Sjå møteboka!

GLOPPEN KOMMUNE
FORMANNSKAPET
MØTEBOK
Møtedato:
10.05.2016
Møtestad:
Heradshuset - kommunestyresalen Saksnr.:
Møtetid:
Kl. 09:00 – 13:50
048/16 - 056/16
Parti
Sp
Sp
Krf
Krf
Krf
Ap
SD
V
Desse medlemmene møtte:
Magni Aa Berge
Bernt Reed
Svein-Ottar Sandal
Arnfinn Brekke
Venke Kollbotn
Arnar Kvernevik
Gunnvor Sunde
Bjarte Gangeskar
Forfall/møtte ikkje
Leidulf Gloppestad
Parti
Sp
Følgjande varamedl. møtte
Hege Lothe
Ugilde
Arnar Kvernevik
Sak
52/16
§ i forv.lova Følgjande varamedl. møtte
6, 2. ledd
Ingen
Møteleiar:
Frå adm. møtte:
Andre:
Utlevert i møtet:
Orientering:
Sp.mål/interpell.:
Synfaring:
Diverse:
Parti
SV
Magni Aa Berge
− Rådmann Jan Kåre Fure
− Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug under orienteringa om tidlegare
Sandane Hotell (sak 49/16)
− Rådgjevar Birte Fossheim i sak 50/16
− Arkitekt Annemieke Koopmans i sak 51/16
− Edgar Kvernevik i sak 52/16
− Per Ståle Husevåg (som er kommunen sin utsending til
representantskapet i Firda Billag AS) i sak 53/16
Sjå sak 59/16
Møtet vart lukka under deler av sak 49/16 i medhald av
kommunelova § 31, nr 5
Underskrifter:
Magni Aa Berge
Side 1
SAKLISTE
Sak nr.
Sakstittel
048/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
049/16
Referat og orienteringssaker
050/16
Rapport frå studietur om sentrumsutvikling til Sunnmøre 30. mars 2016
051/16
Fjordtun - presentasjon av skisse over alternativ bruk av området på
Øyrane
052/16
Cruise på Sandane - spørsmål frå Kvernevik Engineering om å gå vidare
med prosjektet
053/16
Eigarmøte i Firda Billag AS med drøfting om aksjesal
054/16
Nasjonal og regional transportplan 2017-2028 - oppnemning av gruppe
til å utarbeide uttale
055/16
Kommunal medfinansiering til breiband i Myklebustdalen og utviding av
utbyggingsområdet
056/16
Arbeidet med økonomiplanen for 2017-2020 og revisjon av 2016budsjettet
Side 2
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
SAKSGANG
Møtedato
10.05.2016
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
048/16
Arkivsaknr.:
16/641-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møtebøkene frå formannskapet sine møte den 18. og 28. april i år blir lagt fram til
godkjenning.
Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dagens møte.
ORDFØRAREN SI TILRÅDING:
1. Formannskapet godkjenner møtebøkene frå sine møte den 18. og 28. april 2016
2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. mai 2016.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
048/16 VEDTAK:
1. Formannskapet godkjenner møtebøkene frå sine møte den 18. og 28. april 2016
2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. mai 2016.
Vedtaket var samrøystes.
Side 3
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
SAKSGANG
Møtedato
10.05.2016
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
049/16
Arkivsaknr.:
16/640
Referat og orienteringssaker
Refererte skriv og meldingar:
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
1
16/4942
S
19.04.2016
2
16/5718
I
03.05.2016
Avsendar/Mottakar Tittel
Gloppen Ap
Delegering av avgjerdsrett i
søknader om fritak for
eigedomsskatt
Sak til formannskapsmøtet 10. mai
FV 615 og KMD sin støtteordning
til m.a fylkesvegar i samband med
kommunereformen
Orienteringar:
Vegmøte i Ørsta 9. mai
Ordføraren orienterer.
Fellesmøtet med formannskapet i Eid
Ei kort oppsummering av møtet.
Siste nytt om
− Tidlegare Sandane Hotell
− Elvaneset
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
Arnar Kvernevik (Ap) gjorde greie for sitt framlegg om å søkje Kommunal- og
moderniseringsdepartementet om infrastrukturmidlar til fv 615 i samband med
kommunereforma.
Side 4
Eit fleirtal på fem i formannskapet vil ha saka utgreidd av rådmannen før det blir teke stilling
til søknaden. Saka kjem opp på møtet den 23. mai.
Tidlegare Sandane Hotell
Møtet vart lukka i medhald av kommunelova § 31, nr 5 under drøftinga.
Under ordet fritt…
Brosjyren om kommunereforma til ungdomen
− Fleire var kritiske til brosjyren som rådmannen har laga
Tilbodet «God start»
− Informasjon om tilbodet – til møtet i oppvekstutvalet 1. juni
Rehabilitering av Hyen skule
− Prosjektet bør planleggast saman med opprustinga av bassenget – sak til neste møte i
oppvekstutvalet og formannskapet
Brukonferansen den 23. og 24. mai
− Formannskapet bør vere godt representerte.
049/16 VEDTAK:
Det vart ikkje gjort vedtak i saka.
Side 5
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Birte Fossheim
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv: 233 L05
Saksnr
050/16
Arkivsaknr.:
14/238-8
Rapport frå studietur om sentrumsutvikling til Sunnmøre 30. mars 2016
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
På formannskapsmøtet den 18. april i år orienterte rådmannen kort om ein studietur om
sentrumsutvikling til Ulsteinvik og Fosnavåg på Sunnmøte den 30. mars i år. Formannskapet
ønskte då ei litt grundigare orientering om turen og vårt arbeide med utvikling av sentrum,
først og fremst på Sandane.
Frå turen til Sunnmøre
Tid: onsdag 30. mars 2016 kl 8.00 – 20.30
Deltakarar: Magni Aa Berge, Audun Mundal, Hege Lothe, Arnfinn Brekke, Annemieke
Koopmans-Holtrop, Jan Kåre Fure, Jan Kjetil Øygard, Kjell Petter Solhaug, Knut Roger
Nesdal, Beate Kornberg, Bjørn Aurlien, Roar Henden og Birte Fossheim.
Bakgrunn
Side 6
Gloppen kommune har fått utarbeida ein sentrumsanalyse i 2015. Denne skal i lag med
flaumanalysa for Sandane sentrum, danne grunnlag for ny områdereguleringsplan for Sandane
sentrum som vi no skal i gang med. Sentrumsanalysa peikar på fleire spennande grep for
Sandane sentrum. Eit levande sentrum er avhengig av eit variert bustadtilbod, arbeidsplassar
og at det er tilrettelagt for at folk skal kunne opphalde seg og bevege seg i sentrum.
Tilrettelegging på gåande/syklande sine premisser, møteplassar og leikeareal. Korleis løyser
vi utfordringar med parkering, arealdisponering og bygningar i forhold til havnivåstigning?
Kva målgruppe ser vi for oss vil bu i sentrum framover?
Hensikt
Lære, hente idear og inspriasjon av naboane våre på Sunnmøre som har jobba godt med desse
utfordringane.
Ulsteinvik
Ulsteinvik har jobba lenge med sentrumsutvikling. Ulsteinvik vart kåra som Norges mest
attraktive stad i 2012 – ein nasjonal pris som vart delt ut av kommunalminister Liv Sign
Navarsete. Prisen fekk dei for sitt utviklingsarbeid i Ulsteinvik sentrum, og for den
samhandlinga dei får til mellom kommune, næringsliv og frivillige som igjen realiserer
mange av utviklingsprosjekta.
Verner Larsen – assisterande rådmann i Ulstein kommune – hadde sett saman ei orientering
frå fleire ulike fagpersonar. I tillegg til Verner møtte vi Arne Runar Vik (teknisk sjef), Jon
Ove Ringstad (dagleg leiar i Ulsteinvik utvikling As), Øyvind Amdam (dagleg leiar Ulstein
fjernvarme AS) og Marit Botnen (kommunalsjef helse og omsorg)
Bustadutvikling i sentrum – Sjøsida. Det at kommunen gjekk inn og kjøpte 13
omsorgsbustader i leiligheitsbygg i sentrum, var ein utløysande faktor for at utbyggjar gjekk i
gang med prosjektet. Utbyggjar bygde 28 leilegheiter som blei seld på kort tid. Kommunen
stilte krav om næring i 1 etg, byggehøgde maks 5 etg, arealet rundt bygget var offentleg areal.
Offentleg uteareal
Sjøsida leiligheitsbygg
Erfaringane med omsorgsbustader i sentrum var svært gode. Leilegheitene hadde ulike
størrelse med 1-2 soverom. Det var felles stove/kjøken med vindu opp mot sentrum, og
sansehage med balkon og utsikt mot sjøen. Omsorgsbustadane var utan fast bemanning.
Husleiga låg på kr 8500 i mnd og oppover. Bebuarane kunne gå til butikk, lege og delta i
kulturaktivitetar. Buforma gav også høg tryggleik og trivsel.
Side 7
Sansehage for omsorgsbustader
Balkong sansehage med trimsyklar
Felles opphaldsrom omsorgsbustader mot sentrum
Finansiering: dei fleste bygg og utvikling i sentrum var finansiert gjennom offentleg og
privat samarbeid (OPS). Kommunen jobba med samarbeidsparter i alle prosjekt og jobba etter
«1/3-modellen» der næringsliv, fylkeskommune og ulike organisasjonar tok sin del av
kostnadane. På denne måten fekk ein mykje utvikling for pengane.
Parkeringsløysingar: kommunen har ei ordning der utbyggjar kan frikjøpe parkering til ein
pris av kr 275.000 pr parkeringsplass. I dette ligg det at kommunen forpliktar seg å etablere
felles parkeringsløysingar for desse midlane. Parkeringsløysingar under havnivå er kostbare
prosjekt og ligg på omkring det dobbelte av summen for frikjøp. Kommunen hadde ikkje
innført parkeringsgebyr i sentrum.
Ulsteinvik utvikling AS var eit lokalpatriotisk utbyggingsselskap. Dei stod bak
leiligheitsbygget på sjøsida. Dei gav kommunen skryt for godt samarbeid og som profesjonell
byggherre.
Havnivå: Nye bygg i sentrum av Ulsteinvik skal byggast på kotehøgde 2,7. Den nye
utfyllinga i sentrum var tilrettelagt for dette, og berre med få unntak bar dette på utfordringar.
Dei hadde nokre gamle naust som låg under denne kotehøgda.
Identitet i sentumsutviklinga: Dei hadde lagt stor vekt på identitet i utviklinga av sentrum.
Skulpturen «skipsbyggaren» var gitt som gåve til parken i sentrum frå lokalt næringsliv.
Gatelyktene i sentrum var inspirert av masta på ein båt, og vannrennene var stål frå
skipsindustrien.
Side 8
Skulptur av Skipsbyggjaren
Sentrumsutvikling på gåande sine premisser. Ulsteinvik hadde ei gågate som skulle binde
saman handelsgata. Kommunen var no i gang med å sjå på forbindelsane for gåande på nytt.
Kvar folk går er ikkje lett å forutsjå i forkant. Kan bli endra utifrå handel og butikkar sin
lokalilsering.
Fjernvarmeanlegg som tener heile sentrum:
Ulsteinvik hadde etablert eit fjordvarmeanlegg som serva alle
nye bygg i sentrum i dag. Dei hadde støtta seg på ReNorway
på Eid (og Gloppen) for utvikling av teknologien. Dei hadde
bidratt med å finne eksterne midlar til finansiering av
anlegget. Fjernvarmeselskapet var eit AS og 100% eigd av
kommunen.
Fosnavåg
I Fosnavåg fekk vi orientering ved utviklingssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.
Fosnavåg har eit langstrakt sentrum, men tettstadprosjektet deira på var retta mot Fosnavåg
hamn.
Fosnavåg har vore ein av pilotane i eit nasjonalt prosjekt kalla Framtidens Bygder. Dette
prosjektet skal gje auka kunnskap og få fram gode eksempel på berekraftig bygdeutvikling
og korleis klimavennleg stadutvikling kan gjere bygdene meir attraktive.
Gjennom dette prosjektet og i samarbeid med Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) og
Møre og Romsdal fylkeskommune, har dei fått levert eit parallelloppdrag for
byutviklingsprosjekt for Fosnavåg i 2015. Her har tre arkitektfirma levert sine anbefalingar
for korleis utvikle Fosnavåg til ein attraktiv og berekraftig by med urbane kvalitetar.
Det har vore ein eigen evalueringskomite som har vurdert framlegga frå arkitektane og gitt
Side 9
kommunen anbefalingar for vidare arbeid. Fosnavåg har no valt å jobbe vidare med det eine
arkitektfirmaet Ghilardi + Hellsten Arkitekter, som skal lage ein masterplan for Fosnavåg
hamn.
For Gloppen er det interessant å lære av desse faglege anbefalingane Herøy kommune har fått,
og høyre om korleis dei set desse om til handling gjennom sitt plan- og utviklingsarbeid for
sentrum.
Fosnavåg hamn
Byutviklingsprosjekt Fosnavåg
Parallelloppdraget gav Fosnavåg fleire faglege anbefalingar og innspel å jobbe vidare med.
Eit læringspunkt frå prosessen er at det er viktig med nye rundar med forankring når det er
skifte av politikarar.
Prosjektet var organisert med ei arbeidsgruppe som bestod av ordførar, varaordførar,
rådmann, representant frå næringslivet, fylkeskommunen og utviklingsleiar i kommunen.
Målsettingar i prosjektet
• Vere ein attraktiv og bærekraftig stad med urbane kvalitetar
• Vere ein blågrønn stad med maritimt preg som tek vare på bymiljø
• Ha bærekraftige og innovative løysingar mot transport, val av materiale og energibruk
• Ha sosiale møteplasser, bumiljø og arkitektoniske kvalitetar av høg klasse
• Parallelloppdrag - Byutviklingsprosjekt for Fosnavåg - Oppgåveprogram 5.
• Ha ein kvardag utan bil ved korte reiser
• Ha eit folkerikt sentrum tilrettelagt for alle
• Utvikle kvalitetane med nærleik til sjø
• Ta omsyn til lokale klimatiske tilhøve.
Hovudtema som parallelloppdraget skulle svare på for Fosnavåg var
1. Arealbruk og transport
2. Klimavenleg bygging
Side 10
3. Energi og bymiljø
4. Arkitektur og attraktivitet
Nytt Thon hotell med konserthall i Fosnavåg hamn i 2015.
Næringslivets rolle: Fosnavåg jobbar på same måte som Ulsteinvik tett både med lokalt
næringsliv og fylkeskommunen om lokal utvikling. (Offentleg og privat prosjekt – OPS).
Gåakser og møteplasser: Fosnavåg hadde i dag
kvartalstruktur som skapte gode gåakser for gåande og
syklane.
Parkering: Fosnavåg hadde innført parkeringsrestriksjonar.
Gratis parkering i 2 t i sentrum. Elles tilbod om parkeingshus
for dagsparkering. Kommunen hadde frikjøpsavtale for
utbyggjarar på kr 300.000 dersom dei ikkje laga tilbod om
overbygd parkering i samband med nybygg i sentrum.
Kvartalstruktur/ gåakser
Møteplass ved hamna i Fosnavåg
Side 11
Tema ein var oppteken av i det vidare arbeidet:
• Klyngetun – bygge leiligheiter tilpassa kystklima i Fosnavåg
• Transformasjon av bygg
• Meir grønt i sentrumsbilde
• Laga bustadpolitisk plan som seier om kva type bustadutvikling ein ønskjer i sentrum
Leligheiter langs hamna i Fosnavåg
Oppsummering – viktig lærdom vi tek med oss tilbake til Gloppen
Organisering/ kommunen si rolle: må organiserast slik at ein jobbar med plan og utvikling
over tid. Dette arbeidet krev kontinuerlege prosessar. Kommunen må gå føre. Næringslivet
har størst engasjement i å bidra økonomisk når det er snakk om konkrete prosjekt.
Kommunen må vere god på utbyggingsavtaler. Der kommunen står som byggherre – sparar
utbyggjar moms. Vinn – vinn for prosjektet. Kommunen si rolle i forhold til utbyggjar – krev
profesjonalitet.
Gå inn i prosjekt der det er aktivitet og initiativ – gir kommunen ein samarbeidspart med
engasjement for å få realisert prosjektet.
Samspel med næringslivet: ein kultur for utvikling som må skapast. Invitere inn til
deltaking. Det lokale næringslivet – kjenner dei planane og forventningane om kva ein kan
utvikle i lag?
Kommunen kan invitere til seminar med næringsliv lokalt og fylkeskommune for å gå
gjennom planer og forventningar.
Side 12
Ein strategisk næringsplan (Fosnavåg) kan samle næringsaktørar om sentrumsutvikling.
Fylkeskommunen (i Møre og Romsdal) stiller krav om at næringslivet skal delta med 1/3 av
kostnadane når dei går inn med finansiering. Legg press på næringslivet om å delta i lokal
utvikling.
Finansiering: 1 kr utløyser 3! Samspel mellom kommune,
næringsliv, fylkeskommune og frivillige. Mange av bygga
vi såg var realisert gjennom eit «spleiselag» med 1/3 dels
kostnad for kommunen.
Alternative energikilder: må vurderast før ein gå i gang
med utbygging.
Identitet: viktig å avklare – kva særpreg har Sandane som
må vise att i sentrumsutviklinga? Grunnleggande for all
tettstadsutvikling.
Parkering: dyrt å bygge parkeringsanlegg under havnivå.
Skal ein bygge nye leiligheitsbygg i sentrum må
parkeringa vere i bygget for ikkje å bandlegge store
sentrumsareal til parkering. Diskusjon om 1 etg kan
brukast til parkering – alternativt litt nedsenka løysing slik
at 1 m opp på bygget kan vere parkering.
Frikjøp av parkeringsplassar – gjere at kommunen får kapital til å samordne og bygge felles
parkeringsløysingar.
Side 13
God infrastruktur med gang- og sykkelvegar inn til sentrum vil redusere noko av behovet for
parkering i sentrum.
Andre parkeringsrestriksjonar: innføre 2 t gratis parkering for handlande, mens dagsparkering
for jobbreiser vert samla i eit felles parkeringsanlegg. Må skilje mellom parkering for
handlande, dei som bur i sentrum og dagsparkering for arbeidstakarar.
Leiligheitsbygg i sentrum: samspel med næringslivet. Kan bidra til å realisere bygg om
kommunen kjøper seg inn i delar av bygget t.d med omsorgsbustader. Kan vere utløysande for
at utbyggjar sett i gong prosjektet. Leikeplassar/ leikeareal i sentrum opnar for at også
barnefamiliar kan bu i sentrum.
Offentlege
allmenningar:
viktig å sikre fri
ferdsel langs
fjorden. Viktig at
ein ikkje
privatisere
tilgangen til
fjorden med
leiligheiter.
Kvalitet i
uterom:
utsmykking og
arkitektonisk
kvalitet i
uterommene
kunne finansierast
gjennom gåver og
fordeling på fleire
aktørar.
Side 14
Vidare arbeid etter studieturen
Den 28. april vart det arrangert eit internt arbeidsseminar med to arkitektar frå NAL (Norske
Arkitekters Landsforbund) der vi tok utgangspunkt i sentrumsanalysen, og fekk råd og
rettleiing om vegen vidare for arbeidet med Sandane sentrum.
Det vil i møtet bli gitt ei orientering om planen for arbeidet vidare, som igjen vil vere
grunnlag for ei vedtakssak på møte i juni.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet tar saka til orientering.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
050/16 VEDTAK:
Formannskapet tar saka til orientering.
Vedtaket var samrøystes.
Side 15
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv:
L05
Saksnr
051/16
Arkivsaknr.:
16/611-2
Fjordtun - presentasjon av skisse over alternativ bruk av området på
Øyrane
Vedlegg:
Dok.nr
272882
Tittel på vedlegg
3D kartskisse - Fjordtun
Bakgrunn for saka:
Formannskapet har i sak 8/16 bede om å få lagt fram alternativ skisse over området Øyrane
rundt Holvikjekta og småbåthamna med tanke på anna bruk enn det dagens reguleringsplan
legg opp til. Vedtaket i sak 8/16 lyder slik:
1. Formannskapet viser til rådmannen si saksutgreiing og er samd i at det blir gjort ei ny
vurdering av bruken av det aktuelle området på Øyrane.
2. Formannskapet ber rådmannen legge fram ei skisse over alternativ bruk av området
innan 1. juni 2016. Skissa kan også omfatte aktuelle deler av Katthamrane
industriområde.
3. På bakgrunn av dette godkjenner formannskapet at Sandane Småbåtlag får utsett
igangsettingsfristen etter inngått avtale ut 2016.
4. Formannskapet gjev rådmannen fullmakt til å forhandle med eigarane av den tidlegare
utstillingshallen på Øyrane om alternative løysingar for deira behov, her inkludert å
drøfte kommunal innløysing av bygget.
5. Formannskapet skal gjennomføre synfaring på staden saman med interessentane i
området. Det vert lagt opp til synfaring i samband med formannskapsmøtet 14. mars i
år.
Saksutgreiing:
Skissa som er utarbeidd vart raskt presentert for formannskapet på møtet den 18. april i år
under saka om bustadfelt på Gloppestad (f-sak 32/16). Dette er ei meir formell framlegging av
skissa slik formannskapet bad om i pkt 2 i vedtaket frå 25. januar i år i f-sak 8/16.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen som følgje av presentasjonen.
Rådmannen si vurdering:
Poenget med skissa er sjølvsagt å vurdere om denne skal leggast til grunn for ny reguleringa
området. Før vi kjem så langt ønskjer rådmannen å drøfte skissa med formannskapet som
planutval.
Side 16
Som formannskapet er kjend med er det fleire «hefte» på området som vi må handtere på ein
god og føremålstenleg måte. Det gjeld både forholdet til småbåtlaget og avtalen med dei,
forholdet til eigarane av pelshallen og sjølvsagt forholdet til museet.
Rådmannen vil også bruke tid i sitt planforum før sak om oppstart av ny regulering blir lagt
fram.
I denne omgang ønskjer rådmannen å høyre med formannskapet om skissa som er utarbeidd
svarar til forventningane og om dette er noko vi skal gå vidare med.
Etter rådmannen sitt syn er skissa spennande og utbyggingane som denne legg opp til er
realistiske å gjennomføre utan store kommunale kostnader. Rådmannen håpar formannskapet
er av same oppfatning.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet viser til sitt vedtak i 8/16 og ber rådmannen arbeide vidare med Fjortunprosjektet med framlagde skisse som utgangspunkt.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
051/16 VEDTAK:
Formannskapet viser til sitt vedtak i 8/16 og ber rådmannen arbeide vidare med Fjortunprosjektet med framlagde skisse som utgangspunkt.
Vedtaket var samrøystes.
Side 17
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv: P34
Saksnr
052/16
Arkivsaknr.:
12/1625-70
Cruise på Sandane - spørsmål frå Kvernevik Engineering om å gå vidare
med prosjektet
Vedlegg:
Dok.nr
240234
272625
Tittel på vedlegg
Moglegheitstudie Sandane
Bygging av cruisekai ved gbnr 69/338 på Sandane
Bakgrunn for saka:
I førre valperiode vart det gjort ei utgreiing om Gloppen som cruisereisemål. Konklusjonen i
sluttrapporten, som ligg ved, var at Gloppen bør ha cruise som satsingsområde. Rapporten
vart drøfta av formannskapet i februar 2015 utan at det vart gjort vedtak i saka.
Edgar Kvernevik i Kvernevik Engineering AS var med i arbeidsgruppa som lagde
cruiserapporten, men fekk ikkje gjennomslag for sitt framlegg m.a. når det gjeld plassering av
kaia. Cruiserapporten konkluderte med at ei cruisekai burde plasserast i såkalla «indre hamn».
I tida som har gått etter at cruiserapporten vart lagt fram har Kvernevik Engineering AS
arbeidd vidare med sin plan om å bygge ei cruisekai med landfeste til gbnr 69/338, som er
parkeringsplassen ved sida av den tidlegare dampskipskaia på Sandane.
I brev av 21. april i år presenterer Kvernevik Engineering AS planane, og ber om kommunen
si godkjenning på å gå vidare med planlegginga av cruisekaia. Brevet følgjer saka.
Saksutgeiing:
Denne saka er i første omgang ei orientering til formannskapet, m.a. for å sette dagens
formannskap inn i det arbeidet som har vore gjort.
Tidlegare formannskap var ikkje innstilt på arbeide vidare med cruisesaka i kommunal regi.
Det har heller ikkje blitt gjort. Etter møtet i formannskapet i februar 2015 sende ordføraren og
rådmannen eit brev til Gloppen Næringsorganisasjon, der det m.a. heiter:
(…) Det vart ikkje gjort noko vedtak på dette møtet eller trekt nokon konklusjon for
det vidare arbeidet, men det er brei politisk semje om at private aktørar no må kome
fram og ta hovudansvaret for saka.
Side 18
Sagt på ein annan måte: Viss det no berre er opp til Gloppen kommune og andre
offentlege instansar, blir det ikkje arbeidd vidare verken med å planlegge eller å bygge
ei cruisekai på Sandane.
Sett frå Gloppen kommune sin synsstad er Gloppen Næringsorganisasjon (GN) med
sine medlemmer dei næraste til å «fronte» denne saka på vegne av næringsinteressene.
Næringsorganisasjonen sitt syn og vilje til å ta tak i saka blir derfor heilt avgjerande.
Derfor ber vi om at GN tar stilling til om cruise skal vere eit satsingsområde for
Gloppen generelt og for Sandane spesielt. Viss GN meiner dette, ber vi om at
næringsorganisasjonen avklarar med sine medlemmer om nokon er villige til å bruke
tid og pengar på å arbeid med saka, og om det innanfor GN sine medlemmer er aktørar
som kan vere interesserte i å investere i kaia og nødvendige anlegg på land for å
realisere prosjektet.
Gloppen Næringsorganisasjon skriv i si tilbakemelding at dei ikkje har ressursar til å drive eit
slikt prosjekt, verken som betydningsfull aksjonær eller som «pådrivar». Og vidare:
«Vi ser det som heilt avgjerande at dei som ser dette som ein forretningside og ser
muligheten for på sikt å få avkastning på investert kapital, må vere pådrivarar i saka.
Likeeins håpar vi at dei som meiner at andre reiselivssatsingar er viktigare enn denne,
i alle fall ikkje motarbeider dei som gjerne vil skape noko ved å satse på cruise.
Som på fleire andre område innafor næringssatsing, meiner vi kommunen først og
fremst har ei tilretteleggarrolle.»
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Rådmanen har tidlegare sagt at det ikkje er realistisk å rekne med at kommunen ikkje vil få
vesentlege kostnader både i planarbeidet og til sjølve kaiprosjektet. Det er i dag uråd å seie
noko om storleiken på desse kostnadene.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen legg ikkje opp til ei realitetsbehandling av søknaden frå Kvernevik Engineering
AS i første omgang. Noverande formannskap har ikkje drøfta cruisespørsmålet tidlegare, og
må sjølvsagt få høve til det utan å ta stilling til saka med ein gong. Det hastar likevel med ei
avgjerd i saka både fordi vi må tenke annleis i det vidare arbeid med sentrumsutviklinga viss
cruiseplanane skal vere med, og fordi Kvernevik Engineering AS må få eit svar.
Utan å svare vil rådmannen påpeike at ei kommunal godkjenning til Kvernevik Engineering
AS til å arbeide vidare med saka nokså sikkert vil involvere kommunen, både i planarbeidet
og ikkje minst viss planane skal settast ut i livet.
Så vil rådmannen ta med at også eidarane arbeider med cruisekai på Nordfjordeid. Vi er no
inne i sluttfasen med kommunereforma, der Eid er det einaste samanslåingsalternativet for
Gloppen. Blir vi og eidarane samde om å slå oss saman, må vi nok også bli samde om kvar ei
eventuell ny cruisekai skal ligge. Den nye kommunen kjem neppe til å få cruisekai både på
Sandane og på Nordfjordeid. Det betyr i praksis at vi bør avvente resultatet av arbeidet med
kommunereforma også når det gjeld spørsmålet om cruisekai.
Rådmannen legg saka fram til orientering, men viss formannskapet har klare synspunkt i saka,
er det sjølvsagt viktig å få desse på bordet no – gjerne i vedtaks form.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Side 19
Formannskapet tar saka til orientering.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
Arnar Kvernevik bad om å få gå ifrå som ugild på grunn av slekt og vennskap til søkjar.
Heimelen for dette er § 6, 2. ledd i forvaltningslova. Formannskapet var samd i dette.
Framlegg frå Bernt Reed (Sp):
1. Formannskapet har ingen merknader til at Kvernevik Engineering kan gå vidare
med arbeidet, her under å utarbeide ein privat reguleringsplan, for eventuell
cruisekai som omsøkt i brev av 21. april 2016
2. Formannskapet legg til grunn at det i den vidare prosessen kjem fram ein
finansieringsplan for prosjektet
3. Gloppen kommune forpliktar seg ikkje gjennom dette vedtaket verken å delta i
finansiering av prosjektet eller stille planressursar til rådvelde for arbeidet.
Det vart røysta alternativt mellom
− rådmannen si tilråding som fekk ei røyst og
− framlegget frå Bernt Reed som fekk sju røyster.
052/16 VEDTAK:
1. Formannskapet har ingen merknader til at Kvernevik Engineering kan gå vidare med
arbeidet, her under å utarbeide ein privat reguleringsplan, for eventuell cruisekai som
omsøkt i brev av 21. april 2016
2. Formannskapet legg til grunn at det i den vidare prosessen kjem fram ein
finansieringsplan for prosjektet
3. Gloppen kommune forpliktar seg ikkje gjennom dette vedtaket verken å delta i
finansiering av prosjektet eller stille planressursar til rådvelde for arbeidet.
Vedtaket vart gjort mot ei røyst.
Side 20
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv: N10
Saksnr
053/16
Arkivsaknr.:
14/1587-6
Eigarmøte i Firda Billag AS med drøfting om aksjesal
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å selje sine aksjar i Firda Billag AS og ber om eit
eigarmøte i samband med representantskapsmøtet i selskapet den 25. mai i år.
Fylkeskommunen skriv i invitasjonen til møtet at dei er kjende med at også fleire andre
aksjonærar vurderer å selje sine aksjar. Det er då fornuftig å drøfte ein felles salsprosess,
meiner fylkeskommunen.
Det er berre Høyanger kommune som har sagt ifrå til fylkeskommunen at dei ikkje ønskjer å
selje sine aksjar. Ordføraren i Høyanger har invitert til eit formøte til eigarmøte for å drøfte
saka med dei andre kommunale aksjeeigarane i Firda Billag.
--Formannskapet behandla i 2013 ein førespurnad frå Stryn kommune om å kjøpe deira aksjar i
Firda Billag. Saka vart presentert og behandla slik:
Bakgrunn for saka:
Stryn kommune vurderer å selje sine aksjar i Firda Billag og har retta spørsmål til dei
andre aksjonærane i selskapet om dei er interesserte i å nytte sin forkjøpsrett.
Gloppen kommune eig 10,17 % og kjem dermed i posisjon til å nytte sin forkjøpsrett,
viss ein finn det interessant.
Saksutgreiing:
Stryn kommune eig 6,51% av aksjane i Firda Billag. Dei vurderer å selje heile
aksjeposten.
Dei tre største aksjonærane i selskapet er Flora kommune, Førde kommune og
Gloppen kommune – i den rekkefølga. Førde er einaste kommunen som til no har
meld si interesse.
På bakgrunn av dei endringane bussmarknaden er inne i med konkurranseutsetting av
persontrafikkmarknaden frå og med 2014, står Firda Billag ovanfor relativt store
Side 21
utfordringar i åra framover. Basert på dette ba ordførar i Gloppen om eigarmøte for å
få:
• ei drøfting av tilbodet frå Stryn. Spørsmålet er kva som er lurt å gjere: at
aksjeposten blir kjøp av andre aksjonærar i selskapet eller om eigarane no
samla sel aksjane for å bringe ny eigar inn i det
• ei orientering om styret sitt arbeid i høve den nye situasjonen som selskapet
kjem i frå 2014, når det må begynne å konkurrere om persontrafikken.
Eigarmøtet konkluderte med å be Stryn vente med ev sal til etter generalforsamlinga i
vår, då fleire av eigarane kan ver med på å selje aksjane sine samla for i bringe ny
eigar inn. Signalet er at Stryn vil gjere dette.
Skal ein selge aksjar må det gjerast ei verdivurdering av dei. Det har ikkje Stryn gjort.
Når situasjonen til selskapet er usikker, vil det speglast igjen i verdivurderinga og
prisen på aksjane. Verdivurderinga vil kome på plass etter kvart. Det er eit anna
argument for å vente med salet og ei vurdering av om ein skal kjøpe.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Saka har ingen økonomiske konsekvensar for kommunen for tida. Viss Gloppen
kommune bestemmer seg for å kjøpe aksjane må kjøpet finansierast. Prisen er som
nemd ikkje kjend pr i dag.
Rådmannen si vurdering:
Eg rår formannskapet til å vente med å ta stilling til saka. Spørsmålet som kan kome,
og som er like relevant å drøfte som kjøp av ny aksjepost, er om Gloppen skal selje
sine aksjar for å bidra til å få ny eigar inn.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet tar ikkje stilling til førespurnaden om å nytte forkjøpsretten til kjøp av
aksjepost frå Stryn kommune i Firda Billag.
Gloppen kommune vil kome attende til saka når verdivurdering av aksjane ligg føre.
14.03.2013 FORMANNSKAPET
029/13 VEDTAK:
Formannskapet tar ikkje stilling til førespurnaden om å nytte forkjøpsretten til kjøp av
aksjepost frå Stryn kommune i Firda Billag.
Gloppen kommune vil kome attende til saka når verdivurdering av aksjane ligg føre.
Vedtaket var samrøystes.
Rådmannen legg til grunn at vi takkar ja til invitasjonane både frå fylkeskommunen og frå
ordføraren i Høyanger. Kommunen sin utsending til representantskapet er Magni Aa Berge
med Per Ståle Husevåg som vara.
Rådmannen si vurdering:
Side 22
Rådmannen er ikkje kjend med om vi har noko «meining» med Gloppen kommune sin
eigarskap i Firda Billag. Truleg er eigarskapen ikkje noko anna enn ei vidareføring av vår
eigardel i billaget då dette var eit interkommunalt føretak, som vart etablert under heilt andre
forutsetningar enn dagens situasjon for transportnæringa.
Rådmannen meiner det derfor kan stillast spørsmål også til vår eigarskap. Eg ser ikkje føre
meg at Gloppen kommune skal kjøpe seg opp på eigarsida. Det er vel meir aktuelt å selje seg
ut, slik rådmannen skreiv i saka om kjøp av Stryn kommune sine aksjar i 2013.
Rådmannen legg saka fram til orientering i denne omgang slik at formannskapet kan gje
utsendinga til representantskapet signal om korleis Gloppen kommune stiller seg til
spørsmålet om kjøp eller sal av Firda Billag-aksjane. Eit vedtak om sal eller kjøp av aksjar er
sjølvsagt ei kommunestyresak. Blir dette aktuelt, må det naturlegvis ligge føre ei
verdivurdering av aksjane.
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
……..
10.05.2016 FORMANNSKAPET
Kommunen sin utsending til representantskapsmøtet, Per Ståle Husevåg, var med på
drøftinga.
053/16 VEDTAK:
Formannskapet tar ikkje stilling til spørsmålet om sal eller kjøp av aksjar i Firda Billag AS
no.
Leiinga i Firda Billag AS bør utfordrast på strategisk tenking rundt utvikling av selskapet.
Vedtaket var samrøystes.
Side 23
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv: 113 N
Saksnr
054/16
Arkivsaknr.:
14/1077-21
Nasjonal og regional transportplan 2017-2028 - oppnemning av gruppe til å
utarbeide uttale
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Nasjonal transportplan for perioden 2017 til 2028 er ute på høyring med frist 1. juli i år. Også
planprogrammet for den regionale transportplanen for same periode er no på høyring. Her er
fristen 27. mai 2016.
Denne saka gjeld spørsmålet om oppretting av ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg
til uttale frå Gloppen kommune.
Saksutgreiing:
Rådmannen legg opp til at vi kopierer Eid kommune sitt opplegg der formannskapet har peika
ut ei arbeidsgruppe på tre som lagar til eit framlegg til uttale frå kommunen. Rådmannen i Eid
la saka fram slik for sitt formannskap:
Arbeidet med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2018–2029 er delt inn i to fasar:
analyse og strategifasen og planfasen. Analyse- og strategirapporten vart presentert i
2015. Nasjonal transportplan er ei samanstilling av arbeid i planfasen, og samordnar
planar for Kystverket, Jernbaneverket, Avinor og Statens vegvesen. Nasjonal
transportplan vert revidert kvart fjerde år. Regjeringa planlegg å legge fram
stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan våren 2017.
Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken er eit transportsystem som er
sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Ut frå
det overordna målet er det avleidd tre hovudmål:
− «Framkommelighet» – betre «framkommelighet» for personar og gods i heile
landet
− Transporttryggleik – redusere transportulukkene i tråd med nullvisjonen
− Klima og miljø - Redusere klimagassutsleppa i tråd med omstilling mot eit
lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar
Transportetatane rår til at følgjande overordna prioriteringar vert lagt til grunn for
Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029:
− Bruk av insentiv for null- eller lågutsleppsteknologi, alternative drivstoff og betre
kapasitetsutnytting for å nå klimamåla utan redusert mobilitet
Side 24
− Satsing på samordna areal- og transportplanlegging, kollektivtrafikk og
sykkelekspressvegar i dei større byområda for å nå nullvekstmålet, og for å bidra
til reduserte klimagassutslepp og betre luftkvalitet
− Meir bruk av ITS (intelligente transportsystem) og ny teknologi for å auke
effektiviteten og nå dei transportpolitiske måla
− Avklaring av at tredje rullebane på Gardermoen kan byggast når det ikkje lenger er
kapasitet i eksisterande infrastruktur
− Eit effektivt, påliteleg og miljøtilpassa transportsystem for godstransport, der
samspelet mellom transportmidla vert styrkas og potensialet for å overføre
godstransport frå veg til sjø og bane vert utnytta
− Tiltak for å auke tryggleik i transportsystemet i tråd med nullvisjonen og med mål
for vegtrafikken om maksimalt 350 drepne og hardt skadde per år innan 2030.
Auka fokus på å redusere talet på drepne i fritidsfartøytrafikken
− Sikring av optimal standard på drift og vedlikehald som gir god
«framkommelighet» og tryggleik. Satsing på fornying for å fjerne eksisterande
forfall og få ein meir robust og påliteleg infrastruktur
− Prioritering av samfunnstryggleik, klimatilpassing og beredskap
− Satsing på gode internasjonale samband for både persontransport og godstransport
− Auka samarbeid over forvaltningsnivåa og støtte til fylkeskommunale og
kommunale transportsystem
Vurdering:
NTP er eit viktig politisk dokument, og styrande for samferdslepolitikken i åra
framover. Det er viktig med eit politisk engasjement knytt til utforming av uttale frå
kommunen. Det er ønskjeleg at kommunen tek del i høyringskonferansen på Skei før
fråsegn vert utarbeidd. Dersom vi ventar med utarbeiding av fråsegn til
høyringskonferansen er avvikla, inneber dette at vi ikkje rekk å handsame fråsegna i
utval eller kommunestyre.
Ved siste revisjon (2012) vart det vald ei politisk utval som fekk fullmakt til å
utarbeide fråsegn til NTP. Administrasjonen rår til at denne løysinga vert nytta no og.
Formannskapet i Eid valde Alfred Bjørlo, Eli Førde Aarskog og Sigurd Reksnes til
«uttalegruppe»
---Planprogram for regional transportplan
Her skriv fylkeskommunen:
Planprogrammet til RTP skal fastlegge kva tema som skal handsamast i planen, planen
sitt føremål, organisering av arbeidet, planprosess, framdrift og opplegg for
medverknad.
RTP skal vere ein plan som legg grunnlaget for fylkeskommunen sine
samferdslepolitiske prioriteringar på lang sikt. Det vert lagt opp til at planen skal
omhandle heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og
verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ein vedteken RTP frå 2013. Dei statlege
transportetatane har lagt fram sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018
– 2029, som vil gje viktige signal for utviklinga av transportsektoren i åra som kjem.
Side 25
Det er lagt vekt på at nasjonale mål og føringar for transportpolitikken vert innarbeidd
i revisjonen av planen. Revidert RTP vil erstatte gjeldande RTP m/handlingsprogram
med verknad frå 2018.
Vi ber om innspel på innhald, prosess, framdrift og opplegg medverknad i
planarbeidet. Innspel på konkrete investeringstiltak/prosjekt vil vi kome attende til ved
utlegging av transportplanen sommaren 2017.
Dersom formannskapet er samd med rådmannen i å sette ned ei arbeidsgruppe, bør gruppa
også vurdere om kommunen skal kome med innspel til det fylkeskommunale
planprogrammet. Dersom vi skal uttale oss om planprogrammet, må eit framlegg til uttale
vere klar til formannskapsmøtet den 23. mai. Kommunen sin uttale til Nasjonal transportplan
kan gjerast av kommunestyret den 17. juni. Eit framlegg til uttale bør då seinast vere klart til
formannskapet sitt møte den 13. juni.
Rådmannen tilrår at arbeidsgruppa får tre medlemmer.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet vel …………………., ……………………… og ……………………… til å
utarbeide Gloppen kommune sin uttale til Nasjonal transportplan for 2018-2027.
Formannskapet ber arbeidsgruppa også vurdere om Gloppen skal kome med innspel til
planprogrammet for fylkeskommunen sin regionale transportplan.
Framlegga til gruppa må vere klare til dei møta som er omtala i rådmannen si sakutgreiing.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
054/16 VEDTAK:
Formannskapet vel ordførar, varaordførar, Svein-Ottar Sandal og Arnar Kvernevik til å
utarbeide Gloppen kommune sin uttale til Nasjonal transportplan for 2018-2027.
Formannskapet ber arbeidsgruppa også vurdere om Gloppen skal kome med innspel til
planprogrammet for fylkeskommunen sin regionale transportplan.
Framlegga til gruppa må vere klare til dei møta som er omtala i rådmannen si sakutgreiing.
Formannskapet ber rådmannen stille med sekretær til gruppa.
Vedtaket var samrøystes.
Side 26
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand
Møtedato
10.05.2016
17.06.2016
Objekt:
Arkiv: N64
Saksnr
055/16
Arkivsaknr.:
14/1551-38
Kommunal medfinansiering til breiband i Myklebustdalen og utviding av
utbyggingsområdet
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
I 2015 vedtok formannskapet at det skulle søkjast om statlege midlar til utbygging av
breiband i Myklebustdalen. Denne saka gjeld kommunal medfinansiering av utbygginga i
Myklebustdalen. Utbyggjar har tilbydd seg å utvide området slik at det som ein del av
prosjektet vert bygd fibernett i eit større område på Breim mot auka kommunalt tilskot og
kommunal garanti for brukarbetaling.
Saksutgreiing:
Gloppen kommune søkte i 2015 om statleg tilskot til utbygging av breiband i Myklebustdalen.
Kommunen har fått tilskot på 364.115 kr og etter fordelingsnøkkelen skal kommunen yte eit
Side 27
tilskot på 156.050 kr til utbygginga slik at den samla offentlege finansieringa vert på 520.165
kr. I tillegg kjem 161.000 kr i brukarbetaling (5.000 kr per husstand) og dugnadsarbeid ved
graving av grøfter.
Utbyggjar har akseptert dette som ramme for ei fiberutbygging, men har tilbydd seg å utvide
utbyggingsområdet då ei utbygging av breiband til Myklebustdalen vil krevje fleire nye
tilførselslinjer gjennom Breim. Utbyggjar har tilbydd å knytte Reed, Breim og Byrkjelo til
fiberkabelen og å gje alle innbyggjarane i området tilgang til fibernettet mot kommunalt
tilskot og ein kommunal garanti for at 70 % av brukarane koplar seg på nettet. Høygardane,
Årdal og Byrkjelo Sør er ikkje med i dette tilbodet (sjå kartskisse).
Utbyggjar krev garanti for at nok husstandar koplar seg på fibernettet. Dersom det vert fleire
som koplar seg på enn det utbyggjar krev garanti for, vil overskytande innbetaling til
kommunen redusere kommunen sine tilskot tilsvarande.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Prosjektet i Myklebustdalen isolert krev eit kommunalt tilskot på 156.050 kr. Med eit
kommunalt tilskot på 600.000 kr for eit utvida område og ein kommunal garanti på 2.065.000
kr, vil dei økonomiske konsekvensane for kommunen vere avhengig at kor mange som koplar
seg på og kor stor eigendel dei som koplar seg på betalar til kommunen:
Eigendel
Eigendel
Eigendel
5000
6000
7000
756050
756050
756050
Tilskot
2065000
2065000
2065000
Garanti
Abonnentar Totaløkonomi for kommunen
0
2821050
2821050
2821050
100
2321050
2221050
2121050
200
1821050
1621050
1421050
300
1321050
1021050
721050
400
821050
421050
21050
500
321050
-178950
-678950
550
71050
-478950
-1028950
589
-123950
-712950
-1301950
For området utanfor Myklebustdalen vil ein kommunal garanti på 2.065.000 kr og ein
eigendel på 6.000 kr per husstand gjere at garantiansvaret til kommunen slår inn dersom
mindre enn 344 av 589 husstandar vel å kople seg på fiberen. Dersom ingen ønskjer å kople
seg på, må kommunen betale heile garantien på 2.065.050 kr til utbyggjar. Dersom 400
husstandar koplar seg på, vil kommunen få inn 2.400.000 kr i eigendel. Det betyr at garantien
ikkje blir gjort gjeldande og at vi i tillegg finansierer 335.000 kr av det kommunale tilskotet.
Koplar 470 husstandar seg på, vert det ingen kommunale kostnader i det heile.
Det er sett av midlar på næringsbudsjettet til å dekke utbetalingane i 2016 på 50 % av
tilskotet, altså kr 375.000,-. Midlane må overførast til rett kostnadsstad (teneste), som er
28500 - tenester utanfor ordinært kommunalt ansvarsområde. Rådmannen legg til grunn at
denne budsjettendringa kan gjerast administrativt. Resten av løyvinga må avsettast i 2017budsjettet.
Rådmannen si vurdering:
Side 28
Gloppen kommune har ved fleire høve løyvd midlar for å sikre fiber til innbyggjarar og
næringsliv. Rådmannen vil halde fram denne praksisen og rår til at kommunen løyver 156.050
kr til medfinansiering av fiberutbygginga i Myklebustdalen. Rådmannen ønskjer å nytte denne
sjansen til å sikre utbygging av breiband i større delar av Breim gjennom å utvide utbyggingsområdet. Rådmannen tilrår å løyve inntil 600.000 kr i tilskot og å stille ein garanti på inntil
2.065.000 kr for å realisere det store fiberprosjekt. Rådmannen har diskutert ein eventuell
kommunal garanti med utviklingslaga på Byrkjelo og på Reed. Utviklingslaga ser på
fibertilgang som viktig og vil arbeide aktivt for å få flest mogeleg av innbyggjarane til å kople
seg på fibernettet.
Rådmannen vil peike på at dette i verste fall vert eit dyrt prosjekt for kommunen. Samstundes
så er tilgang til fiber i alle delar av kommunen etter rådmannen si meining viktig og
rådmannen er trygg på at innbyggjarane på Breim stiller opp gjennom å kople seg på
fibernettet. Rådmannen tilrår at kommunen yter tilskot og stiller garanti for å sikre
fibertilgang til eit større område enn berre Myklebustdalen. Dersom det vert så mange som
koplar seg på nettet at dette dekker meir enn kommunen sine utgifter til tilskot (756.050 kr)
og garanti (2.065.000 kr), tilrår rådmannen at «overskotet» vert delt likt mellom
utviklingslaga på Reed og på Byrkjelo.
Dersom garantien blir gjort gjeldande, må vi truleg bruke av disposisjonsfondet. Løyvinga til
tilskotet legg rådmannen til grunn at vi greier over drifta i 2017, slik vi gjer det i år.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret løyver inntil 156.050 kr til breibandutbygging i Myklebustdalen og inntil
600.000 kr for å utvide utbyggingsområdet til å omfatte større delar av Breim, som vist på
kartet som føl saka
2. Gloppen kommune stiller garanti til utbyggar for inntil kr 2.065.000 kr i brukarbetaling
3. Kommunestyret legg til grunn at innbyggarane i Myklebustdalen betalar kr 5.000,- i
eigendel per husstand og at innbyggarane i resten av utbyggingsområdet betalar kr 6.000,per husstand. Dersom innbetalingane frå dei som knyter seg til fiberen blir større enn
kommunen sine utgifter, blir overskytande fordelt likt mellom utviklingslaga på Reed og
på Byrkjelo
4. Dersom garantien blir gjort gjeldande, blir utgiftene dekka av disposisjonsfondet. Det
kommunale tilskotet blir fordelt over 2016- og 2017-budsjettet
5. Formannskapet ber rådmannen følgje prosjektet tett og rapportere status undervegs.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
055/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
Side 29
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
10.05.2016
Objekt:
Arkiv: 145
Saksnr
056/16
Arkivsaknr.:
16/602-3
Arbeidet med økonomiplanen for 2017-2020 og revisjon av 2016-budsjettet
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Ved behandlinga av årsbudsjettet for 2016 vart det lagt til grunn at budsjettet skulle reviderast
før sommarferien samstundes med behandling av økonomiplanen for 2017-2020.
Rådmannen meiner for mykje er uavklara til at ein økonomiplan kan behandlast på denne sida
av sommaren.
Saksutgreiing:
Framlegg til årsbudsjett og økonomiplan skal leggast ut til offentleg gjennomsyn i minst 14
dagar før kommunestyret gjer vedtak, og det er formannskapet sitt framlegg som skal leggast
ut.
Møteplanen for våren 2016 er sett opp med tanke på at formannskapet skal gjere sitt
utleggingsvedtak om økonomiplanen på møtet den 23. mai med utleggingsperiode fram til om
lag 10. juni.
Dette betyr at eit framlegg frå rådmannen burde vere klart om kort tid. Det er det ikkje, det er
fleire grunnar til dette:
1. Kommuneproposisjonen for 2017 blir lagt fram 11. mai. Proposisjonen presenterer
regjeringa sin politikk for kommunesektoren og det økonomiske opplegget for 2017
2. Sjølv om lønnsoppgjeret for kommunal sektor er i hamn med ei ramme på 2,4 %, har vi
ikkje full oversikt over kva konsekvensar oppgjeret har for vår drift. Oppgjeret vart klart
30. april.
I tillegg til dette kjem alt det usikre rundt kommunereforma, som også omfattar eit nytt
kommunalt inntektssystem. Vi må få ei betre avklaring her før vi kan lage ein plan for
perioden – som blir annleis enn det vanlege uansett om vi blir slegne saman med Eid eller
ikkje.
Rådmannen vil også peike på at vi dessverre ikkje har god nok oversikt over økonomien i
investeringsprogrammet vårt. Vi har ikkje sluttfinansiert investeringsprosjekta våre på svært
mange år. Dette har ført til at prosjekt som har overskridingar eller som ikkje er godt nok
budsjetterte, har «ete opp» av finansieringa av nye prosjekt som ikkje har kome i gang som
planlagt i budsjettet. Når vi no dei to siste åra har auka lånegjelda vesentleg, må vi få full
oversikt over finansieringa av avslutta og igangsette nye prosjekt før vi kan gå vidare med
Side 30
fleire nye prosjekt. Rådmannen varslar derfor allereie no at mitt framlegg til 2017-budsjett vil
bli eit kvileår på investeringane for å fullføre og avslutte den lange lista med investeringsprosjekt som i dag står uavslutta.
Rådmannen er også usikker på om vi har hatt god nok oversikt over momsen i fleire av
prosjekta. Momsrefusjonen på investeringane skal no gå inn i finansieringa av prosjekta. Det
kan sjå ut som om vi på fleire prosjekt har inntektsført momsen utan å rekne denne med på
utgiftssida. Det betyr i så fall at vi ikkje har full finansiering på alle prosjekt. Når dette kjem i
tillegg til det som er sagt ovanfor om manglande sluttfinansiering over fleire år, er det
nødvendig å skaffe seg betre oversikt før vi går vidare.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen ber om formannskapet si godkjenning av at den politiske behandlinga av
økonomiplanen for 2017 til 2020 blir utsett til over sommaren. Rådmannen vil likevel gjere
ferdig sitt framlegg før sommaren.
Etter rådmannen sitt syn var det ikkje godt nok gjennomtenkt å planlegge politisk behandling
av økonomiplanen før sommaren. Lønnsoppgjeret og kommuneproposisjonen er heilt
avgjerande for kommuneøkonomien. Vi kjem ikkje til å ha kunnskap om desse to heilt
avgjerande forutsetningane tids nok til å utarbeide og behandle ein økonomiplan før
sommaren. Slik vil det alltid vere. Rutinen bør i standen vere at revidert årsbudsjett blir
behandla før sommarferien og at økonomiplanen med rammer for neste års budsjett blir
behandla i august/september kvart år.
Rådmannen vil derfor legge fram forslag til revidert 2016-budsjett til utvalsmøta i juni med
vidare behandling i formannskapet og kommunestyret i juni.
--Utan at kommunereforma skal få skulda for alt, tillet rådmanen seg å nemne at arbeidet med
ein ny kommunestruktur har teke mykje tid. Noko av denne tida burde sjølvsagt vore brukt på
å revidere 2016-budsjettet og på økonomiplanen…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet tar til orientering at den politiske behandlinga av økonomiplanen blir utsett til
etter sommarferien.
Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram for
kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett.
10.05.2016 FORMANNSKAPET
Framlegg frå Bernt Reed (Sp):
1. Formannskapet tek til etterretning at ein ikkje får framlagt økonomiplanen til
handsaming på kommunestyremøtet i juni slik som tidlegare forutsett.
Formannskapet ber om eit notat til neste møte som viser ein plan for handsaming
av økonomiplan så tidleg som mogeleg hausten 2016
Side 31
2. Formannskapet ber om å få framlagt ei sak for endeleg handsaming på
kommunestyremøtet i juni 2016 med plan for årleg handsaming av økonomisakene
i Gloppen kommune. Saka skal som minimum innehalde handsaming av sakene
årsbudsjett og økonomiplan i tillegg til orientering på 1. og 2. tertial med
mogelegheit for budsjettregulering
3. Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram
for kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett.
Ved alternativ røysting mellom framlegget for Bernt Reed og rådmannen si tilråding vart
framlegget frå Bernt Reed samrøystes vedteke.
056/16 VEDTAK:
1. Formannskapet tek til etterretning at ein ikkje får framlagt økonomiplanen til handsaming
på kommunestyremøtet i juni slik som tidlegare forutsett. Formannskapet ber om eit notat
til neste møte som viser ein plan for handsaming av økonomiplan så tidleg som mogeleg
hausten 2016
2. Formannskapet ber om å få framlagt ei sak for endeleg handsaming på
kommunestyremøtet i juni 2016 med plan for årleg handsaming av økonomisakene i
Gloppen kommune. Saka skal som minimum innehalde handsaming av sakene årsbudsjett
og økonomiplan i tillegg til orientering på 1. og 2. tertial med mogelegheit for
budsjettregulering
3. Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram for
kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett.
Vedtaket var samrøystres.
Side 32