Flinkaste bonden i klassen

KOMMENTAR // 3
BERGENS TIDENDE FREDAG 13. MAI 2016
Bøndene har alltid gjort som staten seier. No syner trassalderen seg - men er det eigne tanker bak
motstanden?
Flinkaste bonden i klassen
FREDAGSGJESTEN
SIRI HELLE
[email protected]
Journalist og forfatter
N
ORSKE BØNDER er flinke til
mykje. Dei dyrkar verdas
beste eple, klarar å halde
dyra friske utan antibiotika,
jobbar 18 timars dagar når
lamming kjem samstundes med våronn
– og ikkje minst er dei skikkeleg gode til
å gjere som staten seier.
På åttitalet var beskjeden frå staten
«dyrk dykkar eige fôr», så då dyrka
bønder kålrot. På 2000-talet snudde
staten og sa i staden «kjøp ferdigblanda
kraftfôr», så då gjorde bønder det, og så
bygde dei om kålrotlagera sine til fjøs for
okseoppdrett. Ei auke i tilskot til lammekjøt i fjor fungerte så bra at vi allereie har
overproduksjon.
DET ER ÒG denne velviljen bondestanden
syner ovanfor staten som gjer at vi framleis har jordbruksforhandlingar. Så kvifor
er det klagande bønder overalt i sosiale
og andre medier for tida?
Det er ikkje vanskeleg å forstå at bøndene er misnøgde med det tilbodet dei
fekk av staten i år. Å møte ei regjering som
i så liten grad bryr seg om korleis jordbruket er vant med å ha det, som styrer etter
ideologi heller enn praktisk geografi, er
ein ny røyndom – og han er ikkje vakker,
verken for bøndene, landskapet eller oss
forbrukarar.
Likevel er det ein sterk konsensus
som styrer norsk jordbrukspolitikk. Ja,
støtta til og semja kring målet er nærast
rørande – eit ope kulturlandskap, beitedyr, levedyktige, små gardar og stabil
sjølvforsyning.
USEMJA KRING korleis i alle dagar ein skal
nå desse måla er tilsvarande frustrerande. Denne usemja har gjort «norsk
mat på norske ressurser», «det grøne
skiftet» og «produksjonsvekst i takt med
veksten i innbyggjartalet» til nokre av dei
mest innhaldslause klisjeane i det offentlege ordskiftet.
FOR SJØLV blant bondeleiarar er det
skilnad på festtaler og kvardagsspråk.
Pressemeldinga Norges Bondelag la ved
kravet frå jordbruket 24. april i år opnar
med å sitere leiar Lars Petter Bartnes slik:
«Norske bønder skal levere på bestillingen frå stortingsflertallet om å
produsere mer mat på den jorda vi har i
Norge. Da må hele landet brukes, og alle
bøndene må få mulighet til å satse».
Festtale der altså. I Bondebladet 11
dagar tidlegare er det derimot kvardagsbonden som snakkar når Bartnes forkla-
FLINKE: Norske bønder er skikkeleg gode til å gjere som staten seier, skriv gjestekommentator Siri Helle. Her er sauer i Dyrvedalen på
FOTO: RUNE SÆVIG
Voss.
rar kvifor han ikkje støttar bygdeforskar
og landbruksnestor Reidar Almås’ bok
med forslag om ein ny jordbrukspolitikk:
«(...) det vil være en kostbar løsning å
bruke gamle beiteareal fra 50-tallet. Det
er små, inneklemte områder som ikke er i
drift i dag fordi de ikke er rasjonelle.»
«Kylling beitar ikkje» er eit vanleg
argument mot kyllingproduksjon og for
beitedyr. For i vårt moderne system er det
slik. Vi har gløymt at kylling – og høner
– opprinneleg er jungeldyr, som henta
maten heilt sjølv på bakken og oppe i trea
– ein aktivitet betre kjend som beiting.
I DET BONDEEIGDE samvirket Nortura sitt
I EI UNDERSØKING gjort for Agri Analyse i
innspel til landbrukets krav i jordbruksforhandlingane, eit dokument som stort
sett vert brukt internt, forklarar dei kvifor
kostnadane ved inntransport av slakt
ikkje aukar:
«I tillegg til at det er satt i gang effektiviseringstiltak, er også produsentstrukturen i endring med større og mer
rasjonelle enheter.»
Deler av landet er altså ikkje rasjonelt
lenger, og større einingar er meir rasjonelle sjølv for bøndene når det kjem til
stykke. Korleis skal ein ta heile landet i
bruk utan å bruke dei små, inneklemte
områda? Er bonden som skal gå først
gjennom det grøne skiftet klar over denne
avgrensinga?
DET ER NOK av naturlover i landbruket –
men det politiske og juridiske systemet
er ikkje blant dei. Vi har vent oss til å sjå
systemet slik det står fram no, og vi venner oss til stadig meir: Å importere avlsmateriale til kylling- og eggproduksjon
vente vi oss til i 1994, då importforbodet
mot formeiringsmateriale til fjørfe vart
fjerna.
2013, seier 72 prosent av dei spurte bøndene at betre inntekter frå jordbruket er
viktigast for at dei skal klare å produsere
meir på garden sin. 42 prosent treng
tilgang på meir areal (fleire svar var mogeleg).
Nedgangen i jordbruksareal i Noreg
var drygt fem prosent frå 2005 til 2015.
Det er sjølvsagt fem prosent for mykje,
men likevel ikkje dramatisk om ein samanliknar med retninga på andre piler i
jordbruket. Slår ein det saman med at 42
prosent av bøndene seier dei treng meir
areal for å kunne produsere meir, ser
ein at det reknestykket fort ikkje går opp
– eventuelt fører med seg ein monaleg
bondekapitalisme òg i framtida.
Å AUKE arealet på ein gard aukar ikkje
nødvendigvis den samla matproduksjonen i Noreg om ikkje produksjonen per
arealeining aukar samstundes. Det hjelp
heller ikkje på den største utfordringa
bøndene har – betre inntekter. Betre
inntekter frå jordbruket er ikkje mogeleg
i ein bulkbasert volumproduksjon. Ein
vert ikkje rikare av å byggje større fjøs –
Sjølv blant bondeleiarar er det
skilnad på festtaler og kvardagsspråk.
ein får først og fremst meir gjeld, noko
det konkurstruga jordbruket i Danmark
er eit godt døme på.
Dersom bondenæringa vel vekk statens invitasjon til ei vidare industrialisering, er ikkje framtida lagt opp for dei
lenger. Då må dei skape han sjølve.
NORSK MAT på norske ressursar kan syne
seg å krevje store, kompliserte endringar.
Det kan mellom anna innebere å ikkje
nytte potensialet Norsk Raudt Fe, den
dominerande norske mjølkekua, har til å
mjølke 10.000 liter i året. I staden må ein
kanskje senke avdråtten til 5000–6000
kilo per ku–liter, som kan mjølkast på eit
minimum av innkjøpt kraftfôr med eit
minimum av importerte råvarer.
Det kan innebere at marknaden for
– eller den offentlege støtta til – kylling
,som doblar vekta si fire gonger på ein og
ein halv månad ved hjelp av soya frakta
halve jorda rundt, ikkje lenger er der.
For det hjelp ikkje å auke produksjonen
i takt med vekst i innbyggjartalet dersom
produksjonen er basert på utanlandske
ressursar. Då vert ikkje sjølvforsyninga
meir enn ei skinnforsyning.