Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland

VELKOMMEN TIL OPNING AV
Tannhelsetenesta
kompetansesenter Vest/Hordaland
Måndag 13.april 2015. Grand hotel Terminus - Terminus Hall, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen
Den 15. august 2012 blei det nye odontologibygget i Bergen offisielt opna. Samstundes blei tannhelsetenesta sitt kompetansesenter (Tk) Vest/ Hordaland etablert, og arbeidet med å byggje opp
og utvikle senteret i tråd med oppdraget frå Helse- og omsorgsdepartementet starta.
Nå – vel 2 ½ år seinare – har TkVest/Hordaland 42 tilsette. Kompetansesenteret gir eit
tilbod innan alle dei 7 odontologiske spesialitetane og har tilsyn med inneliggande pasientar
på Haukeland sjukehus. Senteret behandlar overgrepspasientar, torturofre og pasientar med
odontofobi som treng eit tilrettelagt tilbod, og det tilbyr kurs og rådgjevingsteneste.
Forskningsaktivitet ved senteret er under oppbygging og 3 stipendiater er tilsett.
Kompetansesenteret er samlokalisert med Institutt for klinisk odontologi og har starta eit
samarbeid om spesialistutdanning og forskning.
Dette er det grunn til å markere. På vegne av Hordaland fylkeskommune og tannhelsetenesta
i Hordaland er du med dette invitert til å delta i denne markeringa!
Med venleg helsing
Arne Åsan
Fylkestannlege i Hordaland
Opning av Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/ Hordaland
Måndag 13.april 2015. Grand hotel Terminus - Terminus Hall, Zander Kaaes gate 6, 5015 Bergen
Program
10.00
Kulturelt innslag
10.15
Opning og talar
12.00 - 13.15
Lunsj
13.15 - 15.00
Nokre smakebiter frå verksemda vår
Stipendiat Ingfrid Vaksdal Brattabø:
Tannhelse og barnevern, samhandling til beste for barnet.
Psykolog Margrethe Elin Vika og spesialtannlege Maren Gry Lillehaug:
Hvorfor og hvordan hjelper vi pasienter som har sterk angst
og fobi for tannbehandling.
Spesialtannlege Kjell Størksen og spesialtannpleiar Lise Thorsen:
Tannhelsetjenester i sykehus – Litt utenfor allfarvei?
Kjeveortoped Paul Sæle:
Tverrfaglig kompetanse i behandling av barn født
med leppe-kjeve-ganespalte
15.00
Kulturelt innslag og avslutning
19.00
Festmiddag med kulturelt innslag
Påmelding
Elektronisk påmelding under www.hordaland.no - Kurs og konferansar
Eller direkte til påmeldingsskjema:
http://kurs.hfk.no/Kurs-og-konferansar/2015/Offisiell-opning-av-TkVestHordaland/
Påmeldingsfrist: 22.03.2015