Møteprotokoll Utvalg: Møtested: Dato: Tidspunkt: Breheimen nasjonalparkstyre Stryn kulturhus 06.02.2015 11:00 – 16:00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Rolv Kristen Øygard Leder Ivar Kvalen Nestleder Bjarne Eiolf Holø Medlem Representerer Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Mariann Isumhaugen MEDL Norunn Lunde Furnes MEDL Rannveig Brennhaug MEDL Representerer Følgende varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Per Atle Kjøllesdal Norunn Lunde Furnes Stig Aaboen Rannveig Brennhaug Merknader Representerer Eivind Brenna kunne ikkje møte for Mariann Isumhaugen. Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Eldrid Nedrelo Nasjonalparkforvaltar Bjørn Dalen Nasjonlaparkforvaltar Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Rolv Kristen Øygard Sign. Ivar Kvalen Sign. Per Atle Kjøllesdal Sign. Bjarne Eiolf Holø Sign. Stig Aaboen Sign. Saksliste Utvalgssaksnr Innhold Lukket Arkivsaksnr ST 1/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av materialar i samband med med vedlikehald av naust ved Lundadalsvatnet - Åge Frøyse. 2014/8614 ST 2/15 Sak - Breheimen nasjonalpark/Mysubytta landskapsvernområde - Persontransport av funksjonshemma til hytte og seter - Sigmund Lilleødegård. 2015/563 ST 3/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel Hålåbu v/Magne Håvard Forberg 2014/8626 ST 4/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Utplassering av garnkasse ved Lundadalsvatnet - dispensasjon 2014 - Oddrun Banken 2014/2217 ST 5/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon 2015 - Motorferdsel - Transport til, og gjennom Rauddalen - Simon Eiesar. 2015/52 ST 6/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved, gass og utstyr til Martinsbu og Ytste Setra Magne Håvard Forberg. 2014/8685 ST 7/15 Sak - Mørkridsdalen landskapsvernområde - Bruk av snøskuter i samband med snømåking Skjolden beite- og sankelag 2015/626 ST 8/15 Sak - Honnsrøve naturreservat - Tilbod om å overta forvaltningsmyndet for Honnsrøve naturreservat - Miljødirektoratet. 2014/8299 ST 9/15 Sak - Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon 2015 - Organisert ferdsel til fots - Motbakkeløp Lomseggje opp - Lom idrettslag v/Skigruppa. 2014/702 ST 10/15 Sak - Klage på vedtak - Breheimen nasjonalpark Klage på traseval for snøskutertransport til Hålåbu i Lundadalen. 2015/8626 ST 11/15 Sak - Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde - Bruk av snøskuter for måking av tak - DNT Oslo og Omegn 2015/892 Delegerte saker DS 1/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av materialar i samband med restaurering av naust - Åge Frøyse. 2014/8614 DS 2/15 Delegert sak - Breheimen nasjonalpark Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel Hålåbu v/Magne Håvard Forberg 2014/8626 DS 3/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Strynefjellet landskapsvernområde - Transport av maskiner og utstyr gjennom verneområdet til Strynefjellet Sommerski. 2015/412 DS 4/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved, gass, og utstyr til Martinsbu og Ytste Setra - Magne Håvard Forberg 2014/8685 DS 5/15 Delegert vedtak - Dispensasjon - Breheimen nasjonalpark - Transport av saltstein til saltkasser i Lundadalen - Lundadalen aktive beitelag. 2015/516 Referatsaker RS Villreinjakten 2014 - Fellingstillatelser og oppsynsvirksomhet 2014/8623 RS Delegasjon av myndighet til å behandle klagesaker etter naturmangfoldloven 2015/650 RS Ber om innspill - Revidering av vedtekter for nasjonalpark- / verneområdestyrene samt stillingsinstruks for forvalter 2014/8680 RS Høringsbrev Forenkling av utmarksforvaltningen 2015/738 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/8614-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 12.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 1/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av materialar i samband med med vedlikehald av naust ved Lundadalsvatnet - Åge Frøyse. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt.6.3 bokstav f gjev, Breheimen nasjonalparkstyre, Åge Frøyse,Garderbråteveien, 1455 NORDRE FROGN, løyve til å transportere materialar og utstyr inn til naust ved Lundadalsvatnet og uttransport av bygningsavfall, på visse vilkår. Samrøystes. Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark § 4 kan ein person vera med på turen som hjelpesmannskap. Vilkår for transporten: - - Det skal brukast leigekøyrar med godkjent leigekøyringsløyve frå Skjåk kommune til transporten Det blir gjeve løyve til inntil 4 turar-returar, og leigekøyrar skal prøve å samordne transporten med annan transport til osen på Lundadalsvatnet for å få ned talet på turar Transporten skal skje innan 20.april 2015, med unntak av påska, onsdag 1.-måndag 6.april 2015 Tilvist køyrerute for transporten er: Sota – Sotflya – Herbergsbakkane – Gjelåflaten – Steinflye – Holåbreen – osen på Lundadalsvatnet Motorferdsla skal går føre seg med aktsemd for å unngå skade på naturmiljø og for friluftslivet. Det skal takast spesielt omsyn til villrein under transport. Om det er villrein i planlagt køyrerute skal ein vente til dyra har trekt unna, eller ein kan køyre rundt dyra i ein avstand på minimum 500 meter, på le side. Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard(tlf.917 33365) Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før turen og sendast forvaltningsmyndet seinast 1.juni 2015 Transporten må også avklarast med Skjåk kommune og grunneigar. Dokument i saka: 1. Søknad på e-post frå Åge Frøyse Garderbråteveien 1455 NORDRE FROGN, dagsett 4.desember 2014 2. Telefonsamtale med Åge Frøyse 19.12.2015. Søknaden Åge Frøyse søkjer Breheimen nasjonalparkstyre om å få frakte materialar i til naustet han har ved utløpsosen på Lundadalsvatnet for vedlikehald av bygningen ved å skifte kledningen og takplater med materiale i same storleik og same form. I tillegg heimlar dispensasjonen uttransport av bygningsavfall frå verneområdet. Samrøystes. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 1. Breheimen nasjonalpark 2. Naturmangfaldlova 3. Framlegg til forvaltningsplan Verneformål, verneforskrift og framlegg til forvaltningsplan Breheimen nasjonalpark vart oppretta gjennom verneplan for Breheimen av Kongen i statsråd 7. august 2009. Breheimen nasjonalparkstyre er forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.. Nasjonalparken er beskytta mot inngrep av alle slag og i utgangspunktet er motorferdsel på land og på vatn forbode. Det er likevel opna for motorferdsel i samband med mellom anna transport av materialar til restaurering og vedlikehald av bygningar som naust, jf. verneforskrifta § 3 pkt. 6.3. bokstav f : Forvaltningstyresmakta kan gje løyve til: ”- bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av materialar til vedlikehald og byggearbeid på hytter, klopper og liknande.” (§ 3 pkt. 6.3 bokstav f i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark). Transportøren ser det som nødvendig å ha med ein hjelpesmann under transporten. Bakgrunnen er at transportetappen er svært krevjande. Det er ikkje ein eigen dispensasjonsheimel for det i verneforskrifta. Det må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen, verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 4, jf. Naturmangfaldlova § 48. I vurderinga av søknaden skal forvaltningsstyresmakta også gjere greie for bruken av dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12, jf. § 7. Vurdering Åge Frøyse søkjer om å få frakte materialar til naustet han har ved Lundadalsvatnet. Vedlikehald av bygningar i nasjonalparken Bakgrunnen for transporten er at naustet er ca. 35 år gamalt treng restaurering. Søknaden gjeld vanleg vedlikehald. I forslag til forvaltningsplan heiter det mellom anna: Sekretariatet for Breheimen arbeider no med ferdigstilling av høyringsforslag til forvaltningsplanen. I forslaget står det følgjande retningsliner om vedlikehald av bygningar som skal følgjast: Retningsliner for forvaltning og bruk Vanleg vedlikehald av bygningar er tillate. Med vedlikehald meiner ein bygningsarbeid som ikkje fører til ombygging eller utvidingar. Dette omfattar normalt vedlikehald og utskifting av dårlege materialar eller forsterkingar. Ein meiner alt av innvendig vedlikehald, og utvendig vedlikehald som gjeld utskifting av material og/eller utstyr med nytt av same type og dimensjon, til dømes dører eller vindauge. Eit anna døme på slikt vedlikehald er når kledningsbord blir skifta ut med nye bord i same dimensjon. Betre isolering fell innanfor definisjonen av vedlikehald. Vedlikehaldet skal ikkje føre til at bygningane endrar fasade eller karakter. Dette inneber at tilbygg, utvendig ombygging, utviding eller endring av storleik, utsjånad eller funksjon ikkje vert rekna som vedlikehald, og slike tiltak krev løyve etter søknad til forvaltningsstyresmakta, sjå kap. 3.5.2. Når berande konstruksjonar vert skifta ut og når bygningane framstår som i det vesentlege fornya, jf. plan- og bygningslova § 87, er det ikkje lenger snakk om vedlikehald, men ei ombygging. Innvendig ombygging som ikkje endrar bruken av bygningen er tillate. Arbeid som vert gjort med sikte på bruksendring i nasjonalparken krev løyve etter verneforskrifta. Utgangspunktet er at ei eventuell bruksendring ikkje må føre til auka behov for motorferdsle i samband med bruk av bygningen, eller på anna vis vere i strid med verneformålet. I landskapsvernområda er det ikkje noko krav om løyve til vedlikehald med bruksendring som formål etter verneforskriftene. Bruksendring krev likevel ofte løyve etter plan- og bygningslova, og søknad om bruksendring må då skje på vanleg måte til kommunen. Ved vedlikehald, utviding og liknande tilrår ein at det vert nytta miljøvennlege materialar. Transport Når det gjeld transport til Lundadalen så har det etablert seg ein praksis med bruk av snøskuter attende til 1970, d.v.s ca. 30 år før vernet vart innført i 2009. Snøskuter blir vurdert som det mest tenlege transportmiddelet her. I fyrste fasa var Lundadalen mykje brukt til transport, men etter kvart vart det etablert ein annan trase frå setra Skjellom og sørover fjellet til Holåbreen og nedi Lundadalen. Denne ruta var den vanlegaste da vernet vart innført i 2009. Kunnskapen om området er god. Det er viktig å ta omsyn til villreinen under transporten.I samband med registrering av områdebruken til villreinen er det avdekt at villreinen i Ottadalen sør brukar tangen utover mellom Tundradalen og Lundadalen som vinterbeite. Reinen går for det meste ytst på tangen utover til våren før den trekker sør-vestover og inn i Tundradalen. Når reinen trekker inn og ut av området kan variere. Det kan framleis stå att rein i området der skutertraseen til Lundadalen frå Skjellom går. I eit møte med Ottadalen villreinnemnd og Ottadalen villreinutval i 2013 vart det derfor bestemt at ein skulle gå over til ein ny trase, for å unngå vinterområdet til villreinen. Denne traseen startar på Sota og går inn på Sotflya, vidare ned Herbergsbakkane, inst i Tundradalen. Så vidare opp på Steinflya og ned på Holåbreen til Lundadalsvatnet. Denne traseen er meir krevjande enn å køyre over Skjellom. Det er derfor viktig å samordne køyringa mest mogleg til tidspunkt med godt føre. Leigekøyrarar som har køyreoppdrag til Lundadalen må gå saman om å utføre desse over eit stuttare tidsrom. Økosystemet er lite påverka om vinteren som er den tida det er mest skånsamt for transport til Lundadalen. Snøskuter er ein praktisk transportmåte så lenge trase og vilkår elles blir oppfylt. Ut ifrå denne vurderinga meiner ein at det ikkje er aktuelt å bruke føre-var-prinsippet i denne saka. Ekstra mannskap Leigekøyraren har signalisert at det er behov for å ha med ein hjelpesmann under transporten. For ekstra mannskap under transporten er det ingen spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta. Ei slik ordning må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen. Det at det er to personar på same snøskuter under transport fører ikkje til at aktiviteten vil påverke verneverdiane nemneverdi. Det er avdekt behov for å vere to personar ved fleire høve på denne ruta med svært vekslande føre og topografi. Høgdeskilnaden i terrenget varierer hundretals meter. Det vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig. Den viktigaste grunnen til å ha med ein ekstra person er tryggleiken. Dette er ein lang tur der ein startar i ein fjelldal(Ostradalen), kryssar neste dal(Tundradalen) før ein må over og ned i tredje dal (Lundadalen). Nasjonalparkforvaltaren vurderer tilhøva slik at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for å ha med hjelpesmann på denne ruta. Ut ifrå kjennskap til trase, last og køyretøy så ser nasjonalparkforvaltaren det som både ein tryggleik og praktisk nyttig at det er to personar med på denne krevjande traseen. Under føresetnad av at vilkåra som er satt i vedtaket blir oppfylt meiner nasjonalparkforvaltaren at tiltaket kan gjennomførast. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/563-2 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 23.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 2/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark/Mysubytta landskapsvernområde Persontransport av funksjonshemma til hytte og seter - Sigmund Lilleødegård. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Sigmund Lilleødegård får løyve til å bli transportert til hytte ved Syrtbyttvatnet i Breheimen nasjonalpark, og til seter på Mysubytta i Mysubytta landskapsvernområde. Løyvet er gjeve med heimel verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde § 4, jf. nml. § 48 i naturmangfaldlova. Løyve til bruk av båt med motor i Syrtbyttdalen blir avslege. Avslaget er gjort med heimel i § 3, pkt.6.1 i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark. Samrøystes. Vilkår: Til transporten skal det brukast leigekøyrar som er godkjent av Skjåk kommune. Dispensasjonen gjeld for inntil ein tur- retur til hytte ved Syrtbyttvatnet, og ein tur – retur til seter på Mysubytta i 2015. Transporten skal skje etter etablert trase mellom Sota og Mysubytta og Sota Syrtbyttvatnet. Transport kan i perioda 15. mars - 20. april 2015. Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard (tlf.917 333 65). Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før kvar tur og sendast forvaltningsmyndet seinast 1.juni 2015. Køyring i verneområda skal avgrensast til det mest nødvendige og all køyring skal foregå på ein slik måte ein unngår skader på vegetasjon og unødvendig forstyrrelse av dyrelivet og andre brukarar av området. Nasjonalparkforvaltaren gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld i forhold til verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde. Transporten må også avklarast med Skjåk kommune og grunneigar. Dokument i saka: Søknad frå Sigmund Lilleødegård dagsett 23.1.2015. Søknaden Det blir søkt om bruk av snøskuter til transport av person med funksjonshemming, for transport til hytte ved Syrtbyttvatnet (Breheimen nasjonalpark) og til seter på Mysubytta (Mysubytta landskapsvernområde). Omsøkt køyreetappa: Sota-MysubyttaSyrtbyttdalen. Det blir søkt om 3-4 turar. Samtidig blir det søkt om generell bruk av påhengsmotor (4HK), på båt i Syrtbyttdalen. Verneformål og forskrifter Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf.§ § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Formålet med Mysubytta landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert natur- og kulturlandskap med eit rikt og verdifult setermiljø, kulturminne og det rike dyre og plantelivet, samt ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur. Etter verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde, er motorferdsel på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1). I spesielle tilfelle kan forvaltningsmyndet dispensere frå verneforskrifta. Tiltaket vil omfatte motorferdsel i nasjonalparken for transport av funksjonshemma. I dei generelle dispensasjonsreglane, § 4 i verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde heiter de: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48. All bruk av båt med motor på Syrtbyttvatnet og andre tjern i Syrtbyttdalen er forbode. Om bruk av den generelle dispensasjonsparagrafen Dispensasjon etter § 4 alternativ i verneforskriftene omfatter tiltak som kan foreinast med verneformålet og verneverdiane i det aktuelle området. Dispensasjonsbestemmelsen er i utgangspunktet meint for uforutsette tilfeller eller spesielle/særlege tilfelle som ikkje vart vurdert ved opprettelsen av verneområdet, i fyrste rekkje bagatellmessige inngrep eller forbigåande forstyrrelsar. § 4 fyrste alternativ dekker tilfeller der verneformålet og verneverdiane tåler enkeltståande avvik fra vernebestemmelsane. Vurdering av dei miljørettslege prinsippa I tillegg må ein vurdere søknaden etter naturmangfoldlova sine miljørettslege prinsipp nedfelt i §§ 8-12 (kunnskapsgrunnlag, føre-var prinsippet, samla belastning på økosystemet, kostnader ved miljøforringelse som evt. må lastast av tiltakshaver samt miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar), jamfør § 7. Vurdering Verneområda det gjeld er underlagt eit strengt vern. Strengast er vernet i nasjonalparken. I dette tilfelle er det forholdet til støy frå motorferdsla som forureinar mest. Det er derfor viktig å ta omsyn til andre som brukarar i området og tidspunkt for motorferdsla. slik det gjeld for alle som ferdast i verneområda. Stille og fråvær av motordur og motoriserte køyretøy/fartøy er eit av karaktertrekka ved urøyvd natur. Bruk av snøskuter til persontransport av funksjonshemma Eit enkelt motorisert kjøretøy vil ikkje isolert sett føre til vesentlig skade eller ulempe. Men summen av mange vil utan tvil vera ei belastning for naturen og friluftslivet. Det er derfor viktig at ein ikkje ser på den enkelte tur isolert sett, men vurderer kjøringa i eit vidare perspektiv, for på den måten best mogleg å følgje opp intensjonane med bestemmelsane for motorferdsel i utmark. Det er eit overordna mål å avgrense den motoriserte ferdsla i Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde til det som er strengt nødvendig. Kunnskapsgrunnlaget om verneverdiane i dette området er godt. Det er ikkje villrein i området og transporten vil foregå etter Mysubyttvegen inn til Mysubytta seter og vidare etter trase gjennom bjørkeskog bort til hytte ved Syrtbyttvatnet. Området er ikkje brukt av hjortedyr i den gjeldane perioden. Det går skiløype til Mysubytta frå Sota, og vidare inn til DNT-hyttene, Slæom og Sprondalshytta. Det er derfor friluftslivet og opplevinga av stille i urøyvd natur som kan vera ei utfordring. Sidan etappane er forholdsvis stutte vil transporten gå føre seg på eit tilsvarande kort tidsrom. Derfor vil påverknaden på naturmiljøet lokalt vera liten på vinterføre. Når det gjeld økosystemet totalt sett i Breheimen så er det forholdsvis lite motorferdsel. Det er prøvd å kanalisere motorferdsla vinterstid etter bestemt trasear der ferdsla er noko større. Når det gjeld transportmåte er det ikkje andre alternativ enn snøskuter som vil føre til mindre påverknad på naturmiljøet. Nasjonalparkforvaltaren vurderer det slik at hjorteviltet har vandrar ut av området vinterstid og transporten skjer med snøskuter på vinterføre da vil ikkje naturmiljøet, spesielt våtmarkane frå Mysubytta – Syrtbyttvatnet, bli skadelidane. Støyen vil vera av forbigåande art. Ein vurderer derfor ikkje behov for å bruke føre-var prinsippet. Det er likevel behov for å vurdere talet på turar sett i forhold til den samla mengda med transport som skjer til Mysubytta/Syrtbyttvatnet. Det må og leggjast vekt på den særstillinga som funksjonshemma er i med omsyn til transportbehov. Nasjonalpark forvaltaren vurderer saka slik at ein kan gje løyve til avgrensa persontransport, men slik at ein unngår tidspunkt med mykje utfart. Det kan vera aktuelt å vurdere dispensasjonspraksisen seinare med tanke på den samla belastninga. Nasjonalparkforvaltaren konkluderer med at persontransporten med snøskuter ikkje er i strid med verneformålet. Det er ikkje nødvendig å bruke føre-var-prinsippet. Transporten vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig med dei vilkåra som er satt i saka. Ein vil derfor tilrå at alt det blir gjeve løyve på visse vilkår. Bruk av båt med motor Når det gjeld bruk av motorbåt er det eit generelt forbod mot slik bruk på alle innsjøar i nasjonalparken. Det generelle forbodet er også nedfelt i lov om motorisert ferdsel i utmark, og gjeld også utanfor verneområda, men her kan kommunen setja eigen forskrift for bruk på innsjøar over 2 kvadratkilometer. I Breheimen nasjonalpark er det gjort eit unnatak for bruk av motor på Lundadalsvatnet for fiske, under villreinjakt og for ettersyn av beitedyr, etter søknad. Når det gjeld Syrtbyttvatnet så er det ikkje lov bruke motorbåt. Forbi vatnet på nord og vestsida, går turistforeiningsstigen sumar og vinter. Det er 3 hytter og 2 naust ved austre enden av vatnet. Syrtbyttvatnet ligg i Syrtbyttdalen, i den øvre delen av lauvskogbeltet like opp til vasskiljet mot Vestlandet. Området er av dei mest urøyvde som ligg så lågt over havet i verneområdet. Støy ber lenger på innsjøar enn i terrenget. Dette vil kunne påverke stilla i området i negativt for friluftslivet. Med bakgrunn i føre-var prinsippet, og at bruk av motorbåt i nasjonalparken generelt er forbode for alle, meiner nasjonalparkforvaltaren at ein ikkje kan dispensere frå verneforskrifta i dette tilfellet. I forhold til den generelle dispensasjonsparagrafen i verneforskrifta må ein vurdere om tiltaket vil stride mot formålet med vernevedtaket eller ha nemneverdig verknad på verneverdiane. Området det gjeld har spesielle kvalitetar fordi det ligg svært beskytta mot inngrep og er berre brukt til friluftsliv og beite. Det er 4-5 båtar i bruk ved vatnet som hovudsakleg blir brukt til fiske. Isolert sett vil ikkje bruk av motor på ein båt påverke verneverneverdiane nemneverdig, men med bakgrunn i at det aldri har vore brukt motorbåt på Syrtbyttvatnet eller tjerna og vatna rundt tidlegar, vil det vera ei svekking av vernet innføre ein slik praksis. Dette gjeld spesielt med omsyn til støy som tidlegar har vore fråverande. Med omsynet til landskapet sitt serpreg og spesielt høg verneverdi konkluderer nasjonalparkforvaltaren med at innføring av båt med motor på Syrtbyttvatnet vil svekke verneverdiane i området vesentleg. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/8626-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 12.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 3/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel - Hålåbu v/Magne Håvard Forberg Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt. 6.3 bokstav e, å gje Hålåbu v/Magne Håvard Forberg løyve til å bruke snøskuter til transport av varer til Hålåbu, og transportere søppel ut av verneområdet på retur. Det blir likeeins, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 4, jf. Naturmangfaldlova § 48, gjeve løyve til å ha med ein person som hjelpesmann under transporten. Samrøystes. Vilkår - Det skal brukast leigekøyrar med godkjent leigekøyringsløyve frå Skjåk kommune til transporten - Det blir gjeve løyve til ein tur-retur, og leigekøyrar skal prøve å samordne transporten med annan transport til osen på Lundadalsvatnet for å få ned talet på turar. - Transporten skal skje innan 20.april 2015, med unntak av påska, onsdag 1.april måndag 6.april 2015 - Tilvist køyrerute for transporten er: Sota – Sotflya – Herbergsbakkane – Gjelåflaten – Steinflye – Holåbreen – osen på Lundadalsvatnet - Motorferdsla skal går føre seg med aktsemd for å unngå skade på naturmiljø og for friluftslivet. Det skal takast spesielt omsyn til villrein under transport. Om det er villrein i planlagt køyrerute skal ein vente til dyra har trekt unna, eller ein kan køyre rundt dyra i ein avstand på minimum 500 meter, på le side. - Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard(tlf.917 33365) - Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før turen og sendast forvaltningsmyndet seinast 1.juni 2015 Det kan vere med ein hjelpesmann under transporten. Transporten må også avklarast med Skjåk kommune og grunneigar. Dokument i saka: Søknad av 17.desember 2014 frå Hålåbu v/Magne Håvard Forberg. Søknaden blir vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Søknaden Hålåbu v/ Magne Håvard Forberg søkjer om løyve til å transportere varer med snøskuter inn til Hålåbua som ligg ved utløpsosen på Lundadalsvatnet, og å transportere søppel ut av verneområdet. Verneforskrift og verneformål Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar,økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Etter verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, er motorferdsel på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1), med unntak gjeve i pkt. 6.2 og 6.3. Tiltaket vil omfatte motorferdsel i nasjonalparken. Forvaltningsmyndet kan gje løyve til bl.a: - «bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter og setrer, og for transport av båt og garnkasser» (§ 3 pkt. 6.3 bokstav e i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark). For å ha med hjelpemannskap er det ingen heimel i verneforskrifta. Det må derfor vurderast etter verneforskrifta sin generelle dispensasjonsparagraf, § 4. I vurderinga av søknaden skal forvaltningsstyresmakta også gjere greie for bruken av dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12, jf. § 7. Vurdering Når det gjeld transport til Lundadalen så har det etablert seg ein praksis med bruk av snøskuter attende til 1970, d.v.s ca. 30 år før vernet vart innført i 2009. Snøskuter blir vurdert som det mest skånsame transportmiddelet her. I fyrste fasa var Lundadalen mykje brukt til transport, men etter kvart vart det etablert ein annan trase frå setra Skjellom og sørover fjellet til Holåbreen og nedi Lundadalen. Denne ruta var den vanlegaste da vernet vart innført i 2009. Kunnskapen om området er god. Det er viktig å ta omsyn til villreinen under transporten.I samband med registrering av områdebruken til villreinen er det avdekt at villreinen i Ottadalen sør brukar tangen utover mellom Tundradalen og Lundadalen som vinterbeite. Reinen går for det meste ytst på tangen utover til våren før den trekker sør-vestover og inn i Tundradalen. Når reinen trekker inn og ut av området kan variere. Det kan framleis stå att rein i området der skutertraseen til Lundadalen frå Skjellom går. I eit møte med Ottadalen villreinnemnd og Ottadalen villreinutval i 2013 vart det derfor bestemt at ein skulle gå over til ein ny trase, for å unngå vinterområdet til villreinen. Denne traseen startar på Sota og går inn på Sotflya, vidare ned Herbergsbakkane, inst i Tundradalen. Så vidare opp på Steinflya og ned på Holåbreen til Lundadalsvatnet. Denne traseen er meir krevjande enn å køyre over Skjellom. Det er derfor viktig å samordne køyringa mest mogleg til tidspunkt med godt føre. Leigekøyrarar som har køyreoppdrag til Lundadalen må gå saman om å utføre desse over eit stuttare tidsrom. Økosystemet er lite påverka om vinteren som er den tida det er mest skånsamt for transport til Lundadalen. Snøskuter er ein praktisk transportmåte så lenge trase og vilkår elles blir oppfylt. Ut ifrå denne vurderinga meiner ein at det ikkje er aktuelt å bruke føre-var-prinsippet i denne saka. Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at tiltaket kan gjennomførast på gjevne vilkår. Ekstra mannskap Leigekøyraren har signalisert at det er behov for å ha med ein hjelpesmann under transporten. For ekstra mannskap under transporten er det ingen spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta. Ei slik ordning må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen. Det at det er to personar på same snøskuter under transport fører ikkje til at aktiviteten vil påverke verneverdiane nemneverdi. Det er avdekt behov for å vere to personar ved fleire høve på denne ruta med svært vekslande føre og topografi. Høgdeskilnaden i terrenget varierer hundretals meter. Det vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig. Den viktigaste grunnen til å ha med ein ekstra person er tryggleiken. Dette er ein lang tur der ein startar i ein fjelldal(Ostradalen), kryssar neste dal(Tundradalen) før ein må over og ned i tredje dal (Lundadalen). Nasjonalparkforvaltaren vurderer tilhøva slik at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for å ha med hjelpesmann på denne ruta. Nasjonalparkforvaltaren vurderer saka slik at det er gunstig både ut ifrå tryggleiken og den krevjande traseen å ha med ekstra hjelp under transporten. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/2217-2 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 08.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 4/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark - utplassering av utstyrskasse ved Lundadalsvatnet - dispensasjon - 2014 - Oddrun Banken Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt.6.3 bokstav e, vedtek Breheimen nasjonalparkstyre å gje Oddrun Tove Banken 2690 SKJÅK, løyve til å transportere utstyrskasse til Lundadalsvatnet. Likeeins vedtek Breheimen nasjonalparkstyre med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt.1.3 bokstav i, å gje Oddrun Tove Banken 2690 SKJÅK, løyve til å utplassere utstyrskasse ved Lundadalsvatnet. Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark § 4,vedtek Breheimen nasjonalparkstyre at leigekøyrar kan ha med ein hjelpesmann under transporten. Samrøystes. Løyva er gjevne på følgjande vilkår: Vilkår for transporten: - Det skal brukast ein leigekøyrar med godkjent løyve frå Skjåk kommune til transporten - Det blir gjeve løyve til ein tur-retur, men leigekøyrar skal prøve å samordne transporten med annan transport til osen på Lundadalsvatnet for å få ned talet på turar - Transporten skal skje innan 20.april 2015, med unntak av påska onsdag 1.april måndag 6.april 2015 - Tilvist køyrerute for transporten er: Sota – Sotflya – Herbergsbakkane – Gjelåflaten – Steinflye – Holåbreen – osen på Lundadalsvatnet - Motorferdsla skal går føre seg med aktsemd for å unngå skade på naturmiljø og for friluftslivet. Det skal takast spesielt omsyn til villrein under transport. Om det er villrein i planlagt køyrerute skal ein vente til dyra har trekt unna, eller ein kan køyre rundt dyra i ein avstand på minimum 500 meter, på le side. - Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard(tlf.917 33365) - Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før turen og sendast forvaltningsstyresmakta seinast 1.juni 2015 Vilkår for utplassering av utstyrskasse: - Storleiken på kassa skal ikkje overstige ein kubikkmeter og ikkje ha ei høgde over 80 centimeter - Kassa skal plasserast minst mogleg skjemmande og framtredande i terrenget: under båten ved opplag plasserast inntil eksisterande bygningar plasserast inntil naturlege små høgder som fjellknausar, steinblokker og likande. synlege flater skal dekkast til med naturleg materiale i området kassane skal dekkjast til med naturleg materiale i området kassa ikkje beisast i sterk fargar dei skal primært vera ubehandla eller grå det er forbod mot å kople fleire kasser saman, når føremålet er å skape bueiningar forvaltningsstyresmakta skal ha tilsendt UTM-koordinatane for den nøyaktige plasseringa av kassa, for registrering av forvaltningsstyresmakta forvaltningsstyresmakta kan krevje at kassa blir fjerna frå verneområdet Tiltakshavar må sjøl ordne med løyve frå grunneigar for utplassering av kassane. Dokument i saka: 1. Søknad på e-post dagsett 21. mars 2014 2. Telefonsamtale med Oddrun Banken 15.12.2014. Søknaden Oddrun Tove Banken søkjer Breheimen nasjonalparkstyre om å få sette opp ei utstyrskasse ved ei private hytte i Lundadalen. Tiltakshavar har tilgang på båt ved Lundadalsvatnet , men har ikkje hytte i området. Kassa vil ikkje overstige 1 kubikkmeter, utvendig målt. Søkjar ønskjer å nytte leigekøyrar til transport av utstyrskassa. Søknaden har blitt liggande i systemet utan at den er ferdigbehandla. Oddrun Banken purra på behandlinga den 15.12.2014. Nasjonalparkforvaltaren seier eg lei for at dette ha skjedd. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift om verneplan for Breheimen. Vedlegg 1. Breheimen nasjonalpark 2. Naturmangfaldlova 3. Framlegg til forvaltningsplan Verneformål, verneforskrift og framlegg til forvaltningsplan Breheimen nasjonalpark vart oppretta gjennom verneplan for Breheimen av Kongen i statsråd 7. august 2009. Breheimen nasjonalparkstyre er forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging. Utgangspunktet er at nasjonalparken er beskytta mot inngrep av alle slag, m.a. oppføring av varige og mellombelse bygningar, anlegg og innretningar, sprenging og boring, bryting av stein og festing av boltar osv., jf. verneforskrifta § 3 pkt. 1.1. I forskrifta (§ 3 pkt. 1.3 bokstav i) er det likevel opna for at forvaltningsstyresmakta gje løyve til «oppsetting av kassar for utstyr og proviant ved fiskevatn i Skjåk almenning i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplanen». Forvaltningsstyresmakta kan etter verneforskrift for Breheimen gje løyve til: All motorferdsel under 300 meter over bakken er forbode i nasjonalparken. Verneforskrifta opnar likevel for at det kan gjevast dispensasjon til nødvendige tiltak som: ”bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter og setrer, og for transport av båt og garnkassar” (§ 3 pkt. 6.3 bokstav e i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark). I vurderinga av søknaden skal forvaltningsstyresmakta også gjere greie for bruken av dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12, jf. § 7. Vurdering Oddrun Tove Banken søkjer om å få sette opp ei utstyrskasse ved ei private hytte i Lundadalen. Det er ein slektning av søkjaren som eig denne hytta. Søkjar disponerer båt til fiske, men har ikkje tilgang på lagringsplass for garn og fiskeutstyr. Breheimen nasjonalpark er beskytta mot inngrep av alle slag, m.a. oppføring av varige og mellombelse bygningar, anlegg og innretningar (jf. verneforskrifta § 3 pkt. 1.1). I verneforskrift for Breheimen er det likevel opna for at forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til oppsetting av kassar for lagring av utstyr og proviant ved fiskevatn i Skjåk almenning etter retningslinjer fastsett i forvaltningsplanen(jf. § 3 pkt. 1.3 bokstav i). Retningslinjer sett i framlegg til forvaltningsplan: - Kasser for utstyr og proviant skal ikkje overstige 1kbm. - Største høgde skal ikkje overstige 0,8 m. - Kasser skal plasserast minst mogleg skjemmande og framtredande i terrenget. - Kassene skal plasserast inntil naturlege små høgder som t.d. fjellknausar, større steinblokker og liknande. Synlege flater skal til dekkast med naturlege material i området. - Kassene skal ikkje beisast i sterke fargar, dei skal primært væra ubehandla eller grå. - Det er forbod mot å kople fleire kasser saman, dersom føremålet er å skape bueiningar. - Utstyrskasser skal registrerast hjå forvaltningsstyresmakta, som skal føre samla oversikt over plasseringa av dei, med opplysningar om eigar og nøyaktig UTM-koordinat. Kunnskapsgrunnlaget om fiske i, og transport inn til Lundadalsvatnet er god. Vatnet ligg inst i Lundadalen ca.1150 moh og er omkransa av fjell over 2000 moh på alle kantar. Dette er eit av dei områda som forvaltninga har størst fokus på når det gjeld aktivitet og forholdet til villrein. Lundadalsvatnet er eit godt fiskevatn og har vore aktivt brukt sidan det kom fisk der rundt år 1920. Alle installasjonar ved vatnet er konsentrert ved utløpsosen på vatnet. Det er garnfiske i vatnet som har størst aktivitet, serleg når garnfiske opnar midt i juli månad. Det er registrert 8 naust og 9 båtar ved vatnet. Talet på utstyrskasser ved vatnet nå er registrert til 1 stk. Den står ved eit av nausta ved utløpsosen der alle fiskebuene (8 stk.)også er lokalisert. Aktiviteten i området er størst i juli og august månad, men hyttene er og noko brukt til ut i september. Om vinteren/våren er bruken svært liten. Påverknaden på økosystemet er vurdert som liten. Den samla belastninga på området er vurdert til å liggje innanfor eit akseptbelt nivå. Dispensasjonspraksisen med såpass store utstyrskasser er særeigen for Skjåk Almenning og må handhevast strengt. Slike tiltaket kan ved ei for liberal haldning verte negativt for heile verneområde. Samla sett er kunnskapen om effektar av tiltaket vurdert som god, og føre-varprinsippet er difor ikkje relevant for dette vedtaket. Ved telefonsamtale med Oddrun Banken 15.12.2014 vart det opplyst at Banken har tilgang på båt og at utstyret som skal lagrast i kassa blir brukt av fleire garnlag under fiske. Slik sambruk er viktig for å redusere talet på utstyrskasser i nasjonalparken. Når det gjeld transport til Lundadalen så har det etablert seg ein praksis med bruk av snøskuter attende til 1970, dvs. ca. 30 år før vernet vart innført i 2009. Snøskuter blir vurdert som det mest tenlege transportmiddelet. I fyrste fasa var sjølve Lundadalen mykje brukt til transport, men etter kvart vart det etablert ein annan trase frå setra Skjellom og sørover fjellet til Holåbreen og nedi Lundadalen. Denne ruta var den vanlegaste da vernet vart innført i 2009. I samband med registrering av villreinen sin områdebruk er det av registrert at villreinen i Ottadalen sør no brukar tangen utover mellom Tundradalen og Lundadalen som vinterbeite. Reinen går for det meste ytst på tangen utover til våren før den trekker sør-vestover og inn i Tundradalen. Når reinen trekker inn og ut av området kan variere. Det er registrert at det kan stå att rein i området der skutertraseen til Lundadalen går. I eit møte med Ottadalen villreinnemnd og Ottdalen villreinutval i 2013 vart det derfor bestemt at ein skulle gå over til ein ny trase, for å unngå villreinen vinterområde. Denne traseen blir innført frå vintersesongen 2014/15. Denne traseen startar på Sota og går inn på Sotflya, vidare ned Herbergsbakkane inst i Tundradalen. Så vidare opp på Steinflya og ned på Holåbreen til Lundadalsvatnet. Denne traseen er meir krevjande en å køyre over Skjellom. Det er derfor viktig å samordne køyringa mest mogleg til tidspunkt med godt føre. Leigekøyrarar som har køyreoppdrag til Lundadalen må gå saman om å utføre desse over eit stuttare tidsrom. Ekstra mannskap Leigekøyraren har signalisert at det er behov for å ha med ein hjelpesmann under transporten. For ekstra mannskap under transporten er det ingen spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta. Ei slik ordning må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen. Det at det er to personar på same snøskuter under transport fører ikkje til at aktiviteten vil påverke verneverdiane nemneverdi. Det er avdekt behov for å vere to personar ved fleire høve på denne ruta med svært vekslande føre og topografi. Høgdeskilnaden i terrenget varierer hundretals meter. Det vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig. Den viktigaste grunnen til å ha med ein ekstra person er tryggleiken. Dette er ein lang tur der ein startar i ein fjelldal(Ostradalen), kryssar neste dal(Tundradalen) før ein må over og ned i tredje dal (Lundadalen). Nasjonalparkforvaltaren vurderer tilhøva slik at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for å ha med hjelpesmann på denne ruta. Ut ifrå kjennskap til trase, last og køyretøy så ser nasjonalparkforvaltaren det som både ein tryggleik og praktisk nyttig at det er to personar med på denne krevjande traseen. Under føresetnad av at vilkåra som er satt i vedtaket blir oppfyllt meiner nasjonalparkforvaltaren at transporten og tiltaket kan gjennomførast på dei vilkåra som er sette. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/52-2 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 20.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 5/15 Møtedato 06.02.2015 Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2015 - Motorferdsel Transport til, og gjennom Rauddalen - Simon Eiesar og Åse Storbråten. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i § 3, pkt. 6.3 bokstav e i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark og med gjevne vilkår vedtek Breheimen nasjonalparkstyret, å gje Simon Eiesar og Åse Storbråten løyve til transport med eigen snøskuter i tråd med søknaden. Løyvet gjeld for følgjande etappar: - Frakte båt frå Grotli, om Raudbergsløyfte, til Vestre Leirvatnet. Frakte båt frå austre enden av Austre Leirvatnet til Rauddalsvatnet. Frakte ved frå Rauddalsvatnet til hytte ved Austre Leirvatnet. Frakte ved til Nørdre Legre (steinbu) som ligg ved Vestre Leirvatnet. Med heimel i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark §4 jf. §48 i naturmangfaldlova kan det under transporten vera med ein person for å hjelpe til med transporten. Samrøystes. Løyvet til motorferdsel er gjeve med følgjande vilkår: Løyvet gjeld fram til 20. april 2015. Løyvet gjeld ikkje sundagar og heilagdagar. Under køyringa skal det takast omsyn til naturmiljø og friluftsliv. Motorferdsel skal meldast seinast dagen før til SNO(Øyvind Angard:917 33 365), som vil gje tilleggsvilkår dersom det må taksast spesielle omsyn til verneverdiar i området. Løyvet til motorferdsla og køyrebok skal vera med under transporten. Kjøreboka skal fylles ut på førehand. Den ansvarlige for transporten skal sende ein skriftlig rapport om gjennomført motorferdsel innan 1. juni 2015 til forvaltningsstyresmakta. Med heimel i § 3, pkt. 1.3 bokstav j, i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark og med gjevne vilkår vedtek Breheimen nasjonalparkstyret å gje Simon Eiesar og Åse Storbråten løyve til å plassere båt ved Vestre Leirvatnet med gjevne vilkår: Løyvet til plassering av båt er gjeve med følgjande vilkår: Båten skal plasserst slik i terrenget at han ikkje pregar landskapet, men ligg mest mogleg i gøymd når ha ikkje er i bruk. Forvaltningsstyresmakta skal ha tilbakemelding om kvar båten er plassert, med oppgjeven GPS posisjon. Det kan borast hol og setjast inn ein augebolt for låsing av båten. Det må ikkje borast hol i fast fjell, men i ein egna stein (ikkje flyttbar for folk) som ikkje er for stor. Forvaltningsstyresmakta kan be om at båten blir fjerna frå verneområdet. Vi gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld i forhold til verneforskrifta. Det er også nødvendig med løyvet frå kommune og grunneigar. Dokument i saka: - Brev e-post dagsett 3.1.2015, frå Simon Eiesar og Åse Storbråten. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Søknaden Søknad frå Simon Eiesar/Åse Storbråten omfattar følgjande i Breheimen nasjonalpark: - Frakte båt frå Grotli(utanfor verneområdet), om Raudbergsløyfte, til Vestre Leirvatnet Frakte båt frå austre enden av Austre Leirvatnet til Rauddalsvatnet(utanfor verneområdet) Frakte ved frå Rauddalsvatnet(utanfor verneområdet) til hytte ved Austre Leirvatnet. Frakte ved til Nørdre Legre (steinbu) som ligg ved Vestre Leirvatnet. - Plassere båt for bruk under fiske ved Vestre Leirvatnet. Verneforskrift og verneformål Breheimen nasjonalpark vart oppretta 7. august 2009. Formålet med nasjonalparken er m.a. å ta vare på eit stort, samanhengjande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til dyrelivet og friluftsliv, som er mest relevant i dette tilfellet, jf. verneforskrifta § 2. Etter verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark er motorferdsel til på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1), med unntak gjeve i pkt. 6.2 og 6.3. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til m.a. ”- bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter og setrer, og for transport av båt og garnkasser” (§ 3 pkt. 6.3 bokstav e i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark). Plassering av båt ved Vestre Leirvatnet. Forvaltningsstyremakta kan gje løyve til plassering av båt ved enkelte vatn etter Vurdering av nytte og behov samt i forhold til føremålet med vernet må leggjast til grunn: Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til m.a: - opplag av båtar i samsvar med retningslinjer fastsette i forvaltningsplan, jf. § 5.» (§ 3 pkt. 1.3 bokstav j i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark). Det er behov for å ha med ein ekstra person under transporten. Dette må vurderast etter verneforskrifta § 4 jf. § 48 i naturmangfaldlova: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48. Saka må også vurderast etter dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova, § 7 jf. §§ 8-12. Vurdering Transport. Den aktuelle ruta går delvis i vinterbeite for villrein. Av omsyn til dyrelivet, særleg villrein, bør ein unngå motorferdsel i slike område etter 20. april. Den ansvarlige for transporten må ta kontakt med Statens naturoppsyn (SNO) før den planlagde køyringa blir i verksett. SNO kan da opplyse om det må takast konkrete omsyn til spesielle verneverdiar, som villrein i den planlagde køyreruta. Av omsyn til friluftslivet set vi som vilkår at det ikkje blir køyrt på sundagar eller heilagdagar. Når det gjeld kunnskapsgrunnlaget for gjeldande køyreområde så er det fyrst og fremst villreinen som kan skape konflikt. Det er kjent at reinen om vinteren brukar området aust for den traseen som går gjennom Raudbergsløyfte. Det er viktig å vise aktsemd dersom ein oppdagar villrein å vike til side, på le side, i god avstand (500m) frå reinen. Rapportar utarbeidt i verneplanprosessen, gjev god innsikt i verknadane på naturmiljøet, og det er ingen fare for irreversible skader. Under føresetnad av at det blir teke tilstrekkelig omsyn til dyrelivet i området, spesielt villreinen, så vil ikkje den omsøkte motorferdsla føre til uheldig belastning på økosystema eller skade på naturmangfaldet. Nasjonalparkforvaltaren vurderer tiltaket slik at det ikkje behov for å bruke føre-var-prinsippet i denne saka. Bruk av snøskuter er vurdert å vera den beste løysinga for denne transporten. Det skal helst nyttast leigekøyrar til slike oppdrag. I dette tilfelle er det mykje køyring som skal skje og som, ut ifrå eit praktisk syn, vil ta forholdsvis lang tid og arbeid m.a. med av- og pålessing. Bruk av leigekjørar vil i dette tilfellet bety fleire turar med skuter og meir motorferdsel totalt sett. Som eit unntakstilfelle, finn ein å kunne vike frå kravet om leigekjørar i dette tilfellet. Søkar må påregne bruk av leigekøyrar for seinare søknader der det er enkle transportar som omfattar mindre køyring. Ekstra mannskap Leigekøyraren har signalisert at det er behov for å ha med ein hjelpesmann under transporten. For ekstra mannskap under transporten er det ingen spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta. Ei slik ordning må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen. Det at det er to personar på same snøskuter under transport fører ikkje til at aktiviteten vil påverke verneverdiane nemneverdi. Det er avdekt behov for å vera to personar på ein slik tur med mange operasjonar og tunge løft. Det vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig. Den viktigaste grunnen til å ha med ein ekstra person er tryggleiken. Dette er ein lang tur. Nasjonalparkforvaltaren vurderer tilhøva slik at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for å ha med hjelpesmann på denne ruta. Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at tiltaket kan gjennomførast med gjevne vilkår. Plassering av båt ved Vestre Leirvatnet. Vestre Leirvatnet er eit godt fiskevatn som blir kontinuerleg skjøtta av grunneigaren Skjåk Almenning. Det er i dag ein båt ved vatnet. Simon Eiesar og Åse Storbråten søkjer om å få plassere ein båt til ved vatnet for bruk under fiske, tilsyn med beitedyr og under jakt. Dei har hatt fleire båtar der tidlegar som har rotna. Desse er fjerna. Dei ynskjer å plassere ein båt der som også fiskarar kan få lånt for å drive fiske. Eiesar opplyser i telefonsamtale at båten må vera låst. Med bakgrunn i erfaring blir båtane «lånt» av turgåarar slik at dei ligg i feil ende av vatnet eller har reiser i elva. Båten er tenkt plassert i austre enden og på nordsida av vatnet. Den må låsast fast og nøkkel blir å få lånt av dei som vil innover å fiske. Dette ser nasjonalparkforvaltaren som ei god løysing sidan det fører til færre båtar i opplag. Kunnskapen er god om området i Rauddalen. Det er lite ferdsel. DNT har fått løyve, og skal nå merke den gamle turstigen over til Stryn på ny. Vestre Leirvatnet er eit godt fiskevatn som tåler mykje meir fiske. Når det nå blir søkt om å få plassere ein båt til som kan vera til utlån så er det positivt sett ut ifrå nytting av fiskeressursen. Det gamle felægeret vart restaurert for ein del år sidan og er open for alle som vil overnatte. Indre delen av Rauddalen har få inngrep, og økosystemet er inntakt. Plassering av ein båt til ved vatnet vil ikkje påverke naturverdiane nemneverdig. Sett nasjonalparken under eitt så vil tiltaket ha liten verknad på verneverdiane. Det er ikkje aktuelt å bruke føre-varprinsippet i denne saka. Båt for garnfiske og oter er ein god måte å sjøtte fiskebestanden på i eit så stort vatn. Å plassere ein båt til fellesbruk reduserer inngrep i verneområdet. Ut ifrå ei samla vurdering vil ikkje ein båt til på Vestre Leirvatnet føre til nemndeverdig inngrep i nasjonalparken. Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at transportane med snøskuter kan gjennomførast på dei vilkåra som er sette. Ein båt for fellesbruk av fleire fiskarar plasserast ved Vestre Leirvatnet vil ikkje føre til nemneverdig påverknad av området i negativ lei. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/8685-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 21.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 6/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av ved, gass og utstyr til Martinsbu og Ytste Setra - Magne Håvard Forberg. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark, § 3 pkt. 6.3 bokstav e, å gje Magne Håvard Forberg løyve til å bruke snøskuter til transport av ved, gass og andre forbruksvarer til Martinsbu ved utløpsosen på Lundadalsvatnet og nedover Lundadalen til Ytste Setra. Det blir likeeins, med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 4, jf. Naturmangfaldlova § 48, gjeve løyve til å ha med ein hjelpesmann under transporten. Samrøystes. Vilkår - Det skal brukast leigekøyrar med godkjent leigekøyringsløyve frå Skjåk kommune til transporten - Det blir gjeve løyve til tre turar-returar til Martinsbu og ein tur – retur til Martinsbu - Ytste setra, og leigekøyrar skal prøve å samordne transporten med annan transport til osen på Lundadalsvatnet for å få ned talet på turar. - Transporten skal skje innan 20.april 2015, med unntak av påska, onsdag 1.april - måndag 6.april 2015 - Tilvist køyrerute for transporten er: Sota – Sotflya – Herbergsbakkane – Gjelåflaten – Steinflye – Holåbreen – osen på Lundadalsvatnet – ned dalen til Ytste Setra. - Motorferdsla skal går føre seg med aktsemd for å unngå skade på naturmiljø og for friluftslivet. Det skal takast spesielt omsyn til villrein under transport. Om det er villrein i planlagt køyrerute skal ein vente til dyra har trekt unna, eller ein kan køyre rundt dyra i ein avstand på minimum 500 meter, på le side. - Melding om transporten skal sendast dagen før til SNO-Øyvind Angard(tlf.917 333 65) - Det skal førast køyrebok som skal vere med under transporten. Køyreboka skal fyllast ut før turen og sendast forvaltningsmyndet seinast 1.juni 2015 Transporten må også avklarast med Skjåk kommune og grunneigar Dokument i saka: Søknad av 23.desember 2014 frå Magne Håvard Forberg. Søknaden blir vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Søknaden Magne Håvard Forberg søkjer om løyve til å transportere ved, gass og andre forbruksvarer med snøskuter inn til Martinsbua som ligg ved utløpsosen på Lundadalsvatnet og Ytste setra som ligg lenger nede i dalen, i Breheimen nasjonalpark. Søknaden om sluttarbeid på Martinsbu blir behandla som eigen sak. Verneforskrift og verneformål Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Etter verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, er motorferdsel på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken forbode (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1), med unntak gjeve i pkt. 6.2 og 6.3. Tiltaket vil omfatte motorferdsel i nasjonalparken. Forvaltningsmyndet kan gje løyve til bl.a: - «bruk av snøskuter eller luftfartøy for transport av ved, varer og utstyr til hytter og setrer, og for transport av båt og garnkasser» (§ 3 pkt. 6.3 bokstav e i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark). For å ha med hjelpemannskap er det ingen heimel i verneforskrifta. Det må derfor vurderast etter verneforskrifta sin generelle dispensasjonsparagraf, § 4. I vurderinga av søknaden skal forvaltningsstyresmakta også gjere greie for bruken av dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12, jf. § 7. Vurdering Søknaden gjeld transport som er heimla i verneforskrifta og Forberg har bu ved Lundadalsvatnet som blir brukt i jakt og fiske samanheng. Han driv guidefirmaet Fjelleventyret som omfattar bl.a. jekt/fiske/friluftsliv. Når det gjeld transport til Lundadalen så har det etablert seg ein praksis med bruk av snøskuter attende til 1970, d.v.s ca. 30 år før vernet vart innført i 2009. Snøskuter blir vurdert som det mest tenlege transportmiddelet her. I fyrste fasa var Lundadalen mykje brukt til transport, men etter kvart vart det etablert ein annan trase frå setra Skjellom og sørover fjellet til Holåbreen og nedi Lundadalen. Denne ruta var den vanlegaste da vernet vart innført i 2009. Kunnskapen om området er god. Det er viktig å ta omsyn til villreinen under transporten. I samband med registrering av områdebruken til villreinen er det avdekt at villreinen i Ottadalen sør brukar tangen utover mellom Tundradalen og Lundadalen som vinterbeite. Reinen går for det meste ytst på tangen utover til våren før den trekker sør-vestover og inn i Tundradalen. Når reinen trekker inn og ut av området kan variere. Det kan framleis stå att rein i området der skutertraseen til Lundadalen frå Skjellom går. I eit møte med Ottadalen villreinnemnd og Ottadalen villreinutval i 2013 vart det derfor bestemt at ein skulle gå over til ein ny trase, for å unngå vinterområdet til villreinen. Denne traseen startar på Sota og går inn på Sotflya, vidare ned Herbergsbakkane, inst i Tundradalen. Så vidare opp på Steinflya og ned på Holåbreen til Lundadalsvatnet. Denne traseen er meir krevjande enn å køyre over Skjellom. Det er derfor viktig å samordne køyringa mest mogleg til tidspunkt med godt føre. Leigekøyrarar som har køyreoppdrag til Lundadalen må gå saman om å utføre desse over eit stuttare tidsrom. Økosystemet er lite påverka om vinteren som er den tida det er mest skånsamt for transport til Lundadalen. Snøskuter er ein praktisk transportmåte så lenge trase og vilkår elles blir oppfylt. Ut ifrå denne vurderinga meiner ein at det ikkje er aktuelt å bruke føre-var-prinsippet i denne saka. Ekstra mannskap Leigekøyraren har signalisert at det er behov for å ha med ein hjelpesmann under transporten. For ekstra mannskap under transporten er det ingen spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta. Ei slik ordning må ein derfor vurdere etter den generelle dispensasjonsparagrafen. Det at det er to personar på same snøskuter under transport fører ikkje til at aktiviteten vil påverke verneverdiane nemneverdig. Det er avdekt behov for å vere to personar ved fleire høve på denne ruta med svært vekslande føre og topografi. Høgdeskilnaden i terrenget varierer hundretals meter. Det vil heller ikkje påverke verneverdiane nemneverdig. Den viktigaste grunnen til å ha med ein ekstra person er tryggleiken. Dette er ein lang tur der ein startar i ein fjelldal(Ostradalen), kryssar neste dal(Tundradalen) før ein må over og ned i tredje dal (Lundadalen). Nasjonalparkforvaltaren vurderer tilhøva slik at det i dei fleste tilfelle vil vera behov for å ha med hjelpesmann på denne ruta. Nasjonalparkforvaltaren meiner at ein ekstra person som er med på turen vil auke tryggleiken og vil ikkje påføre naturmiljøet skade av nemneverdig art. Det kan derfor vere med ein ekstra person under transporten. Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at tiltaket kan gjennomførast på gjevne vilkår. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/626-1 Sakshandsamar: Eldrid Nedrelo Dato: 27.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 7/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Mørkridsdalen landskapsvernområde - Bruk av snøskuter i samband med snømåking - Skjolden beite- og sankelag Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i verneforskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområde § 4, jf. nml. § 48 gir Breheimen nasjonalparkstyre Skjolden beite- og sankelag løyve til bruk av snøskuter for transport i samband med snømåking frå hyttetak. Samrøystes. Løyvet gjeld for følgjande trase Ofsarvatnet – Osen – Åsete – Fast. Dersom veret og istilhøva gjer det naudsynt, kan traseen leggast på nordsida av Ofsarvatnet. Løyvet vert gitt på følgjande vilkår: Løyvet gjeld til 15. februar 2015 Løyvet gjeld ikkje søndagar Bruk av snøskuter skal følgje tidlegare gitte trasear i løyve til sankelaget, og som vist i kartet som føl denne saka. Bruk av snøskuter skal avgrensast til det som er strengt naudsynt. Under køyring skal det takast omsyn til naturmiljøet, særleg dyreliv og friluftsliv. Bruken av snøskuter må avklarast med SNO Luster seinast dagen før køyring m.a. for å avklare omsynet til dyreliv. Kontaktperson er Liv Byrkjeland, tlf. 99267670. Løyvet og køyrebok skal takast med under transport. Køyrebok skal fyllast ut på førehand. Rapport om dato og stad for køyring, samt tal skuterar skal sendast Breheimen nasjonalparkstyre innan 1. juni 2015. Så langt det er mogleg skal transporten samordnast med andre grunneigarar i området. Løyvet gjeld 1 tur/retur til Fast og Åsete. Løyvet gjeld inn til 2 snøskuterar. Telefonsamtalar og dokument i saka: Telefonsamtale med Kristen Sverre Flohaug den 26.01.2015. E-post frå nasjonalparkforvaltaren sendt søkjar den 26.01.2015 med skildring av innhaldet i søknaden. Telefonsamtale med Johannes Flohaug den 28.01.2015. Søknaden er vurdert i samsvar med: Forskrift for Mørkridsdalen landskapsvernområde, fastsett 7. august 2009. Søknaden Vi viser til telefonsamtale med Kristen Sverre Flohaug den 26.01.2015, e-post frå nasjonalparkforvaltaren same dagen til søkjar med spørsmål om søknaden var rett oppfatta og tilbakemelding per telefon frå søkjar den 28.01.2015 om at søknaden var rett forstått. Søknaden gjeld bruk av snøskuter til Åsete og Fast i Mørkridsdalen landskapsvernområde for å måke snø av hyttetaka på stølane. Flohaug synte til dei store mengdene snø som har kome i det siste, og at ein er redd taka ikkje toler snøen. Det er difor behov for å køyre ein tur frå Osen til Åsete og Fast førstkomande helg dersom vèrtilhøva tilet det. Når ein kjem til Osen (utanfor landksapsvernområdet) vil ein sjå an snømengdene og vurdere om det er behov for å køyre vidare til Åsete og Fast. Av omsyn til tryggleiken ønskjer ein å køyre med to snøskuterar. Flohaug opplyste om at tiltaket ikkje let seg kombinere med andre oppdrag som frakt av saltstein (innanfor eksisterande løyve til sankelaget), då dei ikkje har fått tilsendt saltstein som er bestilt enno, og på grunn av dei store snømengdene kan ikkje snømåkinga utsetjast. Aktuell trase for køyringa er den same som gjeld i løyvet til Skjolden beite- og sankelag, og som er vist i kartet nedanfor: Verneformål og forskrifter Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7 (prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Mørkridsdalen landskapsvernområde er å er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet m.a. å ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker. Motorferdsel på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken er forbode innanfor landskapsvernområdet (verneforskrifta § 3 pkt. 6.1). Forskrifta gjer unntak for nokre tiltak i punkt 6.2 og 6.3, men det er ikkje ein eigen heimel for å gi løyve til bruk av snøskuter knytt til snømåking av tak på hytter eller stølshus. I spesielle tilfelle kan forvaltningsmyndigheita likevel gi løyve etter verneforskrifta. I dei generelle dispensasjonsreglane, § 4 i verneforskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområde heiter det: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48. Løyve etter § 4 i verneforskrifta omfattar tiltak som ikkje strir mot verneformålet og verneverdiane i det aktuelle området. Denne regelen er i utgangspunktet meint for uføresette tilfelle eller spesielle/særlege tilfelle som ikkje vart vurdert ved etablering av verneområdet, i første rekkje bagatellmessige inngrep eller forbigåande forstyrringar. § 4 første alternativ dekker tilfelle der verneformålet og verneverdiane tåler enkeltståande avvik frå vernereglane. Samstundes bør forvaltningsmyndigheita særleg vurdere konsekvensane av eit løyve, til dømes om det kan kome liknande søknader på same grunnlag. Dispensasjon etter nml. § 48 kan ikkje brukast for å utvide den ramma som er trekt opp i vernevedtaket. Alternativ trase ved dårleg is på Ofsarvatnet. Figur 1. Trase for bruk av snøskuter i området Ofsarvatnet - Osen - Åsete/Fast innanfor Mørkridsdalen landskapsvernområde. Vurdering Hovudføremålet med vernet av Mørkridsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit naturog kulturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet m.a. å ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker, jf. verneforskrifta § 2. Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i verneområda då dette kan ha negative effektar på verneverdiane gjennom forstyrring, slitasje og støy. Det er difor eit mål å halde omfanget av motorferdsel så låg som mogleg, og omfanget bør ikkje auke samanlikna med på vernetidspunktet (jf. framlegg til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande område). Dette inneber at ein både skal sjå på tal løyve, og ein skal søkje å avgrense omfanget av kvart løyve. Hyttene på stølane Åsete og Fast har ein svært viktig funksjon m.a. i samband med tilsyn av dyr på beite i sommarhalvåret, og ein ønskjer at husdyrbeite skal halde fram i området. Beiting er m.a. viktig for å stoppe gjengroing og for å sikre bruken av kulturlandskap, som t.d. stølar og stølsvollar. Nasjonalparkforvaltaren viser vidare til at det i dette tilfellet er eit akutt behov for tilsyn med bygningane på Åsete og Fast, og at føremålet med bruk av snøskuter i dette tilfellet er å kome raskt inn til stølane for å måke snøen av taka og for å frakte naudsynt utstyr til måking. Slike tiltak bør skje saman med andre oppdrag, som frakt av saltstein, men sankelaget har ikkje fått saltsteinane dei har tinga enno, og ein kan ikkje utsetje snømåkinga etter dei store mengdene snø som har kome i det siste. Dette tilfellet let seg såleis ikkje kombinere med andre oppdrag. Nasjonalparkforvaltaren vurderer at dette tilfellet ikkje vil danne presedens i liknande tilfelle. Fast ligg ca. 16 km frå bilveg vinterstid og terrenget inn i området er dels bratt og ulent, samstundes som det er store snømengder no (andre stader i regionen er det målt inn til 2-3 m snø). Ein ser difor at det er behov for bruk av snøskuter for å få gjennomført tiltaket. Det ligg føre god kunnskap om naturmangfaldet i det aktuelle området. Med bakgrunn i forarbeida til verneplan for Breheimen og fleire år med sakshandsaming av saker med motorferdsel i områda har ein god kunnskap om naturmangfaldet og påverknaden av motorisert ferdsel i dette området (jf. nml § 8). Ein konstaterer at aktiviteten ikkje vil føre til inngrep i landskapet av nokon art. For dyreliv og friluftsliv kan motorferdsel ha ein forstyrrande effekt. Delar av området er barmarksbeite for villrein (vår-, sommar og haustbeite). Området der aktiviteten vil føregå har ikkje vore nytta av villrein i seinare tid (Fjelloppsynet i Luster). Med dei vilkåra som er sett i løyvet, vert motorferdsla avgrensa i tid og rom til det som er mest naudsynt, og vil ikkje uroe villrein. Det er ikkje registrert hekkelokalitetar av rovfugl i det aktuelle området. Samstundes er det lite motorferdsel, og sjølv få turar med snøskuter kan verke forstyrrande på dyrelivet. Motorferdsel i området bør difor avgrensast til berre det mest naudsynte. I nokre delområde er det registrert rikare vegetasjonssamfunn. Med bakgrunn i topografien må bruk av snøskuter skje ved gode snøforhold. Ein vurderer at bruk av snøskuter under dei tilhøva som er no ikkje vil medføre slitasje. Ein ser det som positivt at beite- og sankelaget og grunneigarlaget elles har praksis på å samordne transport for ulike behov og formål i området. Forvaltningsstyresmakta har vurdert omsynet til verneverdiane i området, jf. verneforskriftene § 2, og meiner tiltaket med dei vilkåra som er sette i løyvet med tal turar i eit avgrensa tidsrom ikkje kjem i strid med verneformålet og at det ikkje vil påverke verneverdiane nemneverdig. Samstundes legg ein vekt på at tiltaket er nødvendig for å ta vare på bygningane på stølane i området, og såleis vil verke positivt på verneformålet om å ta vare på kulturlandskapet med stølane i området. Dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova er vurderte slik: Nasjonalparkforvaltaren legg til grunn at tiltaket åleine, med dei vilkåra som vert sette for løyvet, i liten grad vil påverke verdifullt naturmangfald som er omfatta av verneformålet, og at føreliggjande kunnskap om naturmangfaldet i saka er i samsvar med krava som følgjer av naturmangfaldlova § 8. Sjølv om tiltaket isolert sett i liten grad vil påverke natur- og kulturlandskapet, må den einskilde søknaden vurderast etter prinsippet om samla belastning, jf. naturmangfaldlova § 10. Mørkridsdalen landskapsvernområde (lvo) er verna gjennom verneplan for Breheimen, saman med Breheimen nasjonalpark, Strynefjellet lvo, Mysubytta lvo, Høydalen lvo, Vigdalen lvo og Høyrokampen naturreservat. Ved vurderinga av samla belastning, må desse verneområda sjåast i samanheng. Eksisterande påverknad i området består i hovudsak av bygningar, beiting, utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv, jakt og fiske. Med bakgrunn i at dette er eit tilfelle av akutt karakter kan ikkje nasjonalparkforvaltaren sjå at aktiviteten vil føre til auka motorferdsel i området. Med dei vilkåra som er sette meiner nasjonalparkforvaltaren at den samla belastninga av motorferdsla beite- og sankelaget søkjer om og mogleg framtidig aktivitet i nasjonalparken og Mørkridsdalen landskapsvernområde vil vere akseptabel. Etter nasjonalparkforvaltaren si vurdering føreligg det tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfaldet og kva effektar tiltaket vil ha på dette mangfaldet. Føre-var prinsippet vert difor ikkje vektlagt i saka, jf. naturmangfaldlova § 9. Det er ikkje aktuelt å stille fordyrande vilkår. Det er heller ikkje aktuelt å vurdere anna transportmiddel for gjennomføring av tiltaket. Naturmangfaldlova §§ 11 og 12 vert difor ikkje vurdert nærare. Etter ei konkret vurdering der nasjonalparkforvaltaren særleg har vektlagt at tiltaket ikkje strir mot verneverdiane og verneformålet, og at tiltaket er nødvendig for å ta vare på bygningane på stølane, meiner nasjonalparkforvaltaren at det med dei gitte vilkåra kan gjevast løyve til tiltaket. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/8299-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 22.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 8/15 Møtedato 06.02.2015 Breheimen nasjonalparkstyre - Tilbod om å overta forvaltninga av Honnsrøve naturreservat - Miljødirektoratet. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å ta imot tilbodet om å overta forvaltningsansvaret for Honnsrøve naturreservat, med referanse til brev frå Miljødirektoratet dagsett 04.12.2014. Samrøystes. Dokument i saka - Brev frå Miljødirektoratet dagsett 04.12.2014. Uttale frå Skjåk Allmenning v/allmenningsstyraren, dagsett 06.01.2015. E-post frå Skjåk kommune v/ tenesteleiar plan, samfunn, miljø, dagsett 23.01.2015. Saksopplysningar Breheimen nasjonalparkstyre har motteke brev frå Miljødirektoratet med tilbod om å overtak forvaltninga av Honnsrøve naturreservat. Frist for å ta imot tilbodet er satt til 1.mars 2015. I brevet heiter det mellom anna: For mindre verneområder som ligger i naturlig tilknytning til verneområder som i dag forvaltes av nasjonalpark-/verneområdestyrene, har Miljødirektoratet i tråd med oppdragsbrevet fra Klima- og miljødepartementet, gjort en vurdering av om det er mest hensiktsmessig at også disse verneområdene kan forvaltes av styrene. For Breheimen nasjonalparkstyre innebærer dette at styret gis tilbud om å overta forvaltningsansvaret for Honnsrøve naturreservat i Skjåk kommune Tilbudet om forvaltningsansvar gis med henvisning til tidligere delegeringsvedtak, og fastsatte vedtekter for styret. Styret må selv sette av nødvendige ressurser til administrasjon og saksbehandling, eventuell delegering av forvaltningsansvar vil ikke innebære tilføring av ekstra ressurser. Honnsrøve naturreservat – fakta Vernetidspunkt: 10. juni 2005 Areal: 16 421 daa Forvaltningsmynde no: Fylkesmannen i Oppland Formålet med vernet: Formålet med fredinga er å take vare på eit tilnærma urørt skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er stort, det er lite råka av inngrep, delar av området har karakter av furuurskog og det har ein av Europas største kjende førekomstar av arten ulvelav. Verneforskrifta Forskrift om verneplan for barskog, freding av Honnsrøve naturreservat, Skjåk kommune, Oppland. Fastsett ved kgl.res. 10. juni 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremma av Miljøverndepartementet. § 1.Avgrensing Det freda området ligg innafor følgjande gnr./bnr. i Skjåk kommune: 246/1. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 16.421 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:25.000 datert Miljøverndepartementet mai 2005. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestas. Verneforskrifta med kart oppbevarast i Skjåk kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. § 2.Formål Formålet med fredinga er å take vare på eit tilnærma urørt skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er stort, det er lite råka av inngrep, delar av området har karakter av furuurskog og det har ein av Europas største kjende førekomstar av arten ulvelav. § 3.Vernereglar For naturreservatet gjeld følgjande føresegner: 1. Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting eller såing er ikkje lovleg. 2. Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyreartar må ikkje innførast. 3. Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og varige og mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, gjerder, jordkablar og kloakkrør, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande. 4. Motorferdsel til lands og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy. 5. Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet med vernet ved forskrift nekte eller regulere ferdsla i heile eller delar av reservatet. 6. Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding er forbode. § 4.Generelle unntak Føresegnene i § 3 er ikkje til hinder for: 1. Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning og oppsyn, likeeins gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Dette unntaket omfattar ikkje øvingskjøring. 2. Sanking av bær og matsopp. 3. Jakt etter viltlova. 4. Fiske etter lov om laksefisk og innlandsfisk. 5. Beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til formålet med vernet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet. 6. Bruk av hest for uttransport av felt storvilt og i samband med landbruksverksemd. 7a. Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. For bruk av motorisert transport krevjast særskilt løyve jf. § 5 pkt. 1. 7b. Nødvendig istandsetting ved akutt utfall av energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendes melding til forvaltningsstyresmakta. 7c. Oppgradering/fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje føresett vesentlige fysiske endringar i forhold til formålet med fredinga. For bruk av motorisert transport krevjast særskilt løyve, jf. § 5 pkt. 1. § 5.Eventuelle unntak etter søknad Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til: 1. Naudsynt motorferdsel i samband med: - øvingsverksemd knytt til formål nemnd i § 4 pkt. 1. - jakt etter viltlova, jf. § 4 pkt. 3. - beiting, jf. § 4 pkt. 5. - drift og vedlikehald av energi- og kraftanlegg, jf. § 4 pkt. 7 a. - oppgradering/fornying av kraftleidningar, jf. § 4 pkt 7 c. 2. Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar, løyper og gamle ferdselsvegar. 3. Bruk av prepareringsmaskin for oppkjøring av skiløype. 4. Avgrensa bruk av naturreservatet i samband med arrangement nemnd i § 3 pkt. 5. 5. Oppgradering/fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4 pkt. 7 c. § 6.Generelle dispensasjonsreglar Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege granskingar, arbeid av særleg verdi for samfunnet, og i særskilde høve dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga. § 7.Forvaltningsplan Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan utføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for utføring av skjøtsel. § 8.Forvaltningsstyresmakta Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta. § 9.Iverksetjing Denne forskrifta trer i kraft straks. Kart over Honnsrøve naturreservat. Vurdering Miljødirektoratet har etter oppdrag frå Klima – og miljødepartementet bestemt å tilby kommunar og nasjonalparkstyra å overta forvaltningsmynde for diverse verneområde frå fylkesmennene. Breheimen nasjonalparkstyre har fått tilbod om overføring av forvaltningsmyndet for Honnsrøve naturreservat frå Fylkesmannen i Oppland. I tilbodsbrevet går det fram at Miljødirektoratet har gjort ei vurdering av dette. Kommunane får også tilbode om å ta over forvaltningsmynde for verneområde som i si heilheit ligg i den enkelte kommune. Sjølv om Honnsrøve naturreservat i si heilheit ligg i Skjåk kommune har Miljødirektoratet gjeve Breheimen nasjonalparkstyre tilbodet. Høring Sekretariatet har vendt seg til Skjåk kommune og fått ei administrativ uttale i saka: Har sett gjennom brevet frå Miljødirektoratet der Breheimen nasjonalparkstyre får tilbod om å overta forvaltningsansvaret for Honnsrøve naturrservat. Arealet grensar inn mot Breheimen nasjonalpark. I dag er det fylkesmannen som har forvaltninga av Honnsrøve. Ved å flytte forvaltningsansvaret til nasjonalparkstyret vil vi få eit forvaltningsorgan som har nærheit til området, dette ser eg som ein stor fordel. Ein enda større fordel er at nasjonalparkforvaltaren har kontor i Skjåk nær området. Nasjonalparkforvaltaren som er tilsett i dag har unike kunnskaper om Honnsrøve naturreservat, både historisk og dagens forhold. Dette er ei adminstrativ vurdering. Mvh Per Dagsgard Sekretariatet har også vent seg til Skjåk almenning for uttale og fått dette svaret: Reknar med at styret ynskjer å ta over dette ansvaret. Med helsing Jo Trygve Lyngved Almenningsstyrar Både den aktuelle kommune og grunneigar er interessert i at Breheimen nasjonalparkstyre overtek forvaltningsmyndet. Økonomi I tilbodsbrevet går det fram at det ikkje vil bli tilført meir midlar til forvaltning av Honnsrøve naturreservat til nasjonalparkstyre. Dvs. at ein må nytte dei ressursar ein får over Bestillingsdialogen til tiltak. Når det gjeld saksmengd så er det svært få saker. Det har vore frå 0 - 3 saker kvart år dei 9 åra sidan vernetidspunktet i 2006. Status saksmengd, februar 2015: - Vernegrensene er fastsatt av jordskifteretten og merka i marka. Erstatning for tap er fastsett og utbetalt grunneigar Skjåk Almenning. Saksmengd, dispensasjonssaker pr. år: 2006-3 saker, 2007 – 0 saker , 2008 – 1 sak, 2009 – 2 saker, 2010 – 1 sak, , 2011- 3 saker , 2012 – 2 saker, 2013 – 0 saker, 2014 – 0 saker. Praktiske forhold Honnsrøve naturreservat ligg ved den nordre delen av Breheimen og grensar til nasjonalparken. Området er dominert av Åsen, ein skogkledd ås mellom Billingsdalen og Botnområdet på sørsida. Naturlege innfallsportar er frå Billingen(Rv15), ved Stuttgongen på Nyseter (Rv15) og frå Botn området. Vegetasjonen er prega overgangen mellom furuskog og bjørkeskog. Særpreget er mange store furu tre som står som overstandarar i bjørkeskogen. Dei er for det meste overgrodd med Ulvelav. Ulvelav bestanden går også inn i nasjonalparken som kanskje har dei mest intense lokalitetane av den. Orkanen Dagmar gjorde at svært mange av dei store furutrea gjekk over ende i 2012. Dette vil føre til svært mykje daud ved som Ulvelav er avhengig av som vert. Området er eit av dei beste for elg og hjortejakt i allmenningen. Det har dei siste åra vore slept mykje storfe som beiter i reservatet. Det går og ei skiløype gjennom reservatet som blir preparert av Skjåk turløyper AS. Området er også brukt til friluftsliv om sumaren, men det er få turstigar i området. Konklusjon Ut ifrå ei samla vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at Honnsrøve naturreservat med fordel kan leggjast under Breheimen nasjonalparkstyre. Både det at verneområdet grensar til Breheimen fysisk, dei samanfallande verneverdiane som skal takast vare på og liten saksmengd gjer dette fornuftig. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/702-3 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 03.02.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 9/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2015 - Organisert ferdsel til fots - Motbakkeløp - Lomseggje opp - Lom idrettslag v/Skigruppa. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark § 3, pkt. 5.2, gjev Breheimen nasjonalparkstyre Lom Idrettslag v/Skigruppa løyve til gjennomføring av idrettskonkurransen LOMSEGGJE OPP under Fjordingsmarknaden 2015. Med heimel i § 3 pkt. 1.3 boktav d, i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark, får Lom Idrettslag v/Skigruppa dispensasjon for midlertidig merking av løypetrasen under LOMSEGGJE OPP 2015, frå Eggjalia til Eggjapiken etter stig og trase som omsøkt. Med heimel i § 4, i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark, får Lom Idrettslag v/Skigruppa dispensasjon for avgrensa bruk av drone for fotografering under arrangementet LOMSEGGJE OPP 2015. Samrøystes. Løyva er gjevne på vilkåra under her. Vilkår: 1. Traseen frå grensa for nasjonalparken i Eggjalia til toppen av Eggjapiken 1524 moh. kan merkast med banner, stavar og flagg etter ruta. 2. Merkinga skal ikkje setja varige spor i terrenget. 3. All merking kan setjast opp to dagar før arrangementet og skal fjernast frå nasjonalparken seinast to dagar etter at arrangementet er gjennomført. 4. Alt avfall som oppstår i samband med arrangementet, og evt. anna utstyr, skal fjernast og fraktast ut av verneområda innan to dagar etter arrangementet. 5. Det blir gjeve løyve til bruk av drone arrangementsdagen, under arrangementet. 6. Drone kan brukast i området langs traseen 300 meter ut til kvar side langs stigen. 7. Tiltaket må gjennomførast med aktsemd sett i forhold til natur og miljø. 8. SNO-lokalt skal gå over traseen etter arrangementet er gjennomført, og området rydda. Dokument i saka: Søknad dagsett 29.januar 2015, Lom Idrettslag v/Skigruppa. E-post til søkjar 2.2.2015. Svar pr. e-post frå søkjar 2.2.2015. Søknaden Lom Idrettslag v/Skigruppa søkjer om moglegheit til å få arrangere Lomseggje Opp, som vist på vedlagt kart referanse. (Digitalt) Første del av løpet vil vere i Lom sentrum, så det er ikkje med på kartet. Antall personer er vanskelig å forutsjå. Men får vi 100 personer er vi veldig tilfreds. Det blir også lagt opp til yngre klasser, men de løper ikke til Eggjapiken. Så konkurranseklassa som løper heilt opp kanskje 50 – 100 personer. Tilrettelegging vil bli: - Merking av løype med banner, staver og flagg. Settes opp dagen før og tas ned igjen samme dag eller dagen etter. - Drikkestasjoner, målområde med lavo. Fjernes etter bruk. - Kan vere aktuelt med filming, men det vil bli droner og eventuelt folk med kamera. - Det er helikopter i Lom under Fjordingsmartnan, så vi har diskutert om vi kan nytte dette til å frakte opp utstyr til målområdet. - Røde Kors Hjelpekorps blir utsett langs løypa. Ved kontakt med Lom Idrettslag v/Knut Vole vart det klart at det ikkje var behov for helikopter. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Verneforskrift og verneformål og framlegg til forvaltningsplan Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Etter § 2 i verneforskrifta for Breheimen nasjonalpark heiter det: «Ålmenta skal ha tilgang til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging». Forvaltningsmyndet kan gje løyve til m.a.: For sjølve løpet: I Breheimen nasjonalpark, organisert ferdsel: «Reglane i denne forskrifta er ikkje til hinder for organisert turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande. Organisert ferdsel og ferdselsformer som kan skade naturmiljøet må ha særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta, jf. forvaltningsplanen jf.§ 5».(Verneforskrift for Breheimen nasjonalpark § 3 pkt. 5.2) Merking av løypa: «Oppsetting av skilt og merking av nye stiar og skiløyper i samsvar med retningslinene fastsett i forvaltningsplanen.» (Verneforskrift for Breheimen nasjonalpark § 3, pkt 1.3 bokstav d). Oppsetting av lavvo i målområdet: Telting utover ei veke på same stad krev særskilt løyve av forvaltningsstyresmakta. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt, jf. forvaltningsplan i § 5. (Forskrift for Breheimen nasjonalpark § 3 pkt. 5.6) Bruk av drone til fotografering: «Unødig støy er forbode. Bruk av motordrivne modellfly o.l. er forbode. Dette er ikkje til hinder for bruk av motorisert isbor i samband med fiskekultivering» (Forskrift for Breheimen nasjonalpark jf. § 3 pkt. 7.3). Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48. (Forskrift for Breheimen nasjonalpark jf. § 4 Generelle dispensasjonsreglar) Forureining: «Ureining og forsøpling er forbode. All bruk av kjemiske middel som kan påverke naturmiljøet er forbode» (Forskrift for Breheimen nasjonalpark § 3 pkt. 7.1). Bruk av helikopter: Etter kontakt med Lom IL v/Skigruppa-Knut Vole den 2.2.2015, om målområdet kan tilordnast utan helikopterbruk, så seier han: «Ja, det skulle gå fint. Bakgrunnen var at det blir drevet helikopterflyging på martnan, så vi kunne bruke det. Men ikke noe problem å greie det uten. Knut» Vurdering I framlegg til forvaltningsplan for Breheimen heiter det: Vernet er ikkje til hinder for tradisjonell turgåing, eller organisert turverksemd til fots i nasjonalparken, så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande, jf. § 35 i naturmangfaldlova. Arrangement, konkurransar og liknande, må i utgangspunktet ha løyve etter verneforskrifta. Eit arrangement som til dømes «Ti på topp» vil ikkje nødvendigvis vere ein aktivitet som er søknadspliktig innanfor nasjonalparken. Det vil likevel vere behov for ein dialog mellom nasjonalparkforvaltar og arrangøren for å gjere ei vurdering slik at ein kan unngå at aktiviteten skadar naturmiljøet. Ei løysing kan vere at topp-måla varierer frå år til år slik at slitasje på stiar til turmåla vert reduserte, eller at turmål der det allereie er stor slitasje vert utelatne frå arrangementet. Dette må vurderast frå sak til sak. Arrangementet skjer i utkanten av nasjonalparken, men i eit område som er eksponert mot Ottadalføret. Landskapet har stor verneverdi med si monumentale form ut mot dalen. Arrangement det er søkt om følgjer stig frå Lom sentrum og etter bilveg opp i boligfeltet i Eggjalia før det går over på stig opp gjennom glissen gran og furuskog opp i snaufjellet og inn i nasjonalparken. Stigen går på stort sett bæresterk grunn, og ein vurderer ikkje at eit løp på inntil 100 person vil skade naturmiljøet. Sjølve om konkurransen blir avvikla i løpet av ein dag. Merking av løypa må skje på ein slik måte at den er reversibel. Alt utstyr som blir utplassert under arrangementet må fjernast og fraktast ut av nasjonalparken etter bruk. Lavo/telt kan setjast opp i målområdet midlertidig. I framlegg til forvaltningsplan heiter det m.a.: Telting ut over ei veke på same stad treng særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta i nasjonalparken og i landskapsvernområda. Dette gjeld ikkje vanlege vandretelt, men t.d. lavvo. Lavvo vert ikkje rekna som vanleg vandretelt. Utover dette gjeld reglane i friluftslova. D.v.s. at telt for ein dag under arrangement ikkje treng spesielt løyve i dette området. Arrangøren må gå over løypa å syrje for at all søppel blir sanka inn og frakta ut av nasjonalparken og levert renovasjonsselskapet. Bruken av drone er i utgangspunktet forbode i verneområdet. Søknad om bruk av slik reiskap for fotografering må derfor vurderast etter den generelle dispensasjonsparagrafen i verneforskrift for Breheimen nasjonalpark, § 4 jf. nml. §48. Det er § 4 i verneforskrifta, fyrste alternativ, det er behov for å vurdere her. Om tiltaket er foreinleg med verneformålet og verneverdiane i det aktuelle området. I nasjonalpark skal slik bruk vurderast streng og eventuell dispensasjon er snever. I dette tilfelle gjeld det bruk av drone for fotografering under løpet for dokumentasjon av aktiviteten. Bruken av drone er ein ny aktivitet som forvaltningsmyndet har liten praktisk erfaring med. Det har vore gjeve eit løyve tidlegar. Den aktuelle bruken her er av forbigåande art, og drone vil bli brukt i kortetids rom under arrangement den aktuelle dagen. Droner gjev litt støy, men den vil vera lokal der arrangementet finn stad. Det er heller ikkje registrert biologisk mangfald i området som kan blir skadelidande. Nasjonalparkforvaltaren meiner derfor at så lenge bruken er knytt til området rundt traseen og bruken skjer berre under arrangement den aktuelle dagen så vil ikkje aktiviteten vera til ekstra sjenanse og derfor ikkje vera nemneverdig eller gå utover verneformålet. Slik aktivitet knytt til eit slikt arrangement den aktuelle arrangementsdagen vil ha liten verknad på verneverdiane. Nasjonalparkforvaltaren vurderer bruk av drone under det aktuelle arrangmentet til å vera av forbigåande art den aktuelle dagen, og i eit snevert område langs løypetraeen. Tiltaket kan derfor gjennomførast. Søknad om bruk av helikopter er ikkje aktuelt i følgje arrangøren og blir derfor ikkje vurdert som aktuelt i denne samanhengen. Kart over traseen for arrangementet LOMSEGGJE OPP 2015. Det går fram av naturmangfaldlova at offentlege avgjerder som gjeld naturmangfaldet så langt det er rimeleg skal bygge på vitskapleg og erfaringsbasert kunnskap om naturmangfald, samt effekten av påverknader. Kunnskapen om naturmangfaldet i området er henta frå verneplan for Breheimen, Naturbase, og erfaring og kjennskap til området. Ein konstaterer at aktiviteten ikkje vil føre til inngrep i landskapet av nokon art. Merkinga vil bli umiddelbart fjerna så tiltaket er av forbigåande art. Forvaltningsstyresmakta har vurdert omsynet til verneverdiane i området, jf. verneforskriftene § 2, og meiner tiltaket med dei vilkåra som er sette i løyvet for eit avgrensa tidsrom ikkje kjem i strid med verneformålet. Tiltaket vil i liten grad påverke trua, nær trua eller verdifullt naturmangfald som er omfatta av verneformålet, og at den kunnskapen ein har om naturmangfaldet i saka er i samsvar med krava som følgjer av naturmangfaldlova § 8. Sjølv om tiltaket isolert sett i liten grad vil påverke natur- og kulturlandskapet, må søknaden vurderast etter prinsippet om samla belastning. Breheimen nasjonalpark er verna gjennom verneplan for Breheimen, saman Høydalen landskapsvernområde (lvo) med Mysubytta lvo, Strynefjellet lvo, Vigdalen lvo, Mørkridsdalen lvo og Høyrokampen naturreservat. Ved vurderinga av samla belastning må desse verneområda sjåast i samanheng. Eksisterande påverknad i området er i hovudsak tradisjonelt og enkelt friluftsliv. Nasjonalparkforvaltaren kan ikkje sjå at aktiviteten vil føre til auka slitasje i området. Med dei vilkåra som er sette meiner nasjonalparkforvaltaren at den samla belastninga av framtidig aktivitet i Breheimen nasjonalpark vil vere akseptabel. Etter nasjonalparkforvaltaren si vurdering føreligg det tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfaldet og kva effektar tiltaket vil ha på dette mangfaldet. Føre-var-prinsippet vert difor ikkje vektlagt i saka. Det er ikkje aktuelt å stille fordyrande vilkår. Etter ei konkret vurdering der nasjonalparkforvaltaren særleg har vektlagt at tiltaket ikkje strir mot verneformålet, og at tiltaket er av forbigåande art, så kan arrangement gjennomførast innanfor rama til dei gjevne vilkåra. BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2014/8626-5 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 28.01.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 10/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Klage på vedtak - Breheimen nasjonalpark - Klage på traseval for snøskutertransport til Hålåbu i Lundadalen. Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å ta klaga delvis til følgje: Til klagen på talet på turar: Nasjonalparkstyret ser etter ein ny gjennomgang av saka at det kan vera behov for to turar-returar på strekninga Sota - Lundadalen. Klaga på dette punktet blir teken til følgje. Det blir sett vilkår om to turar - returar totalt. Til klagen på trasevalet: Nasjonalparkstyret kan etter ein ny gjennomgang av saka ikkje sjå at det har kome fram nye opplysningar. Vedtaket som gjeld gjeld val av trase for køyrerute til Lundadalen bør ikkje endrast. Klaga blir ikkje teken til følgje, og vedtak i sak 2014/8626 dokument 2, jamnført sak 2014/8626 dokument 3, blir oppretthalde. Vedtaket vart gjort med 4 røyster mot 1 røyst. Forvaltar si innstilling: Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å ta klaga delvis til følgje: Til klagen på talet på turar: Nasjonalparkstyret ser etter ein ny gjennomgang av saka at det kan vera behov for to turar-returar på strekninga Sota - Lundadalen. Klaga på dette punktet blir teken til følgje. Det blir sett vilkår om to turar - returar totalt. Til klagen på trasevalet: Nasjonalparkstyret kan etter ein ny gjennomgang av saka ikkje sjå at det har kome fram nye opplysningar. Vedtaket som gjeld gjeld val av trase for køyrerute til Lundadalen bør ikkje endrast. Klaga blir ikkje teken til følgje, og vedtak i sak 2014/8626 dokument 2, jamnført sak 2014/8626 dokument 3, blir oppretthalde. Dokument i saka: 1. Søknad om snøskutertransport for frakt av varer til Hålåbu i Lundadalen v/Forberg Magne Håvard, dagsett 17.desember 2014 (sak 2014/8626 dokument 1). 2. Delegert sak – Breheimen nasjonalpark- Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel - Hålåbu v/Magne Håvard Forberg, dagsett 12.01.2015 (sak 2014/8626 dokument 2) 3. Sak - Breheimen nasjonalpark - Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel - Hålåbu v/Magne Håvard Forberg.(sak 2014/8626 dokument 3) 4. Klage på vedtak i sak 2014/8626 dokument 2 - Transport av varer med snøskuter til Hålåbu ved Lundadalsvatnet og uttransport av søppel.(sak 2014/8626 dokument 4) Klagen er vurdert i.f.t: 1.Forskrift for Breheimen nasjonalpark, dagsett 7.august 2019. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19.juni 2009 nr.100 Saksopplysningar Vi viser til klageskrivet på Breheimen nasjonalpark sitt vedtak, i sak 2014/8626 dokument 5, dagsett 6.januar 2015. Klagarane er fremja av Magne Håvard Forberg, Vassgangen 10A, 2690 SKJÅK, Gudbrand Lundemo Lundahaugen 181, 2690 SKJÅK og Marius Aaboen Elgdrågje 4, 2693 NORDBERG. Klaga er komen inn til sekretariatet for Breheimen nasjonalpark innan fristen for å klage. Magne Håvard Forberg er part i saka som bestillar av transporttenesta. Gudbrand Lundemo er part i saka som leigekøyrar for transporten på køyreruta det blir klaga på. Marius Aaboen er leigekøyrar i Skjåk kommune på lik line med Gudbrand Lundemo og har årleg fleire oppdrag i dette området og etter same traseane. Nasjonalparkforvaltaren vurderer saka slik at Aaboen har rettsleg klageinteresse i saka. Nasjonalparkforvaltaren meiner alle dei som klagar på saka har klagerett og vilkåra for handsaming er oppfylt. Det vart gjort vedtak i saka, etter delegasjon frå nasjonalparkstyre til forvaltaren. PÅ grunn av at leigekøyraren badom å få med ein hjelpesmann under transporten må denne delen av saka heimlast i forskrift for Breheimen nasjonalpark §4 jf. nml.§48. Dette har ikkje nasjonalparkforvaltaren mynde til etter delegasjon. Saka vart derfor teke opp på nytt i styresak 2014/8626 dokument 3. Vedtaket vart likelydande med delegert vedtak. Vurdering av klagen Klagen er framsett skriftleg pr. brev vedlagt e-post, I klageskrivet blir det sett fram klage på to forhold: 1. Klage på talet turar satt som vilkår i saka, ein tur-retur. Det var søkt om to turar-returar. 2. Klage på tilvist køyrerute satt i vilkåra til saka: Sota – Sotflye – Herbergsbakkane – Gjelåflaten – Steinflye – osen på Lundadalsvatnet. I rundskriv om forvaltning av verneforskrifter (M106-2014)frå 2014 er det påpeikt at innanfor forvaltningsretten er det ein ulovfesta regel som gjev vedtaksmyndet lov til å setja vilkår i ei forvaltningssak, utan at dette er nemnt i heimelsgrunnlaget. Vilkår kan normalt knytast til vedtak om løyve, og hovudregelen er at det i dispensasjonar etter verneforskriftene kan knytast vilkår til eit løyve for å ta vare på naturmiljøet. Heimel til å stille vilkår gjeld både ved vedtak etter spesifiserte dispensasjonsbestemmelsar, og vedtak med heimel i naturmangfaldlova § 48. I rundskrivet står det at vilkåra som blir sett må ha sakleg samanheng med løyvet, og væra forholdsmessige i forhold til det ein kan oppnå gjennom løyvet. Forvaltningsmyndet kan normalt gå langt i å setja vilkår som avgrensar skadeverknadane av ein dispensasjon. Dersom eit vilkår kan motverke moglege skadeverknader av eit vedtak, vil det normalt alltid væra nok sakleg samanheng. Til punkt 1. Klage på talet på turar: Når det gjeld motorferdsla så går det fram av saka at slik verksemd i utgangspunktet er forbode i nasjonalparken. Det er likevel opna for at forvaltningsmyndet kan gje dispensasjon gjennom verneforskrifta til nødvendig transport som søkt om. I den aktuelle saka med transport til hytte ved Lundadalsvatnet vil køyringa skje gjennom nasjonalparken og gjennom eit nasjonalt villreinområde. Det blir søkt om mange transportar til Lundadalen kvart år. I 2014 vart det gjeve 7 dispensasjonar til hytter og setrer i dalen. Til desse var det knytt vilkår om17 turar-returar til over ruta frå Skjellom.10 av desse vart gjennomført i følgje rapporteringa frå tiltakshavarane. Ut ifrå den krevjande ruta som er vald nå, ser nasjonalparkforvaltaren at det kan vera behov for to turar. Nasjonalparkforvaltaren meiner derfor at klagen på dette punktet bør takast til følgje. Til punkt 2. Klage på traseval: Kommentarar til momenta i klageskrivet. Som gjeld trasevalet: - - - - - Fyrste etappe frå Sota – Sotflya har ein høgdeskilnad på ca. 760 meter. Det er delvis bratt og lasset må delast på tre vender for å kome opp. Enkelte gonger kjem ein ikkje opp med snøskuter utan last ein gong. Likande problem vil oppstå på strekningen Tundradalen – Gjelåflaten – Steinflye. Her er høgdeskilnaden ca. 700 meter. Kommentar til dei to momenta over: Nasjonalparkforvaltaren ser at ruta det er sett vilkår om å bruke no er krevjande. Ein ser ikkje andre gode alternativ som moglege for å unngå villreinen i området. Ruta tek mykje lengre tid enn andre alternativ og krev meir køyring som fører til meir forureining. Kommentar: Ein ser at det vil gå meir drivstoff etter denne traseen, men forholdet til konflikten med villreinen må vege tyngst i denne saka. Kostnadane med denne køyreruta blir betydeleg større både for sjølve ruta, men og fordi det er langt med bil frå bygda og inn til Sota, 40-45 km. Kommentar: Ekstra kostnader ved å velje ein anna trase for å ta vare på verneverdiane er ikkje tillagt vekt i denne saka. Viktig å følgje opp kven som får drive leigekøyring. - - - - - - Kommentar: Motorferdsla i verneområdet skjer etter to lovverk. Loverket for motorferdsel i utmark og vassdrag med forskrifter, og naturmangfaldlova med forskrifter. Verneforvaltninga har lagt seg på ei line der ein nyttar leigekøyringsordninga som den enkelte kommune har oppretta så langt råd er. I enkelte tilfelle kan det vera skilnad i praksis mellom kommunane som er omfatta av same verneområdet. Verneområdeforvaltninga prøver å gjennomføre lik praksis for heile verneområdet så langt råd er. Det blir teke spesielle omsyn under transportane i tråd med vilkåra som er satt. Før vernet vart innført vart teke spesielle omsyn inn i reinskalvinga. Da vart det køyrt seinare på vinteren/våren. Kommentar: Med bakgrunn i den svært sårbare kalvingstida er siste dato for motorferdsle på vinterføre sett til 20.april. I spesielle tilfelle kan den avvikast, men da med oppfølging av overvaking. Dette krev store ressursar og er upraktisk. Teljing av rein med helikopter skremer villreinen meir enn turane som blir køyrt over fjellet frå Skjellom. Kommentar: Teljing av villreinen er eit viktig hjelpemiddel for å halde oversikt over bestanden. Totalrekninga er eit eingongstilfelle kvart år med helikopter som berre tek nokre få timar. Ved forsiktig flyging skal ikkje dette forstyrre villreinen. SNO-lokalt utfører fotograferinga under teljinga. Villreinen er berre tidvis i traseen frå Skjellom innover. Meldingsplikta til SNO-lokalt gjer og at oppsynet kan vurdere om det er villrein i området. Kommentar: For all forvaltning etter naturmangfaldlova gjeld dei miljørettslege prinsippa. Naturmangfaldlova § 9 gjeld føre-var prinsippet. I forhold til andre punktum i denne saka skal forvaltninga av eige tiltak gjere nødvendige grep når det er risiko for alvorlege eller irreversibel skade på naturmangfaldet. I dette tilfelle gjeld det arealbruken til villreinen i Ottadalen villreinområde. Det er konflikt mellom villrein og det trasevalet som klagarane ynskjer å bruke. Dette går fram av registreringar som er gjort både i Naturbasen,NINA-rapport 643 Villreinen i Ottadalen. Kunnskapsstatur og leveområde og Nina rapport 227 Villreinen i Ottadalsområdet Store delar av køyretraseane har ikkje mobil- eller satellittdekning. Derfor må tryggleiken også telja med for å ha ein trygg trase. Kommentar: Alle køyretraseane til Lundadalen er utfordrande i forhold til tryggleiken og sambandet. Derfor er det m.a. gjeve løyve til at ein ekstra person kan vere med på turane når leigekøyrar ynskjer det. Dersom klaga ikkje fører fram vil leigekøyrarane at ein person skal vera med å vise korleis tilvist rute skal gjennomførast med fullt lass over fjellet. Kommentar: SNO – lokalt kan vera med på tur over fjellet for å køyre ruta. I dei fleste tilfelle vil ein på slike turar måtte dele opp lasta i fleire vender over stuttare distansar som er krevjande. Under verneplanprosessen vart det gjennomført synfaring i Lundadalen og da vart det sagt at bruken av fjellområdet skulle fortsetja som før. Ny trase over fjellet gjer dette vanskeleg å gjennomføre dette. Kommentar: Nasjonalparkforvaltaren ser at den nye traseen er utfordrande og krev meir ressursar. Med bakgrunn i verneformålet om å ta vare på den nasjonale villreinstammen i området er det nødvendig å finne ei ny løysing på transporten til Lundadalen. Skjåk Almenning som er grunneigar i det gjeldane området og rettshavar i villreinområdet Ottadalen sør, har gjeve ei administrativ uttale i saka v/almenningstyraren, som lyder: Skjåk Almenning har vorte bede om ei uttale i samband med snøscootertrasè til Lundadalen i Skjåk. Nasjonalparkforvaltar og Ottadalen Villreinutval har føreslege at trasèen skal gå frå Sota, via Tundradalen og til Lundadalen. Transportørane ynskjer å bruke Skjellom som utgangspunkt. Årsaken til ynsket om å starte frå Sota er villreinen som vinterstid brukar området i Skjellhaugane og ytre (nordaustlege) deler av Tundradalen. Skjåk Almenning meiner i utgangspunktet at all varetransport til Lundadalen burde ha føregått samla med helikopter. Skjellom er kortaste vegen og fører til minst køyring med scooter. Dersom det er villrein i området bør ein ta omsyn til dette, og trasèen Sota-Lundadalen er da aktuell. Skjåk Almenning vil tilrå at dersom det går villrein i Skjellhaugane og omegn bør transporten skje via Sota-Lundadalen. Dette alternativet kan i alle fall ikkje stå uprøvd. Med helsing Jo Trygve Lyngved Almenningsstyrar Saka er vurdert etter verneforskrifta § 4, jf. nml.§48: Det er dispensasjon etter § 4 fyrste alternativ som gjeld tiltak foreinlege med verneformål og verneverdiar i det aktuelle området. I dette tilfelle er det nettopp fare for konflikt med verneformålet, å ta vare på leveområda til villreinen, som ligg til grunn for endring av trase i vilkåra som er satt i saka. Nasjonalparkforvaltaren ser ikkje at det grunnlag for å gå attende til tidlegare trase over Skjellom. Det er i tillegg teke høgde for å sikre tryggleiken under transporten ved å dispensere frå §4, jf.nml.§48 for å ha med ekstra mannskap under transporten i tilleggsaka 2014/8626 dokument 3. Konklusjon Til punkt 1. Klage på talet på turar: Nasjonalparkforvaltaren ser etter ein ny gjennomgang av saka at det er behov for to turar-returar på ruta Sota - Lundadalen. Klaga på dette punktet blir teken til følgje, og ein tilrår styret at det blir sett vilkår om to turar - returar totalt. Likeeins er det behov for ein hjelpesmann. Dette er det teke omsyn til i styret si behandling i sak 2014/8426 dokument 3. Til punkt 2. Klage på traseval: Nasjonalparkforvaltaren kan etter ein ny gjennomgang av saka ikkje sjå at det har kome fram nye opplysningar i klage skrivet som er av ein slik art at vedtaket på dette punktet, som vart gjort i Breheimen nasjonalparkstyre 6.februar 2015, bør endrast. Klaga blir ikkje teken til følgje, og nasjonalparkforvaltaren rår til at vedtaket i sak 2014/8626-3 blir oppretthalde. Kart over snøskutertraseane som har vore brukt til Lundadalen. Kart over trekkvegar og kalvingsområde for villrein (kjelde: Naturbasen-Miljødirektoratet) BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Sak Arkivsaksnr: 2015/892-2 Sakshandsamar: Eldrid Nedrelo Dato: 05.02.2015 Utval Breheimen nasjonalparkstyre Utvalssak 11/15 Møtedato 06.02.2015 Sak - Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde - Bruk av snøskuter for måking av tak - DNT Oslo og Omegn Saksprotokoll i Breheimen nasjonalparkstyre - 06.02.2015 Vedtak Med heimel i verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde § 4, jf. nml. § 48 gir Breheimen nasjonalparkstyre DNT Oslo og Omegn løyve til bruk av snøskuter for transport i samband med snømåking frå hyttetak. Samrøystes. Løyvet gjeld for følgjande trasèar: Til Fast: Dalsdalen – Ofsarvatnet – Osen – Åsetevatnet – Fast Til Arentzbu: Dalsdalen – Ofsarvatnet – Osen – Åsete – Fjellsli – Arentzbu Fåberg i Jostedalen – Holmevatnet – Martadalen - Arentzbu Dersom vèret og istilhøva gjer det naudsynt, kan trasèen leggast på nordsida av Ofsarvatnet. Løyvet vert gitt på følgjande vilkår: Transporten skal utførast av godkjend leigekøyrar Løyvet gjeld ein tur/retur til Fast gjeld februar månad 2015 Løyvet gjeld ein tur/retur til Arentzbu i perioden 2. mars – 21. mars 2015. Det kan køyrast med inntil to snøskuterar til Arentzbu av omsyn til sikkerheit, der godkjend leigekøyrar køyrer den eine. Løyvet gjeld ikkje søndagar Bruk av snøskuter skal følgje trasear som er angitt i søknaden, og som vist i kartet som føl denne saka. Bruk av snøskuter skal avgrensast til det som er strengt naudsynt. Under køyring skal det takast omsyn til naturmiljøet, særleg dyreliv og friluftsliv. Bruken av snøskuter må avklarast med SNO Luster seinast dagen før køyring m.a. for å avklare omsynet til dyreliv. Kontaktperson er Liv Byrkjeland, tlf. 99267670. Løyvet og køyrebok skal takast med under transport. Køyrebok skal fyllast ut på førehand. Rapport om dato og stad for køyring, samt tal skuterar skal sendast Breheimen nasjonalparkstyre innan 1. juni 2015. Transporten må også avklarast med Luster kommune og grunneigar. Telefonsamtalar og dokument i saka: Telefonsamtalar med Tor Martin Stenseng den 05.02.2015. Søknad per e-post frå DNT Oslo og Omegn, motteken 05.02.15. Søknaden er vurdert i samsvar med: Forskrifter for Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde, fastsett 7. august 2009. Søknaden DNT Oslo og Omegn har fått melding om at det er svært mykje snø i Breheimen denne vinteren. Dei har hatt kontakt med tilsynet på Arentzbu, Tor Arne Midtun. Med bakgrunn i dette er dei bekymra for hyttetaka på DNT-hyttene på Arentzbu og Fast. Midtun har sjølv vore på Osen og måka fleire hyttetak, og vurderinga er at også taka på Arentzbu og Fast bør måkast. DNT Oslo og Omegn søkjer difor om løyve til bruk av snøskuter for å få gjennomført dette arbeidet. For måking av taka på Fast søkjer DNT Oslo og Omegn om løyve til bruk av ein snøskuter med rute frå Dalsdalen – Osen – Innover Åsetevatnet til Fast, jf. figur 1. Planen er å få gjort dette i løpet av februar. Søkjar syner til at det må takast omsyn til vèr og føreforhold med tanke på tidspunkt. For måking av taka på Arentzbu søkjer turistforeininga om løyve til bruk av to snøskuterar av omsyn til sikkerheit. I dette tilfellet er det tre alternative ruter, avhengig av vèr og snøforhold: 1. Dalsdalen – Osen – høgre sida av Åsetevatnet, retning Fjellsli og ned til Arentzbu 2. Sognefjellet – Arentzbu 3. Fåberg i Jostedalen – Martadalen – Arentzbu Val av rute vil takast rett før arbeidet skal utførast, då dette avheng av snø- og vèrforhold. Stenseng opplyser på telefon at tiltaket etter planen bli gjennomført i første halvdel av mars, då det på noverande tidspunkt er svært utrygt å køyre snøskuter til Arentzbu. Av omsyn til tryggleiken bekreftar Stenseng samstundes på telefon at traseèn frå Sognefjellet ikkje er aktuell. Sjå figur 1 og 2 for aktuelle trasear for måking av taket på Arentzbu. Verneformål og forskrifter Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7 (prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Vidare er formålet med nasjonalparken m.a. å ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald, ta vare på leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde, vegetasjon og landskap, og å ta vare på kulturminne. Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging. I nasjonalparken er vegetasjon verna mot skade og øydelegging av alle slag (jf. verneforksrifta § 3 pkt. 2.1). Vidare er dyrelivet, medrekna hi, reir, hekke-, yngle- og gyteplassar, verna mot skade og unødig forstyrring (jf. verneforskrifta § 3 pkt. 3.1). Formålet med Mørkridsdalen landskapsvernområde er å er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet m.a. å ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker. Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging. Motorferdsel på land, på vann og i lufta under 300 m frå bakken er forbode innanfor både nasjonalparken og landskapsvernområdet (verneforskriftene § 3 pkt. 6.1). Forskriftene gjer unntak for nokre tiltak i punkt 6.2 og 6.3, men det er ikkje ein eigen heimel for å gi løyve til bruk av snøskuter knytt til snømåking av tak på hytter eller stølshus. I spesielle tilfelle kan forvaltningsmyndigheita likevel gi løyve etter verneforskrifta. I dei generelle dispensasjonsreglane, § 4 i verneforskriftene for Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde heiter det: Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernevedtaket og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48. Løyve etter § 4 i verneforskriftene omfattar tiltak som ikkje strir mot verneformåla og verneverdiane i dei aktuelle verneområda. Denne regelen er i utgangspunktet meint for uføresette tilfelle eller spesielle/særlege tilfelle som ikkje vart vurdert ved etablering av verneområdet, i første rekkje bagatellmessige inngrep eller forbigåande forstyrringar. § 4 første alternativ dekker tilfelle der verneformålet og verneverdiane tåler enkeltståande avvik frå vernereglane. Samstundes bør forvaltningsmyndigheita særleg vurdere konsekvensane av eit løyve, til dømes om det kan kome liknande søknader på same grunnlag. Dispensasjon etter nml. § 48 kan ikkje brukast for å utvide den ramma som er trekt opp i vernevedtaket. Alternativ trase ved dårleg is på Ofsarvatnet. Figur 2. Trase for bruk av snøskuter frå Dalsdalen - Ofsarvatnet - Osen - Åsete/Fast innanfor Mørkridsdalen landskapsvernområde. Alt. b) Alt. a) Figur 3 Alternative trasèar for bruk av snøskuter: a) frå Dalsdalen - Ofsarvatnet - Osen – Åsete –Fjellsli – Arentzbu og innanfor Mørkridsdalen landskapsvernområde. b) frå Fåberg i Jostedalen – Holmevatnet – Martadalen - Arentzbu Vurdering Hovudformålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap utan tyngre inngrep. Samstundes er det m.a. presisert at ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging. Hovudføremålet med vernet av Mørkridsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet m.a. å ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker, jf. verneforskrifta § 2. Også for landskapsvernområdet er det i verneformålet m.a. presisert at ålmenta skal ha høve til naturog landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging. Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i verneområda då dette kan ha negative effektar på verneverdiane gjennom forstyrring av dyreliv og friluftsliv, samt slitasje og støy. Det er difor eit mål å halde omfanget av motorferdsel så låg som mogleg, og omfanget bør ikkje auke samanlikna med på vernetidspunktet (jf. framlegg til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande område). Dette inneber at ein både skal sjå på tal løyve, og ein skal søkje å avgrense omfanget av kvart løyve. DNT-hyttene Fast og Arentzbu har ein svært viktig funksjon for friluftslivet i Breheimen, i samband med både kortare og lengre fotturar i området. Nasjonalparkforvaltaren viser vidare til at det i dette tilfellet er eit akutt behov for tilsyn med bygningane på Fast og Arentzbu, og at føremålet med bruk av snøskuter i dette tilfellet er å kome raskt inn til stølane for å måke snøen av taka og for å frakte naudsynt utstyr til måking. Dette tilfellet let seg ikkje kombinere med andre oppdrag. Nasjonalparkforvaltaren vurderer at dette tilfellet ikkje vil danne presedens i liknande tilfelle. Fast ligg ca. 16 km frå bilveg, og til Arentzbu er det ca. 25 km frå Dalsdalen. Samstundes er terrenget inn i området dels bratt og ulent. Med bakgrunn i dei svært store snømengdene ser ein difor at det er behov for bruk av snøskuter for å få gjennomført tiltaket. Det ligg føre god kunnskap om naturmangfaldet i dei aktuelle områda. Med bakgrunn i forarbeida til verneplan for Breheimen og fleire år med sakshandsaming av saker med motorferdsel i områda har ein god kunnskap om naturmangfaldet og påverknaden av motorisert ferdsel i dette området (jf. nml § 8). Ein konstaterer at aktiviteten ikkje vil føre til inngrep i landskapet av nokon art. For dyreliv og friluftsliv kan motorferdsel ha ein forstyrrande effekt. Det er eit trekkområde ved Holmevatnet og delar av området er barmarksbeite for villrein (vår-, sommar og haustbeite. Det er normalt likevel ikkje villrein i området på dei aktuelle tidspunkta.. Med dei vilkåra som er sett i løyvet, vert motorferdsla avgrensa i tid og rom til det som er mest naudsynt, og vil ikkje uroe villrein. Det er heller ikkje registrert hekkelokalitetar av rovfugl i dei aktuelle området. Samstundes er det lite motorferdsel, og sjølv få turar med snøskuter kan verke forstyrrande på dyrelivet. Motorferdsel i området bør difor avgrensast til berre det mest naudsynte. I nokre delområde er det registrert rikare vegetasjonssamfunn. Med bakgrunn i topografien må bruk av snøskuter skje ved gode snøforhold. Under dei tilhøva som er no, vil bruk av snøskuter ikkje medføre slitasje. Forvaltningsstyresmakta har vurdert omsynet til verneverdiane i området, jf. verneforskriftene § 2, og meiner tiltaket med dei vilkåra som er sette i løyvet med tal turar i eit avgrensa tidsrom ikkje kjem i strid med verneformålet og at det ikkje vil påverke verneverdiane nemneverdig. Samstundes legg ein vekt på at tiltaket er nødvendig for å ta vare på bygningane på stølen, og såleis vil verke positivt på verneformålet om å ta vare på kulturlandskapet i landskapsvernområdet. Dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova er vurderte slik: Nasjonalparkforvaltaren legg til grunn at tiltaket åleine, med dei vilkåra som vert sette for løyvet, i liten grad vil påverke verdifullt naturmangfald som er omfatta av verneformålet, og at føreliggjande kunnskap om naturmangfaldet i saka er i samsvar med krava som følgjer av naturmangfaldlova § 8. Sjølv om tiltaket isolert sett i liten grad vil påverke natur- og kulturlandskapet, må den einskilde søknaden vurderast etter prinsippet om samla belastning, jf. naturmangfaldlova § 10. Breheimen nasjonalpark og Mørkridsdalen landskapsvernområde (lvo) er verna gjennom verneplan for Breheimen, saman med Strynefjellet lvo, Mysubytta lvo, Høydalen lvo, Vigdalen lvo og Høyrokampen naturreservat. Ved vurderinga av samla belastning, må desse verneområda sjåast i samanheng. Eksisterande påverknad i området består i hovudsak av bygningar, beiting, utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv, jakt og fiske. Med bakgrunn i at dette er eit tilfelle av akutt karakter kan ikkje nasjonalparkforvaltaren sjå at aktiviteten vil føre til auka motorferdsel i området. Med dei vilkåra som er sette meiner nasjonalparkforvaltaren at den samla belastninga av motorferdsla DNT Oslo og Omegn søkjer om og mogleg framtidig aktivitet i nasjonalparken og Mørkridsdalen landskapsvernområde vil vere akseptabel. Etter nasjonalparkforvaltaren si vurdering føreligg det tilstrekkeleg kunnskap om naturmangfaldet og kva effektar tiltaket vil ha på dette mangfaldet. Føre-var prinsippet vert difor ikkje vektlagt i saka, jf. naturmangfaldlova § 9. Det er ikkje aktuelt å stille fordyrande vilkår. Det er heller ikkje aktuelt å vurdere anna transportmiddel for gjennomføring av tiltaket. Naturmangfaldlova §§ 11 og 12 vert difor ikkje vurdert nærare. Etter ei konkret vurdering der nasjonalparkforvaltaren særleg har vektlagt at tiltaket ikkje strir mot verneverdiane og verneformålet, og at tiltaket er nødvendig for å ta vare på bygningane, meiner nasjonalparkforvaltaren at det med dei gitte vilkåra kan gjevast løyve til tiltaket.
© Copyright 2024