Temamøte i Norsk Fjellmuseum, Lom Tirsdag 21. april 2015 kl 1830 Lysbileteforedrag med Arne Larsen: «Store Skagastølstind – Fjellet, fjellfolk, historier og myter» Arne Larsen er – etter eiget utsegn – klatrenerd. Han er klatrar, klatreinstruktør og skriv om klatring. Han er utdanna cand.philol med filosofi og litteratur i fagkrinsen. Han har nylig gjeve ut boka «Storen» som har fått stor merksemd. Kvifor har Store Skagastølstind den heilt spesielle posisjonen i norsk fjellhistorie? Var William C. Slingsby førstemann til toppen, eller --? Kven var dei andre, store klatrarane i Jotunheimen på slutten av 1800-talet? Ville dei greidd seg utan dei lokale førarane? Var klatringa i Jotunheimen berre ein mannfolksport? Dette, og mykje meir, vil Arne fortelja om i sitt lysbileteforedrag. Møtet er ope for alle interesserte. Hjarteleg velkomne til ein interessant kveld i Fjellmuseet! Det vert enkel servering. Inngang kr. 100. Arrangør: Fjellmuseets Venner
© Copyright 2024