To-dagars klinisk emnekurs i palliasjon

Invitasjon til todagars klinisk emnekurs i palliasjon
Dato: 23-24 mai 2016
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel &SPA, Førde
Kurset er arrangert av Palliativt team i Helse Førde, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester
i Sogn og Fjordane og NSF Faggruppe Forum for kreftsjukepleie
Målgrupper:
Legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell i primær- og spesialisthelsetenesta.
Kurset er godkjent som klinisk emnekurs, 15 timar i palliasjon til vidare- og etterutdanning i
spesialiteten allmennmedisin, og godkjent av NSF som meritterande til klinisk spesialist i
sjukepleie/spesialsjukepleie og ergoterapi.
Sjå vedlagt kursprogram.
Påmelding: https://www.laeringsportalen.no (sjå vedlagt påmeldingsinformasjon) NB! For å få
tilgang til kurset er det viktig at deltakarar frå kommunar vel rett organisasjon ved pålogging:
«Kommunesektor Sogn og Fjordane»
Påmeldingsfrist: 08.05.16
Kursavgift:
Alt. 1: Kr. 1600 Dagspakkar, 2 dagar. Inkluderar kursmateriell og lunsj begge dagar.
Alt. 2: Kr. 2600 Kursavgift med overnatting/fullpensjon (inkludert middag kveld 23.05).
NB! Marker i kommentarfeltet i læringsportalen om du ynskjer overnatting ved
konferansehotellet, denne vert då bestilt av kurskomiteen. Giro blir sendt ut etter påmelding.
Vi gjer merksam på at innbetalt deltakaravgift ikkje blir refundert ved avmelding, men kan nyttast av
ein kollega og meldast kurskomiteen.
Tips til andre overnattingsstader (her må evt. kursdeltakar bestille sjølv):
Thon Hotel Førde (tlf. nr 57828110), Førde pensjonat (tlf.nr 57821164) og Førde camping (tlf.nr
46806000).
Har du spørsmål om kurset kan du ta kontakt med:
Berit Ullebust. Kreftkoordinator Førde kommune: Telefon: 94824254.
[email protected]
Vigdis Årdal Sæterlid. Sjukepleiar, Palliativt team. Telefon: 415 30 580. [email protected]
Helge Sårheim. Lege Palliativt team: Telefon: 415 18 249. [email protected]
Vennleg helsing
Berit Ullebust
Koordinator for kreft og fagutvikling Førde Kommune
Tlf. 94824254
Kontoradresse: Førde Rådhus, Hafstadvegen 42.
6802 Førde
e. post: [email protected]