Vikarhefte

Vikarhefte
OSTERØYTUNET
OSTERØY KOMMUNE
«Innbyggarane i Osterøy kommune opplever å få gode helseog omsorgstenester i alle livets fasar»
Innhaldsliste:
Skjema
Side
Oppgåver og rutinar på Osterøytunet
3
Informasjon om teieplikt
4
Retningsliner for eigenmeldingar og sjukmeldingar
5
Klesreglement ved Osterøytunet
6
Dagvakt på Osterøytunet
7
Kveldsvakt på Osterøytunet
8
Før du går – sjekkliste
9
Skyljerom – rutinar
10
Brannopplæring for tilsette ved Osterøytunet
11
Brannopplæring – sjekkliste
12
Telefonliste
13
2
Opplæring av nytilsette ved Osterøytunet
Kvalitetsmål: Den nytilsette – vikar eller fast tilsett – skal kjenna seg trygg
i avdelinga og på huset ved å få informasjon og rettleiing på viktige oppgåver
og rutinar i arbeidet.
Namn:
Fadder:______________________________
Oppgåver og rutinar på Osterøytunet
Dato
Sign
Sign ans.
Rapportering:
● CosDoc
● Arbeidsplan
● Stellebeskrivelse
● Internkontroll: Prosedyrar og
avviksmelding
Morgonstell:
NB hygiene inngår i alle prosedyrar.
● Stell i seng – bruk stellefrakk
● Stell på bad – bruk stellefrakk
● Toalettbesøk – bruk stellefrakk
● Dusj – bruk stellefrakk/ plastforkle
Forflytning:
NB hygiene inngår i alle prosedyrar.
● I seng: Rett løfte – og forflytningsteknikk
● Frå seng til rullestol/ stol og tilbake
● Bruk av heis □ takheis □ anna heis
Kveldsstell:
NB hygiene inngår i alle prosedyrar.
● Mykje likt morgonstell
● Munnstell/ tannpuss
Måltider:
NB hygiene inngår i alle prosedyrar.
● Førebuing
3
Informasjon om teieplikt
Kvalitetsmål: Sikra at teieplikta vert halde, så opplysningar ikkje vert kjende for
uvedkomande. Sikra at tilsette har forståing for kva teieplikta inneber, kor lenge
Den varar og kva som kan skje om teieplikta ikkje vert halden.
Krav til gjennomføring:
Alt autorisert helsepersonell har teieplikt, jamfør §21 i Lov om helsepersonell.
«Helsepersonell skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til
opplysninger om folks legems – eller sykdomsforhold eller andre personlige
forhold som de får vite om i egenskap av helsepersonell.»
Offentleg tilsette som ikkje har yrkesmessig eller profesjonsbasert teieplikt,
har teieplikt etter Forvaltningslova § 13:
«Enhver som utfører teneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å
hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med
teneste eller arbeid får vite om noens personlige forhold..»
Ein del opplysningar er ikkje teiepliktige MED MINDRE DEI RØPER EIT KLIENT
TILHØVE, og det vil gjera det for alle som arbeider i pleie og omsorg, truleg utan
unntak.
Dersom nokon er usikre på om dei har teieplikt vedk. konkrete saker eller kva
som kan seiast, må de kontakta overordna for å få dette klarert. Elles er det betre
å opplysa for lite enn for mykje til utanforståande.
Hugs også at teieplikta ikkje opphøyrer om arbeidshøvet tek slutt.
Ver klår over at teieplikta varar i 60 år!
4
Retningsliner i samband med bruk av
eigenmeldingar og sjukmeldingar
Ordninga med bruk av eigenmelding er heimla i Folketrygdlova.
Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) gjev
i tillegg arbeidstakar høve til bruk av utvida eigenmelding.
Osterøy kommune er IA-bedrift, og som følgje av det har arbeidstakar no høve til å
nytta eigenmelding ved sjukdom, i 24 kalenderdagar i løpet av ein 12-månadars
periode.
Dei kan nyttast samanhengande med maks 3 periodar på 8 dagar – eller 24
frittståande dagar, etter behov.
FOR AT ARBEIDSTAKAR SKAL HA RETT TIL Å NYTTA EIGENMELDING MÅ
VEDKOMANDE HA ARBEIDD I MINST TO MÅNADER HJÅ ARBEIDSGJEVAR
(Folketrygdlova § 8 – 24)
Arbeidstakar pliktar å gje beskjed til arbeidsgjevar om fråvær, og seie frå om
tidsperspektiv.
Arbeidsgjevarperioden:
- P.t dei første 16 kalenderdagane i eit sjukefråvere.
- Arbeidsgjevar har betalingsansvaret
● Eigenmelding kan BERRE nyttast i arbeidsgjevarperioden
● Eigenmelding kan brukast for 24 enkeltdagar i løpet av ein 12 månaders periode
● Eigenmelding kan brukast for maks 8 dagar samanhengande
(8 dagar samanhengande = 8 brukte eigenmeldingsdagar, laurdag og sundag
medrekna)
● Når arbeidstakar har brukt opp 8 eigenmeldingsdagar innanfor ein 16dagars periode, MÅ vedkommande arbeide samanhengande i 16 kalenderdagar
før eigenmelding på ny kan brukast.
● Sjukefråvere utover 8 enkeltdagar/ 8 samanhengande dagar innanfor ein
arbeidsgjevarperiode SKAL dokumenterast med sjukemelding frå lege.
● Eigenmeldingsdagar som vert direkte etterfølgd av sjukmelding frå lege vert
rekna som brukte eigenmeldingsdagar.
● Eigenmelding kan ALDRI forlenga/ vidareføra eit sjukefråvere som har starta
med sjukemelding frå lege.
● For å ha rett til på ny å bruka eigenmelding, må arbeidstakar først ta opp att
arbeidet sitt – dvs. vera på arbeid minimum 1 dag. Denne regelen gjeld for
5
sjukefråvere innanfor ein og same arbeidsgjevarperiode.
Klesreglement ved Osterøytunet
Osterøytunet har eigne drakter som skal nyttast ved institusjonen.
Dette gjeld på alle 7 pasientgruppene, dagavdelinga, reinhald, kjøkken,
driftsleiar og vaktmester/ sjåfør.
Skift arbeidstøy dagleg. Unntak er om det ved høgtider skulle vera for lite
drakter og at ein ikkje har vore i kontakt med ureint.
Bruk eigne arbeidssko i avdeling/ kjøkken. Bruk sokkar i skoa.
Klede og sko som vert nytta i avdeling/ kjøkken, skal ikkje brukast utanfor
området.
Smykkar og ringar skal ikkje brukast på arbeid.
Unntaket er små øreringar og halsgropsmykkar.
Synleg piercing skal takast ut eller skjulast med plaster.
Neglar skal vera korte og velstelte. Unngå neglelakk.
Langt hår må setjast opp eller festast i strikk så lenge vakta varer.
Unngå bruk av parfyme på jobb.
Røyking: Bruk tyggegummi etterpå og utfør handhygiene.
Snus skal ikkje brukast synleg for brukarar eller andre.
Ved særleg smittefare: Sjå eiga rutine for smitteregime ved stell, avfallssortering
og reingjering.
Bruk stellefrakk ved stell på pasientens rom/ bad. Dersom du må forlata
rommet, hugs å ta av stellefrakk før du går ut.
Utfør handhygiene før du tek på og av stellefrakk.
Bruk av plastforklede: Ved dusj. Når forkle heng på tomannsrom/ bad, kast etter
kvar gong.
På einmannsrom, merk utsida med dato for å sikre at ein får framsida ut. Byt ved
behov.
Bruk forkle når du førebur måltid på kjøkkenet.
Den enkelte arbeidstakar skal bera namneskilt med namn og tittel.
Ferievikarar får låna plastskilt (spør på kontoret).
6
Dagvakt på Osterøytunet
● Den som kjem kl.07.00 les rapport. Sjå om nokon skal ha morgonmedisin.
● Deretter går 07-vakta ein runde innom alle rom for å sjå at alt er vel og om
nokon vil stå opp.
● Morgonstellet går stort sett fram til kl. 09.00.
● Ein av personale går på kjøkkenet, tek på forklede og lagar frukost. Sjå eige
matliste til kvar pasient. Fyll opp vaskemaskin med vatn og fyll på vaskepulver.
Tillaging av medisin.
● Mellom kl. 09.00 – 10.00 er det frukost. Personale har ein liten kaffipause i lag
med pasientane.
● Deretter er det rydding og oppvask. Hjelp pasientane ut i fellesstova om dei
ynskjer det.
● Fortsett med morgonstell.
● Praktisk arbeid i avdelinga: Til dømes må skyljerom ryddas. Sjekk klede/
om det manglar noko på lintøyrom.
● Kl. 11.30 – Saft til pasientane. Sosialt samvær.
● Tilby hjelp til personleg hygiene.
● Kl. 11.45: Set middagen på oppvarming.
● Personale tek, om mogleg, matpause før middagsservering.
● Tid for middagsservering varierer mellom gruppene.
7
Kveldsvakt på Osterøytunet
● 14.45: Rapport frå dagvakt til kveldsvakt.
● Sjå om det er fellesprogram på planen.
● Laga ferdig kaffi/ kaffimat.
● Fyll opp vaskemaskin med vatn og vaskepulver.
● Hjelp pasientane opp frå middagskvilen (ev. toalett ved behov) og inn i stova.
● Ca kl. 15.30 og utover: Servering av kaffi, saft og kaker. Ver kreativ!
Personalet set seg ilag med pasientane og drikk kaffi. Sosialt samvær og
aktivitetar.
● Ca kl. 17.30: Tillaging av kveldsmat og medisin. Ev. koking av graut.
Deretter kjem pasientane til bordet eller får hjelp til måltid andre stader.
● Kl. 11.30 – Saft til pasientane. Sosialt samvær.
● Oppvask/ opprydding etter måltidet.
● Byrja å leggja dei pasientane som ynskjer, eller har behov for det.
● Tøm oppvaskmaskina og dekk bordet klart til frukost neste dag.
● Ta ut boss. Ved behov: Kjør ned fulle tøysekkar i kjellar på skittentøysrom.
● Skriv rapport: CosDoc og liste til nattevaktar.
● Ta siste runde på pasientromma og sjå at alt er vel.
● HELG: Kjør ned bossekkar og fulle tøysekkar.
8
Før du går - sjekkliste
Før du går frå pasienten/ rommet skal du passa på:
● At pasienten er trygg. Vær obs på sengehest, antisklisokkar, plassering av
rullestol/ rullator og om det skal vera brems på desse.
● At pasienten er rein. Sjekk ansikt, hender og kle.
● Rommet skal vera ryddig og utlufta. Badet må vera rydda.
● Senga skal vera ordna.
Før du går frå avdelinga skal du passa på:
● At fellesarbeidet er unnagjort.
● Skyljerom, lintøyrom, kjøkken og stove er ryddig.
● Kollegaer har fått hjelp til arbeid dei ikkje har vorte ferdig med.
● Pasientane har fått nødvendig hjelp. Om ikkje MÅ du ha gitt beskjed.
● Ansvarshavande har fått beskjed om ev. Forandringar eller anna som har
skjedd med pasientar du har stelt/ hjelpt.
NB. Gje beskjed til den som har ansvaret på vakta dersom du er usikker på
om pasienten har det bra. Spør om du lurar på noko.
9
Skyljerom rutinar
Skyljerommet er delt inn i ei rein og ei skitten sone.
Utfør handhygiene før du går inn i rein sone.
● Handhygiene før du tømmer dekontaminator.
Reint gods kan tørkast på reint område, men skal oppbevarast i eige skap på
tøylager.
● Tannglas og vasar:
Vask først ein omgang i dekontaminator. Skur deretter med Jif og børste.
Så ny omgang i dekontaminator – då er dei reine.
● Kjøkkenhanddukar:
Vert vaska på 90 grader i avdelinga si vaskemaskin på skyljerommet.
Tørkast i tørketrommel.
● Når pasienttøy som er tilsøla med urin, avføring, blod eller oppkast er vaska i
avdelinga si vaskemaskin, er det viktig at maskina går eit program på 90 grader
rett etterpå (tom eller med tøy i).
● Skittentøy:
Det er berre våte og tilsøla klede som skal i plastposar oppi tøysekkane.
Anna tøy må ein ta ut av posen før ein legg det i tøysekk. Sorter alt tøy i posar
inne på pasientens rom eller bad før du tek det ut på skyljerom.
Reingjeringspersonale hentar tøy dagleg. I helgane tek personalet i gruppene
sjølv ned tøyet til skittentøylageret når tøysekkane er fulle.
10
Brannopplæring for tilsette i gruppene på Osterøytunet
BRANNOPPLÆRING FOR TILSETTE I GRUPPENE PÅ OSTERØYTUNET
● Branninstruks for gruppa di skal hengja på vaktrommet
● Brannslange er midt i gruppa. Finn den!
● Rømningsvegar er i kvar ende av gruppa/ avdelinga. I fyrste høgda kan ein
bruka både stova eller kjøkkendøra ut.
● Manuelle brannmeldarar, raud på farge, er i enden av kvar gruppe/ avdeling –
og ute i hovudkorridoren. Veit du at det brenn, så knus glaset på desse.
Brannvernet vert då direkte alarmert.
● Når brannalarmen går skal den som er gruppeansvarleg gå ut i resepsjonen for
å veta kor det brenn. Dei som er att undersøkjer alle romma på si gruppe.
● Ved brann i di gruppe: Prøv å sløkja. Dersom dette ikkje er mogleg, evakuer
pasienten ut av rommet og lat att døra. Dei andre pasientane skal vera på
romma sine. Romma er brannsikre.
11
Sjekkliste for opplæring i brannvern for
nytilsette og vikarar ved Osterøytunet
Sjekkliste for opplæring i brannvern for nytilsette og vikarar ved
Osterøytunet:
Opplæringspunkt:
Ja
Nei
Eg har lese og forstått branninstruksen som gjeld mi gruppe
Eg veit kor brannslangen er
Eg veit kor alle rømningsvegane er
Eg veit kor dei manuelle brannmeldarane er
Eg veit kva eg skal gjera når brannalarmen går
Eg har også fått skriftleg informasjon om brann
Dato:___________ Underskrift:__________________________________________
12
Nyttige telefonnummer
TELEFONLISTE OSTERØYTUNET
Namn
Tlf
Områdesjukepleiar
5619 2598
Resepsjon/ kontor
5619 2500
Nina Kvamme, einingsleiar
5619 2501
Åse Vevle, avd.leiar 1.etg.
5619 2502
Rita Hellevang, avd.leiar 2.etg
5619 2503
Gruppe 1
5619 2511
Gruppe 2
5619 2512
Gruppe 3
5619 2513
Gruppe 4
5619 2514
Gruppe 5
5619 2515
Gruppe 6
5619 2516
Gruppe 7
5619 2517
Fagkoordinator Anne B. Jørgensen
5619 2587
Fagkoordinator Signe Hjellvik
5619 2554
Fagkoordinator Linda Tepstad
5619 2585
13