"Innsats for andre", Lone Stavnes

Innsats for andre har i dag, torsdag 20. oktober 2016 arrangert fotballturnering til inntekt for Røde
Kors. Denne turneringa var inndelt klassevis, bortsett frå 1. – 4. klasse, dei hadde aldersblanda lag.
Lærarane måtte også til pers, og stilte med eit lærarlag. Lærarlaget spelte i finalen mot vinnarlaget
for 7. klasse og vinnarlaget frå 10. klasse. Lærarane måtte spele to kampar på rad. 7. klasselaget slo
lærarane ned i støvlane og vann heile 4 – 1.
Det var størst press framfor lærarmålet. Her er det 7. klasselaget som pressar lærarane.
I den andre finalen skulle 10. klasselaget møte lærarlaget. Kampen slutta med resultatet 1 – 1, etter
10 minutt spel. Det vart straffekonkurranse, og det for å skape litt spenning i kampen og gi
tilskodarane litt action. Etter tre straffar var det 3 – 3. For å få ein avgjersle, måtte ein og ein ta
straffe. Det vart 10. klasselaget som tok det lengste strådet, og vann til slutt.
Avgjerande straffespark, der 10. klasselaget tok sigeren heim.
Pengane kom inn gjennom at alle bidrog med ein valfri deltakarkontingent, og fekk ei vaffelplate med
rømme og sylte på kjøpet. Dei som ønska meir vaffel, fekk kjøpe det. Det var også sal av
sjokoladekakestykke. Saft var gratis. Innsats for andre bidrog med vaffelrøre, sjokoladekake og saft.
Etter at dagen no er ferdig og alle kampar er spelte, er alle glade og fornøgde med vel gjennomført
dag. Dagen ga Røde Kors kr.
7735.- til tv-aksjonen som er no på søndag den 23. oktober.
Innsats for andre takkar for all positiv støtte.
Innsats for andre takkar også Hallgeir Hove, som velvillig stilte som dommar på finalekampane på
slutten av dagen.
Fleire bilete frå dagen:
Ordførar Eva Hove, var også på besøk.
Nokre fornøgde jenter.
Vaffeltid.