ULSTEIN KOMMUNE TILSYN MED KOMMUNAL BEREDSKAPSPLIKT 2016 ULSTEIN KOMMUNE 29. SEPT 2016 12.09.2016 OVERSENDINGSBREV For det komande året er det nokon endringar i den administrative leiinga i kommunen som medfører at det vert Verner Larsen som stiller på tilsyn, ikkje Einar Vik Arset som opplyst på formøte. Rådmann: Ass. rådmann/brannsjef: Kommunalsjef teknisk/ beredskapskoordinator: Verner Larsen Arne Runar Vik Anita Sundnes Ulstein kommune har samla beredskapsplanar og rutiner m.m. i kvalitetsystemet RiskManager. Har der oppretta eiga side for Krise og beredskap som er tilgjengeleg for alle tilsette i organisasjonen. Når det gjeld oversendinga av våre dokument er dei organisert slik: I mappen tilsyn_fylket finn de fylgjande: Dette oversendingsbrev Planstrategi som skal handsamast i Formannskapet den 13. september for deretter å leggast ut på høyring før endeleg vedtak i Kommunestyret. Samfunnsdel av kommuneplan – denne ligg nå ute til høyring med frist for innspel 18. september Sak til Formannskapet med mandat for gjennomføring av ROS-analyse samt utpeiking av prosjektgruppe. I mappen RM-Krise og beredskap finn de dokumentet RM-Krise og beredskap.pdf som er skjermdump at dei ulike sidene i dette kvalitetsystemet. Alle dei dokument som er kobla opp inne på desse sidene har eg lagt inn i undermapper som samsvarer med menytittel i venstremargane på RiskManager. Ikkje alle menypunkt har underdokument, då vil de ikkje finne undermappe for desse. Høyrer frå dykk om de treng ytterlegare opplysningar/noko er uklart. Med helsing Anita Sundnes beredskapskoordinator
© Copyright 2024