Jubilanten - Solund Sogelag

Lærar og sogelagsmann
om vinteren og dra på turar
med ein kameratgjeng opp og
ned langs kysten om sommaren.
Jubilanten
80 år
Hans H. sTeinsund
deT går knapt ein dag utan at
han arbeider med sogeskrift for
Solund, no er nemnda i gang
med det 15. i rekka. Hans konsentrerer seg om tekstsdelen,
så får andre ordne med teknikk
og layout. Moderne hjelpemiddel er bra så lenge det går etter
oppskrifta, men ikkje sjeldan
må Hans be om hjelp i all si tekniske fåkunne. Og hjelpa finst,
heldigvis.
Politikk har han ikkje heft seg
med, anna enn kulturstyret.
Han var leiar i Solund
kulturvernnemnd,og det var
han som hadde ideen til og teikna kommunemerket til Solund.
Han var inn om forliksrådet, ein
bolk som leiar. Sogelaget har
teke mest tid, men Hans har
vore med i teaterarbeidet i ungdomslaget, både på scena og litt
som instruktør.
Fiskar og vegarbeidar før
lærarskulen. Særleg interesse
for lokalhistorie. Oppteken
av kvalitet og flink med ord
som medforfattar av bøker og
sogeskrift, og som fabulerar frå
ein talarstol.
Det nyttar knapt å bu i Solund
utan å like seg på sjøen. Hans
Severin, som det står i kyrkjeboka, måtte tidleg i båt. Utan
veg og bru laut dei ro frå Indre
Steinsund til skulen på Hardbakke.
– Vi var ein unge på kvar år og
kom oss både fram og tilbake.
Det var saktens dei som hadde
verre skuleveg enn oss, både på
sjø og land, seier Hans.
Heime var dei seks søsken, og
meddi dei hadde ein bra stor
gard etter lokale forhold, vart
det tidleg arbeid. Attåt gardsbruket hadde dei laksenot, så
det var langt mellom stundene
på sofaen.
Hans gjekk på Solvang i Førde, og det var ei heil amerikareis dit; først med båt til Bergen, så til Vadheim og buss derifrå. Han likte godt Sunnfjord
og naturen der. At nokre værlendingar gjekk skulen saman
med han, var ein spiss på tilværet.
læraren låg på lur i han, og
under hovudputa låg bøker alle
tre sesongane på stor- og vårsildfiske, med snurping og
bomsing. Litt vegarbeid vart
det òg før han endeleg mønstra
på lærarskulen på Stord i 1957,
som ein av dei eldste i ein gasta
klasse.
At han som nyutdanna søkte
styrarjobb på Arnøy i Skjervøy
kommune i Nord-Troms, var
litt på fant og for å imponere
jentene. Og jammen fekk han
den, 26 år gammal. I ettertid
vedgår han at jobben på Årviksand var i største laget, men dei
to åra gjekk godt. Sløydlæraren
heitte Kleiven og kom frå Førde, så dei var i minsto to frå distriktet her.
Vêrmessig var det knallhardt,
men han møtte mange kjekke
på reTT sTad: Etter år som lærar i Troms og Hordaland, kom Hans H. Steinsund heim att til Solund og
bygde hus på ei bot av farsgarden. Han har sett spor, ikkje minst som medforfattar i fleire bøker og til no 14
FoTo: ole JoHannes ØvreTveiT
sogeskrift for Solund.
unge og vaksne og ser på dette
som noko av den mest lærerike
tida i skulen. Der var mest fiskarar, og Hans var ofte ned på
kaia og slo av ein prat.
«God dag, mester», sa dei til
læraren, og dei spanderte gjerne kaffi frå kjelen som hadde
stått på heile dagen.
– Det var kaffi av den alvorlege sorten, seier Hans i dag. At
han for opp og ned med Hurtigruta, gjer at Nord-Norge-tida
einast er kjekke minne.
då Han seinare, etter nokre år i
Blomvåg i Øygarden, tok norsk
og historie mellomfag i Trondheim, pakka han 23 romanar i
sekken og drog igjen til Arnøy
og var der om sommaren. Hyggjeleg gjensyn og mykje pensumlesing nattes tid.
Sidan vart det jobb i ungdomsskulen på Frekhaug og
Fjell. Det vart til tider grådig
mykje retting av stilar og andre
innleveringar. Hans tok stundom bunkane med seg i båten,
«Ha'kje du noko
som klappar, har
du heller ikkje
noko som klorar»
Hans H. sTeinsund
fann ei fin vik og la seg til for
helga. Han var også nytta som
sensor. I 1976 søkte han heim til
Hardbakke og avslutta med 22
år i heimeskulen.
– Eg har aldri angra på yrkesvalet. Det var lærar eg ville bli.
No gjer ikkje historia omprøvingar, så eg får aldri svar på
kva eit anna yrke hadde gitt
meg, men det dveler eg ikkje
ved, seier Hans.
Å vere lærar i heimbygda kan
nok vere vanskeleg, men etter
at folk fekk teknisk etat og
kraftlaget å kjefte på, vart det
lettare, seier Hans skjemtande.
Heilt sidan 1968 har han hatt
båt. Nett høveleg til å fiske litt
aT den allsidige karen er heidra med kongens fortenstmedalje er ikkje det slag for mykje,
og laurdag byr familien på fest i
grendehuset. Om han ikkje
tenkte det slik, har Hans levd
einsleg. Men ikkje einsam.
– Eg bestemte meg for å ikkje
sutre over sivilstanden. Den
vart berre slik. Og du veit, det er
ikkje sikkert det hadde vorte eit
så flott liv om det var annleis.
Ha’kje du noko som klappar,
har du heller ikkje noko som
klorar, skjemtar Hans, og trur
ikkje det er berre rein lukke i
alle hus, om det meste er i vater
utad. Dei fleste har sitt….
Hans rosar bygdefolket for
initiativ og optimisme. – Her er
ikkje særleg mykje syting. Då
må ikkje det offentlege leggje
dempar på livet med nye innskrenkingar. No har vi post i butikk og berre tidvis lensmann.
Det neste vert vel «prest i butikk», skjemtar Hans, men med
ein undertone av alvor.
– Eg har god helse, til mitt
bruk, er måten Hans seier det
på. Ei hjartehistorie for nokre år
sidan gjer at han har litt kortare
fotband, men han gjer det han
likar og trivst med å ha sin plass
og få vere til nytte i eit miljø han
set høgt.
Atle Lyngstad Ness