Last ned pdf

&
Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix
klart
kort
Nº
12
TORSDAG
16.06.2016
NYHENDE PÅ NYNORSK
Vil fjerne godteriet
HELSE: Sukkertøyet må
fjernast frå området ved
kassane i butikkane. Det
meiner helseminister Bent
Høie. Han meiner godteriet
blir plassert slik for å lokke
barna. Slik godteri-terror kan
ikkje aksepterast, seier Høie til
avisa VG.
SORG: Folk sørger etter drapa i USA. Nokon meiner at våpenlovane
er årsaka til at så mange blir drepne i landet.
USA i sorg
●● Omar Mateen drap
uskuldige menneske med
skytevåpenet sitt.
islamske staten (IS). Mateen
vart sjølv drepen av politiet på
utestaden.
30 år gamle Eddie gøymer
seg på toalettet. Han er på
nattklubben Pulse i Orlando
i delstaten Florida. Den unge
mannen er livredd. Han
sender melding til mora:
– Eg elskar deg. Nokon skyt
på klubben.
Skytinga på Pulse er den verste
i nyare tid i USA. I fjor vart
13.400 menneske drepne med
skytevåpen, skriv A-magasinet.
Det er også fleire våpen
enn menneske i USA, ifølge
kanalen NRK. Folk vil verne
seg sjølv. Nokon meiner at alle
våpna ikkje er problemet.
– Eg trur psykisk sjukdom
er eit enormt problem, seier
senator Ron Johnson ifølge
nyhendebyrået NTB.
Eddie lever ikkje lenger. Han
og 48 andre vart skotne og
drepne av Omar Mateen i
helga. Mateen hata homofile.
Derfor angreip han klubben
der dei festa. Han sa han
støtta terrorgruppa Den
Karin Flølo
[email protected]
– I eit godt
forsvar er det
også kvinner.
Les meir på side 2
Ueinige med
regjeringa
POLITIKK: Stortinget har
bestemt korleis politikken for
asylsøkarar skal vere. Den er
strengare enn før. Men fleire
av forslaga til regjeringa fekk
nei. Dei ville mellom anna at
folk skal bu lenger i Noreg før
dei får varig opphald.
Foto: Foto: Peder Torp Mathisen / Forsvaret
NOREG
TORSDAG
16.06.2016
2
OPPGÅVA
KVINNER: No skal også kvinner kallast inn til vernepliktig teneste. Bildet er frå leiren Sessvollmoen i Akershus.
Kvinner skal vakte landet
●● Hundrevis av kvinner
skal vakte Noreg. Er
Forsvaret klar til å ta dei
imot?
Mennene har ikkje hatt noko
val. Dei må jobbe eit år for
Forsvaret, viss det er behov.
Det blir kalla verneplikt.
No kan ikkje kvinner heller
velje. Stortinget har bestemt
at kvinner og menn skal
behandlast likt.
I juli er hundrevis av unge
kvinner klare. Dei skal opp
grytidleg om morgonen, kravle
i gjørma og skyte med våpen.
Kanskje skal dei vakte slottet i
Oslo, eller grensa til Russland.
Dei fleste land tvingar ikkje
kvinner til å jobbe i militæret.
Men det norske forsvaret
ønsker seg fleire kvinner.
Truleg vil omtrent 1.600
kvinner bli kalla inn i sommar,
ifølge kanalen NRK.
– I eit godt forsvar er det også
kvinner. Vi er komne langt
med likestilling i Noreg. Det er
bra at verneplikta gjeld begge
kjønn, seier Jens Kristian
Øvstebø til Klar Tale. Han er
med i Vernepliktsrådet. Rådet
gir støtte til unge soldatar som
er henta inn av Forsvaret.
Framleis har Forsvaret
nokre utfordringar. Klede
og utstyr må passe betre til
kvinnekroppen. Bygga med
dusj og toalett må byggast om
for å passe begge kjønn. Nokre
jenter har kjent seg seksuelt
trakassert. Somme har valt å
slutte, ifølgje NRK.
22 år gamle Camilla Hansen
har jobba i Forsvaret i to år.
Ho starta som vernepliktig
i militærpolitiet. No er ho
tillitsvald i Vernepliktsrådet.
– Å vere i Forsvaret er eit heilt
nytt liv. Det er ei god kjensle å
hjelpe til for samfunnet, seier
Hansen til Klar Tale.
Karin Flølo
[email protected]
VERDA
Kort fortalt
Nord-Korea prøver å få folk
til å slutte å røyke. Men landet
Fleire britar vil
ut av EU
STORBRITANNIA: Flest
britar vil ut av Den europeiske
union (EU). Det viser ei ny
undersøking. 43 prosent seier
nei til EU, mens 42 prosent
framleis vil vere medlem,
skriv nyhendebyrået NTB.
23. juni skal britane stemme
over saka.
Terrorgruppa alQaida seier dei
vil støtte den nye
leiaren for Taliban
i Afghanistan. Han heiter
Haibatullah Akhundzada.
Minst 20 personar blei
drepne av to bomber. Det
skjedde i Damaskus i Syria
laurdag. 13 av dei døde
var vanlege folk, og sju var
Kjelde: NTB
soldatar.
Foto: NTB scanpix
STEMMER: 23. juni stemmer
britane om medlemskap i EU.
Fleire flyktar til Italia
Migrantane kjem frå
Nord-Afrika. Nokre
reiser frå Syria og via Tyrkia.
Det har kome nesten
49.000 migrantar til Italia i
år, ifølge nyhendebyrået NTB.
Nesten ingen flyktar til Hellas
lenger. Då vil dei berre bli
sende tilbake til Tyrkia, ifølge
ein avtale.
I februar kom 2.000
flyktningar og migranter til dei
greske øyane kvar dag.
NAVN I NYHENDA
Nicolás Maduro
●● 53 år
gammal,
president i
Venezuela.
Mange vil
at han og
regjeringa
skal slutte.
Men Maduro seier at folk må
vente til neste år. Då kan dei få
stemme over om dei vil fjerne
han som president.
Maduro får skulda for at folk
manglar mat og medisinar.
Islamist drap
naboane sine
FRANKRIKE: Eit ektepar vart
drepne i heimen sin utanfor
Paris i Frankrike. Begge jobba
i politiet. Mannen som drap
dei, var naboen deira. Han sa
han tilhøyrde terrorgruppa
Den islamske staten (IS).
Fransk politi kallar drapa
terror.
REDDA:
Desse
menneska
blei redda
utanfor
kysten av
Libya.
No kjem det berre 30, skriv
NTB.
Karin Flølo
[email protected]
Foto: NTB scanpix
EUROPA: Minst 1.300
menneske blei redda i
Middelhavet laurdag.
Fleire flyktningar og
migranter vil til Italia enn før.
Sjølv om dei kan døy på havet.
3
Foto: NTB scanpix
Foto: NTB scanpix
Hillary Clinton
seier ho vil
samarbeide med
motstandaren
Bernie Sanders for å bli ny
president i USA.
sin leiar klarer det ikkje sjølv.
Kim Jong-un vart nyleg sett
med ein sigarett.
Foto: NTB scanpix
Robert Hall frå Canada vart
drepen av gruppa Abu Sayyaf
på Filippinane. Hall vart fanga
saman med norske Kjartan
Sekkingstad i fjor.
TORSDAG
16.06.2016
KULTUR
Nyhenda er omsette
frå lettlest-avisa Klar Tale.
Kjøper meir design
MITT ORD
Foto: Privat
Ole-Morten Algerøy
er pressekontakt for
Bergenfest. Musikkfestivalen er i Bergen
15. til 18. juni.
Har lært
konsertspråket
– Kva er ditt favorittord?
– «Festival», må det bli. Det
er alt eg snakkar om i desse
dagar.
– Kvifor liker du dette
ordet så godt?
– Det fortel at menneske
samlast til ei hyggjeleg
og spennande oppleving.
Eg tenker på mine fire
yndlingsting: fine folk, bra
musikk, god mat og dans.
Konstituert redaktør: Gøril Huse
Kontakt oss: [email protected]
4
Foto: NTB scanpix
MOTE: Folk kjøper meir norsk
klesdesign, også i utlandet.
Norsk design blir seld i byar
som Paris i Frankrike, London
i Storbritannia og Tokyo i
Japan, ifølge kanalen NRK.
Sel dyr «Skrik»
KUNST:
Kunstnaren
Edward
Munch måla
motivet
«Skrik» på
mange måtar.
Eit litografi
med motivet blir selt i London.
Prisen er mellom 9,4 og 14,1
millionar kroner, skriv avisa
Dagens Næringsliv.
FILM
ANGST: Zayn Malik har psykiske
problem. Han måtte avlyse ein
konsert.
Slit med angst
MUSIKK: Popartisten Zayn
Malik skulle endeleg halde
konsert i England laurdag.
Men 23-åringen slit med
angst. Malik vart så nervøs at
han avlyste konserten. Han
spelte tidlegare i bandet One
Direction.
Foto: Tour de Force
– Kva ord liker du ikkje?
– «Eksklusivt» og «unikt»
blir ofte misbrukt. Som
arrangør må vi fortelje om
festivalen vår på ein presis
måte. Då synest eg vi skal
bruke orda som treffer best.
– Kva er eit typisk
musikkord?
– Å arrangere konsert er eit
eige fag. Det finst eit eige
språk. Vi snakkar om for
eksempel «ridere», «risere»
og «runners». Det har teke
meg åtte år å forstå sånn
passe kva orda betyr.
Skaffar gode ektemenn
»» Det er laga mange filmar av bøkene til forfattar Jane Austen.
Men denne har fått ekstra merksemd og mykje skryt. Filmen er
laga etter ein av Austen sine uferdige romanar. Kate Beckinsale
speler Lady Susan Vernon. Ho forsøker å skaffe gode ektemenn
til seg sjølv og dottera. Filmen «Love & Friendship» har
premiere fredag. Den passar for alle.