Innovasjon i Helse Vest - til det beste for pasienten

Innovasjon i Helse Vest
- til det beste for pasienten
1
Innhald
4 E-meistring
6 Alle Møter
12 E-resept
13 Samhandlingsbarometeret 14 Telemedisin
15 Bergensbadet
16 E+
17 Holberg EEG
18 FOUSAM
19 Helse@Hjemme
20 Smarte pasientrom
21 Firbeint terapi
22 Digitale helseverktøy
23 Panikklidelse
24 Demensvenlege daglegvarebutikkar
9 KULE
2
Forord
Innovasjon i Helse Vest – til det beste for pasienten
Denne rapporten er utarbeida av det Regionale operasjonelle innovasjonsforumet i Helse Vest etter
ønske frå det strategiske Innovasjonsnettverket. Forumet består av representantar frå alle
helseføretaka, inkludert Sjukehusapoteka Vest, Helse vest IKT og Dei Private Ideelle sjukehusa og
institusjonane. Regionalt operasjonelt Innovasjonsforum ønsker å synleggjera satsinga på innovasjon
i Helse Vest og vil i rapporten vise noko av mangfaldet.
Regjeringa vurderer innovasjon som eit viktig verkemiddel for å nå helsepolitiske- og næringspolitiske
mål. «Ikkje all innovasjon i helse- og omsorgsektoren skal føra til kommersialisering. Prosjekt som vil
kunne målast i andre økonomiske verdiar skal óg drivast fram som eit resultat av samarbeid», står
det i Nasjonal samarbeidsavtale om innovasjon og næringsutvikling 1. Avtalen er mellom
Helsedirektoratet, InnoMed, dei regionale helseføretaka, Forskingrådet, Innovasjon Norge og
kommunesektoren. Satsinga gjeld heile helse- og omsorgstenesta, og inkluderer både forskingsdrive
innovasjon og innovasjon i offentlege anskaffingar. Innovasjon på bakgrunn av dei store
samfunnsutfordringane som kroniske sjukdomar, ei aukande aldrande befolkning og betre
samhandling mellom tenestenivå og personalbruk er óg inkludert. Forsking- og innovasjonsstrategien
for helse- og omsorgsektoren, HelseOmsorg21 2, som vart lagd fram i slutten av juni, trekk óg fram
kunnskap, innovasjon og næringsutvikling som viktige ledd for å betre folkehelsa i Norge.
Helseføretaka i Helse Vest arbeider støtt tettare med primærhelsetenesta, universiteta og andre
samarbeidspartar for å nå måla om betre tenester via auka innovasjon. I HELSE2020 3 vert óg behovet
for auka samarbeid mellom helseføretaka i regionen understreka.
Hovudfokus for innovasjon i Helse Vest og i det enkelte helseføretak er å:
•
•
•
•
auke forskingsbasert og behovsdriven innovasjon
auke omfang av innovasjonar som støtter heilskaplege pasientforløp og betre samhandling
mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
auke implementering av nye produkt, tenester, diagnostikk- og behandlingsmetodar,
organisatoriske prosessar og løysingar som bidreg til auka kvalitet, effektivitet,
kostnadseffektivitet, samhandling og meir heilskaplege pasientforløp
auke innovasjonseffekt gjennom bruk av offentlege innkjøp, før-kommersielle avtalar og
prosjekt med leverandørar
Førde, 10. desember 2014
Arbeidsgruppa som har utarbeida rapporten, har bestått av:
•
•
•
•
•
•
1
2
3
Ny samarbeidsavtale2013-2017
Ann-Dyveke Huseth, Helse Vest IKT, prosjektleiar
Guro Mjanger, Helse Førde
Marthe Hammer og Øyvind Blom, Helse Bergen
Anund Rannestad, Helse Stavanger
Pål Nygård, DPI
Kristin Osland Lexow, Helse Vest RHF
I tillegg har Aleksander Valestrand, Tove Hagland, Jannicke Slettli
Wathne og Sølvi Heimestøl bidratt med tekst.
HelseOmsorg21
Helse2020
3
Innovasjonspris til internettbehandling
Tine Nordgreen blir gratulert av styreleiar Terje Vareberg
Foto: Bjørn Erik Larsen
Psykologspesialist Tine Nordgreen fekk Helse Vest sin innovasjonspris for 2014 for eMeistring. Det er
eit tilbod om behandling via internett til personar med sosial angst, panikkangst eller mild til moderat
depresjon.
Komitéen som har innstilt
prisvinnaren, seier i si
grunngjeving at eMeistring
er innovativt i form av bruk
av nye verktøy, tilpassa
tenestetilbod og utvikling av
føremålstilpassa tekstar,
oppgåver, øvingar,
spørjeskjema og sikker
meldingsfunksjon.
– Vi har gode
tilbakemeldingar frå dei
pasientane som har prøvd
programmet. Det krev ein
del eigeninnsats for å drive
med denne typen
behandling, samanlikna
med ansikt til ansiktbehandling. For mange av
pasientane er eMeistring eit
god tilbod dersom
alternativet er å vente på
behandling. Det er mogleg å
kome raskt i gang etter ein
første konsultasjon, seier
Nordgreen til Helse Vest
sine nettsider. Ved
eMeistring har behandlaren
kontakt med pasienten før,
under og etter behandlinga.
Per i dag er eMeistring stort
sett eit tekst-basert
program. Pengane
Nordgreen får for
innovasjonsprisen, ønskjer
ho å bruke til meir
innovasjonsaktivitetar.
– Eg kunne godt tenkje meg
å utvikle programmet ved å
leggje meir lyd og bilete inn
der det er best høveleg,
seier ho.
Kan hjelpe fleire
Rundt ein fjerdedel av alle
nordmenn vil bli ramma av
ei angstliding i løpet av livet.
Med eMeistring kan ein nå
nye pasientgrupper som
elles har høg terskel for å
søke hjelp. Assistert
4
internettbehandling kan
auke behandlingskapasiteten til kvar
behandlar, og dermed
støtte oppunder målet om å
auke tilgjenget til effektive
helsetenester.
Erfaring frå eMeistring viser
at det er mogeleg å nå ut til
3-4 gonger så mange
pasientar samanlikna med
individuelle konsultasjonar.
Behandlingsmetoden kan i
framtida også brukast
ovanfor fleire
pasientgrupper.
Finansiering
eMeistringsprosjektet starta
opp 1. januar 2012, og er eit
treårig innovasjonsprosjekt
finansiert av
Helsedirektoratet, Helse
Vest og Haukeland
universitetssjukehus.
Prosjektet er lagt til Bjørgvin
distriktspsykiatriske senter
(DPS), Psykiatrisk divisjon
Haukeland
universitetssjukehus.
Prosjektet er delt i tre
fasar:
* I fase 1 vert eksisterande
program for panikkliding og
sosial angst gjort
tilgjengelege for
poliklinikkane i Psykiatrisk
divisjon, Haukeland
universitetssjukehus.
* I fase 2 vert programma
tilgjengelege for alle
einingar i Helse Vest, og ein
kan auke det terapeutiske
repertoaret til å omfatte
andre lidingar.
* I fase 3 vert assistert
internettbehandling gjort
tilgjengeleg i heile landet.
Behandlinga inneheld ni modular og varer 9 til 14 veker. Kvar veke får pasienten oppfølging frå ein terapeut som rettleier i
høve til behandlinga.
Foto: Colourbox
5
Nå r alle møter, blir ventetida kortare
I tre år auka Helse Vest kapasiteten på poliklinikkane årleg utan å få bukt med ventelister og
fristbrot. Da begynte Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF, å
stille heilt andre spørsmål. Det var starten på noko stort.
– Vi såg at ventelistene
heldt seg konstante sjølv
om vi auka kapasiteten på
poliklinikkane fleire år på
rad. Det var rart. Det var
som om auke i kapasitet
ikkje hadde nokon
innverknad i det heile tatt,
fortel Christiansen. – Eg
begynte å spørje litt andre
spørsmål: kvifor jobbar vi på
den måten vi gjer? Kva skjer
eigentleg på poliklinikkane?
Kvifor får ikkje pasienten
time med ein gong? Korleis
planlegg vi dagen vår?
Sjukehusa re-planla for
430 000 timar i 2012. Det
tok veldig mykje tid. Tid som
kunne vore brukt til å
behandle pasientar og fått
bukt med ventelister og
fristbrot. – Vi såg at vi
hadde ein teoretisk
kapasitet til å behandle
300 000 fleire pasientar,
fortel Christiansen, men
korleis skulle vi klare å
utnytte tida betre?
– Legane sin
planleggingshorisont er ofte
ikkje meir enn et par veker,
så timar blir tildelt med
veldig kort frist. Da er det
ikkje så rart at mange ser
seg naud til å endre
timeavtalen sin, seier
Christiansen. Pasientane
har jo eit liv sjølv om dei har
vondt. Og når dei i tillegg
ofte ikkje kjem gjennom på
telefon, fordi opningstidene
på avdelinga kanskje berre
er to timar midt på dagen,
ja da er det nok ein del som
vel å ikkje møte til timen sin
utan å si i frå.
I 2012 var det faktisk over
82 000 pasientar som ikkje
møtte utan å si frå. Det
betydde meir re-planlegging
for sjukehusa og lengre
ventetider for pasientane.
Noko måtte gjerast.
Hilde Christiansen så
potensialet som låg i betre
6
planlegging på sjukehusa og
betre kommunikasjon med
pasientar og pårørande. I
2013 gikk startskotet for
prosjektet Alle møter. Med
seg på laget hadde ho
dyktige fagfolk frå Helse
Vest RHF, Helse Vest IKT og
alle helseføretaka i
føretaksgruppa. – Prosjektet
er eit gigantisk
samarbeidsprosjekt, og sjølv
om det blir utvikla mange
nye tekniske løysingar, så er
dette i bunn og grunn eit
stort og komplisert
organisasjonsutviklingsprosj
ekt. Utan vilje til endring frå
alle medarbeidarane våre i
føretaka, hadde ikkje dette
gått, seier Christiansen. –
Det er lagt ned utruleg
mange timar med testing,
endring av arbeidsrutinar,
informasjonsarbeid osv.
Hilde Christiansen
Elektronisk brukardialog
27. januar 2014 vart
vestlandspasienten.no
lansert. Ei innloggingsløysing, utvikla i samarbeid
med helsenorge.no. Her kan
ein logge seg inn med bankID og få oversikt over
timane ein skal på
sjukehuset, sjå status på
tilvisingane sine, legge
timen i kalender, bekrefte
at ein kjem til timen, og
sende ein melding om ein
har spørsmål, ønskjer å
endre timen, eller ønskjer å
avslutte behandlinga. Ein
kan òg sjå timane og
tilvisingane til eigne barn
under 12 år som bur på
same folkeregistrerte
adresse.
– Vestlandspasienten.no
handlar om å gje god
service til pasientane. No
kan dei sende ei melding
midt på natta om dei
ønskjer. Og alle får svar
innan to virkedagar, seier
Pernille Gisselmann, som er
prosjektleiar for vestlandspasienten.no. Sidan
oppstartinga i januar 2014
har det kome til nye
funksjonar kvar anna
månad, og fleire skal det bli.
– Vi har ei lang ønskjeliste
med funksjonar som vil
komme på plass i løpet av
2015 og 2016, seier
Gisselmann. –Aller øvst står
moglegheita til å få opp ein
elektronisk versjon av
innkallingsbrevet inne på
portalen. Då vil du ha all
informasjon du treng, frå
tilvising til behandling, på
nett.
Men alle er ikkje like
komfortable med å bruke
nettet, og det er heller ikkje
nødvendig. Det er også
utvikla ein ringetenesteapplikasjon, som gjer det
lett for kontorpersonell på
sjukehusa å få opp ein
oversikt over dei pasientane
det er størst fare for at ikkje
kjem til å møte. Så ringer
dei rett og slett til personen,
og minner han eller ho om
timen. – Dei som blir ringt
opp blir overraska, men
berre positivt. Ingen venter
å få den typen service frå
sjukehusa, seier
Gisselmann.
SMS-varslinga er også blitt
utvida. No får ikkje
pasientane berre ein SMSpåminning rett før dei skal
til timen sin. Dei får også ein
SMS i det timen blir tildelt.
Då er det lett å legge
avtalen rett i sin eigen
kalender, og det blir enklare
å hugse timen. En når også
ut til dei gruppene som det
kan vere vanskeleg å nå
med brev. Mange
rusmisbrukarar har, for
eksempel, ikkje fast bopel,
men alle har ein
mobiltelefon, seier
Gisselman.
7
Avansert
oppgåveplanlegging
Tidlegare nytta legegruppa
fleire ulike system for å
planleggje arbeidsdagen sin.
Dei hadde eitt system for å
planlegge si eiga arbeidstid
(GAT), eitt anna system for
å planlegge behandling av
pasientar (Dips) og eit tredje
system for å planlegge
operasjonar (Orplan eller
Orbit).
Gjennom delprosjektet
avansert oppgåveplanlegging har ein utvikla
ny funksjonalitet i GAT, som
gir legegruppa moglegheit
til å planlegge og styre både
arbeidstid og
arbeidsoppgåver i eitt og
same system (GAT).
Informasjon om oppgåver
og ressursar frå
oppgåvevaktboka i GAT
visast no på intranett og i
outlook, som igjen muliggjer
å ha informasjonen lett
tilgjengeleg på sin eigen
smarttelefon. Dette
erstattar tidlegare manuelle
informasjonsrutinar, og er
både meir effektivt og
mindre utsatt for feil.
Vil ha fleire over på nett
Eit år ut i prosjektet er
entusiasmen stor. Ja, det er
tøft å endre arbeidsrutinar,
men dei som har jobba på
avdelingar med avansert
oppgåveplanlegging ønskjer
ikkje å gå tilbake. Det
opplevast som å gå tilbake i
tid, seier nokon som har
erfart akkurat det.
For kontorpersonell i
poliklinikkane er det klar
tale: dei ønskjer fleire
meldingar frå pasientar via
vestlandspasienten.no.
– Ikkje ring. Logg deg på
vestlandspasienten.no.
Enkelt for deg. Bra for oss,
oppmodar Elvisa Selimovic
ved augepoliklinikken i
Haugesund.
– Eg liker ordninga, og vil ha
fleire til å sende oss melding
over nettet. Då kan vi sjølve
styre arbeidsdagen, fordele
og prioritere oppgåver.
Også pasientane visar
engasjement. På Rus og
psykiatri poliklinikk i
Haugesund jobbar
Margareth Heimdal:
– I starten var det noko
skepsis til SMS-påminninga,
men dette har minka.
Faktisk har skepsis gått over
til engasjement. Mange av
våre pasientar bytter
telefonnummer ofte, og det
vi no opplever er at dei sjølv
passer på at vi har riktig
telefonnummer, sånn at dei
får den påminninga dei
treng.
Artiklar om Alle møter:
Vinnar av eHelseprisen 2014 (Computerworld):
http://www.cw.no/artikkel/it-helse/ehelseprisen-til-vestlandspasienten
Skriv meldinger på nett direkte til SUS (Stavanger Aftenblad):
http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/stavanger/Skriv-meldinger-pa-nett-direkte-til-SUS3517702.html
Få oversikt over legetimene på nett (Bergens Tidende):
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Fa-oversikt-over-legetimene-pa-nett-3211121.html
Alle møter på nett:
http://www.helse-vest.no/allemoter
http://vestlandspasienten.no/
- Innføring av løsningen i Helse Vest er planlagt til perioden 2016 - 2017
8
KULE
Dette venter vi på i spenning
Vi gleder oss til vi får elektronisk kurve og vi venter i spenning, sier klinikkdirektør Anne Taule på
Haukeland. Hun leder en av pilotavdelingene som våren 2015 skal bli de første brukerne av «KULE».
Bak det noe kryptiskeprosjektnavnet «KULE» skjuler det seg en løsning som vil kunne revolusjonere
hverdagen til tusenvis av helsearbeidere på Vestlandet
- Vi gleder oss til KULE kommer, sier klinikkdirektør Anne Taule. Her i midten under åpningen av Korttidsposten i høst.
Haukeland
universitetssjukehus.
Lungeavdelingen, Medisinsk
avdeling og den nye
Mottaksklinikken står for
pilotgjennomføringen.
I tillegg til å bli et helt nytt
arbeidsverktøy for de
ansatte, vil KULE bedre
pasientsikkerheten og skape
en bedre pasientflyt i
sykehusene. Helsepersonell
fra alle helseforetakene i
Vest deltar i det omfattende
prosjektet som skal anskaffe
et system som etter hvert
kan avløse de ulike
papirkurvene som finnes i
dag.
- Vi gleder oss til KULE
kommer, sier klinikkdirektør
Anne Taule. Hun leder den
nye Mottaksklinikken på
Haukeland universitetssjukehus.
I november 2014 ble det
skrevet kontrakt med den
tyske leverandøren Meona.
Nå nærmer det seg
innføring på de tre
pilotavdelingene på
Klinikken er under stadig
utvikling og skal bli en helt
ny måte å ta imot pasienter
som kommer til Haukeland
via akuttmottak. Pasienter
skal tas imot, bli
diagnostisert og flyttet
videre til rett avdeling på
sykehuset på en annen og
bedre måte enn før.
Pasientgjennomstrømninge
n blir stor og Taule sier at
den nye klinikken nesten vil
være umulig å få til å
fungere uten en elektronisk
kurve.
- I Mottaksklinikken har vi
forventninger til at KULE vil
kunne forenkle arbeidsprosessene, understøtte
teamarbeidet og bidra til en
tryggere kommunikasjon
om og med pasienten. KULE
vil også være en betydelig
støtte i beslutnings-
9
punktene i pasientforløpene
samtidig som vi lettere vil
kunne hente ut data for
overvåkningen av
kvalitetsmålene, sier
klinikkdirektøren.
Hun får støtte av
seksjonsoverlege ved
infeksjonsmedisinsk
seksjon, Steinar Skrede.
- Vi er mange medarbeidere
i sykehuset som ser fram til
å få elektronisk kurve. Vi
trenger sårt bedret
tilgjengelighet på
pasientdataene slik at de
følger pasientene uten
forsinkelse. Dette vil også
øke sikkerheten til
pasientene, ikke minst når
det gjelder
legemiddelhåndtering, sier
Skrede.
KULE-prosjektet skal
tilrettelegge, pilotere og
innføre helhetlig kurve- og
legemiddellogistikkløsninger
for alle foretak i Helse Vest.
Løsningen skal erstatte
dagens papirkurver, og
omfatter også lagerhold for
legemidler på
sykehuspostene og
bestilling av legemidler fra
sykehuspostene til
sykehusapotek.
Tyske Meona sin
kurveløsning er velprøvd og
i drift på en rekke sykehus i
Tyskland. I hovedsak er
selve kurven en ferdig
utviklet løsning. Men det vil
være nødvendig å gjøre
tilpasninger til Helse Vestforhold slik at kurveløsningen integreres med og
spiller sammen med andre
kliniske løsninger slik som
for eksempel PAS/EPJ, lab
og apoteksystem. I
desember i 2014 var en
rekke personer, både fra
prosjektet og pilotavdelingene i Tyskland for å
ta løsningen nærmere i
Øyesyn
Pilotering av regional
løsning
Pilotering handler om å
teste ut alle deler ved
løsningen som generell
funksjonalitet, utprøving av
nye arbeidsprosesser som
følger av at vi går over til
elektronisk kurve, teste at
integrasjoner med
medisinsk teknisk utstyr og
andre deler av
pasientjournalen fungerer,
og at overføring mellom
avdelinger går som planlagt.
KULE prosjektet skal innføre
regionale løsninger. Selv om
selve piloteringen skjer på
Haukeland er derfor alle
foretak involvert i
planlegging og
tilrettelegging av løsningen
gjennom deltakelse i
prosjektgrupper og
referansegrupper.
Pilotavdelingene på
Haukeland skal prøve ut og
hente erfaring med bruk av
løsningen, arbeidsprosesser
og innføringsmetodikk.
Et stort løft
Det er et stort løft å
etablere regionale
standardiserte beste praksis
prosesser. Og for å nå dette
målet skal de faglige
føringer for
arbeidsprosesser,
prosedyrer og rutiner som
utarbeides i prosjektet
forankres og godkjennes av
et utvalg bestående av alle
Fagdirektørene i Helse Vest
sine fem Helseforetak og en
representant for DPI, og
ledes av Fagdirektør i Helse
Vest RHF. I tillegg vil alle
foretak være representert i
Styringsgruppen for piloten
som gjennomføres i Bergen.
Bedre pasientsikkerhet og
enklere arbeidshverdag
Forbedret pasientsikkerhet
og helhetlig pasientforløp er
viktige mål ved overgangen
til elektronisk kurve- og
legemiddelhåndtering.
Pasientinformasjonen vil
følge pasienten uavhengig
av hvor han eller hun
befinner seg i sykehuset og
umiddelbart være
tilgjengelig for alle som har
bruk for den. Dette vil bidra
til å redusere uønskede
legemiddelhendelser og
støtte opp om helhetlige
pasientforløp.
For helsepersonellet vil den
elektroniske kurveløsningen
10
forenkle arbeidshverdagen
blant annet ved å gi støtte
til beslutninger om
behandling og pleie, og
gjøre det mulig å
automatisere oppgaver
innen legemiddelordinering
og logistikk.
Anne Taule
Utprøving av ELK
Parallelt med pilotering av
kurve- og logistikkløsning
skal det gjennomføres en
utprøving av elektroniske
legemiddelkabinett (ELK).
Utprøving av disse
elektroniske
lagerløsningene vil skje i
noen av de samme
enhetene som piloterer
kurveløsningen. Erfaringene
fra utprøvingsperioden med
ELK vil gi et viktig grunnlag
for om det skal satses
ytterligere på innkjøp av
elektroniske
legemiddelkabinett i Helse
Vest.
Hvem blir brukere av KULEløsningene?
Elektronisk løsning for kurve
og legemiddelhåndtering vil
bli et viktig arbeidsredskap i
det daglige arbeidet og alt
helsepersonell i sykehus og
sykehusapotek blir brukere
av løsningene som anskaffes
i KULE-prosjektet.
Innen utgangen av 2017 er
planen at alle avdelinger i
alle foretak i Helse Vest skal
ha tatt i bruk elektronisk
kurveløsning. KULEprosjektet involverer alle
helseforetakene i Helse
Vest. Private ideelle
institusjoner med avtale
med Helse Vest skal også
kunne tilknytte seg de
kontrakter som skal inngås.
FAKTABOKS
- KULE står for Kurve og
legemiddelhåndtering
- Helse Vest har inngått
avtale med Baxter AS med
underleverandør Meona
GmbH som skal levere en
helhetlig og
gjennomgående elektronisk
kurve som dekker alle
fagområder.
- Løsningen inkluderer
elektronisk bestilling og
lagerstyring for
apotekvarer på
sykehusenhetene
- ARX Norge AS forhandler
Carefusion, som er innstilt
til kontrakten skal levere
elektroniske
legemiddelkabinett
- Alle Helseforetak i
regionen er representert i
arbeidet med pilot.
- Pilotering av
kurveløsningen skjer i
Bergen i perioden mai til
november 2015.
- Pilotavdelinger:
Mottaksklinikken,
Lungeavdelingen og
Medisinsk avdeling.
- Innføring av løsningen i
regionen er planlagt til
perioden 2016 - 2017
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24