Les meir - Høyanger kyrkjelege fellesråd

Kjære 8-åring med føresette
Bli med på Tårnagenthelg
Laurdag og søndag 4. og
inviterer vi deg til å vere
5. februar 2017
tårnagent i Høyanger kyrkje.
Høyanger kyrkjelyd inviterer denne helga alle 8-åringar (3. klassingar) til å vere
tårnagentar i kyrkja. Her kan du utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene.
Agentane skal løyse oppdrag, og alle vil få ein agentkode. På søndag vil alle
som kjem i kyrkja få vite kva agentane har funne ut.
Agentane møtest i kyrkja laurdag kl. 15:00. Vi held på til kl 19:00. Søndag
samlast vi igjen kl. 9:30 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca kl 12:30.
Foreldre, besteforeldre, søsken og vener blir inviterte til gudstenesta kl.11.00.
Dette er sjølvsagt er ei tårnagentgudsteneste.
Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium
Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags agenttips du finn i
bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i
landet? Då må du bli tårnagent.
Englevakter
Til dykk som har 8-åring i huset. Vil de vere englevakter? Ei englevakt er ein som
er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med
maten, går saman med dei på symboljakt m.m. Så har du tid og høve, så gje
beskjed. Du kan vere foreldre, besteforeldre, onkel/tante eller storesøsken.
Påmelding
Påmelding for tårnagentar og englevakter helst innan tysdag 31. januar.
Veit du om nokon som går 3. klasse og ikkje har fått invitasjon, kan dei kontakte.
kyrkjekontoret. Invitasjonen vil de også finne på facebook-sida : Kyrkja i
Høyanger
Høyanger
Informasjon ved påmelding:
Namn på agent:
Adresse:
Spesielle ting vi bør vite (allergiar m.m.):
Namn føresett :
Mobil:
E-post:
Kan vere englevakt: JA / NEI
Kan bruke bilete av dykkar på heimeside/kyrkjelydsblad : JA / NEI
Ta med innesko.
Vi treng hjelp til kyrkjekaffien søndag. Ta kontakt med Toril dersom de kan:
- ta med ei kanne kaffi til tårnagentkyrkjekaffi søndag
- ta med ei platekake eller bollar til kyrkjekaffien søndag.
Les meir på på den hemmelege nettstaden til Tårnagentane
www.tarnagentene.no
Helsing oss i Høyanger kyrkjelyd
Agentsjefane
Kjell Olav Oma, Runar Matsui-Li og Toril Lange
Påmelding til:
Høyanger kyrkjekontor, Telefon: 57714100 eller
Toril Lange (mobil 922 40 966) [email protected]
Til foreldre/foresatte
Tårnagenthelg, bibelutdeling, 4-årsbok, konfirmantundervisning er ein del av Høyanger kyrkjelyd si
trusopplæring. Soknerådet har vedteke ein plan med
tiltak for alle årstrinn frå 0-18 år. Nokre av tiltaka er alt i
gang, andre vert starta etter kvart.