Velkommen til introduksjonsmøte På Samfunnshuset

Velkommen til introduksjonsmøte
På Samfunnshuset
Kjære foreldre/føresette og konfirmantar
Torsdag 25. august kick-startar vi konfirmantåret med ein fullpakka kveld på
samfunnshuset frå kl. 17.00-20.00.
Hein Anders Kvalheim, kjend frå TV-serien «Ingen grenser» med Lars Monsen
kjem. Han skal halde eit spennande foredrag for oss; «Hvem er jeg egentlig
…?».
Det vil bli servert kaffi med noko å bite i og tid til mingling. Etter foredraget
delar konfirmantar og foreldre/føresette seg. Det vil bl.a. bli foreldremøte,
icebreakers, utdeling av kyrkjedagbøker og moglegheit for å stille spørsmål.
Denne kvelden vert det lagt til rette for at konfirmantane kan velje kva
tenesteoppgåve dei vil ha gjennom året. Under ligg informasjon om dei ulike
oppgåvene. Konfirmantane får moglegheit til å stille spørsmål før dei skal velje,
og dei som fortsatt er usikre får tenkje meir heime før dei leverar inn
svarlappane.
Vi som jobbar på kyrkjekontoret gler oss til å treffe dykk og ser fram til ein kjekk
kveld saman! Vi gjer oppmerksam på at kvelden er ein obligatorisk del av
konfirmantopplegget.
Program
17.00
Velkommen m. presentasjon av tilsette
17.15
Foredrag ved Hein Anders Kvalheim
Ca. 18.15
Pause med noko attåt
Konfirmantar og foreldre/føresette delar seg
19.45
Avrunding med et lite ord for kvelden
20.00
Slutt
Mvh
- Kyrkjelydspedagog
Tenesteoppgåver/valfri arbeidsform
Namn:
Klasse:
j
g
1. Kyrkjevert –Ynskje velkommen til gudsteneste, dele
ut salmebøker og være med å rydde etterpå (2 gongar).
2. Arbeid med born– Være medhjelpar på t.d. utdeling av 4-årsbok,
6årsklubb, lysvåken, tårnagenthelg, barnekor, speidar, sprell levande
og liknande.
3. Dugnad på gravplass – Være med å stelle gravplassen før jul
og påske. Rydding, raking og liknande.
4. Innsamlingsaksjon – Være med på praktiske førebuingar før og under
innsamlinga.
5. Diakonatet – Treffe eldre menneske, lage mat, være sosial og
rydde etterpå. Eventuelt lese eller spele for dei (2 gongar).
6. Spele i kyrkja – Dersom du speler eit instrument eller syng. Øve
ettermiddag og delta på gudsteneste.
7. Forsangargruppe - Møtast før gudstenesta, øve på dagens salmar og
synge i gruppe på gudstenesta (4 gongar).
8. Orgelgruppe – Konfirmantane får prøve å spele på orgelet i grupper
på tre stk. (3 gongar).
9. «Fin fredag Florø» –Vi gjer ting i lag og har det kjekt, eks. ete mat,
snakke, spele spel, idrett, tur, ser film etc. Vi avsluttar kveldane med eit
ord for kvelden.
10. Ten Sing – Øver kvar måndag på Misjonsheimen. Kor, drama, dans,
band og teknikkgrupper. Også turar. Sidan dette krev meir enn dei
andre oppgåvene, vil ein sleppe noko av kveldsundervisninga.
Kontingent må betalast sjølv.
Skriv ned dei to alternativa du har mest lyst til å delta på:
Eg ynskjer:
1. val; _________________ 2. val; __________________