EID KOMMUNE Kommunestyret HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 28.04.2016 Møtetid: Kl. 13:00 – 18:30 Møtestad: Nordfjord Hotell Saksnr.: 034/16 - 060/16 Forfall meldt frå følgjande medl. Lars Svein Drabløs fekk permisjon frå kl 17:00 (etter sak 48/16) Stein Inge Torheim fekk permisjon frå kl 18:00 (etter sak 54/16) Parti Frp Følgjande varamedl. møtte Ingen Sp Ingen Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Ordførar Alfred Bjørlo Rådmann Åslaug Krogsæter, Kommunalsjef Elin Leikanger, Kommunalsjef Harald Sivertsen, Kommunalsjef Kari Krogh, Plan-og utviklingssjef Kristine Dahl, Økonomisjef Ole Starheim Sogn og Fjordane Røde Kors v/Merethe Mindresunde, Harpefossen Skisenter v/Stein Bjørhovde, Eid Bondelag v/Runar Haugland og Helge Melheim, Changemaker Nordfjord v/Martin VindenesRundereim og Markus Frislid Grunngjeve spørsmål til ordføraren frå Gunvald Ludvigsen (V): Framtidig kontorstruktur for skattekontora Synfaring: Diverse: Underskrifter: Alfred Bjørlo Parti Eli Førde Aarskog Siri Sandvik Sakliste Sak nr. Saktittel 034/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 035/16 Godkjenning av møteprotokoll 036/16 Referatsaker 037/16 Orienteringssaker frå ordførar til kommunestyret 2016 - 28.04.2016 038/16 Orienteringssaker frå rådmann til kommunestyret 2016 - 28.04.2016 039/16 Val av klagenemnd eigedomsskatt 2016 - 2019 040/16 Val av sakkunnig nemnd eigedomsskatt 2016 - 2019 041/16 Val av styremedlem Norsk Fjordhestsenter 2016 042/16 Årsmelding 2015 Eid Fjordvarme KF 043/16 Rekneskap 2015 Eid Fjordvarme KF 044/16 Årsmelding 2015 Eid Industrihus KF - politisk handsaming 045/16 Eid Industrihus KF - Rekneskap 2015 046/16 Årsmelding 2015 Eid kommune 047/16 Rekneskap 2015 - Eid kommune 048/16 Årsrapport 2015 Eid kommune 049/16 Eid Eldreråd 2015 - Årsrapport 050/16 Sak frå Eid kontrollutval til kommunestyret: Forvaltningsrevisjonsprosjekt - Samhandlingsreforma 051/16 Investeringsbudsjett Nordfjordnett 2016 052/16 Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen 053/16 Søknad om driftstilskot 2016 til Musea i Sogn og Fjordane 054/16 Søknad om auke av tal barnehageplassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage 055/16 Eid frivilligsentral - godkjenning av ny partnerskapsavtale 056/16 Samarbeidsavtalar til slutthandsaming og underskrift. Eid kommune og Helse Førde. 057/16 Lefdal Invest AS Avtale om opparb og drift av Sørøyrane utbyggingsplan areal 058/16 Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak 059/16 Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane 060/16 Grunngjeve spørsmål til ordføraren: Framtidig kontorstruktur for skattekontora. EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Saksnr 034/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Innkalling og sakliste 28.04.2016 vert godkjent. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-034/16 VEDTAK: Innkalling og sakliste 28.04.2016 vert godkjent. Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/969 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Saksnr 035/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 10.03.2016 vert godkjent. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-035/16 VEDTAK: Møteprotokollen frå møte 10.03.2016 vert godkjent. Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/970 EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Saksnr 036/16 Arkiv: Namn-, NamnObjekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/968 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/3230 I 04.03.2016 2 16/4152 I 21.03.2016 3 16/4209 U 30.03.2016 4 16/4650 I 06.04.2016 5 16/4601 I 06.04.2016 6 16/5224 I 18.04.2016 7 16/5372 I 20.04.2016 8 16/3592 U 14.03.2016 9 16/5053 I 15.04.2016 10 16/5322 I 19.04.2016 11 16/5679 I 26.04.2016 Fylkesmannen i Sogn Kommunereforma - folket og Fjordane skal meine og kommunestyra skal gjere vedtak Kontrollutvalet v/ Revisor sin eigenvurdering Sekom av ubundenskap Vigdis Heimdal Val av styre i Eid Industrihus Reksnes m/fl KF - lovlegkontroll av avgjerd i K-sak 193/15 Nordfjordrådet Møtebok frå Nordfjordrådet sitt møte i Selje 4. april i år Moderniseringsdepart Høring ementet Kommunelovutvalgets utredning 2016: 4 Nordfjordnett Årsrapport Nordfjordnett 2015 Kontrollutvalet Sak frå Eid kontrollutval til v/Sekom kommunestyret: Årsmelding 2015 - Eid kontrollutval Kommunestyret Oppfølging av vedtak i kommunestyret 2016 28.04.2016 Fylkesmannen i Sogn Kommunereforma og Fjordane v/Kåre økonomiske verkemiddel i Træen reformperioden Helsedirektoratet Høyring - Nasjonal veileder for helsetjenestens organisering på skadested Nordfjordrådet Uttale frå Nordfjordrådet på høyringsutkast til regional 12 16/4955 I 12.04.2016 Voldsfjordkryssing AS planstrategi 2016 - 2020 Invitasjon til å delta i emisjon i Voldsfjordkryssing AS RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Framlegg frå ordførar Alfred Bjørlo til følgjande referatsaker. Referatsak 11: Nordfjordrådet sin uttale på høyringsutkast til regional planstrategi 2016-2020 skal leggast fram som eiga sak for formannskapet 18.05.2016. Referatsak 12: Invitasjon til å delta i emisjon i Voldsfjordkryssing AS skal løftast opp som eiga politisk sak. Kommunestyret slutta seg til framlegget. KS-036/16 VEDTAK: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Referatsak 11: Nordfjordrådet sin uttale på høyringsutkast til regional planstrategi 2016-2020 skal leggast fram som eiga sak for formannskapet 18.05.2016. Referatsak 12: Invitasjon til å delta i emisjon i Voldsfjordkryssing AS skal løftast opp som eiga politisk sak. . EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Alfred Bjørlo Saksnr 037/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. ABJ Arkivsaknr 16/191 Orienteringssaker frå ordførar til kommunestyret 2016 - 28.04.2016 1. 2. 3. 4. 5. 6. Eid Bondelag Status kommunereforma Changemaker Nordfjord Harpefossen Sogn og Fjordane Røde Kors Møteoversikt RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vert teken til vitande. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Det vart gjeve følgjande orienteringar i møtet: 1. Sogn og Fjordane Røde Kors v/Merethe Mindresunde - utdeling av integreringspris 2. Harpefossen Skisenter v/Stein Bjørhovde 3. Eid Bondelag v/Runar Haugland og Helge Melheim 4. Changemaker Nordfjord v/Martin Vindenes-Rundereim og Markus Frislid.- utfordring om etiske retningsliner for statsobligasjonar 5. Ordføraren om status i kommunereformprosessen Det var spørsmål/ordskifte etter orienteringane frå Harpefossen Skisenter og Eid Bondelag. KS-037/16 VEDTAK: Orienteringa vert teken til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: Åslaug Krogsæter SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Saksnr 038/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. ÅKR Arkivsaknr 16/180 Orienteringssaker frå rådmann til kommunestyret 2016 - 28.04.2016 1. Status renovering Rådhuset RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vert teken til vitande 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-038/16 VEDTAK: Orienteringa vert teken til vitande Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Janne Endal Andersson Saksnr 039/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/562 Val av klagenemnd eigedomsskatt 2016 - 2019 Prenta vedlegg: 1. KS-sak 143/13 Bakgrunn for saka: Eid kommunestyre vedtok 12.12.2013 å innføre eigedomsskatt i Eid kommune i KS-sak 143/13. Kommunestyret valde 12.12.2013 ei sakkunnig nemnd og ei klagenemnd. Det skal veljast nye nemnder for perioden 2016-2019. Alle som kan veljast som kommunestyremedlemer, kan også veljast inn i nemndene. Medlemer av formannskapet kan likevel ikkje vere medlem i ei eigedomsskattenemnd (§ 21). Dei som er varamedlem til formannskapet kan veljast. Sentrale tenestemenn kan ikkje veljast, jf kommunelova § 14. Klagenemnda skal ha minst 3 medlemmer og tilsvarande varamedlemmer. VALNEMNDA SI TILRÅDING: Til klagenemnd eigedomsskatt 2016 – 2019 vert valt: Medlem: Webjørn Moa (leiar) Eiliv Berdal (nestleiar) Ragna Flatla Haugland Vara: Svein Arne Henjesand – 1. vara Trygve Espe – 2. vara Anne Tove Thorsnes – 3. vara 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-039/16 VEDTAK: Til klagenemnd eigedomsskatt 2016 – 2019 vert valt: Medlem: Webjørn Moa (leiar) Eiliv Berdal (nestleiar) Ragna Flatla Haugland Vara: Svein Arne Henjesand – 1. vara Trygve Espe – 2. vara Anne Tove Thorsnes – 3. vara Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Janne Endal Andersson Saksnr 040/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/561 Val av sakkunnig nemnd eigedomsskatt 2016 - 2019 Prenta vedlegg: 2. KS-sak 143/13 Bakgrunn for saka: Eid kommunestyre vedtok 12.12.2013 å innføre eigedomsskatt i Eid kommune i KS-sak 143/13. Kommunestyret valde 12.12.2013 ei sakkunnig nemnd og ei klagenemnd. Det skal veljast nye nemnder for perioden 2016-2019. Alle som kan veljast som kommunestyremedlemer, kan også veljast inn i nemndene. Medlemer av formannskapet kan likevel ikkje vere medlem i ei eigedomsskattenemnd (§ 21). Dei som er varamedlem til formannskapet kan veljast. Sentrale tenestemenn kan ikkje veljast, jf kommunelova § 14. Den sakkunnige nemnda skal ha tre medlemmer og 3 varamedlemmer. VALNEMNDA SI TILRÅDING: Til sakkunnig nemnd eigedomsskatt 2016 – 2019 vert valt: Medlem: Svein Otto Melheim – leiar Jørgen Bergset – nestleiar Ann Mari Bjørlo Vara: Inger Helen Haavik – 1.vara Reidar Holmøy – 2. vara Erling Engjaberg – 3. vara 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-040/16 VEDTAK: Til sakkunnig nemnd eigedomsskatt 2016 – 2019 vert valt: Medlem: Svein Otto Melheim – leiar Jørgen Bergset – nestleiar Ann Mari Bjørlo Vara: Inger Helen Haavik – 1.vara Reidar Holmøy – 2. vara Erling Engjaberg – 3. vara Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Janne Endal Andersson Saksnr 041/16 Arkiv: 033 C01 Objekt: Val av styremedlem Norsk Fjordhestsenter 2016 Saksutgreiing: Det skal veljast styremedlem og varamedlem til Norsk Fjordhestsenter AS. VALNEMNDA SI TILRÅDING: Medlem: Kjell Magne Åshamar (attval) Varamedlem: Lars-Svein Drabløs (attval) 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-041/16 VEDTAK: Saksansv. JEA Arkivsaknr 16/933 Medlem: Kjell Magne Åshamar (attval) Varamedlem: Lars-Svein Drabløs (attval) Åslaug Krogsæter -rådmann- EID FJORDVARME KF Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid Fjordvarme KF Formannskapet Finansutvalet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 04.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksansv.: Hjelle Magne Saksnr 003/16 037/16 007/16 042/16 Arkiv: 210 Objekt: Saksansv. JEA MGH OST MGH Arkivsaknr 16/743 Årsmelding 2015 Eid Fjordvarme KF Prenta vedlegg: Årsmelding 2015 Eid Fjordvarme KF Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova av 25.09.1992, spesielt kap. 11. Forskrift om særbudsjett, særrekneskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak av 24.08.2006. Bakgrunn for saka: Saka gjeld godkjenning av årsmeldinga for 2015. Saka går vidare frå styret til revisor og kontrollutvalet før sluttbehandling i formannskapet og kommunestyret. Saksutgreiing: Viser til vedlagt årsmelding for 2015. Vurdering: Årsmeldinga gjev uttrykk for selskapet si drift i 2015. DAGLEG LEIAR SI TILRÅDING: Årsmelding 2015 for Eid Fjordvarme KF vert godkjent. 04.04.2016 EID FJORDVARME KF EFJ-003/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Fjordvarme KF vert godkjent. 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-007/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Fjordvarme KF vert teke til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-037/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Årsmelding 2015 for Eid Fjordvarme KF vert godkjent. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-042/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Fjordvarme KF vert godkjent. Magne Hjelle -dagleg leiar- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid Fjordvarme KF Formannskapet Finansutvalet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 04.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Hjelle Magne Saksnr 005/16 038/16 008/16 043/16 Arkiv: 210 Objekt: Saksansv. MGH MGH MGH MGH Arkivsaknr 16/744 Rekneskap 2015 Eid Fjordvarme KF Prenta vedlegg: Rekneskap 2015 for Eid Fjordvarme KF Kopi av kontrollutvalet sin uttale til rekneskapen for 2015 (vert lagt fram i formannskapet sitt møte) Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova – lov av 25.09.1992 nr. 107, spesielt kap. 11. Forskrift om særbudsjett, særrekneskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak, av 24.08.2006. Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar, av 15.06.2004. Kva saka gjeld: Saka gjeld godkjenning av rekneskapen for 2015. Saka går vidare til revisor og behandling i kontrollutvalet før sluttbehandling i formannskapet og kommunestyret. Bakgrunn for saka: Kommunelova § 48 nr. 3, jf. forskrift om årsrekneskap kommunale føretak § 16: ”Kommunestyret vedtar selv årsregnskapet. Vedtaket treffes på grunnlag av innstilling fra formannskapet…. Vedtaket må angi disponering av regnskapsmessig overskudd eller dekning av regnskapsmessig underskudd.” Etter forskrift om kontrollutval § 7, skal kontrollutvalet gje uttale om årsrekneskapen før denne blir vedteken av kommunestyret. Uttalen skal gjevast til kommunestyret. Kopi av uttalen skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før dette organet gjev si innstilling om årsrekneskapen til kommunestyret. Saksutgreiing: Eid Fjordvarme KF fekk i 2015 eit driftstilskot på kr 74.000,- frå Eid kommune. Rekneskapsmessig overskot er på kr 40.074,46. Dette vert foreslått avsett til selskapet sitt disposisjonsfond. Det vert elles vist til årsmeldinga for 2015. Vurdering: Eid Fjordvarme KF er avhengig av inntekter frå driftsoperatørane på dei to områda fjordvarme og gass for å oppnå økonomisk balanse i drifta. Kvar av desse områda er eigne sjølvkostområde. Leiga frå fjordvarmeområdet dekkjer alle utgifter på dette området. Leiga frå gassområdet var i 2015 for lita til å dekkje alle utgifter utan tilskot frå Eid kommune. Etter nedbetaling av gamle lån på gassområdet i 2015, vil også gassområdet gå i balanse frå og med 2016. Eventuelle mindre avvik kan dekkast av disposisjonsfondet. Selskapet bør difor klare seg utan kommunalt tilskot til drifta i komande år. DAGLEG LEIAR SI TILRÅDING: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert fastsett som Eid Fjordvarme KF sin årsrekneskap for 2015. 2. Rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert avsett til Eid Fjordvarme KF sitt disposisjonsfond. 04.04.2016 EID FJORDVARME KF EFJ-005/16 VEDTAK: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert fastsett som Eid Fjordvarme KF sin årsrekneskap for 2015. 2. Rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert avsett til Eid Fjordvarme KF sitt disposisjonsfond. 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-008/16 VEDTAK: Den framlagde rekneskapen vert teken til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-038/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert fastsett som Eid Fjordvarme KF sin årsrekneskap for 2015. 2. Rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert avsett til Eid Fjordvarme KF sitt disposisjonsfond. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-043/16 VEDTAK: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert fastsett som Eid Fjordvarme KF sin årsrekneskap for 2015. 2. Rekneskapsmessig overskot på kr 40.074,46, vert avsett til Eid Fjordvarme KF sitt disposisjonsfond. Magne Hjelle -dagleg leiar- EID INDUSTRIHUS KF Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid Industrihus KF Formannskapet Finansutvalet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 05.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Svein Otto Melheim Saksnr 010/16 039/16 009/16 044/16 Arkiv: 210 Objekt: Saksansv. JEA SOM SOM JEA Arkivsaknr 16/660 Årsmelding 2015 Eid Industrihus KF - politisk handsaming Prenta vedlegg: Årsmelding Eid Industrihus KF 2015 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova – lov av 25.09.1992 nr. 107, spesielt kap. 11. Forskrift om særbudsjett, særregnskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak, av 24.08.2006. Bakgrunn for saka: Saka gjeld godkjenning av årsmeldinga for 2015. Saka går vidare frå styret til revisor og kontrollutvalet før sluttbehandling i formannskapet og kommunestyret. Saksutgreiing: Viser til vedlagt årsmelding. Vurdering: Årsmeldinga gir uttrykk for selskapet si drift i 2015. DAGLEG LEIAR SI TILRÅDING: 1. Årsmelding 2015 for Eid Industrihus KF vert godkjent. ……. 05.04.2016 EID INDUSTRIHUS KF EIKF-010/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Industrihus KF vert godkjent. 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-009/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Industrihus KF vertteke til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-039/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Årsmelding 2015 for Eid Industrihus KF vert godkjent. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-044/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid Industrihus KF vert godkjent. Svein Otto Melheim -Dagleg leiar- EID INDUSTRIHUS KF Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid Industrihus KF Finansutvalet Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 05.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Svein Otto Melheim Saksnr 011/16 010/16 040/16 045/16 Arkiv: 212 Objekt: Saksansv. JEA SOM SOM SOM Arkivsaknr 16/661 Eid Industrihus KF - Rekneskap 2015 Prenta vedlegg: Rekneskap Eid Industrihus KF 2015 Kopi av kontrollutvalet sin uttale til rekneskapen 2015 (vert lagt fram i formannskapet sitt møte) Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova – lov av 25.09.1992 nr.107, spesielt kap. 11. Forskrift om særbudsjett, særregnskap og årsberetning for kommunale og fylkeskommunale foretak, av 24.08.2006. Kva saka gjeld: Saka gjeld godkjenning av rekneskapen for 2015. Rekneskapen går vidare frå styret til revisor og behandling i kontrollutvalet før sluttbehandling i formannskapet og kommunestyret på same tid som Eid kommune sin rekneskap. Saksutgreiing: Det endra budsjettet vart vedteke i kommunestyret 015/15 balansert ved bruk av kr 1 043 000,- frå føretaket sitt eige disposisjonsfond. Bruk av disposisjonsfondet er erstatning for tilskot frå Eid kommune på kr 1 178 000,- (finansiert av utbytte frå Eid Industrihus AS) som låg i opprinneleg driftsbudsjett. Det reviderte driftsbudsjettet vart balansert med eit noko lågare beløp enn i opprinneleg budsjett. Driftsrekneskapen er avslutta i balanse. Dette er gjort ved å nytte kr 260.000,- mindre av disposisjonsfondet enn vedteke i budsjettet. Det gjer at selskapet eigentleg har eit mindreforbruk på kr 260.000,- i forhold til vedteke budsjett. Vurdering: For å oppnå balanse i drifta framover, vil Eid Industrihus KF vere avhengig av bruk av disposisjonsfondet , samt å få overført tilskot frå Eid kommune tilsvarande det som kommunen får utbetalt som utbytte frå Eid Industrihus AS. DAGLEG LEIAR SI TILRÅDING: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig resultat i balanse (null), vert fastsett som Eid Industrihus KF sin årsrekneskap for 2015. ……. 05.04.2016 EID INDUSTRIHUS KF EIKF-011/16 VEDTAK: Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig resultat i balanse (null), vert fastsett som Eid Industrihus KF sin årsrekneskap for 2015 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-010/16 VEDTAK: Den framlagde rekneskapen vert teken til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-040/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig resultat i balanse (null), vert fastsett som Eid Industrihus KF sin årsrekneskap for 2015. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-045/16 VEDTAK: Den framlagde rekneskapen, som viser eit rekneskapsmessig resultat i balanse (null), vert fastsett som Eid Industrihus KF sin årsrekneskap for 2015. Svein Otto Melheim -Dagleg leiar- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Finansutvalet Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Saksnr 011/16 041/16 046/16 Arkiv: 210 Objekt: Saksansv. OST OST OST Arkivsaknr 16/717 Årsmelding 2015 Eid kommune Prenta vedlegg: Årsmelding 2015 for Eid kommune. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova § 48 Forskrift om årsrekneskap og årsmelding av 15.12.00. Saksutgreiing: Det vert vist til årsmeldinga for 2015 som er vedlagt saka. Rådmannen sine kommentarar er teke inn fremst i årsmeldinga. Vidare i heftet følgjer hovudtal og analysar frå rekneskapen for 2015. Årsmeldinga for 2015 er utarbeidd med hovudfokus på kommunen sin rekneskap for 2015 og økonomisk status pr. 31.12.15. Meir fyldig utgreiing om tenesteproduksjonen i 2015 er presentert i ein eigen årsrapport. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Årsmelding 2015 for Eid kommune vert godkjent. 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-011/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-041/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Årsmelding 2015 for Eid kommune vert godkjent. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-046/16 VEDTAK: Årsmelding 2015 for Eid kommune vert godkjent. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Finansutvalet Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Saksnr 012/16 042/16 047/16 Arkiv: 212 Objekt: Saksansv. OST OST OST Arkivsaknr 15/2207 Rekneskap 2015 - Eid kommune Prenta vedlegg: Rekneskapen til Eid kommune for 2015, inkludert revisjonsmelding datert 22.03.2016 Kopi av kontrollutvalet sin uttale til rekneskapen for 2015 (vert lagt fram i finansutvalet og formannskapet sitt møte) Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova – lov av 25.09.1992 nr. 107 Forskrift om årsrekneskap og årsmelding – forskrifter med heimel i kommunelova § 48 nr. 6, fastsett 15.12.2000 Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar – forskrift med heimel i kommunelova § 77 nr. 11, fastsett 15.06.2004. Bakgrunn for saka: Kommunelova § 48 nr. 3: ”Kommunestyret vedtar selv årsregnskapet. Vedtaket treffes på grunnlag av innstilling fra formannskapet…. Vedtaket må angi disponering av regnskapsmessig overskudd eller dekning av regnskapsmessig underskudd.” Når det vert lagt fram eit rekneskapsmessig overskot som skal disponerast av kommunestyret, er det ein ryddig måte å setje dette av til disposisjonsfond. Seinare bruk av disposisjonsfondet kjem då opp i eigne utgreidde saker. Det er berre kommunestyret som seinare kan gjere vedtak om bruk av slikt disposisjonsfond. Etter forskrift om kontrollutval § 7, skal kontrollutvalet gje uttale om årsrekneskapen før denne blir vedteken av kommunestyret. Uttalen skal gjevast til kommunestyret. Kopi av uttalen skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før dette utvalet gjev si innstilling om årsrekneskapen til kommunestyret. Saksutgreiing: Rekneskapen er avlagt med eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på kr 11.256.035,92. I årsmeldinga finn ein meir utfyllande kommentarar og oppstillingar kring ein del nøkkeltal frå rekneskapen for 2015. Den kommunale tenesteytinga (utanom finanspostar) har samla eit overforbruk på kr 0,7 mill. Dette er nærare omtalt i årsrapporten under det enkelte rammeområde. Kommunen har pr. 31.12.15 kr 0,5 mill på udisponert disposisjonsfond og kr 12,1 mill på eit rente og avkastningsfond. Det siste er avsetning som gjort for å møte svingingar i avkastninga frå Aktiv forvaltning, og spesielt då plasseringane i aksjemarknaden. Rådmannen tilrår at kr 6,0 mill av det rekneskapsmessige overskotet vert sett av til kommunens rente og avkastningsfond. Resterande beløp på kr 5.256.035,92 vert sett av til kommunens disposisjonsfond. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit overskot på kr 11.256.035,92, vert fastsett som Eid kommune sin årsrekneskap for 2015. 2. Overskotet på kr 11.256.035,92 vert sett av med kr 6.000.000,- til kommunens rente og avkastningsfond (konto 2.5690.005), og kr 5.256.035,92 til kommunens disposisjonsfond (konto 2.5690.001). 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-012/16 VEDTAK: Den framlagde rekneskapen vert teken til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-042/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit overskot på kr 11.256.035,92, vert fastsett som Eid kommune sin årsrekneskap for 2015. 2. Overskotet på kr 11.256.035,92 vert sett av med kr 6.000.000,- til kommunens rente og avkastningsfond (konto 2.5690.005), og kr 5.256.035,92 til kommunens disposisjonsfond (konto 2.5690.001). 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Tilleggsframlegg frå Gunvald Ludvigsen, Venstre: Eid kommunestyre har merka seg rådmannen si uro knytt til framtidig rentenivå på lån og avkastning på fondsplasseringar, jfr. årsrapport for Eid kommune 2015. Eid kommunestyre ber rådmannen greie ut trongen for å ha handlingsreglar for seg sjølv, slik at svingningar i rentenivå og avkastning på fondsplasseringar råkar tenesteproduksjonen minst mogeleg. Det vart først røysta over innstillinga frå formannskapet som vart samrøystes vedteken. Det vart deretter røysta over tilleggsframlegget frå Eid Venstre, som vart vedteke mot 9 røyster. KS-047/16 VEDTAK: 1. Den framlagde rekneskapen, som viser eit overskot på kr 11.256.035,92, vert fastsett som Eid kommune sin årsrekneskap for 2015. 2. Overskotet på kr 11.256.035,92 vert sett av med kr 6.000.000,- til kommunens rente og avkastningsfond (konto 2.5690.005), og kr 5.256.035,92 til kommunens disposisjonsfond (konto 2.5690.001). 3. Eid kommunestyre har merka seg rådmannen si uro knytt til framtidig rentenivå på lån og avkastning på fondsplasseringar, jfr. årsrapport for Eid kommune 2015. Eid kommunestyre ber rådmannen greie ut trongen for å ha handlingsreglar for seg sjølv, slik at svingningar i rentenivå og avkastning på fondsplasseringar råkar tenesteproduksjonen minst mogeleg. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid ungdomsråd Oppvekst- og kulturutvalet Eid Eldreråd Eid råd for funksjonshemma Helse-og sosialutval Teknisk-og samfunnsutval Arbeidsmiljøutvalet Finansutvalet Formannskapet Administrasjonsutvalet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 12.04.2016 12.04.2016 12.04.2016 13.04.2016 13.04.2016 13.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Saksnr 012/16 023/16 016/16 006/16 019/16 043/16 005/16 013/16 043/16 005/16 048/16 Arkiv: 004 Objekt: Årsrapport 2015 Eid kommune Prenta vedlegg: Årsrapport 2015 – kommunal tenesteyting Årsrapport investeringsprosjekt pr 31.12.15 Saksutgreiing: Rådmann viser til vedlagde årsrapportar for 2015. Saksansv. OST OST OST OST OST OST OST OST OST OST OST Arkivsaknr 16/793 RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET OK-023/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. Samrøystes vedteke. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Utvalet merkar seg det auka sjukefråveret, og ber om at dette vert drøfta i relevante organ.. TSU-043/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 13.04.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL Fellesframlegg til eit nytt punkt i tilrådinga: Helse- og sosialutvalet ber administrasjonsutvalet om, på bakgrunn av diskusjonar som har vore i Helse- og sosialutvalet, at administasjonsutvalet går aktivt inn i utfordringane med sjukefråværet i Eid kommune. HSO-019/16 VEDTAK: 1. Årsrapporten for Eid kommune vart teken til vitande. 2. Helse- og sosialutvalet ber administrasjonsutvalet om, på bakgrunn av diskusjonar som har vore i Helse- og sosialutvalet, at administasjonsutvalet går aktivt inn i utfordringane med sjukefråværet i Eid kommune. 12.04.2016 EID UNGDOMSRÅD EUR-012/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 12.04.2016 EID ELDRERÅD EER-016/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande 13.04.2016 EID RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA ERF-010/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-013/16 VEDTAK: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-043/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Tilleggsframlegg frå Arild Krogh Nøstdal (Venstre): Kommunestyret ber administrasjonen om å innarbeide rapportering på klagesaker og avviksmeldingar frå alle sektorar, frå og med Årsrapport 2017 Felles tilleggsframlegg, fremja av Siri Sandvik (Ap): Kommunestyret ber administrasjonsutvalet om å gå aktivt inn i utfordringane med sjukefråveret i Eid kommune og rapportere tilbake til kommunestyret. Det vart først røysta over innstillinga frå formannskapet som vart samrøystes vedteken. Det vart deretter røysta over tilleggsframlegget fremja av Siri Sandvik (Ap) som vart samrøystes vedteke. Det vart til slutt røysta over tilleggsframlegget frå Arild Krogh Nøstdal (Venstre) som vart vedteke mot 10 røyster. KS-048/16 VEDTAK: 1. Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande. 2. Kommunestyret ber administrasjonsutvalet om å gå aktivt inn i utfordringane med sjukefråveret i Eid kommune og rapportere tilbake til kommunestyret. 3. Kommunestyret ber administrasjonen om å innarbeide rapportering på klagesaker og avviksmeldingar frå alle sektorar, frå og med Årsrapport 2017 Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Eid Eldreråd Helse-og sosialutval Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 29.02.2016 17.03.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Eid Eldreråd Saksbehandler: Kristina Kostopoulos Saksnr 008/16 011/16 049/16 Arkiv: 033 Objekt: Saksansv. KKO KKO KKO Arkivsaknr 16/256 Eid Eldreråd 2015 - Årsrapport Prenta vedlegg: Utkast til årsrapport Eid eldreråd 2015 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Eldrerådslovens §§ 4 og 8 Kva saka gjeld: Godkjenning av årsrapport for Eid Eldreråd 2015 Bakgrunn for saka: Eldrerådet er etter eldrerådsloven pålagt å lage årsmelding. Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd: § 4. – fjerde ledd «Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret». Det er ikkje nærare fastsett kva meldinga skal innehalde. Saksutgreiing: Rådmannen har nytta «Håndbok for medlemmer i eldreråd» (2015) i arbeidet med årsrapporten og råda som står nemnt under punkt «Årsmelding» (s. 28) med omsyn til kva som bør vere med i eldrerådet si årsmelding. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret godkjenner årsrapport for Eid eldreråd 2015 29.02.2016 EID ELDRERÅD Merknad: Eldrerådet ønskjer meir informasjon, på møtet 13. april, knytt til kva førre eldrerådet fekk til med omsyn til punkt «Kultur» og «Heimebesøk for alle heimebuande over 75» jf. «Eldrerådet sine prioriteringar i tidsrommet 2013-2016». EER-008/16 VEDTAK: Kommunestyret godkjenner årsrapport for Eid eldreråd 2015 17.03.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL HSO-011/16 VEDTAK: Kommunestyret godkjenner årsrapport for Eid Eldreråd 2015. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-049/16 VEDTAK: Kommunestyret godkjenner årsrapport for Eid Eldreråd 2015. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: Åslaug Krogsæter SAKSGANG Møtedato 28.04.2016 Saksnr 050/16 Arkiv: 020 Objekt: Saksansv. ÅKR Arkivsaknr 14/1093 Sak frå Eid kontrollutval til kommunestyret: Forvaltningsrevisjonsprosjekt - Samhandlingsreforma Prenta vedlegg: Kommunerevisjonen i Nordfjord: Forvaltningsrevisjonsrapport - Samhandlingsreforma Saksutgreiing: Sekretariatet for Eid kontrollutval viser til rapport frå Kommunerevisjonen i Nordfjord, datert 22. februar 2016. Denne forvaltningsrevisjonen har vore felles for kommunane Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rapport frå forvaltningsrevisjon om samhandlingsreforma vert teken til orientering. Innhaldet vert teke med som grunnlag for vidare folkehelsearbeid i kommunen. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-050/16 VEDTAK: Rapport frå forvaltningsrevisjon om samhandlingsreforma vert teken til orientering. Innhaldet vert teke med som grunnlag for vidare folkehelsearbeid i kommunen. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Finansutvalet Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Ole Starheim SAKSGANG Møtedato 21.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Saksnr 014/16 044/16 051/16 Arkiv: 026 Objekt: Saksansv. OST OST OST Arkivsaknr 16/753 Investeringsbudsjett Nordfjordnett 2016 Bakgrunn for saka: Nordfjordnett treng å etablere nytt lagringssystem for Nordfjordkommunane. På grunn av personellsituasjonen i Nordfjordnett vart ikkje investeringsbudsjettet med i den ordinære behandlinga av årsbudsjett for 2016. Saka vert derfor no lagt fram til politisk behandling. Saksutgreiing: I framlegget for investeringsbudsjettet for Nordfjordnett er det lagt inn midlar til å byte det sentrale lagringssystemet til kommunane. Grunnen er at systemet kommunane har i dag er ustabilt og hadde to svært alvorlege driftsstans i 2015. Ved begge høva var det reell fare for at alle dataløysingane våre kunne bli nede i mange dagar/veker. Til alt hell skjedde begge driftsstoppa i helger og ved hjelp av stor innsats frå 5-7 tilsette i Nordfjordnett var storparten av systema oppe att til måndagen. I etterkant kom det svært mange hendingar til brukarstøtte i Nordfjordnett i form av ymse feil i programvare hos kommunane som følgje at driftsstansen. Det tok Nordfjordnett om lag ei veke å få alle systema opp i normal drift igjen. Lagringssystemet kommunane nyttar i dag er gamalt, og det er fare for hyppigare driftsstans på dette i framtida. Dette er etter kvart blitt ein stor risiko med tanke på å oppretthalde den daglege drifta i kommunane. Det er difor svært viktig for alle Nordfjordkommunane at lagringssystemet vert skifta i 2016. Då Nordfjordnett vart oppretta, vart det bestemt at det skulle etablerast eit reservedatasenter på Nordfjordeid og setje dette i drift. Dette reservesenteret var med i tilbodspakken frå Vågsøy og Eid då dei vann tilbodet om lokalisering av Nordfjordnett. Investeringa i nytt lagringssystem, saman med investeringar som Eid og Vågsøy kommune gjer med lokala, fører til at reservedatasenteret kan etablerast i 2016. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Investeringa i nytt lagringssystem er kalkulert til kr 7.176.000,-. Denne summen vert fordelt etter Nordfjordnøkkelen med 25% av kostnadene fordelt likt mellom kommunane og 75% av kostnadene fordelt etter folketal. For Eid kommune utgjer investeringa kr 1.245.370,-. Samla oversikt over fordeling av investeringane per kommune: SUM Folketal Beløp Hornindal Eid Gloppen Stryn Bremanger Vågsøy Selje 32 730 1 200 6 015 5 784 7 065 3 846 6 046 2 774 7 176 000 453 609 1 245 370 1 207 385 1 418 028 888 708 1 250 468 712 432 Rådmannen si vurdering: Dei planlagte investeringane i nytt lagringssystem er på kr 7.176.000,-. Dette gir Nordfjordkommunane eit nytt lagringssystem i datasenteret i Måløy med ei tilsvarande løysing i backup-lokasjonen på Nordfjordeid. På denne måten er kommunane sikra stabil drift av ikt-løysingane framover. Det er etter kvart ein stor risiko for at dagens lagringssystem feilar. Dette vil kunne få store økonomiske konsekvensar for kommunane, og det vil kunne gå utover den daglege drifta i tenesteytinga. Saka var oppe i rådmannsgruppa sitt møte den 26.02.2016. Det blei der vedteke at ein skal gå inn for denne saka, og saka blei derifrå sendt til vidare handsaming i den enkelte kommune. Ut frå dette tilrår rådmannen at Eid kommune løyver kr 1.246.000,- på investeringsbudsjettet for 2016 til desse heilt nødvendige investeringane i Nordfjordnett. Løyvinga vert tilrådd finansiert ved bruk av udisponerte lånemidlar frå tidlegare avslutta investeringsprosjekt. Pr 31.12.2015 har kommunen ståande kr 6,3 mill i slike udisponerte lånemidlar. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret løyver kr 1.246.000,- på investeringsbudsjettet for 2016 som Eid kommune sin del til investeringar i Nordfjordnett. Løyvinga blir finansiert med bruk av lån. 21.04.2016 FINANSUTVALET FSU-014/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET: Finansutvalet tek saka til vitande. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-044/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Kommunestyret løyver kr 1.246.000,- på investeringsbudsjettet for 2016 som Eid kommune sin del til investeringar i Nordfjordnett. Løyvinga blir finansiert med bruk av lån. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Tilleggsframlegg frå Hans Petter Gilleshammer (Ap): Kommunestyret ber om å få ei orientering om og frå Nordfjordnett på neste kommunestyremøte. Det vart først røysta over innstillinga frå formannskapet som vart samrøystes vedteken. Det vart deretter røysta over tilleggsframlegget frå Hans Petter Gilleshammer (Ap) som vart samrøystes vedteke. KS-051/16 VEDTAK: 1. Kommunestyret løyver kr 1.246.000,- på investeringsbudsjettet for 2016 som Eid kommune sin del til investeringar i Nordfjordnett. Løyvinga blir finansiert med bruk av lån. 2. Kommunestyret ber om å få ei orientering om og frå Nordfjordnett på neste kommunestyremøte. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunetyret Saksbehandler: Dag Petter Leite Arkiv: Objekt: Saksnr 045/16 048/16 052/16 Q14 Saksansv. DPL TNT TNT Arkivsaknr 16/809 Finansiering kryss Fossevegen - Skulevegen Prenta vedlegg: Vedtak KS-sak 191/15 Mandat Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Finansiering av permanente tiltak for ombygging av kryss Fossevegen/Skulevegen og etablering av av-/påstigningslomme, samt nytt fortau ved Eid Eldretun. Saka var teke opp i kommunestyret i KS-sak 191/15. Bakgrunn for saka: Det er trong for betring av trafikktryggleik for mjuke trafikkantar i samband med etablering av ny fleirbrukshall, utviding av bustadfelt, samt utbygging av nytt omsorgssenter. I KS-sak 191/15 vart det vedteke å be administrasjonen å setje i verk hastetiltak, samt å planlegge og finne finansiering for permanente tiltak. Hastetiltaka er utført. Saksutgreiing: Det er laga reguleringsplan som viser korleis krysset ved Eid sjukeheim skal omarbeidast for å gjere det tryggare og meir oversiktleg for mjuke trafikkantar. Ut i frå eksisterande infrastruktur og godkjende reguleringsplanar har ein fått laga kostnadsoverslag. Til det planlagde arbeidet høyrer det også med å etablere ei av-/ påstigningslomme aust for Folkehøgskulen langs vestsida av Fossevegen. Vidare er det også lagt inn kostnad med nytt fortau langs austside av Fossevegen forbi Eid eldretun for å knyte saman fortau frå Holten/Hogaåsen med gangfelt nedanfor eldretunet. Det er vurdert at kryssing av Fossevegen er tryggast nedanfor Eid eldretun framfor kryssing med ny overgang i kryss Myklebuståsen/Holten. I kostnadane er det inkludert utarbeiding av førebelse planar, utarbeiding av endelege planar med planteikning, lengdeprofil, normalprofil, prinsippskisser for kantstein og natursteinmur og utarbeiding av konkurransegrunnlag. Økonomiske konsekvensar: Det er ikkje sett av løyving i budsjett for 2016 for det planlagde arbeidet. Dette prosjektet må finansierast ved låneopptak. Samla kostnad for tiltaket er berekna til kr. 3.105.000,- inkl. mva. Vurdering: Både etablering av ny fleirbrukshall aust for Nordfjordeid skule og utbygging av Hogaåsen bustadfelt vil generere auka trafikk gjennom krysset. Utbygging av nytt omsorgssenter vil i liten grad føre til auka trafikk for området. Administrasjonen vil tilrå å prioritere dette prosjektet med finansiering som beskrive i dette saksdokumentet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-045/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL FORMANNSKAPET: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-048/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-052/16 VEDTAK: Administrasjonen får i oppgåve å gjennomføre prosjektet i tråd med mandatet. Tiltaket finansierast ved låneopptak. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Oppvekst- og kulturutvalet Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Gerd Fløde Bjørlo SAKSGANG Møtedato 12.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Saksnr 020/16 047/16 053/16 Arkiv: 223 C56 Objekt: Saksansv. GFB GFB GFB Arkivsaknr 14/319 Søknad om driftstilskot 2016 til Musea i Sogn og Fjordane Prenta vedlegg: Musea i Sogn og Fjordane, søknad datert 30.09.2015 K-sak 176/15 – utbetaling av tilskot 2015 Kva saka gjeld: Søknad om tilskot 2016 til Musea i Sogn og Fjordane Bakgrunn for saka: Musea i Sogn og Fjordane blir finansert delvis med driftstilskot frå kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Saksutgreiing: Avtalen frå 2009 mellom kommunane i Nordfjord, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Musea i fylket om tilskot til Nordfjord Folkemuseum, skulle fornyast i 2013. Ny avtale er enno ikkje komen på plass. I søknadsbrevet om tilskot for 2016, blir det antyda at ny driftsavtale kan komme på plass frå og med 2017 om kommunane i fylket sluttar seg til det resultatet som no ligg til behandling i kommunane. Økonomiske konsekvensar: Eid kommune har i budsjettet for 2016 sett av kr. 125.000,- i driftstilskot til museet. Søknaden lyder på kr. 141.056,-. Vi må såleis ha ei tilleggsløyving for å imøtekome søknaden fullt ut. Vurdering: Det er framleis slik at ikkje alle kommunane i Nordfjord betaler sin andel slik den vart rekna ut i 2009. Eid kommune har likevel i åra etter avtalen gjekk ut i 2014, betalt sin andel i tråd med avtalen. Det er uheldig at ein enno ikkje har fått på plass ein forpliktande avtale som alle kommunane i Nordfjord kan vere samde om. Eid kommune har sett av midlar i budsjettet til driftstilskotet. Men det manglar om lag kr. 16.000,- i budsjettet på å imøtekome søknaden fullt ut. Om vi utbetaler tilskotet som omsøkt, må den manglande finansieringa takast med under ei eventuell budsjettjustering i juni. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Tilskotet til Musea i fylket i 2016 blir utbetalt som omsøkt. 12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET OK-020/16 VEDTAK: Tilskotet til Musea i fylket i 2016 blir utbetalt som omsøkt. Samrøystes vedteke. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-047/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Tilskotet til Musea i fylket i 2016 blir utbetalt som omsøkt. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-053/16 VEDTAK: Tilskotet til Musea i fylket i 2016 blir utbetalt som omsøkt. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Oppvekst- og kulturutvalet Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 12.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Harald Sivertsen Arkiv: Objekt: Saksnr 019/16 046/16 054/16 A1 Saksansv. HSI HSI HSI Arkivsaknr 16/726 Søknad om auke av tal barnehageplassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage Prenta vedlegg: Søknad frå Kjølsdalen Montessoribarnehage. Skriv frå Snøkrystallen småbarnehage. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Barnehagelova. Forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager av 09.10.2015. Kva saka gjeld: Kjølsdalen Montessoribanehage søkjer om å få auke tal faste barnehageplassar frå 18 til 27. Bakgrunn for saka: Kjølsdalen Montessoribanehage fekk i fjor auka tal plassar frå 18 til 22. Desse fire nye plassane var midlertidige for barnehageåret 2015/16. Barnehagen har no full dekning og det er venteliste frå hausten 2016. Dei meiner at det er behov for fleire faste plassar i Kjølsdalen. Saksutgreiing: Oppretting av barnehageplassar har vore eit tema i fleire år, og då Golvsengane barnehage vart bygd med åtte avdelingar, var målet å auke kapasiteten slik at alle som hadde behov, fekk plass. Utviklinga har endra seg, og ein ser i dag at færre foreldre er heimeverande med barna, samstundes som barna no byrjar tidlegare i barnehagen. I tillegg har Eid kommune auka mottaket av flyktningar. I skrivande stund er vi i gang med opptaket for komande barnehageår, og vi har samordna opptaksmøte mellom dei kommunale og private barnehagane. Det et er kome inn 84 søknader, og 73 av desse har lovfesta rett til plass. I tillegg søkjer 16 barn om å få auke sine plassar. Sjølv om vi ikkje er ferdige med opptaket for komande barnehageår, så får alle som har rett etter lova plasstilbod i ein av barnehagane i kommunen. I tillegg vil truleg flesteparten av dei andre søkjarane som søkjer plass frå hausten 2016, få plass. Alle vil ikkje få plass i den barnehagen som dei har som førsteprioritet. Oversikt over barnehagar og tal godkjente plassar. Barnehage Gjerdane Golvsengane Haugen Stårheim Eid Kjølsdalen Tal godkjente plassar 45 136 * 18 34 82 18 + 4 midlertidige 12 4 4 Snøkrystallen Nøtteliten Fossebakken fam. barnehage . *Golvsengane barnehage kan ev. utvide til 145 plassar. Då må ein auke tal tilsette. Fødselstal i Eid kommune: Fødselsår Tal fødde barn i Eid kommune 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 70 81 76 65 62 57 69 Eid kommune ønskjer å vere ein positiv ja-kommune til familiar som vil flytte til kommunen, og då er ledige barnehageplassar ein av fleire viktige faktorar. Ei ny etablering av barnehageplassar vil særleg kome desse gruppene til gode: Familiar med barn som flyttar til Eid Flyktning-familiar Familiar som treng barnehageplass midt i året Kjøldalen Montessoribarnehage søkjer om å få opprette 9 nye faste plassar frå og med hausten 2016. Ei utviding av tal barnehageplassar vil truleg føre til at alle som har søkt og søkjer om å få plass i Kjølsdalen Montessoribarnehage, får plass der. For hausten 2016 ligg det føre søknader på 26 plassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage. Dette er positivt for søkjarane, barnehagen og bygda. Det vil heller ikkje føre til at Stårheim barnehage vil få færre born, då opptaket syner at det blir fullt i denne barnehagen. Det kan likevel føre til at andre barnehagar i Eid kommune ikkje får fullt opp sine plassar. Ei av utfordringane vert då at dei misser deler av inntektsgrunnlaget og kan få utfordringar med å klare seg økonomisk. Økonomiske konsekvensar: Å auke tal barnehageplassar i kommunale eller private barnehagar har ein økonomisk kostnad. Ved auke av tal plassar i private barnehagar, kan Eid kommune gje tilskot for kvar ny plass. Kostnadene ved å opprette 9 nye plassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage vil vere avhengig av mellom anna: Tal plassar som blir nytta, og om desse plassane er nye eller om dei vert oppretta på bekostning av andre barnehageplassar i Eid kommune. Alder på borna som nyttar desse plassane: Tilskotssatsane for år 2016: o 0 - 2 år kr. 184 489,- per heiltidsplass o 3 - 6 år kr. 88 296,- per heiltidsplass o Kapital kr.17 400,- per heiltidsplass. barnehage til Kjølsdalen M. Kapitaltilskotet varierer frå barnehage.Kr 17 400 er for barnehage år 2016. Teljedato er kvart år 15. desember. Det vil seie at tal born som har barnehageplass på denne datoen vil vere med i utrekingsgrunnlaget for tilskota til dei private barnehagane. Andre økonomiske faktorar: Alle endringar i barnehagesektoren påverkar tilskotet til dei private barnehagane. Ein skal ha ei økonomisk likeverdig handsaming mellom dei private og dei kommunale barnehagane. Forenkla kan ein seie at rimeleg drift av kommunale barnehagar gjev mindre tilskot til private barnehagar, og dyr drift av kommunale barnehagar gjev høgare tilskot til private barnehagar. Vurdering: Skal Eid kommune kunne tilby barnehageplassar til nye barn som flyttar til kommunen, må ein ha ledige plassar. Det kan vere utfordrande, men vi har gjeve tilbod til langt fleire born enn det som lova krev og det som ligg til grunn for rammetilskotet til kommunen. I tillegg har vi kommunestyrevedtak på at ved behov kan vi opprette ti nye plassar i Golvsengane barnehage. Ved ei eventuell oppretting av nye barnehageplassar, har vi tidlegare sagt at dei bør vere like attraktive og like eigna som eksisterande plassar. Dvs. at barnehageplassane bør vere i gode og eigna lokale. I tillegg vurderer administrasjonen det som særs viktig at nye plassar blir etablerte i tilknyting til eksisterande barnehagar, slik at ein oppnår integrering av nye barn i Eid kommune. Søkjarane til barnehageplassane i Kjølsdalen er stort sett frå Kjølsdalen, og Kjølsdalen Montessoribanehage har gode lokale i bygget til Kjølsdalen Montessoriskule. Ved å opprette nye faste plassar i Kjølsdalen vil brukane få barnehageplass i sitt nærmiljø, og borna slepp å bli transporterte mellom Kjølsdalen og Eid sentrum. Administrasjonen er klar over at oppretting av nye plassar kan føre til at ein ikkje får fylt opp alle barnehageplassane i Eid sentrum. Dette vil i så fall gå utover inntektsgrunnlaget til barnehagane, og ein privat barnehage melder at den kan få problem med drifta. Vi vil likevel tilrå at søknaden frå Kjølsdalen Montessoribarnehage vert komen i møte med den grunngjevinga at tal søkjar til barnehagen er aukande, og at det er stor transportavstand for barnehageborn inn til Eid sentrum. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Kjølsdalen Montessoribarnehage får løyve til å opprette 9 nye faste barnehageplassar. 2. Barnehagen før då følgjande avdelingar: Ei avdeling med born i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar. Ei avdeling med born i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen blir då 27 faste plassar. 3. Tilskotet etter tal plassar blir rekna ut ifrå gjeldande regelverk. 4. Ein eventuell auke i tilskotet til Kjølsdalen Montessoribarnehage kjem ein attende til i budsjettendringssaka for hausten 2016 og i budsjettet for år 2017. 12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET Knut Tore Nes Hjelle, Venstre, kom med følgjande framlegg: 1. Kjølsdalen Montessoribarnehage får løyve til å opprette 4 nye faste barnehageplassar og 5 midlertidige plassar for barnehageåret 2016/17. 2. Barnehagen før då følgjande avdelingar: Ei avdeling med born i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar. Ei avdeling med born i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen blir då 22 faste plassar og 5 midlertidige plassar for barnehageåret 2016/17. 3. Tilskotet etter tal plassar blir rekna ut ifrå gjeldande regelverk. 4. Ein eventuell auke i tilskotet til Kjølsdalen Montessoribarnehage kjem ein attende til i budsjettendringssaka for hausten 2016 og i budsjettet for år 2017. Punkt nr. 1 vart sett opp i mot rådmannen si tilråding. Det fall med 4 mot 5 stemmer. OK-019/16 VEDTAK: Punkt nr. 1 vedtek 5 mot 4 stemmer. Punkt nr. 2 – 4 samrøystes vedteke. 1. Kjølsdalen Montessoribarnehage får løyve til å opprette 9 nye faste barnehageplassar. 2. Barnehagen før då følgjande avdelingar: Ei avdeling med born i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar. Ei avdeling med born i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen blir då 27 faste plassar. 3. Tilskotet etter tal plassar blir rekna ut ifrå gjeldande regelverk. 4. Ein eventuell auke i tilskotet til Kjølsdalen Montessoribarnehage kjem ein attende til i budsjettendringssaka for hausten 2016 og i budsjettet for år 2017. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-046/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Kjølsdalen Montessoribarnehage får løyve til å opprette 9 nye faste barnehageplassar. 2. Barnehagen før då følgjande avdelingar: Ei avdeling med born i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar. Ei avdeling med born i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen blir då 27 faste plassar. 3. Tilskotet etter tal plassar blir rekna ut ifrå gjeldande regelverk. 4. Ein eventuell auke i tilskotet til Kjølsdalen Montessoribarnehage kjem ein attende til i budsjettendringssaka for hausten 2016 og i budsjettet for år 2017. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-054/16 VEDTAK: 1. Kjølsdalen Montessoribarnehage får løyve til å opprette 9 nye faste barnehageplassar. 2. Barnehagen før då følgjande avdelingar: Ei avdeling med born i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar. Ei avdeling med born i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen blir då 27 faste plassar. 3. Tilskotet etter tal plassar blir rekna ut ifrå gjeldande regelverk. 4. Ein eventuell auke i tilskotet til Kjølsdalen Montessoribarnehage kjem ein attende til i budsjettendringssaka for hausten 2016 og i budsjettet for år 2017. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Oppvekst- og kulturutvalet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: Elin Leikanger SAKSGANG Møtedato 12.04.2016 28.04.2016 Saksnr 018/16 055/16 Arkiv: Objekt: Saksansv. ELE ELE Arkivsaknr 15/2193 Eid frivilligsentral - godkjenning av ny partnerskapsavtale Prenta vedlegg: Framlegg til partnerskapsavtale mellom Eid kommune og Eid frivilligsentral 2016-2019 Andre aktuelle dokument.: Årsmelding Eid frivilligsentral 2015 http://eid.frivilligsentral.no/media/37412/aarsmelding2015-signert.pdf Strategiplan 2016-2019 http://eid.frivilligsentral.no/media/37088/strategiplan2016-2019.pdf Årsplan 2016 http://eid.frivilligsentral.no/media/37087/aarshjul-2016.pdf Kva saka gjeld: Saka gjeld godkjenning av ny partnerskapsavtale mellom kommunen og Eid frivilligsentral. Bakgrunn for saka: Tidlegare partnerskapsavtale gjaldt berre for eitt år (2015). Det er ønskjeleg å ha eit lenger perspektiv på samarbeidet, og det er difor no utarbeidd eit avtaleframlegg for perioden 20162019. Vidare gjorde kommunestyret følgjande vedtak i budsjettsaka hausten 2015, verbalframlegg B : «Kommunestyret ber Rådmannen utgreie mulig alternativ organisering av frivilligsentralen, i samarbeid med styret i stiftinga.» Saksutgreiing: Frivilligsentralen i Eid vart oppretta i 1996. Dei to første åra var Frivilligsentralen ein del av organisasjonen i Eid kommune. I 1998 vart det vedteke å fase sentralen ut av Eid kommune. Stiftinga Frivilligsentralen i Eid vart etablert i 1998, og frå 1/1-99 har stiftinga stått for drifta av sentralen. Frivilligsentralen har slite med økonomien i alle år, fleire år har det mot slutten av året vore nødvendig må betale ut forskot på neste års tilskot for ha likviditet dei 2-3 siste månadene av driftsåret. I 2015 vart løyvinga til sentralen auka frå kr 200.000 til kr 380.000, og rekneskapen syner eit lite overskot. Frå 2016 er den kommunale løyvinga til frivilligsentralen redusert til kr 350.000. Framlegg til ny partnerskapsavtale gjeld for 4 år. Det gir føreseieleg rammer for begge partar. Det er elles lagt vekt på at partane skal samhandle om tiltak som inkluderer frivillig sektor. Kommunestyret sitt vedtak om utgreiing av alternativ organisering er innarbeidd i avtalen pkt IV Satsingsområde 2016-2019: «Partane skal i 2016 i samarbeid utgreie alternativ organisering av frivilligsentralen, med sikte på organisasjonsendring frå 01.01.2018» Økonomiske konsekvensar: Avtalen bind kommunen sin økonomi i 4 år framover, då det er innarbeidd i avtalen at «Under føresetnad av årleg godkjenning frå kulturdepartementet/tildeling av øyremerka statleg tilskot til frivilligsentraldrift, og at denne avtalen vert følgd, får Stiftinga Frivilligsentralen i Eid i avtaleperioden eit årleg kommunalt tilskot på kr. 350.000,-. Tilskotet vert regulert i takt med deflatoren , første gong 1/1-17. Stiftinga Frivilligsentralen i Eid vil i tillegg også få overført evt. øyremerka statlege tilskot til Frivilligsentraldrift.» Vurdering: Partane hadde tidlegare to avtalar, ein samarbeidsavtale og ein partnarskapsavtale. Samarbeidsavtalen skildra tenester som frivilligsentralen skulle få frå kommunen: Leige av Valhall, kopiering, porto og revisjon. Dette er no innarbeidd i partnarskapsavtalen. Vidare er det teke høgde for at statstilskotet til frivilligsentralar frå 2017 truleg vert lagt inn i rammetilskotet til kommunen. Frivilligsentralen driv eit omfattande frivillig arbeid som er svært viktig både for Eid kommune og for lag og organisasjonar. Partnarskapsavtalen føreset at partane skal ha nytte av samarbeidet. Avtalen skal bidra til å styrke vidare utvikling av frivillig arbeid i kommunen, og motivere til frivillig aktivitet på nye arenaer. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Framlegg til partnarskapsavtale mellom Eid kommune og Eid frivilligsentral vert godkjend slik den ligg føre. 12.04.2016 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET OK-018/16 VEDTAK: Framlegg til partnarskapsavtale mellom Eid kommune og Eid frivilligsentral vert godkjend slik den ligg føre. Samrøystes. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-055/16 VEDTAK: Framlegg til partnarskapsavtale mellom Eid kommune og Eid frivilligsentral vert godkjend slik den ligg føre. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Helse-og sosialutval Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 21.04.2016 28.04.2016 Kari Krogh Arkiv: Objekt: Saksnr 018/16 045/16 056/16 G Saksansv. KKR KKR KKR Arkivsaknr 16/645 Samarbeidsavtalar til slutthandsaming og underskrift. Eid kommune og Helse Førde. Prenta vedlegg: Framlegg til avtalar med Helse Førde HF: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeden Uprenta vedlegg: Rutinar, vedlegg til delavtale om den akuttmedisinske kjeden (delar av vedlegget er unnateke off.) Bakgrunn for saka: Rammeavtale mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane Sak i Koordineringsrâdet 10.09.15 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Helse- og omsorgstenestelova Spesialisthelsetenestelova Saksutgreiing: I inngâtt rammeavtale med Helse Førde er det bestemt at det skal utarbeidast delavtalar på m.a. desse omrâda: 1. Tilvising, innlegging og utskriving 2. Pasienttransport 3. Samarbeid om den akuttmedisinske kjeden Nr 1 og 3 er også obligatoriske etter lovverket, og det eksisterer avtalar på desse omrâda frâ tidlegare. Det Iigg no føre framlegg til nye, reviderte avtalar. Nr 2 har partane i rammeavtalen blitt samde om å utarbeide, og denne er ny. Tilvising. innlegging og utskriving Helse Førde og kommunane i fylket har i dag følgjande avtalar innan dette omrádet: - Delavtale om tilvising og utskriving. Her gjeld kapitlet om utskriving berre for psykisk helsevern. - Delavtale om utskriving: Denne gjeld somatikk. Ei felles arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til eit revidert avtaleverk, som omfattar tilvising, innlegging og utskriving i høve til heile helse- og omsorgstenesta (dvs både somatikk og psykiske helsetenester): Avtalen regulerer - på eit relativt konkret plan - kva rutinar partane skal ha når det gjeld kommunikasjon og samhandling. Det har i fleire samanhengar vorte framheva at dette er nyttig og naudsynt, jfr m.a. rapport frå erfaringskonferanse i november 2014. . Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet hausten 2015. Ei av årsakene til at det har teke tid med vidare oppfølging, er at det har vore gjort freistnad på å kvalitetssikre klausulen om innhenting av tilleggsinformasjon ved mangelfull tilvising. Klausulen er no utforma slik at den ikkje vil vere i strid med gjeldande regelverk. Delavtalen går no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Pasienttransport Også her har ei arbeidsgruppe med representantar for partane utarbeidd eit avtaleframlegg med bakgrunn i gjeldande rammeavtale. Avtalen avklarar partane sitt ansvar og inneber forplikting til visse rutinar der det tidlegare kan ha vore ein del uvisse og varierande praksis. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet hausten 2015. Avtalen er samordna med delavtale om tilvising, innlegging og utskriving. Grunnen til at det har teke tid med vidare oppfølging, er at det har vore ønske om å leggje fram desse avtalane til same tid. Delavtalen gâr no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Samarbeid om den akuttmedisinske kjeda Helse Førde har sidan 2012 hatt ein avtale med kommunane i Sogn og Fjordane om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda. Dette er ein av del av dei obligatoriske avtalane etter helse- og omsorgstenestelova. Avtalen vart utarbeidd i løpet av kort tid, og det har vore føresetnaden at avtalen seinare skulle reviderast og konkretiserast. Ei felles arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til revidert delavtale og rutinar for bruk av naudnettet, godkjent i koordineringsrådet den 04.09.14. Rutinane er vedlegg til avtaleframlegget (uprenta vedlegg i denne saka).Sentrale styresmakter ønskjer at inngåing av avtalar lokalt på dette omrâdet skal vere høgt prioritert., m.a. som grunnlag for ei felles planlegging av dei akuttmedisinske tenestene. For oppfølging av avtalen, arbeid med utfyllande rutinar, samarbeid om opplæring m.v., er det framlegg om etablering av eit felles akuttmedisinsk forum i fylket. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrâdet og koordineringsrâdet hausten 2015. Ein grunn til at det har teke ein del tid med vidare oppfølging, er at Helse Vest i ettertid har innført felles triagesystem for helseføretaka, og det har vore naudsynt a gjere tilpassing til dette i avtaleteksten. Delavtalen gâr no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Vurdering: Alle avtaleframlegga er ei oppfølging av føresetnader nedfelt i gjeldande rammeavtale mellom kommunen og Helse Førde. Avtalane må og vurderast som naudsynte for a tilfredsstille krava i helse- og omsorgstenestelova § 6, om samarbeidsavtalar mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, på ein god måte. Rådmannen ser det som viktig at kommunen inngår desse avtalane med Helse Førde. Avtalane har vorte grundig vurderte i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet – i tillegg til felles arbeidsgrupper. Avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet er felles samhandlingsarenaer for kommunane og Helse Førde. Det er ønskjeleg at desse avtalane er mest mogleg like frä kommune til kommune. Rådmannen vurderer avtaleframlegga som tenlege for a fremje samhandlinga på viktige område, og vil tilrå at kommunen skriv under på avtalane slik dei ligg føre. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Eid kommune inngår følgjande avtalar med Heise Førde HF i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda 13.04.2016 HELSE-OG SOSIALUTVAL Vedtaket var samrøystes. HSO-018/16 VEDTAK: Eid komune inngår følgjande avtalar med Heise Førde HF i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-045/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Eid kommune inngår følgjande avtalar med Heise Førde HF i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-056/16 VEDTAK: Eid kommune inngår følgjande avtalar med Heise Førde HF i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 21.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Tore Nyhammer-Taklo Saksnr 053/16 057/16 Arkiv: Objekt: 46/82 Saksansv. TNT TNT Arkivsaknr 09/1782 Lefdal Invest AS Avtale om opparb og drift av Sørøyrane utbyggingsplan areal Prenta vedlegg: Signert avtale Eid kommune Utbyggingsplan Sørøyrane, Plankart og føresegner Kva saka gjeld: Avtale om leige, bruk og drift av del av kommunalt areal gnr/bnr 46/82 på Sørøyrane mellom Eid kommune og Lefdal Invest AS. Bakgrunn for saka: Henvending frå Lefdal Invest AS om å få opparbeide arealet som beskrive i Utbyggingsplan for Sørøyrane for eigen kost mot å få drifte og bruke areal i etterkant. Det har tidlegare vore kontakt mellom Eid kommune og andre interessentar i området utan at det vart sett i verk tiltak, ref tidlegare F-sak 026/10. F-026/10 VEDTAK: 1. Arbeidet med detaljplan for Småbåthamna vert sett i gang slik det går fram av saksutgreiinga. 2. Kostnadene med planarbeidet blir finansiert ved bruk av avsette midlar på fond 25640006. 3. Eid kommune vil behalde råderetten over området. 4. Administrasjonen får i oppgåve å arbeide vidare med å få på plass ein avtale med interessentane i området som tek sikte på å avklare kven som skal opparbeide området, eventuell leigeavtale samt å drifte anlegget. Saksutgreiing: Eid kommune har utarbeidd og detaljprosjekt som er grunnlag for vidare arbeid på arealet. Denne utbyggingsplanen skal følgjast unntatt servicebygg område A1 og A2 som ikkje vil bli etablert i denne omgang. Lefdal Invest AS har vore ein bidragsyter og gjeve innspel til planen frå då arbeidet starta i 2005-6. Utbyggingsplan tek vare på universell utforming (UU), parkeringstilhøve og møteplasser for alle. Økonomiske konsekvensar: Eid kommune vil ikkje måtte pådra seg nye låneopptak for å få dette areal sett i stand som beskrive i Utbyggingsplan Sørøyrane. Dette er leigetaker ansvar som også vil drifte og bruke areal. Eid kommune vil behalde eigedomsretten. Det er idag ikkje knytt andre utgifter eller inntekter til arealet for Eid kommune. Vurdering: Administrasjonen stiller seg positiv til at Lefdal Invest AS vil påta seg ansvar for opparbeiding og drift av arealet på gnr/bnr 46/82, mot avtale som signert og ligg ved denne saka. Arealet er i dag det siste sjøfronten som ikkje er opparbeida og vil heve det førstinntrykket som møte sjøreisande som kjem til Nordfjordeid, anten det er småbåttrafikk eller cruise passasjerar. Eid kommune har tidlegare signalisert at det vil ikkje bli sett av midler til opparbeiding, men at ein ønskjer andre inn for opparbeiding og drift. Pkt 6 i avtalen seier at ved opphør av drifta av grunnar som Lefdal eigedom ikkje rår over, kan Eid kommune skal løyse inn anlegget. Her er det mogeleg å tenkje seg andre formuleringar og løysingar. Den aktuelle formuleringa er teke inn etter ønskje frå Lefdal Eigedom AS RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Avtale med Lefdal Invest AS blir godkjent som den ligg føre. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-053/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Avtale med Lefdal Invest AS blir godkjent som den ligg føre. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-057/16 VEDTAK: Avtale med Lefdal Invest AS blir godkjent som den ligg føre. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Kommunestyret SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 28.04.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Asbjørn Tverberg Arkiv: Objekt: Saksnr 041/16 058/16 L12 Saksansv. ATV ATV Arkivsaknr 14/1990 Reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor Endring ved Nor bru - Vedtak Prenta vedlegg: 1. Planomtale med føresegner 2. Plankart 3. Samandrag og vurdering/oppfølging av merknadar i planarbeidet 4. Uttaler til planforslaget: a. NVE b. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane c. Eid elveeigarlag d. Grunneigarar og naboar e. Statens vegvesen Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova (pbl.) Kva saka gjeld: Vedtak av forslag til endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru. Bakgrunn for saka: Reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs rv15 Mogrenda – Nor skal sikre trygg ferdsel for gåande og syklande i dette trafikkfarlege området. Gjennom vidare prosjektering etter at reguleringsplanen var vedteken, synte det seg at fundamenteringsmåten som var føresett ville vera usikker når det gjeld konstruksjonsstyrken, og det ville vera fare for at det gamle brukaret måtte rivast for å kunne byggje gangbrua. Målet med endra trasé for gangbrua er såleis å få ei sikrare fundamentering og å få betre avstand mellom ny gangbru og det gamle verneverdige brukaret. Med bakgrunn i dette varsla Asplan Viak AS endring av reguleringsplanen på vegne av Statens Vegvesen. Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn i perioden 14. januar 2016 til 25. februar 2016, jf. teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak i møtet 13. januar 2016, i TSU-sak 005/16. Sjå samandrag av uttaler og vurdering av uttalene under saksutgreiinga. Saksutgreiing: Planområdet er utvida austover i høve til gjeldande plan. Dette for å få med naudsynt areal til eventuell flytting av gytebekken som er omtala i planen. (Planomtalen er noko misvisande på dette punktet, og omtalar berre ei lita utviding sør for fv 663) I kommuneplanen sin arealdel er delar av området sett av til område der reguleringsplan skal gjelde før arealdelen, resten av området er sett av til veg og LNF-område. Forslaget til endring omfattar veg med tilhøyrande anlegg, og samsvarar såleis med vedteken overordna arealbruk for Eid kommune. Detaljreguleringsplanen skal regulere bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1 første ledd. Forslag til endring av reguleringsplanen Sjå vedlagt planomtale med føresegner og plankart for meir informasjon om planforslaget. Detaljreguleringsplanen som har vore til offentleg ettersyn ser slik ut, jf. vedlagt plankart: Innkomne uttaler ved offentleg ettersyn I samband med offentleg ettersyn kom det inn fem uttaler til planforslaget. Uttalene ligg i sin heilskap ved saksutgreiinga, og under er det gitt eit kort samandrag av relevante merknadar til planforslaget og vurdering av planforslaget opp i mot uttalene. 1. NVE, 10.02.2016: NVE ber om at konklusjonen, konkrete råd knytt til kotehøgd og føresetnadar for dette, frå SWECO sin rapport vert innarbeidd i føresegnene til planen. Utover dette meiner NVE at planforslaget i det alt vesentlege har følgt opp dei omsyna som NVE tidlegare har spelt inn. Kommentar: NVE sin merknad vert teken til følgje. 2. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 24.02.2016: Fylkesmannen tilrår at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua. Fylkesmannen har ikkje fått høve til å vurdere samfunnstryggleik og beredskap i samband med planforslaget. Utover dette har fylkesmannen ingen avgjerande merknadar til planforslaget. Kommentar: Reguleringsplanen tek ikkje stilling til plassering av kabel og innspelet vert difor sendt vidare til Statens vegvesen, som må vurdere dette i samband med gjennomføringa av reguleringsplanen. 3. Eid elveeigarlag v/Per Ingvar Langeland, 23.02.2016: Eid elveeigarlag ber om at all graving vert gjort på ei tid av året som gjev minst mogeleg skade for fisk og gyteplassar og at SFE Nett sin kabel vert flytta til den nye brua Kommentar: Elveeigarlaget sin merknad vedk. tid for anlegg er allereie teken i vare, jf. A.2 i føresegnene. 4. Grunneigarar og naboar, 24.02.2016: Dei har merknad til fleire punkt i planframlegget: Gangbruplanane Merknadar frå grunneigarane/naboar: I merknaden vert det vist til planomtalen, der det står at søre landkaret til gangbrua skal plasserast 8 m frå elvebreidda. Dei meinar at landkaret på flyttast sørover til parkeringsplassen. Dette fordi dei meinar at det er mogleg å byggje eit flaumgjennomløp gjennom riksvegfyllinga sør for kanalen til Meieri-åda, og ei ny bru nedstraums den eksisterande ikkje må kome i vegen for ekstra opning og flaumføring. Dei viser til at slik riksvegbrua er konstruert, med fyllingar fram mot eit bruspenn på 20 m, er gjennomstrøymingsarealet sterkt redusert i høve til opphavleg – naturleg – gjennomstrøymingsareal, og at dette fører til flaumproblem for busetnaden kring Hornindalsvatnet, t.d. på Grodås i Hornindal kommune. Dei ønskjer også at skadar på kanalen til Meieri-åda i samband med bruarbeid i 1963 må rettast opp i samband med arbeid i/ved elva, og før ny gangbru gjer tilkomst problematisk. Landkar og parkeringsplass må utførast i tørrmur eller forblendast med naturstein. Dette for å harmonere med murane på riksvegbrua. Kommentar til merknad til gangbruplanane: Tryggleik mot flaum er ei problemstilling som er vorte veldig aktuell den siste tida. Tidlegare tiders tiltak langs vassdrag rundt om i landet har medført at skadane ved flaum har vorte større enn dersom oppfløyming hadde vore teke omsyn til ved planlegging og bygging. Det er difor viktig at ein ved nye tiltak ikkje forsterkar eventuelle flaumproblem som eksisterande tiltak måtte føre med seg. Dersom det er teknisk mogleg, bør ein også søkje å utbetre eksisterande inngrep, slik at ein kan dempe skadeverknadane av flaum så godt som råd. Så vidt Rådmannen kan sjå, kan etablering av eit flaumgjennomløp i riksvegfyllinga ikkje gjennomførast utan inngrep i den verneverdige muren. Dette kan difor vanskeleg gjennomførast. Det er likevel eit poeng at dersom Hornindalsvatnet skulle vekse såpass at vatn strøymer over både bru og fylling, så bør ikkje vatnet møte endå ei hindring like nedanfor. Planframlegget er nokså uklart m.o.t. utforminga av rasteplassen. Det går ikkje fram av dokumenta om rasteplassen skal vere på nivå med parkeringsplassen, eller om den skal leggast på eksisterande terreng. Dersom det siste er tilfelle, vil Rådmannen tilrå at brua vert lagt på pilar der landkaret er foreslått plassert, og med eit nytt spenn inn til landkar i flukt med parkeringsplassen, slik som grunneigarane foreslår. Planframlegget viser ikkje plassering av brukar verken i elva eller på elvebreidda. Brukar kan visast på plankart som juridisk punkt med RpJurPunkt = 1251 – Brukar. Dette medfører at plassering av brukara er juridisk bindande, slik at ei eventuell flytting av brukar må handsamast som endring av plan. Dette er nok årsaka til at brukar ikkje er vist i planframlegget, men det medfører også at ein ved utbygging står friare m.o.t. plassering av brukara. Rådmannen tilrår difor ikkje noko endring i planframlegget, men at signalet vert sendt til vegvesenet om at dei søkjer ei så stor gjennomstrøymingsopning som råd under Busslomma Merknadar frå grunneigarane/naboar: Dei meinar vidare at plasseringa av busslomma i svingen medfører fare for dei som står og ventar på bussen. Dei viser til at erfarne sjåførar av tyngre køyrety meinar at dette vegstykket er eit utsett område der tyngre køyrety kan kome ut av kontroll på veg austover. Dei meinar at busslomma må plasserast annan stad, eventuelt i område vist på skisse vedlagd til brevet. Kommentar til merknad til busslomma: Den føreslegne løysinga til grunneigarane medfører at bussjåføren må svinge av riksvegen og inn på busstoppet for i heile teke å sjå om der er folk som skal vere med bussen. Rådmannen legg til grunn at vald løysing bygger på vegnormalen til Statens vegvesen og kan såleis vanskelig tilrå noko endring på dette punktet. Rådmannen vil be vegvesenet om å sjå på om dei kan få til ei betre løysing på busstoppet, og handsame dette som ei endring av planen ved eit seinare høve. Gardsvegane SKV3 og SKV4 Merknadar frå grunneigarane/naboar: Dei ber om at gardsveg SKV3 får maks stigning 3 %. Dette medfører at vegen vert liggande på fylling store delar av strekninga. Dei meiner også at vegen bør trekkast nærare eksisterande veg der den passerar busslomma, og ved å fjerne busslomma kan gardsvegen knyttast til eksisterande veg tidlegare. Avkøyrsla til SKV4 meinar dei må dimensjonerast for store bilar, SP. Kommentar til merknad til gardsvegane SKV3 og SKV4: Rådmannen legg til grunn at SKV3 er lagt slik for å gi plass til fylling. Det vert difor ikkje foreslått noko endring her. Rådmannen finn ikkje noko dimensjonerande køyrety SP i Statens vegvesen si handbok N100 – Veg- og gateutforming. Tilkomst til Eidselva Merknadar frå grunneigarane/naboar: Denne er ein gammal sedvanerett og einaste tilkomst til den stilleflytande delen av vassdraget for ein del av grunneigarane, og er brukt både til sjøsetting og ilandhaling av båtar og anna flytande. Dei meinar difor at den må oppretthaldast som køyrbar. Kommentar til merknad til tilkomst til Eidselva Ein reguleringsplan regulerer ikkje privatrettslege tilhøve, men arealbruk. Ut frå trafikktryggleiksomsyn kan ein ikkje tilrå ei avkøyrsle slik grunneigarane ynskjer. Grunneigarane må eventuelt gå i dialog med Statens vegvesen om å få etablert ein tilkomst til Eidselva annan stad, som erstatning for den dei har hatt til no. Dette vert som nemnt privatrettsleg og vert ikkje ein del av reguleringssaka. Fartsskilting Merknadar frå grunneigarane/naboar: Meinar at det må takast omsyn til fartsskilting også frå vegkrysset og langs fv 663. Trafikken har dei siste åra auka på denne vegen med etablering av betongfabrikk og elles auka gjennomgangstrafikk av ukjende som brukar GPS-navigering. Kommentar til merknad til fartsskilting: Skilting er ikkje tema i reguleringsplan. Merknaden vert sendt til Statens vegvesen for vurdering av fartsgrenser i området. 5. Statens vegvesen, 25.02.2016: Statens vegvesen ber om at det i planarbeidet vert teke stilling til tiltaka som er fremja i TSrapporten dersom dette ikkje er gjort. Det bør vurderast krav om konkrete tiltak i føresegnene § 5.2.2. Vegvesenet syner til at gangtilkomst til Hornindalsvatnet ikkje treng å visast på plankartet og at den bør vurderast nærare då den kan vere uheldig i forhold til trafikktryggleik/kryssing av køyreveg. Siktforholda i avkøyrsler må i planen sikrast å vere i samsvar med gjeldande krav. Tilfredsstillande rekkverk må omtalast og innarbeidast i planforslaget. Også andre merknadar nemnt i TS-rapporten må følgjast opp dersom det ikkje er gjort. Kommentar: Det er Statens vegvesen som fremjar planendringa. Dei må sjølve vurdere om planen tek nok omsyn til TS-rapporten, og kome med konkrete framlegg til endringar dersom dei finn det naudsynt. Økonomiske konsekvensar: Dette er Statens vegvesen sitt forslag til endring av reguleringsplan og vedtaket inneber difor ikkje økonomiske konsekvensar for kommunen. Vurdering: Rådmannen meiner at Statens vegvesen sitt planforslag er utarbeidd i samsvar med overordna plan, plan- og bygningslova og at naudsynte vurderingar er gjort. Ved utarbeiding av reguleringsplanar vil mange og til dels motstridande interesser gjere seg gjeldande. Reguleringsplanen legg til rette for gang- og sykkelveg for ålmenta og private eigeninteresser må få av og til vike. Rådmannen kan ikkje sjå at det ligg føre avgjerande moment for at reguleringsplanen ikkje kan godkjennast slik den ligg føre, men vil som nemnt ta vidare innkomne innspel og argument til Statens vegvesen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre med følgjande endring: 1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.» 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL TSU-041/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre med følgjande endring: 1. Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.» 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Felles tilleggsframlegg fremja av Tore Hjelle (H): 1. Eid kommmune føreset at elveløpet ikkje vert snevra inn . 2. Eid kommune ber Statens Vegvesen vurdere å heve nivået på av- og påstigning til busslommen for å betre trafikktryggleiken. Det vart røysta over innstillinga frå teknisk- og samfunnsutvalet som vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over det felles tilleggsframlegget fremja av Tore Hjelle (H) som vart samrøystes vedteke. KS-058/16 VEDTAK: 1. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert endring av reguleringsplan for gangog sykkelveg langs Rv 15 Mogrenda - Nor - endring ved Nor bru, vedteken slik den ligg føre med følgjande endring: Følgjande vert føya til i § 5.2.2 i føresegnene: «Underkant brudekke skal vere minimum 0,5 m over nivå på 200-årsflaum.» 2. Eid kommmune føreset at elveløpet ikkje vert snevra inn. 3. Eid kommune ber Statens Vegvesen vurdere å heve nivået på av- og påstigning til busslommen for å betre trafikktryggleiken. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Teknisk-og samfunnsutval Kommunestyret Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Elin Paulsen SAKSGANG Møtedato 13.04.2016 28.04.2016 Arkiv: Objekt: Saksnr 044/16 059/16 Saksansv. EPA EPA Arkivsaknr 16/827 Namnsetjing på friluftsområde Nordøyrane Kva saka gjeld: Namnsetjing på det nye friluftsområdet på Nordøyrane. Bakgrunn for saka: I samband med utfylling og opparbeiding av nytt friluftsområde på Nordøyrane har namnenemda jobba fram og vurdert alternative namn for det nye området. Namna er vurdert på bakgrunn av; ● Stadnamn, eigennamn, historie, eigenskapar/funksjon/innhald og sentrale og beskrivande omgrep/ord. ● Funksjonelle kvalitetar: Relevans, uttale, oppfatning (almen tyding), intellekt- og sanseorientert oppfatning. Saksutgreiing: Nemnda har vurdert det nærliggjande å gje det nye området eit park-namn, då det nye arealet vil inngå i ein heilheit med parkanlegga som allereie ligg på området i dag (Kyrkjeparken og Klatreparken). Omgrepet Park tek vare på riktig og relevante assosiasjonar til bruken av friluftsområdet. Følgjande forslag til aktuelle park-namn vart diskutert og teke med vidare som grunnlag for avgjersle; Strandparken Fjordparken Sagaparken Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», men noko generisk og lite eigenarta. Namnet beskriv plassering (ved sjøen) og eigenskapar; forventingar om kva parken er/byr på. Namnet er relevant og «opplagd», noko generisk og lite eigenarta. Namnet formidlar forventningar om eit utvida innhald og vil styrke eit framtidig Sagastad og aktivitetar rundt dette. Er i tråd med namn som allereie er etablert. Sagaparken Panorama eig domenet «sagaparken» (Kjelde Wikipedia; Saga eller soge (norrønt saga) er ein litterær sjanger frå norrøn tid som særleg er kjende frå Island. Ein eller ei saga er ei prosaforteljing om eit historisk eller mytologisk emne, og handlar typisk om ætter og heltar. Islendingesogene og kongesogene er kjende undertypar av sagaene. Sagalitteraturen bygger i stor grad på munnleg overleverte forteljingar, og blei skriven ned mellom 1120 og 1400-talet. Flikmeldeparken Flikmelde er ein trua plante som veks i strandsona på Eid. Førekomsten i Eid er den nest nordlegaste i Noreg. Delar av Flikemeldebestanden er flytta frå området på, og etablert på 6 nye plassar i strandsona på Nordfjordeid, for å ivareta og utvikle førekomsten. Namnet Flikmelde er eit relevant, men tungt og vanskeleg namn å uttale/hugse. Andre namneforslag: Strandstaden Nordfjordeid har frå gammalt av vore ein strandstad. Strandstad er ein tettstad med avgrensa størrelse med nær tilknyting til sjøen. Med det nye friluftsområdet vil Eid igjen vende seg mot fjorden/sjøen og opne for aktiv bruk av strandsona som leike- og opphaldsplass. Konklusjon; namnet forsterkar vår historie og identitet som ein (fortsatt) vakker strandstad. Enkelte vil assosiere namnet med ein tidlegare pub i nærleiken. Nemnda meiner dette er underordna for evt val av namnet. Fargarbukta Eit namn basert på historie og stadnamn i området. Det nye friluftsområdet ligg i munningen (bukta) ved Fargarelva på Myklebust. Elva som historisk sett har fått namnet etter drift av garveri. Konklusjon; assosiasjonar til drift av garveri og utslepp i elva har ikkje eit positivt forteikn. Ordet bukt vert gjerne assosiert med ein tilbaketrekt og koseleg stad, men også assosierast med ein stad der ting «samlar seg opp». Vurdering: Nemnda meiner namnframlegget SAGAPARKEN er det best namnalternativet. Namnet vil gje området eigenart og identitet, og styrke heilskapen kring historiefortelling og Sagastad-prosjektet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken. 13.04.2016 TEKNISK-OG SAMFUNNSUTVAL Framlegg frå Per Tore Borgund, Frp: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Fargarparken Framlegg frå Petter Bakke, Krf: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Strandparken Det vart først røysta over dei tre framlegga. Sagaparken fekk tre røyster Fargarparken fekk tre røyster Strandparken fekk tre røyster Sagaparken var vedteke med leiaren si dobbelstemme. TSU-044/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET Framlegg frå Vigdis Heimdal Reksnes (SV): Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Fargarparken. Det vart røysta alternativt over innstillinga frå teknisk- og samfunnsutvalet og framlegget frå Vigdis Heimdal Reksnes (SV). Innstillinga frå teknisk- og samfunnsutvalet vart vedteken mot 2 røyster. KS-059/16 VEDTAK: Det nye friluftsområdet på Nordøyrane skal heite Sagaparken. Åslaug Krogsæter -rådmann- EID KOMMUNE Møtebok Styre, utval, komite m.m. Formannskapet Kommunestyret Avgjerd av: Saksbehandler: SAKSGANG Møtedato 21.04.2016 28.04.2016 Alfred Bjørlo Saksnr 054/16 060/16 Arkiv: 080 Objekt: Saksansv. ABJ ABJ Arkivsaknr 16/949 Grunngjeve spørsmål til ordføraren: Framtidig kontorstruktur for skattekontora. Prenta vedlegg: E-post frå Gunnvald Ludvigsen (V): Grunngjeve spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo vedkomande framtidig kontorstruktur for skattekontora. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m: Reglement for Eid kommunestyre §20, Grunngjeve spørsmål. Bakgrunn for saka: Kommunestyremedlem Gunnvald Ludvigsen (V) har kome med grunngjeve spørsmål til ordføraren. Saksutgreiing: Grunngjeve spørsmål til ordføraren: Framtidig kontorstruktur for skattekontora. Regjeringa har varsla at kontorstrukturen i Skatteetaten skal vurderast med sikte på reduksjon av talet på kontoreiningar. Ein slik reduksjon vil kunne innebere at skattekontoret på Nordfjordeid vert råka. Spørsmål: Kan ordføraren orientere formannskapet på førstkommande møte (21.04.2016) om utfordringa og legge fram aktuelle strategiar frå Eid kommune/Nordfjord opp mot Skattedirektoratet og Finansdepartementet? RÅDMANNEN SI TILRÅDING: ……. 21.04.2016 FORMANNSKAPET F-054/16 VEDTAK: Saka vert utsett til kommunestyret 28.04.2016. 28.04.2016 KOMMUNESTYRET KS-060/16 VEDTAK: Spørsmålet og svaret vert teke til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann-
© Copyright 2024