Møteinnkalling Utvalg: Møtested: Dato: Tidspunkt: Nasjonalparkstyret for Reinheimen Tunstugu, Lesja Bygdetun 10.06.2015 13:00 Eventuelt forfall må meldes snarest på tlf. 468 97 683. Vararepresentanter møter etter nærmere beskjed. 1 Saksliste Utvalgssaksnr Innhold ST 14/15 Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av to representantar til å skrive under protokoll saman med styreleiar Lukket Arkivsaksnr 2003/4333 Referatsak Retningslinjer for vurdering av presedens i byggesaker etter naturmangfoldloven § 48 2015/2545 Fasadeendring på Øygardsetra på Vangen i Finndalen? 2015/3585 Til orientering - Reinheimen nasjonalpark Overføring av nedbørfeltene Øvre Koppane og Nausthorn til Tafjord 5 kraftstasjon - Tafjord Kraftproduksjon AS 2015/3606 Orientering - Reinheimen nasjonalpark - Tiltak i Finndalen - Finndalsvegen vest - Setereiere på Vangen 2015/656 Søknad - Lordalen landskapsvernområde Bygging av nytt uthus ved Lordalshytta gnr. 156/1/156 - Lesja fjellstyre 2015/2224 Søknad - Reinheimen NP - Riving av gammelt og oppsetting av nytt uthus/wc gnr. 159/1/73 på Vangen i Finndalen - Arve Bakken 2015/3308 Søknad - Reinheimen nasjonalpark - Oppsetting av utedo på Lusa i Finndalen - Kristin Skaansar 2015/978 Avslag på søknad - Tilskudd - Verdiskaping basert på naturarven - Innfallsport Billingen 2015/3586 Revidering av vedtekter for nasjonalparkstyrer og av stillingsinstruks for forvaltere - Innspill 2014/8682 ST 15/15 Referatsaker 2003/4333 DS 28/15 Trollstigen LVO - Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 - bruk av snøscooter for transport av materialer og utstyr i samband med vedlikehald av hytte - Reidar Bjørstad 2015/1906 DS 29/15 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - bruk av snøscooter for transport av båt til Bollvatnet - Ola Lundemo 2015/1904 DS 30/15 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon Motorferdsel - 2015 - 2019 - Bruk av motor til båt på Leirungsvannet - John Teigum 2015/899 DS 31/15 Romsdalen LVO - Reinheimen NP Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - 2015/3332 2 materialtransport til Vakkerstølen - ÅlesundSunnmøre Turistforening DS 32/15 Ottadalen LVO - Finndalen LVO - Dispensasjon Motorferdsel - 2015 - bruk av snøscooter for maretialtransport til hytte ved Storlusa - Ole Ivar Skaansar 2015/1905 DS 33/15 Reinheimen NP - Ottadalen LVO - Finndalen LVO - Motorferdsel - 2015 - 2017 - varetransport til gjetarbuer og saltkøyring med snøscooter for Finndalen bruksrettslag - Rolv Kjeka 2015/2034 DS 34/15 Romsdalen landskapsvernområde - Motorferdsel 2015 - 2017 - varetransport til hytte 88/15 - Frank Sæther 2015/2068 DS 35/15 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon Motorferdsel - 2015 - Bruk av snøskuter for transport til Stammåtjern - Espen Opsahl 2015/2567 DS 36/15 Reinheimen nasjojnalpark - Motorferdsel 2015 varetransport til gjetarbu i Skårvangen - Magnar Hidemstrædet 2015/1604 DS 37/15 Ottadalen LVO - Motorferdsel 2015 Dispensasjon - varetransport til og frå bu og naust ved Lortjønna - Leif Skiaker 2015/2113 ST 16/15 Delegerte saker 2003/4333 ST 17/15 Sak - Finndalen landskapsvernområde Inngjerding av tilleggareal til seterkve på Vangen. 2014/2989 ST 18/15 Ottadalen LVO - Dispensasjon - 2015 - plassering av kano ved Aukarsvatnet - Bjørn Sverre Tengesdal 2015/3331 ST 19/15 Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2015 - Utvidelse av massedeponi ved Styggfonngrova gnr. 71/1 - Jan Magnus Fladmark 2015/710 ST 20/15 Reinheimen NP - Dispensasjon - Utskifting av bru - Motorferdsel - 2015 - Bruk av helikopter til frakt av materialer i forbindelse med bygging av ny bru Reindalseter - Ålesund-Sunnmøre Turistforening v/ Åsmund Steen 2015/3356 ST 21/15 Eventuelt 2003/4333 Kompetanseprosjekt for Reiselivsbedriftene, info. v/Kristine Sørlie - fellesprosjekt for alle nasjonalparkane med areal i Oppland v/nasjonalparkforvaltarane - verdiskapingsmidlar frå Miljødirektoratet 3 ST 14/15 Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av to representantar til å skrive under protokoll saman med styreleiar 2003/4333 4 Referatsak Retningslinjer for vurdering av presedens i byggesaker etter naturmangfoldloven § 48 Fasadeendring på Øygardsetra på Vangen i Finndalen? Til orientering - Reinheimen nasjonalpark - Overføring av nedbørfeltene Øvre Koppane og Nausthorn til Tafjord 5 kraftstasjon - Tafjord Kraftproduksjon AS Orientering - Reinheimen nasjonalpark - Tiltak i Finndalen - Finndalsvegen vest Setereiere på Vangen Søknad - Lordalen landskapsvernområde - Bygging av nytt uthus ved Lordalshytta gnr. 156/1/156 - Lesja fjellstyre Søknad - Reinheimen NP - Riving av gammelt og oppsetting av nytt uthus/wc gnr. 159/1/73 på Vangen i Finndalen - Arve Bakken Søknad - Reinheimen nasjonalpark - Oppsetting av utedo på Lusa i Finndalen - Kristin Skaansar Avslag på søknad - Tilskudd - Verdiskaping basert på naturarven - Innfallsport Billingen Revidering av vedtekter for nasjonalparkstyrer og av stillingsinstruks for forvaltere Innspill 5 ST 15/15 Referatsaker 2003/4333 6 DS 28/15 Trollstigen LVO - Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - bruk av snøscooter for transport av materialer og utstyr i samband med vedlikehald av hytte - Reidar Bjørstad 2015/1906 DS 29/15 Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 - bruk av snøscooter for transport av båt til Bollvatnet - Ola Lundemo 2015/1904 DS 30/15 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 2019 - Bruk av motor til båt på Leirungsvannet - John Teigum 2015/899 DS 31/15 Romsdalen LVO - Reinheimen NP - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - materialtransport til Vakkerstølen - Ålesund-Sunnmøre Turistforening 2015/3332 DS 32/15 Ottadalen LVO - Finndalen LVO - Dispensasjon - Motorferdsel 2015 - bruk av snøscooter for maretialtransport til hytte ved Storlusa - Ole Ivar Skaansar 2015/1905 DS 33/15 Reinheimen NP - Ottadalen LVO - Finndalen LVO - Motorferdsel 2015 - 2017 - varetransport til gjetarbuer og saltkøyring med snøscooter for Finndalen bruksrettslag - Rolv Kjeka 2015/2034 DS 34/15 Romsdalen landskapsvernområde - Motorferdsel 2015 - 2017 varetransport til hytte 88/15 - Frank Sæther 2015/2068 DS 35/15 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2015 Bruk av snøskuter for transport til Stammåtjern - Espen Opsahl 2015/2567 DS 36/15 Reinheimen nasjojnalpark - Motorferdsel 2015 - varetransport til gjetarbu i Skårvangen - Magnar Hidemstrædet 2015/1604 DS 37/15 Ottadalen LVO - Motorferdsel 2015 - Dispensasjon - varetransport til og frå bu og naust ved Lortjønna - Leif Skiaker 2015/2113 7 ST 16/15 Delegerte saker 2003/4333 8 NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN Sak Arkivsaksnr: 2014/2989-0 Sakshandsamar: Bjørn Dalen Dato: 23.04.2014 Utval Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalssak 35/14 Møtedato 27.11.2014 Nasjonalparkstyret for Reinheimen 17/15 10.06.2015 Sak - Finndalen landskapsvernområde - Inngjerding av tilleggsareal til seterkve på Vangen. Nasjonalparkforvaltar si innstilling: Nasjonalparkstyret for Reinheimen vedtek å gje Arne Bergon Staurustvegen 82, 2690 Skjåk løyve til å gjerde inn eit tilleggsareal til seterkvea han har på Vangen seterstul i Finndalen landskapsvernområde. Løyvet blir gjeve med heimel i verneforskrifta for Finndalen landskapsvernområde, § 3 pkt. 1.3 bokstav h. Det er sett følgjande vilkår i saka: Det kan gjerdast inn eit areal på 30 x 40 meter, som skissert på kart frå Finndalen fjellstyre. Det skal brukast gjerdemateriell som på seterkvea for å få eit einskapleg preg. Nasjonalparkstyret for Reinheimen kan be om at gjerdet blir fjerna. Det må innhentast serskilde løyve frå grunneigar og fjellstyre. Dokument i saka: Søknad var sendt Finndalen fjellstyre 05.06.2013/03.03.2014 og handsama i fjellstyret sak 8/14. Den vart sendt over til sekretariatet for Nasjonalparkstyret for Reinheimen 15.04.2014 for handsaming etter verneforskriftene. Søknaden Arne Bergon, Staurustvegen 82, 2690 Skjåk som har seter på seterstulen Vangen i Finndalen landskapsvernområde. Han søkjer om å justere grensa og gjerde rundt seterhusa. Årsaka er problem med at seterhusa ligg i flukt med gjerdet noko som gjer at husdyr samlar seg tett inn til husa. Han ynskjer derfor å gjerde inn eit areal rundt seterhusa på yttersida for å få rom mellom gjerde og husa. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Finndalen landskapsvernområde dagsett 24.november 2009. 2. Naturmangfaldlova, dagsett 19, juni 2009 nr.100. Naturmangfaldlov, verneforskrift, verneformål og forvaltningsplan 9 Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet med Finndalen landskapsvernområde er m.a. å ta vare på eit eigenarta og vakkert natur- og kulturlandskap der verdifullt setermiljø, vegetasjon og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. I følgje verneforskrifta for Finndalen landskapsvernområde, er m.a. inngjerding av utmarksareal i utgangspunktet forbode jf. verneforskrifta § 3 pkt. 1.1, Tiltaket vil omfatte inngjerding av eit mindre areal i landskapsvernområdet. Verneforskrifta er ikkje til hinder for, m.a: - gjerding i utmark og bygging av sankekveer (verneforskrifta § 3 pkt. 1.3 bokstav h). I forvaltningsplanen heiter det om gjerding i Finndalen landskapsvernområde: Gjerde- og sanketrøer § 3, pkt. 1.3, h, jf. 1.2, a. Etter søknad kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til gjerding i utmark i den grad det er nødvendig for landbruksdrifta eller skjøtsel av kulturlandskapet. Gjerding skal kunne skje med tradisjonelle gjerdetypar som skigard, stakitt, steingjerde eller einergjerde. Det skal også kunne nyttast nettinggjerde eller straumgjerde. Sanketrøer bør plasserast innåt anna inngjerd område. Det blir ikkje opna for å gjerde inn hytter og buer. Vurdering Vurdering Området ligg på nordsida av Finndalen 900 meter over havet. Området er prega av bruk over lang tid som beite. Vegetasjonen består av furu med einer, og gras og lyng som botnvegetasjon. I området vest for setra er landskapet dominert av stadige påverknad frå elva Råkååe, som har fleire flomfar. På vestsida er overgangen til furuskog dominerande. På seterstulen er det enkelte overstandarar av furu og litt bjørk. På nordsida er det eit naturleg, glissent furubestand. 10 Det er 13 seterkveer på Vangen i dag. Området kan klassifiserast som naturbeitemark. Eksisterande seterkve er ca. 12 dekar. Med nytt innlegg vil arealet bli ca.13 dekar. Området det er søkt om å gjerde inn ligg inntil eksisterande seterkve på nordsida inntil seterhusa. Kunnskapen om området er god. I rapport om kartlegging av naturtyper og kulturlandskapsverdiar i Finndalen, MU rapport 2011:54, heiter det om området: Vangen-sørstulen En forholdsvis artsfattig lokalitet, som i imidlertid har innslag av enkelte noe kravfulle arter som snøsøte, flekkmure og fjellbakkestjerne. Ellers ble naturengarter og seterplanter som fjelløyentrøst, kjerteløyentrøst, sauesvingel, blåklokke, småsyre, fjelltimotei, kattefot og tiriltunge notert. Arealet beites av storfe og hest og nedbeitinga er noe ujevn, der svakt gjengroende partier veksler med hardt beitede partier. Nedre del bar preg av tidligere gjødsling. Hevden er ikke ideelt tilpasset lokaliteten. Hest er gunstig for å få bukt med sølvbunkedominansen i nedre del av beitet, men hestene foretrekker nok å beite på de mer urterike gulaksengene i øvre del. En mulig løsning kan være å dele opp beitet med strømgjerde for å få en hard nedbeiting med hest av sølvbunkeenga for en kortere periode. For øvrig er ekstensiv til moderat intensiv beiting med storfe en god hevd for lokaliteten. Lokaliteten er en viktig del av kulturlandskapet på Vangen og er også en del av det helhetlige, kulturskapte landskapet i Finndalen. Det meste av lokaliteten har ugjødslet kulturmarkseng i god hevd, som er vurdert som sårbar i ny norsk rødliste for naturtyper, og den har innslag av noen kravfulle arter. Det er innslag av noen kravfulle arter. Hevden er imidlertid ikke ideelt tilpasset lokaliteten, og den vurderes derfor bare å være av lokal verdi (C). Økosystembelastninga i området totalt sett er liten. Det er tradisjonelle seterkveer som ligg spreidd i terrenget. Terreneget framstår som steinrikt med dominans av gneis. Største påverknad på vegetasjonen er beite. Det er forholdsvis stort beitetrykk framleis i Finndalen sjølv om det ikkje lenger er setring på Vangen er det mykje beitedyr i området. Sekretariatet vurderer kunnskapsgrunnlaget godt. Tiltaket er lite og vil ikkje påverke landskap og økosystem nemneverdig. Tiltaket er ikkje av ein slik art at det er aktuelt å nytte føre-varprinsippet. Seterområda i Finndalen har vore i bruk langt attende i historisk tid og bruken har endra seg lite. Med inngjerding av eit mindre areal blir påverknaden på landskap og økosystem liten. Nasjonalparkforvaltaren vurderer tiltaket slik at det kan gjennomførast som omsøkt på visse vilkår. Saksprotokoll i Nasjonalparkstyret for Reinheimen - 27.11.2014 Det vart i møtet gjort forslag om å utsette behandling av saka, med ønskje om ei synfaring til våren for å sjå på seterkvea til Arne Bergon. Forslaget om utsetting vart samrøystes vedteke. Vedtak Saka vert utsett til etter synfaring våren 2015. 11 12 NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN Saksfremlegg Arkivsaksnr: 2015/3331-2 Sakshandsamar: Kristine Sørlie Dato: 27.05.2015 Utval Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalssak 18/15 Møtedato 10.06.2015 Ottadalen LVO - Dispensasjon - 2015 - plassering av kano ved Aukarsvatnet - Bjørn Sverre Tengesdal Forvaltar si innstilling Med heimel i naturmangfaldlova § 48 får Bjørn Sverre Tengesdal dispensasjon frå verneforskrift for Ottadalen landskapsvernområde for utplassering av ein kano ved Aukarsvatnet i Skjåk. Det vert gjeve dispensasjon fordi plassering av kanoen ved Aukarsvatnet ikkje strider mot vernevedtakets formål, og påverkar ikkje verneverdiane nemneverdig. Vilkår vil avbøte på eventuelle ulemper. Vilkår: Kanoen skal merkast med eigars namn, og ved utplassering skal det leverast bilete til nasjonalparkforvaltninga. Dersom opplag av kanoen er til hinder for ferdsla langs vassdraget eller får negative konsekvensar for verneverdiane kan nasjonalparkstyret krevje at kanoen blir fjerna. Kanoen skal plasserast slik i terrenget at den er minst mogleg eksponert / skjemmande i landskapet. Saksopplysningar Dokument i saka: - Søknad frå Bjørn Sverre Tengesdal, e-post 12.05.2015 Søknaden: Bjørn Sverre Tengesdal søkjer om å få plassere ein kano ved Aukarsvatnet i Skjåk og Ottadalen landskapsvernområde. Kanoen vil bli bore fram til vatnet, og skal brukast i samband med fisking. 13 Søknaden er vurdert i samsvar med: - Forskrift for Ottadalen landskapsvernområde, 24.november 2006. - Naturmangfaldlova, 19.juni 2009 - Forvaltningsplan for Reinheimen, 2010 Verneforskrift, verneformål og Forvaltningsplan for Reinheimen Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særlig i forhold til landskap og dyreliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldloven §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og arter) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslige prinsipp). Formålet med Ottadalen landskapsvernområde er å ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde, ta vare på det biologiske mangfaldet i området, med særleg vekt på villreinstammen i Ottadalen nord, og ta vare på kulturminne mellom anna knytt til vatningsanlegg. Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Etter verneforskrifta for Ottadalen lvo, § 3, pkt. 3.2, a), er det opna for fiske i verneområdet, og all ferdsel skal skje omsynsfullt og varsamt slik at det ikkje skjer skade på landskap, naturmiljø eller kulturminne. Spørsmålet om båt/kano i opplag er ikkje omtala i vernereglane for Ottadalen lvo, så plassering av kano ved Aukarsvatnet må vurderast som unntak frå vernereglane, og behandlast som dispensasjon etter naturmangfaldlova § 48: « ..det kan gjevast dispensasjon dersom det ikkje strider mot vernevedtakets formål og det ikkje kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig.» I forvaltningsplanen for Reinheimen står det på på s. 46 om båt i opplag under kap om Reinheimen nasjonalpark: «Båt i opplag, § 4, Naturmangfaldlova, § 48. Ved fiskevatn der det er opna for fiske med garn eller oter kan det vurderast å gi løyve til å ha båt i opplag på land. Dersom opplag av båtar er til hinder for ferdsla langs vassdraget eller får landskapsmessige konsekvensar, kan forvaltningsstyresmakta gje nærare føresegner for det enkelte vatn, om talet på båtar og kor og korleis dei skal lagrast.» 14 Vurdering Aukarsvatnet er eit lett tilgjengeleg fiskevatn på 1285 moh, nord for Aursjoen i Ottadalen lvo. Det er ei lita steinbu nord ved vatnet, men ikkje naust. I følgje grunneigaren, Skjåk Almenning er det nokre andre båtar på nordsida av vatnet. Dei miljørettslige prinsippene i naturmangfoldlova må vurderes: Kunnskapsgrunnlaget (§ 8) for området er godt. Spesielt Naturbasen, og diverse rapporter og kontinuerlig overvåking gir et godt grunnlag for å vurdere naturtilstanden. Det er ikke vurdert som nødvendig å bruke føre var-prinsippet (§ 9). Fiske er ein tradisjonell aktivitet i verneområdet som det er opna for i vernereglane, og det kan etter verneforkrifta § 3, pkt. 5.3, b) gjevast løyve til utkøyring av båt i verneområdet. Vernereglane er heller ikkje til hinder for fisking frå båt, men det manglar retningsliner for plassering av båt i opplag ved fiskevatn. Kanoen skal bæres inn til vatnet, og vil ha svært liten påvirkning for den samlede belastningen på verneområde ( § 10). Det er ikke grunnlag for å belaste tiltak med ekstra tiltak og kostnader (§11). Vilkår vil avbøte på eventuelle ulemper for verneverdiene. Ut i fra ei total vurdering og erfaringene med fiske som aktivitet i verneområdet, mener Nasjonalparkforvalteren at dispensasjon for plassering av båt kan gjevast under gjevne vilkår. 15 NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN Saksfremlegg Arkivsaksnr: 2015/710-3 Sakshandsamar: Kristine Sørlie Dato: 26.05.2015 Utval Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalssak 19/15 Møtedato 10.06.2015 Romsdalen landskapsvernområde - Dispensasjon - 2015 - Utvidelse av massedeponi ved Styggfonngrova gnr. 71/1 - Jan Magnus Fladmark Forvaltar si innstilling Med heimel i verneforskrift for Romsdalen landskapsvernområde § 3, pkt. 1.3, bokstav o), får Jan Magnus Fladmark løyve til ei mindre utviding av areal, mellom E136 og Rauma elv (gnr./bnr: 71/1, Rauma kommune), for mellombels lager av masser frå Styggfonngrova. Vilkår: Arealet til mellombels lager av masse skal avgrensast på inntil 2 daa, skissert på flyfoto i saksutgreiinga. Masselageret skal ikkje vera høgare enn vegbana på E 136. Nasjonalparkforvaltaren får mynde til å avklare arrondering av deponi, og plan for mellomlagring i samråd med tiltakshavar. Tilkomsten til mellomlagringsplassen skal stengast for bilar med kjetting. Massane frå Styggfonngrova skal ikkje lagrast permanent, men vera i omløp. Når lagerplassen på 2 daa er fylt opp, så skal det takast ut tilstrekkeleg masse, transporterast bort for bruk etter behov, eller til masselager utanfor landskapsvernområdet. Saksopplysningar Dokument i saka - Søknad frå Jan Magnus Fladmark v/Olav Fladmark, sendt via Fylkesmannen i Møre og Romsdal, brev datert 23.01.2015 Søknaden Jan Magnus Fladmark v/Olav Fladmark søkjer om utviding av massedeponi ved Styggfonngrova, mellom Europaveg 136 og Rauma elv i Romsdalen landskapsvernområde. 16 Området er på ca 6 daa, skissert på flyfoto under: Olav Fladmark skriv i søknaden: «Vi viser til godkjent massedeponi ved Styggfonngrova i Rauma kommune, godkjent i Utval for plan og forvaltning 25.10.2012 saknr 094/12. Og brev fra Fylkesmannen i Møre og Romsdal datert 27.11.2014,der det bes om tilbakemelding på manglende oppfølging av vilkår om høgde på deponiet og stenging av innkjøring. Rauma kommune var 17.12.2014 på befaring i området sammen med grunneier og Jernbaneverket v/Brenden. Det har siste åra komt mye steinmasser ned Styggfonngrova og det er i hovudsak Jernbaneverket som har lagt disse massene i det godkjente deponiet. Under befaringen varJernbaneverket klar på at det i fremtida vil være et stort behov for større lagringskapasitet ved deponiet. E 136 og jernbanen går gjennom området, og disse ligger i fare for å bli oversvømt og ødelagt når det er flom ned Styggfonngrova. Jernbaneverket opplyste for øvrig om at de massene som allerede er deponert vil bli jevna ut slik at høyden på deponiet blir senka neste gang det skal tas ut masse fra Styggfonngrova, noe som høyst sannsynlig blir til våren. Massedeponiet vil bli avstengt med kjetting, og grunneier,Jernbaneverket og vegvesenet vil ha hver sin hengelås. Jernbaneverket vil rydde det aktuelle området for skog før deponering av masser. Massene kan fjernes dersom vegvesenet, jernbaneverket eller andre har behov for masser. Det søkes herved om utvidelse av massedeponiet som vist på vedlagte kart.» Historikk i saka: Utval for plan og forvaltning i Rauma kommune gav løyve til mellomlagring av masse ved Styggfonngrova 25.10.12 i sak 094/12, med slik vedtak: «Med heimel i § 3-1.3 o) i verneforskrifta for Romsdalen landskapsvernområde får Jan Magnus Fladmark får løyve til mellomlagring av masse frå Styggefonngrova på gnr/bnr 71/1 mellom europavegen og elva på område vist i vedlagt kart på desse vilkåra: Masselageret skal avgrensast som vist i vedlagde kart datert 5.10.12, og skal ikkje vera høgare enn vegbanen til Europavegen. Tilkomsten til mellomlagringsplassen skal stengast for bilar mm for å unngå at det blir ein parkeringsplass» 17 NVE gav slik uttale til spørsmål om mellomlagring av masse mellom E 136 og Rauma elv i brev til Rauma kommune, 28.02.2013: «Tiltaket vil etter NVE si vurdering i liten grad påverke flaumforholda i vassdraget. Massane let seg lett erodere og ved ein eventuell stor flaum vil elva erodere og transportere vekk massane. NVE vurderer at tiltaket ikkje kjem i konflikt med verneverdiane som ligg til grunn for vern av vassdraget. NVE vurderer planane slik dei er lagt frem til ikkje å krevje nokon vidare handsaming etter reglane i vassressurslova. NVEs rettleiing Vassressurslova har fleire alminnelege reglar om vassdrag. Desse er gjevne i vassressurslova kapittel 2, og gjeld for alle tiltak i vassdrag. NVE syner spesielt til plikta til å vere aktsam i vassressurslova § 5, som gjev pålegg om at vassdragstiltak skal planleggjast og gjennomførast slik at de er til minst mogleg skade og ulempe for allmenne og private interesser. Vi gjer merksam på at dersom planen vert endra eller det viser seg at allmenne interesser kan bli påverka av tiltaket, kan dette utløyse konsesjonsplikt jf. vassressurslova § 8. Planen må i så fall sendast NVE for ny vurdering. Ved utførte tiltak som er konsesjonspliktige etter vassressurslova vil NVE med heimel i vassressurslova § 59 vurdere pålegg om retting. Iverksetting av konsesjonspliktige tiltak utan naudsynt løyve er straffbart etter vassressurslova § 63. Tiltakshavar er ansvarleg for eventuelle skader og ulemper for private interesser som følgjer av tiltaket.» Fylkesmannen i Møre og Romsdal gav Jan Magnus Fladmark v/Olav Fladmark i brev datert 22.01.15 følgjande pålegg: «Med hjemmel i naturmangfoldloven § 69 fattes følgende vedtak om pålegg: 1. Jan Magnus Fladmark V/Olav Fladmark pålegges å stenge tilkomsten til deponiet. Frist for gjennomføring: 1. juli 2015. 2. Jan Magnus Fladmark v/Olav Fladmark pålegges å redusere høyden på deponiet slik at det ikke er over høyden på europavegen. Masselageret skal avgrenses som vist i kartet som lå til grunn for vedtak av 25.10.2012. Frist for gjennomføring: l. juli 2015. Utvidelse av deponi og fjerning av skog som ikke er i samsvar med gjeldende vedtak kan ikke utføres med mindre det blir fattet ett vedtak i nasjonalparkstyret som gir dispensasjon til utvidelse. Konsekvenser om pålegget ikke blir oppfylt Dersom Fylkesmannen ikke mottar skriftlig tilbakemelding om at pålegget er oppfylt innen fastsatt frist, vil myndigheten etter loven sørge for iverksetting av tiltaket, jf. NML § 71.» Jan Magnus Fladmark v/Olav Fladmark søkte om utviding av massedeponi 05.01.15. Nasjonalparkstyret må ta stilling til ei utviding av mellombels lager av masse ved Styggfonngrova i Romsdalen lvo. Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Romsdalen landskapsvernområde, 24.11.2006 3. Forvaltningsplan for Reinheimen, mars 2010. 4. Naturmangfaldlova, 19. juni 2009 nr.100. Verneforskrift, verneføremål og forvaltningsplan 18 Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar,økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Føremålet med Romsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert naturlandskap med det biologiske mangfaldet som pregar landskapet. Innslag av kulturlandskap der seterhus, setervollar og kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Å ta vare på eit samanhengande område varierande frå høgfjellet med leveområda til villrein i Ottadalen nord til dalbotnen med Rauma elv er og i verneføremålet, samt geologisk førekomstar og landskapsformar. Romsdalen lvo er verna mot alle inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. I verneforskrifta står det vidare under § 3, pkt. 1.2, b) og c), at reglane ikkje er til hinder for vedlikehald av veg og jernbane, og uttak av lausmasser til vegvedlikehald frå område som er spesielt avsett til formålet gjennom forvaltningsplan. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til masseuttak og deponering i sone B, jf. verneforskrifta § 3 pkt. 1.3, o). I forvaltningsplan på s. 101 står det følgjande regler om masseuttak Sone B (§ 3, okt 1.3, o): «Innafor sone B er det sett av område for masseuttak jfr. vedlagde Temakart nr 1. Desse masseuttaka kan nyttast til vegvedlikehald når det er godkjent uttaksplan for kvart enkelt masseuttak og forvaltningsstyresmakta har godkjent denne. Grunneigar skal i samarbeid med forvaltningsstyresmakta utarbeide uttaksplan for kvart masseuttak som skal nyttast før det kan takast masse frå desse. Uttaksplanen skal minimum innehalde avgrensing av område for masseuttak, tidsavgrensing, omfang, plan for utnyttinga av masseuttaket, plan for opprydding/planering og eventuelt gjenplanting. Det kan stillast vilkår til årleg volum og/eller totalvolum for slike masseuttak. Massseuttak i elv skal ikkje overstige 20 m3 per år. Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad peike ut og godkjenne stader for masseuttak innafor sone B til vedlikehald av eksisterande vegar i samband med godkjende byggje- og anleggstiltak eller andre tiltak. Det er ikkje krav om at masse frå slike masseuttak berre skal kunne nyttast innafor landskapsvernområdet. Slike masseuttak skal plasserast slik at dei blir minst mogleg eksponert i forhold til omgjevnadene. Det kan også gjevast løyve til mellomlagring og deponering av masse på nærare utpeikte stader. Der forvaltningsplanen innafor sone B har avsett område til uttak av masse til vegvedlikehald etter punkt 1.2 c, kan grunneigar også ta ut masse til andre lovlege formål enn vegvedlikehald på eigen eigedom. Det kan ikkje gjevast løyve til deponering, mellomlagring eller masseuttak i eller like ved kulturminne. Det er heller ikkje høve til å deponere masse i vassdrag eller strandsona.» Vurdering Nasjonalparkforvaltaren var på ei synfaring ved masselageret 15.05.15 (jf. foto under): 19 Bilete over frå 15.05.15 dokumentarar at deponiet er ikkje stengt med bom, og nivået på lagra masser er høgare enn vegbanen. Vilkåret er ikkje oppfylt. Styggfonngrova ligg i sone B i Romsdalen lvo. Søknaden omfattar ei utviding av massedeponiet frå ca 1,5 daa til ca 6 daa, jf. skisse på flyfoto i søknaden. Det er ikkje avsett areal til masseuttak i området ved Styggfonngrova jf. temakart 1 i forvaltningsplanen. Området øst for jernbanen og vegen, nedst ved utløpet av Styggfonngrova, er det i naturbasen kartlagt en naturtype med lokal viktig verdi (C-område). Naturtypen, Gråor-heggeskog, er på ca 38 daa og har eit rikt artsmangfald med preg av varmekjære arter. Massedeponiet vest for vegen vil ikkje påverke denne naturtypen. Rauma elv er verna vassdrag, jf. verneplan IV, Kunnskapsgrunnlaget for tiltaket er tilstrekkeleg. Spørsmålet som nasjonalparkstyret må ta stilling til er mellom anna om det er grunnlag for ei utviding av mellomlagring av masse mellom E136 og Rauma elv. Ei avgjerd må og vurderast i lys av om ei utviding i dette tilfelle kan skape presedens, og på den måten føre til ei gradvis utholing av verneføremålet. Rauma kommune gav, som forvaltningsmyndigheit i 2012, løyve 25.10.12 til ei mellombels lagring av masse frå Styggfonngrova mellom vegen og elva, med visse vilkår. Nasjonalparkforvaltaren meiner at det vart gjeve tilstrekkeleg areal for mellombels lager, og at det ikkje er nødvendig med ei større utviding av mellomlageret mellom vegen og elva. Det er liten plass mellom E136 og Rauma elv, og eit større deponi vil liggje tett inntil vegen og vera skjemmande i landskapsvernområdet. Løyve til mellombels lagring av masser frå Styggfonngrova betyr at mellomlageret ikkje må utvikle seg til å bli eit større permanent lager, men at dei lagra massane skal vera i omløp. I praksis betyr det at når lagerplassen fyllast opp, så skal det takast ut masse, transporterast bort for bruk eller til lagring på eigna plass utanfor landskapsvernområdet. Ut i frå ei total vurdering meiner nasjonalparkforvaltaren at det er avsett nødvendig areal for mellomlagring av masse frå Styggfonngrova, godkjent av Rauma kommune 25.10.12 i sak 094/12. I søknaden er det vist til ei synfaring 17.12.14, der Jernbaneverket seier at det i framtida vil vera stort behov for større lagringskapasitet ved deponiet. Forvaltaren vil presisere at behovet for framtidig større lagerplass må løysast utanfor landskapsvernområdet. Det er avgrensa plass til ei utviding mellom vegen og elva, og massane skal ikkje lagrast permanent innafor landskapsvernområdet. Massane må vera i omløp. Når lagerplassen er fylt opp, så skal det takast ut tilstrekkeleg masse, transporterast bort til bruk der det er behov, eller til masselager utanfor landskapsvernområdet. Ei større utviding av mellomlageret vil vera skjemmande for landskapet i området, det kan skape presedens, og på den måten føre til ei gradvis utholing av verneføremålet for Romsdalen lvo. Ulempene ved ei større utviding av mellomlageret av elvemasse vil etter forvaltaren sitt syn 20 vera større enn fordelane ved å ta ut steinmasse jamleg, og sørgje for omløp og bruk av massane. Forvaltaren vi foreslå at arealet for mellombels lager av masse frå Styggfonngrova kan justerast noko og avgrensast til eit totalareal på 2 daa, mellom E136 og Rauma elv, som skissert på flyfoto under. Ei arronderingsmessig justering vil imøtekomme behovet for mellombels masselager. Vilkår vil avbøte på evt. ulemper for verneverdiane. 21 NASJONALPARKSTYRET FOR REINHEIMEN Saksfremlegg Arkivsaksnr: 2015/3356-2 Sakshandsamar: Kristine Sørlie Dato: 25.05.2015 Utval Nasjonalparkstyret for Reinheimen Utvalssak 20/15 Møtedato 10.06.2015 Reinheimen NP - Dispensasjon - Utskifting av bru - Motorferdsel 2015 - Bruk av helikopter til frakt av materialer i forbindelse med bygging av ny bru Reindalseter - Ålesund-Sunnmøre Turistforening v/ Åsmund Steen Forvaltar si innstilling Med heimel i verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, § 3, pkt.1.3, k), og § 3, pkt. 5.3, d), får Ålesund-Sunnmøre Turistforening løyve til: 1. utskifting og bygging av ny bru langs T-merka stig til Reindalsseter. 2. transport av byggjemateriale og utstyr med helikopter frå Zakariasvatnet til . Vilkår: - Ny bru skal byggjast på same plass som den gamle brua. Ålesund-Sunnmøre Turistforening er ansvarleg for byggetiltaket og vedlikehald av brua. Utforming og bru-konstruksjon skal vera i samsvar med søknaden. Området skal ryddast etter byggearbeidet, den gamle brua skal fjernast, og overflødig byggjemateriale skal fraktast ut av området etter bygging. Løyvet til helikoptertransport av materialar og utstyr gjeld for ein flyging i perioda 9. – 26.juni 2015. For å minimere helikoptertransporten i verneområdet bør transporten om mogeleg, koordinerast med varetransporten til turisthyttene. I forkant av flyginga skal SNO v/Thomas Rødstøl varslast på tlf.: 915 47 617. Det skal førast køyrebok som skal fyllast ut på forhand og vera med under transporten. Kopi av køyrebok skal sendast forvaltningsstyresmakta. Transporten skal skje omsynsfullt for å unngå skade og ulempe på naturmiljø og menneskje, og avgrensast til det som er nødvendig. 22 Saksopplysningar Dokument i saka: - Søknad frå Ålesund-Sunnmøre Turistforeining v/Åsmund Steen, datert 13.05.2015 Søknaden Ålesund-Sunnmøre Turistforeining søkjer om bygging av ny bru langs T-merka stig til Reindalsseter, og materialtransport med helikopter, i Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde. Åsmund Steen skriv i søknaden: «Hovedbrua oppe ved Ålesund-Sunnmøre Turistforenings hytte, Reindalseter, er moden for utskifting. Det er råteskader i en del av bærende treverk. Med den konstruksjonen brua har i dag er det vanskelig å skifte ut disse uten at brua raser sammen. Vi vil derfor ta ned brua, og bygge en ny bro på samme sted. Brua vil ha bærende konstruksjon i stål, men vil ha tredekke og rekkverk av tre. Ståldragerne på undersiden kamufleres så de knapt blir synlige. Bruspennet er 13 meter. Den gamle brua tas ned på dugnad av oss, mens byggmester Bjørn Vike fra Aurland vil bygge ny bru. Arbeidet koordineres slik at arbeidet med ny bru starter med en gang den gamle er nede. Hyttekomiteen på Reindalseter vil ha årlig ettersyn av brua, og vanlig vedlikehold og utskifting av treverket vil bli gjord på dugnad. Dersom noe må byttes ut av bærende konstruksjoner vil det bli leid inn arbeidskraft til dette. Brua må byttes ut før betjent sesong på Reindalseter starter den 27. juni, og kan derfor ikke koordineres med hovedflygning den 26.-27. juni. Vi søker derfor om tillatelse til å bruke helikopter til dette arbeidet til frakt av material fra Zakariasvatnet en ukedag i perioden mellom 1. og 26. juni. Nærmere tidspunkt vil varsles.» Foto t.v.: eksisterende bru Skisse t.h.: tegning av ny brukonstruksjon 23 Søknaden vert vurdert i samsvar med: 1. Forskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, 24.11.2006. 3. Forvaltningsplan for Reinheimen, mars 2010. 4. Naturmangfaldlova, 19. juni 2009 nr.100. Verneforskrift og verneformål og framlegg til forvaltningsplan Omsynet til verneverdiane i området er vurdert, særleg i forhold til landskap, dyreliv og friluftsliv, jf. verneforskrifta § 2 og naturmangfaldlova §§ 1(Formål), 4 og 5 (forvaltningsmål for naturtypar,økosystem og artar) samt § 7(prinsipp for å ta offentleg avgjerd), jf. § § 8-12 (kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp). Formålet (forskrift § 2) med opprettinga av Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde er å: «- ta vare på eit særprega og vakkert naturlandskap med innslag av kulturlandskap der seterhus, setervollar og kulturminne etter fangst og beitebruk utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart - ta vare på eit samanhengande område varierande frå høgfjellet med leveområda til villreinen i Ottadalen nord til rike lauvskoglier langs Tafjorden - ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer. Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.» Etter verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde, § 3 pkt. 1.2 bokstav d) står det at reglane ikkje skal vera til hinder for er vedlikehald av merka stiar, løyper, bruer og skilt som kan oppretthaldast i medhald i forvaltingsplan. I bokstav b) står det at Alt vedlikehald på bygningar (medrekna bruer) skal ta utgangspunkt i tradisjonell byggjeskikk av omsyn til utforming og materialbruk. Arbeidet skal ikkje medføre endringar av storleik og eksteriøret til bygningen. I forvaltningsplan på s. 59 står det at det med direkte heimel i verneforskrifta kan gjerast vedlikehald av eksisterande stigar med varding, bruer og klopper (jf. temakart nr. 2). Det står vidare at forvaltningsstyresmakta kan godkjenne oppgradering eller anna endring av standard på tilrettelegging i forhold til vernetidspunktet og opparbeiding og merking av nye stigar og løyper når det ikkje skader verneverdiane. Dette gjeld og bygging av nye klopper og bruer. Når det gjeld lufttransport av byggjemateriale er det heimel i verneforskriften § 3, pkt. 5.3, c), til nyttetransport med luftfartøy. Forvaltningsplan: Søknader om lufttransport skal berre innvilgast ved særleg behov som samla gjev mindre motorferdsel. Det er ikkje høve til å gje dispensasjon for landing med luftfartøy for tur- eller reiselivsformål.» Vurdering Tiltaket er meir omfattande enn vanleg vedlikehald på stig og bru. Utskifting til ny bru må behaldlast som ei oppgradering, jf. § 3, pkt. 1.3, k) i verneforkrift for Tafjorden-Reindalen lvo.. Den nye brua skal plasserast på same brukar som eksisterande bru, og vil ikkje føre til endring av turstigen inn til Reindalsseter. Den nye brua vil heller ikkje endre på ferdselen eller trafikken inn i området. Det er sjølve konstruksjon og utforming av brua som vert endra i høve til eksisterande bru. 24 Den gamle brua har råteskader i en del av bærande treverk, og det er i følgje søkjaren vanskeleg å skifte ut desse utan at brua raser saman. Av den grunn ønskjer søkjaren å byggje ein ny bru der bærande konstruksjon er i stål. Ståldragarane på undersiden skal kamuflerast i tre, og rekkverket skal byggjast i tre (sjå skisse over). Sjølv om utforming av brua vert endra i høve til konstruksjon av eksisterande bru, vert den nye konstruksjon etter nasjonalparkforvaltaren sitt syn ei betre løysning. Bruk av stål på bærande konstruksjon gjer brua meir robust, og tryggare. Kamuflasje av stålkonstruksjon med treverk vil gje ei god tilpassing til den tradisjonelle materialbruken i området. Utforminga vil og føre til at brua ikkje blir så høg og dominerande i landskapet. Ut i frå ei total vurdering vil ikkje bygging av ny bru skade eller verke negativt på verneverdiane i området. Vedlikehald og utskifting av brukonstruksjon på ein etablert turstig vil vera både nødvendig av omsyn til tryggleik, og for å oppretthalde utøving av det tradisjonelle friluftslivet i området. Søkjaren har og eit nødvendig og akseptert behov for motorferdsel i samband med utskifting og bygging av ny bru på stigen til Reindalsseter. Det er heimel i verneforskrifta for å gje løyve til lufttransport, jf. § 3, pkt. 5.3, c). § 8 «Kunnskapsgrunnlaget» Det er allment kjent kunnskap at motorferdsel kan ha negativ verknad på dyreliv. I tillegg er støy frå motorferdsel ofte generende på friluftslivet. Dette er bakgrunnen for å minimere motorferdselen. Det er i følgje forvaltningsplan og Naturbase ikkje villrein i dette området, og transporten kjem ikkje i konflikt med villrein. Ein kan ikkje utelukke at det kan vera rovfugl i området, men i forvaltningsplan er trase for lufttransport frå Muldalen til Reindalsseter vurdert som kurrant av omsyn til verneverdiane. Kunnskapsgrunnlaget vurderast til å vera tilstrekkeleg. Det er ikkje nødvendig å ta i bruk § 9 «føre-var-prinspippet». § 10 «økosystemtilnærming og samla belastning» Tiltaket det er søkt om har eit konkret og avgrensa omfang i samband med bygging i 2015. Men nasjonalparkforvaltaren vil understreke at transportoppdraget bør om parktisk mogeleg kunne samordnast med varetransport til turisthyttene for å avgrense motorisert ferdsel i området til eit minimum. Ved og følgje retningslinene i forvaltningsplan for motorferdsel, vil ikkje transporten gje varig skade som truer verneformålet, dyrelivet, eller forstyrre dei som ønskjer å oppleve naturen med minst mogeleg uro i form av støy og motorisert trafikk. Balastninga for verneverdiane er minimale. § 12 Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar. Bruk av helikopter er føremålstenleg metode for å løyse transportbehovet i dette tilfelle, og det gir ikkje varig skade på naturen. Transporten er forbigåande og gir uro over ei stutt periode. Vilkår vil avbøte på eventuelle ulemper for verneverdiane. 25 ST 21/15 Eventuelt 2003/4333 26
© Copyright 2024