Flora - reguleringsplan for gang- og sykkelveg i Eikefjord

Side 1 av 2
Fylkesrådmannen
Sakshandsamar:
Torbjørn Hasund
E-post: [email protected]
Tlf.: 93004685
Vår ref.
Sak nr.: 16/6394-2
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Flora kommune
Postboks 264
6900 FLORØ
Internt l.nr.
27495/16
Dykkar ref.
Dato
LEIKANGER, 04.10.2016
Flora - reguleringsplan for gang- og sykkelveg i Eikefjord.
Attendemelding på varsel om oppstart
Vi viser til oversending dagsett 16.08.2016. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette med
gang og sykkelveg langs fylkesveg 542, frå riksveg 5 og austover til litt forbi Eikefjord barne- og
ungdomsskule. Strekninga er om lag 1,5 kilometer lang. Tiltakshavar for planarbeidet er Flora
kommune.
Planfagleg
Det står ingenting i varselet om korleis planarbeidet held seg til overordna planar eller eventuelt
andre planar i området / tilgrensande planar. Ein plan av eit slikt omfang kan kome inn under
kravet i plan- og bygningslova om planprogram og konsekvensvurdering. Det er eit krav i § 1 i
forskrift om konsekvensutgreiingar at den som fremjar forslag til plan etter plan- og bygningslova
skal vurdere om planen fell inn under forskrifta sitt verkeområde. Vi vil be om at Flora kommune
kjem med ei slik vurdering før dei går vidare med planarbeidet.
Samferdsle
Dette prosjektet er ikkje prioritert i gjeldande regional transportplan, RTP. Fylkeskommunen er i
ferd med å revidere RTP. Framdriftsplanen legg opp til godkjenning i fylkestinget desember 2017.
Dersom dette prosjektet skal prioriterast, må kommunen spele inn dette prosjektet som eit
prioritert prosjekt i samband med revisjon av RTP.
Automatisk freda kulturminne
Sogn og Fjordane Fylkeskommune har i dag ikkje kunnskap om automatisk freda kulturminne i
tiltaksområdet. Vi har såleis ikkje avgjerande merknader til planen når det gjeld omsynet til
automatisk freda kulturminne.
Vi ser likevel ikkje bort i frå at det kan ligge automatisk freda kulturminne i det området som
søknaden gjeld. Vi ber difor om at tiltakshavar vert gjort merksam på følgjande:
«Tiltakshavar har plikt til å vise varsemd og til å straks melde frå til Sogn og Fjordane
fylkeskommune ved Kulturavdelinga dersom ein under arbeidet skulle støyte på automatisk freda
kulturminne, jfr § 8, 2. ledd i Lov om kulturminne.»
Automatisk freda kulturminne kan i denne samanheng vere konsentrasjonar av trekol i under
grunnen eller i groper, steinsettingar eller samling av stein, samt våpen, reiskap og liknande i
metall eller stein.
Saka har vore til vurdering hos Bergen sjøfartsmuseum. Dei skriv at dei ikkje har merknader til
reguleringa. Sjå vedlagt brev, datert 14.09.2016.
Med helsing
Synnøve Stalheim
plansjef
Torbjørn Hasund
rådgjevar
Besøksadresse:
Postadresse:
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 LEIKANGER
E-post:
[email protected]
Heimeside:
www.sfj.no
Telefon:
57638000
Bankgiro:
4212 02 02000
Org.nr :
NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 2
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Vedlegg:
Kopi av brev frå Bergen sjøfartsmuseum, datert 14.09.2016
Kopi til:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 LEIKANGER