ÅRSMELDING 2014 FOR GULEN KOMMUNE Godkjend av Gulen kommunestyre i K-sak 43/15, datert 18.06.15 Gulen kommune - Årsmelding 2014 POLITISK ORGANISERING Kommunestyre Senterpartiet (8): Hallvard H. Oppedal (ordførar), Helga Irene Ellingsen, Lars Atle Larsen, Kristin Margrete Byrknes, Jenny Norunn Nordal, Johnny L. Langvatn, Reidar A. Byrknes, Jon Ivar Steine Høgre (5): Arve Harald Mjømen (varaordførar), Åshild Daae Eide, Anne-Mette Dahl Andreassen, Øyvind Bøe, SteinInge Larsen Venstre (3): Rune Østerbø, Dagfinn Midtun, Bjarte Undertun Kristeleg Folkeparti (2): Trude Brosvik, Kjell Oddvar Stendal Arbeidarpartiet (2): Gerd Ingunn Ynnesdal, Odd Harald Eide Framstegspartiet (1): Finn Johansen Formannskap Hallvard H. Oppedal (Sp), Helga Irene Ellingsen (Sp), Arve H. Mjømen (H), Odd Harald Eide (AP), Dagfinn Midtun (V) Hovudutval Plan og utvikling: Anne-Mette Dahl Andreassen (H, leiar), Jenny Norunn Nordal, (Sp, nestleiar), Stein-Inge Larsen (H), Bjarte Underthun (V), Trude Brosvik (Krf) Omsorg: Lars Atle Larsen (Sp, leiar), Astrid Uthaug (H, nestleiar), Johnny L. Langvatn (Sp), Vivian Våge (V), Merethe Ånneland Misje (Ap) Oppvekst: Kristin M. Byrknes (Sp, leiar), Øyvind Bøe (H, nestleiar), Reidar Andreas Byrknes (Sp), Gerd Ingunn Ynnesdal (Ap), Margrethe Thune Trædal (V) ADMINISTRATIV ORGANISERING 2 Gulen kommune - Årsmelding 2014 TILBAKEBLIKK PÅ 2014 – SLIK RÅDMANNEN SER DET Økonomisk sett har 2014 vore eit akseptabelt år, med eit rekneskapsmessig overskot på kr 3,2 mill. Resultatmessig ligg kommunen over KS sin definerte norm på for sunn kommuneøkonomi. Det er ikkje noko mål i seg sjølv at kommunen skal gå med overskot, vi er likevel avhengig at eit visst slingringsmonn for å sikre at vi har noko i bakhand dersom det skjer uføresette ting. Overskotet for 2014 skuldast i hovudsak ikkje gjennomførte tiltak, det tilseier likevel at vi har god kontroll på faktisk aktivitet. Netto driftsresultat justert for ekstraordinære inntekter (dvs vanleg inntekt – vanleg utgift) er i år positiv etter eit «dykk» under 0 i 2013. Den økonomiske utviklinga vi ser gjennom økonomiplanarbeidet tilseier at driftsutgiftene framleis er for høge. Det gjer kommunen sårbar for naturlege variasjonar på inntektssida som fylgje av m.a. endring i folketal og endra skatteinngang. I budsjett 2015 held difor arbeidet fram med å korrigere den økonomiske kursen. I 2014 starta kommunen opp arbeidet med kommunereforma. Dei neste åra er det eit omfattande arbeid som skal gjerast i høve vurderingar og diskusjonar med nabokommunar. Gjennom dette arbeidet ynskjer vi å få svar på om Gulen kommune ved å slå seg saman med andre kommunar på ein betre måte enn i dag skal kunne oppfylle ekspertutvalet sine 10 kriterier for god kommunestruktur. Som stor arbeidsgjevar må Gulen kommune i dette arbeidet ha eit særleg fokus på å ivareta dei arbeidsrettslege omsyna. Vi har lagt ein god plan på dette arbeidet i tett dialog med dei tillitsvalde. Gulen kommune har lang tradisjon for å samarbeide med nabokommunane, og det vert stadig vurdert nye samarbeidsprosjekt for å styrke tenestetilbodet. Eit døme på dette er samarbeidet innan barnevern som kommunane Masfjorden og Gulen etablerte i 2014. Barnevernstenestene vart då gjennom eit prøveprosjekt samlokalisert. Gjennom felles barnevernsteneste vil vi vidareutvikle gode rutinar og nytte den samla kompetansen på ein god måte til beste for borna våre. 2014 vart ein milepæl då Gulen kommune for fyrste gong mottok flyktningar. God førebuing og godt lagspel mellom dei ulike fagetatar førte til at flyktningane fekk ein god start på sitt nye liv i Noreg. Kommunen arbeider no med å førebu mottak av nye flyktningar i 2015. Etter svært mange år med vurdering og planlegging fekk vi i 2014 ei avklaring på vegen vidare i høve utbygging av vassforsyninga i Gulen sør. Næringsutviklinga i området er i god vekst og ei trygg og sikker vassforsyning er viktig. Teknisk gjennomføring av utbygginga får stort fokus i 2015. Etter mange år med planlegging vart nytt næringsbygg i Gulen industrihamn ein realitet. Vidsyn næringsbygg vart offisielt opna i november 2014, og vi ser allereie no konturane av kva dette næringsbygget vil bety for vidare utvikling, - i sjølve området, men også for kommunane Gulen og Masfjorden i si heilheit. Årsmeldinga du no les viser at det vert gjort mykje godt arbeid i kommunen. Dette er eit lagspel mellom den enkelte innbyggar, næringsliv, politikarar / tilsette i kommunen, og dei frivillige lag- og organisasjonar. Eg vil nytte høve til å takke alle for god innsats og godt utført arbeid i 2014. Gulen, 27. mars 2015 Reidun K. Halland rådmann Om identitet; ordsky frå folkemøter 3 Gulen kommune - Årsmelding 2014 ØKONOMISK STATUS Utviklingstrekk i driftsrekneskapen Rekneskap 2010 Rekneskap 2011 Rekneskap 2012 Rekneskap 2013 Rekneskap 2014 2014 Auke 2013-14 DRIFTSINNTEKTER Brukarbetalingar Andre sals- og leigeinntekter Overføringar med krav til motytingar Rammeoverføringar Andre statlege overføringar Andre overføringar Inntekts- og formueskatt Eigedomsskatt Andre direkte og indirekte skattar Sum driftsinntekter 5 725 154 13 131 505 34 315 157 69 302 207 3 470 667 2 551 036 52 009 662 11 553 126 317 199 192 375 713 6 198 766 20 031 258 28 924 449 82 645 096 1 732 835 15 595 464 53 552 881 11 580 994 679 895 220 941 638 6 651 382 15 645 485 27 840 534 86 734 340 1 678 095 7 788 630 56 171 721 11 467 369 337 733 214 315 289 6 898 026 16 013 898 36 427 537 88 958 081 1 609 823 7 103 288 58 081 669 10 784 882 337 733 226 214 937 6 811 387 12 724 823 30 281 285 91 745 466 4 437 978 8 256 024 61 093 026 12 029 552 339 309 227 718 850 -1,3 % -20,5 % -16,9 % 3,1 % 175,7 % 16,2 % 5,2 % 11,5 % 0,5 % 0,7 % DRIFTSUTGIFTER Lønsutgifter Sosiale utgifter Kjøp som inngår i kom. tenesteproduksjon Kjøp som erstattar kom. tenesteproduksjon Overføringar Avskrivingar Fordelte utgifter Sum driftsutgifter Brutto driftsresultat 105 318 581 20 954 009 26 081 050 18 575 068 11 337 175 3 760 328 -1 443 172 184 583 039 7 792 674 112 339 685 25 996 304 25 190 169 21 452 148 10 727 908 4 153 843 -2 123 298 197 736 759 23 204 879 115 901 171 25 265 110 27 035 745 22 412 255 13 783 205 4 443 118 -2 256 971 206 583 633 7 731 656 125 169 386 32 877 288 27 532 236 23 344 623 14 705 147 5 140 947 -2 293 556 226 476 071 -261 134 129 462 299 31 817 629 28 363 793 20 970 064 12 343 711 5 191 351 -3 183 303 224 965 544 2 753 306 3,4 % -3,2 % 3,0 % -10,2 % -16,1 % 1,0 % 38,8 % -0,7 % FINANSINNTEKTER Renteinntekter og utbyte Mottekne avdrag på lån Sum eksterne finansinntekter 5 191 006 16 246 5 207 252 4 526 299 33 211 4 559 510 4 955 234 34 505 4 989 739 4 744 478 83 257 4 827 735 4 352 774 154 036 4 506 810 -8,3 % 85,0 % -6,6 % FINANSUTGIFTER Renteutgifter og låneomkostningar Avdrag på lån Utlån Sum eksterne finansutgifter Resultat finanspostar 1 991 722 3 118 819 65 331 5 175 872 31 380 2 363 722 3 434 888 132 670 5 931 280 -1 371 771 2 242 623 3 784 888 28 500 6 056 011 -1 066 272 2 166 170 4 306 555 226 425 6 699 150 -1 871 416 2 280 148 4 336 181 314 035 6 930 364 -2 423 554 5,3 % 0,7 % 38,7 % 3,5 % 29,5 % 3 760 328 11 584 382 11 584 381 4 153 843 25 986 951 15 905 301 10 081 650 4 443 118 11 108 502 5 954 778 5 153 724 5 140 947 3 008 398 4 303 583 -1 295 185 5 191 351 5 521 103 4 554 003 967 100 1,0 % 83,5 % 5,8 % 174,7 % 7 127 297 14 115 440 4 541 721 3 621 302 3 214 913 -11,2 % (alle tal i kr) Motpost avskrivingar Netto driftsresultat Justeringsfaktorar Justert netto driftsresultat Rekneskapsmessig resultat *Ekstraordinære inntekter frå BKK (Kløvtveitutbygginga) i 2011 og Wergeland-Halsvik AS (NORM-deponi) 2011, 2012, 2013 og 2014. Driftsinntektene Dei to store inntektspostane, Rammeoverføringar og Inntekts- og formueskatt, auka med høvesvis 3,1 og 5,2 %. Skatteinntektene auka til 104,6 % av landsgjennomsnittet. Eigedomsskatt auka til normalnivået att i 2014, etter ein del utbetalingar i 2013 knytt til klager som vart gitt medhald i. Posten Brukarbetalingar synte reduksjon med 1,3 %. Hovudgrunnen var reduserte brukarbetalingar ved Gulen sjukeheim, etter ein periode med lågare behov for sjukeheimsplassar. Andre sals- og leigeinntekter vart redusert med 20,5 %, som skuldast at heile renovasjonsordninga inkl. gebyr, med inntekter på kr 3,7 mill. i 2013, vart lagt til NGIR IKS frå 01.01.14. Posten var elles unormalt høg i 2011 på grunn av etterbetaling frå BKK for utbygging av Kløvtveit kraftverk. Posten Overføringar med krav til motyting vart redusert med kr 6,2 mill. - heile 16,9 %. Kr 6 mill. av desse skuldast at mva.-kompensasjon frå investeringsutgifter ikkje lenger vert rekna som inntekt i driftsrekneskapen. Posten Andre statlege overføringar auka med kr 2,8 mill. (175,7 %) på grunn av nye statstilskot til frivilligsentral, flyktningar og ø-hjelp-dagsenger. 4 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Posten Andre overføringar auka med kr 1,2 mill. i 2014. NORM-inntektene utgjorde kr 4,5 mill. av inntektene. Posten var unormalt høg i 2011 fordi NORM-inntekter då utgjorde kr 13,7 mill. Samla sett auka driftsinntektene med 0,7 % i 2014. Driftsutgiftene Lønsutgiftene steig samla med 3,4 %, men løn til vikarar og ekstrahjelp vart redusert med kr 1,5 mill. (10,8 %). Sosiale utgifter (arbeidsgjevaravgift og pensjonspremie), som svingar mykje frå år til år på grunn av pensjonsutgiftene, vart redusert med 3,2 % etter uvanleg høg vekst i 2013. Dei andre hovudpostane, til saman 28,3 % av samla driftsutgifter, vart reduserte med 6,9 % (kr 4,7 mill.) på grunn av bortfall av utgifter til privat barnehage på grunn av nedlegging, og til renovasjonsordninga på grunn av overføring av ordninga til NGIR IKS. Samla gjekk driftsutgiftene ned med 0,7 %. Finanspostane Gulen kommune har framleis lågare netto lånegjeld pr. innbyggjar enn landsgjennomsnittet, men lånegjelda er i vekst. Dette gjev stadig aukande negativt resultat av finanspostane, frå om lag kr 0 i 2010 til - kr 2,4 mill. i 2014. Økonomisk resultat Økonomisk resultat dei siste fem åra 30 000 000 25 000 000 20 000 000 Brutto driftsresultat 15 000 000 Kr Netto driftsresultat Justert netto driftsresultat 10 000 000 Resultatmargin 5 000 000 0 2010 2011 2012 2013 2014 -5 000 000 Dei økonomiske resultata i 2014 vart betre enn i 2013, mykje på grunn av uvanleg høge løns- og pensjonsutgifter i 2013, medan inntektsutviklinga var meir jamn. Brutto- og netto driftsresultat Brutto driftsresultat var kr 2,8 mill. i 2014. Brutto driftsresultat seier noko om mindreforbruk (overskot) etter avskrivingar, men før renter og andre finanspostar er teke med. Netto driftsresultat var på kr 5,5 mill. I netto driftsresultat er finanspostane med, men avskrivingane er ”nulla ut”. I staden er avdraga inkludert. Gulen kommune har hatt ganske låg lånegjeld, difor har avskrivingane vore høgare enn netto finanspostar. Dette har gitt kommunen høgare netto driftsresultat enn brutto driftsresultat kvart år frå 2004. Resultatmargin, 1,75 % frå 2014 (tidlegare 3 %) Netto driftsresultat er eit mykje nytta måltal for korleis kommuneøkonomien utviklar seg. På grunn av endring i reglar for inntektsføring av mva.-kompensasjon frå investeringsutgifter inneber ein ”sunn” kommuneøkonomi frå 2014 ein driftsmargin på minst 1,75 % av brutto driftsinntekter (om lag det same som eit resultat rundt 0 i privat sektor), utifrå utrekningar gjort av Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (nov. 14). Dette utgjer om lag kr 4 mill. for Gulen kommune, som er indikert med den stipla linja i figuren over. Netto driftsresultat justert for ekstraordinære inntekter (JND) Justert netto driftsresultat (den jamnaste heiltrekte lina i tabellen), som viser korleis dei ”vanlege” utgiftene er i høve til dei ”vanlege” inntektene, var på kr 0,9 mill. JND har vore ein viktig indikator i høve til god langtidsplanlegging. Gulen kommune har brukt indikatoren fordi kommunen har hatt ein 5 Gulen kommune - Årsmelding 2014 del ekstraordinære inntekter nokre av dei siste åra, som kan få drifta til å sjå betre ut i enkelte år enn ho faktisk er. I JND er desse inntektene sett vekk frå. Dette gjeld ekstraordinære inntekter frå BKK (2011) og NORM-avgift (2011-14). I 2014 utgjorde slike inntekter kr 4,5 mill. (NORM-inntekter). Frå 2015 og framover er NORM-avgifta venta å vere kr 2 mill. årleg. Rekneskapsmessig resultat (RR) Rekneskapsmessig resultat er det som står att av netto driftsresultat etter fondsavsettingar og andre årsoppgjersdisposisjonar. RR fortel om kommunestyret sin planlagde pengebruk og forventa inntekter (budsjett) samsvarar med faktisk pengebruk og faktiske inntekter (rekneskap). Driftsrekneskapen for 2014 syner eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 3 214 913. Hovudårsaken til dette er budsjetterte løyvingar i 2014 som ikkje vart fullt ut nytta/utbetalte dette året, til dømes løyving til garanti for reparasjon av den keltiske steinkrossen i Eivindvik, løyving til kompetanseplan og vegmidlar. Disponering av unytta midlar frå 2014 vert gjort i juni 2015, i politisk sak om godkjenning av årsrekneskapen. Driftsavvik fordelt på resultateiningar Rammeområde 100 Ymse føremål 200 Oppvekst 211 Brekke barnehage og skule 212 Byrknes barnehage og skule 213 Dalsøyra barnehage og skule 214 Eivindvik barnehage og skule 310 Helse 355 NAV 360 Barnevern 371 Eivindvik sone 372 Byrknes sone 373 Dalsøyra sone 375 Brekke sone 376 PU-tenesta 400 Plan, teknisk og landbruk Sum driftsutgifter Rekneskap 2011 17 382 089 5 089 003 9 674 009 7 240 112 11 129 559 11 017 841 12 342 818 2 075 666 2 847 444 25 852 150 5 732 023 2 892 313 4 254 564 8 537 606 17 369 950 Rekneskap 2012 20 943 114 5 423 281 10 447 855 7 831 150 11 261 241 11 766 308 16 126 081 1 961 218 2 452 649 28 713 592 5 732 633 2 890 522 4 622 137 9 537 663 21 906 503 Rekneskap 2013 21 716 060 4 073 683 10 745 512 8 162 185 12 429 328 12 342 422 14 777 998 1 544 813 2 503 270 30 079 161 6 422 813 2 941 894 4 936 005 10 713 453 22 589 693 Rekneskap 2014 23 960 116 3 618 469 11 587 954 8 624 725 12 299 520 12 499 526 16 820 147 2 190 032 2 316 533 30 952 987 7 925 587 2 994 157 5 895 788 12 004 197 21 972 847 Justert budsjett 2014 24 517 300 3 827 600 11 593 100 8 628 700 12 397 700 12 429 200 14 578 300 2 755 000 2 940 700 32 464 400 8 218 900 3 177 000 5 992 500 12 460 300 22 997 900 143 437 146 161 615 947 165 978 289 175 662 586 178 978 600 Budsjettavvik i % -2,3 % -5,5 % 0,0 % 0,0 % -0,8 % 0,6 % 15,4 % -20,5 % -21,2 % -4,7 % -3,6 % -5,8 % -1,6 % -3,7 % -4,5 % Endring rekneskap 2013-2014 10,3 % -11,2 % 7,8 % 5,7 % -1,0 % 1,3 % 13,8 % 41,8 % -7,5 % 2,9 % 23,4 % 1,8 % 19,4 % 12,0 % -2,7 % -1,9 % 5,8 % Avvik i høve til budsjett 2014 Samla mindreforbruk vart 1,9 %. Einaste budsjettoverskriding av ein viss storleik var innafor ansvar 310 Helse, som skuldast at innsparingstiltak innafor Omsorg var budsjettert her, men ga resultatverknad på ansvara 371-376. Innsparingstiltaka skulle ha vore regulert inn på rette budsjetta gjennom året, sjølv om dei i praksis var under kontroll økonomisk. Rammeområda 100 Ymse føremål, 200 Oppvekst, 355 NAV, 360 Barnevern og 400 Plan, landbruk og teknisk hadde eit samla mindreforbruk på kr 3,0 mill. Størstedelen av avviket på 100 Ymse føremål skuldast at oppgåver med finansiering ikkje vart fullførte i 2014. Innafor 200 Oppvekst skuldast avviket i stor grad vakanse i PPT og at skyssutgifter til symjeopplæring vart lågare enn budsjettert. 355 NAV hadde innsparing både på Kvalifiseringsprogrammet, Introduksjonsordninga og sosiale overføringar. 360 Barnevern utførte fleire tiltak sjølv i staden for å kjøpe tenester og hatt lågare bruk av fosterheim. Hovudforklaringa på avviket innafor 400 Plan, landbruk og teknisk var at utbetaling for asfaltering i Eivindvik vart halde att på grunn av mangelfullt utført arbeid. I tillegg var eininga prega av lågare bemanning enn planlagt på grunn av vakansar. Utviklinga i utgifter frå 2013 til 2014 Driftsutgiftene auka med om lag kr 9,7 mill. i 2014 (5,8 %). Rammeområda 200 Oppvekst, 360 Barnevern og 400 Plan, teknisk og landbruk hadde lågare netto utgifter enn i 2013. Desse rammeområda hadde nettoutgiftsauke på over kr 1 mill.: 100 Ymse føremål (skuldast i hovudsak utgiftsauke til fellesfunksjonar og kulturføremål), 310 Helse (skuldast i hovudsak uvanleg låg nettoutgift i 2013), 372 Byrknes sone (skuldast i hovudsak innføring av nattevakt) og 376 PU-tenesta (skuldast i hovudsak ein ny ressurskrevjande brukar). 6 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Investeringsrekneskapen Dei samla investeringane i anleggsmidlar var på om lag kr 13,6 mill. i 2014. I tillegg ligg eigenkapitalinnskot i KLP (kr 0,5 mill.), kommunale utlån (kr 1,6 mill. i husbankutlån og -avdrag) og avsettingar (kr 2,6 mill.) på utgiftssida, slik at samla finansieringsbehov vart kr 18,3 mill. Finansieringsbehovet vart stort sett dekt inn med lån (kr 12,2 mill.), men og noko inntekter frå tomtesal (kr 0,7 mill), meirverdiavgiftskompensasjon (kr 1,8 mill.) og mottekne avdrag og refusjonar (kr 2,6 mill. - kr 1,2 mill. i avdrag og kr 1,4 mill. frå mva.-refusjon for Dalsøyra kunstgras og Ortneset skytebane), i tillegg til bruk av fond (kr 1,0 mill.). Større investeringsprosjekt i 2014 var: Jordvarmeanlegg ved Gulen sjukeheim (kr 3,0 mill.), ymse samferdsleinvesteringar (kr 4,0 mill.), investeringar i skulebygga - særskilt Byrknes skule (kr 1,4 mill.), nybygg av barnehage i Eivindvik (kr 1,1 mill.), IKT-investeringar (kr 1,0 mill.), førsteinnsatsbilar til Gulen og Masfjorden Brann og Redning (kr 1,0 mill.) og transportmidlar til drifta elles (kr 0,6 mill.). Andre viktige investeringsprosjekt i 2014 Vassforsyning Sløvåg - forprosjekt Overvakingssystem Eivindvik vassverk Omsorgsbustader Dalsøyra - forprosjekt Nybygg Eidsbotn barnehage – planlegging Investeringsbudsjettet for 2014 var på kr 28,7 mill. Hovudårsaken til det store avviket mellom planlagt og utført investeringsnivå var seinare framdrift enn føresett i tre større prosjekt; Vassforsyning Sløvåg, ventilasjonsanlegg ved Brekke skule og omsorgsbustader på Dalsøyra. Balanserekneskapen Balansen er sterkt påverka av vurderinga av storleiken på kommunen sine framtidige pensjonsplikter. I 2014 auka desse med kr 14,5 mill., til kr 316,6 mill. Dei utrekna pensjonsmidlane (kommunen sine «sparepengar» i pensjonskassene, som skal nyttast til å innfri pliktene) auka med kr 16,5 mill., til kr 245,1 mill., ved samanlikning med reelt 2013-nivå (rekneskapen for 2013 inneheld ei feilføring, jf. note 17 til rekneskapen for 2014, som påverka balansekontoane Pensjonsmidlar og Kapitalkonto med kr 21 mill.). Eigenkapitalen auka reelt med kr 8,3 mill., til kr 88,4 mill., som i hovudsak skuldast auka disposisjonsfond på grunn av netto avsetting av kr 4,4 mill. til desse, og at pensjonsmidlane auka meir enn pensjonspliktene. Lånegjelda auka med kr 19,3 mill. i 2014, fordi investeringane stort sett var lånefinansierte. Lågare investeringsnivå enn lagt opp til i budsjettet førte til at kr 16,7 mill. av opptekne lån framleis var ubrukte pr 31.12.14 (mot kr 4,4 mill. i 2013). Økonomiske nøkkeltal Økonomiske nøkkeltal frå Gulen samanlikna med andre kommunar (førebelse tal frå KOSTRA) (alle tal i kr) Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter Arbeidskapital i prosent av brutto driftsinntekter Frie inntekter i kroner pr innbyggjar Gulen 2010 168,3 Gulen 2011 157,9 Gulen 2012 172,9 Gulen 2013 173,2 28,2 36,1 38,1 21,7 29,4 18,2 12,0 63 516 65 455 67 735 49 322 52 767 58 960 61 998 Gulen 2014 186,9 Gruppe 05* 2014 213,7 Alle 2014 201,8 55 850 40 512 Netto lånegjeld i kroner pr innbyggjar 29 340 30 100 29 128 29 593 33 042 *Gruppe 05 er kommunar som kan samanliknast med Gulen, dvs. kommunar med få innbyggjarar, høge bundne kostnader og middels frie inntekter. Frå 2010 til 2013 var Gulen i gruppe 04 (få innbyggjarar, høge bundne kostnader og låge frie inntekter). I Langsiktig gjeld inngår både vanleg renteberande gjeld og framtidige pensjonsplikter til tilsette i kommunen. Pensjonspliktene, som er ei form for avsetting til framtidige pensjonsutbetalingar, utgjer om lag 3/4 av den langsiktige gjelda. Nivået på desse pliktene er rekna utifrå statlege reglar. Renteberande gjeld (1/4 av langsiktig gjeld) har auka noko dei siste åra, og er lågare enn gjennomsnittet i gruppe 05. Arbeidskapitalen (omløpsmidlar minus kortsiktig gjeld) fortel om likviditeten, dvs. om kommunen har pengar til å betale rekningane sine til rett tid. Gulen kommune har god likviditet, samanlikna med både gjennomsnittet i gruppe 05 og landsgjennomsnittet. Frie disponible inntekter fortel noko enkelt sagt om kor mykje av skatteinntekter og overføringar gjennom inntektssystemet som ikkje er bundne opp til dei vanlege lovpålagde driftsoppgåvene. Gulen og dei andre Gruppe 05-kommunane har høgt utgiftsbehov på grunn av stort areal pr innb., og ofte mange folk i høg alder. I Gulen gjev inntektene frå kommunal eigedomsskatt auka frie inntekter pr innbyggjar med om lag kr 5 000. Netto lånegjeld: Netto renteberande gjeld (1/4 av langsiktig gjeld) har auka noko dei siste åra, men er noko lågare enn gjennomsnittet i gruppe 05. Framdrifta i store utbyggingsprosjekt har vore lågare enn budsjettert i 2014, noko som dempar veksten i netto lånegjeld. 7 Gulen kommune - Årsmelding 2014 KOSTRA-samanlikningar KOmmune-STat-RApportering har vore i bruk i Gulen kommune frå 2001. Systemet, som ligg på nettsidene til Statistisk Sentralbyrå (www.ssb.no), gjev eit godt grunnlag for å samanlikne kommunar når det gjeld ressursbruk, sjølv om tala må tolkast med noko varsemd. Viktige KOSTRA-funn om meldingsåret for Gulen kommune sin del: Innbyggjartalet auka med heile 20 personar, til 2335, med litt fleire i barnehagealder, færre i grunnskulealder og fleire frå 16 år og over. Netto innflytting frå utlandet utgjorde 21 personar. Kommunale prioriteringar: Netto driftsutgifter pr brukar var høgare enn snittet for samanlikningsgruppa 05 innafor dei største kommunale tenestene; skule og pleie/omsorg, om lag som snittet innafor barnehage og sosialteneste og lågare innafor barnevernteneste og administrasjon, styring og fellesutgifter. Netto driftsutgifter: Grunnskuleopplæring og Helse og omsorg utgjer større del av nettoutgiftene i Gulen kommune enn i gruppe 05-snittet. Kommunen har høgare inntekter frå næringsverksemd enn snittet, som i stor grad skuldast NORM-kompensasjon, og noko sal av konsesjonskraft. Innbyggjarar i Gulen pr. 31.12. 0-5 år 6-15 år 16-66 år 67-79 år 80 år og over Til saman 2005 169 364 1 470 238 176 2 417 2006 160 355 1 482 233 176 2 406 2007 154 333 1 455 240 174 2 356 2008 134 317 1 433 236 163 2 283 2009 129 324 1 442 250 157 2 302 2010 123 311 1 461 250 151 2 299 2011 130 300 1 471 259 150 2 310 2012 123 297 1 470 267 148 2 305 2013 123 292 1 476 271 153 2 315 2014 129 277 1 480 295 154 2 335 Folkemengd, alder, pr. 31.12., % 0-5 år 6-15 år 16-66 år 67-79 år 80 år og over 2005 7,0 15,1 60,9 9,8 7,3 2006 6,6 14,8 61,6 9,7 7,3 2007 6,5 14,1 61,8 10,2 7,4 2008 5,9 13,9 62,8 10,3 7,1 2009 5,6 14,1 62,6 10,9 6,8 2010 5,4 13,5 62,6 10,9 6,5 2011 5,6 13,0 63,7 11,2 6,5 2012 5,3 12,9 63,8 11,6 6,4 2013 5,3 12,6 63,8 11,7 6,6 2014 5,5 11,9 63,4 12,6 6,6 Kommunale prioriteringar i Gulen samanlikna med andre kommunar (alle tal i kr) Netto driftsutgifter pr innbyggjar 1-5 år, barnehagar Netto driftsutg. pr innb. 6-15 år, grunnskuleopplæring - Utgifter til skoleskyss, per innbygger 6-15 år Netto driftsutg. pr innbyggjar, kommunehelsetenesta - Netto driftsutg. til diagnose, beh. og rehab. pr. innb. Netto driftsutg. pr innb. 67 år og over, pleie og omsorg Netto driftsutg. pr. innb. 80 år og over, pleie og omsorg - Andel innb. under 67 år som får heimetenester - Andel innb. 67-79 år som får heimetenester - Andel innb. over 80 år som får heimetenester - Andel innb. 80 år og over som bur på institusjon Netto driftsutgifter pr innb. 20-66 år, sosialtenesta Netto driftsutg. pr innb. 0-17 år, barneverntenesta Netto driftsutg. pr innb., adm., styring og fellesutgifter Gulen 2010 25 696 117 502 3 650 3 113 2 283 133 037 355 940 1,7 6,3 43.7 17,9 1 231 5 149 5 569 Netto driftsutgifter for ymse tenester, målt i % av totale netto driftsutgifter Administrasjon og styring (inkl. eigedomstaksering) Barnehage Grunnskoleopplæring Helse og omsorg Sosialteneste Barnevern Vatn, avløp, renovasjon/avfall Fysisk planlegging/kulturminne/natur/nærmiljø Kultur Kyrkje Samferdsle Bustad Næring Brann og ulukkesvern Ymse (t.d. premieavvik) Gulen 2011 117 952 132 047 4 067 3 397 2 543 132 792 362 080 1,5 5,4 41,3 16 1 242 5 482 6 381 Gulen 2010 10,0 2,2 28,4 47,6 1,2 2,0 0,2 1,6 1,5 1,6 5,6 -0,2 -0,6 1,5 -2,6 Gulen 2012 124 850 952 137 377 4 276 3 458 2 531 142 234 398 831 1,5 6,4 39,2 18,2 798 5 088 7 426 Gulen 2011 11,7 9,8 31,3 49,2 1,4 2,2 0,2 0,6 1,0 1,7 3,3 0,0 -15,5 1,7 1,4 Gulen 2012 11,5 9,0 27,2 46,8 1,0 1,7 0,3 1,6 2,1 1,9 2,7 0,0 -4,5 2,3 -3,6 Gulen 2013 141 520 141 240 4 373 3 657 2 750 144 021 399 118 1,5 4,8 36,6 13,1 1 128 4 822 8 095 Gulen 2013 11,4 8,6 25,2 44,0 1,0 1,4 0,1 1,3 1,4 1,6 3,0 -0,1 -2,8 1,9 -0,2 Gulen 2014 134 716 149 718 4 339 3 794 2 788 148 840 433 955 1,5 6,4 37,0 14,9 2 081 5 258 8 536 Gr. 05 2014 136 475 834 141 266 4 028 4 406 3 391 128 489 389 739 2,3 8,5 37,2 18,1 2 085 8 091 9 776 Landet 2014 129 744 103 064 1 978 2 278 1 580 115 144 377 520 1,9 6,8 32,6 13,5 3 488 8 021 3 994 Gulen Gruppe 05 Landet 2014 2014 2014 12,1 13,6 7,4 8,9 9,0 14,9 25,3 23,0 23,9 47,5 43,9 36,6 1,7 2,4 5,5 1,5 2,2 3,3 0,0 -0,5 -0,5 0,9 1,4 1,2 2,1 3,0 3,8 1,5 1,7 1,1 2,8 2,5 1,4 0,0 -0,2 0,0 -3,0 -0,6 -0,2 2,0 1,9 1,4 0,0 0,0 0,2 Kommunebarometeret - kvalitetsmåling Basert på KOSTRA har Kommunal Rapport utvikla eit grunnlag for å samanlikne tenestekvalitet i kommunane i høve til ressursinnsats - Kommunebarometeret. Gulen kommune klatra frå 285.-plass av 8 Gulen kommune - Årsmelding 2014 om lag 430 kommunar i 2010 til 65.-plass i 2014 - utifrå 2014-indikatorane for målinga. Når det gjeld sektorar skårar kommunen høgt på Grunnskule, Helse, Sosialhjelp og Barnevern. Elles viste barometeret for 2014, som er basert på 2013-tal, at kommunen har høge kostnader pr tenestebrukar, relativt få fagutdanna tilsette og god økonomisk handlefridom, relativt sett. PERSONALSTATUS Godkjende stillingar Bemanning ved årsslutt året: Godkjende stillingar (inkl. vedtekne endringar for budsjettåret), årsverk 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 217,31 224,32 222,46 223,21 224,61 222,5 231,05 226,7 Auken fram mot 2008 skuldast mellom anna fleire opphaldstimar i barnehagar, auka timetal i skulane, øyremerkt satsing på psykiatri, fleire faste sjukevikarar og andre faktorar med delfinansiering utanfrå. Endringa 2012-2013 skuldast nye stillingar som samhandlingskoordinator, folkehelsekoordinator, nattevakter i sonene, vaktmeister, kulturkonsulent og enkelte auka deltidsstillingar. Reduksjonen 2013-2014 skuldast reduksjon av vegvaktarstilling, stillingar på Gulen sjukeheim og innan skulesektoren, samt omlegging av arbeidet med folkehelse. Sjukefråvær Legemeldt sjukefråvær (%) Gulen kommune Sogn og Fjordane, kommunal forvaltning Heile landet, kommunal forvaltning 2007 8,2 6,9 7,8 2008 7,5 7,1 7,9 2009 6,8 7,1 8,2 2010 8,1 6,6 7,5 2011 8,4 6,8 7,6 2012 6,9 6,3 7,3 2013 6,8 6,4 7,25 2014 6,3 6,1 7,25 Sjukefråværstala er henta frå NAV sine statistikkar, der eigenmeldingar ikkje er inkludert. I 2010 og 2011 var det ein auke i sjukefråværet i Gulen kommune, medan vi har hatt ein nedgang dei tre siste åra, til no det lågaste nivået vi har hatt på mange år. Kommunen ligg i 2014 0,95 prosentpoeng under gjennomsnittet for kommunal forvaltning i landet og 0,2 prosentpoeng over gjennomsnittet for kommunal forvaltning i Sogn og Fjordane. Så samanlikna med kommunal forvaltning i fylket/landet, ser vi også ei forbetring her dei siste åra. Sjukefråværet i Gulen kommune er i hovudsak langtidsfråvær. Sjukefråværet er noko høgare innan pleie og omsorg enn innan oppvekstsektoren, og skilnaden har vore relativt stabil dei siste åra. Samarbeid med fagorganisasjonane Det var 4 møte med alle hovudtillitsvalde samla, der det mellom anna har vore drøftingar i samband med organisasjonsendringar, lokale lønsforhandlingar, planar og budsjettarbeid. Det har også vore drøftingar med hovudtillitsvalde enkeltvis eller i grupper ved behov – mellom anna kring arbeidstidsordningar, tilsetjingar, innsparingar og ferieavvikling. Elles har det vore samarbeid med aktuelle tillitsvalde i konkrete saker. Hovudverneombod har også delteke på desse møta når temaet har vore aktuelt for vernetenesta. Kompetanseutvikling Kommunestyret vedtok i 2010 ein kompetanseplan for Gulen kommune gjeldande til 2015. Denne vert rullert årleg. Fleire tilsette er ferdige med utdanningar som fylgje av denne planen, og andre er i gang med utdanningar. Gjennom «Kompetanseløftet» fekk vi i 2013 stønad til 18 tilsette som tar grunnutdanning/ vidareutdanning innan pleie og omsorg; grunnutdanning innafor sjukepleie, vernepleie og helsefagarbeid, og vidareutdanning mellom anna innafor akuttsjukepleie og geriatri/ rehabilitering. Ein medarbeidar og ein lærling tok fagprøve som helsefagarbeidar i 2014, og fleire jobbar med å opparbeide nok praksis til å gå opp til fagprøva dei kommande åra. To sjukepleiarar fullførte vidareutdanning som akuttsjukepleiar. Vi har to lærarar som har gjennomført vidareutdanning innan matematikk og engelsk, medan to lærarar byrja på vidareutdanning i naturfag og norsk i 2014. Det er gjennomført ei rekkje andre kompetansehevingstiltak ved skular og barnehagar, i tråd med vedtatt kompetanseutviklingsplan for sektoren. To medarbeidarar held på med utdanning som barnehagelærar. Vi har to lærlingar innan helsefag og 2 lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget mot utgangen av 2014, i tillegg til at vi har inngått lærlingkontrakt i det nye faget «byggdriftar». Om lag 20 medarbeidarar; i hovudsak medarbeidarar ved sentraladministrasjonen og einingsleiarar, deltok i utdanning innan arbeidsrett og offentleg rett (til saman 30 studiepoeng) – eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet og kommunane i området. Felles leiaropplæring i HAFS over to år vart fullført i 2014. Her deltok 20 av leiarane i Gulen kommune. 9 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Helse, miljø og tryggleik (HMT) Det har vore 2 møte i arbeidsmiljøutvalet. Tema for vernerundane 2014 var ergonomi. Bedriftshelsetenesta (Stamina) vart nytta til generelle helsekontrollar, informasjon og kurs i nokre av einingane og oppfylging av sjukemelde. I tillegg hadde Stamina individuelle arbeidsplassvurderingar og arbeidsplassvurderingar på systemnivå i einingane. Dei var også nytta til rådgjeving i enkeltsaker og andre enkelttiltak. Diskriminering og likestilling Gulen kommune har som mål at usakleg forskjellsbehandling ikkje skal skje ved tilsetjing eller annan sakshandsaming. Vi drøftar reduksjon av deltidsstillingar med tillitsvalde, samarbeider tett med tillitsvalde i tilsetjingssaker, og har i 2014 auka deltidsstillingar til 22 av våre faste medarbeidarar. Gulen kommune er ein kvinnedominert arbeidsplass, og praktiserer likestilling. Godt utbygde velferdsordningar gjer kommunen til ein konkurransedyktig arbeidsplass, særskilt for kvinner. For å stimulere til fleire kvinnelege næringsetableringar vert kvinner prioriterte når det gjeld tilskot frå næringsfondet. 8 av 15 toppleiarar i Gulen kommune er kvinner. Over 80% av tilsette i Gulen kommune er kvinner. Etikk ”Gulen kommune ynskjer tilsette som legg vekt på respekt, rettferd, ærligheit, omsorg, toleranse, openheit og syner positive haldningar innad og utad.” (Gulen kommune, Etisk reglement) Kommunen legg vekt på at vår tenesteyting skal skje i samsvar med vårt etiske reglement. Vi fokuserer også på verdiplattforma vår, ”Samarbeid for utvikling”, som seier korleis vi bør opptre, og kva overordna mål tilsette skal jobbe etter. Verdiplattforma skal henge synleg på alle arbeidsplassar, og reflekterast over på personalmøte jamleg. Verdiplattforma vert trekt fram på den årlege nytilsettdagen, som var i september. ADMINISTRASJON, POLITIKK OG SAMFUNNSUTVIKLING Sentraladministrasjonen Sentraladministrasjonen består av Rådmannen m/stab, Ekspedisjonsavdelinga, Løns- og personalavd. og Økonomiavd. Ei viktig oppgåve er å førebu og følgje opp politiske saker til kommunestyre, formannskap, hovudutval og ymse andre råd og utval. Behandling av sektorovergripande saker, samfunnsutvikling, overordna styring, samordning og utføring av fellestenester for heile kommuneorganisasjonen er andre ressurskrevjande og viktige arbeidsoppgåver for at Gulen kommune skal fungere godt. Rådmannen hadde i meldingsåret jamlege møte med alle einingsleiarane i kommunen og «husmøte» på kommunehuset, og rundt 20 leiarar i Gulen deltok på leiaropplæring i HAFS-regionen. Fokus på beredskap var relativt høgt som følgje av mykje kraftig ver med straum- og teleutfall og eit skjerpa fokus nasjonalt på ulike trugsmål. Satellittelefon vart innkjøpt. Politikk 2014 2013 2012 2011 2010 Utvikling i tal politiske saker Kommunestyret 71 84 94 115 60 Formannskapet 70 58 75 56 62 Av viktige saker som vart behandla i kommunestyret i meldingsåret kan nemnast kommuneplanen for Gulen 2012-2024 – samfunnsdelen, nytt økonomireglement, kommuneplanen for Gulen 2012-2024 – arealdelen, trafikktryggingsplanen, økonomiplanen, tertialrapporter med regulering av budsjett, reguleringsplanar og andre arealplanar, kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-17, reparasjon av skada steinkross i Eivindvik, plan for busetting av flyktningar, kommunal bustad- og bulystpolitikk, vassforsyning Gulen sør, regionalt helsehus i Nordhordland og ymse fråsegner - mellom anna knytt til framlegg om ny kommunestruktur. Fellestenester Om lag 10-15 tilsette i administrasjonen studerte og besto eksamen i forvaltningsrett og arbeidsrett (til saman 30 studiepoeng) i 2014, i tillegg til vanleg arbeid. Dette har gitt høgare kvalitet på det samla arbeidet, til låg utgift for arbeidsgjevar. 10 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Omstilling til elektroniske løysingar innafor lønssystem, telefoni, innkjøp, fakturasystem, kvalitetssystem og varslingstenester hadde bra framdrift i meldingsåret. 6 nr av Infoposten vart utgitt. I saksbehandlingssystemet vart registrert 1646 saker, om lag 10 700 journalpostar og 50 elektroniske møteutsendingar i 2014. Om lag 43 hyllemeter arkiv vart levert fylkesarkivet til endeleg oppbevaring, som resultat av ei ekstrasatsing i ekspedisjonen 2013-15. Samfunnsutvikling Det interkommunale næringsselskapet Gulen og Masfjorden Utvikling AS (GMU) hadde god framdrift i 2014. Næringsbygget Vidsyn, med ei rekkje verksemder, vart offisielt opna 28. november. Satsinga på Gulatinget saman med fylkeskommunen held fram, med storslått markering av Grunnlovsjubileet 26.-28. juni. Næringsfondet fekk om lag kr 0,7 mill. i påfyll i 2014. Mange av tilskota vart løyvd til nye verksemder i næringsbygget Vidsyn. Innafor samferdslesektoren deltok Gulen kommune i Kystvegen Bergen-Ålesund og Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane, og arbeidde for opprusting av Fv. 57. Utbetring av Undalstunnelen vart starta opp av fylkeskommunen. Gulen ungdomsråd hadde brukbar aktivitet i 2014, og delte m.a. ut transporttilskot og kulturmidlar, i tillegg til å arrangere Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Prosjekt Kystarven, grunnlovsjubileet og oppstart av kulturminneplan var viktige satsingar innafor kulturfeltet, i tillegg til arbeid knytt til spelemidlar, tilskot til kulturbygg, kulturmidlar, UKM og tilflyttingsarbeid. Gulen kommune løyvde kr 75 000 til festivalen Utkant, som vart arrangert 23.-27. juli med rekordoppslutning (14 000 gjestar) i strålande ver. Gulen folkebibliotek kom noko vidare med bokregistrering i digitalt katalogsystem. Åtte tilskot til bustadetablerarar, på til saman kr 340 000 vart utbetalt. Interessa for kommunale bustadtomter og andre kommunale eigedommar var høgare enn normalt dei siste åra, mellom anna med nokre reservasjonar av dei nye «gratistomtene» (resttomter i eldre bustadfelt). Ingen nye tomter i Hovden II vart selde, men fleire av tomtene vart reserverte. OPPVEKST Oppvekstsektoren er frå skuleåret 2013-14 organisert i 4 einingar som alle har barnehage-, grunnskule- og SFO-tilbod. Skule 2010/2011 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/2015 pr. 15.10.2014 Brekke 88 87 84 82 81 Utvikling i elevtal i dei fire skulekrinsane Byrknes Dalsøyra 62 82 56 84 53 85 52 71 47 69 Eivindvik 81 77 73 88 79 Samla elevtal 313 304 295 293 276 Nedgangen i elevtalet er lågare enn prognosen. Grunnen til dette er tilflytting. Vedteke resultatmål: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. Nasjonale prøvar: Det gledelege med resultata frå dei nasjonale prøvane er at alle årskull vi kan følgje frå 5 til 9. klasse har ei resultatutvikling som er på linje med eller betre enn snittet for landet. Dette er den sikraste indikatoren på at elevane i Gulen får eit godt tilbod. Snittresultata er og på snittet i Sogn og Fjordane. Dei er litt under for 5. klasse, 8. klasse på snittet og 9. klasse litt over snittet. Ser ein på enkeltprøvar, ser det ut som vi har utfordringar med engelskundervisninga i småskulen. Det må diskuterast på einingane korleis denne kan styrkast. Engelsk som fag har stått på prioriteringslista for vidareutdanning i mange år. Det er det faget der vi har minst formell kompetanse. Skuleåret 2013/2014 har vi hatt ein lærar som har teke 30 studiepoeng i engelsk. Vidareutdanning i engelsk må framleis prioritrast. Paradokset i denne situasjonen er at Gulen-elevane ofte gjer det svært godt både til skriftleg og munnleg eksamen i engelsk. For lesing er tendensen at opplæringa blir betre. Einingane har jobba godt med denne opplæringa og det gjev resultat. Lesing i 5. klasse hausten 2013 gav dårlege resultat på enkeltgrupper, og dette har vorte diskutert på einingane. 11 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Resultata i rekning har vore gode, men det er tendensar til endring. Eit av problema for rekning som grunnleggande dugleik er at denne kompetansen har vore knytt til matematikkfaget og har ikkje vore ei fellesoppgåve for alle fag og faglærarar slik læreplanen krev. Dette må einingane jobbe systematisk med å endre. I HAFS-regionen planlegg vi eit etterutdanningsopplegg i rekning i samarbeid med matematikksenteret. Hovudutfordringa for einingane er likevel å la resultata vere meir systemavhengige enn av innsatsen til enkeltlærarar. Grunnskulepoeng: Grunnskolepoeng Gulen Sogn og Fjordane Norge 2011 42,4 41,5 39,8 2012 44,1 41,2 39,9 2013 42,3 41,2 40,0 2014 44,0 41,5 40,4 Snitt 43,2 41,4 40,0 Grunnskulepoenga til Gulen-elevane har helde seg høgt over tid. Kommunebarometeret hevdar at det er god samanheng mellom prestasjonane på nasjonale prøver og snittresultata for grunnskulepoeng. Dette er det viktig å merke seg. Både nasjonalt og i Sogn og Fjordane er det stor skilnad på gutar og jenter. Jentene gjer det betre enn gutane. I Gulen er det markert mindre skilnad på resultata til gutane og jentene, og det er dette som viser att i det høge snittalet for kommunen. Spesialundervisning Prosent av elevar som får enkeltvedtak 2011/-12 2012/2013 9,5% 7,8% 2010/-11 8,3 % 2013/2014 7,1% Gulen ligg under snittet for Sogn og Fjordane som er 9,6. Skulefritidsordning (SFO) Brekke 8 7 7 9 11 01.10.10 01.10.11 01.10.12 01.10.13 01.10.14 Tal på brukarar av skulefritidsordning Byrknes Dalsøyra 8 1 9 0 8 5 7 5 7 7 Eivindvik 9 12 12 6 12 Samla tal 26 28 32 27 37 Bruken av SFO-tilbodet har auka i meldingsåret. Barnehagar 15.12.10 15.12.11 15.12.12 15.12.13 15.12.14 Born i kommunale barnehagar, fordelt på avdelingane Byrknes Dalsøyra Eidsbotn Haveland 11 15 15 8 12 16 13 6 16 17 13 13 17 16 12 6 19 16 15 0 Brekke 17 18 21 27 28 Eivindvik 23 22 22 16 23 Samla tal 89 87 99 94 101 Etterspurnaden har auka. Dei fleste barn i Gulen har barnehageplass. Deltakinga er stor òg blant dei minste, ca 90%. Vi gjev tilbod til alle som søkjer om plass. PPT 2009/-10 79 2010/2011 76 Tilviste saker frå Gulen 2011/2012 86 2012/2013 75 2013/2014 55 Tilmeldingane gjeld barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og vaksne. Vi har felles PP-teneste med 6 andre kommunar i Ytre Sogn/Sunnfjord, dei vidaregåande skulane i Dale og Høyanger, pluss Masfjorden kommune. Til saman har tenesta ca 12 fagstillingar, der vi har tilsette med høg kompetanse innafor fleire aktuelle fagområde. Musikk- og kulturskulen 01.10.10 53 01.10.11 66 Elevar i musikkskulen 01.10.12 53 01.10.13 47 01.10.14 48 Tal elevar i musikkskulen endrar seg lite. Korpsmedlemene kjem i tillegg. Elevane får undervisning i større eller mindre grupper. Undervisninga er spreidd på skulekrinsane. Dette fører til små stillingsstorleikar. Tilbodet er avhengig av ”eldsjeler”, og er såleis sårbart. Musikk- og kulturskulen sel timar til skulekorpsa i Brekke og på Byrknes. 12 Gulen kommune - Årsmelding 2014 OMSORG Pleie og omsorg Samhandlingsreforma vart innført frå 01.01.2012. Reforma skal vise veg framover, og gje helsetenestene ny retning. Hovudmåla er: Førebygge framfor å reparere Få ulike ledd i helsetenestene til å jobbe betre saman Flytte tenestene nærmare der folk bur Fleire oppgåver til kommunane og pengar til å utføre dei Tidleg innsats framfor sein innsats Samle spesialiserte fagmiljø som er sterke nok Betre for pasientane, auka brukarmedverknad Gjennomføringa av reforma og oppbygging av helsetilbod i kommunane skal skje over noko tid, og gjev helse-, pleie- og omsorgstenestene nye og spanande utfordringar i åra framover. I samband med reforma er utarbeidd ny felles lov for helse- og omsorgstenestene i kommunane og ny folkehelselov. Utifrå lovverket pliktar kommunane og sjukehusa å samarbeide, og kvaliteten skal kunne målast betre. Pasientar og brukarar vil få eit tilbod som heng betre saman. Gulen kommune har greidd dei nye utfordringane rimeleg greitt. Vi opplevde i 2014 nokre flaskehalsar, i periodar mangel på korttidsplassar for utskrivingsklare pasientar. Sommarhalvåret var det ledige rom på Gulen sjukeheim, medan hausten var alle rom i bruk. Ved årsskiftet var det 6 pasientar på overbelegg. I 2014 betalte kommunen for 10 liggedøgn fordelt på Helse Førde og Helse Bergen. Nye krav til kommunen set nye krav til kompetanse. Ein kompetanseplan med bakgrunn i nye krav er utarbeidd og politisk vedtatt. Nokre av oppgåvene i samband med reforma ser ut til å kunne løysast best med interkommunalt samarbeid. Gulen kommune har «Dag-Øyeblikkeleg-hjelp»-plassar i samarbeid med Nordhordland interkommunale legevakt. Ordninga med interkommunal legevakt synest å fungere greitt for alle partar. Pleie i institusjon Gulen sjukeheim er delt i tre avdelingar for pleie: langtidsavdelinga har 12 plassar, rehabilitering og avlastning 8 plassar, dementavdelinga har 8 plassar, ein plass har tidlegare vore nytta til avlastning. Siste året har plassen vore nytta til fast plass grunna stor trong for fast institusjonsplass. Kommunen har nytta dagtilbod som alternativ for demente som bur heime. Arbeidet med å redusere sjukefråværet ved institusjonen held fram. Det er framleis ei stor utfordring å skaffe nok fagpersonar og vikarar. Prosjekt lindrande behandling vart vidareført i 2014. Det er knytt ei 40 % stilling som ressurssjukepleiar i kreftomsorg til prosjektet, med hovudoppgåve å kvalitetssikre kreftomsorg og lindrande behandling gjennom undervisning og formidling av erverva kompetanse i kommunen, i tillegg til å gje råd og rettleiing for pasientar, pårørande og helsepersonell og samarbeide tverrfagleg med andre aktuelle aktørar. Kompetanseutvikling har vore satsa på. Tilsette har starta med ulike helsefagutdanningar. Kommunen har fått prosjektmidlar frå helsedirektoratet til eige prosjekt knytt til pårørandearbeid og lindrande omsorg. 20% prosjektstilling er finansiert og knytt til prosjektet. Sansehagen vart høgtideleg opna hausten 2014. Dementavdelinga har ansvar for to kattar og to kaniner. Etter tilsyn frå Fylkesmannen har institusjonen utarbeida nye og betre rutinar på oppfylging av rehabiliteringspasientar og tverrfaglege samarbeidsmøte. Arbeidet med rehabiliteringsavdeling vert prioritert og vidareført i 2015. Institusjon 2010 Tal utskrivingar totalt 22 Utskriving etter langtidsopphald 10 Av desse etter dødsfall 10 Utskrivingar etter korttidsopphald 12 Av desse etter dødsfall 2 Avlastning 0 2011 33 14 14 19 3 0 2012 16 5 5 11 0 0 2013 19 11 11 3 0 5 2014 17 6 6 11 1 0 Open omsorg Brekke, Byrknes og Dalsøyra sone , sone BBD, vart i 2013 slått saman til ei sone med felles einingsleiar. Ordninga fungerer etter intensjonen. Sone Eivindvik er ikkje med i samanslåinga. Dei ulike avdelingane (Brekke, Byrknes og Dalsøyra) er om lag like store og brukartalet er også mykje likt. Grunna nedbygging av sjukeheimen, og at pasientar vert tidlegare utskrivne frå sjukehus, med fleire oppgåver overført til kommunehelsetenesta, er det trong for auka kompetanse på personalet vårt. Ei stor utfordring for sonene våre er å skaffe nok kvalifisert personale. Det er utarbeidd kompetanseplan for å betre stoda. Heimebaserte tenester 2010 2011 2012 Tal brukarar i året 122 103 98 Tenestetimar pr veke 286,7 278,4 291,0 Funksjonsevne 1,82 1,84 1,95 2013 98 306,0 1,85 2014 111 340 1,87 13 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Avdeling Brekke og Dalsøyra har fått middag levert frå Masfjorden. Ordninga fungerer tilfredsstillande. Avdeling Byrknes har framleis eigen kokkestilling som lagar middag og brødmat til brukarar som har vedtak på desse tenestene. Kokkeressursen vert og nytta til å produsere matvarer til dei andre avdelingane i open omsorg. Frå 01.03.15 vert kokkestillinga tatt bort, jf budsjettvedtak 2015. Sone BBD har ambulerande nattevakt stasjonert i Brekke og på Byrknesøy. Kommunale bustader (PU) Ein del av omsorgstenesta er knytt opp til personar med nedsett funksjonsevne. I løpet av 2014 har tenesta fått ein ny brukar på dagaktivitet og avlastning på Kjellevold. Kommunen kjøper tenester på dagtid til ein brukar, medan open omsorg organiserer nattevakt. Fem vaksne brukarar får tenester i eigen heim av eige personale. To kommunale og eit privat husvære vert nytta til avlastning. To brukarar har fast bustad på Dalsøyra bu- og omsorgssenter. Tenesta driv og dagaktivitet for brukarane. Etter politisk vedtak om ny gjennomgang av bygging av bustader og organisering av tenester til personar med nedsett funksjonsevne, vart det nedsett ei gruppe som skulle sjå på framtidig organisering av tenesta. Prosjektet skal leggast ut på anbod våren 2015. Helsetenestene Eining helse har frå sommaren 2014 fått eigen einingsleiar. Eininga omfattar helsestasjon/skulehelseteneste med 1,4 stilling helsesøster. Gulen kommune kjøper 20 % jordmorstilling frå Masfjorden kommune. Gravide frå Gulen reiser til Hosteland for konsultasjon med jordmor. Legetenesta består av tre fastlegar som har driftsavtale med kommunen, og faste kommunale stillingar for å utføre offentlege oppgåver. Frå april 2013 vart Gulen kommune ein del av Nordhordland interkommunal legevakt stasjonert i Knarvik. Ordninga gjer at legane i Gulen kommune har vakt på kvardagar frå kl 08.00 til kl 15.30. I resten av tida kjøper Gulen kommune legevakttenester i Knarvik. Ordninga synest å fungere godt for alle partar. Gulen kommune har 1 stilling som ergoterapeut fordelt på to 50 %-stillingar. Fysioterapitenesta er organisert med 70 % driftsavtale, og 30 % fastløn. Frå våren 2015 skal det tilsetjast fysioterapeut i ny 100 % stilling. Stillinga skal nyttast til kommunale oppgåver. Psykiatritenesta omfattar 2,3 stillingar. Tenesta har og støttekontaktar og arbeidstiltak for nokre personar. Mål for drifta er å vere eit lavterskeltilbod i forhold til psykisk helse. Innbyggjarane kan ta direkte kontakt og spørje om hjelp/informasjon, og det gjer dei. Gulen kommune har eit demensteam fordelt på ein 40 % stillingsressurs. Barnevern Det er tilsett einingsleiar og barnevernskonsulent i heile stillingar. Januar 2014 fekk barnevernet tildelt midlar frå Fylkesmannen til kompetanseheving. Midlane er nytta til ei 100%-stilling; 50% i Gulen og 50% i Masfjorden. Gulen kommune skal vere arbeidsgjevar for stillinga. Arbeidet for å utgreie meir formelt samarbeid mellom kommunane har vore høgt prioritert i 2014. Som ei prøveordning har tenesta felles kontor på Hosteland, med gjestekontor i Eivindvik. Einingsleiar i Gulen er og barnevernsleiar i Masfjorden. Barnevernet er ein del av KLAFF-gruppa, og deltek i det kommunale kriseteamet. Arbeid i barnevernet 2011 2012 Kontaktar med barn og unge 41 48 Tiltak (tal born) 29 28 Fosterheimstiltak 3 2 Tilsynsansvar (tal born) 3 4 Støttefamiliar 14 13 Fritidskontaktar 9 10 Støttegrupper 2 2 Tilsynsførarar 2 2 PMTO-tiltak (FMT i 2011) 2 2 Fosterheimar 4 4 2013 51 47 3 5 15 16 2 2 1 3 2014 51 39 1 3 17 16 1 2 1 NAV NAV Gulen vart etablert i mars 2009, og er et partnarskap mellom NAV og Gulen kommune. Gulen kommune finansierer 0,5 stilling som leiar og 1,0 stilling som rådgjevar. Kommunen har tilsett 50% stilling som flyktningkonsulent organisert av NAV. Den kommunale tenestemenyen (tenester som før vart administrert frå sosialkontoret) er: Opplysning, råd og vegleiing, Økonomisk rådgjeving, Økonomisk sosialhjelp, Individuell plan, Kvalifiseringsprogrammet med tilhøyrande stønad, Mellombels butilbod, Bustøtte (Husbanken), Startlån og tilskot (Husbanken) og Gjeldsrådgjeving. Etablering av flyktningadministrasjon har vore eit nytt arbeidsfelt for Gulen kommune og NAV. NAV 2011 Supplerande økonomisk sosialhjelp 34 Av desse nye 29 Deltakarar, kvalifiseringsprogrammet 4 2012 28 9 4 2013 32 14 1 2014 22 6 0 14 Gulen kommune - Årsmelding 2014 PLAN, LANDBRUK OG TEKNISK Frå 01.01.13 vart Plan, landbruk og teknisk eining (PLT) slått saman med Drift- og vedlikehaldseininga (DRV). Eininga har eit stort arbeidsfelt og utfører om lag 25 årsverk, fordelt på om lag 40 tilsette. Planlegging 2014 2013 2012 2011 2010 Revisjon av kommuneplanen hadde høg prioritet, og både samfunnsdelen og arealdelen vart godkjende i 2014. Ny trafikktryggingsplan vart også godkjent. Kommuneplanar og reguleringsplanar Oppstarta Under arbeid Fullførte 6 8 11 4 9 6 7 12 10 7 20 7 11 26 0 Byggjesaker Byggjeløyve for bustader, fritidsbustader og andre bygg 2010 2011 2012 2013 2014 9 6 Heilårsbustader 10 13 7 3 Fritidsbustader 18 22 31 7 30 Andre bygg* 25 24 28 25 *Garasjer, naust osb. Gulen har dei siste åra vore ein attraktiv utbyggingskommune for fritidsbustader, men aktiviteten har vore sterkt minkande. Utbyggingsaktiviteten i industriområda i søre del av kommunen har vore høg, og fleire tunge utbyggingssaker er handsama. Kart og oppmåling 2014 2013 2012 2011 2010 Kart- og oppmålingsarbeid Innkomne saker Ferdige saker Utsende faktura 38 24 20 63* 42 37 45 34 29 56 67 63 32 21 21 * Av desse er 40 stk. «reine» frådelingssaker, arealoverføringar oggrensejusteringar. Resten er krav om endringar i matrikkelen, påvising av grenser og samanføyingar. Det store talet rekvisisjonar innkomne i 2013 har vorte ferdighandsama i 2014. Gebyrinntektene har auka på grunn av ny gebyrmal og nye takstar. Stillingsressursen knytta til oppmåling er redusert med 30%. Denne ressursen er gått til arbeidet med e-skatt. Landbruk Produksjonstilskot i landbruket 2014 2013 2012 2011 2010 Tal søkjarar 98 96 98 99 106 Utbetalt (mill.kr) 23,18 20,13 19,66 22,42 18,36 Regionale miljømidlar Tal mjølkeprodusentar 43 44 45 47 51 Tal søkjarar 42 49 49 55 72 Utbetalt (mill.kr) 0,51 0,53 0,67 0,68 0,62 Avløysing ferie og fritid Tal søkjarar 76 80 79 86 89 Utbetalt (mill.kr) 3,42 3,33 3,35 3,44 3,34 Refusjon for sjukeavløysing Tal Utbetalt søkjarar (mill.kr) 2 0,06 4 0,05 11 0,23 17 0,29 8 0,10 Jordbruket er ei stor næring i kommunen, sjølv om det har vore ein liten nedgang i talet på aktive brukarar dei siste åra. Trenden er nedgang i tal brukarar, men større bruk. I 2014 vart det gjeve tilbod om BU-midlar til eitt tiltak. Gulen fekk tildelt i alt kr 220 000 til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midlar). Aktiviteten i skogbruket har vore låg. Viltforvaltning Hjortejakta i Gulen kommune År 2014 2013 2012 2011 2010 Kvote (stk.) 748 766 760 755 710 Felte dyr (stk.) 613 617 622 670 628 Felte dyr (%) 82,0 80,5 81,8 88,7 88,4 Fallvilt Meldingar (stk) 15 11 23 34 17 Hjort (stk.) 15 11 19 32 17 Utfall Oter, ørn (stk.) 0 0 4 2 0 Daud på staden (stk.) 6 6 9 16 8 Ettersøk - ikkje funn (stk.) 4 1 5 2 3 Friskmeld (stk.) 3 1 1 4 1 Avliva (stk.) 2 3 8 12 5 Gulen er av dei største hjortekommunane i Sogn og Fjordane, med bra avskyting i meldingsåret. I 2014 hadde kommunen 4 storvald og 36 ordinære vald. Veterinærtenester Gulen administrerer veterinærtenestene for vaktdistrikt Høyanger (Høyanger, Gulen og Masfjorden). 5 veterinærar deler vaktene. Staten dekkjer mesteparten av ordninga. 15 Gulen kommune - Årsmelding 2014 Brann- og redningsvern, feiarteneste Gulen og Masfjorden Brann og Redning (GMBR) hadde stor aktivitet i 2014. Det var 71 utrykkingar, ein stor auke frå 2013 då det var 52. Til desse tala knyter det seg fleire trafikkulukker i 2014. Talet førstehjelpssoppdrag har og auka. Det vart ikkje starta opp lokalt grunnkurs i 2014, men kurset som starta i 2013 vart avslutta i januar med 20 deltakarar. Alle dei 7 stasjonane i Gulen og Masfjorden har no fått sin eigen førsteinnsatsbil. Dette har skapt merksemd og fleire faginstansar har vore på synfaring for å følgje dette prosjektet. Brannvernet er inne i ein evalueringsfase, der utarbeiding av beredskapsanalyse inngår. og avslutning av grunnkurs med 20 deltakarar. Brannførebyggande arbeid skjer gjennom NGIB (Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggande avdeling). Det er avdekt behov for betre brannteknisk dokumentasjon for dei kommunale bygga, som må arbeidast vidare med i 2015. Gulen var i heile 2014 med i felles feieteneste for kommunane Modalen, Masfjorden, Solund og Gulen. Masfjorden kommune administrerer ordninga, som er brukarfinansiert. Vatn, avlaup og renovasjon (VAR) VAR-tenestene er sjølvkosttenester. Abonnentane betaler sjølv kostnaden med tenestene (gebyr). Vassforsyning: Gulen kommune eig anlegga i Eivindvik og Sløvåg-området, medan resten av vassverka i Gulen er private. Pr. 31.12.14 står kr 131 028 på sjølvkostfond. Eivindvik vassverk: Anlegget har fungert utan store feil og manglar. Nytt driftsoperatørsystem vart installert på vassverket hausten 2014. Vassforsyning Sløvåg: Avgrensa tilgang på drikkevatn til abonnentar har også i 2014 ført til situasjonar med rasjonering og andre tiltak. Det er sett i gang eit samarbeid med Masfjorden kommune om auka leveranse på kort og lang sikt. Samarbeidet tek og føre seg samarbeid om drifta av anlegget mot Sløvåg. Det er også sett i gang eit prøvetakingsprogram for å vurdere Langevatnet som framtidig reservevasskjelde. Nytt høgdebasseng i Sløvåg er ferdigprosjektert. Dette skal etter planen stå ferdig tidleg haust 2015. Oversikt vassforbruk Eivindvik vassverk Vassforsyning Sløvåg År (m³ pr. år) %-avvik snittforbruk* (m³ pr. år) %-avvik snittforbruk* 2014 80 429 0 39 899 -4 2013 101 678 +20 40 779 -1 2012 75 500 -3 42 895 +3 2011 77 965 -1 39 474 -4 2010 89 490 +13 39 272 +22 Avlaup: Det vart registrert 1 ny abonnent på det kommunale avlaupsnettet i 2014. Etter avgiftsauke i 2013 og 2014 vart sjølvkostfondet positivt pr 31.12.14, med kr 41 056. Slamtømming: Kommunen har ansvar for slamtømming for ca. 1030 abonnentar. Det praktiske arbeidet er administrert av NGIR. Kommunen har tilsynsplikt i høve til private slamavskiljarar (ureiningsforskrifta §12 og 13). Sjølvkostfondet var framleis negativt pr 31.12.14, trass auka avgiftsnivå både i 2013 og 2014. Renovasjon: NGIR har overtatt heile forvaltninga frå 2014. Bygg Dei siste åra har kommunen skifta ein god del golvbelegg, vindauge, dører og taktekking. Ingen graverande avvik er kjende, men dokumentasjonen på bygningane er mangelfull. Av samla bygningsmasse på 24 648 m2 er heile 60 % over 30 år og 75 % over 20 år. Viktige oppgåver i meldingsåret var oppussing på skulane, installering av jordvarmeanlegg ved Gulen sjukeheim og bygging av ny barnehage i Eivindvik. Vegar og uteanlegg Gulen kommune har 119,5 km kommunale vegar. Både sommarvedlikehald og brøyting vert i hovudsak utført av private kontraktørar og entreprenørar. I 2014 vart det lagt fast dekke på Asheim/Sætre og Randal/Vassvik, og reasfaltert gjennom Eivindvik sentrum. Gulen kommune har framleis over 50 km med grusvegar, noko nedslitne asfaltvegar, manglande autovern og generelt mange oppgraderingsbehov på kommunale vegar. Vedlikehaldsetterslep på 28 kommunale bruer og 20 kommunale kaier er rekna til om lag kr 10 mill.. Tilstandsrapportar er utarbeidd på desse områda. 16
© Copyright 2024