Øko-skepsis snudd til optimisme Tekst: Frøydis Lindén, Føregangsfylke økologisk frukt og bær 2015 Olav Bøtun frykta at skadedyr, sjukdommar og næringsmangel skulle auke etter omlegging til økologisk epleproduksjon. Men erfaringane har vist at han tok feil. Olav Bøtun la om frå konvensjonell til økologisk drift i år 2000. Han var då ein erfaren fruktdyrkar som kjende garden sin i frukt og bærbygda Fresvik i Sogn godt. Å vera ein god agronom er ein føresetnad for å lykkast med den økologiske produksjonen. Full kontroll på soppen Det var ikkje fritt for at han måtte skifte ut nokre skurvsvake sortar før han hadde kontroll på dei fem dekarane med økologiske eple. Trea var om lag ti år gamle då han la dei om til økologisk drift. I dag held han kontroll på skurven med Nordox (koparpreparat mot soppangrep) på våren, og fyljer opp med Thiovit (skurv-preparat som inneheld svovel) etter kvart som skurvvarslingane kjem. -Skurv-sprøytingane slurvar eg ikkje med, for eg veit det vil auke faren for kraftige soppangrev og senke kvaliteten over tid, understrekar Bøtun. Tynning gir jamn avling Den gode og jamne avlinga som Olav Bøtun har oppnådd dei siste åra, kan han takke handtynninga for. Han han meiner det svarar seg godt å halde arbeidsfolk til å tynne feltet. -Sjølv om det er tidkrevande å handtynne, får me igjen for innsatsen året etter. Eg får meir stabile avlingar kvart år og jamnare fruktstorleik ved å bruke ressursar på tynning, meiner Bøtun. Djupe røter krev lite gjødsling Epletrea til Bøtun er poda på sterktveksande grunnstammar som har djupare rotsystem, samanlikna med grunnstammar nytta i moderne tettplantingar. Etter ei god etablering, med rikeleg av godt omdanna sauegjødsel, treng ikkje epletrea hans meir gjødsel enn frå graset han sler og let ligge igjen til nedmolding. Råd mot mangelsymptom Dersom han får mangelsymptom på bladverk eller frukt, gjødslar han etter råd frå rådgjevaren sin. Han gjødslar blada med dei mikronæringsstoffa trea treng, men Debio krev at mangel på næringsstoff skal dokumenterast gjennom blad-eller jordprøver før bladgjødsling kan nyttast. Dette gjeld ikkje for nitrogen, som ein i økologiske drift må skaffe frå husdyrgjødsel eller gjennom nitrogenfikserande plantar. Vatning mot næringsmangel Ein ting Bøtun er nøye med er vatningsrutinane, spesielt om våren. God vasstilgang vil som oftast hjelpe til med ei god omdanning og opptak av næringsstoff frå jorda. -Det er turkesvak sandjord i eplefeltet og eg vatnar etter behov heile sommaren. Me har rikeleg tilgang på vatn frå elva like ved. Er det tørt vatnar eg med spreiaren både morgon og kveld, fortel Bøtun. Lim for å skilja maur og bladlus Bøtun planta trea på med vevd duk for å halde ugraset rundt trea vekke. Men truleg laga duken over sandjorda eit gunstig klima, der mauren trivast godt, og gjorde at han etter kvart fekk problem med bladlus. Bladlusa forsyner mauren med plantesukker mot at mauren jagar vekk nyttedyr som ét bladlus. Etter at plastduken vart fjerna og ei limrand rundt stamma hindra mauren i å klatre opp til blada med lus, har han halde luseproblemet under kontroll. Bøtun har ikkje hatt behov for å bruke det nylig godkjente pyretrum-produktet ‘konsentrat mot skadeinsekter’ frå Neudorff eller tilsvarande ‘Natria insektkonsentrat’ frå Bayer. Preparatet kan nyttast for å halde nede luseangrep på enkelttre. ‘Makkjen’ er ikkje eit problem lenger Insektproblem har han stort sett ikkje i fruktteigane sine lenger. Ei stund sprøytte han mot rognebærmøll med ei olje/såpeblanding. Men han har kome fram til at han truleg ikkje vil få store angrep av rognebærmøll, då rognebærtre er langt frå felta hans. Det har heller ikkje vore store angrep i Fresvik dei siste åra. Forskarar er framleis usikre på kvifor angrep av rognebærmøll ikkje er så store lenger. Ein teori er at rogn i mindre grad er vekselbærande no enn før. Rognebærmøll føretrekker å legge egg i rognebær, og når det alltid er rogn i skogen vil ikkje møllen måtte finne seg ny vertsplante i til dømes eple. Kjenn garden din! Bøtun kjenner garden sin godt, og meiner det er ein av grunnane til at han etter kvart har lukkast godt med økologisk epleproduksjon. -Eg har lært meg å forstå korleis jord og lokalklima påverkar produksjonane mine. Tek eg omsyn til dette klarar eg stort sett å treffe dei riktige vala gjennom sesongen. Då får eg stabil avling og god økonomi, seier Olav Bøtun. Faktaboks: Allsidig drift på garden: konvensjonell drift av 70 vinterfôra sau og eigen grovfôrproduskjon, 17 daa bringebær der 4 daa er i tunell og resten på friland. Tre til seks daa jordbær på friland til industri. Øko-areal: 5 daa økologiske eple med ca 20prosent vendeteigar. Epleavling: 1,4-2 tonn/daa. Eplesortar: Aroma og Discovery på grunnstamme M26 og skore i slank spindel. Noko Idunn for å ha tidlegeple – Nanna og Eir er på veg ut frå produksjonen.
© Copyright 2024