Godkjent planprogram

Vik Kommune
20.02. 2015.
red. 16.6.2015
FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM
OMRÅDEGULERINGSPLAN MED KONSEKVENSUTGREIING FOR
VETLEØYRI SØR
Vedtak Vik Formannskap 10.6. 2015
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
DOKUMENTINFORMASJON
Oppdragsgjevar:
Rapporttittel:
Utgave/dato:
Arkivreferanse:
Oppdrag:
Oppdragsleder:
Fag:
Tema
Skrevet av:
Kvalitetskontroll:
Asplan Viak AS
Vik kommune
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
1 / 23. jan. 2015
536249 – Reguleringsplan Vetløyri sør
Nils Husabø
Plan og urbanisme
Områdereguleringsplan
Diana Ekren Grundt
Nils Husabø
www.asplanviak.no
1
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
2
Innhald
1 INNLEIING ..................................................................................................................... 3
1.1 Bakgrunn og føremål ................................................................................................. 3
1.3 Generelt om planprogram ......................................................................................... 4
1.4 Vurdering av utgreiingsplikt etter Forskrift om konsekvensutredninger ............... 4
2 RAMMER FOR PLANARBEIDET .................................................................................. 5
3 PLANPROSESS ............................................................................................................. 8
1.3 Organisering .............................................................................................................. 8
3.2 Medverknad ................................................................................................................ 8
3.3 Framdrift- planprosess .............................................................................................. 8
4 PLANOMRÅDET I DAG ................................................................................................. 9
4.1 Arealbruk. Bygningar og anlegg ............................................................................... 9
4.2 Omgjevnader og landskap ........................................................................................ 9
5 ALTERNATIV SOM SKAL VURDERAST .....................................................................10
Alternativ som skal vurderast i konsekvensvurderinga (KU) ....................................10
6 UTGREIINGAR SOM SKAL GJERAST I PLANPROSESSEN ......................................10
6.1 Konsekvensutgreiinga og planomtalen: .................................................................10
6.2 Nærare om enkelt- tema: ..........................................................................................10
7 RISIKO OG SÅRBARHEIT..........................................................................................111
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
3
1 INNLEIING
1.1 Bakgrunn og føremål
Store delar av Vetleøyri ligg skred- og flaumutsett til, og det må gjerast sikringstiltak for at
området skal stetta tryggleikskrav etter plan og bygningslova og teknisk forskrift.
Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for at sikringstiltaka kan utførast, ved at
ein langsgåande fangvoll kan byggjast for å sikra noverande og framtidig busetnad og
næringsareal.
Planarbeidet skal og leggja til rette for utbygging av fullsikra areal til bustad og/eller
næringsformål.
Arealformål og rammer for tiltak og utbygging i heile planområdet skal avklarast.
Føringar i vedteken arealdel til kommuneplanen vert lagt til grunn for planarbeidet.
For den austlege delen av planområdet er planlagd arealbruk ikkje fullt ut i samsvar med
arealdelen til kommuneplanen. Dette medfører krav om planprogram og naudsynte
utgreiingar om konsekvensar(KU).
Reguleringsplanen vert utarbeidd som områdereguleringsplan etter plan- og bygningslova
§ 12.2.
1.2 Lokalisering, planavgrensing
Planområdet er på ca. 120 daa. Om lag 60 daa ligg innanfor grensene for sentrumsområdet,
slik dei er trekte i arealdelen til kommuneplanen. Grense mot nord er RV13 og Naustgrovi.
Grense mot vest er midt i elva Vikja. Grense mot sør er Seimsvegen frå Elvegata mot Seim,
og sørgrense for landbrukseigedom under gbnr. 3/4,13.
Arealformål i området er (avrunda) 35% næring/industri, 50% LNF og
15% bustad/trafikkareal m.m.
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
Fig. 1. Kartutsnitt:
Planområdet er innanfor svart stipla line.
1.3 Generelt om planprogram
For alle planar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn skal det som ledd i
varslinga utarbeidast planprogram som er førande for planarbeidet. Jamfør plan og
bygningslova § 4-1 skal planprogrammet skal gjere greie for:
- Føremålet med planarbeidet
- Planprosess med fristar og deltakarar
- Opplegg for medverknad, særskilt for grupper som truleg vert særskilt råka
- Alternativ som vert vurdert
- Vise behov for utgreiingar
1.4 Vurdering av utgreiingsplikt etter Forskrift om konsekvensutredninger
Reguleringsplanen legg opp til arealbruk som avvik frå kommuneplanen, m.a med
utbyggingsområde på areal vist som LNF-område i kommuneplanen.
Etter plan og bygningslova § 4-2 og, forskrifta § 2 d, skal då planen konsekvensutgreiast.
Av verdiar som vert påverka, kan nemnast:
Restane av strandsitjarmiljøet på Vetløyri, og kulturlandskapet i lia over busetnaden utgjer
kulturminne og landskap av pårekneleg verdi i planområdet.
LNF-areal som er tenkt omdisponert er i hovudsak bratt og delvis skogkledd
beiteareal, men med 15-20 daa fulldyrka areal i nedre del. Ingen areal er klassifisert som
kjerneområde landbruk. Landbruksverdien er pårekneleg, men ikkje svært stor.
Samla sett fell planen fell inn under KU-forskrifta.
4
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
2 RAMMER FOR PLANARBEIDET
2.1 Statlege- regionale føringar
- Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen
- Statlige planretningslinjer for samordnet bolig,- areal- og transportplanlegging
- Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunene
- Retningslinje for behendling av støy i arealplanlegging
- Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014- 2017
- Fylkesdelplan for klima og miljø for Sogn og Fjordane
2.2 Kommunale føringar
- Kommuneplanen 2013- 2024, arealdelen.
- Gjeldande reguleringsplanar
- Detaljkartlegging av skredfare frå Seimsfjellet (COWI AS 2012)
- Skredsikring Vetleøyri/Seim, Vik kommune. Dokumentasjon av samfunnsverdiar i
skredutsett område (COWI AS 2014)
Kommuneplan sin arealdel:
Planområdet er i kommuneplanen sin arealdel sett av til sentrumsføremål, næringsføremål,
bustadføremål og landbruks-, natur,- og friluftsområde (LNF- område).
Store deler av arealet ligg som aktsemdområde for skred- og/eller flaumfare i temakart
skred- og flaumfare i kommuneplanen sin arealdel.
Fig. 2. Utsnitt: Gjeldande kommuneplan for Vik kommune.
Planområdet er innanfor svart stipla line.
5
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
6
Fig. 3. Utsnitt av Aktsemdkart for skred og flaum, kommuneplanen sin arealdel.
Raud skravu/ruter: Flaumfare.
Mosegrøn skravur/rute: Skredfare.
Reguleringsplanar i og ved planområdet
1984003 Reguleringsplan Øyri- området (del av elva i planområdet)
1979002 Reguleringsplan Vikja- Rulsen- Vange Bru (Del av elva i planområdet)
2007001 Reguleringsplan Vetløyri Sør (mellom RV 13 og Vik Verk)
2014001 Reguleringsplan for Goteviktunnellen /areal langs RV 13. (Plan under arbeid)
Om lag 2/3 av planområdet er tidlegare ikkje regulert.
Detaljkartlegging- skredsikring
Rapport frå COWI AS datert 16.3.2012 dokumenter skredfare for store deler av planområdet.
Faresonekart i rapporten syner at heile industriområdet og bustadareal aust for Seimsvegen
ikkje tilfredstiller krav til tryggleik for skred i TEK-10.
Rapporten gjer framlegg om skredvoll over busetnaden. Alt areal under vollen vil då få
høgaste tryggleiksklasse S3 etter TEK-10.
Vollen er ikkje vist på plankart i kommuneplanen sin arealdel.
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
Rapport frå Cowi AS 2012:
7
Skisse for sikringsvoll:
Rapporten tilrår at det vert
bygd ein langsgåande
fangvoll i skråninga bak
bebyggelsen med svakt
fall mot Naustgrovi.
Fangvollen er berekna til å
ha ei lengde på 435
meter, og høgde på 4
meter.
Prinsippskisse for voll i
rapport frå Cowi syner at
terrenginngrepet med
Skjæring og fylling vil ha
ein breidde på 50-70m
Fig. 4. Figuren syner framlegg til plassering av sikringsvoll. Sikringsvoll er markert med gul farge.
Raud line: Tryggleiksklasse S2: 1000 års gjentaksintervall
Grøn line: Tryggleiksklasse S3: 5000 års gjentaksintervall (Krav for m.a.større næringsbygg og
konsentrert bustadbygging)
Cowi as 2012: Snitt rasvoll. Prinsippskisse
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
8
3 PLANPROSESS
1.3 Organisering
Vik kommune er tiltakshavar for planen, og Asplan Viak AS er engasjert for å produsere
planmateriell til planprogrammet og reguleringsplanen.
Utarbeide planprogram og reguleringsplan - Plankonsulent i samarbeid med kommunen
Fastesetje planprogram
- Politisk, Vik Formannskap (delegert mynde)
Vedtak av reguleringsplanen
- Politisk, Vik kommunestyre
3.2 Medverknad
Arbeidet følgjer planprosessen i medhald av plan og bygningslova m.a § 5-1. Styresmakter,
grunneigarar/festarar, naboar og organisasjonar/foreiningar skal involverast i arbeidet.
3.3 Framdrift- planprosess
Planstart og handsaming av planprogrammet
I samband med oppstart av planarbeid vert framlegg til planprogram sendt ut på høyring og
lagt ut til offentleg ettersyn. Det vert varsla gjennom Sogn Avis og på kommunen si nettside.
Grunneigarar/festarar innanfor plangrensa og naboar så langt som råd, offentlege instansar
og interesseorganisasjonar vert gjort kjend med planarbeidet pr. brev. Høyringsperiode er
etter plan og bygningslova minimum 6 veker.
Det vert lagt opp til informasjonsmøte i samband med at planprogrammet er ute til offentleg
ettersyn. Det er særleg viktig at partane i planområdet får høve til å uttala seg.
Utarbeiding av områdereguleringsplanen
Når planprogrammet er fastsett i kommunestyret, vil det verte utarbeidd framlegg til
områdeguleringsplan med tilhøyrande omtale, konsekvensvurdering, risiko- og
sårbarheitsanalyse og føresegner. Innspel og merknader til varselet/planprogrammet vil verta
kommentert og vurdert teke med i planarbeidet.
Etter 1.gongs politisk handsaming vil framlegget verta sendt ut på høyring og lagt ut til
offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Det er høve til å koma med innspel/merknader til
planframlegget i løpet av desse vekene. Innspela/merknadane vert kommentert og vurdert i
det vidare planarbeidet.
Etter at framlegg til områdereguleringsplan har lege ute til offentleg ettersyn, vert planen lagt
fram for ny politisk handsaming, med sikte på vedtak i kommunestyret.
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
Framdriftsplan:
A
B
C
D
E
F
G
H
9
(framdriftsplanen er førebels, og kan verta endra )
Fase
Utarbeiding av planprogram
Oppstartvarsel og utlegging av planprogram
Høyring av planprogrammet og informasjonsmøte,
mottak av innspel
Fastsetjing av planprogrammet. Vik formannskap
Utarbeiding av framlegg til områdereguleringsplan med
konsekvensutgreiing og ROS- analyse
Vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Vik
formannskap
Høyring og offentleg ettersyn av planframlegget
Politisk handsaming og vedtak
Framdrift/fristar
Jan/februar 2015
Febr. 2015
Minimum 6 veker:
mars/april 2015
Juni 2015
Juni/ september 2015
Haust 2015
Minimum 6 veker
Vinter 2015/16
4 PLANOMRÅDET I DAG
4.1 Arealbruk. Bygningar og anlegg
Nordleg del av planområdet er tradisjonelt kalla Vetleøyri eller Seimsøyri. Restar av det
gamle strandsitjarmiljøet er bevart, med bustadhus, uthus og naust. 24 bygningar er
registrert i SEFRAK- registeret, av desse er 11 med byggeår før 1850. Det ligg også nokre
nyare bustadhus i området.
Sør for Vetleøyri ligg industriverksemda Vik- Ørsta. Verksemda dekker ca 35 daa.
Austleg del av planområdet er i hovudsak landbruksareal, med stigning opp Vetleøyrbakkane
mot Seimsfjellet. Stigning er på om lag 1:2 og delvis brattare i øvre del av planområdet.
Arealet fordeler seg på 7 parsellar. Ca 20 daa er fulldyrka jord.
Øvre del av planområdet er prega av tidlegare driftsformer med intensiv slått og beiting av
utmark. Synlege spor er bakkemurar og rydningsrøyser.
Nokre mindre bekkefar renn gjennom området.
Lågareliggjande areal i nord og vest er flaumutsette, i følgje flaumsonekart laga av NVE.
4.2 Omgjevnader og landskap
Mot aust stig den i hovudsak skogkledde lia bratt opp mot Seimsfjellet til ca 600 m.o.h. Mot
vest, på andre sida av elva Vikja ligg sentrumsområdet med m.a det verna strandsitjarmiljøet
på Vikøyri, og eit breitt utval av av offentlege og private tenester. Vikja er nasjonalt
laksevassdrag.
4.3 Teknisk infrastruktur
Riksveg 13 tangerer planområdet i nord. Frå RV13 går to kommunale vegar sørover
gjennom området: Elvegata langs Vikja, og lokalveg Sandgota langs austsida av
industriområdet.
Hovudleidningar for vatn og avløp er ført inn i området.
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
10
5 ALTERNATIV SOM SKAL VURDERAST
Planen skal leggja til rette for bygging av sikringsvoll over industrianlegget og busetnaden på
Vetløyri tråd med forslag frå Cowi AS.
Planen skal og leggja til rette for utbygging av fullsikra areal under vollen til bustad og/eller
næringsformål, med høg utnytting. Dette inneber omdisponering av 15-20 daa dyrka mark til
byggeområde.
Alternativ som skal vurderast i konsekvensvurderinga (KU)
Det er vurdert som uaktuelt å vurdera eit 0-alternativ: Ingen tiltak
Alternativ 1 (hovudalternativ):
Leggja til rette for skredvoll og utbygging av fullsikra areal, inkludert areal vist som LNF-areal
i arealdelen til kommuneplanen.
Alternativ 2:
Leggja til rette for skredvoll, men utan omdisponering av LNF-område til byggeformål.
Arealbruk i prinsipp som vist i arealdel til kommuneplanen.
6 UTGREIINGAR SOM SKAL GJERAST I PLANPROSESSEN
6.1 Konsekvensutgreiinga og planomtalen:
- Samfunnsøkonomiske tilhøve
- Nærmiljø, friluftsliv, naturressursar landbruk og jordvern
- Konsekvensar i anleggsperioden for bygging av skredvoll
- Landskapsbilete
- Naturmiljø, biologisk mangfald
- Kulturminne/kulturmiljø
- Tilhøve for barn og unge
- Trafikk og trafikktryggleik
6.2 Nærare om enkelt- tema:
Tema med enkelt behov for utgreiing:
Samfunnsøkonomiske tilhøve:
Dei samfunnsøkonomiske konsekvensane ved å byggja ein skredvoll vil verta skildra i
planomtalen, ut frå ei samfunnsøkonomisk vurdering av lønnsemda til skredvoll ved Vetløyri.
COWI AS har laga ein rapport på på dette, datert 20.12.2013.
Nærmiljø, friluftsliv, naturressursar, landbruk og jordvern:
Konsekvensane for kvar av desse tema skal omtalast i planomtalen, med utgangspunkt i
gjeldande kommuneplan, og eksisterande kunnskap elles.
Tilhøve for barn og unge:
Det skal skildrast korleis barn og unge sine interesser vert teke i vare gjennom planarbeidet.
Konsekvensar i anleggsperioden ved bygging av skredvoll:
Dette er tilhøve som vert vurdert i samband med skisser for skredvollen (jf. landskapsbilete).
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
11
Tema med meir omfattande behov for behov for utgreiing:
Generelt om metode
Konsekvensvurderingane skal utførast parallelt med planarbeidet elles, slik at ein i tidleg
planfase får oversyn over viktige tema som skal takast omsyn til.
Når tilrådde løysingar for plassering av vegar og bustadområde ligg føre, skal
konsekvensane og eventuelle avbøtande tiltak for kvart tema oppsummerast- som grunnlag
for omtale/vurdering som skal innarbeidast i planomtalen.
Landskapsbilete:
Det skal beskrivast korleis tiltaka bør tilpassast landskapet sett frå omgjevnadane, samt
konsekvensar av tiltaka. Tiltaka skal vurderast når det gjeld:
-Nær og fjernverknad
-Viktige landskapsformer
-Tilpassing veg/bustader/terreng/skredvoll
Det skal m.a utarbeidast ei meir detaljert skisse for utforming av skredvollen som syner
utstrekning og naudsynte terrenginngrep, samt typiske snitt.
Naturmiljø, biologisk mangfald:
Utgreiinga skal baserast på eksisterande informasjon, og mål og prinsipp i
naturmangfaldslova skal vurderast i planomtalen.
Kulturminne/kulturmiljø:
Konsekvensutgreiinga for fagtema kulturminne/kulturmiljø skal utførast med utgangspunkt i
metodikken for ikkje- prissette konsekvensar, jf. Statens vegvesen si «Håndbok V712», samt
etter retningsliner i Riksantikvarens rettleiar (rapport nr. 31-2003) om «Kulturminne og
kulturmiljø i konsekvensutgreiingar».
Det skal utførast arkeologisk undersøking av planområdet i samsvar med krav og føringar frå
Kulturavdelinga , Sogn og Fjordane fylkeskommune.
7 RISIKO OG SÅRBARHEIT
Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at samfunnstryggleiken vert ivareteken i
alle planar etter plan og bygningslova. For at kravet om ROS- analyse skal vera oppfylt, må
det gjerast eit systematisk arbeid som gjev oversikt over risiko og sårbarheit.
I samband med at områdereguleringsplanen vert laga, vert det også laga ein eigen ROSanalyse. Tema for analysen er naturrisiko, naturmiljø, tilpassing til eksremvêr og flaum,
infrastrukruktur, handtering av overflatevatn, kulturminne/kulturmiljø, ureining og støy.
Samandrag av ROS- analysen vert lagt inn i reguleringsplanen.
Framlegg til Planprogram reguleringsplan Vetløyri sør. Jan. 2015.
RV 13 gjennom Vetløyri. Sett mot vest.
Vetløyri. Småhusområde sør for RV13. Sett mot sør.
12