REKTOR ved Hasund skule

Ulstein kommune har om lag 8300 innbyggarar og har fem
grunnskular, med til saman 1177 elevar. Hasund skule
femner Hasund og Dimna skulekrinsar, og har for tida 196
elevar og 20 tilsette.
Frå 01.08.2015 er det ledig stilling som:
REKTOR
ved Hasund skule
Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative
leiar.
Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg
og samlande leiar, med evne til:
- å leie og motivere pedagogisk utviklingsarbeid
- å samarbeide med medarbeidarar og elevar om å
skape eit godt læringsmiljø
- å samarbeide med viktige eksterne aktørar
- å utøve god personal- og økonomileiing
- å kunne identifisere deg med Ulstein kommune
sine kjerneverdiar:
Nyskaping – Omsorg – Rausheit - Mangfald
Stillinga er lyst ut som fast stilling. Til stillinga er det
ikkje lagt undervisningsplikt. Rektor har personal- og
økonomiansvaret på skulen. For stillinga gjeld kravet
om utdanning frå universitet/høgskule og pedagogisk
kompetanse.
Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Løn etter avtale. Stillinga er underlagt reglement for
kommunal fleksitid.
Nærare informasjon får du ved å kontakte
kommunalsjef for oppvekst Gry Nordal,
tlf. 70 01 77 02 eller
e-post [email protected]
Søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet
som ligg på Ulstein kommune sine heimesider, under
ledige stillingar. St.id: 229.
Søknadsfrist: 15. mai 2015
www.ulstein.kommune.no