Vestlandet samla i eit skogsamvirke

Suldal,
10. april 2015
Vestlandet samla i eit skogsamvirke
Styreleiar Halvor Brosvik
Styremedlem Bengt Drageset, Styreleiar
Halvor Brosvik og administrerende direktør i
Norges Skogeierforbund Eirik Lahnstein.
«Ved å samla kreftene kan vi gjeva skogeigarane betre tilbod både på pris og på tenester.
Auka volum gjev lågare driftskostnad pr. kubikkmeter, truleg opp mot 10 kroner meir til
skogeigar» seier styreleiar Halvor Brosvik i Vestskog.
Skogsamvirka på Vestlandet, Vestskog og Sogn og Fjordane Skogeigarlag, har vedteke å
fusjonera. Det nye selskapet får namnet Vestskog og hovudkontoret vert i Bergen. Styreleiar er
Halvor Brosvik, Gulen og dagleg leiar er Kjetil Andrè Rødland, Voss. Fusjonen er effektiv frå 9.
april.
Vestskog SA vert heile vestlandet sitt skogsamvirke og dekkar fylka Rogaland, Hordaland og
Sogn og Fjordane. Selskapet vil i 2015 omsetja opp mot 400 000 kubikkmeter tømmer og få
ein omsetning på om lag 250 mill kroner. Vestskog har ein desentralisert organisasjon med 25
tilsette med kontor frå Bryne i sør til Hornindal i nord og har 2750 eigarar.
Nytt styre i Vestskog SA:
Halvor Brosvik – Styreleiar
Tårn Sigve Scmidt – Nestleiar
Åsta Midtbø
Bengt Drageset
Jakob Hammer
For meir informasjon kan ein kontakta
Styreleiar Halvor Brosvik 916 26358 / [email protected] eller dagleg leiar Kjetil Andrè
Rødland 476 64397/[email protected].
Hovudkontor Granvin
E_post
[email protected]
Postadr
5736 GRANVIN
Telefon
Mobiltlf. sjå internett
Orgnr.: 989 140 159 MVA
Bank: 3450.07.04774
www. vestskog.no
Avdelingskontor Vindafjord
Postadr.
Ølen Senter
5580 Ølen
Telefon
Mobiltlf.; sjå internett