Vedtak om offentleg ettersyn

ØRSTA KOMMUNE
politisk sekretariat
Plan- og miljøavd. for vidare ekspedering
Saksnr
2011/484
Løpenr.
8070/2015
Saksansvarleg
MKARSTAD
Arkiv
16
Dato
08.06.2015
Melding om vedtak i Ørsta formannskap 2.6.2015, sak 74/15
OFFENTLEG ETTERSYN: DETALJREGULERINGSPLAN FOR MARINE HARVEST,
YTRE-STANDAL
Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 02.06.2015
VEDTAK:
Ørsta formannskap, som planutval, syner til framlegg til detaljreguleringsplan for YtreStandal. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, gjer planutvalet med dette vedtak om å
legge framlegget ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre, men med følgjande endringar som
må rettast opp før utlegging:
 Namnsetjing av arealføremåla må endrast i samsvar med standardlista i
produktspesifikasjonen for plankart
 Området som er foreslått som privat tenesteyting (T) må endrast til fritid/turistføremål
 Kaiføremålet K2 må takast ut av planen, og naustføremålet må lengast i samsvar med
eks. stø. Det må setjast ei byggjegrense som erstatning for føremålsgrensa mellom
naustføremålet og kaiføremålet.
 Frisiktsona som kjem over parkeringsplassen må reduserast i samråd med Statens
vegvesen. Alternativt må parkeringsplassen reduserast slik at den ikkje kjem i konflikt
med frisiktsona.
 Avkøyrslepilene må fjernast frå plankartet og føresegnene. Alternativt må det vere
eintydig at dei er juridisk bindande.
Formannskapet rår også til at forslagsstillar vurderer formuleringane knytt til næringsområdet
i føresegna samt byggjegrensa for å gje meir langsiktige rammer for ev andre anlegg enn berre
den nye fabrikkbygningen.
Frist for å kome med merknader vert sett til 6 veker frå kunngjeringsdato.
Handsaminga(9 r.f.)
Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster
Rett utskrift
Inger Johanne E. Løeng
Politisk sekretær
Postadresse:
6153 ØRSTA
[email protected]
700 49 700
700 49 711
www.orsta.kommune.no
939461450 MVA
3992.07.30144
ØRSTA KOMMUNE
SAKSFRAMLEGG
Sakshandsamar:
Matias Kårstad
Utvalsaksnr.
74/15
Utval
Ørsta formannskap
Arkivsak: 2011/484
Løpenr.: 7323/2015
Møtedato
02.06.2015
Saka gjeld: OFFENTLEG ETTERSYN: DETALJREGULERINGSPLAN FOR MARINE
HARVEST, YTRE-STANDAL
TILRÅDING TIL VEDTAK:
Ørsta formannskap, som planutval, syner til framlegg til detaljreguleringsplan for YtreStandal. Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10, gjer planutvalet med dette vedtak om å
legge framlegget ut til offentleg ettersyn slik det ligg føre, men med følgjande endringar som
må rettast opp før utlegging:
 Namnsetjing av arealføremåla må endrast i samsvar med standardlista i
produktspesifikasjonen for plankart
 Området som er foreslått som privat tenesteyting (T) må endrast til fritid/turistføremål
 Kaiføremålet K2 må takast ut av planen, og naustføremålet må lengast i samsvar med
eks. stø. Det må setjast ei byggjegrense som erstatning for føremålsgrensa mellom
naustføremålet og kaiføremålet.
 Frisiktsona som kjem over parkeringsplassen må reduserast i samråd med Statens
vegvesen. Alternativt må parkeringsplassen reduserast slik at den ikkje kjem i konflikt
med frisiktsona.
 Avkøyrslepilene må fjernast frå plankartet og føresegnene. Alternativt må det vere
eintydig at dei er juridisk bindande.
Formannskapet rår også til at forslagsstillar vurderer formuleringane knytt til næringsområdet
i føresegna samt byggjegrensa for å gje meir langsiktige rammer for ev andre anlegg enn berre
den nye fabrikkbygningen.
Frist for å kome med merknader vert sett til 6 veker frå kunngjeringsdato.
Utskrift til:
Plan- og miljøavd. for vidare ekspedering
Saksvedlegg:
Plankart
Føresegn
Planomtale
Illustrasjonsplan
ROS-analyse
Innkomne merknader
Uprenta saksvedlegg:
Rasfarevurdering m/kart
Notat for bruk av tryggleiksklasser
Div. snitt- og planteikningar
Dokument ved forvarsling
Referat frå oppstartsmøte
Div. saksdokument
Saksopplysningar:
Det ligg føre framlegg til detaljreguleringsplan for Marine Harvest, Ytre-Standal. Føremålet
er å legge til rette for utviding av Marine Harvest sitt landanlegg på Ytre-Standal med ein ny
produksjonshall. I tillegg omfattar planen areal nord for elva for å legge til rette for
turismeverksemd. Forslagsstillar er Marine Harvest Norway AS med Sweco AS som
planfagleg konsulent.
Det var helde oppstartsmøte mellom forslagsstillar, konsulenten og Ørsta kommune den
22.03.2011. Oppstart av planarbeidet vart varsla den 12.05.2011. I samband med forvarslinga
har forslagsstillar motteke ni merknader. Desse er oppsummerte og kommenterte i
planomtalen.
Det var opprinneleg varsla eit vesentleg større areal enn det planen no omfattar. Dette var for
å kunne imøtekome grunneigarane på Ytre-Standal sitt ønskje om å legge til rette for areal til
m.a. bustader og fritidsbustader. Forslagsstillar oversende eit framlegg til
detaljreguleringsplan den 28.11.2012. Planframlegget omfatta store deler av Ytre-Standal, og
la til rette for fleire område for bustadbygging samt noko areal til hytter langs fjorden.
Framlegget sette ikkje tilstrekkelege rammer for utbygginga i høve det som er krevd på dette
plannivået (detaljreguleringsplan). M.a. mangla det tomtedeling, utnyttingsgrad og
byggjehøgder. Ørsta kommune ga tilbakemelding på dette samt ein del andre moment i brev
datert 11.01.2013. På bakgrunn av at det har vore vanskeleg å få på plass naudsynte
avklaringar har forslagsstillar no lagt fram eit redusert planområde som omtala over. Dei
øvrige areala må kommunen kome attende til gjennom revisjon av kommuneplanen sin
arealdel.
Vurdering og konklusjon:
Arealet er i kommuneplanen sin arealdel LNF-område sone B, der det kan opnast for spreidd
busetjing. På Ytre-Standal er der vist areal for havbuksnæring utan at dette er gitt ei nøyaktig
avgrensing. Rådmannen vurderer planframlegget å vere i samsvar med prinsippa i gjeldande
kommuneplan.
Planframlegget omfattar eit større areal som er sett av til næring sør for elva (samla areal på
om lag 18 daa), eit areal som er sett av til privat tenesteyting kring eksisterande løe (om lag 1
daa) og ein parkeringsplass for turistbussar og besøkande til tenesteytingsføremålet. Det
øvrige arealet nord for elva er sett av til landbruksområde med unntak av arealet kring eit
eksisterande naust. Dei eksisterande reveskura er føresett fjerna.
For næringsområdet opnar planen for eitt nytt næringsbygg på inntil 3000m² i grunnflate.
Maksimal gesimshøgd er sett til 10 m over gjennomsnittleg planert terreng. Grad av utnytting
er sett til maks. 40% BYA. I tillegg er der eit eksisterande bygg og eit utomhusanlegg nærare
sjøen. Det nye bygget er tenkt plassert på ei flate mellom vegen og sjøen. Det må gjerast
nokre terrengtilpassingar for å plassere bygget, men rådmannen vurderer terrenginngrepet og
landskapsverknaden som akseptabel med bakgrunn i dei illustrasjonane forslagsstillar har lagt
fram. Forslagsstillar har vurdert rasfaren for området. Bygget er plassert slik at det er trygt i
høve den aktuelle tryggleiksklassa. Slik føresegna og byggjegrensa er utforma opnar planen
kun for etablering av den nye fabrikkbygningen. Ev. framtidige andre tiltak vil difor ikkje
vere i samsvar med planen. Rådmannen meiner ei meir generalisert føresegn som opnar for
moglege andre anlegg, samt ei justering slik at det berre er byggjegrense mot fylkesvegen og
om lag tilsvarande faresona mot sjøen, ville gje meir langsiktige rammer for drifta. Den
eksisterande tilkomstvegen til næringsområdet er relativt bratt, og har tilknyting til
fylkesvegen like etter ein innerkurve. Ideelt sett burde tilkomstvegen hatt ein betre standard,
men rådmannen kan ikkje sjå at der er nokon umiddelbart betre alternativ som ikkje vil
medføre vesentleg større kostnader eller terrenginngrep. Med bakgrunn i den låge trafikken
langs fylkesvegen samt behovet for å kunne legge til rette for næringsdrift også i denne delen
av kommunen meiner rådmannen tilkomstvegen er forsvarleg.
I området som er foreslått som privat tenesteyting er det tenkt turismeretta næring med t.d.
overnatting. Det er lagt opp til å byggje om – og nytte den eksisterande løa som står der i dag.
Maks %BYA er sett til 30% inkl. to parkeringsplassar. I tillegg er parkeringsplassen P1 tenkt
nytta av besøkande. I tilbakemeldinga til det første planframlegget stilde rådmannen spørsmål
om tenesteyting var det rette føremålet med tanke på den verksemda ein ønskjer å legge til
rette for. Det går ikkje fram av planframlegget om dette er vurdert. Ettersom det er tenkt
turismenæring med overnatting meiner rådmannen det ville vere rettare å nytte
fritid/turistføremål (kode 1170). Dette må rettast før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Løa er ikkje nytta i aktiv landbruksdrift i dag. Rådmannen ser det som positivt at
næringsgrunnlaget i bygda vert styrka t.d. gjennom tilrettelegging for turisme, og har difor
ikkje merknader til at arealet vert omdisponert.
For naustet som er teke med i planen like nord for elva er det sett krav om at storleiken ikkje
skal overstige 50 m². Bygget som står der i dag er om lag 59 m². Planen har ikkje
tilbakeverkande kraft, då det eksisterande bygget får stå, men om ein skulle rive bygget for å
setje opp eit nytt vil ein måtte redusere storleiken. Jf. Fylkesmannen sine råd i høve naust bør
ikkje storleiken vere større enn 40 m² med mindre det etter ei konkret vurdering vert vurdert
som forsvarleg. Ettersom naustet ligg i tilknyting til eit område som i stor grad er utbygd,
samt at der står eit større bygg i dag meiner rådmannen det er forsvarleg å opne for naust på
50 m² her. Maksimal høgde på naustet er sett til 5 m. Framom naustet er det foreslått eit areal
for kai. Etter det rådmannen kan sjå er der ingen kaikonstruksjon i dag, og det går ikkje fram
av planen at der er eit spesifikt behov for det. Rådmannen rår difor til at dette føremålet vert
teke ut av planen, og at naustføremålet vert forlenga til sjøen i samsvar med eks. stø. Det må
då setjast ei byggjegrense i samsvar med føremålsgrensa mellom naustføremålet og
kaiføremålet.
Parkeringsplassen P1 er plassert dels inn i
frisiktsona for avkøyrsla til Marine Harvest sitt
anlegg. I utgangspunktet skal ein ikkje ha
parkering i frisiktsoner. Forslagsstillar har lagt til
grunn Statens vegvesen sine handbøker for
dimensjonering av frisiktsoner (60 m frå
avkøyrsla). Truleg er farta i dette området
vesentleg lågare enn det handboka legg til grunn,
noko som kan tilseie at det er forsvarleg å gjere
frisiktsona mindre. Dersom ein legg til grunn ei
reell fart på 50 km/t vil tilseie ei stoppsikt på 40
m. Med denne stoppsikta vil ein kunne flytte
frisiktlinja som vist i figuren til høgre, og ein vil
kome klar parkeringsplassen. Rådmannen rår til å
redusere frisiktsona i samråd med Statens vegvesen. Dersom Statens vegvesen ikkje kan
akseptere dette må frisiktsona oppretthaldast, og parkeringsplassen ev. reduserast.
I plankartet er det vist avkøyrslepiler til næringsområdet og til området for turisme med
symbol som juridisk bindande. I føresegna står desse omtala som ikkje bindande, og at ein må
ta stilling til plassering av avkøyrsle i samband med byggjesøknad. Slik planframlegget ligg
føre no er dette motseiande. Rådmannen rår difor til at avkøyrslepilene vert tekne ut av
plankartet og føresegna, og at dei heller vert viste på den vedlagde illustrasjonsplanen.
Alternativt må det vere eintydig at dei er juridisk bindande.
Føremålsnamna som er nytta i planframlegget samsvarer ikkje med standardlista til
kartforskrifta og produktspesifikasjonen for plankart. Rådmannen meiner dette må rettast, slik
at ein får tilsvarande namnsetjing i alle plansaker.
Rådmannen ser det som positivt at det vert lagt til rette for eit sterkare næringsgrunnlag på
Ytre-Standal. Dette vil kunne gje fleire arbeidsplassar i området noko som også kan styrkje
grunnlaget for busetjing i denne delen av kommunen. Ut ifrå vurderingane over rår
rådmannen formannskapet til å legge planen ut til offentleg ettersyn med følgjande endringar:
 Namnsetjing av arealføremåla må endrast i samsvar med standardlista i
produktspesifikasjonen for plankart
 Området som er foreslått som privat tenesteyting (T) må endrast til fritid/turistføremål
 Kaiføremålet K2 må takast ut av planen, og naustføremålet må lengast i samsvar med
eks. stø. Det må setjast ei byggjegrense som erstatning for føremålsgrensa mellom
naustføremålet og kaiføremålet.
 Frisiktsona som kjem over parkeringsplassen må reduserast i samråd med Statens
vegvesen. Alternativt må parkeringsplassen reduserast slik at den ikkje kjem i konflikt
med frisiktsona.
 Avkøyrslepilene må fjernast frå plankartet og føresegnene. Alternativt må det vere
eintydig at dei er juridisk bindande.
Rådmannen rår også til at forslagsstillar vurderer formuleringane knytt til næringsområdet
i føresegna for å gje meir langsiktige rammer, også for ev. andre anlegg enn berre den nye
fabrikkbygningen.
Wenche Solheim
rådmann
Arnstein Nupen
konst. leiar plan- og utviklingsstaben