Lenke til referat frå møte 11.03.15

Medlemer Samarbeidsutvalet
Dykkar ref.
Gol kommune
Vår ref.
14/03336-7
Dato
18.03.2015
Referat frå møte i samarbeidsutvalet Gol skule 11.03.15
Til stades: Bjørn Åke Økland og Camilla Larsen Hoftun (foreldrerepr.), Svanhild Aalvik (repr.
for andre tilsette), Elisabeth K Brenno og Laila Mehl ( lærarrepr.), Linda S Jacobsen (UKL),
Ingebjørg By Teigen ( rektor)
Sak 5 – 2014-2015
Årsmelding 2014
Rektor la fram årsmeldinga og kommenterte sjukefråvær, rekneskap,
måloppnåing for 2014 og mål og utfordringar for 2015.
Rapportering på læringsresultat og læringsmiljø blir gjort i den årlege
tilstandsrapporten som blir skriven i juni.
Sak 6 – 2014-2015
Tilsetjingar og stillingar neste skuleår
Det er ikkje heilt avklara kor mange ledige stillingar det blir neste
skuleår, for nokon som innehar faste stillingar har ikkje gitt endeleg
beskjed om dei kjem tilbake eller seier opp.
Det er 25 søkjarar til dei ledige stillingane, 21 kvinner og 4 menn. Ikkje
alle er like godt kvalifiserte.
Sak 7 – 2014 -2015
Beredskapsplan mot vald og truslar om vald
Forslag til plan vart lagt fram og drøfta. Det kom fram ønskje om å
lage planen meir oversikteleg og lett tilgjengeleg ved å lage ei visuell
innleiing til planen som kunne brukast i ein aktutt situasjon. Det vart
og presisert at det er viktig å øve på slike situasjonar, men ikkje med
elevar.
Sak 8 – 2014-2015
Psyko-sosial kartlegging blant personalet
Det er ei rutine i HMS-systemet til Gol kommune at det skal haldast
psyko-sosial kartlegging annakvart år. Både for Gol skule og Herad var
Gamlevegen 4, 3550 Gol
www.gol.kommune.no
[email protected]
Tlf.:
Faks:
32 02 90 00
32 02 90 10
Bankgiro: 2324 05 00051
Orgnr:
00964952612
det fleire år sidan sist. Den elektroniske undersøkinga til KS, Bedre
kommune vart valt.
Rapport over resultata er lagt fram for verneombod, tillitsvalde og
repr. for Hava. Personalet vil få gjennomgang av resultata i eige møte
måndag 16. mars.
Det er gode skårar på alle indikatorane i undersøkinga og viser god
trivsel blant dei tilsette. Særleg er skåren for samarbeid og trivsel med
kollegaer svært høg.
Sak 9 – 2014 – 2015 Administrativ ressurs for nye Gol skule
Rektor orienterte om politiske vedtak i saka. Det blir ein felles
kommunalsjef for oppvekst ( skule, barnehage og kultur) For nye Gol
skule blir det ein rektor og 200% stilling som inspektør.
Sak 10 – 2014-2015 Innkjøp av IT-utstyr og inventar i 2015
Innkjøp av datautstyr må avvente råd frå gruppe som rådmannen harr
nedsett. Lærarrepr. uttrykte stort behov for prosjektor i klasseromma
på Glitrehaug.
Innkomne ønske for innkjøp av utstyr var :
Kroppsøving/TL-utstyr
ca 5 500 kroner
Slipestein
4 400 kroner
Musikkinstrument
5 000 kroner
Samarbeidsutvalet såg dette som nødvendig utstyr og tilrådde at dette
vart kjøpt inn
Rektor gløymde å ta med at det har kome inn ønske om innkjøp av 2
symaskiner. Dette blir drøfta vidare med lærarane i Kunst & handverk.
Neste møte 27. mai blir møte i både skulemiljøutval og samarbeidsutval. Elevrådsrepr. Vil
bli kalla inn til dette møtet.
Med helsing
Ingebjørg By Teigen
rektor
Godkjent og ekspedert uten underskrift
Kopi til: