6 NYHEITER TORSDAG 26. FEBRUAR 2015 Nynorsk landsting til Gol Omdømmebygging er tema under landstinget til Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) på Gol. TORBJØRN GUNHILDGARD [email protected] Landstinget til LNK blir arrangert anna kvart år og er lagt til Pers Hotell på Gol 4. og 5. juni. Tema under årets ting er omdømmebygging. Til å prate om det kjem det foredragshaldarar frå mange ulike ståstader. Tettpakka og variert Administrerande direktør Ole Chr. Apeland vil ta for seg kor viktig eit godt omdømme er både i næringslivet og det offentlege. Administrasjonssjef Olav Helstad vil fortelja om Lom kommune sitt systematiske arbeid innan omdømmearbeid. Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal stiller spørsmål om omdømmebygging også er tufta på tilfeldige hendingar, som storbrannen i Lærdal i fjor. Omdømmeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball kjem for å fortelja korleis ein kan spela kvarandre gode gjennom samhandling. Strategisk arbeid med språket er tema under foredraget til kommunikasjonssjef Elin Wetås de Jara i Time kommune. Hallingdal profilerer seg G ol-ordførar Hallvor Lilleslett er styremedlem i LNK og held opningstalen. Ulrikke Ytteborg i Hallingdal 2020 vil fortelja om korleis Hallingdal har arbeidd med sitt omdømme. Heidi Molstad Andresen i prosjektet Hått Halling orienterer om korleis ein kan auke interessa for nynorsk og dialekt blant barn og unge. Stein Torleif Bjella held minikonsert. Finn Tokvam held oppsummeringskåseri med humoristisk skråblikk om kva omdømmebygging handlar om. På programmet står det også paneldebatt og prisutdeling. Landssamanslutninga av Nynorskkommunar har 123 medlemsorganisasjonar. Blant dei er 103 kommunar og fire fylkeskommunar. VIL HA NYNORSK: Sjølv om Hallingdølen «kjempar på» mot stadig sterkare bokmålsdominans, forventar lesarane at Hallingdølen kjem på nynorsk. Klart fleirtal for «nynorskdølen» Lesararane har talt Berre sju prosent vil ha bokmål Hallingdølens lesarar vil ha avisa på nynorsk. MAGNUS LINDAHL [email protected] Ifølgje ei undersøking Opinion har gjort for Hallingdølen, er 54 prosent av dei 887 spurde positive til avisas målform. Berre sju prosent er negative medan 32 prosent stiller seg nøytrale. – Gledeleg at nynorsk står så sterkt. Eg kan vel seie såpass at det er lite aktuelt for oss å skifte målform, seier redaktør Bjarne Tormodsgard. Gode tal Bryt ein ned tala for kvar kommune, viser dei at det er dei to mest utprega bokmålskommunane i Hallingdal som er mest negative til nynorsk. I Nes og Flå meiner høvesvis 12 og 14 prosent at nynorsk er negativt for avisa mot berre fire-seks prosent i dei andre kommunane. – Dette er gode tal og eit positivt resultat for Hallingdølen. Det er tydeleg at det er Flå og Nes som er mest negative, men dei tala er absolutt ingen krisetal. Ein ser alltid etter balansen mellom dei som er positive og dei som er negative. At totalt berre sju prosent at dei spurde er negative til nynorsk er vel- FAKTA Skriftmål i Hallingdølen Hallingdølen kjem ut på nynorsk. I ei undersøking gjort av Opinion vart 887 personar i Hallingdal spurde om kva synspunkt dei hadde om dette. Tal pr. kommune Hol Ål Gol Hemsedal Nes Positiv til nynorsk 55 68 52 62 36 41 Negativ til nynorsk 5 6 12 5 12 14 35 21 33 25 44 38 5 5 11 8 7 7 Nøytral Inga oppfatning Flå Spurde personar: Hol 196, Ål 199, Gol 198, Hemsedal 97, Nes 151 og Flå 43. Totalt Nøytralt: 34 % Negativt: 7% Inga oppf.: 7% POSITIVT 54 % dig bra, seier medieforskar Sigurd Høst. Avisas identitet I Hallingdølen er det redaktøren som til ein kvar tid bestemmer kva for målform avisa skal ha. Det står ingen stader i vedtektene frå 1936 at avisa skal vere nynorskavis. Fram til 1970-talet var det då også både bokmål og nynorsk i avisa, men sidan 1970-talet har målforma vore nynorsk. – Nynorsk gir oss identitet. KJEMPAR FOR NYNORSK: – Strålande, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Tennø, om tala frå Hallingdølens lesarundersøking. Eg trur også folk er vane med at Hallingdølen kjem ut på nynorsk, seier Tormodsgard. Etter 16 år som redaktør har han enno til gode å høyre krav om at Hallingdølen må legge om til bokmål. Det er heller tvert om. – Eg får høyre frå bokmålsfolk som synest det er bra at me skriv på nynorsk. Det er dessutan heilt naturleg for oss med utgangspunkt i dialekten i Hallingdal. Den skal me støtte opp om, seier Tormodsgard. Mållaget applauderer Også i Noregs Mållag er gleda stor over resultatet. – Dette er strålande, seier leiar Marit Tennø når ho får høyre tala. For nynorsk er stadig under press, særleg i skulen. Målrøystinga i Hol i fjor om målform gav siger til nynorsk. Men denne våren er det duka for ny målrøysting som ein følgje av samanslåinga av skulane i Holet og Hovet. – Sett i lys av debattane i Hallingdal er dette gode tal. Nynorsk har jo lange tradisjonar, særleg i øvre del av Hallingdal. Men dette viser også at haldningane til nynorsk handlar om vanar, seier Tennø som seier Hallingdølen er svært viktig for målrørsla. – Hallingdølen bidreg til å vise fram nynorsk. For nynorsk i Hallingdal er avisa viktig.
© Copyright 2024