilkår a. Alle vardar skal rivast/fjernast på ein slik måte at området rundt ser mest mogleg urøyvd ut. b. Eventuell merking/skilting skal fjernast frå verneområdet. T-merking skal overmalast med grå/grøn farge som går mest mogleg i eitt med omgjevnadane. c. Frist for, opprydding, utkøyring og ferdigstilling skal skje innan er 20. april 2016. 4. Løyve til transport av arbeidsfolk og materiell med helikopter til ny bru nedtraums Lundadalsvatnet i samband med riving/bygging/merking. Løyvet er gitt med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 3, pkt.6.3 bokstav f. Vilkår a. Det blir gjeve løyve til 10 landingar med helikopter ved nytt brustø. Transport av utstyr, materiell og arbeidsfolk. b. Transporten med helikopter må skje etter 1.juli og før 20.august 2015. Alternativt etter 10. september 2015. c. To - tre timar med helikopter i lufta for å transportere baggar med stein og fylling av steinkister. d. Utflyging same dag som kistene blir fylt. 2 turar(landingar). e. Det skal førast køyrebok over talet på turar. Nasjonalparkstyret skal ha tilsendt køyrebok innan 1.juli 2016. f. SNO v/Øyvind Angard (tlf. 91733365), skal ha beskjed om når flygingane skjer. 6. Generelt. a. Etter at heile prosjektet er gjennomført skal SNO - lokalt gå over og kontrollere at prosjektet er gjennomført i tråd med nasjonalparkstyret sitt vedtak. Vi gjer merksam på at bygginga må avklarast med Skjåk kommune og grunneigar, Skjåk Almenning. Dokument i saka: 1. Brev frå Inspektør Lise Havik, DNT Oslo og omegn, dagsett 02.02.2015. 2. Brev frå Thomas With DNT Oslo og omegn, dagsett 06.03.2015 Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Søknaden Det søkes med dette om ny bru ca 400 meter øst for Lundadalsvatnet, stiomlegging og riving av gammel bru 5 km lenger ned i elva. Situasjonen i dag er at stien oppover Lundadalen går på nordsiden av elva frem til Røysflatan, derfra er det bru over, og stien følger sørsiden videre. Strekningen på sørsiden av elva mellom eksisterende bru og omsøkt brusted oppe ved Lundadalsvatnet er vått og vanskelig å passere med mange småbekker. På nordsiden går umerket sti langs elva i lettgått terreng. DNT Oslo og Omegn ønsker derfor å flytte brustedet og merkingen slik at lettgått sti kan nyttes. Omsøkt brukonstruksjon er standard DNT hengebru med tårn, bærekabler, bøyler og lemmer. På grunn av løsmasser og ikke fast fjell fundamenteres den på steinkiste på hver landside Verneforskrift og verneformål Omsynet til verneverdiane i området er det vurdert, særleg i forhold til landskap og friluftsliv som er mest relevant i dette tilfellet, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(formål), 4 og 5(forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12(kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på et stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Etter verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, er all bygging og oppføring av installasjonar forbode i nasjonalparken, (verneforskriftene § 3 pkt. 1.1), med unntak gjeve i § 3 pkt. 1.3. Forvaltningsmyndet kan gje løyve til bl.a.: - bygging av bruer og legging av klopper (§ 3 pkt. 1,3 bokstav c i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark). - oppsetting av skilt og merking av nye stigar i samsvar med retningsliner fastsett i forvaltningsplanen. (§ 3 pkt. 1,3 bokstav d i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark). - riving av gamle bygningar, anlegg, og innretningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk. (§ 3 pkt. 1,3 bokstav h i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark). Etter verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, er all er all motorferdsel, og bruk av luftfartøy under 300meter over bakken og forbode i nasjonalparken, (verneforskriftene § 3 pkt. 1.1), med unntak gitt i § 3 pkt. 6.3. Forvaltningsmyndet kan gje løyve til bl.a.: - bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggjearbeid på hytter og klopper og liknande med retningsliner fastsette i forvaltningsplanen, jf. §5. Vurdering DNT Oslo og omegn søkjer om å få bygge ny bru over Skjøli på DNT ruta Skjåk – Trulsbu gjennom Lundadalen. Dette fører til at stigen må leggjast om på ei strekning på 5-6 km, og ny bru må byggast nedstraums Lundadalsvatnet. Kart som viser det aktuelle området i Lundadalen. Situasjonsbilde frå Lundadalen. Prosjektet er planlagt over tid og det har vore dialog med DNT Oslo og Omegn om prosjektet. Trulsbu var bygt i 1988. Samtidig vart det lagt DNT rute gjennom Lundadalen fram til Trulsbu. Det var da ein diskusjon om kvar det skulle byggast bru over elva Skjøli som renn gjennom Lundadalen. Konklusjonen vart at ho vart bygt på Røysflatan. Dette er brua som det er søkt om å få rive. DNT ynskjer å byggje ny bru heimanfor utløpsosen i Lundadalsvatnet. Prosjektet 1. Riving av eksisterande bru på Røysflatan. Eksisterande bru ved Røysflatan som det er søkt om å rive. Brua på Røysflatan er bygt for ca. 25 år sidan. Den har vore brukt av turgåarar og jegerar i denne perioden. Ved fjerning av brua må alt virke og forankringar i fjell fraktast ut av nasjonalparken. Fjerning av brua er ein fordel for økosystemet. Bruk er plassert i eit sensitivt område der villreinen kryssar dalen. Fjerninga vil ver positivt for økosystemet i heile nasjonalparken. Ein vurderer det ikkje som nødvendig å bruke føre – var – prinsippet. Det må søkast spesielt om transport av brumateriellet ut av verneområdet. 2. Bygging av ny bru ved nedstraums Lundadalsvatnet. Ny lokalisering av hengebru over Skjøli nedstraums Lundadalsvatnet. Ny bru blir av same type som den gamle på Røysflatan, hengebru, men i større dimensjon. På den nye staden er det ikkje mogleg å forankre bærekablane i fjell. Derfor er det søkt om å få byggje to steinkister, ei på kvar side av elva. Dette er ein lafta tre konstruksjon som blir fylt med stein å brukt til å forankre bærekablane. Under steinkista i bakkant er det planlagt å grave ned ei støypt blokk for ekstra forankring. Det er ein føresetnad for DNT at dei kan finne stein lokalt til å fylle steinkistene. Steinen vil bli frakta frå eigna plass til byggplass i storbaggar og plassert direkte i stein kistene. Det vil bli brukt impregnert virke i steinkistene og tårnstolpane. Dimensjonar på ny bru: Høgd på steinkistene: 1,5 meter Max høgd på bru konstruksjonen: 3.5 meter Høgd over vassflata: 1,5 meter Spenn på brua: Ca.12 meter Plasseringa av brua er vurdert som gunstig. Ut ifrå landskapet vil plassering av brua nedstraums osen på Lundadalsvatnet, nedanfor fossestryka føre til at brua fell godt inn i landskapet og ein unngår siluettverknad. Til steinkistene trengst det stein. Det er viktig å finne stader med stein som har lite vegetasjon og som ikkje pregar terrenget Det må peikast ut kvar stein kan takast, t.d. av nasjonalparkforvaltar. Tiltaka vil ikkje svekke økosystemet totalet sett nemne verdig. Ein må sjå heile prosjektet i samanheng og ut ifrå ei samla vurdering vil det ikkje vere nødvendig å bruke føre – var – prinsippet i dette tilfelle. Val av byggjeteknikkar og transportmåte er vurdert som fornuftige. Nasjonalparkforvaltaren meiner derfor at bygging av ny bru kan gjennomførast. 3. Omlegging av stig. Vi viser til kart og bilete innleiingsvis i saka. Ved å leggje ned den gamle brua og bygge ny må ein leggje ned ruta til DNT på strekninga frå der brua på Røysflatan står nå inn til den nye brua. Dette er ei strekning på ca. 5 km. I dag går lokaltrafikken inn til vatnet etter den gamle stigen (raud strek). Ved å leggje DNT ruta etter same trase vil ein vil kunne føre sørsida av dalen attende til nær urøyvd tilstand. Trafikken etter DNT ruta er liten og stigen gror att med kjørr. Ved å fjerne vardane vil ikkje mykje merkast av inngrepet. Da vil denne dalsida vera fri for trafikk og villreinen kan ferdast fritt utan å bli forstyrra. Stigen på nordsida er godt markert i terrenget, og her har folk gått over til Fortun heilt attende til mellomalderen og før det. På grunn av at nordsida langs med Lundadalsvatnet er svært bratt og rasfarleg derfor har ferdsla kryssa elva på sandane nedanfor vatnet og følgt sørsida innover dalen frå der. Langs med vatnet går stigen her i dag og. Kunnskapen om området er god. Området har høg verneverdi med storslått natur. Bruken og verdiane i området er godt dokumentert. Både gjennom rapportar og databaser og den overvakinga som går føre seg kontinuerleg. Riving av gamal bru vil gjere at ein blir kvitt ein installasjon i det viktige reinstrekket som går tvers over dalen i dette området mellom Ytste Lundadalsseter og Sauhytta. Ny bru nedstraums vatnet vil ligge utanfor reinstrekket. Nedlegging av stig på sørsida i ca. 5 km lengde vil frigjera denne sida av dalen for trafikk. All trafikk vil gå etter nordsida som er den gamle leia innover dalen. Ny bru nedstraums vatnet vil bli lagt nedanfor slik at den ikkje kjem i siluett i den opne dalen. Sett i forhold til heile verneområdet så vil prosjektet totalt sett føre til ei betring av verneverdiane på langsikt. Under byggeperioden vil det bli ein del transport med helikopter som vil generere støy. Dette er av forbigåande art. Reinen har delvis tilhald i dalen om sumaren, men er mest i høgda, spesielt når det er varmt. Dalen er vid, og forstyrring blir vurdert som liten. Tiltaket vil føre mindre enn tildegar belasting sett heile verneområde under eitt. Det er ikkje funne alternative løysingar som er betre en den omsøkte for å få betre stigutløysing inn til Trulsbu. Bruk av føre-var-prinsippet er ikkje aktuelt i denne saka. For transport er helikopter i dette tilfelle einaste fornuftige transportmåte, sett ut ifrå avstand til bilvegar og karakteren av transporten. 4. Transport av materiell og byggepersonell. Det er viktig å få gjennomført prosjektet over så kort tid og så rasjonelt som mogleg. DNT vil bruke helikopter til naudsynt transport. Dei har skissert følgjande behov i e-post dagsett 15.03.2015: - Turar inn til brustaden estimeres til 10. (7 med tømmer, ein med brudelar og to med mannskap og utstyr). Baggane blir fylt opp med stein før helikopteret kjem. Da trengs ein time med fylling til kvar kiste. Til sammen to timer på stedet. Utflygning 2 turar samme dagen som kistene er fylt. For uttransport av materiellet etter den gamle brua på Røysflatan er det søkt om bruk va snøskuter. Fortrinnsvis børe dette fraktast med helikopter på returen. Det er søkt om å nytte snøskuter. Det vil bli forholdsvis mykje motorferdsel i området, men over eit kort tidsrom. Ved gjennomføring av dette på sumaren vil ikkje villreinen blir nemneverdig forstyrra, sidan den held seg for det meste høgare i terrenget. Bruk av helikopter er ein ressurskrevjande men rask og effektiv måte å få gjennom ført transporten på. Så i slike tilfelle som dette den beste transportmåten. Tiltaket er av forbigåande art og det er ikkje behov for å bruke føre-varprinsippet. Sett i forhold til heile verneområdet er det lite slik transportar i Breheimen og det er ikkje påvist skade på verneverdiar av den grunn. Derfor meiner nasjonalparkforvaltaren at transportane kan gjennomførast. Utfrakting av den gamle brua børe skje med helikopter. Dersom det blir brukt snøskuter må transporten skje inn dalen og over til Sota. Dette er eit langt strekk å køyre. Transporten går etter trase som satt for transport til Lundadalen i 2015, p.g.a. villreinen. Da er det ikkje nødvendig å bruke føre-var prinsippet, og transporten vil ikkje påverke økosystemet nemneverdig totalt sett. Ved val av transportmåte så er helikopter praktisk om materiellet kan takast med på returen, men snøskuter er det mest miljøvenlege totalt sett. Nasjonalparkforvaltaren meiner transporten kan gjennomførast. Nasjonalparkforvaltaren ser på dei tre tiltaka under eitt som ei betring for økosystemet og verneverdiane i verneområdet: - Brua på Røysflatan blir reven til fordel for villrein og landskap. - Omlegging av stigar vil føre til 5 km mindre med stig, samtidig som heile sørsida, frå Ytste brua inn til Lundadalsvatnet vil bli fri for inngrep. - Ny bru nedstraums Lundadalsvatnet er lagt slik at ho går mest mogleg i eitt med terrenget og vil ikkje forstyrre villreintrekket. Andre forhold Det må søkast kommunen (Skjåk kommune) om riveløyve av gamal bru, byggeløyve for ny bru og omlegging av stig. Likeeins må det søkast grunneigar (Skjåk Almenning) om løyve til tiltaka. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/7879-4 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 17.03.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 17/15 Møtedato 24.03.15 Sak - Breheimen nasjonalparkstyre - Bestillingsdialogen - 2015 Prioritering av midla etter tildelt rame. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 24.03.2015 Vedtak Breheimen nasjonalpark vedtek å bruke tildelte midlar frå Bestillingsdialogen 2015, etter ny prioritering av midla. Vi viser til vedlagde tabell. Samrøystes som innstillinga. Dokument i saka Brev frå Miljødirektoratet dagsett 17.02.2015. Saksopplysningar Breheimen nasjonalparkstyre hadde søkte Miljødirektoratet om midlar til 21 prosjekt med ei totalkostnadsrame på kr.1 297 500 over Bestillingsdialogen for 2015. Netto søkesum var kr.1 090 000. Tildelt rame i brev dagsett 17.02.2015, frå Miljødirektoratet var kr. 390 000,-. Moment og føringar i tildelingbrevet er: - - - - Frå 2015 er det innført nettoføringsordning for meirverdiavgift i statsforvaltninga. Det totale beløpet, kr. 390 000, er midlar utan meirverdiavgift. Alle utgifter i Bestillingsdialogen skal såleis også førast med nettobeløp. Også midlar til dei 4 nasjonalparkane ,som er med i forsøket med besøksforvaltningstiltak er ført over Bestillingsdialogen. Det gjer at det blir noko mindre midlar til andre tiltak. Utarbeiding av skjøtselsplanar var satt opp med kostnad på kr.390 000. Miljødirektoratet set som krav at det skal utarbeidast forvaltningsplan før det blir tildelt midlar til utarbeiding av skjøtselplanar. D.v.s. at vi må vente med skjøtselsplanar til vi er ferdige med forvaltningsplanen. Direktoratet har også fokus på turapplikasjonar for verneområde. Dette var lagt inn i bestillingsdialogen i år i Breheimen med kr.160 000. Direktoratet ønskjer ikkje ei slik utvikling med at dei enkelte verneområda opprettar applikasjonar, p.g.a. høge driftskostnader som går på bekostning av andre tiltak i verneområda. Vurdering Når det gjeld dei enkelte prosjekta så er dei kostnadsrekna utan moms. D.v.s. at samla søkesum ville vore kr.1 362 500 med moms og tildelt rame kr. 478 500 med moms. Sekretariatet har saman med lokalt SNO gått gjennom tiltaksplanen og vurdert dei enkelte postane. Ut ifrå føringane som er lagt i tildelingsbrevet fell både midlar til skjøtselsplanar og turapplikasjonar ut i år. I tillegg så er enkelte andrer prosjekt vurdert på ny, om dei kan gjennomførast med mindre kostnader/andre løysingar. Dei enkelte postane til ny vurdering står i siste kollonne i tabellen. Etter gjennomgang av tiltaka er summen redusert til kr. 422500. Sjå vedlegg. Vi ber styret om å vurdere dei endringane som er gjort å gjere vedtak om prioritering. Vi viser til vedlagde tabell. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/563-5 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 05.03.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 18/15 Møtedato 24.03.15 Sak - Breheimen nasjonalpark/Mysubytta landskapsvernområde Klage på vedtak om rekreasjonskøyring med snøskuter til seter og hytte - Sigmund Lilleødegård Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 24.03.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å ikkje ta klaga, frå Sigmund Lilleødegård Skjåkvegen 1659, 2693 Nordberg, til følgje. Det er ikkje kome fram nye moment som er relevante for saka i klagen. Klagen med alle dokument som vedkjem saka blir sendt Miljødirektoratet(klageinstansen) for vidare behandling. Samrøystes som innstillinga. Dokument i saka 1. Søknad om rekreasjonskøyring frå Sigmund Lilleødegård, dagsett 22.01.2015. 2. Sak 02/2015, frå Breheimen nasjonalparkstyre behandla i møte den 06.02.2015. 3. Partsbrev vedlagt vedtak sendt pr. e-post til tiltakshaver, 11.02.2015. 4. Klageskriv frå Sigmund Lilleødegård dagsett 24.02. 2015, journalført 02.03.2015 Klaga er vurdert i medhald av: 1. Verneforksrift for Breheimen nasjonalpark. 2. Verneforskrift for Mysubytta landskapsvernområde. 3. Naturmangfaldlova dagsett 19.juni 2009 nr. 100. Bakgrunn for behandling Klagefrist Klageskrivet vart motteke av Breheimen nasjonalparkstyre v/Fylkesmannen i Oppland postmottaket pr. e-post den 02.03.2015, og var dagsett 24.02.2015. Partsbrev med dispensasjon var sendt Sigmund Lilleødegård 11.02.2015. Nasjonalparkforvaltaren sluttar at klaga har kome inn til forvaltningsorganet (underinstansen) – Breheimen nasjonalparkstyre innan klagefristen. Klagerett Det er Sigmund Lilleødegård, Skjåkvegen 1659, 2693 Nordberg som har søkt, og fått si sak behandla i Breheimen nasjonalparkstyre. Det er same person/tiltakshavar som set fram klage til styret. Konklusjonen er at Sigmund Lilleødegård er part i saka og har klagerett. Bakgrunn for behandling Miljøverndepartementet har delegert forvaltningsmyndet etter verneforskriftene for mellom anna Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde til Breheimen nasjonalparkstyre som vart konstituert i møte den 19.januar 2011. Underinstansen, her Breheimen nasjonalparkstyre(styret), skal gjennomføre dei undersøkingar som klaga legg grunnlag for. Styret kan oppheve eller endre vedtaket dersom det finn at det er grunnlag for klaga. Vurdering Sigmund Lilleødegård søkte pr. e-post dagsett 22.01.2015 om følgjande: SØKNAD Søker om snøscooter kjøring på grunnlag av min funksjonshemming, xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx. Søknaden gjelder for området : Sota-Mysubytta- Syrpyttdalen. Jeg søker om 3-4 turer, året 2015. Søker samtidig om å få benytte påhengsmotor (4HK), på min båt i Syrpyttdalen. Håper at dette imøtekommes. Vedlegg: legeattest Vennlig hilsen Sigmund Lilleødegård Sitat slutt. Med bakgrunn i søknaden vart saka lagt fram for nasjonalparkstyret til behandling i sak 02/2015, den 6.februar. Vedtaket frå nasjonalparkstyret lydde: VEDTAK Sigmund Lilleødegård får løyve til å bli transportert til hytte ved Syrtbyttvatnet i Breheimen nasjonalpark, og til seter på Mysubytta i Mysubytta landskapsvernområde. Løyvet er gjeve med heimel verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde § 4, jf. nml. § 48 i naturmangfaldlova. Løyve til bruk av båt med motor i Syrtbyttdalen blir avslege. Avslaget er gjort med heimel i § 3, pkt.6.1 i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark. Samrøystes. Vilkår: Til transporten skal det brukast leigekøyrar som er godkjent av Skjåk kommune. Dispensasjonen gjeld for inntil ein tur- retur til hytte ved Syrtbyttvatnet, og ein tur – retur til seter på Mysubytta i 2015. Transporten skal skje etter etablert trase mellom Sota og Mysubytta og Sota – Syrtbyttvatnet. Transport kan skje i perioda 15. mars - 20. april 2015. Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard (tlf.917 333 65). Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før kvar tur og sendast forvaltningsmyndet seinast 1.juni 2015. Køyring i verneområda skal avgrensast til det mest nødvendige og all køyring skal foregå på ein slik måte ein unngår skader på vegetasjon og unødvendig forstyrrelse av dyrelivet og andre brukarar av området. Sitat slutt. Framsetjing i klagen Klagaren ønskjer å få endra styret sitt vedtak slik at han får fri ferdsel med motorisert framkomstmiddel både på land og vatn. Han opplever at vedtaket har innskrenkande og ekskluderande verknad på hans rørslefridom, med bakgrunn i at vedtaket regulerer ferdsla hans i naturen med: - Ein tur/retur til seter på Mysubytta og ein tur/retur til hytte ved Syrtbyttvatnet, og i tillegg. - Forbod mot bruk av motorbåt på Syrtbyttvatnet. - Moglegheit til bruk, vedlikehald og skjøtsel av eigen eigedom. Lovene kan ikkje gjelde på same måte for funksjonshemma som funksjonsfriske. Han opplever å bli behandla som ein annan-rangsborgar etter vedtaket som er gjort. Bruk av leigekøyrar kostar kr. 2500,- frå Sota - Syrtbyttvatnet tur/retur og kr. 1000,- frå Sota – Mysubytta tur/retur. 1. Ynskjer å bruke eigen snøskuter fritt, men der han sjølv vurderer avgrensing til det heilt nødvendige, med omsyn og varsemd. 2. Har brukt motorbåt på Syrtbyttvatnet sidan 1983. Etter påført funksjonshemming har bruk av motorbåt ført til at han kan vera med å forvalte vatnet på ein berekraftig måte. 3. Håper er at nasjonalparkstyret endrar vedtaket slik at han kan oppleve like stor rørslefridom som funksjonsfriske, og at dette opnar for fri bruk av motorkøyretøy. Området Det gjeldande området ligg delvis i Breheimen nasjonalpark og delvis i Mysubytta landskapsvernområde. Kart: Kartet viser det aktuelle området. Området ligg i vestre delar av verneområdet i overgangen mellom fjellfuruskog, bjørkeskog og snaufjell. Syrtbyttdalen og Mysubyttdalen møtes og blir til Ostradalen som går austover med elva Ostra. Ostraelva m/Tundri er verna vassdrag. Elvane her drenerer ut i Ottavassdraget. Vasskiljet mot Jostedalen (Sogn) ligg 2 km vest for Syrtbyttvatnet. Området i Syrtbyttdalen er av dei mest røyvde dalane i overgangen mellom skog og snaufjell i nasjonalparken. Både elg, hjort og bjørn er observert vandre mellom Jostedalen og Syrtbyttdalen. Kommentarar til klageskrivet Verken funksjonshemma eller funksjonsfriske har, eller kan få, ein generell dispensasjon til fri motorisert ferdsel etter verneforskriftene, eller motorferdsel-lovverket som kommunane forvaltar. Unnatak frå dette er spesielle grupper som politi, brann, ambulanse, redningspersonell. Forvaltninga må derfor vurdere slike saker etter den generelle dispensasjonsparagrafen i verneforskriftene, § 4, jf. § 48 i naturmangfaldlova. Føresetnaden for bruk av paragrafen er at tiltaket ikkje strir mot verneføremålet eller kan verke inn på verneverdiande nemnande. Denne vurderinga er gjort i saka mellom anna med bakgrunn i vurdering av landskapet som har høg inntrykk styrke (djup U-dal) og stort mangfald. Landskapet er med å gjev dei som går DNT-ruta inn til Sprangdalshytta ei stor oppleving av røyvd natur. Ut ifrå dette meinte nasjonalparkforvaltaren at den høge verdien set store krav til bruken av området, mellom anna at påført forstyrring i form av støy er spesielt generande. Å gje dispensasjon til fri ferdsel, som ei permanent løysing, ville ikkje sikre berre ei forbigåande forstyrring slik regelen er meint å tryggje. Verneforskriftene skal tolkast innskrenkande, spesielt når det gjeld motorisert ferdsel i område utan større inngrep for å unngå støy og eventuell slitasje. Sjå punkt 1 over. Det blir hevda i klagen at lover og paragrafar ikkje kan gjelde på same måte for funksjonshemma som for funksjonsfriske. Til dette er å seia at ved utforminga av verneforskriftene kan det ikkje leggjast vekt på personlege forhold for enkeltindivid, det er omsynet til naturverdiane og ivaretaking av området som set rama for reglane slik det er fastsett i forskriftene. Det at ein person har ei funksjonshemming er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg som grunnlaget for dispensasjon etter verneforskriftene § 4, jf. nml. 48. Det å ikkje gje dispensasjon til ein som har funksjonshemming er heller ikkje i strid med forbodet om direkte diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne § 4 fyrste leddet jf. tredje leddet. Lovverket i verneområda skil med andre ord ikkje mellom funksjonshemma eller funksjonsfriske når det gjeld motorisert ferdsel. Unntaket er at personar med dokumentert funksjonshemming kan få nytte leigekøyringsordninga i den enkelte kommune til transport til hytte. Slik motorisert transport i verneområda treng dispensasjon frå verneforskrifta og skal vurderast strengt, spesielt i nasjonalparken. Pris på transport er lik for alle når det gjeld bruk leigekøyrar. Det er berre i heilt spesielle tilfelle at ein vik frå bruk av denne ordninga med leigekøyrar. Fri bruk av motoriserte køyretøy i verneområde med eigenvurdering frå tiltakshavar er ikkje i tråd med lovverket. Derfor blir sett strenge vilkår til dispensasjonane til mellom anna talet på turar, trase og rapportering. Dette gjeld alle. Lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag vart innført i Norge i 1977. Da vart det innført eit generelt forbod mot å nytte motorbåt på innsjøar med flatevidde under 2 km² i heile landet. Denne regelen gjeld framleis. Kommunane har oppretta lokale forskrifter som regulerer på kva for vatn det er lov å nytte motorbåt. Syrtbyttvatnet er 0,57 km² og det har aldri vore tillate med motor etter 1977. Syrtbyttvatnet ligg i Breheimen nasjonalpark. Det er ikkje oppretta nokor særordning for Syrtbyttvatnet i samband med vedtak av verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark dagsett 7.auguast 2009. Bruk av motor på Syrtbyttvatnet er derfor forbode både etter lovverket for motorferdsel og verneforskrifta. Det vil seie at bruken av motorbåt har vore ulovleg. Innføring av eit slikt regime ville vera heilt nytt og skape presedens for bruk av motorbåt på mange andre innsjøar. Bruken av motorbåt på Syrtbyttvatnet må opphøyre straks, og nasjonalparkstyret må vurdere verksemda. Konklusjon Med bakgrunn i dei reglane som gjeld for motorferdsel i verneområda, og etter lovverket for motorferdsel forvalta av kommunen, ser ikkje nasjonalparkforvaltaren grunnlag for å endre vedtaket i Breheimen nasjonalparkstyre si sak 02/2015 . Delegerte saker DS 6/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark og Vigdalen landskapsvernområde - Bruk av snøskuter for transport av saltstein til Hammarsdalen - Ole A. Ødegård 2015/1722 DS 7/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje - Hans Urdahl. 2015/712 DS 8/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved,gass og utstyr til hytte ved Sottjønn - Kjell P. Rusten. 2015/925 DS 9/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Transport av ved, gass og provinat til hytte ved Lundadalsvatnet . 2015/750 DS 10/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motorbåt i samband med fiske, villreinjakt og ettersyn av beitedyr - Jakop Sæther. 2015/515 DS 11/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av utstyr til og vedlikehald av almenningsbuer -Skjåk Almenning 2015/25 DS 12/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark/Høydalen landskapsvernområde/Musybytta landskapsvernområde/Strynefjellet landskapsvernområde Årleg teljing av villreinstamma i område Ottadalen sør - Ottadalen villreinutval 2015/184 DS 13/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen 2015 - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Fjelleventyret v/Magne Håvard Forberg 2014/8684 DS 14/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av proviant og bagasje med snøskuter frå Sota til Mysubytta - Ragna Brit Mork. 2015/1941 DS 15/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Ola Lundemo. 2015/1336 DS 16/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Tor Gunnar Lundemo. 2015/1415 DS 17/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonlapark - Thorstein Åmot og Merete Haugen Åmot. 2015/1474 DS 18/15 Deleger vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved varer m.m. til hytte ved Lundadalsvatnet - Rolf Rakstad. 2015/1538 DS 19/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Rolf Rakstad. 2015/1536 DS 20/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved og bagasje til hytte ved Stilla - Steinar Øygard. 2015/1899 DS 21/15 Delegert vedtak - Breheimen nasjonalpark - Ferdigstilling av byggjeverksemd på Martinbu - Magne Håvard Forberg. 2014/8686 DS 22/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Stein Lundemo. 2015/1220 DS 23/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje til seter på Mysubytta - Rita Brekkum. 2015/1214 DS 24/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Bruk av båt med motor på Lundadalsvatnet - Torstein Ytre. 2015/923 DS 25/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Mysubytta landskapsvernområde - Transport av bagasje til hytte på Mysubytta - Gudmund Teigen. 2015/834 DS 26/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved, gass og utstyr til hytte ved Lundadalsvatnet - Jakop Sæther. 2015/514 DS 27/15 Delegert sak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Gjennomføring av kjentmannskøyring - Luster Røde Kors Hjelpekorps 2015/1945 DS 28/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av salt til sattingsplassar i Lendfjellet - Torstein S. Ytre. 2015/924 DS 29/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 - Bruk av motorbåt på Lundadalsvatnet - Gudbrand Lundemo. 2015/1412 DS 30/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Uttransport av båt og fiskeutstyr frå Mårådalen - Ståle Bøje. 2015/1948 Referatsaker Kommune - Delegert vedtak, dispensasjon for oppføring av uthus til hytte i LNF-område gnr.155 bnr.1 fnr.118 i Lom 2015/1112 Midler til drift av Breheimen nasjonalparkstyre 2015 2014/6856
© Copyright 2024