Strategisk næringsplan for Ål kommune 2017-2020 Side 2 av 13 STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Kva er Strategisk næringsplan for Ål kommune? Strategisk næringsplan skal vere eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk. Den skal vere retningsgjevande for dei prioriteringar kommunen gjer i planperioden. Planen skal gje aktørane innan næringslivet signal om kva satsingsområde kommunen vektlegg spesielt. Ål kommune definerer si rolle til å vere ein: Tilretteleggar Samarbeidspartnar Støttespelar Ål vil legge til rette for næringsutvikling generelt og på dei områda som er vedtekne i planen spesielt. Dette vert gjort gjennom rådgjeving, planarbeid, politisk arbeid, god sakshandsaming, og kommunale investeringar. Ål vil vere ein samarbeidspartnar og tilby rådgjeving og rettleiing for den einskilde næringsaktør, men ôg ta initiativ til samarbeid mellom fleire aktørar, både innan offentleg og privat verksemd. Ål vil vere ein støttespelar for næringsaktørar. Dette kan vere som rådgjevar og hjelpar til å få innblikk i det offentlege apparatet, eller gjennom økonomiske støtteordningar. Ål kommune som næringsutviklar. Det er bedriftene sjølve som skaper vekst og grunnlag for drift. Ål kommune vil vere ein samarbeidspartnar som stimulerer næringsaktørane til å bli levedyktige og lønsame, og som ivaretek og skaper trygge arbeidsplassar. Planar, lover og regelverk, kommunale tenester, næringspolitikk og tilskotsordningar skal nyttast strategisk og godt. Kommunen vil gje næringsdrivande rettleiing og rask avklaring om naudsynte godkjenningar når dei vil utvikle og/eller starte ny verksemd. Lokalt næringsliv og regionale, fylkeskommunale og statlege planverk legg føringar og er premissleverandørar for SNP i Ål kommune. Kommunen ynskjer å stimulere prosjekt og tiltak som har forankring i eit utviklingsorientert næringsliv, og fremje samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Kommunale innkjøp utgjer betydelege summar, og i samband med avtaler om innkjøp skal difor kostnad, tilgjenge og service vektast ut frå eit lokalt perspektiv. Kommunen skal i størst mogleg grad ta omsyn til indirekte verknader for lokalt næringsliv, slik som arbeidsplassar, skatteinngang og bevaring av verdiskapinga i lokalsamfunnet når dei vurderer økonomi ved innkjøp. Ål kommune er oppteken av å kunne tilby gode kommunale tenester som barnehage, skule, helse, kultur- og aktivitetstilbod. Tilgang på bustad- og næringstomter er ein viktig føresetnad for næringsutvikling. Slik vil me sikre bulyst og tilgang på kvalifiserte arbeidstakarar. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Ål kommune skal ha eit utval som handsamar tilskot til næringsutvikling, både frå næringsfond og andre fond. Ål kommunestyre vedtek årleg kor stor del av kraftinntektene som skal nyttast til næringsutvikling. Kommunestyret godkjenner i samband med rullering av Strategisk næringsplan også retningsliner for næringstilskot. Næringsstyret er i perioden 2015-2019 sett saman av tre representantar frå næringslivet i Ål og to politisk valde representantar. Sjå siste side. Kommuneplan for Ål Strategisk næringsplan byggjer på kommuneplanen for perioden 2015-2027. Pkt. 4.6 i kommuneplanen omhandlar næringsutvikling: «Overordna mål for næringsutviklinga er å utvikle Ål sine fortrinn, styrke eksisterande næringsliv og bidra til at det vert skapt nye arbeidsplassar. Ål vil: 1. Stimulere til eit næringsliv som gjev auka verdiskaping, nyskaping og produktivitet. Næringslivet skal produsere og vidareforedle varer og tenester av høg kvalitet. 2. Yte offentlege tenester som næringslivet er nøgd med: rask sakshandsaming, god rådgjeving og informasjon, realistiske krav og forventningar m.m. 3. Stimulere til gründerskap og vidareutvikling av eksisterande bedrifter ved bruk av næringstilskot. 4. Leggje til rette for å styrke utviklingsevna hjå næringsliv, politikarar og administrasjon. 5. Stimulere til at næringslivet kan tileigne seg naudsynt og relevant kompetanse. 6. Ta initiativ til og støtte samarbeid og nettverksbygging mellom næringslivet og det offentlege. 7. Legge til rette for at det til ei kvar tid er ledig og tilrettelagt næringsareal. 8. Stimulere til auka bruk av lokalt næringsliv både frå innbyggarane, hyttefolk og andre tilreisande. 9. Vera med å vidareutvikle Ål som arrangementskommune. 10. Støtte og vidareutvikle regionale fellestiltak.» Overordna mål, satsingsområde og strategi: Ål kommune ynskjer å bidra til eit næringsliv som er prega av optimisme og gjennomføringsevne. Kommunal forvalting og tenesteproduksjon er viktig for rammevilkåra til det lokale næringslivet. Me har natur og landskap som gir oss store moglegheiter, men og ansvar. Ål vil nytte naturressursar og kulturlandskap på ein framtidsretta, STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 utviklingsorientert og berekraftig måte. Overordna mål: Ål kommune vil: Møte alle næringsaktørar med likeverd og rettferd. Sikre og trygge eksisterande arbeidsplassar og bidra til å skape fleire arbeidsplassar i Ål og Hallingdal. Ha eit berekraftig offentleg og privat næringsliv som nyttar ny teknologi der det er mogleg. At næringslivet i Ål veks og utviklar seg positivt. At Ål har eit sterkt og godt handelstilbod. Stimulere til meir lokal handel og vidareutvikle produkt og tenester frå lokale bedrifter. Legge til rette som arrangementskommune, slik at arrangementa kan halde fram og utviklast vidare. Få fleire solide merkenamn med lokal tilhøyrsel i Ål og Hallingdal. Vidareutvikle Ål som fritidsbustadkommune. Legge til rette for berekraftige løysingar i næringslivet*. ************************************************************************** *** For at kommunen skal kunne fylle si rolle som næringsutviklar på ein best mogleg måte, er det avgjerande at ressursar vert brukt målretta. Det er difor peikt ut spesifikke satsingsområde som er tidsaktuelle, utviklingsorienterte og som speglar dei lokale fortrinna. Det er på desse områda Ål kommune fyrst og fremst vil involvere seg aktivt og ta initiativ. For å nå måla legg me vekt på: Arbeidsplassar Eit absolutt mål for Ål kommune er at alt næringsutviklingsarbeid skal trygge eksisterande- og/eller skape nye arbeidsplassar. Ål kommune er oppteken av at det er god tilgang på riktig kompetanse for bedriftene i kommunen/regionen. Ein god måte å oppnå dette på er å satse på lærlingar. Kommunen vil stimulere bedriftene til å tilby lærlingplassar. Det er aktuelt å innføre krav om lærlingar for dei bedriftene som leverer tenester til kommunen. Ål kommune vil også sjølv ta ansvar som lærlingbedrift. Ny teknologi Ny teknologi skal vektleggjast i næringsutviklingsarbeid både offentleg og privat. Ål kommune skal stimulere næringsaktørar til å ta i bruk ny teknologi. I første omgang vil ein spesielt legge til rette for dette innan helse og landbruk. Forsking, utvikling og kompetanse Ål kommune vil oppmuntre eksisterande næringsliv til utvikling og nytenking. Næringssamarbeid lokalt og regionalt Kommunen vil i samarbeid med næringsliv, Hallingdal etablerersenter, Innovasjon Norge og andre sentrale aktørar hjelpe personar som ønskjer å etablere eiga verksemd. Ål kommune vil legge til rette for lokal samhandling mellom offentlege og private miljø. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Ål kommune vil vere ein pådrivar for eit tettare og konstruktivt regionalt samarbeid om næringsutvikling både innan offentlege og private verksemder. Ål kommune vil delta aktivt i prosessar som bygger oppunder dette. Ål kommune skal jobbe overfor sentrale styresmakter for å sikre best mogelege vilkår for næringslivet. Profil og omdømmebygging Ål kommune har fleire merkenamn, arrangement og bedrifter som er med på å gi kommunen ein positiv identitet. Ål kommune vil stimulere til at gode historier knytt til kommunens identitet vert brukt til å styrke næringslivet. Kommunen skal ha eit tydeleg profil- og omdømmebyggingsarbeid. Lokalproduksjon Ål kommune vil stimulere til og delta i initiativ og løysingar som bidreg til meir lokalproduksjon og tilbod av lokale varer og tenester. Støtte og bistå planar/tiltak som skaper vekst for lokal handel, service og serveringsbedrifter. ************************************************************************ *** Målretta næringsutvikling innan viktige næringar for Ål kommune Ål kommune er ein liten distriktskommune, men det hindrar ikkje eit rikt og svært variert næringsliv med bedrifter innan mange ulike bransjar. Nedanfor ser ein korleis Ål kommune vil legge til rette for ei målretta næringsutvikling innan sentrale næringane i kommunen. Delkapitlet som handlar om næringsareal og tilgjenge er sentralt for handel og industri/bygg/anlegg. Næringsutvikling innan helse og omsorg Ål kommune blir rekna for å vere helsekommunen i Hallingdal. Ål kommune ynskjer å bruke kompetansen og posisjonen innan dette fagfeltet til å utvikle nye næringar innan helse- og omsorgsfeltet. Kommunen vil legge opp til at eksisterande og nye næringsaktørar utnyttar den store marknaden som finst innan helsetenester, spesielt med tanke på nye teknologiske løysingar. Mål Satse vidare på Torpomoen som eit senter for bedrifter innan helse- og omsorgstenester, beredskap og arbeidsmiljø. Vidareutvikle fagmiljø i Ål og Hallingdal for å tiltrekke seg universitets- og høgskuleutdanna personell med relevant kompetanse, og etablere kompetansearbeidsplassar innan fagutvikling og velferdsteknologi. Trekke inn lokalt næringsliv i arbeidet med helseteknologi. Vere pådrivar for desentraliserte helsetenester. Strategi Bidra aktivt i oppbygging og utvikling av fagmiljø innan helse, miljø og sikkerheit og omsorg, rådgjeving og kompetanseformidling på Torpomoen. Bruke helseprofilen til å auke tilflytting og etablering av nye arbeidsplassar. Bistå bedriftsutvikling innan dette fagfeltet spesielt. Ål kommune skal ta i bruk velferdsteknologi. Etablere responssenter for mottak av differensierte alarmar og vakttenester. Søke støtte og utviklingsmidlar frå sentrale instansar. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Næringsutvikling innan kultur og kreative næringar Kreative næringar er definert som verksemder som nyttar kulturelle uttrykk i sine produksjonar, t.d. annonse/reklameverksemd, arkitektur, bibliotek/museum, trykte media, design, film/foto/video, utøvande kunst, musikk, TV/radio. Ål har den største næringsklynga i regionen innan IKT/Media/Grafisk. Mål Ål skal ha ein sentral posisjon i regionen når det gjeld IKT/Media/grafisk/elektronisk kommunikasjon og teknisk kulturproduksjon. Ål skal vere ein kommune der kulturbaserte næringar skal utviklast og skape synergiar som gjev vekst i bransjen. Ål kulturhus gir grunnlag for næringsutvikling i og utanfor huset. Ål kommune skal vere blant dei beste kulturkommunane i landet Strategi Bidra til å støtte opp om eksisterande bedrifter og legge til rette for nye kreative næringar. Styrke samarbeidet med lokale kulturaktørar Fortsette arbeidet med å utvikle ei regional næringsklynge for kreative næringar med utgangspunkt i Ål kulturhus. Vidareutvikle Ål kulturhus som kultursenter for Hallingdal mellom anna ved å endre namn til Hallingdal kulturhus Ål kulturhus skal vere ein regional kompetansebase for kulturproduksjon. Vidareføre og forsterke kulturarbeidet som blir drive i kommunen. Legge til rette for at lokale lag og organisasjonar kan nytte Ål kulturhus i større grad. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Næringsutvikling innan reiseliv og fritidsbustader. Ål som destinasjon for reiseliv og fritidsbustader er tufta på natur- og kulturopplevingar. Reiselivsnæringa i Ål er sett saman av eit par store og elles små og mellomstore verksemder. Tal på kommersielle gjestedøgn i 2015 er omlag 90.000 i følge. SSB. I tillegg kjem alle overnattingsdøgn frå Ål sine om lag 2900 hytter. Det gir store ringverknader både for handel, anna næringsliv, landbruk, kulturtilbod og fysisk aktivitet sommar og vinter. Mål Strategi Stimulere til produktutvikling som Reiselivssatsinga er tufta på natur, tek utgangspunkt i natur, kultur og kultur og helse, som profilen elles i helse. Ål. Legge til rette for produktutvikling Eksisterande og nye aktivitetar, opplevingar og attraksjonar gjer Ål og Hallingdal til ein synleg destinasjon. Delta aktivt i lokale, regionale og Ål er aktiv i satsinga på (nasjonale) prosjekt. terrengsykling og langrenn. Bistå næringsutvikling som Ål har eit attraktiv alpinskitilbod i åra marknadsfører og nyttar framover. alpintilbodet Legge til rette for eit auka samarbeid Landbruket er ein viktig mellom grunneigarar og premissleverandør for reiselivet. Ål reiselivsnæringa for å sikre gode kommune støttar eit samarbeid løysingar når det gjeld løyper, stigar mellom reiseliv og landbruk, for å og anna bruk av utmark. kunne tilby fleire landbruksprodukt Legge til rette for produktutvikling for turistar og hytteålingar. og nytenking Stimulere reiselivsaktørar til å skaffe Ål kommune har eit auka fokus på seg Miljøfyrtårnsertifisering. kvalitetssikring, berekraft og kompetanse, for å møte morgondagens krav og forventningar. Delta aktivt i Hallingdalsprosjekt Eit tettare samarbeid innan reiselivet i Hallingdal. Arbeide for ei breiare forståing for Ål blir endå meir kjent som ei ringverknadane desse næringane gir attraktiv fritidsbustadkommune og for andre næringar. med det kan dra nytte av Jobbe aktivt med å samle ringverknader og overrislingseffektar reiselivsaktørar, bygg/anlegg, landbruk og kreative næringsaktørar til eit tettare samarbeid der ein marknadsfører og utviklar Ål, spesielt som hytte- og fritidsbustadkommune. Sikre tilrettelegging og tiltak som gjer at Ål blir oppfatta som ein attraktiv og positiv hyttekommune. Satse vidare på Ål bygger vidare på eksisterande arrangementsturisme. arrangement og at det vert utvikla Stimulere initiativ frå arrangørar nye. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Næringsutvikling innan landbruk Ål er den største husdyrkommunen i Buskerud. Sommaren 2015 søkte 158 føretak om produksjonstilskot på til saman 35.950 dekar jordbruksareal. Det som kjenneteiknar landbruket i Ål er allsidig husdyrhald, leigejord, landbruk som ei av fleire inntektskjelder til huslyden, relativt lite innmark og store utmarksressursar. Mål Strategi Utnytte beita i kommunen mest mogleg som ein ressurs for matproduksjon og for å fremje eit velhalde kulturlandskap både i grendene og i fjellet Halde oppe, og helst auke, produksjon på flest mogeleg bruk, med særskild vekt på kumjølk- og storfekjøttproduksjon Fremje eit godt landbruksmiljø Auke lokal foredling, sal, vidareutvikling av produkt og tenester frå landbruket Støtte satsing på alternative produksjonar. Revidere beitebruksplanen Motivere til å ta i bruk ny beiteteknologi Støtte opp om tiltak som aukar utnytting av utmarksbeita Arbeide for fleire stølar i drift Gje råd og motivere til utarbeiding av framtidsretta planar for kumjølk- og storfekjøttproduksjon Stimulere tiltak som sikrar eit auka berekraftig landbruksareal. Dette kan innbefatte nydyrking. Vidareføre «Ny giv i landbruket i Ål» Sette i gang prosjekt for å kartlegge kva som skal til for å få til meir lokalforedling og sal av produkt i Hallingdal Støtte dei som vil starte lokal foredling, og sal av landbruksprodukt Leggje til rette for auka samarbeid mellom grunneigarar og reiselivsnæringa for å sikre gode løysingar når det gjeld løyper, stigar og annan bruk av utmarka. Støtte produktutvikling og profilering av lokale landbruksprodukt. Kople nye idear med fagmiljø, nettverk og finansieringskjelder. STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Næringsareal: Det er heilt avgjerande for næringslivet at det er god tilgang på riktig type næringsareal med tanke på plassering, storleik og grad av opparbeiding. Det er også svært viktig at handelsbedrifter skal vere godt tilgjengeleg for gåande, syklande og køyrande. Mål Ål kommune vil tilby det lokale næringslivet føremålstenelege næringsareal, infrastruktur og næringsvenlege offentlege tenester (forvaltning). Ål kommune skal kunne tilby gode og føremålstenlege byggeklare næringstomter: -for arealkrevjande næringsaktørar -for handelsbedrifter med arealkrevjande varer (bilar, møblar, byggevarer) -for lager/engros Ål kommune vil vere ein pådrivar for å handle varer og tenester lokalt. Ål kommune skal ha eit velfungerande, godt tilgjengeleg og trafikksikkert handelssentrum for innbyggarane og for tilreisande. Ål stasjon blir definert som ein del av Ål sentrum. Strategi Regulere, kjøpe/sikre og setje i stand ulike typar næringsareal. Tilby tomter i den opne marknaden. Etablere ein overordna plan som vil sikre gode driftsforhold og vidareutvikle eksisterande og nye potensielle næringsklynger/parkar, på ein offensiv og rettferdig måte. Bygge ut infrastruktur og knytte vegar og gangfelt saman. Ha tydeleg skilting, spesielt med tanke på trafikktryggleik og for å synleggjere kva Ål kan tilby frå RV 7. Sørge for gode gang- og sykkeltrasear mellom Ål stasjon og Ål sentrum - Viktige samarbeidspartar for Ål kommune: Hallingdal Etablerersenter Regionrådet for Hallingdal Innovasjon Norge Buskerud fylkeskommune Papirbredden Innovasjon Hallingdal næringshage Utviklingsselskap under utvikling etter intiativ frå bedrifter innan Helse Miljø Sikkerheit og Beredskap i Hallingdal Ål Utvikling AS Høgskulen Sør Øst Norge Landbruks- og miljøavdelinga hjå Fylkesmannen Lærlingbedrifter Ål og Gol vidaregåande skular _____________________________________________________________________ STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR ÅL 2017-2020 Næringsstyret (2015-2019) har hatt ansvar for arbeidet med rullering av Strategisk næringsplan: Solveig Vestenfor (Ap), ordførar og leiar Espen Jacobsen (V), kommunestyremedlem Morten Gjeldokk, representant frå næringslivet Kari Grete Kleivstøl, representant frå næringslivet Astrid Sonerud, representant frå næringslivet Håkon Haug Laa, vararepresentant frå næringslivet Ole Egil Trinterud, vararepresentant frå kommunestyret Kristian Kvistad Holm, næringsutviklar Tone Tveito Eidnes, Rådmann Andre bidragsytarar vert lista opp i endeleg vedtatt plan
© Copyright 2024