Sogn og Fjordane fylkeskommune Retningslinjer for varsling om kritikkverdige forhold Vedteke av hovudsamarbeidsutvalet ….. Referansar Arbeidsmiljølova §§ 2-3, 2-4, 2-5 og 3-6 gjeld varsling av kritikkverdige forhold i eiga verksemd. Utover det gjeld fylkeskommunen sine interne reglar og retningslinjer som; arbeidsreglement, verdigrunnlaget for alle tilsette, kriterium for god leiarpraksis, etiske retningslinjer og etiske prinsipp. Grunnlova § 100 omhandlar ytringsfridom og gir arbeidstakarar rett til å uttale seg om forhold som gjeld verksemda dei arbeider i. Retten og plikta til å varsle om kritikkverdige forhold etter arbeidsmiljølova § 2-4 er ein verknad av den grunnlovsfesta ytringsfridomen. Formålet med Fylkeskommunen sitt omdøme er avhengig av innbyggjarane og dei tilsette sin tillit. Denne retningslinjer og rutinar tilliten vert svekka ved mistanke om grove brot på lover og avtaleverk eller andre uetiske handlingar. Retningslinjene skal synleggjere arbeidstakar sine lovfesta rettar og plikter, kva for varsling rutinar som gjeld og korleis slike saker vert handtert i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Retningslinjene er eit supplement til fylkeskommunen sitt etablerte helse-, miljø- og tryggleiksarbeid eller internkontroll, som handterer løpande kartlegging (avdekking) og korrigering av avvik frå gjeldande krav i HMT-lovene med tilhøyrande forskrifter. I dei aller fleste tilfella, vil varsling vere dekka av vårt HMT-arbeid, med involvering av verneombod og lokale arbeidsmiljøutval på vanleg måte etter etablerte rutinar i internkontrollsystem. Kva er å varsle? ”Du må ikke tåle så inderleg vel, den urett som ikkje rammer deg selv.” Når kritikkverdige forhold er teke opp med den det gjeld Etiske retningslinjer og det ikkje fører fram, eller når vi meiner det er nødvendig § 2 Handling og haldning å ta saka opp med nokon andre som kan gjera noko med Sogn og Fjordane fylkeskommune legg dei kritikkverdige forholda, vert det kalla varsling. Å varsle er når arbeidstakar seier ifrå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen som rammar eller kan skade andre personar enn seg sjølv, fylkeskommunen som organisasjon eller samfunnet. Av Arnulf Øverland Varsling rører ved forholdet mellom retten til fri ytring og lojalitetsplikta til arbeidsgjevar. I utgangspunktet er det få juridiske avgrensingar med omsyn til å ytre seg offentleg. Føresetnaden er at forholdet som vert meldt er korrekt, at det kritikkverdige forholdet er prøvd teke opp internt og at forholdet er alvorleg. Kva er kritikkverdige forhold? Kritikkverdige forhold omfattar alle tilfelle der arbeidstakar vert kjend med forhold som er brot på; ? lover, interne reglar og instruksar, etiske retningslinjene og etiske prinsipp ? allmenn oppfating av kva som er forsvarleg eller etisk akseptabelt. Eksempel Kritikkverdige forhold kan vere: ? Forhold som kan medføre fare for liv og helse. ? Mobbing, trakassering, diskriminering. ? Økonomisk utroskap, tjuveri, underslag, korrupsjon. ? Maktmisbruk. ? Brot på teieplikta og svikt i sikringsrutinar. ? Uforsvarleg saksbehandling. Unntak Fagleg/politisk usemje vil ikkje falla innafor det varslingsbestemmingane i arbeidsmiljølova tek sikte på å verne. stor vekt på at etisk haldning også må få gjennomslag i praktisk handling m.a. ved å; ?følgje lover, føresegner og ordningar elles som gjeld for fylkeskommunen ?ta opp tilhøve som ein meiner er feil ?forvalte fylkeskommunen sine ressursar på ein best mogleg måte ?å vere lojal mot fylkeskommunen sine overordna mål ?å vise andre respekt i omtale og i handling Etiske prinsipp Medvit om etikk og haldningar skal styrkje grunnlaget for innbyggjarane sin tillit til politikk og administrasjon i fylkeskommunen. ?Etikk er å vere lojal mot dei reglar og ordningar som gjeld i fylkeskommunen ?Etikk er å gi fullstendig og korrekt informasjon ?Etikk er å bruke mynde med varsemd og forstand ?Etikk er å ha ei fri og uavhengig stilling i høve til saker der ein har mynde ?Etikk er å ikkje blande eigne og offentlege interesser ?Etikk er å vere ærleg 2 Arbeidsgjevar si plikt å Etter aml § 3-6 har arbeidsgjevar plikt til å leggja forholda til rette for varsling av kritikkverdige forhold. leggja til rette for varsling Det skal vere mogleg for arbeidstakarane å ta opp kritikkverdige forhold gjennom eigna kanalar og fora i fylkeskommunen. Det er viktig at opplysningar om moglege kritikkverdige forhold vert undersøkte og at nødvendige tiltak vert sette i verk. Dette krev eit eige varslingssystem som skil seg frå fylkeskommunen sitt etablerte internkontrollsystem, men som likevel skal inngå som ein del av dette systemet. Vi har alle eit ansvar for gode dialogar og meiningsytringar omkring dei vegval som til ei kvar tid vert vedteke i og for fylkeskommunen. Fylkeskommunen sitt omdøme er avhengig av innbyggjarane og dei tilsette sin tillit. Denne tilliten vert svekka med mistane om kritikkverdige forhold. Arbeidsmiljølova § 3-6. Plikt til å legge forholdene til rette for varsling Arbeidsgiver skal, i tilknytning til det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet, utarbeide rutiner for intern varsling eller sette i verk andre tiltak som legger forholdene til rette for intern varsling om kritikkverdige forhold i virksomheten i samsvar med § 2-4, dersom forholdene i virksomheten tilsier det. Kriterium for god leiarpraksis Ein god leiar i fylkeskommunen; 1. sikrar kvaliteten på tenestene 2. er aktiv i utvikle og å gjennomføre mål og strategiar Det er i tråd med fylkeskommunen sin bedriftskultur at Open bedriftskultur 3. er utviklingsorientert og legg til byggjer på motivasjon, arbeidstakar varslar om kritikkverdige forhold på arbeidsrette for kreativitet, kompetanseplassen. Arbeidsgjevar ønskjer opne og konstruktive tiltillit og tryggleik utvikling og nytenking bakemeldingar generelt og rapportering av kritikkverdige 4. utviklar og gjennomfører forhold spesielt. Ein open bedriftskultur er ein føresetnad likestillingstiltak i samsvar med for motivasjon, tillit og tryggleik. handlingsplan for likestilling 5. støttar medarbeidarar og kollegaer 6. motiverer gjennom involvering, Problem bør løysast når dei oppstår og nærast mogleg der Det er kritikkverdige rettleiing og tilbakemelding dei oppstår. Kritikkverdige forhold kan på denne måten bli forhold som er 7. utviklar ansvarskjensle og løyste og hindra vidare utvikling. problemet – sjølvstende ikkje varslinga! 8. legg vekt på mangfald, samarbeid Skal varsling få best mogleg effekt bør varslaren seie ifrå til og fleksibilitet nokon som kan gjera noko med dei kritikkverdige forholda. 9. skapar eit ope, romsleg og forsvarleg arbeidsmiljø 10. arbeider for heilskapsløysingar 11. forvaltar tildelte ressursar godt Prinsipp som gjeld for handtering av varslingssaker Sogn og Fjordane fylkeskommune treng arbeidstakarar som seier i frå, så difor; ? ? ? ? ? ? ? ? ? er det viktig å vere open og ærleg. kan alle varsle utan frykt for konsekvensar. skal alle varslingssaker som hovudregel takast opp med næraste leiar. vert alle varsel tekne på alvor og undersøkt med ein gong. kan den som ønskjer det varsle anonymt.1 Anonyme kjelder er like mykje verd som opne kjelder. vert dei ulike metodane for varsling verdsett likt. får saker om varsling konfidensiell behandling. skal arbeidsgjevar ivareta alle varslarar på ein god måte, og gi tilbakemelding til varslar innan rimeleg tid. har varslar krav på rettstryggleik. Normalt vil det å vere open i slike saker sikre betre saksgang og eit betre resultat for alle involverte partar. Identiteten til arbeidsstakar er likevel ei fortruleg opplysning. Det kan likevel vere nødvendig å gi opp identiteten til dei personane som er involvert i samband med nærare undersøking av saka. Arbeidstakar skal ha opplyst kven som får kjennskap til identiteten. 1 3 Ytringsfridom Som samfunnsborgar Som tilsett i fylkeskommunen Ytringsfridom er ein grunnleggjande rett som er nedfelt både i Grunnlova § 100 og i menneskerettane. Som samfunnsborgar har alle folk ytringsfridom. Alle har høve til å delta i den alminnelege samfunnsdebatten. Ytringsfridomen gir også folk rett til å uttale seg kritisk til forhold som vedkjem verksemda dei arbeider i. Det gir eit godt grunnlag for ein opplyst samfunnsdebatt, at dei som arbeider med eit felt til dagleg kan uttale seg, basert på eiga innsikt og kunnskap. Når fylkeskommunale arbeidstakarar deltek i samfunnsdebattar, er det på eigne vegne. Det er difor klokt å gjera dette klart og tydeleg ved første stund. Utdanning/fagleg bakgrunn står ein fritt til å nytte, medan fylkeskommunal stillingstittel, brev, faks eller e-post skal ikkje brukast. Kven som uttalar seg på vegne av fylkeskommunen, er nedfelt i eigne reglar, jf. Arbeidsreglementet § 17, sjå heftet ”Plan for informasjonsarbeidet” del III, punkt 2. Krav på lojalitet Varsling Arbeidsgjevar har også gjennom arbeidsforholdet krav på lojalitet frå arbeidstakar. I rettspraksis er det etablert ei ulovfesta lojalitetsplikt. Arbeidstakar skal ikkje skade arbeidsgjevar sine interesser eller aktivitetar gjennom offentleg negativ omtale utan at det er rett og rimeleg. Straffbare og kritikkverdige forhold kan gjera det rett og rimeleg å gå ut med ei sak, sjølv om dette umiddelbart kan opplevast som skadeleg for fylkeskommunen sitt omdøme på kort sikt. Føresetnaden er at arbeidstakar går fram på ein forsvarleg måte. Normalt vil dette innebere at forholda vert varsla gjennom fylkeskommunen sine interne varslingskanalar og til offentlege tilsyn før allmenta/media vert kontakta. Arbeidsreglementet § 17 Etter ”Plan for informasjonsarbeidet” skal uttale seg til media, på vegne av fylkeskommunen, handterast slik: ?I politiske saker er det berre den politiske leiinga som uttalar seg til media. ?Sakshandsamar kan i dei fleste tilfelle gje faglege kommentarar til presse og etermedia, knytt til handsaming av offentlege einskildsaker. Næraste overordna skal konsulterast før ein uttalar seg. Forvaltningslova § 13 Teieplikt Teieplikta gjeld m.a.: 1. Personlege forhold, m.a. opplysningar om helseforhold, sosiale forhold, familieforhold, økonomiske forhold og personalsaker. 2. Forretningsløyndomar, m.a. saker om lån og tilskot til næringsformål. Teieplikt er pålagt ”enhver som utfører teneste eller arbeid for et forvaltningsorgan”. Plikta kviler difor på både tilsette tenestemenn og ombod, tillitsvalde, sakkyndige, konsulentar og andre som måtte ha oppdrag for fylkeskommunen. Det er ikkje berre det den tilsette får vite i samband med handsaminga av konkrete saker som er undergitt teieplikta. Det gjeld det same for opplysningar som vedkomande måtte kome over ved undersøking i arkivet, overføring av opplysningar i arbeidet og Gjeld det avgrensingar Reglar om teieplikt m.m. gjeld utan omsyn til retten til å i samband med oppfølging av saker varsle etter aml. § 2-4. Ved tolking av lovbestemmingar om som blir handsama i andre forfor varsling? teieplikt i konkrete tilfelle, er det Grunnlova § 100 som valtningsorgan. gjeld. I desse retningslinjene er det varsling om kritikkverdige forhold som er tema, og ikkje ytringsfridomen. Teieplikta gjeld også etter at ein tilsett er slutta i arbeidet. 4 Arbeidstakar har Etter aml 2-4 nr 1 har arbeidstakar ein generell rett til å lovfesta rett til å varsle varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen så lenge dette ikkje er i strid med anna lov, t.d. lov om teieplikt. Arbeidsmiljølova § 2-4 Varsling om kritikkverdige forhold i virksomheten (1) Arbeidstaker har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i virksomheten. Kven kan varsle? Dette betyr at alle som har eit tilsetjingsforhold i Sogn og Fjordane fylkeskommune kan varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Treng arbeidstakar varsle? Det er arbeidstakar sjølv som bestemmer om kritikkverdige varslingen skal være forsvarlig. forhold skal varslast om og når det eventuelt skal skje. Arbeidstaker har uansett rett til å Kvifor varsle? Varsling er både lovleg og ønska. Det er i arbeidsgjevar si interesse at arbeidstakar varslar om kritikkverdige forhold i fylkeskommunen. Ved kritikkverdige forhold er det viktig at arbeidstakar varslar sjølv om ytringa i første omgang kan skada medarbeidarar eller fylkeskommunen sitt omdøme. (3) Arbeidsgiver har bevisbyrden for (2) Arbeidstakers fremgangsmåte ved varsle i samsvar med varslingsplikt eller virksomhetens rutiner for varsling. Det samme gjelder varsling til tilsynsmyndigheter eller andre offentlige myndigheter. Dette fordi: ? Det er moralsk rett. Plikter vi har som arbeidstakar og som ansvarleg samfunnsborgar veg tungt. ? Det er nødvendig ut frå lov og rett. I visse tilfelle har vi ei juridisk plikt til å varsle. ? Det som på kort sikt verkar skadeleg for fylkeskommunen kan vere det som er nødvendig på lengre sikt. Dersom kritikkverdige forhold vert skjult, kan det slå tilbake på både den einskilde arbeidstakar og på fylkeskommunen sitt omdøme. Truverde vert svekka for den som har medverka til å skjule forholdet. Varsling skal skje på ein forsvarleg måte Ved varsling skal arbeidstakar gå fram på ein forsvarleg måte, jf. aml. § 2-4 nr 2. Kva som er forsvarleg framgangsmåte vil vere avhengig av ei konkret og skjønnsmessig heilskapleg vurdering. Krav til kva som er forsvarleg Kravet til forsvarleg framgangsmåte vil særleg vera avhengig av kven arbeidstakar varslar til. Arbeidstakarar som varslar i tråd med fylkeskommunen sine interne varslingsrutinar har alltid varsla på ein forsvarleg måte. Arbeidstakar bør spørje seg sjølv: ? Har eg grunnlag for kritikken? ? Korleis bør eg gå fram? ? Kven bør eg sei ifrå til? Når varslinga ikkje er forsvarleg at varsling har skjedd i strid med denne bestemmelsen. Verdigrunnlaget for alle tilsette Respekt: Vi er ærlege, opne og likeverdige som menneske Omsorg: Vi bryr oss om – og støttar kvarandre Lojalitet: Vi står saman om å realisere fastsette mål og oppgåver Medverknad: Vi gjev uttrykk for eige syn og støttar avgjerder Effektivitet: Vi skal nytte ressursane våre best mogleg Tillit: Handlingane våre må skape tillit Ved intern varsling, vil vurderingstemaet i hovudsak vera om arbeidstakar har teke forsvarleg omsyn til arbeidsgjevar sine saklege interesser med omsyn til måten arbeidstakar varslar på. Arbeidstakar må til ein viss grad ta omsyn til at arbeidsgjevar, arbeidsmiljø og kollegaer ikkje vert unødig skadelidande. Ved ekstern varsling, må arbeidstakar også ha tilstrekkeleg forsvarleg grunnlag/dokumentasjon for kritikken. Det vert stilt strengare krav til aktsemd ved varsling til allmenta/media enn ved varsling internt eller til tilsynsmyndigheiter. Arbeidstakar har uansett alltid rett til å varsle i samsvar med varslingsplikta, jf. aml. § 2-4 nr 2, andre punktum, og i samsvar med fylkeskommunen sine interne rutinar for varsling. Dersom framgangsmåten ved varsling ikkje er forsvarleg, er arbeidstakar ikkje verna av forbodet mot gjengjelding, jf. aml. § 2-4 nr 3. Arbeidsgjevar sin reaksjon må likevel stå i forhold til brotet på kravet om forsvarleg framgangsmåte. Det skal mykje til få å hevde at framgangsmåten ikkje er forsvarleg. 5 Risiko å varsle? Arbeidstakar skal kunne gi uttrykk for meiningane sine og meiningane skal bli høyrde. Ikkje akseptabelt med Arbeidstakar skal ikkje bli møtt med sanksjonar når vedkomande varslar om kritikkverdige forhold på ein negative reaksjonar forsvarleg måte, jf. aml. § 2-5 nr 1, første punktum. Eksempel på negative Eksempel på negative reaksjonar er: reaksjonar/sanksjonar ? La vere å gi arbeidsoppgåver eller lønsutvikling ? Bruk av ulike hersketeknikkar for å halda varslaren utanfor det sosiale miljøet ? Mobbing eller utfrysing Dersom ein varslar vert sagt opp, må arbeidsgjevar kunne bevise at oppseiinga ikkje var grunna i varslinga. Rett til oppreisning og Ein arbeidstakar som er blitt utsett for ulovlege reaksjonar erstatning frå arbeidsgjevar, har rett til oppreisning og erstatning. Dersom det kan bevisast at det ikkje er ei forsvarleg varsling, vil ikkje aml. § 2-5 vere gjeldande. Arbeidsgjevar har ansvar for at negative reaksjonar ikkje førekjem, verken frå leiar eller kollegaer. Arbeidstakar har i visse tilfelle plikt til å seie ifrå (1) Gjengjeldelse mot arbeidstaker som varsler i samsvar med § 2-4 er forbudt. Dersom arbeidstaker fremlegger opplysninger som gir grunn til å tro at det har funnet sted gjengjeldelse i strid med første punktum, skal det legges til grunn at slik gjengjeldelse har funnet sted hvis ikke arbeidsgiveren sannsynliggjør noe annet. (2) Første ledd gjelder tilsvarende ved gjengjeldelse mot arbeidstaker som gir til kjenne at retten til å varsle etter § 2-4 vil bli brukt, for eksempel ved å fremskaffe opplysninger. (3) Den som er blitt utsatt for gjengjeldelse i strid med første eller andre ledd, kan kreve oppreisning uten hensyn til arbeidsgivers skyld. Oppreisningen fastsettes til det beløp som retten finner rimelig under hensyn til partenes forhold og omstendighetene for øvrig. Erstatning for økonomisk tap kan kreves etter alminnelige regler. Arbeidsmiljølova § 2-3 nr 2 peikar på den varslingsplikta og deltakingsplikta som naturleg inngår i det etablerte Arbeidsmiljølova § 2-3 (2) internkontrollsystemet vårt. Arbeidstakers medDersom arbeidstakar ikkje kan retta på forholda sjølv, har virkningsplikt arbeidstakar plikt til å seie i frå til arbeidsgjevar og verneombod om manglar som kan medføre fare for liv eller helse. Dette betyr at arbeidstakar skal seie ifrå til arbeidsgjevar eller verneombodet om: ? trakassering, mobbing og diskriminering på arbeidsplassen, jf. aml. § 2-3 nr 2, bokstav d. ? medarbeidarar som blir skada i arbeidet eller pådreg seg sjukdom som du meiner har sin grunn i arbeidet eller forholda på arbeidsplassen, jf. aml. § 2-3 nr 2, bokstav e. ? om forhold som kan påføre arbeidsgjevar, med arbeidarar eller omgjevnaden tap eller skade, jf. fylkeskommunen sine etiske retningslinjer. Tidspunkt for varsling Arbeidsmiljølova § 2-5 Vern mot gjengjeldelse ved varsling Varsling i samsvar med slik plikt vil alltid vere rett og lovleg. Som varslingspliktig skal arbeidsstakar varsle straks vedkomande er blitt merksam på forholdet og/eller så snart vedkomande er blitt kjent med forholdet, jf. aml. § 2-3 nr 2, bokstav b og d. Arbeidstaker skal: b) straks underrette arbeidsgiver og verneombudet og i nødvendig utstrekning andre arbeidstakere når arbeidstakeren blir oppmerksom på feil eller mangler som kan medføre fare for liv eller helse, og vedkommende ikke selv kan rette på forholdet. d) sørge for at arbeidsgiver eller verneombudet blir underrettet så snart arbeidstaker blir kjent med at det forekommer trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen. e) melde fra til arbeidsgiver dersom arbeidstaker blir skadet i arbeidet eller pådrar seg sykdom som arbeidstaker mener har sin grunn i arbeidet eller forholdene på arbeidsstedet. 6 Verneombodet si Verneombod har ei særskild varslingsplikt etter aml. § 6-2 særskilte varslingsplikt tredje ledd. Når verneombodet vert kjend med forhold som kan medføre ulykkes- eller helsefare, skal han/ho straks varsle arbeidstakarane på arbeidsplassen og arbeidsgjevar. Dersom det ikkje innan rimeleg tid er teke omsyn til meldinga, skal verneombodet underrette Arbeidstilsynet eller arbeidsmiljøutvalet. Fortruleg opplysning Varslar sin identitet er ei fortruleg opplysning. Så få som mogleg skal kjenne til kven varslaren er. Varslaren skal ha opplyst kven som får kjennskap til vedkomande sin identitet. Det kan likevel vere nødvendig å gi opp identiteten til dei personane som er involvert i samband med nærare undersøking av saka. Anonym Det er aldri ulovleg for arbeidstakar å varsle anonymt. Anonym varsling betyr at den som tek imot varslet ikkje veit kven varslaren er. Anonym varsling bør berre nyttast unntaksvis, då det vil vere vanskeleg å følgje opp varslinga på ein skikkeleg måte. Anonym varsling kan også føre til ein uheldig belastning på arbeidsmiljøet. Likevel kan anonym varsling gjera det lettare å ta opp kritikkverdige forhold dersom ein arbeidstakar ikkje føler seg trygg i ein varslingssituasjon. Arbeidsmiljølova § 6-2 (3) Verneombudets oppgaver Blir et verneombud kjent med forhold som kan medføre ulykkes- og helsefare, skal verneombudet straks varsle arbeidstakerne på stedet, og arbeidsgiveren eller dennes representant skal gjøres oppmerksom på forholdet dersom verneombudet selv ikke kan avverge faren. Arbeidsgiveren skal gi verneombudet svar på henvendelsen. Er det ikke innen rimelig tid tatt hensyn til meldingen, skal verneombudet underrette Arbeidstilsynet eller arbeidsmiljøutvalget. Arbeidsmiljølova § 18-2 Beskyttelse av kilder Når Arbeidstilsynet får melding om forhold som er i strid med loven, skal melderens navn holdes hemmelig. Taushetsplikten gjelder også overfor den anmeldte. Ved varsling til Arbeidstilsynet Ved varsling til Arbeidstilsynet har arbeidstakar rett til å vere anonym, jf. aml § 18-2. Teieplikta gjeld også overfor personar det er varsla om og vedkomande sin arbeidsgjevar. Intern varsling Hovudregelen er at varsling skal skje internt og tenesteveg. Arbeidstakar varslar internt og tenesteveg når vedkomande varslar til næraste leiar, næraste leiar sin leiar, tillitsvald, verneombod, arbeidsmiljøutval eller andre interne personar eller instansar som kan løyse saka. Ekstern varsling Arbeidstakar har alltid rett til å varsle eksternt. Arbeidstakar varslar eksternt når tilsynsmyndigheiter eller andre offentlege myndigheiter, som t.d. Arbeidstilsynet, Datatilsynet, Helsetilsynet, Statens forureiningstilsyn, Politi osv., vert kontakta for å gripe inn i eit forhold. Spesielt tilfelle av ekstern varsling – varsling til allmenta / media Arbeidstakar har også høve til å varsle allmenta/media eller på andre måtar gjere opplysningane tilgjengeleg for det offentlege. Slik varsling skal berre skje i dei tilfelle intern varsling, varsling til tilsynsmyndigheitene eller andre offentlege myndigheiter ikkje fungerer eller ikkje er formålstenleg. Arbeidstakar skal altså i første omgang prøve å varsle internt i fylkeskommunen eller til tilsyns-/kontrollmyndigheit før allmenta/media vert varsla. Sjansen for å påføre med arbeidarar, fylkeskommunen eller samfunnet skade, er vanlegvis mykje større ved varsling til allmenta/media. Terskelen for varsling til allmenta/media er difor høgare enn ved intern og ekstern varsling. Vurdere tre forhold spesielt nøye før varsling til allmenta / media Arbeidstakar bør difor vurdere følgjande tre forhold spesielt nøye ved varsling til allmenta/ media: ? Er det grunn til å tru at det faktisk ligg føre kritikkverdige forhold? Undersøke dei faktiske omstende så grundig det let seg gjera. ? Vurdere om intern varsling, varsling til andre offentlege instansar som har tilsyns- eller kontrollmynde, er mogleg og formålstenleg. ? Vurdere om andre utanfor fylkeskommunen har ei kvalifisert interesse i å få vite om forholda. 7 Skriftleg eller munnleg Varsling kan gjerast skriftleg eller munnleg. For eksempel per telefon, e-post, i brev eller ved personleg frammøte. varsling Varslinga skal innehalda Varslinga skal innehalde; ? Fullt namn, men kan vere anonym ? Tenestestad, men kan vere anonymt ? Dato for varslinga ? Tidsrom, eventuelt dato og klokkeslett for observasjon ? Konkret kva som er observert ? Stad for handlinga ? Andre vitne ? Eventuell kjennskap til tidlegare saker Alltid tilbakemelding til Varslar skal snarast ha tilbakemelding på at varslinga er motteken. Varslar skal innan rimeleg tid (tre veker) ha tilbakemelding om korleis saka er behandla og kva som vart varslar utfallet. Spørsmål om innsyn vil vere regulert i m.a. offentlegheitslova, forvaltningslova, personopplysningslova m.m. Den andre parten – den det blir varsla om Den som blir klandra av varslaren har også krav på skikkeleg behandling. I dei tilfelle arbeidsgjevar bestemmer seg for å forfølgje saka, skal den det blir varsla om i utgangspunktet gjerast kjend med varselet og med kva opplysningar som er gjeve om forholdet. På denne måten får vedkomande høve til å koma med sin versjon av saka. Når saka er ferdigbehandla, skal den det er varsla om straks ha beskjed, uansett utfallet av behandlinga. Også når konklusjonen er at det ikkje har skjedd noko kritikkverdig, er det viktig for den det gjeld å få beskjed om at saka er avslutta og ute av verden. Kven handterer varslinga? Arbeidsgjevar føretek ei konkret vurdering av kven som skal vere involvert i den vidare behandlinga av varslingssaka og kva slags tiltak som skal setjast i verk, alt etter kva type og kven som varslinga er retta mot. Tal personar som deltek bør avgrensast til ei så snever gruppe som mogleg. Saker som skal forfølgjast, skal arkiverast/registrerast og behandlast i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
© Copyright 2024