Lege/ legespesialist - Haugland Rehabiliteringssenter

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin
og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev
tilbod om rehabilitering av pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i
spesialisthelsetenesta. Det er 70 døgnplassar og 5 dagplassar ved institusjonen. Det
medisinsk faglege teamet består av lege med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering,
sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, logoped,
idrettspedagogar og klinisk ernæringsfysiolog.
___________________________________________________________________________
Lege/ legespesialist
100 % fast stilling
Stillinga passar for deg som er interessert i å arbeide med eit ressursorientert fokus innan
rehabilitering. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og
undervisning som tilnærming i behandlinga. Arbeidet føregår i stor grad i tverrfaglege team
saman med andre faggrupper, gode samarbeidseigenskaper er difor viktig.
Vi har avtale med Helse Vest om både dag- og døgnrehabilitering, og har kring 1300
pasientar til behandling årleg.
KVALIFIKASJONAR:
Stillinga føreset interesse for rehabilitering. I tillegg til spesialiteten fysikalsk medisin og
rehabilitering, kan det også vere aktuelt med spesialitet innan nevrologi, revmatologi,
arbeidsmedisin eller allmennmedisin.
Søkjarar må ha norsk autorisasjon og beherske norsk skriftleg og munnleg. Det vil bli stilt
krav om fremlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga, jfr. Helsepersonelloven
§ 20a.
VI TILBYR
•
Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
•
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og deltaking i forskingsaktivitet.
•
God pensjons - og forsikringsordningar
•
Gode velferdsordningar
•
Hjelp med bustad
•
Løn etter avtale
Tilsetting etter nærare avtale
ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Haugland, 6968 FLEKKE
HEIMESIDE: www.rkhr.no
KONTAKTPERSON:
Adm. dir. Inger Johanne Osland
Telefon: 57 73 71 03 / 414 48 295
E-post: [email protected]
SØKNAD MERKAST:
Søknad lege
SØKNAD SENDAST TIL:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
v/Personalleiar Kristin Kyrkjebø
6968 FLEKKE
Eller på e-post: [email protected]