Årsrapport skuleåret 2014/2015 Eirik Raude-senteret

Eirik Raude-Senteret, Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Tlf: 92017360
Mail: [email protected]
Hjemmeside:http://www.minskole.no/ersenteret
Årsrapport skuleåret 2014/2015 Eirik Raude-senteret
Klepp kommune
Leiar
Kari-Anne Gausdal
Johannessen
Generelt om måloppnåing 2014/2015 og utfordringar 2015/16:
Hovedmål: Gje skuletilbod til elevar med betydelege åtferdsvanskar, der dei opplever
meining og meistring i det teoretiske, praktiske og sosiale arbeidet på Eirik Raudesenteret.
Oppfølging ungdomsskulen:
Enkeltelevar:
6 elevar har gjennom skuleåret 2014/15 fått heile eller deler av opplæringstilbodet på Eirik
Raude-senteret. Dei kjem frå følgjande ungdomskular i kommunen: fem frå Klepp og ein frå
Bore.
Oppfølging trinn:
Utfordringar kring ein gruppe elevar på 9.trinn ved Klepp-u-skule
Delmål: Me ønskjer at tiltak iverksettast så tidleg som mogleg, mens barnet og
familien enda er mottakelege for endringar. Har Eirik Raude-senteret kapasitet, kan
førebyggjande tiltak setjast inn allereie i barneskulen.
Tidlig innsats i barneskulen:
Av utadretta oppdrag har ERS arbeid med tre elevsaker, ved Kleppe - Tu og Engelsvoll
skule. Me har observert, rettleia og samarbeida over tid med skulene og føresette.
Samhandling:
Ers har mange gode støttespelarar og samhandlingspartar. Det er ikkje den enkeltes dugleik
aleine er avgjerande om me gjer ein god jobb, men korleis me samhandlar og drar lasset i
lag. Er dialogen god blir ofte resultatet godt. ERS har også dette året erfart kor viktig
samhandlinga mellom skule, ungdommen sjølv, deira føresette, barnevern, PPT, MST, Politi,
Axis, OUT og bedrifter har vore.
Barnevern
Ein viktig føresetnad for å endra ei negativ utvikling hos born/ungdom er at den enkelte får
hjelp på fleire arenaer samtidig. Dette ligg til grunn for senteret sitt nære samarbeid med
barnevernstenesta. Eirik Raude-senteret og barnevernstenesta skal samarbeide tett om
oppfølginga av dei elevane som er på senteret, og som samtidig har tiltak etter Lov om
barnevernstenestar.
Dette året har vi også erfart kor viktig dette samarbeidet er, der saksbehandlar i barnevernet
er medverkande på ansvarsgruppemøta og elles tilstades for eleven, føresette og personalet
på senteret. Kort beslutningsprosess og raske tiltak er avgjerande. Me har dette året hatt
behov for mykje hjelp både frå barnevern og politi.
ERS og barnevernstenesta samhandlar om foreldrerettleiingskurs. Målgruppa er foreldre til
ungdom mellom 12 og 17 år, som slit med relasjon og kommunikasjon med sine ungdomar.
Eirik Raude-Senteret, Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Tlf: 92017360
Mail: [email protected]
Hjemmeside:http://www.minskole.no/ersenteret
På kurset lærast strategiar for å endre fastlåste mønster, og for å utvikle tryggleiken i
vaksenrolla. Dette er eit gruppetilbod til føresette med elevar på ERS, men også andre
ungdomsforeldre i kommunen. Føresette til elevane våre kan også få individuell oppfølging.
Dette skuleåret var det for få deltakarar til å gjennomføre gruppekurset Desse fekk tilbod om
individuell oppfølging via barnevernet. Korleis kan me (inkl. skulane) gjere meir for å
rekruttere kursdeltakarar?
PPT
PPT er skulen sin rådgjevande og rettleiande instans, og alle hjelpetiltak rundt enkeltelevar
eller klassar skal drøftast med PPT før beslutningar om hjelpetiltak fattast. Har skulen behov
for hjelp rundt klassar, grupper eller enkeltelevar, eller har behov for rådgjeving på
systemnivå, vil PPT kunne anbefala hjelpetiltak i regi av Eirik Raude-senteret. Tilsette i PPT
skal vera oppdaterte på det arbeidet Eirik Raude-senteret kan bistå skulane og føresette
med. Einast skule, heim og PPT om at ERS kan vera bidragsytar, samlast alle partar for
vidare drøfting av muligheiter og tiltak i eit arbeidsmøte.
Leiar av PPT speler ei avgjerande rolle i rekrutteringa av oppdrag til ERS. Det har det vore
stor utskifting av PPT-personale, og det vil ta tid før alle dei nye kjenner godt til ERS. Hele
PPT-personalet har vore på samarbeidsmøte på ERS. PPT har delteke meir i enkeltsaker
saman med ERS ute på skulene.
Politi
Det er ein politistilling på Jæren, som har ansvar for den førebyggjande tenesta på Jæren, i
Time, Klepp og Hå kommune. Stillinga heter U-18, og som namnet seier er den retta mot
barn og ungdom under 18 år. ERS og Politiet har ei eiga samarbeidsavtale.
Me har også dette skuleåret hatt gleda av å samarbeide med Katrine S. Rotseth når det gjeld
individuelle saker der elevane våre er innblanda i kriminelle forhold. Politiet har ikkje vore
med på førebyggjande haldningsarbeid med elevane på senteret, eller vore på uformelt
besøk i uniform.
Operativt team
Operativt team består av Politi, Oppsøkande ungdomstjenesta, Axis, Oppfølgingstjennesta,
oppvekstleiar i Klepp, barnevernet og ERS.
I Operativt team har me fulgt opp stormøtet for føresette til ungdom i risikosonen. Har
arrangert oppfølgingsmøte. Få møtte. Situasjonen kring ungdom i risikosonen ser til å ha roa
seg. Politiet og barnevern har gitt tilbod om bekymringssamtaler kring ungdom, med deira
føresette, på skulen.
Vi har hatt elevsakar der alle gruppene har vore involverte. Samhandlinga skule –fritid har
vore nøkkelen til at elevar kjem på rett spor igjen.
Bedriftsamarbeid
Ein stor takk skal rettast til Block Berge Bygg og KE-installasjon, for tilrettelegging og
oppfølginga av elev i bedrifta. Det betyr ofte alt for den einskilde elev, at dei får prøve seg på
en annan arena enn på skulen.
Eirik Raude-Senteret, Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Tlf: 92017360
Mail: [email protected]
Hjemmeside:http://www.minskole.no/ersenteret
Konsultasjonsteam for vald og overgrep
Ein av dei tilsette på Eirik Raude-senteret har mykje kompetanse på området seksuelle
overgrep og vold, og har tidligare vore fast med i Konsultasjonsteamet for slike saker i
kommune. Dette året har me ikkje hatt fast deltaking i gruppa.
Nettverk for spesialskuler
ERS har knytta band til andre spesialskuler i området. Me kan utveksle erfaringar og besøke
kvarandre ved passende høve.
Kompetanseheving.
Tilsette på ERS har vore på:
TMA-kurs v /Lone Viste Fagerland Stavanger Universitetssykehus, ambulant eining,
autismeteamet.
Veiledning med overlege Solfrid Larsen, BUPA Stavanger, elev- og diagnoseretta.
Veiledning med BUP Bryne v/ Jens Kristoffersen, elev -og diagnoseretta.
Nettverk for spesialundervisning.
Opplæring i elektronisk tavle v/Helge Moen
Opplæring i Visma Travel
” Tverrfaglig samarbeid og taushetsplikten?” Dagskurs med advokat Kurt o Bjørnnes.
Personaltur (fredag 23.1–måndag 26.1):
Kvart tredje år legg me personalturen til utlandet. Det er eit rimeligare alternativ enn å reise i
Noreg. Det var ekstra kjekt for personalet å kunne reise til Malta denne gongen, då
personalet har stått på i en krevande periode med flytting og sjukemelding i personalet.
Tema for det sosialfaglige arbeidet var:
• Psykisk helse, med vekt på tilknyttingsvansker. Rettleiing i skulen – case.
• Oppfølging av psykisk helse v/ våre elever. Analyse av mangelfulle ferdigheter og
uløste problemer (AMFUP). Anbefalt litteratur Ross W. Greene ”Utenfor elever med
atferdsutfordringer”
• Elevens fire ”søyler” jfr. veiledningen med Solfrid Larsen, overlege BUPA Stavanger.
• Klepp kommune sin handlingsplan ang. skolevegring.
Leiarmøte
Deltaking på leiarmøta i kommunen gir auka kompetanse hos leiar, samt legge til rette for
god samhandling med barnehagane og skulane i kommunen.
ERS er ikkje involvert i Jærskulen, og er redd for at me mister noe av den faglege skoleringa.
Det har ikkje vore arrangert like monge fagsamlingar/kurs for oss i kommunal regi dette året.
Utdanning ART-instruktørar
Me arbeider ut frå at våre elevar skal lære seg akseptabel åtferd, gjennom modell-læring,
ved å få korreks (konsekvensar) på uakseptabel åtferd og ved å bli vist alternativ akseptabel
åtferd. I dette arbeidet nyttar me ART - trening (Aggression replacement training)som
metode. Metoden baserer seg på sosial læringsteori og er ein psykopedagogisk metode.
Målet er at alle tilsette skal ha inngåande kjennskap til metoden og vere utdanna ARTtrenerar.
Sist haust starta ein av lærarane våre på ART-trenarkurs i regi av Diakonhjemmets høgskule
på Sandnes, ART-senteret. Han har ikkje tatt praksisen sin dette skuleåret, men vil legge
praksisen sin på ein av skulane til hausten.
Eirik Raude-Senteret, Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Tlf: 92017360
Mail: [email protected]
Hjemmeside:http://www.minskole.no/ersenteret
Arrangert Tma-kurs for skulane i kommunen
I forhold til utaggering arbeider me etter metoden ”Terapeutisk mestring av aggresjon”. Årleg
har me trening/opplæring på senteret. Dette ser vi på som ein viktig prioritering, som ein del
av HMS-arbeidet vårt.
Dette året har vi leid inn Lone Viste Fagerland, Stavanger Universitetssykehus. Vi inviterte
også med dei andre skulane i Klepp. Praktisk trening hadde vi på Kleppe skule, mens teorien
blei held på Engelsvoll.
Nettverk for sosiallærer og miljøterapauter.
Saman med PPT og Opplæringskontoret arrangerer vi fagsamlinger for sosiallærere og
miljøterapauter ved skolane i Klepp. Dette året har vi hatt 4 samlingar. Tema:
• Korleis etablere eit varig nettverk, der alle bidreg og får eit eiarskap.
• Tvang/loggføring
• Presentasjon av helsestasjon, politiet, OT og barnevern
• Utestenging
• Sosial kompetanseplan
Utfordringar:
Tilsettingar.
Me ligg godt an økoniomisk. Det meste av vårt budsjett går til lønnsmidlar. I ramma har vi 5
årsverk på ERS. Har pedagogisk personale i 4.6 av desse. Å finne dyktig personell i ein 40
% stilling er ikkje lett. Laiar har dette året fått behalde lønnsmidlene til bla. å leie inn
kompetanse ved behov.
Til renovering og inventar til Borsheim har me fått ”friske midler”.
Lokale.
Januar 2015 flytta me inn i nyrenoverte lokaler på Borsheim (Bore gamle skule).Då det ble
bestemt at me skulle utvide med Time kommune, fekk me heile bygget.
Renoveringsarbeidet i kjellar står ferdig til skulestart 2015. Me er godt nøgde med lokalene
og arbeidet som er lagt ned i utforminga av nytt senter.
Samarbeid med barnevernet
Heller ikkje dette året har vår kontaktperson i barnevernet vore saksbehandlar for våre
elevar. Denne våren har ERS i samarbeid med Barnevernet i både Klepp og Time laget en
felles ansvarsbeskrivelse, som forhåpentlegvis vil betre på situasjonen.
Måloppnåing:
Det er blitt arbeida svært god på ERS dette skuleåret. ERS har dyktige medarbeidarar som
er fleksible og strekker seg langt for å finne gode løysingar til det beste for ungdommane og
deira føresette. Dei har god dialog med heimane og samhandlar bra med skulene. Skulene
gjer oss gode tilbakemeldingar, og vi blir alltid godt motteke ute på skulane.
Dette året har me hatt fleire elevar innom senteret, samtidig som me har vore ute på skulane
når me har hatt kapasitet. Elevar som kan hjelpast i skulen tas ikkje inn på senteret. Det er
ubetinget positivt for eleven, at dei får hjelp på si heimebane. For elevane på senteret blir det
pedagogiske tilbodet svekka.
Eirik Raude-Senteret, Nordsjøvegen 230, 4352 Kleppe
Tlf: 92017360
Mail: [email protected]
Hjemmeside:http://www.minskole.no/ersenteret
ERS ser at me ikkje klarer å nå over alle utfordringane og oppgåvene me står ovanfor i dag.
Me har ventelister, og det er med tungt hjarte inntaksteamet må avvise søknader om
hjelpetiltak.
ERS ønskjer å behalde dei dyktige tilsette i mange år, og vil gjerne gje dei varierte og
spennande oppgåver i eit stabilt og allsidig fagmiljø.
Vi gleder oss til dei nye lokala står ferdig etter sommaren, og til utvidinga av senteret med tre
stillingar frå Time hausten 2015. Gode folk er tilsatt.
Reknar med at det skal bli lærerikt og spennande å samarbeide med ein ny kommune , -så
me gler oss til fortsettelsen!
Kari-Anne Johannessen
Leiar Eirik Raude-senteret
26.07..2015