SOLUNDAVISA

SOLUNDAVISA
SOLUNDDAGANE 2014 MANGFALDIG NÆRING I SOLUND
LENDING REDERI SATSAR MED NYBYGG | 4
EIN INNOVATIV 30-ÅRING | 8
FLYTTAR HEIM FOR FRAMTID I SOLUND | 28
2
SOLUNDAVISA 2014
SOLUNDDAGANE 2014
MANGFALDIG NÆRING I SOLUND
FREDAG 22. AUGUST
12.00
opning kystled solund
Arrangør: Solund kommune
Stad: Litle Færøy
Påmelding på e-post til:
[email protected].
LAURDAG 23. AUGUST
11.00
|
16.00
14.30
18.00
16.30
Arrangør: Sparebanken Sogn og Fjordane.
Stad: Solund Grendahus, Hardbakke
Utstillingsperiode: 22.08–07.09.
Arrangør: Solund Kunstlag
Stad: Galleri Blink, Hardbakke
Kunstnarar: Ørnulf Opdahl (grafikk), Line Jorddal
(smykkekunst) og Kathrine Berg (smykkekunst).
20.00
konsert med tupelo
Arrangør: Sulefisk, Norwell og Salmon Group
Stad: Sulefisk, Eide
Konserten er gratis.
Det irske bandet Tupelo spelar ein miks av irsk folkemusikk,
blues og country. Bandet har i 2013 turnert i Europa og
bl.a. selt ut 12 konsertar i Danmark. I fjor fekk Tupelo pris av
musikkmagasinet Hot Press som «Best Folk Act». Sunday
Times skreiv om bandet:
«A refreshing Irish/Americana blend, part-traditional, partNashville with a trickle of folk…beautiful.»
konsert med askeladden
Arrangør: Solund Sokneråd
Stad: Solund kyrkje, Hardbakke
Tre eventyrlystne menn med friskt vestlandsblod utgjer
bandet Askeladden. Bandmedlemmane, som har base i
Bergen men tilknyting til Solund gjennom bassisten Torstein
Mongstad, deler musikklidenskapen og ei boblande glede
i mellomgolvet. Difor har musikken blitt prega av eit høgt
driv, stor ståhei og generelt god stemning. Bandet har spelt
konsertar i Bergen og omegn sidan 2011.
opning kunstutstilling
• Ørnulf Opdahl frå Giske er kjent for sine naturlyriske
mystiske bilete, gjerne med havet som tema. Han har hatt ei
rekkje utstillingar, både i Norge og utlandet. Frå 1985 til 1992
var Opdahl professor på Statens Kunstakademi.
• Line Jorddal frå Oslo arbeider med gjenbruk av alt frå
metall til gamle leiktøy. Resultatet blir ein unik og innovativ
smykkekunst som kan sjåast i magasin rundt om i verden.
• Kathrine Berg er ei utdanna gullsmed frå Nordfjordeid
med nesten 20 års erfaring. Berg likar best å arbeide med
unikasmykker, gjerne med eit personleg preg.
Stands der bl.a. bedrifter frå Solund informerer
om sine aktivitetar.
• Utdeling av Solundprisen
• Kanoløp i hamna
• Utdeling av premiar – fotokonkurranse
• Lokalmat – frå heile verden
• Konkurransar for store og små
• Eliasbåtane
• Hoppetårn
Båt går frå Hardbakke hamn kl. 11.00. Retur frå Litle Færøy
kl. 16.30. Reisetid er ca. 10 minuttar. Kystled Solund vert ein
del av den nasjonale kystleden. I Solund fins to kystlednaust,
eit på Litle Færøy og eit på Råkeneset. Kystlednaustet på
Litle Færøy er eit nybygd grindenaust med landingsplass, kai,
tilrettelagd teltplass med utedo og turkerom. Det vil verte
utarbeidd eit eige kart med informasjon om Kystled Solund.
næringslivssamling og foredrag
solunddagane opnar med
marknad i hamna
22.00
dans på grendahuset
Arrangør: Solund Ungdomslag
Stad: Solund Grendahus
SØNDAG 24. AUGUST
14.00
tur ramnenipa opp
Arrangør: Solund Idrettslag
Stad: Idrettsbana, Hardbakke
Påmelding på Solund Idrettslag sin stand i hamna laurdag
23. august, og søndag kl. 13.15–13.45. Turen startar frå
Hardbakke hamn. Premiering for idealtid og beste tid opp.
Solund Bryggje i Hardbakke hamn er ope
kl. 12.00–02.00. Kjøkkenet er ope 12.00–22.00.
Visste du at…
… ein reknar med at det finst over
1000 villsaurasar i verda?
Villsau er også kjent som gamal norsk
sau, eller Ovis brachyura borealis på
latin, om du er fin på det.
… i asiatiske land, spesielt Japan,
vert fleire algearter brukt i
kosthaldet?
… nordmenn brukte 32,12 milliardar
kroner på korte eller lengre
feriereiser innanlands i 2013?
TUSEN TAKK!
Vi vil med dette rette ein stor takk til alle som har
vore med å gje Lending Rederi as Solundprisen
for 2013. Dette sette vi stor pris på!
Å få Solundprisen var ei fin oppleving som
viser heider oss, men også til fiskerinæringa i
kommunen vår. Det er gledeleg å sjå at fleire
yngre også satsar på fiskaryrket som leveveg.
Ved at fleire ynskjer ei utdanning innan fiskeri
(og havbruk) let vi oss inspirere til vidare satsing.
SOLUNDDAGANE 2014
Nok ein gong er det mi oppgåve som ordførar å
skrive nokre velvalde ord i Solundavisa i anledning
Solunddagane. Det er ikkje noko vanskeleg oppgåve
å skrive denne spalta i 2014. Eg er privilegert som får
vere ordførar i Solund, ein kommune der det skjer
mykje. Både i næringslivet, frivillig og offentleg sektor.
Når årets tema for årets Solunddagane er arbeidslivet
i Solund så er eg viss på at vi har eit mangfald å syne
fram. Kanskje meir enn vi tenker på i det daglege!
Som ordførar har eg fått høve til å syne fram Solund og
arbeidslivet her til besøkande. Eg kan gjere det med eit
smil om munnen og med stor stoltheit. Til dømes når
Europaminister Vidar Helgesen vitja Solund i april. Vi
vitja då mellom anna Solund Verft, Sulefisk, Hortimare,
Gjenbruksbutikken og Solund barne- og ungdomsskule.
Beskjeden eg fekk, når eg køyrde ministeren til
båten etter hans besøk, var at det var inspirerande å
møte innbyggjarar og næringsdrivande i Solund med
pågangsmot og større fokus på kva ein kan få til enn
utfordringane. Dette imponerte Helgesen, og det
imponerer meg dagleg.
Mi oppleving er nemleg at dette stemmer, og at dette er
ein av grunnane til at det går godt i næringslivet i Solund.
Med stor aktivitet og satsing på framtida. Dette gjev meg
tru på framtida i Solund. Eg tykkjer difor også at det er
bra at næringslivet vert sett fokus på, når ein arrangerer
Solunddagane 2014. Eg håpar at næringsdrivande i
Solund vil få synt seg fram frå si beste side, og at både
Sulingar og tilreisande får sjå breidden av aktiviteter i
kommunen. Mitt fremste håp er at dette også vil gjere at
stadig fleire med tilknyting til Solund ser moglegheitene
for ei framtid i vår flotte øykommune.
Eg ynskjer difor alle hjarteleg velkomne til
Solunddagane, og eg håpar å sjå mange av dykk der!
Med helsningar frå
Lending Rederi
Solundavisa er eit samarbeid mellom Solund
Næringssamskipnad, Solund Idrettslag og
Solund kommune sitt bulystprosjekt.
Ole Gunnar Krakhellen
ordførar solund kommune
3
SOLUNDAVISA 2014
VELKOMMEN TIL
SOLUNDAVISA 2014
4
Foto: Magne Hamre
LENDING REDERI
SATSAR MED NYBYGG
Lending Rederi vart danna i 1995, og eig og driv fleire
fiskebåtar med base på Ytre Sula. For å vere med på
utviklinga i fiskeriet såg reiarlaget seg nøydd til å tenke
nytt og fornye seg. Dette var noko av bakgrunnen til at
Lending Rederi i 2012 bestemte seg for å byggje ein ny
fiskebåt, Sulebas.
I løpet av eit år fisker Sulebas etter sild, makrell, torsk, sei
og hyse. Desse artane vert fiska langs heile kysten, men
mesteparten av tida fiskar Sulebas frå Lofoten og nordover.
I løpet av året vert det drifta med not, garn og snurrevad.
Snurrevad er nytt for Lending Rederi, men etter ein fantastisk
start verkar dette som eit flott fiskeri der ein har gode
mogelegheiter for å få fram ein fantastisk kvalitet.
Det vart innleia eit samarbeid med Vesterhav, eit reiarlag
frå Bulandet, om å byggje kvar sin fiskebåt. Prosjektet vart
fullfinansiert av Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og
Fjordane. Solund Verft vann anbodet i konkurranse med verft
både i inn- og utland. I arbeidet med Sulebas har Solund Verft
nytta fleire lokale underleverandørar, både i Solund og Sogn
og Fjordane, for å få båten ferdig til april 2014.
– Nybygget har gitt oss fleire mogelegheiter enn det vi hadde
med Sulehav, seier Magnar Lending. – No kan vi fiske med
snurrevad, men ikkje minst kan Sulebas fryse fisken. Dette gjer
at Sulebas kan ligge lengre ute på havet utan å måtte levere,
og båten kan velje andre fiskefelt i ein heilt anna grad.
– Vi har hatt eit godt samarbeid med eigarane av Vesterhav,
seier Magnar Lending, dagleg leiar i Lending Rederi. – Dette er
eit samarbeid som er kome i stand nettopp fordi ein i dagens
fiskeri må tenke på nye måtar. Beggje bedrifter har hatt stor
nytte av å dele kompetanse og erfaringar ettersom Sulebas og
Vesterhav er søsterskip.
Stor og funksjonell
Sulebas er 38 meter lang og 9,5 meter brei. Det er sju lugarar
med plass til 10 personar. På fabrikkdekket er det utstyr til
sløying, frysing og pakking. Romma vil kunne ta opptil 120
tonn frossen fisk og 370 tonn fersk. Dei to notbingane gjer det
mogeleg å ha to notbruk om bord samtidig slik at fiskeriet vert
meir effektivt.
Sulebas kan fryse opp til 15 tonn sløgd fisk i døgnet. Ved
frysing må Sulebas ha litt ekstra mannskap om bord slik at
båten kan ha døgnproduksjon. Dette gjer ein for å maksimere
kapasiteten av fabrikken på båten.
Krevjar kompetanse
Desse nye båtane krev mykje kompetanse for å kunne driftast.
Om bord ein fiskebåt i dag vert det stilt krav till at alle må kunne
fylle ei rolle i tillegg til det å vere fiskar. Skipper, styrmann,
maskinist, assistent, kokk er eksempel på desse rollene. Det vert
og meir og meir krav til utdanning i dagens fiskeri.
– Vi håpar at eit nybygg som Sulebas vil vere med på å få fleire
unge, både sulingar og andre, til å velje fiskaryrket. Det er særs
gledeleg å sjå at her er ungdommar som satsar, og vi er glade
for å vere med i denne satsinga, avsluttar Magnar Lending.
SOLUNDAVISA 2014
5
SOLUND VERFT
INVESTERER FOR NYE MARKNADER
Det går an å få til noko også i ein liten kommune som
Solund, om ein berre vil nok. Haust 2013 og vinter
2014 utrusta og leverte Solund Verft sitt nybygg nr. 6,
fiskebåten Sulebas, for Lending Rederi as. Kontrakt
vart signert 29. juni 2012 og offisiell levering fann stad
24. mars 2014.
Design, spesifikasjon og tegninger av Sulebas er laga av
Seacon as Måløy.
Eit effektivt verft
Sulebas var ca. fire månader forsinka frå skrogverftet i Latvia,
og var ikkje helt ferdig da Solund Verft as bestemte at no var
det nok. Verftet bestilte slepebåt og fekk fartøyet på kurs mot
Solund, sjølv om det berre var eit skall med innsett aksling
og ror som vart slept av garde. Men verftet klarte å ta inn
vesentlege delar av forseinking.
Ei årsak til inn hentinga av forseinkinga er kombinasjonen
av innadørs utrustning i den nye skipshallen til verftet med
effektiv organisering og smarte logistikkløysningar ved
utrustninga. Dette vart utført av verftets eigne faste tilsette og
underleverandørar, som var i sving om bord på ulike områder.
Det blei skore to hol i skroget, i framskipet og akterskipet, slik
at der var tre ulike tilkomstar til båten. Det gjorde at dei som
heldt på med rsw installasjonane framme, kunne jobbe og få
transportert utstyr inn, uforstyrra frå hektisk arbeid på andre
deler av fartøyet. Det same gjaldt dei som jobba i akterskipet
med innreiing, maskiner og anna utstyr.
Ser på utrustningsmarknaden
Sulebas har vore ein komplisert jobb, og den desidert største
og mest utfordrande prosjektet verftet nokon gong har utført.
Verftet har tradisjonelt vore ein reparasjonsverkstad som tar
seg av klassing, vedlikehald og ombyggingar. Der har også bygd
mindre oppdrettsbåtar samt to kabelferjer. Verftet har lenge
arbeidd for å komme inn i utrustningsmarknaden og det var
difor svært gledeleg at «lokale» reiarlag synte verftet tilliten
ved å signere kontrakt.
Den nye hallen på 65 meters lengde har gjort anlegget
langt mer attraktivt for denne type oppdrag. Verftet har ei
vektgrense på rundt 1 000 tonn på liften som set skipa tørt på
anlegget. Men det kan nemnes at Sulebas er på lettskipsvekt
rundt 600 tonn, så der er framleis litt å gå på når det gjelder
størrelse.
Neste store jobb
Solund Verft er allereie i gang med neste store jobb. Det er
nybygg nr. 7, fartøyet Vesterhav, til Vesterhav as i Bulandet.
Fartøytet er av same størrelse som Sulebas, men utan fabrikk.
Kontrakt ble skrive samtidig for dei to nybygga. Vesterhav vil
etter planen bli overlevert 1. august.
Dei store utrustningsjobbane har gitt meirsmak, og ein har
allereie rekna på fleire liknande jobbar. Solund Verft har lagt
godt an i konkurranse med andre norske utrustningsverft utan
at prosjekta er realiserte. Nett no er det rolig i marknad for
nybygg. Verftet satsar difor vidare på det dei er spesialistar på;
reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar.
Store investeringar
Verftet har utanom nybygg bra med oppdrag, men
ingen langsiktige, noko som heller ikkje er vanlig i
reparasjonsmarknaden. Dei siste 10 åra har Solund Verft as
investert cirka 40 millionar kroner i ny hall og andre
oppgraderingar av verftsområde, for å gjere det meir
attraktivt for alle typar oppdrag. Verftet ser lyst på framtida
og har stor tru på at ein skal klare seg godt også i åra som
kjem.
SOLUNDAVISA 2014
6
DEN FYRSTE
BATTERIELEKTRISKE
BILFERJA I DRIFT
Solund Verft as sitt nybygg nr. 8, den batteri­drivne
ferja mf Hisarøy, har vore i drift sidan september 2013.
Dette er, etter det vi kjenner til, den fyrste kommersielle
bilferja som har batteri som energikjelde for framdrift.
Nybygget er konstruert av Solund Verft as i samarbeid med
reiarlaget Wergeland as og Maritime Engineering as Knarvik.
Det er reiarlaget Wergeland as som driv kabelferja.
Hovuddata for fartøyet er:
• loa 35,0 m. Bredde 8,6 m.
• Ferja har sertifikat for 49 passasjerar og kan laste 6
personbilar eller eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt
32 tonn. Akseltrykk 10 tonn.
Batterielektrisk framdriftssystem
Framdriftssystemet nyttar batteri som energikjelde for drift
av el-hydrauliske vinsjar. Batteripakken er utvikla og levert av
det kanadiske firmaet Electrovaya/ Miljøbil Grenland as. ms
Hisarøy er og den fyrste batterielektriske ferja i landet (kanskje
overalt) som er i drift.
Bygging av heile ferja inkludert skrog og komplett utrustning
har vorte utført ved Solund Verft as.
Elektroprosjektering, utviklingsarbeide og installasjon er utført
av hafs Elektro & Rør as.
Kabeldrift av ferja er levert av det svenske firmaet Lidan
Marine ab, og er etter same prinsipp som Fjon-m (DuesundMasfjordnes), dvs. med to ståltau strekt over sundet og ein
vinsj på kvar side av fartøyet.
SOLUNDAVISA 2014
7
- Generalsponsor av Tall Ship Race
- Norges største rederi innen Beredskap / Oljevern
- Vi har fokus på mennesker og miljø
inform-media.no
Rein Design
www.atlantic-offshore.no
VI STØTTAR
SOGN OG
FJORDANE
Vi sponsar idrettsglede!
I 2001 tok vi verda til Sogn og Fjordane
– vi leverte breiband til fylket.
Men vi ville gjere noko meir.
Vi ville gje tilbake.
Sidan 2001 har vi sponsa lokale kulturog idrettsarrangement med millionar.
Det betyr blant anna at mange unge
og håpefulle kan gå ut og gjere det
dei har mest lyst til.
Lokalt breiband – lokale verdiar
Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane • 57 00 91 00
LES MEIR PÅ
enivest.no/sponsor
SOLUNDAVISA 2014
8
EIN INNOVATIV 30-ÅRING
Sulefisk AS fekk sin fyrste konsesjon for lakseoppdrett
i 1984. I dag har selskapet fire konsesjonar, og i tillegg
engasjerer ein seg i nokre av dei mest spanande
innovasjonsprosjekta i norsk havbruksnæring.
Ecomerden
«For å få ut det beste av taren, må
han bioraffinerast fersk. Eit portabelt
raffineri kan vere ei løysing.»
I dei seinare åra har tanken om ein innelukka produksjon
av laks i sjøfasen fått eit fotfeste i oppdrettsnæringa sine
innovative kretsar. Dette for å verne fisken mot lus og sjukdom,
og for å kunne ta kontroll med temperatur og vasskvalitet.
Det kan vere snakk om ein sokalla postsmoltproduksjon,
ein overgangsfase i lukka merd etter smoltifisering, eller ein
produksjon der fisken går heile syklusen i lukka system.
På SolSmolt as har ein alt lang erfaring med sjøvasstilpassing
av laks i lukka system. I kar på land har ein pumpa inn sjø og
vant fisken gradvis til saltvatn, på same måten som det vil skje i
ein elveos. Dette styrkar fisken i ein kritisk fase, og førebur han
på livet i havet.
Med desse erfaringane i bakhand, innleia Sulefisk samarbeid
med sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø, som tidlegare har levert
fôrflåter og fôringssystem til dei gjennom sine verksemder.
Saman med Jostein Kråkås, starta han arbeidet med ein type
teknologi som skal gjere produksjon av laks i lukka merd både
trygt og økonomisk.
Job Schipper studerer tilveksten av tare ved Fureholmen i Hopsosen.
SOLUNDAVISA 2014
9
Etter kvart stifta ein selskapet Ecomerden, som har full
konsentrasjon på å kommersialisere denne teknologien. Enkelt
fortalt handlar det om å setje ut ein fleksibel, tett pose med ei
vanleg not inni. Ein stålbasert flytekrage sikrar oppdrifta, og har
integrerte installasjonar som pumper og fôringsanlegg. I botnen
av posen vil eit partikkelfilter skilje ut avfallet frå produksjonen.
Det første eksemplaret av Ecomerden er no under bygging.
Stålarbeidet vert gjort på Filippinene, før flytekragen vert
sendt til Noreg med container og ferdigmontert på eit norsk
verft. Den lukka posen er av fransk fabrikat, frå verdas leiande
dukprodusent, Serge Ferrari.
Ecomerden har eit standardvolum på 12 000 m3 , men
storleiken kan tilpassast kunden sine behov. Merden har ein
omkrins på 96 meter, og stikke 27 meter djupt.
Integrert Akvakultur
Den hollandske forskaren og gründeren Job Schipper kom i
kontakt med Sulefisk etter eit møte for hollandske immigrantar
til Noreg. Han var på jakt etter ein partner til å prøve ut
taredyrking i samband med lakseoppdrett. Under eit opphald
i Japan hadde han sett korleis ein der nytta seg av ulike typar
algar, og han vart overtydd om at ein også i Vesten burde gjere
seg meir nytte av havet som åker.
Samproduksjon av fleire artar, sokalla polykultur, er velkjent
gjennom tusenvis av år. Ideen baserer seg på å nytte avfallet
frå ein art til å gjødsle ein annan, i dette tilfellet næringssalt frå
laksen som ein vekstdrivar for taren. Vanlegvis er norskekysten
grøderik som fylgje av den næringsrike Golfstraumen, men
likevel ser ein at nærleik til oppdrettsanlegg vil gje taren eit
ekstra løft.
For laksen sin del, vil han få eit meir optimalt vassmiljø, og
tarefarmen vil tiltrekke seg reinsefisk som beitar på luselarvar
i vassmassane. Soleis vil taren utgjere eit biofilter. Dei
konkrete verknadane av dette filteret er noko ein no driv og
forskar på.
Forsking og utvikling i prosjektet er leia av Job Schipper sitt
selskap Hortimare. Sulefisk tilbyr areal og praktisk bistand,
medan nettverket Salmon Group har stått for prosjektleiing
og arbeid opp mot styresmaktene. Ein er no i ferd med å få på
plass eit eige regelverk for denne typen havbruk, noko som er
avgjerande for å utvikle det vidare.
Feltet ved Fureholmen i Hopsosen er eit forskingsfelt for
integrert tareproduksjon. No ynskjer Hortimare å utvide
satsinga her, samt å prøve ut metoden ved anlegg i andre
område. Innovasjon Norge har vore involverte i satsinga sidan
2010.
Kva skal taren brukast til?
Tare er ei råvare som er full av verdfulle stoff. Innhaldet
av protein er med og gjere tare interessant for
næringsmiddelindustrien. For å få ut det beste av taren, må
han bioraffinerast fersk. Eit portabelt raffineri kan vere ei
løysing. Restråstoff frå taren kan nyttast til dømes i produksjon
av biodrivstoff.
Ingrediensar basert på tare er i dag under utprøving i fiskefôr.
Ein meiner at ein her kan oppleve ein positiv verknad på fisken
si helse og kvalitet, samanlikna med bruk av tradisjonelle
vegetabilske råvarer. Også fisken sin motstandsevne mot
lakselus skal bli positivt påverka. Det er enno for tidleg å seie
noko om det fulle potensialet til denne råvara.
SOLUNDAVISA 2014
10
grafisk produksjon, design,
profilering, webutvikling
Norengros Erik Tanche Nilssen AS Hagebyveien 26. Pb. 2560, 3702 Skien T: 35 90 40 00 – www.etn.no
HAFS Elektro & Rør AS
Hjå Elfag finn du
fagkunnskapen
du treng
Alsidig bedrift med hovudkontor i Eidsnesfeltet i Åfjorddalen i
Hyllestad kommune, avdelingar i Brekke i Gulen kommune og på
Solund Verft sitt område i Solund kommune. Bedrifta sitt primære
marknadsområde er HAFS-regionen.
Bedrifta bygger på lang erfaring i elektrobransjen, og representerer solid
fagleg kompetanse. Utfører alle typar installasjonar, med hovudvekt på
oppdrag innafor maritim næring, landbasert industri, offentlege bygg,
privatkundemarknaden, alarm , telefon og data/spreienett, varmepumper
o.l..
Har og i Brekke i Gulen ei røyrleggjaravdeling og ein butikk som sel
kvitevarer, brunevarer og småelektriske artiklar
Vi har serviceinnstilte og dugande medarbeidarar som dekkar dei fleste
behov innafor områda elektroinstallasjon, internkontroll, datakabling og rør.
For meir informasjon om selskapet viser vi til nettsida vår.
Vårt sentralbord har
telefon 577 88 900
HAFS Elektro og Rør AS
Post- og fakturaadresse er:
Sognefjordvegen 444
5961 Brekke
www.hafs-elektro.no
”Vener av Utvær” Utvær som øysamfunn
har ei historie som går heilt tilbake til
vikingtida. Rundt år 960 delte den norske
kongen Håkon den Gode landet inn i
skibsrede. Eit av desse var Utvær Skibsrede. Før Harald Hardråde drog til England
i 1066 sendte han bod om å samle hæren
i Utvær Skibsrede. Segna seier også
at det var vikingane som skremde tre
prinsesser frå Irland i kvart sitt skip. Ei
av desse prinsessene hamna på Utvær.
Dei to andre på Kinn og Selje, der det
blei bygd kyrkjer. På Utvær blei det bygd
eit lite kapell. Øysamfunnet Utvær har ei
lang og rik historie som fyrstasjonen er
ein del av.
SOLUNDAVISA 2014
11
Leading the Blue Revolution
ær
Globalt selskap med
sterk lokal forankring
www.marineharvest.com
www.pwc.no
Menneske og
leiarskap for
framtida
Din lokale leverandør av
Ta kontakt med våre kontor:
Førde: Jan Flølo eller
Kjetil Myrland
Sogndal: Harald Mo
Florø/Måløy: Jan Ove Helle
Stryn/Eid: Ingvill Flo
For spørsmål om skatt og
forretningsjuridisk bistand,
kontakt Gunnar Bøyum
PwC kompetansesenteret med
omlag 40 tilsette på revisjon og
rådgjevning i Sogn og Fjordane.
FORNYBAR ENERGI
Sjå pwc.no eller ring vårt
sentralbord på telefon 02316 for
nærmare informasjon.
Natur – til nytte og glede
© 2011 PwC. Med enerett. I dette dokumentet refererer ”PwC” seg til
PricewaterhouseCoopers AS, Advokatfirmaet PricewaterhouseCoopers AS og
PricewaterhouseCoopers Skatterådgivere AS som alle er separate juridiske enheter, og
uavhengige medlemsfirmaer i PricewaterhouseCoopers International Limited.
Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet
www.sunnfjordenergi.no
SOLUNDAVISA 2014
12
SOLUND
NÆRINGSSAMSKIPNAD
Solund Næringssamskipnad skal vere ein pådrivar
for å utvikle Solund-samfunnet gjennom eit aktivt og
vekstretta nærings­liv. To rammevilkår er avgjerande
for dette arbeidet; tilgang på areal og ein tidsriktig
infrastruktur.
Areal
Tilgangen på eigna areal er vesentleg både for nyetablering
og utvikling av eksisterande næring, det vere seg på land
eller sjø. Verksemder treng tilgang på eigna areal for å drive
konkurransedyktig og rasjonelt. Samfunnet er generelt
avhengige av tilgang på areal for etablering av bustader og
fritidseigedom.
Solund Næringssamskipnad ser det som si oppgåve å jobbe
for utnytting av næringsareal innanfor eksisterander planverk,
samt å vere ein bidragsytar til prosessar for å oppdatere
arealplanar. Vi ynskjer innspel frå våre medlemmar for å styrke
og utøve dette arbeidet.
Infrastruktur
For å vere attraktive og konkurransedyktige, må verksemder i
Solund ha tilgang på ein tidsriktig infrastruktur. Dette innebære:
• Ein vegstandard som svarer til dagens bruk, med større
biltrafikk og større nyttekøyrety
• Ferje- og båtruter som svarer til brukarane sine behov og
trafikkmønster
• Godsruter som møter dagens krav og kan levere i høve til
næringa sine behov
• Tilgang på nødvendige kaier og parkeringsplassar
• Telefoni- og datatenester som held eit tidsriktig og stabilt
nivå
• Eit generelt servicetilbod som svarer til samfunnet sine
behov
Dette er dei hovudmålsetnadane Solund Næringssamskipnad
tek mål av seg til å jobbe for i åra som kjem, og vi ynskjer å
involvere flest mogleg næringsaktørar i dette arbeidet. Ynskjer
du å bli medlem i Solund Næringssamskipnad, eller å få meir
informasjon om oss? Ta kontakt med leiar Rolf Eide, eller
gjennom Solund Næringsutvikling.
SOLUNDAVISA 2014
13
Integrert Akvakultur –
der oppdrett møter framtida
Sidan 2009 har dei tre selskapa
Salmon Group,
Sulefisk og
Hortimare
jobba i lag med å utvikle kommersiell taredyrking
i område rundt lakseoppdrettsanlegg.
Taren nyttiggjer seg av næringssalt frå laksen, og
veks raskt fram til eit verdifullt produkt.
Tareoppdrett vil:
• Skape ressursar av det som i dag er
rekna som avfallsstoff
• Levere protein til humant konsum og dyrefôr
• Skape råstoff for produksjon av biodrivstoff.
Verda etterspør sunne produkt frå havet.
Vi jobbar med oppdrett for framtida.
Les meir om Integrert Akvakultur på
www.salmongroup.no
Innovasjonen skjer i samarbeid med Innovasjon Norge.
«Du som unner deg eit gourmetmåltid frå SolundMat as, skal vite at du
aldri før har hatt på tunga ein rett av reinare råvarer. Når øyriket Solund
kan skilte med nærmast tallause fiskeplassar, kjem det av den friske
gjennomstrøyminga Golfstraumen og tidevasstraumar syter for året rundt.
Ingen by eller storindustri forureinar. Fisk og allslags sjømat vil dermed ha
kvalitet av første klasse.»
SOLUNDAVISA 2014
14
Hans H. Steinsund
Foto: www.hanrune.no
SolundMat i 2014
I desse dagar saltar og tørkar vi lange i stort tempo,
men det skjer ikkje fortare enn at vi gjer det mykje
godt på gamle måten, og slik som vi alltid har gjort det
på huset her hos oss. Det gjer at vi får den originale
spekesmaken på klippfisken, som kystfolket er van med
frå barndomen av.
Ein vellukka fusjon – merkevara verkar
I løpet av året som har gått har Merkevare Solund og
SolundMat fusjonert. Dette har gjort at aksjeeigarane kjem
endå tettare på verksemda dei har skapt og har sitt eigarskap
i. Merkevarebygginga har vore – og vil for alltid vera – eit
høgt prioritert område. Og arbeidet har så langt gjeve gode
resultat, for no er faktisk etterspurnaden større.
Vi satsar vidare
Akkurat no held entreprenør på med grunnarbeidet for
utviding av lokala våre i Ytrøy. Her skal det bli heilt separate
produksjonsliner for klippfisk, fiskemottak og villsau. I tillegg
skal vi få på plass eige fryseri og storkjøken. Allereie har
det vore gjort store endringar i bygget, både med tørkeriet,
kantina og kontorfasilitetane. Vi er med andre ord inne i
spanande tider!
Kor finn de produkta våre?
Når det kjem til utsalsstadene våre, aukar talet stadig. Vi er no
å finna i butikkar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, i tillegg
til Nordhordland i sør og jamvel like til Romerike. Men det er
i butikkhyllene i Solund du lettast vil finna oss. Vareutvalet
varierer, men klippfisk er det i alle butikkane, og nokre har i
tillegg fiskefilet og fenalår i hyllene sine. Vi leverer også
fast til ein del restaurantar, både i Oslo og i Bergen. Når
etterspurnaden berre aukar, og vi veit at kundane er svært
kvalitetsmedvitne, så må det bety at produkta som vert levert
er av ypparste kvalitet.
Bi med oss på vidare satsing
Også denne hausten skal vi ta imot villsau frå Solund, og vi
kjem til å auka kvantumet frå åra før. For å få dette til skal vi
ta i mot villsau også frå kommunar som grensar til Solund, der
beitesamansettinga- og naturtilhøva er tilsvarande som her i
kommunen. Vi kan såleis produsera fenalår og pinnakjøt under
same merkevare.
Vi ser med spaning fram mot framtida! Vi skal bygge ferdig og
ta i bruk nye og praktiske lokale. Vi skal utvide salsområdet
vårt endå meir, og ikkje minst skal vi verte endå flinkare å tilby
deg både fersk fisk og fenalår av beste kvalitet.
SOLUNDAVISA 2014
15
FEEDING YOUR
PASSION FOR FISH
SOLUNDAVISA 2014
16
SOLUND BRYGGJE
LOKALMAT MED SMAK
AV MIDDELHAVET
I 2014 bles det Middelhavsvindar på Solund Bryggje.
Restauranten har fått tre nye medarbeidar frå Hellas
med lang erfaring av restaurantbransjen. Gjestane
kan no nyte lokalmat frå Solund med smak av sydlege
breddegrader.
– Vi ynskjer å tilby noko unikt her på Vestlandet, seier
Gerasimos «Makis» Giourgas, ny restaurantsjef på Solund
Bryggje. – Vi har lokale råvarer av høg kvalitet og kombinerer
det med smakar som minner om ferien i Syden.
Frå Parga til Solund
Makis flytta til Oslo i oktober 2013 etter 25 år i hotell- og
restaurantbransjen i Hellas. Den nasjonale økonomien gjorde
at han måtte finne arbeid utanfor heimlandet. I byrjinga av
2014 kom han til Solund, og straks etter kom han i kontakt med
Solund Bryggje som leita etter folk til å drive restauranten i
sommarsesongen.
– Å ete på restaurant er ikkje noko ein berre skal gjere i byen.
Maten er like bra i Solund og dessutan er restauranten ein
viktig møteplass, poengterer Makis.
Framtid i Solund
– Å kome til Solund var som å kome heim til Parga, seier Makis.
– Parga er ein liten kystby i nord-vestre delen av Hellas med
om lag 2 500 innbyggjarar. Men om sommaren er der 50 000
turistar, så då er det eit anna tempo.
Ny chef og kokk
Når Makis fekk mogelegheita å arbeide på Solund Bryggje
kontakta han Artur Gjata, som han tidlegare hadde jobba med
i Parga. Gjata har meir enn 25 års erfaring frå restaurantar i
Hellas og andre europeiske land. Til hjelp har Gjata dessutan
kokken Erg Gjergji.
– Målet mitt er å gje gjestene ei ny smakoppleving samtidig
som vi held på dei norske tradisjonane. Eg håpar til dømes at
folk har lyst å prøve Aqua pacca, som er breiflabb med oliver,
kapris og kirsebærtomater, seier Gjata.
Makis fortel at dei ynskjer å fokusere meir på Solund sine
innbyggjarar framover. Prisane skal vere rimelege og menyen
endrast ofte.
Alle tre ynskjer å bli i Solund i framtida. Gjergji har kone og to
barn (8 og 14 år) i Athen, men håpar at dei kan flytta til Solund
til hausten.
– Dei lærer seg norsk no, men eg må ordna eit vinterjobb òg
ettersom der i dag ikkje er nok kundar på Solund Bryggje på
vinteren, fortel Gjergji.
Også Makis og Gjata har innsett at dei mest sannsynleg treng
å finne andre jobb på vinteren. Samstundes påpekar dei at dei
har funne seg vel til rette i Solund.
– Vi føler oss veldig velkomne her i Solund. Det er ein vakker
stad med varme menneskjer. Og mykje god mat, avsluttar han
med eit smil, seier Makis.
Solund Bryggje er ope kl. 12–02 kvar dag i perioden 16. juni
til 31. august. Kjøkkenet opnar kl. 12.00 og stenger 22.00.
Frå 1. september har restauranten nye opningstider.
17
SOLUNDAVISA 2014
KAFÉLIV PÅ HERSVIK
På Hersvik er der både butikk og kafear. Krambua er ope
11.30–15.00 på laurdagane om sommaren og drifta av eldsjeler.
Alt overskot går til ein framtidig restaurering av bua. I løpet av
sommaren kjem om lag 800 personar innom kafeen.
– Vi reiser ofte hit på laurdagane med barna. Det er ein fin
mogelegheit å treffe folk, og det er kjekt at der er aktivitetar
her i Nord-Solund òg, seier Line Tordal Førde som bur i
Leknessundet.
Kaffi og vaffel i sola utanfor Krambua.
Eldhuset og Kjelleren Café
På andre sida av parkeringsplassen i hamna ligg Eldhuset
og Kjelleren Café. Mary-Ann Hersvik Strøm og Tore Strøm
driv kafeen året rundt, og har også verkstad for produksjon
av stearinlys, såpe, keramikk, smykke og ulike glasprodukt.
Varene sel dei både i butikk og på Internett. I tillegg tek dei
imot grupper som vil lære seg handverk.
– Vi arrangerer aktivitetsdagar for dei som ynskjer å laga sine
eigne smykke, støype stearinlys og masse andre ting. Vi ordnar
sjølvsagt med mat òg, seier Mary-Ann.
Eldhuset og Kjelleren Café er ope 9–21 kvar dag, og du finn meir
informasjon på Eldhuset sin Facebookside.
SOMMAREN VIKTIG FOR BUTIKKANE
I Solund er der butikk på Hardbakke, Hersvik, Nåra
og Ytrøy. På sommaren aukar salet, og for enkelte er
perioden avgjerande for å klare årsdrifta.
I butikken på Nåra helsar Rolf og Mimi Trovåg velkommen. Her
har dei drive butikk i over 30 år, men butikk har det vore på
Nåra heilt sidan 1870-talet. Butikken sel alt frå mat til diesel og
gass. I tillegg har dei post i butikk.
Sommarkundane er viktige for butikken, og Rolf ser ein positiv
trend blant turistar frå utlandet. Tidlegare kom mange med
bilen full av mat og anna, men no handlar dei fleste lokalt i
Solund.
– Fleire kundar gjer at vi kan ta inn meir ferskvarer ettersom vi
har betre omsetjing. Leverandøren har eit minimum antal som
vi må bestille, så på vinteren må vi vere litt forsiktige. Det vi ikkje
sel må vi berre hive ut, og det er ikkje god business, seier Rolf.
Vanskeleg å finne avløysarar
Svigerdottera Camilla har dei siste åra tatt over drifta av
butikken, men Rolf og Mimi arbeider likevel i stort sett kvar
dag til trass at dei har nådd pensjonsalder.
– Vi har problem med å finne avløysarar til butikken. I dag
er der få ungdomar som har lyst å arbeide i butikk, og vi
treng tid til å laga bestillingar, pakka opp varer, og anna. Men
forhåpentlegvis finn vi ein person i løpet av sommaren, seier
Camilla.
Til trass at butikken står framfor utfordringar ser Camilla
mogelegheiter. Det viktige er å skape eit positivt miljø for
ungdommane så dei har lyst å flytte heim etter skuletida. Og
butikken på Nåra håpar å vere ein del av det miljøet også i
framtida.
18
SOLUNDAVISA 2014
SOLUND KULTURLANDSKAPSPARK BLIR
KYSTPARKEN!
Foto: www.hanrune.no
Kystparken er eit prosjekt initiert av det lokale
næringslivet i samarbeid med Solund kommune.
Prosjektet er eigd av Norsk Kystkulturakademi, og
omgrepet «park» dreier seg i denne samanhengen om
ein bygdeutviklingsmodell basert på samarbeid om eit
område sine natur- og kulturverdiar. Prosjektet er med
i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt
verdiskapingsprogram for lokale og regionale parker, og
har fått 1 000 000 kr i støtte i 2013–2015.
I tillegg støttar også Sogn og Fjordane fylkeskommune
med 300 000 kr og hafs Regionråd med 180 000 kr.
Eit av dei tre delprosjekta har som mål å prøve ut ein ny
måte å drive villsaulag på, der villsaulag står på eigne bein,
medan parken tilset ein røktar som driftar verksemda til
dagleg. Det vert på denne måten mindre arbeid på villsaulag/
grunneigar og landskapet gror ikkje att i området, i tillegg får
ein sysselsetting og matproduksjon utav det.
Siste punktet i hovudprosjektet, som skal gjennomførast før
desember 2015, er etablering av friluftsråd. Det er planar
om å etablerast eit friluftsråd i regionen, som kan drive med
etablering og vedlikehald av friluftsområder. Dette gjev ei
avlasting for lag og organisasjonar, og større kontinuitet i
tilrettelegging og vedlikehaldsarbeidet!
Hovudprosjektet til Kystparken
Parken skal etablerast i løpet av hovudprosjektperioden,
med ein permanent organisasjon. Det skal gjerast ei
mogelegheitsstudie og ein utredning, om park også kan vere
ein aktuell arbeidsmåte i hafs-regionen. Så kanskje det blir
park ikkje berre i Solund, men også i hafs-regionen! Parkarbeid handlar om å i endå større grad ta «samsetak», og nytte
natur- og kulturverdiane til verdiskaping.
Framover
Prosjektet er allereie godt i gang. Tidleg i juni vart Kystparken
tatt opp som park-kandidat i Norske Parker. Dette er steg
tre av fire i prosessen med å bli ein autorisert organisasjon
i Norske Parker. Villsauprosjektet har vore i samtale med
grunneigarar, den regionale utredninga er godt i gang og
prosjektgruppa er i tett kontakt med Regionrådet.
SOLUNDAVISA 2014
19
Foto: www.hanrune.no
«Kystparken-teamet» skal besøke alle kommunane i hafs
for å få vite meir om det som skjer og planar i dei enkelte
bygdene. Parken skal bli ei plattform for langsiktig og
dynamisk samarbeid mellom lag/organisasjonar, næringsliv
og kommunar, og fungere som ein paraply for lag og
bedrifter som er partnarar. Det skal lagast ein portal som
viser kva som skjer i regionen; næringsliv, aktivitetar med
meir, i første omgang for Solund. Vidare skal det etablerast
1–3 villsaulag og friluftsrådsarbeidet skal for alvor i gang.
Har du idear/ innspel til satsinga? Har du, ditt lag eller
di bedrift lyst til å bli parkpartner? Har ditt grendalag
gode idear til bygdeutvikling og samarbeidsprosjekt,
både knytt til hovudprosjektet som vi er inne i og når
Parken er etablert? Ta gjerne kontakt med oss!
Bidragsytarar
VIL DU VITE MEIR?
Dei lokale bidragsytarane, både økonomisk og kompetanse­
messig, har vore heilt avgjerande for arbeidet med
Kystparken. Der er truleg få stader ein kan sjå slikt eit
engasjement og bidragsglede. No ser vi fram mot å
fortsette det gode sam­arbeidet med dei som har bidrege
inn i prosjektet, samtidig som vi også utvider samarbeidet
til å omfatte endå fleire næringslivsbedrifter, lag og
organisasjonar, og kanskje også kommunar.
Prosjektansvarleg Anne Kristine Dyrdal
Tlf.: 918 62 055 | E-post: [email protected]
Kystparken : https://www.facebook.com/Kystparken
Norske Parker: http://www.norskeparker.no/
SOLUNDAVISA 2014
20
NORSK KYSTKULTURAKADEMI
EIN PADLAR BETRE MED ÅRA
Norsk Kystkulturakademi (NKKA) har som hovudmål
å ta vare på, formidle og vidareutvikle lærdomen som
ligg i kystkulturarven, bygt på dei store naturgjevne
ressursane som Solund har å by på.
Kvart år arrangerer NKKA ulike kurs knytt til kystliv, handverksog arbeidsteknikkar. Eit av kursa er havpadling, der deltakar
lærer seg naudsynt teknikk og tryggleik for å padle på sjøen.
Kurset gir dessutan, dersom ein ynskjer, rett til 15 studiepoeng
på Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I juni vart det fyrste av årets tre samlingar arrangert på
Litle Færøy. Fyrste samlinga inneheld padleforbundet sitt
grunnkurs og teknikkurs, og sju deltakar hadde fire dagar med
intensiv trening.
– Det har vore ein fantastisk oppleving. Vi har brukt mykje
tid i kajakken og eg føler meg no på eit heilt anna nivå enn
før eg kom. Det skal bli gøy å kome tilbake til Solund seinare
i år og fortsette kurset, seier Mildri Urke Andreassen, ein av
deltakane.
Samling to er ein fire-dagars overnattingstur og samling tre
inneheld padleforbundet sitt aktivitetsleiarkurs. Har du lyst å
blir med? Sjå www.nkka.no for meir informasjon.
SOLUNDAVISA 2014
21
Det gode liv i
Solund
Foto: Visit fjordkysten
Foto: May-Britt Tangenes
Foto: Evelyn Røed
Foto: Kari Einen
SOLUNDAVISA 2014
22
LOSNASPELET 2014
11.–13. JULI
11.–13. juli blir Losnaspelet arrangert for åttande
gong. I år set ensemblet opp fleire teaterstykke og
spelet får eit meir ungdommeleg og familievennleg
preg enn tidlegare, med LidoLido-konsert og «Den
vesle isbjørnen». I tillegg til teater har Losnaspelet
også historiske vandringar, natursti, dans, galleri og
gudsteneste på programmet.
Teater for store og små
Det historiske bakteppet vil bli tydeleg synleg også i
sommarens utgåve av Losnaspelet. Det dramatiserte
føredraget «Frå Fru Sigrid til Losna til Anna Herland» tek for
seg tema som adelsmakt, demokrati og kvinnefrigjering. Her
får publikum innsyn i utviklinga av folkestyre, både nasjonalt
og lokalt, og med spanande trådar til 1814 på Eidsvoll samt til
kommunestyresalen i landets vestlegaste kommune, Solund,
på 1950-talet.
Historier om utvandring og innvandring har vore tradisjonelle
tema i Losnaspelet. I år blir det intimteater om den utrulege
historia til Belle Gunness som følgde utvandringstraumen frå
Noreg til Amerika på slutten av 1800-talet, og som seinare
vart kjend som ein av dei verste kvinnelege seriemordarane
gjennom tidende. Det er antatt at Gunness døydde når huset
hennar utanfor Chicago brann ned til grunnen i 1908, men
politiet fann berre eit kvinnelik utan hovud, så ingen veit sikkert.
Eit meir barnevennleg tema blir vist i «Den vesle isbjørnen»,
der ein får treffe isbjørnbabyen Burr som bur på Nordpolen
med sine foreldre. Oppfinnaren Snutt frå landet Gnore gjer
så at sola skin heile tida, og då byrjar isen å smelte. Det blir
spanande å sjå korleis det skal gå for Burr og alle andre på
Nordpolen.
Over hundre personar har vore involvert når det tradisjonelle
utespelet har vore arrangert. I år blir det litt færre i staben, på
grunn av at ein lar utespelet få eit kvileår. Likevel vil om lag 50
personar delta i arbeidet med Losnaspelet.
Bakgrunnen til Losnaspelet
I 1996 søkte eldsjeler på Losna fylkeskommunen om midlar for
å setje opp ein minnesstein om Losnaætta. På denne steinen
skulle det stå: «Til minne om Herr Eindride Erlendsson av
Losna som vart slått til riddar i Kalmar i 1397». Søknaden fekk
avslag men det vart foreslått at ein burde laga eit historisk
spel av denne historia. Rolf Losnegård skreiv «Herr Eindride til
Losna» og det fyrste Losnaspelet i 1998 vart ein suksess.
I år blir det endeleg satt opp eit minnesmerke på Losna om
Losnaætta. Laurdag 12. juli kl. 18.45 blir det avduking av «Ringen
og brevet», ein skulptur laga av Erling Kvalheim. Det staselege
våpenskjoldet til Losnaætta er komen på sokkel og vil minne
alle som ferdast på Losna om storheitstida 600 år tilbake.
For meir informasjon om Losnaspelet 2014, kjøp av billettar og
reise til Losna, sjå www.losnaspelet.no.
SOLUNDAVISA 2014
23
STOR INTERESSE FOR UTVÆR
Utvær er den vestlegaste fyrstasjonen i Norge, og etter
nokre år med minkande interesse er det no atter stor
aktivitet på øya.
Grunnen til det nye interessa for Utvær er framfor alt
etableringa av Vener av Utvær i 2010. Venelaget har som mål
å gjere øya Utvær og Utvær fyr meir kjend og tilgjengeleg
for folk. I 2012 inngjekk laget ein driftsavtale med Kystverket
og Solund kommune som går ut på at Vener av Utvær skal
drive dugnadsarbeid på fyrstasjonen og leggje til rette for
besøkjande som vil vitje fyret.
Plan for restaurering
Det er laga ein plan for restaurering av dei freda bygningane
på fyrstasjonen. Planen er at alle bygningane skal tilbakeførast
til original stand slik dei var som nybygg på slutten av
1940-talet.
– Vi starta arbeidet med to veggar på naustet i 2012. Eternitten
blei fjerna og den originale trekledninga og fasaden såg igjen
dagens lys, seier leiar i Vener av Utvær Sigve Lerpold.
– I fjor blei same jobben gjort med fyrmeisterbustaden,
som no har original trekledning og vindauge. Naustet skal
ferdigstillast denne sommaren også med utskifting av
skifertaket. Neste steg blir «brakka» og maskinhuset samt
nokre mindre bygningar dei komande åra.
Vertskapsordning
Vener av Utvær har sidan sommaren 2011 hatt ei prøveordning
med vertskapsfamiliar. Dei bur på fyrstasjonen og tek seg
av besøkjande med guiding i fyret og sal av kaffi, vaflar og
suvenirar.
– Det er spesielt å vere her ute og fortelje besøkande om
Utvær sin rike historie. Eg er stolt av Utvær sine verdiar, og det
er viktig at vi tek vere på Norges vestlegaste fyr fordi dette er
ein fantastisk plass, seier Lerpold.
Vertskapsordninga er blitt svært populær. I sesongen 2014
vil der vere vertskap i 14 veker utan opphald. Det var i år
venteliste for å få plass på fyret, så dersom du vil sikre deg ei
veke i 2015 må du vere ute tideleg.
SOLUNDAVISA 2014
24
LENDING BÅTBYGGERI
6924 Hardbakke | Telefon: 91132169 | E-post: [email protected] | www.lending.no
Nybygg • Reparasjoner • Ombygging, lakkering • Salg/Service motor/drev • Vedlikehold
Produksjon av Kloster Patrol 28-32-36-40-45, Klosterfjord 40, Mørejet 1220
SOLUNDAVISA 2014
25
ANNONSER
Fiskehandlere
med det
«lille ekstra»
Totalt har vi over 125 års erfaring
–
–
–
–
–
humør
arbeidsglede
innsatsvilje
kreative i innkjøp
kreative i salg
Alle sier at det er prisen som teller – og det
gjør den selvsagt også. Men Norwell har det
«lille ekstra» – et pågående team av ansatte som
gjør at uløselige problemer blir løst og at håpløse
situasjoner kan bli suksesshistorier. De sosiale
treffene våre går det gjetord om.
A til Å - www.atilaa.no
Norwell vil ha flere
oppdrettere med på festen ...
Fugleskjærgt. 8, N-6900 Florø, Norway - Phone: +47 5775 0000 - Fax: +47 5775 2010
SOLUNDAVISA 2014
26
GRENDAHUSET
HUSET I BYGDA
I 2014 står eit rehabilitert Solund Grendahus tilgjenge­
leg for bruk. Etter fem år og mykje dugnadsarbeid er
her no mogelegheit for å arrangere nye, større og fleire
aktivitetar, samtidig som tilgangen er forbetra med
universell utforming.
Det noverande Grendahuset vart bygd i 1972. Det hadde
vore lite vedlikehald i lang tid og bygget var såleis i dårleg
forfatning. For å tilfredstille dagens krav til t.d. universell
utforming, branntryggleik og akustikk, trengtes omfattande
opprusting. Solund Ungdomslag oppretta ei eiga byggjenemnd
som skulle planlegge, ordne med teikningar, og søke etter
støtte og midlar til rehabiliteringa.
I arbeidet med rehabiliteringa er salen blitt utvida mot aust,
bygget mot nord, eit heilt nytt inngangsparti er laga, og der er
nye møterom og sanitæranlegg. I tillegg er det bygd separat
tilkomst til ungdomsklubblokalet Loftskroken, som også er blitt
større.
Finansiering ein utfordring
Som med mange prosjekt var finansieringa den største
utfordringa. Ein prosjektkalkyle viste på ein total kostnad
på om lag seks millionar kroner, inklusive oppgradering
av uteområdet og sjøanlegg. Nøkkelen til å realisere
prosjektet var eit truverdig prospekt. Samarbeidet med
Redningsselskapet gjorde at Ungdomslaget tidleg kunne
realisere flytebryggja ved kaia, og det skapte ein positivitet i
prosjektet.
I 2012 fekk Ungdomslaget tilsegn om tilskot frå Sogn og
Fjordane fylkeskommune om 1,6 millionar kroner i spele­
midlar, og med støtte frå blant anna Sparebankstiftinga,
Gjensidigestiftelsen og næringslivet kunne prosjektet starte.
I tillegg er prosjektet finansiert med låneopptak, gåver, mindre
tilskot, eigenkapital og ein vesentlig dugnadsinnsats.
Mykje er gjort
I september 2013 var det klart til å begynne med riving av
gammal kledning og bygningsarbeidet var i gang. Mykje vart
gjort på dugnad, til dømes opprydding av rivningsmaterial,
støype fundament til søyler, grunning av kledningsbord og
ikkje minst fjerning av det gamle taket. Takplater kom på huset
i slutten av januar og nye vindauger og dørar vart sett inn.
Innvendige golv i tilbygga vart støypte i februar og røyrlegging
og ny elektronikk kom på plass. Nye skiljeveggar vart satt opp
i mars. Folk stilte på dugnad for arbeid med isolering, plating,
listing, maling, vasking og rydding.
Planen var at huset skulle stå heilt ferdig til 17. mai, men det
rakk ein ikkje. Fyrste arrangementet i «nye huset» vart likevel
den alltid populære russerevyen til 10. klassen ved Solund
ungdomsskule den 16. og 17. mai. Framover blir der atter
arrangert ulike arrangement som dansar, festar, i tillegg til
regelmessige aktivitetar som kommunestyremøte og kino.
DU KAN ÒG STØTTE
Ungdomslaget er framleis avhengig av inntekter til
prosjektet og ein kan bidra gjennom å gje ein gåve til
Ungdomslaget på kontonummer 3847 30 05619.
SOLUNDAVISA 2014
27
ANNONSER
Foto: W. Lending
Ann Kathrin Hårklau
Ingar Valvik
Roger Svarstad
Vi er med på verdiskaping innanfor maritim industri og fiskeri. Drivkraft for fylket og
lokalsamfunnet startar gjennom engasjement og kompetanse.
Ta kontakt for ein prat om bedrifta di.
ssf.no
•
meirennbank.no
❍
❍
SOL SMOLT AS
SULEFISK
Klekkeri og smoltanlegg
Landbase og administrasjon
på Gylta
❍
❍
❍
SULEFISK AS
Juvik
●
Produksjon av laks
●
●
●
●
SULEFISK AS
Kvernhusvika
●
Produksjon av laks
SULEFISK AS
Kråkenes
❍
Produksjon av laks
SULEFISK AS
Fureholmen
Produksjon av laks og sukkertare
fra Hortimare AS
6924 Hardbakke // Dagleg Leiar: Michael Niesar // Tlf.: 57786933 // [email protected]
SOLUNDAVISA 2014
28
BULYST
FLYTTAR HEIM FOR FRAMTID I SOLUND
I oktober 2014 flyttar Karen B. Nessen (27 år) heim til
barndomsgarden i Solund saman med mannen Jan Kåre
(33) samt barna Johannes (3) og Lars Jakob (6 mån).
Etter nesten ti år i Bergen føler dei at tida er perfekt for
å skape seg eit nytt liv i Norges vestlegaste kommune.
– Vi har gjort val retta for å bu i Solund ettersom vi tidleg
visste at vi ville flytte hit når barna var i rett alder. Eg har
difor utdanna meg til førskulelærar med vidareutdanning i
spesialpedagogikk, og Jan Kåre har dei siste åra vidareutdanna
seg som agronom, seier Karen.
– Vi har prøvd å utnytte tida i Bergen for å oppleve nye ting,
men no passar det med eit anna type liv ettersom vi ynskjer at
barna skal vekse opp med eit nært forhold til natur, sjø og dyr,
fortel Karen samtidig som ho ser ut over garden og den vakre
Nessevågen.
Jan Kåre arbeide tidlegare som elektrikar, men etter
agronomstudiene er han no klar for å ta over drifta av garden
i Nessa.
Treftest på garden
I 2001 sykla Jan Kåre frå Bergen til Selje med syskenbarnet
til Karen. Guten frå Egersund i Rogaland visste då ikkje
at kvilestoppet i Solund skulle bli byrjinga på eit liv i
øykommunen. Han og Karen bytte telefonnummer, og Karen
flytta seinare til Jæren for å komme nærmare Jan Kåre under
tida på vidaregåande skule. I 2005 flytta dei saman til Bergen
for å arbeide og studere vidare.
– Det er fint å ha svigerfar som mentor, seier Jan Kåre. – Denne
sommaren får eg full opplæring med hausting, eggproduksjon
og sauehald. Dessutan er det fint for han å trappa ned gradvis
samtidig som han framleis er involvert i noko som har vore
hans liv.
Arbeid på gard og i barnehage
Karen er odelsjenta på garden. Når foreldra i 2004 satsa på
å byggje ut hønsehuset var det i samråd med henne og Jan
Kåre, og med tanke på at dei ein dag skulle overta drifta.
29
Garden har om lag 7 500 høner og produserer nesten like
mange egg kvar dag. Konsesjonsgrensene på høner per bruk
gjer at dei ikkje har mogelegheit å auke produksjonen, men
dei syns likevel at den er passeleg ettersom der også er mykje
anna som skal ordnast med på ein gard. Jan Kåre innser at
gardsdrift er ei anna type liv enn det han har levt tidlegare.
Barna viktige
Vedlikehaldet av landskapet er også viktig for å gje barna ein
plass å leike på og utforska. Johannes likar til dømes å vere i
fjæra å laga blåskjellbåtar med besta. Og dette ser Karen som
den store forskjellen mot å bu i byen.
– Alt krev meir planleggjing i Bergen og leikeplassar er
kunstige. Her i Solund brukar vi naturen og har alt rett utanfor
døra. Dessutan vil vi jo ha beste og besta i kårhuset, og
nærleiken til familien gjer at alt blir lettare, avsluttar Karen.
– Dette er ei ny måte å jobbe på for meg som er vant med
7–15. No er det sju dagar i veka, så det blir sjølvsagt ein stor
forandring, men samtidig trur eg at det blir ei vane. Å drive
gard er ein livsstil, seier Jan Kåre.
Han er førebudd på å spandere mykje tid i utmarka ettersom
dei i tillegg til eggproduksjonen har om lag 30 sauer. Dessutan
ser dei mogelegheiter for å auke talet framover, og det syns
dei begge er viktig ettersom fleire sauer hindrar attgroing og
gjer at dei får tatt hand om landskapet.
STRATEGISK SAMFUNNSUTVIKLING I SOLUND
I løpet av hausten 2014 skal Solund kommune utarbeide
ein lokal utviklingsstrategi for å jobbe meir strategisk
og målretta med lokal samfunnsutvikling. Strategien
skal forankrast innanfor kommunal sektor, næringsliv og
frivillig sektor for å få ei brei oppslutning om resultatet.
Gjennom Solund kommune sitt bulystprosjekt fekk ordføraren,
administrasjonssjefen, ein representant frå formannskapet
og prosjektleiaren for bulyst i 2013 mogelegheit å delta
på Distriktssenteret sin Omdømmeskule. På kurset la
Distriktssenteret vekt på å bruke staden sine ressursar og
verdiar for å finne eit særpreg, ein «posisjon», samanlikna med
andre kommunar. I tillegg er det viktig, i høve Distriktssenteret,
å tore å spisse målgruppa for å nå konkrete resultat med
utviklings- og tilflyttingsarbeid.
– Alle er sjølvsagt velkomne til Solund, men det er vanskeleg å
nå ut med ein bodskap og få ein reell effekt dersom ein prøvar
å nå alle, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen. Vi ser difor
eit behov for å analysere våre mogelegheiter, men også våre
utfordringar, for å klare å spisse ei tydeleg målgruppe for både
arbeidsmarknad og fritidsinteresse.
Også ålmenta og andre vil få mogelegheit til å komme med
innspel i prosessen med utviklingsstrategien. Strategien
skal vedtakast av kommunestyret i desember 2014, og ein
handlingsplan knytt til strategien skal vise vegen for framtidige
satsingar og prioriteringar i Solund.
SOLUNDAVISA 2014
– Det er gøy å kunne skape ein arbeidsplass til Jan Kåre
gjennom gardsdrifta, og dessutan har vi fått barnehageplass til
oss andre tre, seier Karen med eit smil og sikter til at ho skal
byrje arbeide i barnehagen i oktober.
SOLUNDAVISA 2014
30
Steinsund Marinesenter AS
For eit avslappende opphold i våre
ferieleiligheter se:
www.steinsund.no eller ring 97 57 51 17
VI UTFØRER SKYSS OG CHARTEROPPDRAG!
M/S Stjernesund 28 passasjerer, marsjfart 24 knop • mob: 977 95 989
M/S Suljet 16 passasjerer, marsjfart 22 knop • mob: 977 99 438
PARTSREDERIET SULJET ANS • Gåsvær, 6924 Hardbakke
Tlf: 992 74 220 • E-post: [email protected][email protected]
GÅSVÆR FISKEFERIE
3 utleige-eininger i restaurert bustadhus ved
sjøen i særprega sjøhusmiljø. Båtutleige.
Dagleg rutebåt til/frå Hardbakke.
Tlf: 992 989 75 eller 992 740 99
[email protected]
Partsrederiet Barstein ANS
Gåsvær
6924 Hardbakke
M/S Barstein (lengde14,99 m,bredde 5,50 m)
Driver fiske etter torsk,sild og makrell i Nord-Norge og på
Vestlandskysten. 3 årsverk
SOLUNDAVISA 2014
31
VILLSAUFESTIVALEN
LOKK, LUR OG LEIK
I 2013 gjekk den fyrste Villsaufestivalen av stabelen
i Solund. Årets Villsaufestival vert arrangert 20.–22.
juni. Målet er å skape ein uformell møteplass for
villsauentusiastar frå heile landet, og vere ein arena der
folk kan utveksle erfaringar og få oppdatert kunnskap
om villsau og landskapsskjøtsel.
Nye smakar
Villsaufestivalen byr på interessante opplevingar, unike
produkt, spanande mat og fagleg påfyll. Dei som vert lokka
til Solund i juni vil få høyre folkemusikk med Unni Løvlid,
Hildegunn Øiseth og Elisabeth Vatn. «Lokketonar» er eit
samarbeid med Mårenbiennalen, koordinert av Ivar Orvedal.
I tillegg blir det arrangert ein kulturminne-båttur til fleire av
Norges vestlegaste øyar, en utstilling med keramikk av Peter
Marron, samt eit foredrag med Norges fyrste gastronom,
Martin H. Inderhaug.
Utegangardrift representerer ein lang tradisjon som i
nye former kan bidra til både auka sysselsetjing, auka
matproduksjon basert på marginale utmarksressursar, og ikkje
minst bidra til å halde kystlandskapet ope. Det er viktig å ta
vare på dei siste utpostane av kystlynghei som er igjen i fylket
vårt. Villsaufestivalen ynskjer å setje fokus på samanhengane
mellom villsauen og landskapet vårt.
Arbeidsgruppa rundt Villsaufestivalen tel no 12 entusiastiske
sjeler. Ei av dei, Pascale Baudonnel, som er kjent for sitt
engasjement for ost og gamle ystetradisjonar, vil introdusere
smaksrike saueostar for festivalfolket.
Bakgrunn til Villsaufestivalen
Festivalen vert støtta av fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
SOLUNDAVISA 2014
32
SOLUND
LYSKUNSTFESTIVAL
Med lyset som utgangspunkt møtest lokale og nordiske
kunstnarar i november 2014 for å gripe det som er unikt
ved Solund. Det dei skaper saman vil kunne skje berre
her, i løpet av desse dagane, medan det er sjanse til å
oppleve mørketida sine sjeldnaste lysfenomen.
Valet av mørketida som festivaltid er viktig. Det er i mørket
lys har størst verknad, både visuelt og mentalt. Majoriteten av
festivalar i by og bygd skjer i sommerhalvåret. Med lysfestivalen
vil vi gi eit innhald til ein tid på året som elles er stille, men då
det er like stor trong for møteplasser og aktivitetar.
Initiativtakar til lyskunstfestivalen er mellom andre Gry Buer,
kunstnar og prosjektleiar. Prosjektet, som har fått støtte
av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga,
Solund kommune samt lokalt næringsliv, ynskjer å føre saman
aktørar frå samfunn, kultur og næringsliv til ei felles satsing på
innovasjon med lys som felles medium.
– Mitt håp er at Solund kan bli eit vindauge og arena for nye
former av lyskunst og lysdesign, seier Buer. – Lys er viktig både
som estetikk og funksjon, og vi ynskjer å bevisstgjere alle på
korleis vi er påverka av lys. Dessutan vil vi utvikle festivalen til å
bli eit årleg arrangement som er attraktivt for lyskunstnarar og
lysdesignarar.
Festivalen tek sikte på å ha ein stor grad av deltaking frå
publikum. Fleire av kunstnarane som skal bidra under festivalen
vil i tillegg til sine kunstneriske bidrag halde «workshops»
tilpassa ulike publikumsgrupper.
SOLUNDAVISA 2014
33
Foto: Harald M. Valderhaug
• Nystorhallpåland-båtlengder65meterog25meterfrihøgde
totalkrankapasitet64tonn
• Dokk(Syncroliftheveverk)56x15m,djupnemax.6m
• Løftekapasiet1.000tonn
• Maxskipslengde:75m
• Oppstillingsplassforfleirefartypåland
• 2horisontalebeddingar/oppstillingsplassarpå80lmkvar
• Skipshall60x15m,medporthøgde14m,breidde11m.Traverskran15tonn
• Maskinverkstad.Traverskran5tonn
• Kaianlegg.3stkkaier–totalt200lmkai
• Mobilkran30tonn
• Tårnkran2,5tonn–50m
Foto: Harald M. Valderhaug
A til Å - www.atilaa.no
SEACON - www.seacon.no
SOLUNDAVISA 2014
34
GJENBRUKSBUTIKKEN
VIKTIG MØTEPLASS I SOLUND
Solund Frivilligsentral vart starta opp i 2005 og
har heile tida hatt som mål å vere med å utvikle
møteplassar. I Solund er det mange ulike møteplassar,
der menneske møtast på aktivitetar og arrangement
rundt om i kommunen. Det som mangla var den
uformelle møteplassen.
– Med jamne mellomrom høyrde eg frå foreldre at det
hadde vore fint med ein stad der ein kunne kjøpe og bytte
brukt småbornsutstyr. Då kom ideen om å starte opp ein
gjenbruksbutikk med eit lite kafé-tilbod, seier Irene Vaulen,
dagleg leiar på Solund Frivilligsentral.
I 2012 vart det ledig eit lokale på Solund næringsbygg
på Hardbakke, og med tilskot frå Sogn og Fjordane
fylkeskommune sin «Lokal agenda» og ngir kunne
Gjenbruksbutikken starte opp. Gjenbruksbutikken er no
vorte godt etablert i Solund. Folk frå heile kommunen både
kjøper og leverer varer, og er svært glad for at det er ein stad
i kommunen der ein kan levere ‘ting og tang’ som er brukande,
men som ein sjølv ikkje ynskjer å behalde.
Torsdagslunsjen
Kaffi og vaflar står på menyen kvar dag, men på torsdagane
kjem folk for å treffast til lunsj.
– Torsdagskaféen er ein av aktivitetane som er vorte svært
populær, fortel Vaulen. – Då vert det dekka langbord med
godt brød og pålegg i ulike variantar. Ca. 30 personar møtast
kvar torsdag mellom kl. 12.00 og 14.00. Då kan ein på ein
enkel måte møte naboar, tilreisande, tilflyttar, og i blant også
formannskapet og ordføraren.
Om sommaren er turistinformasjonen samlokalisert med
Gjenbruksbutikken, noko som turistane sett stor pris på. Der
kan dei få informasjon om turar, aktivitetar, overnatting og
mykje anna.
I tillegg til gjenbruksvarar sel ein bøker for kommisjon for Selja
forlag og Solund Sogelag, til dømes Sogeskrifta. Gjenbruks­
butikken er vorten ein allsidig møteplass, som bygdefolket er
vorte svært glad i. For å få dette til har Frivilligsentralen hatt eit
godt samarbeid med Bulyst og Solund pensjonistlag.
SOLUNDAVISA 2014
35
ANNONSER
Velkommen til
SOLUND NÆRINGSBYGG
PÅ HARDBAKKE
Her finn du butikkar med: daglegvarer, tipping, post i butikk, bensin, mold,
bark, ved, trelast, byggevarer, fiskeutstyr, kart, kraftfòr, maling, jernvare,
verktøy, kjøkkenutstyr, hage & miljø, interiør, blomster, støvler, sko, bøker,
klær, souvenirar, postkort, leikar, gåveartiklar og hyggeleg personale.
Øybygg AS tlf.: 57 78 73 58 Spar Solund tlf.: 57 78 71 17
Andre tenester:
Sparebanken Sogn og Fjordane
nav
Tannlege
Politi
Gjenbruksbutikk og kafé
Nettbuss
Rørlegger VVS Rune Berge
Postomfordeling
Solund Rekneskap as Post i butikk
Solund Naturterapi
TURISTINFORMASJONEN FINN DU PÅ
GJENBRUKSBUTIKKEN I HEILE SOMMAR!
TRÅDLAUST INTERNETT PÅ NÆRINGSKAFÈEN!
VELKOMMEN INNOM!