Konfirmant 2016

Konfirmant 2016
Informasjonshefte om konfirmasjon
i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje
Tema for året: "Loved"
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Velkommen til konfirmasjonstida
i Fjell 2016!
Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er fødde i 2001.
Vi i kyrkja held på å planlegge konfirmantåret, og håpar at du vil vere med!
Kva er konfirmasjon eigentleg?
Konfirmasjonstida heng saman med dåpen. I dåpen fekk du trua som gåve, og i konfirmasjonen
får du moglegheit til å stadfeste at du vil leve i denne trua. Gud ønskjer også å stadfesta at han har
omsorg for deg og elskar deg. Det vil vi snakke mykje om i konfirmasjonstida.
Konfirmanttida er ei spennande tid der du får vere med på mykje gøy, får anledning til å samtale
og grunne på dei store spørsmåla i livet, og moglegheit til å bli kjend med mange nye ungdommar
og vaksne. Konfirmantåret er eit år du seint vil gløyma!
Individuell tilrettelegging
Vi vil gjere det mogleg for alle som ønskjer det, å vere konfirmant.
Det kan vere mange årsaker til at det kan vere vanskeleg å følgje det ordinære opplegget som er
sett opp. Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom, eller anna som gjer det
utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med
foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for di konfirmasjonstid.
Ulike tiltak kan til dømes vere: ein-til-ein undervising, undervising i mindre grupper eller anna
tilrettelegging.
Registrering
For å bli registrert som konfirmant i Fjell må du fylle ut registreringsskjemaet på nettsida
www.fjellkonfirmant.no
Før du gjer det anbefaler vi både konfirmanten og foreldre/føresette å lese infoheftet slik at du har
eit godt inntrykk av kva det vil seie å vere konfirmant i Fjell. Registreringa er noko
konfirmanten og foreldre/føresette bør gjere saman.
Registreringa opnar 1. juni og frist for registrering er 20. juni!
-2-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Kontakt med heimen
Foreldresamlingar
Det blir nokre samlingar med foreldre/føresette i konfirmasjonstida:
• Infomøte i Foldnes kyrkje torsdag 11. juni kl. 19.00. Velkommen!
• T14-dagen 2.september. Fokus på interessegruppene.
• Tema- og informasjonssamling i januar. Fokus på T15-Fasteaksjonen
• T15 – Wrap-up i april. Kappeutdeling og info om konfirmasjonsdagen.
Informasjon
De vil få tilsendt viktig informasjon i Konfirmantposten som Kyrkjekontoret sender ut 2 til 4
gonger, og på nettsida vår (www.kyrkja.no/fjell) skal det alltid ligge oppdatert informasjon.
Semesterplan for undervisingsgruppene blir sendt ut til konfirmantar og foreldre/føresette i
august og desember.
Informasjonen vil hovudsakleg bli sendt ut via e-post, men påminning om viktige samlingar kan
òg kome på sms direkte til konfirmanten og foreldre/føresette.
Undervisningssamlingar
Alle konfirmantane får undervisning i den kyrkja dei tilhøyrer, og blir
fordelte etter skule og barneskulekrins. Undervisninga er som regel rett
etter skuletid.
Har de spesifikke ønskje om kva gruppe konfirmanten skal gå i, eller
kven han/ho skal gå saman med, må dette presiserast på
registreringsskjemaet. Ved registrering etter 20. juni er det ikkje
sikkert at vi kan innfri desse ønskja.
Undervisninga tek til i byrjinga av september.
Interessegrupper
Alle konfirmantane er med i ei interessegruppe i tillegg
til undervisingssamlingane. I desse gruppene får
konfirmantane vere ein del av ungdomsarbeidet og
andre aktivitetar i kyrkja.
Etter T14-dagen vil konfirmantane kunne registrere
kva interessegrupper dei helst vil vera med i.
I tillegg til nye interessegrupper vil desse gruppene vere Leir, TenSing Lukas, KRIK, Basement,
Landroklubben, Lysmesse m.m.
Det kjem meir informasjon om desse gruppene på T14-dagen.
-3-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Gudstenester
Gudstenesta er kyrkjelyden si storsamling.
Gud møter oss, vi møter Gud og vi møter kvarandre.
Konfirmantane skal delta på minimum åtte
gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i
mai.
På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit
gudstenesteark for å registrere frammøte. Dette arket
skal leverast til presten eller kyrkjevertane når
gudstenesta er slutt.
Viss konfirmantane går på gudsteneste andre stadar
enn Fjell, Foldnes og Landro kyrkje, må dei få
underskrift på at dei har vore til stades, og levere
denne til konfirmantlærar.
Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene.
Ung messe
I løpet av året vil det bli arrangert fleire "Ung Messe" i alle tre kyrkjene. Dette er gudstenester
spesielt tilpassa ungdom, og vi vil anbefale desse for konfirmantane.
Ungdom er med i planlegging og gjennomføring av gudstenesta, noko som gjer at all musikk,
forkynning og liturgi er meir ungdommeleg enn det vil vere på ei alminneleg gudsteneste.
Etter gudstenesta er det kyrkjekafé; eit sosialt møtepunkt med noko godt å ete.
Lysmesse
Søndag 6. desember skal nokre av konfirmantane
vere med på å lage lysmesse i alle tre kyrkjene.
Dette er stemningsfulle gudstenester der alle
konfirmantar og foreldre er særskild velkomne.
Vi tenner lys i mørkret og les tekstar som fortel om
frelsaren som kjem. Ei flott adventsgudsteneste for
heile familien.
-4-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Presentasjonsgudsteneste
I september skal alle konfirmantane presenterast for kyrkjelyden i den kyrkja dei høyrer til.
Alle konfirmantar må møte på si presentasjonsgudsteneste. Dette er ei heilt vanleg
gudsteneste, men som ein del av forbøna blir alle konfirmantane lest opp og bedt for.
På presentasjonsgudstenesta vil alle konfirmantane òg få utdelt sin konfirmantbibel.
Fjell kyrkje
Søndag 13. september kl. 11.00
Ekerhovd, Knappskog og Kolltveit krins.
Søndag 20. september kl. 18.30
Algrøy, Skålevik, Syltøy, Tellnes og Ulveset krins
Foldnes kyrkje
Søndag 13. september kl. 11.00
Brattholmen, Bjorøy og Hjelteryggen krins
Søndag 20. september kl. 11.00
Foldnes og Liljevatnet krins
Landro kyrkje
Søndag 13. september kl. 11.00
Knappskog, Landro, Misje og Ågotnes krins.
Konfirmasjonsgudsteneste
Konfirmasjonsgudstenesta er ei høgtideleg avslutning på konfirmasjonstida.
Konfirmantane blir fordelte etter barneskulekrins, men dersom de ønskjer å ha
konfirmasjonsgudstenesta i ei anna kyrkje eller på ein annan dag enn det som er sett opp her, ber
vi om at de seier ifrå på registreringsskjemaet.
Fjell kyrkje
Laurdag 30.april
Torsdag 5. mai
Foldnes kyrkje
Torsdag 5. mai
Laurdag 7. mai
Søndag 8. mai
Landro kyrkje
Laurdag 7. mai
Søndag 8. mai
kl. 10.30 Kolltveit
kl. 12.30 Ekerhovd og Knappskog
kl. 10.30 Ulveset
kl. 12.30 Algrøy, Skålevik, Syltøy og Tellnes
kl. 10.30 Hjelteryggen
kl. 12.30 Liljevatnet
kl. 10.30 Brattholmen og Bjorøy
kl. 12.30 Brattholmen
kl. 10.30 Foldnes
kl. 12.30 Foldnes
kl. 10.30 Ågotnes
kl. 12.30 Ågotnes
kl. 10.30 Knappskog og Misje
kl. 12.30 Landro
Dersom det blir for mange konfirmantar på ei gudsteneste, kan det bli endring på klokkeslett.
-5-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Arrangement
T14 – Kick-off !
Onsdag 2.september kl. 18.00 i alle tre kyrkjene
Konfirmantåret startar med ei høgtideleg og festleg
samling i kyrkja di. Denne dagen er for både
konfirmantane og foreldre/føresette.
På T14 vil du få info om konfirmantåret og om alle dei
ulike interessegruppene. I august vil de få eit brev i posten
med invitasjon til T14-dagen.
T15 – Fasteaksjonshelga: 12.-13. mars
T15 – Storsamling
Laurdag 12. mars blir det ei storsamling i Foldnes
kyrkje for alle konfirmantane i Fjell!
Denne kvelden er det kick-off til Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon som skal vera dagen etter.
Kvelden blir fylt med underhaldning, viktig info om
Fasteaksjonen, konsert, kiosk og god stemning!
T15 – Fasteaksjonen
Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin årlege
innsamlingsaksjon. Alle konfirmantane er med på å gå
med bøsse i sitt nærområde søndag 13. mars 2016.
Foreldrehjelp
Til T15 treng vi hjelp frå foreldre både på laurdag og
søndag til mellom anna baking, praktisk hjelp og
vakthald. Meir info om dette kjem på foreldresamlinga i
januar.
Foto: Erlend Angelo/Kirkens Nødhjelp
T15 – Wrap-up!
Omlag ei veke før konfirmasjonen er det Wrap-up for alle
konfirmantar og konfirmantlærarar i kyrkjene.
Det blir underhaldning, kake og brus, og ein sjanse til å sjå
tilbake på konfirmantåret.
På slutten av kvelden inviterer vi alle foreldre/føresette til ei kort
infosamling om konfirmasjonsdagen. Under denne infosamlinga
vil konfirmantane få utdelt kappane dei skal bruke under
konfirmasjonen.
-6-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Praktisk informasjon
Økonomi
Alle konfirmantane betalar ein kontingent på kr. 750,Dette dekkjer utgifter i samband med undervisning og arrangement, og reingjering av
konfirmantkappene. I tillegg til kontingenten kjem utgifter til interessegruppene. Prisen på desse
vil variere.
Kyrkjelyden har kjøpt økonomiske tenester hos kommunen, så rekninga blir sendt frå
Kommunekasseraren i Fjell. Kommunekasseraren treng personnummer til den av foreldra som
skal betale. Vi ber derfor om at dette blir oppgitt på registreringa.
Rekninga blir sendt ut i mars/april/mai.
Dåpsattest
Er konfirmanten døypt andre stader enn i Fjell sokn (Fjell, Foldnes eller Landro kyrkje), må de
sende kopi av dåpsattest til oss, slik at det formelle er i orden.
Dersom du ikkje har dåpsattesten tilgjengeleg, kan du bestille ein kopi frå kyrkja der konfirmanten
er døypt. Dåpsattesten kan sendast som brev eller e-post, eller leverast til konfirmantlærar.
Ikkje døypt?
Dåpen er ein føresetnad for konfirmasjon. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i
konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs.
Kvart år blir ei handfull konfirmantar døypte i samband med konfirmasjonstida, og vi set opp
dåpskurs og dåpsgudsteneste for desse konfirmantane i februar/mars.
Avtale for konfirmasjonstida
Konfirmantlærarane skal syte for:
• godt førebudde samlingar
• å gi viktig informasjon skriftleg
• at dei obligatoriske utgiftene ikkje blir høgare enn det som er fastsett i infoheftet
• at programmet ikkje blir endra utan særleg viktige grunnar
• å gi melding ved endring av semesterprogrammet
Konfirmanten skal:
• møte til dei samlingane som planen føreskriv
• gjere sitt til at det blir eit positivt miljø under samlingane
• gi melding dersom det er noko ein vil endre på
Foreldre må gi melding på førehand dersom konfirmanten ikkje kan møte til dei oppgitte
samlingane. For at konfirmanttida skal bli ei god tid, er vi avhengige av at foreldra motiverer
konfirmanten, går saman med dei til gudsteneste, deltek på foreldresamlingane og les den
informasjonen som blir sendt ut.
Stadig uro under samlingane vil bli tatt opp med foreldre/føresette.
Ved meir enn 20% fråvær blir det kalla inn til ekstraundervising. I verste fall kan det bli grunnlag
for utsetjing av konfirmasjonen.
Ved registrering på www.fjellkonfirmant.no stadfestar konfirmanten og
foreldre/føresette at dei er kjende med og aksepterer avtalen.
-7-
Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell 2016
Ansvarlege for konfirmasjonstida
Soknerådet er ansvarleg for konfirmasjonsopplegget, og har vedteke konfirmantplanen for Fjell.
Kateketen, kyrkjelydspedagogen, prestane og andre tilsette har saman ansvar for
konfirmantundervisninga.
Har de noko å utsetje på opplegget, så ta gjerne kontakt med ansvarleg konfirmantlærar eller
Kyrkjekontoret så vi kan ta ein prat om det du tenkjer på.
Vi håpar dette informasjonsheftet gir svar på det meste omkring konfirmasjonstida som kjem, og
inviterer til eit godt samarbeid mellom heim og kyrkje.
Har de spørsmål: ver frimodige og ta kontakt!
Venleg helsing konfirmantteamet i Fjell
Mildred Heggernes, Terje Aannerød, Bjarte Nese, Petter Ekerhovd-Ottersen,
Maria Tveten, Kristine Hopland, Eivind Kausland Lie og Beate Sørhus
- med ønskje om ei minnerik konfirmasjonstid!
Er det noko du ikkje får svar på i dette heftet,
ta gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Beate Sørhus.
Tlf.: 55 09 74 63/ E-post: [email protected]
Besøksadresse: Temahuset (Tytebærbrekko 2), Straume. (2.etg., over Jysk)
Opningstider: måndag-fredag, kl.9-15
| www.fjellkonfirmant.no | www.kyrkja.no/fjell |
-8-