Praktisk informasjon

Praktisk informasjon
Rom for språk
Konferanselokale
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5–7 (Vågsbunnen, Bergen
sentrum)
Konferanseavgift
• Normalpris for tre dagar: 1100 kr.
• Studentpris for tre dagar: 650 kr.
• Dagbillett: 650 kr for torsdag el. fredag, 450 kr. for laurdag
Konferanseavgifta inkluderer pausemat og lett lunsj alle dagar, og gir
rabattert tilgang til Kulturkvelden fredag (kr. 80).
Påmelding
Gjennom konferansesida
https://www.uib.no/lle/forskning/konferanser/rom-for-spraak-2013
innan 28. februar
Overnatting
Konferansen har god avtale med Best Western Hotell Hordaheimen om
overnatting: 825 kr. for enkeltrom og 1025 kr. for dobbeltrom. Inkluderer
stor frukostbuffé. Kontakt Hordaheimen (tlf. 55335000, epost:
[email protected])
Arrangør
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i
Bergen, Postboks 7805, 5020 Bergen, tlf. 55589660.
Konferanse om språkleg mangfald, 14.–16. mars 2013
Dag 1. Ut i språket: Markku Suksi, Miguel Ángel Quesada Pacheco, Jarmo Lainio,
Cecilie Carlsen, Michael Riessler
Dag 2. Inn i språket: Ellen Bialystok, Mila Vulchanova, Hjalmar P. Petersen, Phdkandidatar. Kulturkveld i Litteraturhuset.
Dag 3. Med og utan språk: Arnfinn Muruvik Vonen, Reidunn Hernes, mfl.
Litteraturhuset, Bergen
PROGRAM
1. Torsdag 14. mars 2013: Ut i språket
Dag 1 har tittelen ”Ut i språket”, og føremålet er å spegle det språklege
mangfaldet i Noreg og andre land i dag, og å diskutere korleis samfunnet
møter, eller bør møte, språkbrukaren som mangfaldsagent. Eit viktig
utgangspunkt er at fleirspråklegheita slår ulikt ut for dei som bruker
majoritetsspråk og dei som bruker mindretalsspråk, og at språkpolitikk
spelar ei rolle for utfallet.
09.30. Registrering og kaffi
10.30. Kunstnarisk innslag. Opning av rektor Sigmund Grønmø
11.00 Markku Suksi. Retten til språk
12.00 Miguel Ángel Quesada Pacheco. Om å skape rom for språk.
13.15 Lunsj
14.15 Jarmo Lainio. Språkvern og politikk for språkleg mangfald.
15.15 Michael Riessler. Språket som aldri forsvann. Skoltesamisk som
eksempel.
16.00 Cecilie Carlsen. Kva for språkkrav er det rimeleg å stille?
16.45 Samla diskusjon
17.00 Slutt for dagen
2. Fredag 15. mars 2013: Inn i språket
Dag 2 har tittelen ”Inn i språket”, og då går vi frå samfunnet til individet.
Vi tek utgangspunkt i språkbrukaren som mangfaldsagent. Aktuelt her er
bruken av tospråklege opplæringsmodellar i skulen og effekten det har på
språkutviklinga hos einskildindivid. Sjølv om det er fagleg semje om at
det er positivt for individet å vere fleirspråkleg, er det viktig å få
oppdatert kunnskap om kvifor og korleis kompetanse i fleire språk verkar
på individet. Fellesføredraga vil føregå på engelsk.
09.00 Kunstnarisk innslag.
09.15 Ellen Bialystok. Bilingualism and cognitive developmen.
Tospråklegheit og kognitiv utvikling.
10.15 Mila Vulchanova. The Norwegian language situation with
Nynorsk and Bokmål – kognitive advantages? Kognitive fordelar ved den
norske tospråksituasjonen?
11.15 Hjalmar P. Petersen. Bilingualism connected to close related
languages. (Tospråklegheit ved nære språk.)
12.00 Lunsj
13.00 Phd-seksjonar, bl.a.
- Pernille Fiskerstrand: Læring av omgrep i mindretalsspråket nynorsk –
ein spiralforma prosess
- Gunhild Tomter Alstad: Språkopplæring i den fleirspråklege barnehagen
- Randi Neteland: Kategorisering av ‹nynorsk› og ‹bokmål› blant
informantar i eit talespråkkorpus
- Hjalmar Eiksund: Literacy med nynorsk som hovudmål. Den samla
skrivekompetansen blant elevar i eit norsk tospråk-perspektiv)
- Gunhild Tveit Randen: Samanhengen mellom elevane sin kompetanse i
morsmålet og kompetanse i norsk
- Nina Schjetne: Språkbrot/språkbytte i tidleg alder hos adopterte barn
16.00 Samla diskusjon. Panelordskifte med Ellen Bialystok, Mila
Vulcanova og Hjalmar P. Petersen.
16.45 Slutt for dagen
20.00 Kulturkveld på Litteraturhuset. Eige program i regi av Språkåret
2013. (Kr. 80 for deltakarar på konferansen.)
3. Laurdag 16. mars 2013: Med og utan språk
Dag 3 har tittelen ”Med og utan språk” og koplar individperspektivet og
samfunnsperspektivet. Eit sentralt spørsmål vert i kva grad samfunnet tek
inn over seg den innsikta ein har om språkkompetane og tospråklegheit,
og ikkje minst utviklinga av tospråklegheit hos einskildindividet. Her er
det tale om å formulere språkpolitikk.
09.30 Kaffi
10.00 Arnfinn Muruvik Vonen. Norsk teiknspråk – liv laga?
11.15 Reidunn Hernes. Nynorsk, dialekt eller bokmål? Unge
nynorskbrukarar sin skriftpraksis i ulike skrivesituasjonar. (Ikkje
stadfesta.)
12.00 Samla paneldebatt om utfordringar for norsk språkpolitikk.
Program vil bli offentliggjort på nettsidene til konferansen.
14.00 Lunsj.
Meir informasjon om innleiarane og programmet finn ein på nettsidene til
konferansen: https://www.uib.no/lle/forskning/konferanser/rom-forspraak-2013