Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde

Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
SAKSHANDSAMAR: PETER C. A. KÖLLER – SAKSNR.: 2015/71 – DATO: 13.04.2015
INNKALLING OG SAKSKART 20.04.15
Det vert med dette kalla inn til møte i verneområdestyret.
Tid:
Mondag 20.04.15, kl. 11:00.
Stad:
Skinnarbu
Gje beskjed snarast på 953 00 640 eller [email protected] om du ikkje kan møte. Då vil
vararepresentant bli kalla inn.
Sakliste:
Sak 2015/09 Godkjenning av innkalling og dagsorden.
Sak 2015/10 Underskriving av protokollar.
Sak 2015/11 Saksframlegg: Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde – Søknad om transport av liten
gravemaskin til hytte på gnr. 155 bnr. 3 Brattås i Vinje, samt grøftearbeid ved same hytte – Bjørn
Skinnarland.
Sak 2015/12 Saksframlegg: Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde – Søknad om bruksendring av deler
av høysel på stulen Drambekk gnr. 16 bnr. 2 i Hjartdal – Jon og Ragnhild Bekkhus.
Sak 2015/13 Saksframlegg: Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde – Søknad om bygging av lite uthus
på gnr. 119 bnr. 1 i Hjartdal – Klas S. Våle.
Sak 2015/14 Saksframlegg klagesak: Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde – Søknad om oppføring av
sankebu i Gausdalen gnr. 110 bnr. 2 og 5 i Hjartdal – Aase og Roar M. Fjeld.
Sak 2015/15 Gjennomgang av utkast revidert forvaltningsplan.
Postadresse:
Postboks 2603
3702 Skien
Besøksadresse:
Skinnarbu
3661 Rjukan
Telefon: +47 35 58 61 10
Direktenummer: +47 953 00 640
E-post: [email protected]
Web: www.fylkesmannen.no/telemark
Org.nr: 974 762 684
Side 2
Møtedato
20.04.15
Saknummer
2015/11
SAKSFRAMLEGG: BRATTEFJELL-VINDEGGEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE – SØKNAD OM Å KJØRE
LITEN BELTEGRAVAR TIL HYTTE PÅ GNR. 155 BNR. 3 I VINJE KOMMUNE, OG GJENNOMFØRING AV
GRØFTEARBEID VED HYTTA - BJØRN SKINNARLAND
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet
og skal handsame dispensasjonssaker.
Kort om saka
Grunneigar Bjørn Skinnarland søkjer om løyve til motorferdsle frå Brattås til H.tjønn i Vinje kommune. Det dreier
seg om transport av ein liten beltegravar som skal grave to grøfter frå hytteveggen og 10-15 meter ut. Dette er
naudsynt for å hindre skadar på bygningen.
Søkjaren ønskjer å få jobben gjort sumaren 2015. Det søkjast om å belte maskina etter ein trasé teikna på
vedlagd kart.
Vedlegg
- Søknad med kartvedlegg, dagsett 19.03.15(2015/1405-1).
Andre relevante dokument, ikkje vedlagde
- Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
- Naturmangfaldlova (NML).
- Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014.
- Lov om motorferdsle i utmark og på islagde vatn.
- Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord,
Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.
- Uttale frå villreinnemnda dagsett 24.02.15
Det formelle grunnlaget
Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å:
- Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde.
- Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv.
- Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne.
I verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er utgangspunktet at ”Området skal vere
verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter.”,
jf. pkt 1. Pkt 1.4 seier at ”Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av
forvaltningsstyresmakta. All motorferdsle skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande
markskader, hjulspor ol.”
Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og
verneverdiane i området. Dette går og fram av § 7 i naturmangfaldlova, som seier at prinsippa i §§ 8-12 i lova
skal leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit.
I NML § 8(om kunnskapsgrunnlaget) går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal
byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av
naturtypar, og effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas
karakter og risikoen for å skade naturmangfaldet.
Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett for, jf. § 10 (om
økosystemtilnærming og samla belasting). Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for
verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal føre-varprinsippet leggjast til grunn, jf. § 9, slik at ein ikkje gjer
vesentleg skade på naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag.
Side 3
Etter NML § 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense skade som tiltaket vil
gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det
etter naturmangfaldlova § 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå
ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev
det beste resultatet for samfunnet.
Uttale frå villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell
Nemnda har gjeve følgjande uttale i saka: «Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og NorefjellReinsjøfjell har ut ifra villreinhensyn ingen innvendinger til omsøkte tiltak, da tiltaket mest sannsynlig ikkje vil
forstyrre villreinen i dette området. Villreinnemnda ber om å få informasjon om den videre behandlingen av
søknaden.»
Vurdering
Denne saka er todelt: Det søkast om å kjøre ein 3 tonns gravemaskin med gummibelte frå Brattås til hytte ved
H.tjønn i Vinje kommune, og det søkjast om løyve til å grøfte ved den aktuelle hytta.
Transporten skal skje ved at maskinen køyrast inn på barmark om sumaren når det er som tørrast. På den
måten meiner søkjaren det blir minimale spor i bakken. Mesteparten av traseen er på utsida av verneområdet,
men den innarste og mest høgtliggande delen er innafor verneområdegrensa og ligger i vernesona. Det dreier
seg om ein strekning på om lag 0,5 km innafor landskapsvernområdet. Hytta ligger i vernesona.
Med omsyn til motorferdsle, seier forvaltningsmåla for vernesona at ein skal vere særleg restriktiv i høve til å
dispensere for motorferdsle, og at sona skal oppretthaldast som eit urørt naturområde. All motorferdsle skal gå
føre seg i tråd med lov og føresegner for motorferdsle i utmark og på islagde vatn, med dei avgrensingar som
ligg i verneforskrifta. I områder som er verna i medhald av naturvernlova/naturmangfaldlova, er det strengare
reglar for motorisert ferdsle enn det som følgjer av motorferdslelova/nasjonal forskrift.
I verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde står det i kapittel 4 punkt 1.4 at motorferdsle
skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta, og at all motorferdsle skal gå føre
seg slik at det ikkje oppstår varige skjemmande markskadar, hjulspor og liknande.
Grunngjevinga for denne søknaden er at søkjaren har store problem med at vatn samlar seg ved hytta han
eig. Når vinteren kjem og telen sett seg i bakken, kan hytta bli løfta så mykje som 10 centimeter. Dette er
øydeleggjande for bygget. Det er difor naudsynt å grave to grøfter på kvar seg 10-15 meter slik at ein får leda
vatnet vekk. Det blir ein grøft skrått ut frå hyttas sør-austre hjørne, og ei grøft ut frå det sør-vestre hjørne.
Søkjaren meiner det vil vere best å halde disse grøftene opne. Dette arbeidet meiner søkjaren ikkje lar seg
gjere med handmakt og det søkjast difor om å få ta inn ein mindre gravmaskin for å få jobben gjort. Sjølve
grøftearbeidet meiner forvaltaren må sjåast på som drift og førebyggande vedlikehald av eksisterande
bygningar noko ein har høve til å gjere jr. verneforskrifta punkt 2.2.
Man må vere trygg på at dei verneverdiane som er synleggjort i verneføremålet ikkje vert skadelidande om det
vert gjeve løyve til køyringa og grøftearbeidet, jf. NML §8 (kunnskapsgrunnlaget) og §9 (føre-var-prinsippet).
Det er å vente at plantar vil bli påverka av ein slik transport. Nokre vil bli køyrde flate og røter kan bli øydelagt.
Det kan også vise seg naudsynt å skjera ned nokre fjellbjørk, men botaniske registreringar i området syner ein
triviell flora, og det er ikkje registrert raudlista arter. Det er heller ikkje kjende kulturverdiar etter traseen.
Sjølv om det for fyrste gong på mange år er sett villrein i området (4-5 bukkar)no i 2015, er det lite trulig at det
vil være dyr her når aktiviteten skal skje. Svinefjellområdet er mest ikkje bruka av villreinen lenger. Det sagt, så
er det eit område som reinen absolutt kan vende attende til, og er det slik at ein møter villrein under transport,
eller det kjem rein mens ein held på med gravinga, så er det viktig at ein stansar opp slik at dyra ikkje blir uroa
unødvendig.
Forvaltaren kan ikkje sjå at tiltaket er av slik storleik at det er naudsynt med førevar-prinsippet, jf. NML § 9. Det
er mogleg å anta kva venta effekt vil bli, og ein ikkje sjå usikkerheit i moglege andre negative effektar
på verneføremåla.
Med omsyn til NML § 10, vil samla belastning auke under sjølve transporten og under gravearbeidet. Likevel
dreier det seg om eit avgrensa tidsrom og det er forbigåande. NML § 11 om avbøtande tiltak og bæring av
kostnadar får liten verknad i samband med denne saka.
Side 4
Det følgjer av NML § 12 at det skal tas utgangspunkt i miljømessige forsvarlege teknikkar og driftsmetodar for å
unngå eller avgrense skade på miljø. Det er i denne saka eit teoretisk alternativ å gjennomføre gravearbeidet
med handmakt. Dersom ein visste at transporten ville virke negativt på verneverdiane eller ein var usikker med
omsyn til om verneverdiane blei negativt påverka, ville det vere riktig å avslå søknaden. Då ville ein vere nøydd
til å gjennomføre gravinga for hand. Forvaltaren kan ikkje sjå det er tilfelle i denne saka.
Framlegg til vedtak:
Verneområdestyret gjev Bjørn Skinnarland løyve til å transportere ei lita 3 tonns gravemaskin på gummibelte frå
Brattås til H.tjønn som søkt. Løyvet er gjeve med heimel i NML § 48.
Det vert sett følgjande vilkår:
- Løyvet gjelder berre sumaren 2015.
- Det skal køyrast etter trasé teikna på kart vedlagd søknaden.
- Løyvet gjeld for ein tur inn og ut att.
- Dato for inn- og utkøyring skal formidlas områdeforvaltar eller SNO.
- Observerast villrein i området, skal køyring stanses.
Vedtaket er berre fatta etter verneføresegna for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde og tilhøyrande
forvaltningsplan. Søkjar er sjølv ansvarleg for å hente inn eventuelt andre nødvendige løyve, slik som til
dømes grunneigarløyve dersom transporten går over annan grunneigars eigedom, og løyve etter
motorferdselloven.
Det kan klages på avgjerda. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til
Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
Vedtaket vert send Bjørn Skinnarland.
Kopi:
- Vinje kommune
- Fylkesmannen i Telemark
- Miljødirektoratet
- Statens naturoppsyn Skinnarbu
- Villreinnemnda
Det blir også lasta opp kopi av vedtaket på www.miljovedtak.no
Side 5
Møtedato
20.04.15
Saknummer
2015/12
SAKSFRAMLEGG: BRATTEFJELL-VINDEGGEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE – SØKNAD OM
BRUKSENDRING AV DELAR AV HØYSEL PÅ GNR. 16 BNR. 2 DRAMBEKK I HJARTDAL KOMMUNE – JON
OG RAGNHILD BEKKHUS
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltningsmyndigheit for verneområdet
og skal handsame dispensasjonssakar.
Kort om saka
Jon og Ragnhild Bekkhus er eigarar av stølen Drambekk i Hjartdal. Dei søkjer løyve til å innreie eit rom i delar
2
2
av høyselet på stulen. Selet er på 40 m og dei søkjer om å bygge eit rom på 14 m i den eine enden. Rommet
skal ha omn og eit vindauge. Det søkjast altså om bruksendring for delar av selet.
Bekkhus driv med sau og seier dei trenger eit opphaldsrom under sauesankinga. I 2008 søkte dei om å få
2
byggje eit driftshusvære på stølen. Det fikk dei ikkje lov til. Bekkhus har ei hytte på BYA 50 m på Drambekk.
Vedlegg
Søknad dagsett 03.03.15(2015/1160-1)
Andre relevante dokument, ikkje vedlagde
- Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
- Naturmangfaldlova (NML)
- Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014
- Uttale frå villreinnemnda dagsett 19.03.15(2015/1160-3)
Det formelle grunnlaget - verneforskrifta og naturmangfoldlova
Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å
- Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde.
- Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv.
- Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne.
I verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er oppføring av bygningar og anlegg i
utgangspunktet forbode, jf. Kap. IV, pkt.1.1. Reglane er ikkje til hinder for drift og vedlikehald av eksisterande
anlegg, jf. pkt. 2.2. Etter kap. IV, pkt 3.2 kan forvaltingsstyresmakta, ”Når verksemda eller tiltaket kan skje
utan at det strir mot føremålet med vernet”, gje løyve til ”mindre tilbygg eller ombygging av eksisterande
bygningar i området.”
Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet og
verneverdiane i området, jf. rundskrivet ”Forvalting av verneforskrifter” frå Direktoratet for naturforvalting.
Dette går og fram av § 7 i naturmangfaldlova, som seier at prinsippa i §§ 8-12 i lova skal leggjast til grunn
som retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit.
I § 8 i lova (om kunnskapsgrunnlaget) går det fram at offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal
byggje på vitskapeleg kunnskap om bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av
naturtypar, og effekten av påverknader.
Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade
naturmangfaldet. Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert utsett
for, jf. § 10 (om økosystemtilnærming og samla belasting).
Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet, skal
føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. § 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på naturmangfaldet ved at
ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag.
Side 6
I følgje naturmangfaldlova § 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller avgrense
skade som det aktuelle tiltaket vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg ut frå tiltaket og
skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova § 12 takast utgangspunkt i driftsmetodar,
teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare, noverande og framtidige
bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det samfunnsmessege beste resultatet.
Vurdering
Drambekk ligger i brukssona. Relevant forvaltingsmål for brukssona er at området skal forvaltas med tanke på å
ta vare på områdas art og karakter utan inngrep som vesentleg kan endre landskapets utforming, og at området
skal kunne nyttast til landbruksdrift for å sikre næringsgrunnlaget til grunneigarane.
Når det gjeld retningsliner for bygningar i brukssona, seier forvaltningsplanen at naudsynt vedlikehald av
eksisterande bygningar er tillate, og at det kan gjevast løyve til tilbygg og ombygging av eksisterande bygningar.
Verneforskrifta pkt. 1.1 seier at det er forbod mot ombygging av bygningar, men det kjem ikkje fram om det
berre gjeld utvendig ombygging, eller om dette punktet også skal omfatte innvendige endringar som medfører
bruksendringar. Pkt. 3.2 i verneforskrifta seier at når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot
føremålet med vernet, kan gjevast løyve til mindre ombygging av eksisterande bygningar.
Verneområdeforvaltaren tolkar pkt. 1.1 til også å gjelde den type ombygging det er snakk om i denne saka.
Grunngjeving for det er at 1.1 seier at «opplistinga ikkje er uttømmande».
Det er teikna inn et vindauge i det aktuelle rommet. Ut frå tilsendt søknad, klarer ein ikkje å sjå om selet har
vindauge i dag. Dersom ein seier at det ikkje er vindauge, vil ei endring uansett krevja ein dispensasjon etter
pkt. 3.2. Forvaltningsplanen pkt. 7.4 seier at alle formar for fasadeendring som er meldepliktig etter PBL, er
søknadspliktig i landskapsvernområdet. Punkt 7.4 seier også at det forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til
ombygging av eksisterande bygningar dersom bruken ikkje vert endra. Planen seier vidare at det ikkje skal
gjevast løyve til å oppgradere uthus til fritidsbustad og et det ikkje skal byggjast eldstad.
I denne saka dreier det seg ikkje om oppgradering av selet til fritidsbustad, men delvis til eit driftshusvære.
Verneområdeforvaltaren meiner det er legitimt å ha behov for eit driftshusvære når ein driv med sau i området.
2
Likevel er det slik at søkjaren allereie har ei hytte på 50 m på staden og ein meiner denne hytta bør kunne
2
ivareta dei funksjonane som eit rom på 14 m i selet er tiltenkt. Eit ekstra innreia og oppvarma rom vil gje
moglegheiter for fleire overnattingsplassar, noko som per definisjon vil auke samla belastning i
landskapsvernområde. Villreinnemnda har ingen kommentarar til saka konkret, men nemner i sakshandsaminga
dette med auka ferdsle og bruk av området.
Eit anna moment i saka er dei kulturhistoriske interessene som eventuelt er knytt til selet. Det er Telemark
fylkeskommune som er kulturminneforvaltarar.
Framlegg til vedtak:
Med heimel i verneforskrifta pkt. 1.1 gjev ikkje verneområdestyret Jon og Ragnhild Bekkhus løyve til å
omdisponere deler av høysel på Drambekk slik som det er søkt om i søknad dagsett 03.03.15.
Avgjerda kan påklagast til Miljødirektoratet. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til
Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
Vedtaket vert send til Jon og Ragnhild Bekkhus.
Kopimottakarar:
- Hjartdal kommune
- Fylkesmannen i Telemark
- Miljødirektoratet
- Statens naturoppsyn Skinnarbu
- Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell
Det blir også lasta opp kopi av vedtaket på www.miljovedtak.no
Side 7
Møtedato
20.04.15
Saknummer
2015/13
SAKSFRAMLEGG: BRATTEFJELL-VINDEGGEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE – SØKNAD OM BYGGING AV
LITE UTHUS PÅ GNR. 119 BNR. 1 I HJARTDAL KOMMUNE – KLAS S. VÅLE
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltningsmyndigheit for
verneområdet og skal handsame dispensasjonssaker.
Kort om saka
Klas S. Våle søkjer om løyve til å sette opp eit lite uthus/utedo ved hytta på Femjølklie i Hjartdal.
2
Bygget vil vere på BYA 8,8 m . Det er tanken å sette inn eit miljøvenleg biotoalett. Familien Våle er i dag nøydt
til å gå om lag 90 meter for å komme på do, og dei har heller ikkje utandørs lagerplass på staden. Det søkjast
om å sette opp eit bygg i reisverk med villmarkspanel. Høgda blir 2,2 meter og det leggjast torv på taket.
Uthuset vil bli beisa i sama farge som hytta(mørk brun).
Vedlegg
- Søknad dagsett 05.02.15 (dok. 2015/912-1)
Andre relevante dokument, ikkje vedlagde
- Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
- Naturmangfoldloven(NML)
- Forvaltningsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
- Uttale frå villreinnemnda
Det formelle grunnlaget
Verneføremålet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er å:
- Taka vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogområde.
- Taka vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv.
- Taka vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne.
I verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er oppføring av bygningar og anlegg i
utgangspunktet forbode, jf. Kap. IV, pkt.1.1. Reglane er ikkje til hinder for drift og vedlikehald av
eksisterande anlegg, jf. pkt. 2.2. Etter kap. IV, pkt 3.2 kan forvaltingsstyresmakta, ”Når verksemda
eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet”, gje løyve til ”mindre tilbygg eller
ombygging av eksisterande bygningar i området.”
Verneområdestyret må særleg vurdere konsekvensane av ein dispensasjon i høve til verneføremålet
og verneverdiane, jf. rundskrivet ”Forvalting av verneforskrifter” frå Miljødirektoratet. Dette går og fram
av § 7 i naturmangfaldlova, som seier at prinsippa i §§ 8-12 i lova skal leggjast til grunn som
retningsliner ved utøving av offentlig myndigheit. I § 8 i lova (om kunnskapsgrunnlaget) går det fram at
offentlege avgjerder som rører ved naturmangfaldet skal byggje på vitskapeleg kunnskap om
bestandssituasjonen for ulike arter, utbreiing og økologisk tilstand av naturtypar, og effekten av
påverknader.
Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakas karakter og risikoen for å skade
naturmangfaldet. Verknadene av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastinga økosystemet vert
utsett for, jf. § 10 (om økosystemtilnærming og samla belasting).
Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva for verknader eit tiltak kan ha på naturmiljøet,
skal føre-var prinsippet leggjast til grunn, jf. § 9, slik at ein ikkje gjer vesentleg skade på
naturmangfaldet ved at ein tek ei avgjerd på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag.
I følgje naturmangfaldlova § 11 er det tiltakshavar som skal dekkje kostnadene ved å hindre eller
avgrense skade som det aktuelle tiltaket vil gjera på naturmangfaldet, dersom dette ikkje er urimeleg
ut frå tiltaket og skaden sin karakter. I tillegg skal det etter naturmangfaldlova § 12 takast utgangspunkt i
driftsmetodar, teknikkar og lokalisering av tiltaket som ut frå ei samla vurdering av den tidlegare,
noverande og framtidige bruken av mangfaldet og økonomiske tilhøve gjev det beste resultatet for
samfunnet.
Vurdering
Femjølklie ligger i brukssona. Relevant forvaltingsmål for brukssona er at områda skal forvaltas med tanke på å
taka vare på områdas art og karakter utan inngrep som vesentleg kan endre landskapets utforming. Når det
gjeld bygningar seier forvaltningsplanen at det innafor sona kan gjevast løyve til tilbygg og ombygging av
eksisterande bygningar.
I høve til pkt. 3.2 i verneforskrifta kjem tiltaket inn under omgrepet ”mindre tilbygg”. Det er såleis
mogleg å nytte heimelen i 3.2. Ein må vera trygg på at dei verneverdiane som er synleggjort i
verneføremålet ikkje vert skadelidande om det vert gjeve løyve til tiltaket, jf. §8 (kunnskapsgrunnlaget)
og §9 (føre-var-prinsippet).
Kunnskapsgrunnlaget i denne saka er henta frå forvaltningsplanen og J. E. Eriksens arbeid om Botaniske
registreringar i Brattefjell-Vindeggen. Vidare er H. Norby sitt arbeid med registrering av stølsanlegg viktig.
Kunnskap om naturverdiar er mellom anna henta frå Naturbasen. I tillegg kjem samtaler med SNO,
Fylkesmannens miljøvernavdeling samt eiga synfaring.
Når det gjeld botaniske registreringar, så er det ikkje gjennomført spesielle i området ved Femjølklie, men det er
å seie at landskapet og flora i varierande grad er kulturpåverka av beitedyr.
Stølen Femjølklie består av bygningar av varierande alder. Dei eldste husa ligg om lag 100 meter sør for hytta
til Våle. Forvaltaren kjenner ikkje til alderen på dei eldste bygningane. Når det gjeld kulturverdiane på staden,
så oppfattar forvaltaren at bygging av eit uthus ikkje vil påverke dei eksisterande eldre bygningane eller andre
moglege kulturminne utover at heilheitsinntrykket på stulen samla sett blir litt endra. Det sagt, så må det
nemnast at det aktuelle uthuset er tenkt bygd nord for hytte til Våle og såleis vekk frå stølens sentrum.
Materialbruk og fargeval er viktig, og søkjaren skriv at uthuset blir beisa med same mørke brune farge som
sjølve hytta.
Naturbasen opplyser ikkje om anna enn at det er leveområde for villrein ved Femjølklie, men
staden er verken spesielt bruka til vinterbeiteområde eller kalvingsområde.
Villreinnemnda er bedt om å uttale seg i saka. I brev dagsett 09.03.15 kom dei med følgjande uttale:
«Villreinnemnda for Brattefjell - Vindeggen, Blefjell og Norefjell har ut ifra villreinhensyn ingen innvendinger til
omsøkte tiltak, da det ikke vil føre til kapasitetsutvidelse eller økt ferdsel. Vi forutsetter at det tas tilstrekkelig
hensyn til villreinen under anleggsperioden, og at den eksisterende utedoen blir revet så fort det nye uthuset er
ferdig.
Villreinnemnda ber om å få informasjon om den videre behandlingen av søknaden.»
Til nemndas uttale, kan det leggjast til at det ikkje eksisterer ein utedo ved den aktuelle hytta i dag, men at
brukarane gjeng til nabohytta for å gå på do.
Søkjaren seier ikkje noko om næringsmessig bruk av hytta, og forvaltaren oppfattar at det i hovudsak dreier seg
om ei hytte som brukast som fritidsbustad. Familien har små barn og seier det er ugreitt å måtte gå 90 meter for
å komme på do. Dei går til nabohytta i dag.
2
Hytta til Våle har eit bruksareal på om lag 45 m . Søkjaren fortel at dei har vurdera å byggje doen inn som ein
integrert del av hytta, men at dei ser det som vanskeleg då hytta står på fast fjell, og at bygging av biodo med
tilhøyrande tanksystem vil krevja sprenging av fjell under hytta. Dei slepper sprenging dersom doen plasserast i
eit uthus nokre få meter nord for hytta.
2
Forvaltningsplanen punkt 7.1.2 seier at det innafor brukssona kan byggast uthus på inntil 15 m der trongen for
dette er dokumentert. Verneområdeforvaltaren skjønner at det er ugreitt å måtte gå 90 meter for å komme på
do, og stiller seg positiv til søknaden.
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
Side 8
Framlegg til vedtak:
Verneområdestyret gjev Klas S. Våle løyve til å sette opp uthus/utedo ved hytta på Femjølklie i tråd med
omtale og teikningar i søknaden dagsett 05.02.2015. Løyvet er gjeve med heimel i kap. IV, pkt. 3.2 i
verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
Det vert sett følgjande vilkår:
- Løyvet gjeld tre år frå vedtaksdato. Om arbeidet ikkje er starta opp då, fell løyvet bort.
- Arbeidet skal dokumenterast ved at minst tre gode fotografi, som syner det nye uthuset frå ulike
vinklar, sendast verneområdestyret seinast to månader etter at bygget står ferdig.
- Det skal takast omsyn til fargeval i samsvar med forvaltningsplanen pkt. 7.4.
- Det skal ryddast godt etter byggearbeidet, og arbeidet skal skje så skånsamt som mogleg.
- Eventuell villrein i område skal ikkje forstyrrast som følgje av byggearbeidet.
Løyvet gjeld berre i høve til verneforskrifta. Handsaming etter anna lovverk skal skje av aktuell
forvaltningsmyndigheit, og søkjaren er sjølv ansvarleg for å hente inn eventuelt andre naudsynte løyve.
Det kan klages på avgjerda. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klaga rettast til
Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
Vedtaket vert send Klas S. Våle.
Kopi:
- Hjartdal kommune
- Fylkesmannen i Telemark
- Miljødirektoratet
- Statens naturoppsyn Skinnarbu
- Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell
Det blir også lasta opp kopi av vedtaket på www.miljovedtak.no
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
Side 9
Møtedato
20.04.15
Saknummer
2015/14
SAKSFRAMLEGG – KLAGESAK: BRATTEFJELL-VINDEGGEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE – SØKNAD
OM BYGGING AV SANKEBU PÅ GNR. 110 BNR. 2 OG 5 I GAUSDALEN I HJARTDAL KOMMUNE – AASE OG
ROAR M. FJELD
Ein syner til vedtak i verneområdestyret 06.02.15 med saksførebuing, klage på vedtaket frå
Jan Roar Teigen dagsett 19.02.15, frå Hilde Reisjå dagsett 22.02.15, og frå Knut Erik Reisjå dagsett 27.02.15.
Ein syner også til merknader til klagene frå Roar Fjeld dagsett 12.03.15.
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er forvaltingsmyndigheit for verneområdet
og skal handsame dispensasjonssaker og eventuelle klager på vedtak, jfr. forvaltingslova § 33. Miljødirektoratet
er klageinstans.
Kort om bakgrunn for klagesaka
Verneområdestyret gav samrøystes i sitt vedtak 06.02.15 Aase og Roar M. Fjeld løyve til å bygge ei sankebu
2
på BYA 37 m samt ei lita bu for strømaggregat ved hans sankekve i enden av vegen i Gausdalen.
Verneområdestyret meiner Fjeld har behov for dette for å drive landbruksverksemd med sauehald i området.
Verneområdestyret har motteke 3 klager på vedtaket. Jan Roar Teigen er medeigar i eit tilgrensande sameige,
Hilde Reisjå er tilgrensande grunneigar og Knut Erik Reisjå eig ei hytte i nærleiken til staden der det er gjeve
løyve til å sette opp sankebua.
Denne saka har ei forhistorie som gjeng ut på at Fjeld i 2011 søkte om å få sette opp ei hytte med grunnflate på
2
50 m og full kjeller. Områdeforvaltaren hadde ei negativ innstilling, men verneområdestyret gikk samrøystes
inn for å gje løyve. Etter klagehandsaming i Klima- og miljødepartementet blei vedtaket likevel omgjort. Den
gongen klaga Hilde Reisjå.
Våren 2014 søkte Aase og Roar M. Fjeld om å få omdisponere eit båthus ved Myklestulvatnet til ei sankebu på
2
BYA 37 m . Båthuset ligger også ved sankekvedet. Verneområdestyret vedtok samrøystes å gje løyve, og det
blei heller ikkje klaga på dette vedtaket. Men då saka blei handsama i Hjartdal kommune etter Plan- og
bygningslova, kunne ikkje kommunen gje byggeløyve sida dei mente at tiltaket ville sette omsynet til friluftslivet
vesentleg til side. Grunngjevinga var at det blei bygd i strandsona på ein stad som er mykje bruka av folk som
skal sette ut båtar, kanoar og liknande, og at ei omdisponering eit båthus til sankebu ville «privatisere»
strandlina på ein annan måte.
Som ein konsekvens av dette søkte difor Fjeld om løyve til å sette opp ei sankebu(tilsvarande den dei fikk løyve
til ved Myklestulvatnet) på staden der dei først søkte. Meir enn 50 meter frå vatnet og ikkje til hinder for
allmentas bevegelse eller friluftslivet generelt. Løyve blei altså gitt etter verneforskrifta i februar 2015, og det er
dette løyvet det no er klaga på.
Vedlegg
- Klage frå Jan Roar Teigen dagsett 19.02.15(2011/5870-28).
- Klage frå Hilde Reisjå dagsett 22.02.15(2011/5870-34).
- Klage frå Knut Erik Reisjå dagsett 27.02.15(2011/5870-29).
- Kommentarar til klagene frå Aase og Roar M. Fjeld motteke 12.03.15(2011/5870-31)
Andre relevante dokument, ikkje vedlagde
- Verneforskrifta for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
- Naturmangfaldloven.
- Forvaltningsloven.
- Forvaltingsplan for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde 2010-2014.
- Vedtak dagsett 03.05.12(2011/5870-6).
- Vedtak klagesak dagsett 05.09.12(2011/5870-14).
- Vedtak klagesak Klima- og miljødepartementet dagsett 28.05.14(2011/5870-18).
- Uttale frå villreinnemnda dagsett 30.04.14(2014/438-7).
- Vedtak endra bruk av båthus dagsett 19.05.14(2014/438-9).
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
Side 10
- Vedtak Hjartdal kommune dagsett 30.10.14(2014/3510-10).
- Vedtak ny sak bygging av sankebu dagsett 13.02.15(2011/5870-27).
Rettsleg klagemoglegheit
Forvaltningsloven §28 seier mellom anna at «Enkeltvedtak kan påklages av en part eller annen med rettslig
klageinteresse i saken til det forvaltningsorgan (klageinstansen) som er nærmest overordnet det
forvaltningsorgan som har truffet vedtaket (underinstansen)». Det er difor avgjerande å vurdere om den/dei som
klager har rettsleg klagemoglegheit. Eit vedtak om rettsleg klagemoglegheit er eit enkeltvedtak i seg sjølv, og
kan også bli klaga på.
Det kan ofte vere vanskeleg å vurdere om ein person som klagar har rettsleg klagemoglegheit eller ikkje. Det
heiter seg at for å ha denne retten, så skal vedkommande være påverka rettslig, praktisk eller økonomisk, og
vedkommande blir sterkare påverka enn «alle andre».
I denne saka vurderer områdeforvaltaren at den einskilde av dei tre klagerane ikkje i seg sjølv blir påverka meir
enn alle andre, og at vedkommande åleine ikkje blir vurdera å ha rettsleg klagemoglegheit. I sum meiner
forvaltaren likevel at det er fornuftig å sjå på klagene og difor innrømme rettsleg klagemoglegheit. At det er tre
som klager er i seg sjølv ei understreking om at meir enn ein enkelt person blir rørt av vedtaket.
Moment i klagen frå Jan Roar Teigen
Teigen er nabo til 110/2, 5 og er næraste fastbuande til staden der det er søkt bygging. Han seier ikkje noko om
kor stor avstanden er. Han seier at sankebua ut frå teikningane ser meir ut som ein fritidsbustad enn sankebu.
Han spekulerer i om det skal borast etter vatn og om det skal gravast ned utslippstank. Han seier at ein mest
sannsynleg vil høyre lyd frå strømaggregatet når sankebua er i bruk og at det vil virke forstyrrande på turfolk
som går forbi. Teigen skriv han har utleigehytter 10 minuttars køyring unna sankekvedet, og at Fjeld kan leige
disse. Han meiner avstanden på 35 km mellom Fjelds bustad og område han har sau ikkje er for lang, og at
løyve om bygging av sankebu kan ha uheldige presedensverknader. Avslutningsvis meiner han det ikkje blir tatt
godt nok omsyn til villreinen og at det går eit gamalt villreintrekk der det er søkt om å bygge sankebu.
Moment i klagen frå Hilde Reisjå
Hilde Reisjå er nabo og meiner Fjeld ikkje har behov for sankebu grunngjeve med avstanden frå heimstad til
beiteområdet. Ho spekulerer også i dette med at det skal bores etter vatn og gravast ned avløpstank, og skriv
at det i seg sjølv minner meir om fritidsbustad enn sankebu. Ho er bekymra for støy frå aggregatbua og
påpeiker at turområdet blir forstyrra. Ho er redd for presedensverknaden. Avslutningsvis viser Reisjå til det
gamle reinstrekket og seier at det på nytt blir tatt i bruk.
Moment i klagen frå Knut Erik Reisjå
2
Knut Erik Reisjå eig hytte på Svartufs og meiner det ikkje har betyding at sankebua er redusert frå 50m til
2
37m . Han viser til det gamle reinstrekket frå 80-talet, mellom anna med eit kart som syner trekket forbi hans
hytte på Svartufs. Han spekulerer i at om reinsstammen aukar så kan trekket bli tatt i bruk på ny. Vidare skriv
han at Fjeld i staden burde bygge sankebu på Myklestul 500 meter lenger inn i dalen. Han meiner sankebua vil
virke som eit stengsel. Avslutningsvis skriver Reisjå at et bråkete strømaggregat ikkje er bra.
Kommentarar til klagene frå Aase og Roar M. Fjeld
Fjeld har kommentert klagene frå Jan Roar Teigen og Knut Erik Reisjå. Han var ikkje kjent med klaga frå Hilde
Reisjå då kommentarane vart skriven. Fjeld meiner klagene ikkje er reelle, berre hemnaksjonar, og syner til
tidligare jordskifte- og rettssaker. Fjeld påpeiker at Teigen er medeigar i eit sameige der hans part berre utgjer 3
– 5%, og at ingen av dei andre sameigarane har klaga.
Sakshandsamar sine vurderingar
Sakshandsamar har over tid oppfatta et denne saka er kjenslelada og personleg, noko som ikkje kan
vektleggjast.
Innhaldet i dei tre klagene er langt på veg like. Klagerane påpeiker at det kanskje blir bora etter vatn og etablert
avløpsanlegg. Utan at det seies i klårtekst les forvaltaren mellom linene at det oppfattast som negativt. I denne
saka er det ikkje søkt om dette og det blir difor ikkje kommentera.
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
Side 11
Det er ei føresetnad i vedtaket at aggregatbua skal være godt støyisolert. Det er ikkje sagt noko om kva som
kan aksepterast, men omgrepet «svært god støydemping» er bruka i vedtaket. Med det meiner
verneområdestyret at lyden frå aggregatet skal vere ubetydeleg og akseptabel, og i kvert fall ikkje kunne
høyrast frå næraste hyttenabo.
Villreinen er eit av hovudverneføremåla i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, og all aktivitet og alle
tiltak skal vere av ein slik karakter at villreinen ikkje blir unødig forstyrra. Myklestulområdet ligg i kanten på det
som er definera som villreinens leveområde i Brattefjell-Vindeggen, og det ligg i brukssona. Det gamle
reinstrekket gikk aust-vest i Runnhellhovet. Sjølv om trekket ikkje er bruka i dag, kan ein aldri sjå heilt bort frå at
det vil skje i framtida. Likevel; villreinstamma i Brattefjell-Vindeggen utgjorde ved teljing like før påske 480 dyr.
Driftsplanens målsetning er om lag 500 vinterdyr. Trekket ved Runhellehovet var i bruk på eit tidspunkt då det
var mykje meir dyr i området, og der dyra var avhengig av å bruke eit større areal for å få dekket beitebehovet.
Villreinnemnda hadde saka til handsaming då den første gong var oppe. Nemnda hadde ingen merknader.
Sakshandsamars framlegg til vedtak:
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde kan ikkje sjå at klagene frå Jan Roar
Teigen, Hilde Reisjå og Knut Erik Reisjå inneheld moment som kan gje grunnlag for å gjera om på vedtaket i
verneområdestyret 13.02.15.
Vedtaket vert ståande og saka sendt Miljødirektoratet for endeleg avgjerd.
Kopi:
- Hjartdal kommune
- Fylkesmannen i Telemark
- Miljødirektoratet
- Statens naturoppsyn Skinnarbu
- Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell
Det blir også lasta opp kopi av vedtaket på www.miljovedtak.no
Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde
Side 12