Nynorskens - WordPress.com

EI KORT INNFØRING I
NYNORSK
SOMMARKURS I BERGEN 2015
NYNORSKENS FAR
IVAR AASEN (1813 – 1896)
SPRÅKÅRET 2013
http://www.youtube.com/watch?v=ETwAh-Zqc_k
NYNORSK I SAMFUNNET
• Ca. 15 % av elevane i den norske grunnskulen brukar
nynorsk
• Talet på elevar som brukar nynorsk i grunnskulen var
høgast i 1944: 33, 1%
• Frå 1970: krav om 25 % nynorsk i NRK
• Dag og tid er ei vekesavis på nynorsk.
• Døme på ressursar frå Nynorsksenteret (Høgskulen i
Volda):
http://www.nynorsksenteret.no/grammatikk/index.html
http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/123nynorsk.html
KVA SKIL NYNORSK FRÅ BOKMÅL?
• Les teksten:
• http://www.yr.no/artikkel/fin-start_-men-regnversnart-1.12454375
• Korleis kan du sjå at teksten er skriven på nynorsk?
• Gje døme på korleis teksten skil seg frå bokmål:
• Ord og uttrykk
• Bøying av substantiv, verb og adjektiv
• Anna?
SÆRTREKK VED NYNORSK
IFØLGJE OLAF ALMENNINGEN I «INNFØRING I NYNORSK FOR HØGARE
UTDANNING»
• Tre kjønn i substantiv, og andre bøyingsformer i
hankjønn og inkjekjønn.
• Anna verbbøying for mange svake og sterke verb.
• Mindre bruk av passiv, og særskild bøying for st-verb
• Litt andre former ved somme pronomen og
bestemmarord.
• Annleis kongruensbøying ved somme adjektiv og
perfektum partisipp
• Meir bruk av diftongar (eit, heil, leike, raud, skreiv,
skaut, auge, aure, aust, haust, laus), litt andre
vokalar og konsonantsamband.
• Særskilde nynorske ordlagingselement og annleis
bruk av somme felles-suffiks og –prefiks
• Meir bruk av dialektord i skriftspråket, meir direkte
talemålsnært språk
• Litt annleis bruk av genitiv og laust og fast
samansette verb
VALFRIDOM OG VARIASJON
•
•
•
•
•
•
•
•
Me ynskjer dykk velkomne.
Me ønskjer dykk velkomne.
Me ynskjer dokker velkomne.
Me ynsker dykk velkomne.
Me ynsker dokker velkomne.
Me ønskjer dokker velkomne.
Me ønsker dykk velkomne.
Me ønsker dokker velkomne.
•
•
•
•
•
•
•
•
Vi ynskjer dykk velkomne.
Vi ønskjer dykk velkomne.
Vi ynskjer dokker velkomne.
Vi ynsker dykk velkomne.
Vi ynsker dokker velkomne.
Vi ønskjer dokker velkomne.
Vi ønsker dykk velkomne.
Vi ønsker dokker velkomne.
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/2012-nynorsken-vert-ikkje-enklare-6746876.html
VER KONSEKVENT!
• I same skriftlege arbeid bør ein halda fast på éi form
av eitt og same ord.
• Same stavingsform: skole eller skule
• Same suffiks: rufsete eler rufsen
• Same genus: ei pakke eller ein pakke
• Lik infinitivsending: enten lesa, skriva eller lese, skrive
• Lik bøying: enten smaker- smakte- har smakt eller smakarsmaka har smakt
• Same fleirtalsending: kvistar eller kvister, elvar eller elver
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
KORT INNFØRING I NYNORSK
GRAMMATIKK
Pronomen og possessivar
eg
meg
min/mi/mitt/mine
du
deg
din/di/ditt/dine
han
han
hans
ho
ho/henne
hennar
vi/me
oss
vår/vårt/våre
de/dokker
dykk/dokker
dykkar/dokkar
dei
dei
deira
Substantiv (obligatorisk med tre kjønn)
ein gut
guten
gutar
gutane
ei jente
jenta
jenter
jentene
eit eple
eplet
eple
epla
eit hus
huset
hus
husa
Verb
å kaste/a kastar
kasta
har kasta
å tenkje/a tenkjer
tenkte
har tenkt
å bu
bur
budde
har budd
å leige/a
leiger
leigde
har leigd
• Mange sterke verb ser annleis ut enn i bokmål:
å gå
går
gjekk
har gått
å kome
kjem
kom
har kome
å sjå
ser
såg
har sett
Adjektiv
• - leg: vanskeleg, særleg, farleg
• Komparasjon:
sint
sintare
sintast
snill
snillare
snillast
bortkasta
meir bortkasta
mest bortkasta
Spørjeord
Kva – hva
Kvar/kor – hvor (OBS! Hvor stor? = Kor stor?)
Kven – hvem
Kvifor – hvorfor
Korleis – hvordan
Kva for ein/ei/eit/nokre – hvilken/hvilket/hvilke
SVAR PÅ OPPGÅVE 1
• Ho har løyve til å leige/a huset deira.
• Eg kjøpte ikkje nokon bøker.
• Kor gam(m)al er du?
• Kvar/kor bur du?
• Kvar/kor er boka? Ho ligg på senga.
• Ho er gift, men i røynda tenkjer ho på broren min.
• Vegane på Vestlandet blir/vert berre meir og
meir farlege.
• Kva for nokre gutar tenkjer ho på?
• Når kjem de/dokker?
• Kan eg gjere/a noko for dykk/dokker?
• Vi/me er dei lykkelegaste i heile verda.
GENITIV PÅ NYNORSK
• På nynorsk kan ein berre bruka genitivsforma av
substantivet i eigenamn og ord for familiemedlem. I
andre tilfelle skriv ein om.
• Med preposisjon:
kapteinen på skipet
ordren frå offiseren
ordføraren i byen
bilen til naboen
• Med samskriving:
Skipskapteinen, politihundane, kommunebudsjettet
ORDSTILLING PÅ NYNORSK
• Mest mogleg prega av talespråket
• Etterstilt possessiv:
den nye bilen min i staden for min nye bil
• Omskriving:
den største sjansen me har hatt
i staden for
vår største sjanse
ORDTILFANGET PÅ NYNORSK
• Rettskriving: ein god del einskildord vert skrivne ulikt på
bm og nn, enten med ulike vokalmønster (gard mot
gård) eller med ulike konsonantar (namn mot navn)
• Forstavingar på nn: Ein har tradisjonelt vore
atterhalden med å bruka ord som byrjar med an-, be-,
bi-, er-, for(e)-, ge-, hen-.
• Etterstavingar på nn: Ein har tradisjonelt òg vore
varsam med å bruka ord med visse endingar, særleg he(i)t, (kan i staden bruka –dom, -leik, -leik, -skap, semd, -løyse eller eit heilt anna ord) og –else (bruker i
staden endinga –ing eller eit anna ord).
TIPS TIL Å BLI GOD I NYNORSK
• Les mykje! Skapar ei kjensle for språket
• Bruk hjelpemiddel som:
- nettstadar (www.sprakrad.no)
- ordbøker (Nynorskordboka, Med andre ord)
- lærebøker (Innføring i nynorsk for høgare
utdanning, Olaf Almenningen, Det Norske
Samlaget, 2006)
• Lær deg dei allmenne systema fyrst
• Reflekter over kva som er ulikt bokmål og over kva
strukturar som er meir brukte i nynorsk enn i bokmål.
Lær teknikkar for omskriving.