SENTERPARTIET I SOLUND KOMMUNEVALPROGRAM 2015 - 2019 ØYRIKET SOLUND -eit livskraftig lokalsamfunn Samandrag av hovudsakene som Solund Senterparti vil arbeide for: At Solund kommune skal bestå som eigen kommune. Å få realisert brusamband over Ytre Steinsund. Å få etablert ein ekspressbåtstopp på Hardbakke. Bygge ny ungdomsskule eller oppruste ungdomsskulebygget til å bli tenleg for eit moderne og godt læringsmiljø. At det vert lagt til rette for god utvikling av eksisterande arbeidsplassar og at nye og attraktive arbeidsplassar vert skapt. Å bygge relasjonar på tvers av fagmiljø og generasjonar. Å utnytte og utvikle smådriftsfordelane i vårt tette, nære og gode lokalsamfunn. Å sikre dei lokale båtrutene som ei livsnerve i Solund I EIT LIVSKRAFTIG LOKALSAMFUNN…. …ER DET GODE KOMMUNIKASJONAR… Spreidd busetnad krev gode kommunikasjonar både internt i kommunen og mellom kommunen og regionale sentra, som t.d. Førde og Bergen. For å kunne utvide arbeidsmarknadsområdet, er det viktig å redusere reisetida der dette er mogleg. Senterpartiet vil arbeide for: Å få ekspressbåtstopp i kommunesenteret. At bru over Ytre Steinsund vert realisert som eit ferjeavløysingsprosjekt. Å oppretthalde dagens frekvens på sambandet Daløy- Haldorsneset. Realisering av Kystvegen Ålesund – Bergen med framtidig ferjefri kryssing av Sognefjorden via Losna. Å sikre dei lokale båtrutene som ei livsnerve i Solund. Eit tenleg og framtidsretta godstransporttilbod til alle delar av kommunen. Å få på plass moglegheiter for pendling til Lutelandet. Realisert utbetring av fylkesvegane inkl. ferjekaiar. Utbetring av kommunale kaiar. Utbetring av fylkesvegar og ferjekaiar. …FINST DET attraktive ARBEIDSPLASSER… Solund treng ei større breidd av arbeidsplassar. Spesielt treng ein fleire arbeidsplassar som er attraktive for kvinner. Nye arbeidsplassar knytt til eksisterande næringsliv er viktig, samstundes som ein må skape moglegheiter for nyetablering. Offentlege arbeidsplassar er viktige for å kunne gje tenester nær brukarane, men også for å ha ei breidde i arbeidsmarknaden. Solund kommune kan ikkje ”skape” arbeidsplassane, men kan legge til rette for, t.d. ved ei satsing på infrastruktur. BLI-lyst , attraktive bustader /tomter, kort veg til gode offentlege tenester og eit godt omdøme -og profileringsarbeid. Dette kan ein lukkast med dersom alle gode krefter arbeider saman. Satsinga på Lutelandet kan gje spennande mogelegheiter i framtida, og med gode kommunikasjonar vil dette kunne utvide eksisterande arbeidsområde. Senterpartiet vil arbeide for: Full mobildekning og tilgang til breiband eller fiber i alle delar av kommunen. Å nytte Solund Næringssamskipnad, HAFS Utvikling AS og Nordhordland næringshage som aktive aktørar i lokalt utviklingsarbeid. Å legge til rette for næringsareal. Å legge til rette for ei veksande reiselivsnæring. God tilgong på attraktive bustadtomter i nærleiken av kommunesenteret. At det finst tenlege utleigebustader i kommunen. Ein positiv kultur som støttar opp om grundarar og eldsjeler. Å ha fokus på rekruttering av unge kvinner og ungdom til arbeidsplassar i Solund. Å synleggjere dei kvalitetane Solund har som kommune. …FÅR EIN HJELP NÅR EIN TRENG DET… Eit godt helsetilbod er viktig for trivsel og tryggleik i alle livsfasar. Det store frivillige arbeidet i lag og organisasjonar er ein viktig del av folkehelsearbeidet. arbeidet. Gode oppvekstmiljø, der innbyggjarane opplever å bli tekne vare på, vil vere førebyggande. Dei tilsette er ein viktig ressurs , og må få høve til fagleg oppdatering for å møte nye utfordringar. Innbyggjarane i Solund skal oppleve at det er nærleik til tenestene, og at utvikling av tenestene skjer med utgangspunkt i brukarane sine behov. Senterpartiet vil arbeide for: Å ha eit verdig og trygt omsorgstilbod for dei eldre i kommunen, der brukarane sine behov vert lytta til. Sikre det gode legetilbodet ein har. Bustader for særskilde behov. Styrke fysioterapitenesta. At ambulansebåten skal vere stasjonert i Solund. Sikre den gode skulehelsetenesta vi har. Styrke det tverrfaglege samarbeidet. Sikre at folkehelse vert innarbeidd som ei heilskapleg tenking i alle delar av den kommunale verksemda. I EIT LEVANDE LOKALSAMFUNN… …SKJER DET NOKO… Eit godt og variert kulturtilbod er viktig for trivsel og busetnad i kommunen. Gode fellesopplevingar skaper samhald og felles identitet. Frivilligsentralen er viktig for at nye tilflyttarar skal finne seg til rette i lokalmiljøet, og er ein samordnande funksjon for det betydelege frivillege arbeidet som vert gjort av lag og organisasjonar i kommunen. Ein kulturskule med tilbod til alle aldersgrupper er eit godt utgangspunkt for at både barn,unge og vaksne kan utvikle kreative evner og bidra til å skape gode møteplasser. Busetjing av flyktningar er ei ny oppgåve for kommunen, og vil kunne bidra til både auka mangfald og kompetanse i kommunen. Senterpartiet vil arbeide for: Eit variert kulturskuletilbod. Utvikle drifta av frivilligsentralen. Støtte opp om lag og organisasjonar sitt arbeid, for på den måten og skape gode møteplasser i heile kommunen. Fokusere på naturen / kystkulturen som ein ressurs, og stimulere til å nytte denne i utviklinga av nye arbeidsplassar. Å ta vare på kyrkja si rolle som kulturberar i samfunnet. I EIT LÆRANDE LOKALSAMFUNN… …LÆRER EIN HEILE LIVET… Tett samarbeid mellom barnehage, skule, lokalt næringsliv og lag og organisasjonar kan gje born og unge den kunnskap om lokalsamfunnet som trengs for å kunne sjå mogelegheiter for framtidig busetnad og etablering. Skule og barnehage også ein viktig stad for integrering og læring. Skulebygg og barnehage er arbeidsplassen til både born og vaksne, og må ha tilfredsstillande kvalitet med tanke på både ute- og inneområde. Senterpartiet vil arbeide for: Sikre full barnehagedekning og eit heildags tilbod om skulefritidsordning. Oppretthalde løysinga med følgjeteneste frå Haldorsneset og til Hardbakke for dei barnehageborna som treng det. Vidare utbetring av uteområdet i Hardbakke barnehage. Bygge ny ungdomsskule eller oppruste ungdomsskulebygget til å bli tenleg for eit moderne og godt læringsmiljø. Å sikre skulerute / arbeidsrute mellom Gulen/Solund og Austrheim. Ei vidare utvikling av kulturskulen. Vurdere tiltak som styrkar rekruttering til stillingar i dei offentlege tenestene. ...PLANLEGG EIN FOR FRAMTIDA… Innbyggarane i Solund er kommunen sin største og viktigaste ressurs! Vi er gode på samarbeid og dugnadsinnsats for lokalsamfunnet. Desse kvalitetane kan vi verte enda flinkare på å løfte fram, og bruke i å utvikle samfunnet vårt vidare. Ved komande rullering av kommuneplanen ynskjer vi å involvere alle grupper i lokalsamfunnet. Eit meir mangfaldig samfunn vil tilføre kommunen nye moglegheiter. Eit tett samarbeid mellom ulike aktørar er ein nøkkel for å kunne lukkast med å ta imot nye innbyggjarar på ein god måte. Senterpartiet vil arbeide for: At rullering av kommuneplan skal vere godt forankra og involvere alle grupper. At det skal vere attraktive tomtar tilgjengeleg til ei kvar tid. Å samarbeide med andre kommunar og regionar for å jobbe fram større viktige prosjekt, t.d. Kystvegen, Lutelandet, brusamband over Ytre Steinsund og marknadsføring av kysten som reisemål . At ulike aktørar, både offentlege og private kan samarbeide for å lukkast med å ta imot flyktningar på ein god måte. At ein vurderer omfanget av interkommunale samarbeid, men leitar etter gode løysingar saman med andre kommunar for oppgåver ein ikkje kan løyse åleine. KOMMUNESAMANSLÅING Solund Senterparti trur at Solund er best tent med å vere eigen kommune også i framtida. Vi trur at eit sterkt lokalt engasjement må ligge til grunn dersom ein skal utvikle samfunnet vidare. Vi trur også at dei beste avgjerslene blir tekne av dei som kjenner samfunnet best. Denne lokalkunnskapen trur vi lett vil bli borte i ein ”storkommune”. I tillegg vil viktige arbeidsplassar verte flytta til fastlandet, og dette kan skape ringverknader også for private verksemder som er avhengige av at ”begge” får seg arbeid. Med dagens avstandar kan vi ikkje ta del i dei større bu-og arbeidsområda som er omtala, og uansett utfall av struktur må det vere ei prioritert oppgåve å arbeide for å ha flest mogleg attraktive offentlege arbeidsplassar i Solund.
© Copyright 2024