Rettleiar 6 Drøvtyggarar - nyno. - 2015

KSL-STANDARD
Versjon 11, oktober 2015 – nynorsk
RETTLEIAR
6 - Drøvtyggarar
Foto: Animalia/Grethe Ringdal
KSL-standarden omfattar både sjekklister og rettleiarar, som begge skal brukast ved eigenrevisjon.
Rettleiing til sjekklista
6.1SPORING
6.1.1
Korrekt merking av dyra saman med dokumentasjon av kjøp og sal, er ein føresetnad for å kunne
spore eventuell smitte. Merking sikrar at eigar og røktar kjenner identiteten til dyra. Dyra må vere
merka i samsvar med forskrifta for å kunne leverast til slakteri.
Les meir om merking og registrering av produksjonsdyr på mattilsynet.no.
6.1.2
Storfe: Rapportering til Husdyrregisteret blir gjort via medlemskap i ein av husdyrkontrollane.
Dei som ikkje er medlem i husdyrkontroll, skal rapportere i Mattilsynet si skjemateneste via
pålogging i Altinn, eller på papirskjema til Mattilsynet sine distriktskontor. Rapporteringane
skal vere på individnivå og skal skje seinast sju dagar etter at ei rapportpliktig hending har funne
stad. Dyrehaldar er ansvarleg for å rapportere når nyfødde storfe blir merkt fyrste gong, og ved
overføringar inn og ut av dyrehaldet (ved kjøp, sal, levering til slakt, import, eksport eller andre
årsaker).
Småfe: Rapportering blir gjort direkte til Husdyrregisteret hos Mattilsynet og skal vere på
buskapsnivå. Dyrehaldar plikter å rapportere generelle opplysingar om dyrehaldet (eigar, kontaktperson, adresse, driftsform) og tal på dyr i besetninga på teljedato 1. januar kvart år. Tal på dyr
og dato for teljing skal rapporterast innan 30 dagar etter fristen for teljing. For produsentar som
søkjer om produksjonstilskot for småfe, blir rapporteringa dekt via denne søknaden.
Les meir om Husdyrregisteret på mattilsynet.no.
6.1.3
Småfe: Regelverket for sporing av småfe stiller krav til at dyrehald med småfe skal føra ein dyrehaldjournal (driftseiningsregister). Dyrehaldjournalen skal vere ei fortløpande registrering over
hendingar i dyrehaldet, og skal blant anna brukast til sporing i samband med utbrot av smittsame
dyresjukdomar. Hendingar må derfor registrerast når dei finn stad. Også vêrar og bukkar skal
førast i dyrehaldjournalen. Oversikten skal førast på eit format som er godkjend av Mattilsynet,
og skal kunne lagrast i papirformat eller elektronisk. Skjema for føring av driftseiningsregister
finn ein på mattilsynet.no.
Opplysningane i driftseiningsregisterert skal lagrast i 10 år, og vere tilgjengelege for Mattilsynet
ved inspeksjon av småfehaldet.
Dersom vêrar og bukkar blir brukt i avl saman med fleire dyrehald (avlsgrupper), skal dyrehaldar
utstede eit identitetskort som skal følgje med dyret resten av livet. Identitetskortet skal vere
godkjend av Mattilsynet. Det er ikkje lov å før vêr eller bukk utan identitetskort inn i eit dyrehald. Den dyrehaldaren som vêren eller bukken til ei kvar tid oppheld seg hjå, skal sørgje for at
identitetskortet ajourførast. Identitetskort for hanndyr i avl skal oppbevarast i 10 år.
Storfe: Regelverket for sporing av storfe stiller krav til at dyrehald med storfe skal føre ein dyrehaldjournal (driftseiningsregister). Dyrehaldjournalen skal vere ein fortløpande registrering over
hendinga i dyrehaldet, og skal blant anna kunne brukast til å spore flytting av dyr i samband med
utbrot av smittsame dyresjukdomar. Alle hendingar som det er plikt til å rapportere må derfor
registrerast fortløpande. Oversikten skal førast på eit format som er godkjend av Mattilsynet, og
skal kunne lagrast i papirformat eller elektronisk. Skjema for føring av dyrehaldjournal finn ein på
mattilsynet.no.
I Kukontrollen og Storfekjøttkontrollen er det laga eigne styringslister som tilfredsstiller krava
til dyrehaldjournal. I Kukontrollen er denne under Resultater og rapporter, Dyreholdjournal, i
Storfekjøttkontrollen under Rapporter-Dyreholdsjournal. I kontrollane må registreringa gjerast
den datoen hendinga (fødsel, livdyrsalg, etc.) skjer. Dersom hendingane ikkje blir rapportert til
kontrollane same dag som dei skjer, må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til
kontrollane.
Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år, og vere tilgjengelege for Mattilsynet ved
inspeksjon av storfehaldet.
2
6 - Drøvtyggarar
Lover og forskrifter:
-- Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer
-- Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe
-- Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt mv.
6.2SMITTEFØREBYGGING
6.2.1
Det er viktig å leggje opp til gode rutinar for å hindre overføring av smittestoff til eller frå
besetninga. Livdyrhandel er den største risikofaktoren for spreiing av smitte. Smitteførebyggande tiltak ved innkjøp av dyr i besetninga må vurderast i kvart enkelt tilfelle og i samråd med
veterinær. Helsestatus for dyra i den besetninga som det blir kjøpt dyr frå, bør vere kjent. Det
skal vere egna plass som sikrar at inn- og utlasting av dyr kan skje på ein sikker måte med tanke
på dyrevern og smittestoff. Ved utgang frå husdyrrom skal det vere mogleg å reingjere hender,
støvlar, overtrekkstøy og utstyr. Utstyr som blir brukt i fleire besetningar (klippeutstyr, vekt,
skannar, klauvboks) skal reingjerast og desinfiserast før dei blir flytta til nytt husdyrhald.
Storfe: Inngangspartiet til husdyrrom skal vere utstyrt med smittesluse for å motverke smitteoverføring og sikre god hygiene. Med smittesluse for persontrafikk til og frå husdyrrom, meiner
ein at persontrafikk skal organiserast slik at smittestoff så langt det er praktisk mogleg ikkje
blir ført med inn eller ut av besetninga. Det skal ved inngang til husdyrrom vere eit tydeleg skilje
mellom rein og urein sone på garden. Det optimale er at smitteslusa utgjer eit eige rom der det er
klart skilje mellom sonene (tydeleg fysisk smittesluse). Praktiske forhold tilseier likevel at slusa
også kan vere eit avgrensa og merka areal utan at den utgjer eit eige rom i bygningen. Slusa skal
vere i direkte tilknyting til inngangen til husdyrrommet/husdyrsona. Det skal vere skifte mellom
yttertøy og fottøy som blir brukt i urein sone, og overtrekkstøy og fottøy som blir brukt innafor i
rein sone. Her skal det også vere mogleg for vask med varmt og kaldt vatn.
Småfe: Det skal etablerast føremålstenleg smittevern. Det blir anbefalt at ein følgjer rettleiinga i
Friskere geiter-prosjektet og NGS sin Standard for smittevern i saueholdet. Med føremålstenleg
smittevern meiner ein systematiske tiltak i dyrehaldet for å hindre at smittestoff for smittsame
dyresjukdomar slepp inn og spreiast. Personell som har direkte kontakt med dyra skal ha tilgang
til eigna stad der det er mogleg å skifte klede, vaske seg og reingjere utstyr. Dyr som blir tekne
inn i besetninga bør ha ein helsestatus minst på same nivå som dei opphavlege dyra i besetninga.
6.2.2
Verksemda skal med ein gong varsle Mattilsynet ved mistanke om smittsam dyresjukdom som
kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar. Nødvendige tiltak for å førebygge, redusere
eller eliminere eventuelle skadeverknader skal settast i verk straks.
6.2.3
Personar som har vore i kontakt med husdyrhald i utlandet ikkje skal ha tilgang til husdyrrom før
det har gått 48 timar. Ved utbrot av husdyrsjukdomar i utlandet, må ein halde seg til dei regelendringar dette medfører. Når det gjeld kontakt med husdyr i utlandet forstår ein også deltaking
på ulike landbruksarrangement som utstillingar, dyrsku og andre samlingar med levende dyr. I
den grad det er praktisk mogleg, skal ein også sørgje for at personar som har vore i kontakt med
dyrehald i utlandet, ikkje har kontakt med dyr på beite før det har gått minst 48 timar.
6.2.4
Kontaktbesetningar kan vere besetningar ein kjøper dyr frå/sel til, besetningar med feller røktar,
felles utstyr og felles beiteområde. Det kan vere andre besetningar som dyra blir transportert
saman med eller har kontakt med i felles samlekve.
6.2.5
Namn på seljar, dyretransportør og dato for forflyttinga skal noterast. For storfe anbefalast det
at ein brukar skjemaet Attest ved omsetning av storfe frå Helsetjenesten for storfe. For småfe
skal dokumentasjon vere i samsvar med regelverket for kjøp, sal og leige av sau og geit.
Helsetenesta og Mattilsynet har informasjon.
6 - Drøvtyggarar
6.2.6
Det er viktig å legge opp til gode rutinar for å hindre overføring av smittestoff til eller frå besetninga. Smitteførebyggjande tiltak ved innkjøp av dyr i besetninga må vurderast i kvart enkelt
tilfelle og i samråd med veterinær.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek
-- Forskrift om velferd for småfe
-- Forskrift om hold av storfe
3
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe
-- Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt mv.
-- Veileder til forskrift om hold av storfe
-- Forskrift om merking og registrering av lamadyr og oppdrettshjort
6.3
IMPORT AV DYR, SÆD ELLER EMBRYO
6.3.1/
6.3.2
Ved import av levande dyr, sæd og embryo skal offentlege krav og KOORIMP* sine tilleggskrav
oppfyllast. Den som er ansvarleg for import skal kontakte KOORIMP for å varsle om import, og
for å få informasjon om krav til undersøkingar, tiltak og dokumentasjon (e-post: [email protected]). Manglande dokumentasjon på at offentlege krav og KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt
kan medføre KSL-trekk frå råvarekjøpar på produkt frå garden, uavhengig av dyreart. Formålet
med tilleggskrav frå KOORIMP er å redusere risikoen for å innføre smitte, ved å dokumentere
status for dyrehelse for dyr, sæd og embryo som skal importerast og besetningane desse kjem
frå. KOORIMP-krava gjeld forhold som ikkje er tilstrekkeleg dekka av dei offentlege krava, og der
det er kjent førekomst av smittestoff i husdyrpopulasjonen i eksportlandet eller der utbreiing og
førekomst er usikker.
* KOORIMP er den norske husdyrnæringa sitt eige organ for smittevern ved import. Husdyrnæringa
har oppretta KOORIMP for å sikre den norske husdyrhelsa etter at myndigheitene sin moglegheit for å
stille helsekrav ved import vart avgrensa av EØS-avtalen. Meir informasjon: animalia.no.
6.3.3
Ved overtaking eller kjøp i Noreg av dyr, sæd eller embryo som er innført frå utlandet, skal det
kunne leggast fram dokumentasjon for at KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt i forbindelse med
innførsla. Krav til dokumentasjon er skriftleg stadfesting frå KOORIMP om at tilleggskrava er
oppfylt i forbindelse med innførsla. Kontakt KOORIMP (e-post: [email protected]) dersom
det er spørsmål. Manglande dokumentasjon kan medføre KSL-trekk frå råvarekjøpar på produkt
frå garden, uavhengig av dyreart.
6.4
SMITTERISIKO VED HALD AV KAMELIDER (LAMA, ALPAKKA)
6.4.1
Eksotiske drøvtyggjarar som lama og alpakka, kan utgjere ein smitterisiko for andre husdyr. Dei
kan også vere berarar av smittestoff (bakteriar, virus og parasittar) som kan smitte til menneske
(zoonoser). Mange av lamaene og alpakkaene som befinn seg i Noreg no er importert. Det skjer
jamleg import av kamelider (lama og alpakka) til Noreg, og mange av desse blir haldne saman
med, eller i nærleiken av matproduserande dyr.
Les meir om merking, registrering og øyremerking på mattilsynet.no.
6.4.2
Ved hald av eksotiske drøvtyggjarar som lama og alpakka på gardsbruk der det også blir halde
matproduserande dyr gjeld følgjande:
•
•
•
Les meir om krav til dyrehaldjournal på mattilsynet.no.
6.4.3
Alvorlig sjukdom og funn av sjølvdaude dyr skal varslast til Mattilsynet. Daude dyr skal undersøkjast av veterinær, og obduserast av kyndig veterinær, eller ved Veterinærinstituttet.
6.5
4
ved import skal alle offentlege krav og anbefalingar frå Mattilsynet følgjes opp, inkludert
forsvarleg gjennomføring av isolat når dei kjem til Noreg. Ved import skal også KOORIMP
sine tilleggskrav når det gjeld kamelider følgjast opp og dokumenterast
ved anskaffing av importerte kamelider frå norske dyrehald, skal det føreligge dokumentasjon på at alle offentlege krav og anbefalingar, og KOORIMP sine tilleggskrav vart oppfylt ved
import
kamelider skal vere utstyrt med godkjente øyremerker og det skal registrerast opplysingar
om dyra i en dyrehaldjournal som skal finnast i dyrehaldet
HELSE OG MEDISINBRUK
Det skal leggjast vekt på førebyggande tiltak, slik at risiko for sjukdom blir minst mogleg. Sjuke
dyr skal bli gitt nødvendig stell, behandling eller dei skal avlivast. Det skal vere etablert faste
rutinar for korleis dyr skal avlivast, og anbefalte avlivingsmetodar skal brukast.
Les meir om avliving av sau og geit på animalia.no.
6 - Drøvtyggarar
6.5.1
KSL-medisinstandard, gyldig frå 2010, er ein del av KSL-standarden for husdyrproduksjonane.
Medisinstandarden definerer krava som kvalitetssystemet (KSL) stiller til husdyrprodusentane
når det gjeld bruk av medisinar i besetninga. Veterinær har ansvar for at det blir gitt tilstrekkeleg
opplæring ved inngåing av medisineringsavtale. Opplæringa skal dokumenterast.
Når den nye forskrifta forskrift om bruk av legemidler til dyr blir sett i verk, vil den erstatte KSLmedisinstandard.
6.5.2
Bruk av reseptpliktige legemiddel skal berre baserast på diagnose stilt av veterinær. Merking av
medisinbehandla dyr (individ eller binge) skal vere slik at alle som steller dyra har god kjennskap
til kva for individ som er behandla og kva for fristar som gjeld for tilbakehalding for mjølk og/eller kjøtt frå desse. Mjølkekyr og geiter må merkast også etter at frist for levering av mjølk er passert dersom det enno er tilbakehaldingsfrist for slaktet. Blankettane Tilbakeholdelse av mjølk og
kjøtt frå veterinær skal oppbevarast i husdyrpermen i eitt år.
6.5.3
Animaliehygieneforskrifta sett krav om at slakteriet skal ha tilgang på matkjedeinformasjon frå
besetning 24 timar før slakting for å kunne planleggje slakting og kjøttkontroll. Opplysningar om
besetninga og dei aktuelle dyra sin helsetilstand er sentral matkjedeinformasjon. Formelt er det
dyreeigaren sitt ansvar å skaffe denne informasjonen, men dataflyten i husdyrnæringa er bygd
opp slik at slakteriet har tilgang på relevant informasjon også frå andre kjelder.
Kravet er oppfylt dersom:
•
•
•
•
6.5.4
Medisinar skal oppbevarast på ein sikker stad slik at verken dyr eller uvedkomande kjem i kontakt med dei.
6.5.5
Diagnose, dato, type og mengde av medisin/preparat/parasittmiddel skal førast på helsekort og
arkiverast i minst ti år. Dette gjeld også ved eigenbehandling.
Helsekort for storfe og Helsekort for småfe finn du høvesvis på tine.no og animalia.no.
6.5.6
Følgjande skal arkiverast:
•
•
•
6 - Drøvtyggarar
mistanke om alvorlig smittsam dyresjukdom alltid meldast til Mattilsynet
praktiserande veterinær rapporter alle behandlingar i besetninga gjennom Dyrehelseportalen. Dersom dette ikkje er tilfelle, må veterinæren endre sine rapporteringsrutinar eller du
som produsent må sørgje for å rapportere alle helsehendingar som inneber veterinærbehandling løpande gjennom den aktuelle husdyrkontrollen eller sjølv gjer dette i Dyrehelseportalen
alle behandlingar utført av dyreeigar med reseptpliktige preparat t.d. parasittbehandling,
rapporterast fortløpande gjennom den aktuelle husdyrkontrollen eller direkte i Dyrehelseportalen av dyreeigar
andre helsetilstandar som kan ha betyding for slakting og transport, som brokk, haltheit,
speneskade m.m., rapporterast gjennom husdyrkontroll eller Dyrehelseportalen i rimeleg tid
før slakting
analyseresultat frå laboratorium
rapportar frå Mattilsynet
eventuelle obduksjonsrapportar frå veterinær
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek
-- Forskrift om overvåkning av og kontroll med forekomst av salmonella hos levende storfe og
svin
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe
-- Forskrift om velferd for produksjonsdyr
-- Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift
om utføring av arbeid)
-- Forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskrifta)
-- Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt mv.
5
6.6KADAVERHANDTERING
6.6.1
Varsling skal skje til lokalt Mattilsyn – tlf. 22 40 00 00. Varsling skal skje uavhengig av dødsårsak.
Mattilsynet vil vurdere om det er aktuelt å ta prøve med tanke på overvaking av skrapesjuke og
kugalskap.
6.6.2
Daude dyr representerer ein fare for smittespreiing og forureining. Dette gjeld både til andre dyr,
menneske mat og vatn. Førebels oppbevaring fram til kadaver blir henta skal gå føre seg slik at
det ikkje fører til forureining eller at åtseldyr kjem til kadavera.
6.6.3
I følgje forskrift om animalske biprodukter er det generelt ikkje lov å grave ned kadaver, men i §
7 blir det opna for unntak for ”fjerntliggjande område”. Her er det lov til å grave ned kadaver etter
melding til – og tilvising frå – Mattilsynet.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer
-- Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova)
-- Forskrift om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatier (TSE)
-- Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum.
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om håndtering av dyrekadaver ved utbrudd av smittsomme dyresjukdommer
6.7
6
FÔR OG VATN
Fôr og vatn skal ikkje medføre fare for helseskade hos dyr eller menneske, eller skade på miljøet.
Det er eit krav at det ikkje skal brukast fôr som inneheld genmodifiserte organismar (GMO). Fôrleverandørar er ansvarleg for at dette kravet blir følgt. Kravet byggjer på ei avtalt haldning i norsk
landbruk om ikkje å bruke genmodifiserte organismar.
Det er ikkje lov å fôre drøvtyggjarar med fiskemjøl og kjøttbeinmjøl. Forbodet gjeld ikkje
fiskemjøl i mjølkeerstatning til unge drøvtyggarar som ikkje er vendt av. Gardsbruk med både
drøvtyggjarar og einmaga dyr (svin og fjørfe) kan oppbevare og bruke fiskemjøl (til andre dyr enn
drøvtyggjarar) på garden dersom det er godkjent av Mattilsynet. Tiltak må sikre at dyr som ikkje
skal ha fiskemjøl, ikkje har tilgang til lagerrom med fiskemjøl eller blandingar med fiskemjøl.
Dersom ein har gardsblanderi for heimeblanding av fôr, og bruker premiks og/eller reine tilsetningsstoff, er ein å rekne som fôrprodusent. Desse skal mellom anna registrere seg særskild hos
Mattilsynet og foreta ein fareanalyse (HACCP) som er knytt til produksjonen. Fullfôr til drøvtyggjarar er oftast ei blanding av grovfôr, kraftfôr og eventuelt tilskotsfôr. Dei som lagar denne type
blandingar er ikkje omfatta av kravet om registrering hos Mattilsynet. Dersom det blir brukt
premiks og/eller reine tilsetningsstoff (til dømes urea) ved blanding av fôr, skal gardsblanderiet
registrerast hos Mattilsynet.
6.7.1
Dyra skal ha tilgang på tilstrekkelege mengder vatn av tilfredsstillande kvalitet. Vassautomatar,
drikkekar, niplar og liknande skal kontrollerast regelmessig for å sikre at dei fungerer og gir nok
vatn til dyra sine behov. Dyra sin tilgang til vatn på innmarksbeite må sikrast og kontrollerast.
Drikkekar bør gi minimum 20 liter pr. minutt til storfe i laktasjon.
6.7.2
Fôrprøvene skal lagrast så lenge dei kan ha betyding for produksjonsresultat og produktkvalitet.
Prøvene kan vere av betyding ved ei eventuell reklamasjonssak. Dersom ein vel å la fôrleverandør
oppbevare fôrprøvene, er det ikkje krav om at ein samtidig skal oppbevare fôrprøver på garden.
Dokumentasjonen skal innehalde: Dato for leveranse og transportør (når dette ikkje er bonden)
og varedeklarasjon/fôrsetel. Rekneskapsvedlegg er tilstrekkeleg dokumentasjon av dato for
leveranse og transportør. Varedeklarasjon/fôrsetel skal arkiverast så lenge fôrprøva blir lagra.
6.7.3
Alle ledd i produksjonen skal ha eit kvalitetssystem. Dei som kjøper grovfôr skal krevje at den
som sel kan dokumentere at produksjonen er i samsvar med KSL-standarden.
6.7.4
Det skal finnast rutinar for å sikre at det ikkje blir overført smitte til fôret. Til dømes kan fugl,
mus og rotter vere berarar av salmonella.
6 - Drøvtyggarar
6.7.5
Det skal dokumenterast kven alternative fôrmiddel kjem frå, kva som er kjøpt og når det er
brukt. Alternative fôrmiddel kan vere brød, sjokolade, myse, mask og liknande. Alt fôr skal vere
fritt for emballasje, t.d. brødposer og plast, før fôring. Alle som leverer restprodukt til fôr, t.d.
bakeri, bryggjeri og meieri skal vere registrert eller godkjent som fôrverksemd hos Mattilsynet.
Leverandøren skal kunne leggje fram kvittering for registrering hos Mattilsynet. Det kan også
sjekkast på mattilsynet.no.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatier (TSE)
-- Forskrift om velferd for småfe
-- Forskrift om hold av storfe
-- Forskrift om fôrvarer
-- Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om velferd for produksjonsdyr
-- Forskrift om fôrhygiene (fôrhygieneforskrifta)
-- Forskrift om tilsetningsstoffer til bruk i fôrvarer
-- Veileder til forskrift om hold av storfe
6.8
6 - Drøvtyggarar
OPPSTALLING, STELL OG REINHALD AV DYR
Det skal sikrast god dyrevelferd med godt stell og korrekt oppstalling. Dyr som går ute når det er
kaldt skal ha ekstra oppfølging.
Les meir på mattilsynet.no om kva du må passe på dersom produksjonsdyra dine går ute når det
er kaldt.
6.8.1
Forskrift om hold av storfe og forskrift om velferd for småfe inneheld eit kapittel om oppstalling.
Nokre punkt er:
Storfe: Kyr skal ha tilgang på liggjeplass med mjukt underlag og tett golv. Dette gjeld også kviger
som har mindre enn 2 månader igjen til kalving. Kalvar under 6 månader skal ikkje haldast bundne.
Kalvar skal ha tørr og trekkfri opphaldsplass, og mjuk liggjeplass med tett og varmeisolerande
golv. Storfe skal kunne bevege seg fritt, og mosjonere på beite eller i eigna luftegard i minimum
åtte veker i løpet av året. Føresegna gjeld ikkje ukastrerte hanndyr over seks månader.
Småfe: Småfe skal ha tilgang til behageleg, tørr og trekkfri liggjeplass. Små lam og kje skal ha
tilgang til tett liggjeunderlag med tilfredsstillande varmetekniske eigenskapar.
6.8.2
Dyr som er sjuke eller skadde skal om nødvendig isolerast på eigna stad med tørr og mjuk liggjeplass. Kyr som går i lausdrift skal skjermast frå andre dyr ved kalving.
6.8.3
Reine dyr er ein grunnleggjande føresetnad for god dyrevelferd, og for å kunne gjennomføre ein
hygienisk slakteprosess. Reine dyr er eit samspel mellom fjøsmiljø, fôring, stell og røktar. Dersom
dyra er skitne er det viktig å finne kva som er årsakene og deretter setje i verk tiltak som betrar
forholda. Brosjyrene Reine dyr (storfe) og Reint dyr – rein skrott (sau) frå Animalia inneheld råd
og illustrasjonar. Animalia si rettleiing knytt til reine dyr er retningsgjevande for standarden KSL
stiller til reinhald av dyr, også medan dei står i produksjon. Brosjyrene kan bestillast frå Animalia
([email protected]), eller lastast ned frå animalia.no.
6.8.4
God klauvpleie og klauvhelse er viktig for dyra si velferd og produksjon.
Les meir om klauvsjukdommar og klauvstell hos sau på animalia.no.
6.8.5
Dårleg klauvhelse og halte dyr er ei av dei aller største helsemessige utfordringane internasjonalt i mjølkeproduksjonen. Regelmessig skjering av klauver er eit av dei viktigaste førebyggjande
tiltaka mot dårlege klauver.
Medlemmar i husdyrkontroll skal rapportera inn klauvlidingar, og unormale klauver for alle kyr og
kviger som blir klauvskjært.
7
6.8.6
6.8.7
Storfe: Alle driftsbygningar der det blir heldt fleire enn 30 storfe skal ha tilfredsstillande system
for varsling av brann.
Småfe: Kravet om brannvarslingsanlegg gjeld småfehald med 30 vinterfôra dyr eller meir. ”30
vinterfôra dyr” skal lesast som 30 dyr som er eitt år gamle eller meir pr. 1. januar. Avkom som er
yngre enn eitt år og meint til rekruttering i buskapen, blir ikkje rekna med.
Les meir om reglar om brannsikring i fjøs for småfe på mattilsynet.no.
6.8.8
Det skal vere brannslangar eller eit tilstrekkeleg tal på handsløkkeapparat i alle bygningar med
husdyr. Brannsløkkingsutstyret skal kontrollerast regelmessig.
Småfe: Krav om brannsløkkingsutstyr gjeld ikkje når det heilt klart er unødvendig.
6.8.9
Eigar eller annan med ansvar for dyra, skal sørgje for at det blir gjennomført fagleg kontroll av
elektriske anlegg minst kvart 3. år.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om velferd for småfe
-- Forskrift om hold av storfe
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om velferd for produksjonsdyr
-- Veileder til forskrift om hold av storfe
6.9
REINHALD OG HYGIENE I FJØS, FÔR- OG LAGERROM
6.9.1
Husdyrrom skal reingjerast regelmessig. Det skal vere godt reinhald i alle husdyrrom, slik at dyra
har eit godt miljø og smittepresset blir redusert.
6.9.2
Fôrrestar kan tiltrekkje seg skadedyr. Dersom det er uryddig gjer dette reinhaldet vanskelegare.
6.9.3
Dato og type desinfeksjonsmiddel som er brukt skal dokumenterast.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om velferd for småfe
-- Forskrift om hold av storfe
-- Forskrift om velferd for produksjonsdyr
-- Forskrift om fôrhygiene (fôrhygieneforskrifta)
-- Veileder til forskrift om hold av storfe
6.10
8
Temperatur og luftråme skal regulerast etter dyra sine behov. Gassar i uheldige konsentrasjonar
skal ikkje kome inn i eller oppstå i rom kor det er dyr. Fôr og dårleg fjøsmiljø kan gi smaksfeil på
mjølka. Ventilasjonssystemet må sikre god luftkvalitet. Ved omrøring og utkjøring av gjødsel skal
det vere rutinar som sikrar at det ikkje oppstår fare for gjødselgassforgifting av dyr eller
menneske.
DYR PÅ BEITE
6.10.1
Driftsmåtar skal leggje til rette for at storfe gis gode moglegheiter for fri bevegelse, mosjon og
naturleg åtferd.
Dersom eigna beite ikkje er tilgjengeleg for fjøs bygd før denne regelen blei iverksett (2004 for
båsfjøs og 2014 for lausdriftsfjøs), skal dyra i staden ha tilgang til eigna luftegard eller anna
utandørs område der dyra sikrast moglegheit for fri bevegelse og mosjon.
6.10.2
Storfe: Det er eit krav i forskrifta at storfe som går ute skal ha dagleg tilsyn. Storfe som er på
utmarksbeite skal ha tilsyn minimum to gonger i veka.
Småfe: Det er eit krav i forskrifta at småfe på utmarksbeite skal ha tilsyn kvar veke.
Dette er minimumskrav og gjeld når det ikkje er spesielle forhold som tilseier oftare tilsyn. Eigar,
6 - Drøvtyggarar
eller annan med ansvar for dyra, skal sikre at dyra får tilsyn etter behov.
6.10.3
Ved søknad om Tilskudd til dyr på beite skal ein kunne sannsynleggjere at dyra har gått på beite
det tal veker som er ført opp i søknaden.
Lover og forskrifter:
-- Lov om dyrevelferd
-- Forskrift om velferd for småfe
-- Forskrift om hold av storfe
-- Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket
-- Forskrift om velferd for produksjonsdyr
-- Veileder til forskrift om hold av storfe
6.11
6.11.1
6 - Drøvtyggarar
KRAV FRÅ RÅVAREKJØPAR (VAREMOTTAKAR)
Dersom ein har spesielle krav frå sin råvarekjøpar, skal desse følgjast. Dette kan vere krav som
gjeld spesielle kvalitetar eller produkttypar.
9
10
6 - Drøvtyggarar
6 - Drøvtyggarar
11
MATMERK
Besøksadresse: Tollbugt. 32
Postboks 487 – Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no