Nasjonale prøver - sjekkliste for ansvar Ved offentlege skolar er det kommunen som har det overordna ansvaret for gjennomføringa. Ved private skolar er det skolestyret som har ansvaret. Skoleleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av nasjonale prøver på sin skole. Skoleeigaren skal syte for at skolane har tilstrekkelege tekniske og menneskelege ressursar til å kunne gjennomføre nasjonale prøver kontrollere at gjennomføringa av nasjonale prøver skjer korrekt og forsvarleg sjekke at alle elevar på 5., 8. og 9. trinn i kommunen er melde på i PAS vere tilgjengeleg for skolar i kommunen og ha eit system for brukarstøtte følgje opp resultata på kommunenivå sjå til at skolane analyserer og bruker resultata og vurdere om enkelte skolar treng særleg oppfølging Skoleleiaren skal syte for at det er sett av tid til gjennomføringa syte for at skolens datamaskiner og nettverk er testa og klargjorde syte for at foreldra er informerte om gjennomføringa syte for at alle elevar på eigen skole er registrerte korrekt i PAS, og da særleg registreringa av «friteken» og ikkje «delteke» gjere enkeltvedtak for elevar som skal fritakast frå prøver (hugs at foreldra har tre vekers klagefrist på vedtaket) bestille eigne prøver for teiknspråkbrukarar og punktskriftbrukarar vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte til å førebu gjennomføringa ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til lærarane sine syte for at læraren får dagspassord følgje opp resultata som ein del av forbetrings- og utviklingsarbeidet på skolenivå leggje til rette for at alle lærarane følgjer opp resultata i klassen syte for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata, og at dette blir sett i samanheng med annan relevant vurderingsinformasjon Læraren skal setje av tid til gjennomføringa syte for at elevane er kjende med oppgåvetypane informere elevane om formålet med prøva, prøvetid og eventuell tilrettelegging gi støtte og tryggleik til elevane som gjennomfører prøva vere tilgjengeleg for foreldre som har spørsmål om prøva bruke resultata i tilbakemeldingar til elevar og foreldre for å fremje vidare læring sjå resultata i samanheng med annan informasjon om eleven involvere elevane i arbeidet med resultata
© Copyright 2024