Høyanger Senterparti Kommunevalprogram 2015 - 2019 Kommunevalprogram 2015 - 2019 Høyanger kommune er ein god plass å bu. Høyanger Senterparti vil kjempe for at Høyanger består som kommune. Nærleiken til gode omsorgstilbod, barnehage og skule får ein ikkje i store kommunar med manglande lokalkunnskap. Det er ein samanheng mellom den nasjonale politikken og utvikling og busetting i ein kommune som Høyanger. For å demme opp for ein stadig sterkare sentraliseringsvilje trengst eit sterkt Senterparti både i kommunen, i fylket og på landsplan. Høyanger Senterparti vil ta innbyggjarane våre sine meiningar på alvor og vere løysingorienterte i den pågåande kommunestrukturdebatten. Næringsliv Høyanger Senterparti ynskjer eit levedyktig næringsliv i heile kommunen. Det er viktig å behalde eksisterande arbeidsplassar og skape nye. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • Vere pådrivar og støttespelar for framleis variert industriell produksjon i Høyanger kommune • At kommunen og Høyanger Næringsutvikling (HNU) aktivt skal støtte opp om etableringar og drift av alt frå enkeltpersonsføretak til større verksemder • Arbeide for at ledig industriareal i Høyanger kommune blir teke i bruk av seriøse aktørar som kan skape næringsaktivitet og nye arbeidsplassar Landbruk Det er viktig at jordbruksarealet i kommunen vert oppretthalde og auka. Vi vil ha eit aktivt og variert landbruk med produksjon av mjølk, kjøt, frukt og grønt. Vi ynskjer å spele på lag med landbruksorganisasjonane i Høyanger kommune. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • At kommunen gir investeringsstøtte på 10 prosent av byggekostnadene til nybygg og fornying av driftsbygningar • Ha eit styrka landbrukskontor som kan gi rettleiing og planleggingsstøtte til bønder som vil drive og utvikle eigen gard • Gje eit stimuleringstilskot på kr 200 000 ved kjøp av gardsbruk Akvakultur Høyanger kommune må legge til rette for vidare vekst for akvakulturnæringa med landbasert areal og fleire sjølokalitetar. Ungdommen i «sentrum» Aleksander, Hjalmar og Einar, tre kjekke gutar som bur og vil bu og ha sitt virke i Høyanger. Kommunen treng ungdom som vil skape og utvikle sin eigen arbeidsplass. Bruk Senterpartilista ved valet og gi ungdommen plass i kommunestyret, slik at dei kan vere med å forme utviklinga i Høyanger kommune. Samferdsel Vi ynskjer auka næringsverksemd og busetnad. Då treng vi gode vegar og eit godt buss- og hurtigferjetilbod. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • Arbeide for opprusting av kommunale vegar • Få fast dekke på alle kommunale vegar • Betre rutetilbodet Nordeide - Ortnevik • Betre busstilbodet i kommunen Skule og oppvekst Høyanger kommune skal ha godt utdanna og motiverte leiarar, pedagogar og assistentar i barnehage og skule. Barn og unge skal ha eit tilfredstillande utbyte av undervisning og omsorg i gode lokale og stimulerande utemiljø. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • Oppretthalde barnehage- og skulestrukturen • Tilby full barnehagedekning med tilbod om plass i nærmiljøet • Ha ei god og fleksibel SFO-ordning utan talfesta grense på tal barn • Syte for at skulane våre er ein attraktiv arbeidsplass for godt kvalifisert personale • Inkludere alle undomskulane i 1-13-prosjektet. Jobbe for at Høyanger vidaregåande skule har eit så godt tilbod at flest mogeleg av elevane våre vil velje skulen Helse og omsorg Høyanger Senterparti vil oppretthalde og vidareutvikle eit godt tilbod innan primærhelsetenesta, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • Ha eit godt og desentralisert legetilbod • Arbeide for god akuttberedskap i heile kommunen og behalde ambulansen i Lavik og Høyanger • Leggje til rette for ombygging av eige husvære for dei med mindre hjelpebehov • Arbeide for å redusere omfanget av ufriviljug deltid og tilby fleire faste stillingar i kommunen Idrett og kultur Idrett og kultur er viktige trivselsfaktorar for innbyggjarane i kommunen. Frivilligheit er bærebjelken i mykje av idretts- og kulturlivet, men kommunen skal støtte opp om desse og vere ein positiv samarbeidspartnar og pådrivar. HØYANGER SENTERPARTI VIL: • Satse på kulturskulen og ha tilbod til i heile kommunen • Arbeide for å auke kulturmidlane for å styrke det frivillige kulturlivet • Bibliotekfilialane er viktige møteplassar og kulturformidlarar i lokalmiljøa og difor vil vi oppretthalde desse • Arbeide for at kommunen overfører nok investeringsmidlar til Kyrkjeleg fellesråd, slik at ein kan vedlikehalde kyrkjebygga i kommunen Økonomi Kommunen må ha ei ansvarleg økonomistyring, slik at vi har økonomiske rammer i samsvar med dei oppgåvene som skal løysast. Vi må ha fokus på å redusere den høge lånegjelda og setje av midlar på fond. Valliste 1 GEIR HELGE ØSTERBØ, 1967 2 EIRIN BORLAUG, 1982 3 ASKEL RØDLAND, 1968 5 Inge Brekke, 1962 6 Oddhild Marie Løbø, 1963 7 Hjalmar Grønvold Haugsbø, 1992 8 Kristin Myren, 1982 9 Anita Taftø, 1973 10 Bjarte Inge Sørestrand, 1982 11 Terje Instefjord, 1965 12 Leif Arne Fureli, 1976 13 Einar Meek Ljotebø, 1991 14 Linn Iren Ynnesdal, 1983 15 Aleksander Gjermundstad, 1987 16 Tarjei Ringereide, 1975 Foto: Stig H. Øvreås, Geir Helge Østerbø og Kristin Myren | Utforming: kristinkom.no 4 ASTRID LIE STRANDOS, 1961
© Copyright 2024