Senterpartiet - Eidfjord kommune

EIDFJORD
SENTERPARTI
Valprogram 2015 - 2019
Gode veljar!
Senterpartiet vil at Eidfjord skal
vera ein attraktiv kommune for
alle.
Valprogrammet vil vera ei
rettesnor for arbeidet vårt i
kommunestyret.
Grunnsyn
Senterpartiet sitt verdigrunnlag handlar om å byggja samfunnet nedanfrå. Gjennom lokalt folkestyre,
desentralisering av makt, kapital og busetjing vil me
ta heile landet i bruk. Gode lokalmiljø i bygd og by
er prega av trivsel, samarbeid og skaparevne.
Med bakgrunn i dette verdisynet, meiner Eidfjord
Senterparti at innbyggjarane si stemme må høyrast,
og at ei eventuell kommunesamanslåing må skje
frivillig.
Eidfjord – ein god
bukommune
Eidfjord senterparti vil at Eidfjord framleis skal vera
ein attraktiv bukommune for alle. Me vil tilby gode
barnehagetenester, SFO, skule, helsetenester og
eldreomsorg til alle. Dette vil me gjera i gode og
tenlege lokale.
Me vil leggja til rette for eit levande og variert
organisasjonsliv, og ta vare på og vidareutvikla dei
positive kvalitetane i bygdene våre. Eidfjord Senterparti er opptekne av å skapa vekst og auka folketalet i kommunen.
Bustadbygging
• Marknadsføra bustadtomter og gode oppvekstmiljø
• Sikra nok areal til bustadfelt
• Vera positiv til spreidd bustadbygging der tilhøva ligg til rette
• Sikra nok eldrebustadar, ungdoms- og fyrstegongsbustadar
• Vidareføra tilskotsordningar for nye heilårsbustadar
Næringsutvikling
Me vil ta heile Eidfjord i bruk
Eidfjord kommune treng eit variert, levedyktig og
konkurransedyktig næringsliv. Senterpartiet vil
leggja til rette og vera ein pådrivar for eit aktivt
næringsliv. Å ta vare på noverande arbeidsplassar er
like viktig som å skapa nye.
• Kommunen skal vera ein god tilretteleggjar for
personar med gode idear, og sikra ein god og
rask planprosess
• Sikra tilstrekkeleg næringsareal og marknadsføra
desse
• Framleis satsa på reiseliv og næringar knytt til
reiselivet, og stimulera til heilårsdrift
• Støtta etablering av handverksbedrifter, for å
møta etterspurnad i samband med framtidige
utbyggingar
• Stimulera sentrale bedrifter til å etablera avdelingar i Eidfjord, der høgt utdanna kan få arbeid
• Jordbruk skal framleis vera ein viktig næringsveg.
Me vil gje støtte til omstilling og bruksutbygging i næringa
• Arbeida for lokal avdeling av Hardanger næringshage
• Arbeida vidare med tettstadutvikling
• Arbeida for å vidareutvikla Hardangervidda
Natursenter Eidfjord
• Støtta Statkraft sine planar om tilleggsutbyggingar
• Arbeida for framleis å behalda ein bemanna
bensinstasjon i Eidfjord
• Vera opne for landbasert fiskeoppdrett i Simadal
Kommunen som
arbeidsplass
Det er viktig at kommunen er ein attraktiv arbeidsplass for å behalda og rekruttera nye arbeidstakarar.
• Me vil framleis at kommunen skal ha ein god
seniorpolitikk
• Personalpolitikken skal stilla krav og visa omsorg
for den enkelte
• Stimulera til etter- og vidareutdanning
Samferdsel
Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for busetnad
og næringsliv i kommunen. No når Hardangerbrua
er ferdig, må me arbeida for å få på plass tunnelar
over Hardangervidda. Før tunnelane er på plass, må
me arbeida for å få meir ressursar for å halda god
vinterregularitet.
• Samhandla breidt for å realisera Hardangerviddatunnelen
• Arbeida for trygge skulevegar
• Samhandla med fylkeskommunen og staten for
bygging av gang- og sykkelvegar langs riks- og
fylkesveg
• Gjera det me kan for at samanhengande gangog sykkelveg er på plass mellom Eidfjord og
Øvre Eidfjord innan utgangen av valperioden
• Arbeida for at staten sikrar gang- og sykkelvegen
i Måbødalen
• Fullføra Nasjonal Turistveg ved Vøringsfossen
• Arbeida for tenlege kollektivtilbod
• Arbeida aktivt for rassikring av Rv7 og
Simadalsvegen
Barn, ungdom og
utdanning
Barn og unge må få veksa opp i eit trygt, stabilt og
utviklande oppvekstmiljø.
• Barnehage- og SFO skal ha høg kvalitet og tilby
plassar om sommaren til sesongarbeidskraft
• Me ynskjer eit aktivt ungdomsråd
• Stimulera og motivera ungdom til gründerkultur ved å gje opplæring i bedriftsetablering og
entreprenørskap i grunnskulen
• Stimulera ungdom til å velja yrkesfag, og
næringslivet til å ta imot lærlingar
• Støtta studiesenteret for vidareutdanning/ høgskulestudie i kommunen
• Oppretthalda gratis kulturskule
• Framleis dekka ”ungdomskortet” og dei stipendordningar me har i dag
• Gode møteplassar for ungdom
• Vidareføra varm skulemat til ein rimeleg pris
Helse og sosial
Samhandlingsreforma krev framleis auka innsats frå
kommunane, med sterk fokus på førebyggjande
helsearbeid. Enkelte tiltak skal me ta oss av sjølve,
men ein del tenester er det naturleg og best å
samarbeida med nabokommunane om. Dette må
til for å sikra gode levekår, og er viktig for trivsel
og tryggleik. Tiltak som skapar trivsel, fellesskap og
aktivitet for alle interesse- og aldersgrupper er viktig
å stø opp om.
• Oppretthalda tilbodet innan pleie- og omsorgstenesta, og sikra at dei som ynskjer å bu heime
får den hjelpa dei treng så lenge det er mogleg
• I byggjeperioden for ny sjukeheim skal kommunen ha spesielt fokus på heimebaserte
tenester til dei som treng det.
• Oppgradera ambulansestasjonen
• Arbeida for å få attende lokal tannhelseteneste
• Halda fram tilbod om trening i terapibassenget
• Samhandla med nabokommunane om førebyggjande arbeid mot rus og innan psykiatri
Miljø og samfunnsansvar
• Støtta tiltak for å sikra villaksen
• Senterpartiet er positive til utbygging av mikroog minikraftverk
• Stimulera til rydding av småskog langs vegar i
samarbeid med grunneigarar og Statens vegvesen
• Oppfylla tiltak i klimaplanen, med til dømes
gradvis overgang til el-bilar
Trivsel, kultur og
friluftsliv
Med auka satsing på turisme og næringsliv i kommunen vår, er det viktig at kulturlivet blir ein sentral del av satsinga. Me har mange tradisjonar og
verdiar som det er viktig å ta vare på, og desse
må lærast vidare til nye generasjonar. Me vil òg
at Eidfjord kommune skal vera med på nyskaping
og trendsetjing, det er difor viktig å ta til seg nye
impulsar og trendar.
• Støtta det lokale kulturlivet i grendene
• Gje driftsstøtte til lag og organisasjonar
• I samarbeid med Destinasjon Eidfjord stimulera
til samarbeid om auka bruk av Eidfjordhallen,
Samfunnshuset og Eidfjord kulturhus
• Stimulera til vidareutvikling av båthamna
• Arbeida for betre mobildekning på Hardangervidda
• Byggja på Eidfjordhallen for å utvida styrketreningsrommet
• Arbeida for at Sæbø skule skal vera ein sosial
møtestad
• Oppgradera kultur- og turstiar i tråd med sti og
løypeplan
• Kommunen skal vera ein støttespelar ved store
arrangement
• Oppretthalda støtte til Sysendalen Skisenter
• Vidareføra arbeidet med triveleg sentrumsområde
• Vidareutvikla badeplassen på Kråkeskarvet
Samarbeid
Me i Senterpartiet vil leggja stor vekt på
samarbeid partia i mellom, og vil støtta
gode tiltak som kan fremja trivsel og vekst i
Eidfjord kommune.
Eidfjord Senterparti vil samhandla med andre
parti, fylkeskommune, stat og interessegrupper for å oppnå dei beste tenestene for innbyggjarar og næringsliv i Eidfjord. Me vil ha
god kontakt med partiet sine representantar i
fylkestinget og på Stortinget.
Senterpartiet har lagt vekt på å rekruttera
kandidatar frå heile kommunen. Me har ei god
blanding av erfarne og ferske politikarar med
på lista vår. Dei representerer ulike yrkesgrupper, og har god spreiing i alder og interesser.
Vil du at Anved Johan Tveit skal fortsetja
som ordførar, og samstundes få inn våre
andre gode kandidatar i kommunestyret?
Stem Senterpartiet!
Eidfjord Senterparti si
liste ved kommunevalet:
1. Anved Johan Tveit, (1955) - Eidfjord
2. Arne O. Bu, (1978) - Eidfjord
3. Monica Hagen Hereid, (1974) - Bu,
4. Eirin Sandstå, (1986) – Eidfjord
5. Ole-Jonny Odland, (1984) – Eidfjord
6. Laila Langeland Hereid, (1968) – Øvre
Eidfjord
7. Lars Kristian Eidnes, (1952) - Eidfjord
8. Øyvind Riber, (1953) - Eidfjord
9. Gunnvor Hopen Veka, (1954) - Eidfjord
10. Asle Øydvin, (1965) - Eidfjord
11. Tom Karsten Garen, (1964) - Vøringsfoss
12. Nina Eiken, (1986) - Eidfjord
13. Harald Myklathun, (1962) - Øvre Eidfjord 14. Anders Vatle, (1982) - Eidfjord
15. Arne G. Bu, (1960) - Bu
16. Arild Garen Svardal, (1984) - Eidfjord
17. Beathe Melkeråen, (1971) - Øvre Eidfjord
18. Anders Vaksdal, (1950) - Vøringsfoss
19. Trude Varberg, (1990) - Eidfjord
20. Leiv Henry Sæbø, (1951) - Øvre Eidfjord
21. Iselin Kleiveland Fiskå, (1989) - Eidfjord
22. Geir Olmod Sæbø, (1966) - Øvre Eidfjord
23. Sigrid Bu, (1943) - Eidfjord
Godt val!