Strategiplan forsking Visjon: Forsking i TkVest skal ha høg kvalitet, gje ny kunnskap og bidra til utvikling av tannhelsetjenesta. Forskingsmål: Det overordna målet er å drive oral helserelatert forsking for å bringe fram ny kunnskap til nytte for tannhelsetenesta (førebygging, diagnostikk, behandling og innovasjon). Overordna forankring: Forskingsstrategien er forankra i overordna dokument som statsbudsjettet, St.meld 35(2006-2007) og oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet. Strategien er forankra i lover og forskrifter relatert til forsking, og forskrifter knytt til kvalitet og pasientsikkerheit. Satsingsområde: Forsking i TkVest skal omfatte klinisk forsking, adferdsteoretisk og epidemiologisk befolkningsretta forsking. TkVest skal bidra til translasjonell forsking. Alt tannhelsepersonell og forskarar kan initiere kliniske, praksisnære prosjekt som tek utgangspunkt i problemstillingar og utfordringar i tannhelsetenesta. Kvalitetssikring og pasientsikkerheit: Forsking i TkVest skal vera av høg standard og basert på Helsinkideklarasjonen, og vera i samsvar med forskrifter i Helseforskingslova eller forskrifter gitt av Personvernombodet. Etikk: God forskingsetikk er eit ansvar for den enkelte forskar og prosjektleiar, og eit systemansvar for organisasjonen. Etiske vurderingar skal gjennomførast fortløpande av prosjektleiar og forskarar i alle faser av prosjektet. Forskinga skal gjennomførast i samsvar med Vancouver-reglane. Innovasjon: TkVest ynskjer å vera med i heile innovasjonsprosessen frå ide til implementering og evaluering. Forsking i TkVest skal vera nyskapande og framtidsretta og kunne leie fram til nye produkt, produksjons-/behandlingsprosessar og organisasjonsformer, men også innovasjon i breiare ikkje-teknologisk betydning, som f.eks. grøn innovasjon. Implementering: Ny kunnskap som kjem fram gjennom forskinga skal om mogeleg kunne brukast i den utøvande tannhelsetenesta. Leiinga saman med helsepersonell og forskarar som bidreg til prosjektgjennomføring, vil kunne leggje til rette for at forskningsresultat vert implementert i tenesta. Finansiering: I følge St.meld nr 35 (2006-2007) vil staten finansiere forsking ved dei regionale kompetansesentra. Denne finansieringa skjer i dag ved årlege tilskot frå Helsedirektoratet, basert på søknad. Forskingsaktivitetar innan dei ulike prosjekta vert kostnadsberekna for gjeldande år og det vert søkt om finansiering frå staten. TkVest skal arbeide for auka ekstern forskingsfinansiering av stipendiatar og forskingsprosjekt i form av prosjektdrift. I tillegg vil tannhelsetenesta bidra med midlar. Samarbeidspartnarar: Forskarar ved TkVest skal vera initiativrike og delta i forskingsnettverk nasjonalt og internasjonalt. TkVest vil samarbeide breitt med ulike institusjonar og partnarar som: Norske og internasjonale universitet Offentleg og privat tannhelseteneste Andre regionale odontologiske kompetansesenter Allmennmedisinsk forskingseining Helseforetak Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking (Helse Vest) NIOM Andre forskingsinstitusjonar Privat industri Kompetansebygging: TkVest skal bidra til å utvikle effektive tiltak for rekruttering av nye forskarar i tannhelsetenesta. For å lykkast blir det viktig å drive langsiktig rekrutteringsplanlegging og legge til rette for at klinikarar i tannhelsetenesa kan få forskarutdanning. I tillegg skal klinikarar kunne tilbydast forskingsrelevante kurs som gjer dei betre rusta til å bidra til forskingsprosjekt. For kandidatar under spesialistutdanning ynskjer TkVest å dra nytte av deira oppdaterte kunnskap og gjennom deira spesialistoppgåver å knytte dei til forskingsavdelingane. Formidling og publisering: Forskarar ved TkVest skal formidle ny kunnskap slik at den kjem tannhelsetenesta og befolkninga/samfunnet til gode. Forskarane skal vera synlege i samfunnsdebatten og setje lys på tema som gjeld oral helse og tannhelsetenesta sin organisasjon og funksjon. Forsking og forskingsresultat skal formidlast systematisk og effektivt via kontinuerleg oppdaterte nettsider og i tradisjonelle og nye formidlingskanalar (nettverksmøter, forskarmøter og konferansar nasjonalt og internasjonalt, rapportar, aviser, TV, Twitter o.l.). Forskarane skal tilstrebe å publisere i nasjonale /internasjonale tidsskrift av anerkjent standard og med fagfellevurdering.
© Copyright 2024