sjekkliste for eigenrevisjon

KSL-STANDARD
Versjon 12, oktober 2016 – nynorsk
SJEKKLISTE FOR EIGENREVISJON
6 - Drøvtyggarar
Namn:
Produsentnr.:
Dato for utført eigenrevisjon:
Underskrift:
Spørsmåla i denne sjekklista er lovpålagde krav eller næringa sine eigne tilleggskrav.
Ja NeiIkkje
aktuelt
6.1 SPORING
6.1.1 Krav til drift
Er dyra forskriftsmessig merka?
6.1.2 Krav til dokumentasjon
Blir det ført driftseiningsregister (dyrehaldjournal) for alle dyr i besetninga?
6.1.3 Krav til drift
Er det etablert rutinar som gjer at rapporteringspliktige hendingar blir meldt til husdyr
kontrollen eller direkte til Husdyrregisteret (for dei som ikkje er medlem i husdyrkontroll) innan fristen?
Storfe: Rapportering skal skje innan 7 dagar, anten til Husdyrkontrollen eller direkte til Husdyrregisteret for dei som ikkje er medlem i kontroll.
Småfe: Rapportering til Husdyrregisteret skal skje innan 30 dagar etter frist for
dyreteljing for dei som ikkje søkjer produksjonstilskot.
6.2 SMITTEFØREBYGGING
Krav til drift
6.2.1 Blir det gjennomført smitteførebyggjande tiltak ved:
- hensiktsmessig smittesluse i dagleg bruk av alle som besøker fjøset, og der alle skifter til besetninga sine klede og sko samt vaskar eller desinfiserer hender når dei går inn i fjøset?
- inn- og utlasting av dyr på ein dyrevernmessig og smittemessig sikker måte?
6.2.2 Er du kjent med kravet om å varsle Mattilsynet ved mistanke om utbrot av alvorlege
smittsame sjukdomar, og er det rutinar i drifta som sikrar at Mattilsynet, veterinær og
varemottakar blir varsla dersom det er mistande om smittsame dyresjukdomar?
6.2.3 Er det rutinar som sikrar at personar som har vore i kontakt med husdyrhald i utlandet
ikkje får tilgang til husdyrrom før det har gått minst 48 timer, og at personar som har
vore i land med førekomst av eller mistanke om alvorleg smittsam husdyrsjukdom ikkje
får tilgang til husdyrrom før det har gått minst 72 timer?
6.2.4 Finst det dokumentasjon på kva for besetningar det er kontakt med gjennom:
Tiltaksplan finn du lenger bak.
Ja NeiIkkje
aktuelt
- felles røktar
- felles beiteområde og samlekveer
- felles transport
- omplassering/leige av husdyrrom der andre besetningar er til stades
- bruk av felles avlsdyr
- bruk av felles utstyr som kjem i kontakt med dyra
6.2.5 Krav til dokumentasjon
Er helsestatus for innkjøpte dyr kjend, og ligg det føre dokumentasjon i forbindelse med kjøp, sal og leige av dyr?
6.2.6 Krav til drift
Er alle som jobbar i besetninga, og som har vore i kontakt med husdyrhald i utlandet eller som av andre grunnar har økt risiko for å vere berar av MRSA, testa for MRSA? Og blir det brukt nødvendig verneutstyr inntil prøvesvar er kjend?
6.2.7
Er det rutinar som sikrar at alle besøkjande som har økt risiko for å vere smitta med MRSA, og som har ukjent smittestatus, bruker nødvendig utstyr for smittevern?
6.3 IMPORT AV DYR, SÆD ELLER EMBRYO
Gå til punkt 6.4 dersom det ikkje har vore eller er planlagt import av dyr, sæd eller embryo.
6.3.1 Krav til dokumentasjon
Blir Mattilsynet og KOORIMP varsla før import og ved vidaresal/overtaking av dyr,
embryo og sæd frå utlandet?
6.3.2 Kan det ved import dokumenterast at offentlege krav er oppfylt, at dyr og avlsmateriale er undersøkt, og at tiltak er utført i samsvar med krav utarbeida av KOORIMP?
6.3.3 Kan det dokumenterast at KOORIMP sine tilleggskrav ved vidaresal/overtaking av storfe eller småfe innført frå utlandet er oppfylt?
6.4 SMITTERISIKO VED HALD AV KAMELIDAR (LAMA, ALPAKKA)
Gå til punkt 6.5 dersom det ikkje er hoald av kamelidar på garden.
6.4.1 Krav til drift
Er kamelidane (lama, alpakka) øyremerkt?
6.4.2 Krav til dokumentasjon
For kamelidar (lama og alpakka) som er importert, ligg det da føre dokumentasjon på at offentlege krav og anbefalingar og KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt?
6.4.3 Krav til drift
Blir alvorlig sjukdom og funn av sjølvdaude kamelidar meldt til Mattilsynet? Blir daude kamelidar undersøkt av veterinær og obdusert?
6.5 HELSE OG MEDISINBRUK
6.5.1 Krav til drift
Blir ”KSL-medisinstandard” følgt?
6.5.2 Er det rutinar som sikrar at:
- fôr er utan skadelege framandstoff (til dømes medisinrestar i mjølk til kalv, innhald av mykotoksin ved bruk av eige korn og fysisk avfall i grovfôr)
- produkta som blir levert til foredling er utan skadelege framandstoff?
6.5.3
Er det etablert rutinar som sikrar slakteriet tilgang til matkjedeinformasjon frå
besetninga di 24 timer før slakting?
6.5.5 Blir medisinar oppbevart på ein sikker stad?
6.5.6 Krav til dokumentasjon
Blir det ført helsekort/helsejournal i besetninga, og blir opplysningane rapportert inn til den aktuelle husdyrkontrollen?
6.5.7 Blir analyseresultat og obduksjonsrapportar arkivert?
Ja NeiIkkje
aktuelt
6.6 KADAVERHANDTERING
6.6.1 Krav til drift
Er det rutinar som sikrar at Mattilsynet blir varsla (på tlf. 22 40 00 00 eller elektronisk via Mattilsynet si nettside) når storfe over 24 månader og/eller småfe over 18 månader døyr eller blir avliva?
6.6.2 Skjer midlertidig oppbevaring av kadaver på ein trygg måte med tanke på smitte, lukt og at dei ikkje er synlege?
6.6.3 Blir kadaver levert til godkjent mottak?
6.7 FÔR OG VATN
Fôr og vann skal bidra til god helse og velferd for dyra. Mengden skal være tilpasset dyras alder, vekt og fysiologiske og atferdsmessige behov.
6.7.1 Krav til dokumentasjon
Ved bruk av reine tilsetningsstoff og/eller premiksar ved heimeblanding av fôr: Er du registrert hos Mattilsynet som fôrprodusent?
6.7.2 Krav til drift
Blir drikkekar, niplar, anna drikkeutstyr og vasstilgang på innmarksbeite kontrollert dagleg slik at dyra har god tilgang på vatn?
6.7.3 Blir det teke vare på fôrprøvar og varedeklarasjon/fôrsetel for innkjøpt kraftfôr?
6.7.4 Har du rutinar for å kontrollere at innkjøpt grovfôr blir produsert i samsvar med KSL-
standarden?
6.7.5
Blir det utført tiltak slik at fuglar og smågnagarar blir halde borte frå fôret?
6.7.6 Krav til dokumentasjon
Finst det dokumentasjon knytt til eventuell bruk av alternative fôrmiddel?
6.7.7 Krav til drift
Er det rutinar for å sjekke behaldning av kraftfôr slik at ein unngår å gå tom?
6.8 OPPSTALLING, STELL OG REINHALD AV DYR
Krav til drift
6.8.1 Er oppstalling av dyra i samsvar med forskrift om hold av storfe/forskrift om velferd for småfe?
6.8.2 Blir sjuke og skadde dyr, samt dyr som skal føde, skjerma frå andre dyr?
6.8.3 Blir dyra oppstalla og stelt slik at dei er reine?
6.8.4 Blir dyra sine klauver undersøkt regelmessig og skore ved behov (gjeld både storfe og småfe)?
6.8.5 For vaksne storfe: Blir alle dyr eldre enn 24 månader inspisert i klauvboks av kyndig person minst ein gong i året, og blir klauvane skorne ned til korrekt form?
6.8.6 Er det tilfredstillande klima i husdyrrommet?
6.8.7 Er det installert brannvarslingsanlegg i driftsbygninga?
6.8.8
Er det tilstrekkeleg med brannsløkkjeutstyr i alle bygningar med husdyr?
6.8.9 Krav til dokumentasjon
Blir det gjennomført fagleg kontroll av det elektriske anlegget minimum kvart 3. år?
6.9
REINHALD OG HYGIENE I FJØS, FÔR- OG LAGERROM
6.9.1 Krav til drift
Blir husdyrrom reingjort regelmessig slik at husdyra blir gitt eit godt miljø og smitte-
presset blir redusert?
6.9.2 Blir fôrrom, lagerrom og utstyr til fôring reingjort regelmessig, og blir romma haldne
ryddige?
6.9.3 Krav til dokumentasjon
Blir dato for desinfeksjon og kva for middel som er brukt notert?
Ja NeiIkkje
aktuelt
6.10 DYR PÅ BEITE
Krav til drift
6.10.1 Får alle storfe, unntatt hanndyr over 6 månader, moglegheit for fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret?
6.10.2 Blir det gjennomført forskriftsmessig tilsyn med dyr på beite?
Krav til dokumentasjon
6.10.3 Blir datoane for når dyra blir slepte på beite og når dei blir tekne heim/sett inn notert?
6.11 KRAV FRÅ VAREMOTTAKAR
Krav til drift
6.11.1 Blir eventuelle tilleggskrav frå varemottakar følgt?
Tiltaksplan
KRAV NR.
FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato
Rettleiarar og sjekklister utgjer til saman KSL-standarden, og begge skal brukast når ein gjennomfører eigenrevisjonen. Rettleiarane finn du på våre nettsider, eller dei kan bestillast frå Matmerk. Utfyllande informasjon om gjennomføring av eigenrevisjon finst i sjekkliste og rettleiar 1 Generelle krav til garden. Eigenrevisjonen er enklast å gjere
på KSL-bondeweben ”Din egen gard” (pålogging ksl.no - ”Logg inn KSL”). Her er rettleiar, lovverk og tiltaksplan direkte
knytt til sjekklista.
MATMERK
Besøksadresse: Tollbugt. 32
Postboks 487 – Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no