Utgangspunkt er revisjonsdokumentet frå 2008 som ikkje vart

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
Adresseliste
SAKSBEHANDLAR: KARI SVEEN
ARKIVKODE: 2015/4624 -
DATO: 05.10.2015
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN REFERAT FRÅ MØTE I FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVALG 16. SEPTEMBER 2015
Det årlege møtet i fagleg rådgjevande utval vart arrangert i Årdal, onsdag 16. september 2015.
Til møtet var og representantane i det administrative kontaktutvalet invitert, og vi hadde også besøk av våre to
kontaktpersonar i Miljødirektoratet; Inger Anne Ryen og Hege Langeland.
Til stades: Deltakarliste går fram av vedlegget.
Første post i møtet var besøk på Utladalen Naturhus, der vi fekk servert kaffi/te og vaflar, før det vart høve til å sjå på
utstillinga og gjennomførte tiltak utandørs. Det er bygd handikap-toalett og etablert ein enkel gangveg for betre tilgang
for rørslehemma. Fullstendig universell utforming er vanskeleg utan å få for store inngrep i det gamle tunet. Det er også
planar for betre tilgjenge til utstillinga. Mot Utla er det sett opp eit enkelt gjerde i stål, for å markere faren ved å gå lengre
ut på bergknausen.
1. Velkomen
Magnus Snøtun ønskte velkomen på vegne av forvaltninga, da styreleiar Mai Bakken var forhindra frå å møte
2. Oppsummering av oppsyn og prosjekt 2014 – 2015 v/ Rigmor Solem, Statens naturoppsyn
Det var ikkje sett av midlar til enkelttiltak i bestillingsdialogen i 2015, men skjøtselsarbeidet er vidareført.
3. Revisjon av forvaltningsplanen
a. Innleiing om opplegg for arbeidet v/ Magnus Snøtun
Utgangspunkt er revisjonsdokumentet frå 2008 som ikkje vart sluttgodkjent
Ut frå dette må vi ta inn nye element som har kome til etter at utkastet til revidert forvaltningsplan var ferdig:




Revidert forskrift
Naturmangfaldlova
Tilpasse til ny mal for forvaltningsplanar og til ny forvaltningsordning med nasjonalparkstyre
Besøksforvaltning og besøksstrategien frå 2012.
Framdriftsplanen: Jon Lerhol meinte at innspelfristen som er sett til må utvidast. Lag/foreiningar må få betre tid til
å behandle slike innspel i sine styre. Ofte frist for årsmøte ca. 15. mars. Bør ha frist til utpå våren.
Vi kan sjå nærare på framdriftsplanen, men det er nok ikkje behov for same omfattande prosess som den som låg
til grunn for revisjonen i 2008, der ulike tema knytt til brukarinteresser vart grundig behandla. Men det er ingen
problem å få utsett høyringsfrist ved å sende ein enkel mail til forvaltar.
POSTADRESSE:
POSTBOKS 987, 2626 LILLEHAMMER
BESØKSADRESSE:
NORSK FJELLMUSEUM, 2686 LOM OG
LUSTER KOMMUNE, RÅDHUSET, 6868 GAUPNE
TELEFON:
OPPLAND: 948 80 564
SOGN OG FJORDANE:947 89 126
E-POST: [email protected]
ORG.NR:
970 350 934 (FYLKESMANNEN I OPPLAND)
Utviding av verneområdet?
FNF-Oppland v/ Ole Morten Fossli viste til innspel frå ein av deira organisasjonar om utviding av verneområdet.
Dette ut ifrå verneverdiar utanom vernegrensene. Dette gjaldt t.d. Kalvåhøgde-Bygdin, Leirungsdalen-Valdresflye,
Kvitingskjølen, Fantesteinområdet.
Tom Dybwad viste til at dette må forankrast hos lokale styresmakter (kommunane) dersom ein kan ha noko
realistisk håp om å nå fram med ein utvidingsprosess. Sjå og side 27-28 i 2008-dokumentet. (vedlegg til referatet).
b. Sikringstiltak og tilrettelegging
Det er eit viss press frå organisasjonar og bedrifter om tilrettelegging, til dømes på Knutshø.
Her blir det også argumentert med at merking av ruta er eit sikkerheitstiltak.
Magnus gjekk gjennom problemstillinga (vedlegg), og la vekt på at ein må prøve å skilje mellom type tiltak:
Tilrettelegging – hjelpe folk inn i eit område.
Sikring – få dei gjennom turen på utsette parti
Når det gjeld Knutshø, kan ein vanskeleg sjå for seg at merking automatisk vil føre til auka tryggleik. Tilrettelegging
for å leie fleire folk opp på toppen kan snarare føre til behov for fleire redningsaksjonar. Det synest som om enkelte
aksjonar oppstår som følgje av at folk prøver seg på ein snarveg ned på sida, framfor å gå heile ryggen ned mot
Leirungsdalen. Her er det varda og sett opp visningsskilt til rett rute langs høgste ryggen, men det er mogleg at
denne merkinga kan forsterkast og gjerast enda tydelegare på den utsette strekninga. Dette vil bli drøfta i styret.
Stadig aukande trafikk, og mange må få hjelp. I høve til den store trafikkmengda relativt få ulykker i Jotunheimen.
Tom Dybwad viste til at det nok er Hurrungane som er mest utsett, medan dei meir trafikkerte områda ikkje har
meir enn ein må forvente ut ifrå at det er så mange som går t.d. i områda ved Gjende/Besseggen og Galdhøpiggen.
Fleire peika på at informasjon blir stadig viktigare, men det kan synast vanskeleg å nå fram til enkelte.
Mange overvurderer eiga form, og er ikkje utstyrt for dårleg ver og lange turar i høgfjellet.
Julia Helgesen stilte spørsmål ved om alle tekniske installasjonar er i utgangspunktet forbode.
Verneforskrifta heimlar at forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
e) Oppsetting av skilt, vegvisarpilar, merking av nye stiar og kvisting av nye løyper.
Tilrettelegging ut over slik enkel merking kan vurderast i heilt spesielle tilfelle, men her må ein ha ei streng
sortering av kva tilfelle som er så spesielle at vi i einskilde høve kan godkjenne tekniske innretningar.
Tilrettelegging for å få fleire folk opp på Knutshø er ikkje eit sikkerheitstiltak. Til nå har ekstra tilrettelegging vore
vurdert berre i dei aller mest brukte områda, for å kanalisere og konsentrere ferdselen på eit par utsette punkt på
Besseggruta og Galdhøpiggen. Ei tilrettelegging med vaier på Bukkelægeret som har vore der før vernet kom, er
også fornya. Vidare har ein ei spesiell sak med rapellfeste på Storen (sjå også forvaltningsplanen)
Det må vektleggast at dei besøkande er sjølve ansvarlege for eiga sikkerheit, men det kan sjå ut som om folk blir
meir og meir bortskjemte, og forventar å bli redda uansett.
Tor Martin Stenseng frå DNT viste til at dei jobbar mykje med problematikken om at folk må ta vare på seg sjølv og
vise turvett. Eit nyare problem er at veldig mykje subjektivt blir lagt ut på sosiale media; t.d. når det gjeld
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
SIDE 2
vanskegrad, tidsforbruk og kven turen passar for. Det er nok også dei som har gått fort og nådd dei høgste toppane
som er ivrigast til å leggje ut informasjon om turane sine på sosiale media.
God informasjon vil alltid vera viktig.
c. Nye farkostar i utmark – el-sykkel og dronar
Det er vanskeleg å ta høgde for alle nye farkostar som kjem til etter at verneforskriftene er utforma.
Dronar er ikkje definert som motorfarty omfatta av motorferdsellova, men kan vera omfatta av anna regelverk som
gjeld ubemanna luftfarty. Dei nye verneforkriftene for Jotunheimen og Utladalen har spesifisert eit forbod mot
motordrivne modellfly og liknande innretningar:
7.3 Støy
Unødvendig støy er forbode. Det er ikkje tillate å bruke motordrivne modellfly, modellbåt, o.l.
El-sykkel
Registrert spørsmål knytt til bruk på vegen inn til Glitterheim. Etter vegen ikkje noko stort problem, men formelt
sett er el-syklar omfatta av forbodet mot motorferdsel. Direktoratet er i utgangspunktet positive til el-sykkel.
El-syklar vil truleg får stadig kraftigare motorar og bli betre eigna for terrengkjøring, og det er viktig å følgje
utviklinga. I alle høve vil ein kunne gjere grep om ein ser ei uheldig utvikling, jf. ordlyden i verneforskrifta:
5.3 Sykling og organisert bruk av hest
Sykling og organisert bruk av hest er bare tillatt på veier, eksisterende stier og kjørespor. Det kan i forvaltningsplan
fastsettes restriksjoner for slik ferdsel på nærmere angitte strekninger.
Einar Fortun peika på at elektrisk påhengsmotor på båtar er ein parallell til el-sykkel
4. Statusoppdatering: Jotunheimen nasjonalpark som deltakar i pilotprosjekt om besøksforvaltning
Det var ikkje tid til gjennomgang av dette punktet i møtet, men vedlagd oversikt viser status.
5. Miljødirektoratet sitt arbeid med merkevarestrategi
Ny merkevarestrategi vart presentert på nasjonalparkkonferansen i april. De kan lesa meir om dette på direktoratet
sine nettsider: http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2015/April-2015/Ny-merkevare--ogkommunikasjonsstrategi-for-Norges-nasjonalparker/
6. Tilsynsutvala
Anders Fortun, Luster:
-
Grunneigarane må vera representert i rådgjevande utval i framtida.
Fannaråkbreen og avsmeltinga i brefoten. Bør ha skilting som åtvarar mot fare
Helgedalen: Grunneigarar blir av og til blokkerte mot tilgjenge, fordi folk parkerer dei inne.*
Informasjonstavle om villrein ved Turtagrø har dårleg trykk, bør erstattast med ny.
Store Hilleren er tilgrodd med kratt, og det var vel planar om rydding her?
Rigmor: Enno ikkje rydda her, da SNO ikkje har hatt den planlagde runden i Stor-Utladalen.
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
SIDE 3
-
Turtagrø: Toalettforholda er ikkje tilfredsstillande ved stor trafikk, da det ikkje er kapasitet på hotellet.
Brua over Kongsdøla manglar rekkverk.
Fannaråken opp, og registrering av søppel på toppen: Eternittbitar etter den gamle hytta ligg att
Tor Martin, DNT: Planlagt rydda i år, men vart ikkje gjennomført pga den seine snøsmeltinga
Dieselaggregatet på Skogadalsbøen forureinar, har svart røyk. Bør skiftast ut dersom det ikkje kjem
minikraftverk. Olav Kjell: Det kom nytt aggregat i fjor, så utskiftinga er gjort.
* Same problem gjer seg gjeldande i Koldedalen, vi jobbar med saka og Magnus har teke kontakt med Hydro.
Ole M. Nundal: Også eit problem i Utladalen, der folk av og til parkerer framfor bommen.
Jon Lerhol, Vang:
- Koldedalen - bommen og parkeringa: bra at det er teke initiativ til avklaring.
- Det ligg mykje impregnerte stolpar/søppel inne ved Sommarstigen mot Høystakkan. Det er utanfor
nasjonalparken, gammal telefonlinje som burde vore fjerna.
Kari: Det er kommunen som forureiningsmyndigheit som har ansvar, kan pålegge rydding. Telenor?
Tilsynsutvala i Lom og Vågå var representert ved sekretærane frå fjellstyra. Ingen av dei hadde hatt møte i år.
7. Norsk Fjellmuseum og Utladalen Naturhus – året som har gått og planar vidare
A) Informasjonsmedarbeidar Anne Silje Berg, Norsk Fjellmuseum
-
Utskifting av utstillinga, opning av ny: «Ut av isen». Kronprins opna utstillinga, og på besøk i Klimaparken
Diverse skuleopplegg
Ope museum ut haustferieveka
Fjellfiskeseminar saman med Naturhistorisk museum og marint museum.
Vil utvikle fjellmuseet, byggearbeid i startgropa. Vil utvide og utvikle publikumsarealet. Planlagt ferdig
2016. Meir om nasjonalparkane. Ny utstilling til 2017. Fjellturisme, brearkeologi, m.m..
Knytt til Gudbrandsdalsmusea gjennom samlokaliseringa, positivt samarbeid.
Nye nettsider.
Universell utforming i Klimaparken, fullført i år. Informasjon langs gangbanene er på plass.
B) Ole M. Nundal, Utladalen Naturhus
-
-
Nasjonalparkfestivalen. Fleire aktørar meiner den har større potensiale, og det er etablert ei stifting for
vidare utvikling av festivalen.
Meir tilrettelegging mot Vettisfossen som reiselivsprodukt. Vil prøve å få utgreidd moglegheiter som ligg i
dette. Kommunen har fatta interesse for området, og Årdal viser aukande interesse for å utvikle turismen,
der Vettisfossen står sentralt som ein attraksjon.
Ikkje lenger tilgang på SMIL-midlar, meir pressa økonomi
8. DNT Oslo og omegn – nytt om rutenett og turisthyttene
Tor Martin Stenseng, DNT
-
Ekstraordinært år pga store snømengder. Har hatt verknad på planlagt arbeid.
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
SIDE 4
-
-
Merka Skogadalsbøen – Vetti. Olavsbu-Gjendebu vart ikkje ferdig pga snømengdene.
Fannaråk-området: Planlagde tiltak utsett pga snøen.
Fondsbu-Slettmarkpiggen, Fondsbu-Yksndalsbu remerka.
Gjendebu-Torfinnsbu burde hatt T-merking i tråd med den opprusta stigen (sherpa-arbeid 2013)
Bruene: Mange bruer knekt, store utfordringar å få reparert pga snømengdene.
Bru over Blåtjønnåe og ved Blackwellbue har hatt behov for reparasjon.
Tjønnholåe forsøkt erstatta av klopper langs Russvatnet
Alle bruer ved Bygdin-Torfinnsbu øydelagde, ein del mellombelse reparasjonar.
Bruene i Utladalen reparerte og skifta seinare år.
Øvre brua over Veslådøla må ein sjå nærare på, ikkje sikkert at det er full einigheit om at DNT ikkje lenger
ønskjer å ha noko med denne å gjera. Kan verta nødvendig avlasting for nedre brua ved flaum og
eventuelle skader
Ombygging/Utviding av Fannaråkhytta. Snøhetta arkitektar har vore på synfaring.
Elles ordinært vedlikehald. Nytt aggregathus på Glitterheim. Skogadalsbøen fekk nytt i fjor.
Fjellfilmfestival på Gjendesheim sist helg, med mange deltakarar.
Oppgang på 13,4 % på vintersesong. Opp på Gjendesheim, Gjendebu og Bøen, uendra på Glitterheim.
Juli katastrofal på Bøen, men har teke seg opp på slutten av sesongen.
Alle hyttevaktene som starta i juli måtte gå på ski eller truger.
Magnus, merknader:
- Fannaråken, vonar på god dialog med DNT vidare.
- Motorferdselløyvet for DNT er eit samleløyve, nokså omfattande å følgje opp. Viktig at DNT har tett
oppfølging overfor styrarane. Også viktig med involvering av kommunane.
9. Eventuelt
Det var ingen punkt under eventuelt.
Det var godt frammøte, og møtedeltakarane fekk kvar sin Jotunheimen-buf
Med helsing
Kari Sveen
Nasjonalparkforvaltar
Adresseliste:
Tilsynsutvalet for Jotunheimen NP i Lom, pb. 34, 2688 Lom
Tilsynsutvalet for Jotunheimen NP i Vågå, pb. 16, 2684 Vågå
Tilsynsutvalet for Jotunheimen NP i Vang, v/Jon Lerhol, 2975 Vang i Valdres / Lars Ø. Hemsing
Tilsynsutvalet for Jotunheimen NP i Årdal, 6884 Øvre Årdal
Tilsynsutvalet for Jotunheimen NP i Luster, v/ Anders Fortun, 6876 Skjolden / Einar Fortun
Den Norske Turistforening Oslo og omegn, pb 7 Sentrum 0101 Oslo Tor Marting og Lise
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
SIDE 5
Forum for Natur og Friluftsliv Oppland / Herdis Unneland og Ole Morten Fossli
Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane / Olav Kjell Moen, Årdal Turlag
Visit Sognefjord AS
Jotunheimen Reiseliv AS / Marine Hårstad
Nasjonalparkriket Reiseliv
Valdres Destinasjon AS / Julia Helgesen
Norsk Fjellmuseum, 2686 Lom / Anne Silje Berg
Utladalen Naturhus, v/ Ole M. Nundal, 6882 Øvre Årdal
Villreinnemnda for Sogn og Fjordane / Vidar Moen
Leiarane av tilsynsutvala
Anne-Lise Marstein - Lom
Anders Fortun - Luster
Live Langøygard - Vågå
Jon Lerhol - Vang
Årdal: Årdal formannskap
Administrativt kontaktutval
Sander Sælthun, Lom kommune
Steinulf Skjerdal, Luster kommune
Ingunn Moen Helland, Vågå kommune
Jan Roy Dalheim, Årdal kommune
Arne Straum, Vang kommune
Rigmor Myhre, Oppland f.k. / Jon Halvor Midtmageli
Merete Farstad, Sogn og Fjordane f.k.
Kopi:
Medlemmene av nasjonalparkstyret
Rigmor Solem, Statens naturoppsyn, 2975 Vang i Valdres
Fjelloppsyn Odd Repp, pb. 94, 2688 Lom
Fjelloppsyn Erik Myrum og Knut Øyjordet, pb. 16, 2684 Vågå
Fylkesmannen i Oppland, pb. 987, 2626 Lillehammer
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Miljødirektoratet, pb. 5672 Sluppen, 5485 Trondheim
Lom kommune
Luster kommune
Vågå kommune
Årdal kommune
Vang kommune
Tom Dybwad
Harald Klæbo
Inger Anne Ryen
Hege Langeland
NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN
SIDE 6