rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

GLOPPEN KOMMUNE
RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
21.11.2016
På Grandane
Kl. 13:00
Første del av møtet blir eit sammøte med eldrerådet.
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på
tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på
heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene
på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i
møtesekretariatet.
Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si
heimeside: gloppen.kommune.no
Gloppen kommune
16. november 2016
Ivar Halland
leiar i rådet
Beate O. Kornberg
sekretær
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
024/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
025/16
Referat og orienteringssaker
026/16
Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring
027/16
Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020
028/16
Kommunal akutthjelp døgnopphald innan psykisk helse- og rusområde
029/16
Miljøarbeiderteneste - organisering av tenester til menneske med
utviklingshemming
030/16
Plan for samordning av tenester til barn og unge - høyring
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Møtedato
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016
Avgjerd av: Rådet for menneske med nedsett
funksjonsevne
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
024/16
Arkivsaknr.:
16/1326-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møteboka frå rådet sitt møte den 12. september i år blir lagt fram til godkjenning.
Samstundes ber leiaren i rådet om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.
LEIAREN I RÅDET SI TILRÅDING:
1. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner møteboka frå sitt møte den
12. september 2016
2. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne godkjenner innkallinga og saklista til
møtet den 21. november 2016.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Møtedato
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016
Avgjerd av: Rådet for menneske med nedsett
funksjonsevne
Saksbehandlar: Beate O. Kornberg
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
025/16
Arkivsaknr.:
16/1325
Referat og orienteringssaker
Refererte skriv og meldingar:
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
1
S
24.05.2016
16/6395
Avsendar/Mottakar Tittel
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
Spørsmål om møte-, tale- og
forslagsrett i kommunestyret for
dei kommunale råda
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Eldrerådet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Helse- og omsorgsutvalet
Oppvekstutvalet
MULTEK-utvalet
Møtedato
21.11.2016
21.11.2016
23.11.2016
24.11.2016
24.11.2016
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Beate O. Kornberg
Objekt:
Arkiv: 140
Saksnr
026/16
Arkivsaknr.:
16/1159-9
Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring
Vedlegg:
Dok.nr
282512
Tittel på vedlegg
Utkast til planprogram: Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 - samfunnsdelen
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
I «Kommunal Planstrategi 2016 – 2020 for Gloppen kommune» har kommunestyret
vedteke full revisjon av den gjeldane kommuneplanen sin samfunnsdel, med oppstart
hausten 2016 og ferdigstilling i løpet av 1. halvdel av 2017. Den legg vidare opp til ei
delvis revidering av gjeldande arealplan hausten 2017.
For å sikre ei brei forankring av planprogrammet pliktar kommunen å innhente
synspunkt frå offentlege instansar og berørte interesser. Utkast til planprogram skal
sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker før
kommunestyret si slutthandsaming, jfr. plan- og bygningslova (Plb.) § 11-13.
I kommunestyremøtet 26.09.16, då planstrategien vart vedteken, fekk rådmannen i
oppdrag å vurdere om planprosessane for samfunnsdelen og arealdelen kan
samordnast i tid, med endeleg vedtak av begge hausten 2017.
Saksutgreiing:
Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt verktøy for heilskapleg
planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen synleggjere sine
viktigaste utfordringar knytt til samfunnsutvikling, sette seg konkrete og overordna
mål og gjere strategiske val.
Før oppstart skal det utarbeidast eit planprogram, jamfør Plb. §4-1. Planprogrammet
skal gjere greie for formålet med planarbeidet, beskrive planprosessen og kva
medverknadsprosessar det vert lagt opp til. Den skal vidare beskrive organisering av
arbeidet, og innehalde ein framdriftsplan.
I rådmannen sitt forslag til planprogram for samfunnsdelen er det lagt særskild vekt på
å legge til rette for ei brei medverknad. Brei deltaking i samfunnsutviklinga er eit
viktig verkemiddel for å sikre lokale og nasjonale fellesverdiar, og skape eit lokalt
engasjement blant kommunen sine innbyggarar.
Planprogrammet legg altså opp til ei kommunikativ form for planlegging, og ulik grad
av medverknad gjennom ulike delar av prosessen. Den første fasen av planarbeidet vil
dreie seg om val av visjon/posisjon. Kva vil vi at Gloppen skal vere kjent for? Kvar
skal vi vere om 10 år eller 20 år? Dette arbeidet vert førebudd allereie på eit «kickoff» for planarbeidet 31.10.16.
I den første fasen er det ønskjeleg med innspel frå så mange som råd, og
verkstader/arenaer for medverknad skal leggje til rette for det. Etter ein brei inngang
til temaet skal vidare arbeid gå føre seg i ei eller fleire arbeidsgruppe. Desse bør vere
sett saman på tvers av roller og interesser, til dømes av politikarar, tilsette, næringsliv
og utviklingslag. Gruppene skal ta val, spisse bodskapen og leggje fram forslag til
formannskapet som er styringsgruppe for planarbeidet. Når utkast til samfunnsdelen er
ferdig utarbeidd, skal dette ut på høyring, som er siste høve til medverknad. I denne
fasen legg planprogrammet opp til at kommunen skal vere til stades på ulike arenaer
og arrangement for å kome i dialog med innbyggarar.
Engasjement blant både innbyggarar, tilsette, politikarar, næringsliv og andre grupper
av interessentar er ikkje berre viktig for utarbeidinga av kommuneplanen, men òg for å
samlast om ein visjon og dra utviklinga i lag når strategiane skal settast ut i live.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Rådmannen har ikkje noko konkret beløp på kva det vil koste å utarbeide ein ny
kommuneplan, men kostnaden blir sjølvsagt vesentleg med alt arbeidet som må
leggast ned for å få ein god prosess og ein tenleg plan. Rådmannen legg opp til at
arbeidet skal gjerast i kommunal regi og med dei tilsette vi har i dag.
Rådmannen si vurdering:
Forslaget til planprogram inneheld bakgrunn og målsetting for planarbeidet og
informasjon om organisering, medverknad og framdrift. Rådmannen vil i sitt arbeid
med planen ta utgangspunkt i dei utfordringane som er trekt fram i kommunen sitt
«Utfordringsdokument» og dei fem hovudsatsingsområda som er vektlagt i vedteken
«Planstrategi 2016-2020». Planprosessen vil avgjere om det i tillegg skal leggast vekt
på andre tema.
Etter rådmannen sitt syn oppfyller planprogrammet forventningane i plan- og
bygningslova, og er eit realistisk planprogram som vil la seg gjennomføre i løpet av
føreslege tidsramma og med dei planressursane kommunen har i dag.
Administrativt vil rådmannen bruke si leiargruppe til å styre arbeidet med
kommuneplanen sin samfunnsdel. Det kommunale planforumet vil få oppgåva med å
organisere og gjennomføre prosessen rundt dei ulike temaområda, og fungere som
sekretariat. Formannskapet vil bli løpande orientert om prosess og framdrift.
--(…)
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for
Gloppen kommune 2017-2030 – Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege
framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar.
17.10.2016 FORMANNSKAPET
121/16 VEDTAK:
Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for
Gloppen kommune 2017-2030 – Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege
framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling av saka:
Planprogrammet for ny samfunnsdel vart lagt ut på høyring og offentleg ettersyn 17. oktober,
med frist for å kome med innspel innan 28. november. Det er eit klart mål i arbeidet med ny
samfunnsdel å legge til rette for at flest mogleg innbyggarar, politikarar, næringsaktørar,
frivillige lag og organisasjonar og leiarar og tilsette tek eigarskap i prosessen.
I samband med høyringa ber rådmannen råda og utvala særleg om innspel til gjennomføring
av medverknad i planprosessen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
……. viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen
kommune og har desse merknadene:
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekstutvalet
Helse- og omsorgsutvalet
MULTEK-utvalet
Eldrerådet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Formannskapet
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
16.11.2016
16.11.2016
17.11.2016
21.11.2016
21.11.2016
21.11.2016
Objekt:
Arkiv: 151
Saksnr
038/16
037/16
125/16
027/16
135/16
Arkivsaknr.:
16/971-12
Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020
Vedlegg:
Dok.nr
284872
284873
284874
284875
Tittel på vedlegg
Årsbudsjettet for 2017 - Økonomiplanen for 2017-2020
Gebyr og betalingssatsar for 2017
Gebyr for byggjesak 2017 Gloppen
Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova
Bakgrunn for saka:
Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 for
kommunestyret den 14. november i år.
Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år
og om økonomiplanen for dei neste fire åra.
Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget
før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn.
Saksutgreiing:
Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet:
Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 er på
driftssida i hovudsak ei vidareføring av dagens kommunale drift, og på
investeringssida ei opplisting av prioriterte investeringstiltak som det – etter
rådmannen si vurdering – er plass til med den oversikta vi no har over kommunen sin
økonomi.
Rådmannen sitt framlegg vil få Gloppen kommune ut av den såkalla ROBEK-lista
som vi hamna på ved ein tabbe under utarbeidinga og behandlinga av siste
økonomiplan. Framlegget til årsbudsjett for 2017 er i balanse utan bruk av
disposisjonsfondet. To tiltak er rett nok finansierte med bruk av disposisjonsfond:
kommunen sitt bidrag til fiber i Breim og på Sørstranda og tilskotet til klubbhus for
golfklubben. Frå 2018 viser økonomiplanen eit mindre overskot kvart år.
Nytt av året er at rådmannen legg fram lister over tiltak som burde vore gjennomførte
viss øko-nomien hadde tillate det. Rådmannen legg også fram ei oversikt over
stillingsendringane frå budsjett 2016 til budsjett 2017. Dette er eit forsøk for å få betre
oversikt over kva som endrar seg på stillings-sida. Det er viktig og avgjerande at vi har
kontroll med oppretting av nye stillingar. Rådmannen helsar velkomen kontrollutvalet
sitt prosjekt for å sjå på rutinane ved stillingsoppretting.
Desse nye stillingane ligg inne i rådmannen sitt framlegg:
− Ei ny saksbehandlarstilling i administrasjonen, med 60 % bruk i 2017
− Ei ny stilling som helsesøster finansiert med statstilskot
− Stillingar til ei ekstra klasse ved Gloppen ungdomsskule frå skuleåret 2017/2018
− Ei ny stilling på NAV Gloppen i samband med mottak av fleire flyktningar.
Utgiftene til avdrag er auka og er no i samsvar med det rekneskapsforskriftene seier
om nedbetaling av kommunale lån: nedbetalinga skal følgje avskrivingstida på
prosjekta det er lånt til. Når rådman-nen – trass i så godt som nullvekt i skatt og
rammetilskot – har funne plass til nokre nye stillingar og forskriftsmessig
budsjettering av avdrag på lån, skuldast dette litt høgare avkastning og inntekter frå
kraftverdiane våre, ei mindre oppjustering av takstgrunnlaget for eigedomsskatten på
hytter og bustader og ein vesentleg auke i tilskotet til mottak av flyktningar. Det siste
fører sjølvsagt også til auka driftsutgifter. Heile driftsbudsjettet er stramt. Det viser
sektorane sine lister over tiltak som burde vore med.
Det er ikkje lagt inn endringar i drifta i åra etter 2017 utover driftsmessige
konsekvensar av investeringsframlegget.
Rådmannen legg fram eit framlegg til investeringsplan på vel 350 millionar i perioden.
Dette vil auke lånegjelda til kommunen med om lag 230 millionar. Dei store tiltaka er:
− Rehabilitering av skuleanlegget i Hyen, 53,7 mill.
− Nytt omsorgsbygg, 42,8 mill.
− Ny brannstasjon med utleigelokale til politiet, 40 mill.
− Utviding av bustadfestet i Valborgkleiva, 14,8 mill.
Rådmannen har ikkje sett av midlar til utviding av skulane på Sandane og på
Nordstranda i påvente av barnehage- og skulebruksplanen. Rådmannen har heller ikkje
sett av noko særleg til sentrums-utvikling og bustader sidan eg her ventar på
bustadpolitisk plan og resultatet av parallelloppdraget i sentrum.
Saman med budsjettdokumentet legg rådmannen også fram sitt forslag til kommunale gebyr
og prisar for 2017. Gebyr- og betalingsheftet vil bli behandla som eiga sak i neste runde av
den folkevalde behandlinga av budsjettframlegget.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Dette er ikkje eit aktuelt punkt i denne saka.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen sine vurderingar går fram av budsjettdokumentet.
Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i fasen av budsjettarbeidet.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
…
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Eldrerådet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Helse- og omsorgsutvalet
Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet
Saksbehandlar: Anita Lothe
Møtedato
21.11.2016
21.11.2016
23.11.2016
Objekt:
Arkiv: G0
Saksnr
028/16
Arkivsaknr.:
12/545-61
Kommunal akutthjelp døgnopphald innan psykisk helse- og rusområde
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
I Stortingsmelding nr 26 (2014-2015) «Fremtidens Primærhelsetjeneste – nærhet og helhet»,
er eit av tiltaka å innføre kommunal akutthjelp døgnopphald (KAD) også innan for psykisk
helse- og rusområdet frå 2017. Fram til denne tid har dette tilbodet vore tenkt til somatisk
sjuke pasientar. Dette er også i tråd med samhandlingsreforma som legg til grunn at
kommunane skal ta eit større ansvar for behandling og oppfølging av pasientar, også innan
psykisk helse og rus. Regjeringa vil tydeliggjere kommunane sitt ansvar for forsvarlege
tenester til menneske med psykisk sjukdom og rusproblematikk. Dette blant anna ved å
innføre betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern og tverrfagleg
spesialisert rusbehandling frå 2018. I tillegg vil den kommunale plikta til akutthjelp
døgnopphald også omfatte brukarar med psykisk helse- og rusproblematikk.
Helse- og omsorgsutvalet i Sogn og Fjordane sette ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie
forholda kring denne oppgåva og kome med ei tilråding til korleis kommunane skulle løyse
denne oppgåva. I arbeidsgruppa har det vore representantar frå ulike profesjonar, ulike
kommunar og Helse Førde. Gloppen har delteke med lege og sjukepleiar. I juni 2016 leverte
arbeidsgruppa frå seg rapport med tilråding. Dei tilrår å knyte tilbodet opp mot allereie
eksisterande somatiske KAD-plassar. Kvar kommune skal utarbeide eiga særavtale med Helse
Førde når det gjeld dette tilbodet. Det er truleg aktuelt å revidere eksisterande avtale til å også
gjelde psykisk helse- og rusområdet.
I Gloppen har lokal faggruppe vurdert rapporten og vi ser at det nye tilbodet kan knytast opp
mot KAD-plassane på Gloppen omsorgssenter 1. etg. Vi tenker at dei to KAD-sengane også
kan nyttast til pasientar innan rus og psykiatri som skal ha eit slikt tilbod.
Pasientar som er aktuelle for dette tilbodet er pasientar med avklarte tilstandar og diagnosar
der hovudproblemet er forverring av kjent liding. Alvorleg sjuke pasientar med uavklara
problemstillingar skal fortsatt ha behandling i spesialisthelsetenesta. Det er vakthavande lege i
kommunen som vurderer pasientar for dette tilbodet. Kor stort behovet er for denne typen
tilbod er uvisst. Erfaringane frå det eksisterande KAD-tilbodet i fylket er så langt at tilbodet
ikkje vert nytta i så stor grad som det er dimensjonert for.
For å kunne gje eit fagleg forsvarleg tilbod er det behov for å auke kompetansen på dette
fagområdet, samt auka bemanning når det er behov for det i eininga. Vi har i dag tilsette i
eininga med denne spesialkompetansen, og vi vil sette i verk ulike tiltak for å heve den
generelle kompetansen i eininga på dette området. Vakthavande lege, fastlegar og den
kommunale psykiatri-eininga er sentrale kommunale samarbeidspartar i dette tilbodet. I
tillegg vil psykiatrisk avdeling og ambulerande team frå spesialisthelsetenesta også vere
viktige samarbeidspartar.
Vakthavande lege og tilsynslege vil saman med tilsette på omsorgssenteret vere ansvarlege
for det faglege tilbodet til pasientane som er innlagt på KAD.
Økonomiske konsekvensar:
Det er foreløpig uvisst kor mykje eit slikt tilbod vil koste. Vi vil ha utgifter knytt til
kompetanseheving og ekstra bemanning når det er aktuelt. I framlegg til statsbudsjettet for
2017 er det lagt inn ei auke i rammetilskotet på kr 177 000 til denne oppgåva. Dette er lagt inn
i ramma for helse- og omsorgssektoren i budsjettet for 2017.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen legg i første omgang saka fram til orientering.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Helse- og omsorgsutvalet
Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet
Saksbehandlar: Anita Lothe
Møtedato
21.11.2016
23.11.2016
Objekt:
Arkiv: G00
Saksnr
029/16
Arkivsaknr.:
16/461-7
Miljøarbeiderteneste - organisering av tenester til menneske med
utviklingshemming
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Gloppen kommune vurderer å omorganisere tenestene til menneske med utviklingshemming
til ei ny miljøarbeidarteneste. Målet med ei eventuell omorganisering er betre tenester til
brukarane, gode fagmiljø for dei tilsette, betre ressursutnytting og meir fleksible tenester.
Brukarane skal fortsatt motta tenestene dei har vedtak på og faste tilsette skal ikkje misse
arbeidet.
Bakgrunnen for dette arbeidet er fleire forhold
− Ynskje og behov for større fleksibilitet i tenestene for å kunne tilpasse bruk av ressursane
ved behov og ikkje minst ved endra behov
− Deler av tenestene i dag er lite hensiktsmessig organisert og lite fleksibel for å stette
behova til brukarane
− Ansvarsområdet for nokre av leiarane i dag er for stort og komplekst
− Menneske med utviklingshemming er ei sårbar gruppe som er avhengig av kjende tilsette,
kontinuitet og stabilitet i tenestene. Dette har vi ikkje fått godt nok til for nokre av
brukarane
− Tanken er å skape gode fagmiljø, der vi lettare kan rekruttere gode fagpersonar til
tenestene
− Målet er best mogleg tenester til brukarane.
Det ligg no føre eit forslag til organisering. Arbeidet med å vurdere ei ny organisering har
vore ein prosess der tillitsvalde, brukarrepresentantar, helse- og omsorgssjef og einingsleiarar
har vore med.
Forslag til ny organisering er ei eining med tre avdelingar: Åsavegen/Nordåsen/heimebuande,
Åsateigen, Solsikka, med ein einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Desse vil vere eit leiarteam
med felles ansvar for tenestene.
Einingsleiar skal ha overordna ansvar for budsjett, økonomi, ressursfordeling mellom
einingane, oppfølging av sjukemelde, personalmøte, personalsaker, saksbehandling og fagleg
ansvar for tenesta.
Avdelingsleiarane skal ha ansvar for den daglege drifta, turnus, dagleg personalansvar, fagleg
ansvar og ressursbruk i avdelingane.
Fordeling av administrasjonsressursar og vurdering av behov er gjort på grunnlag av
vurdering av tal tilsette i kvar avdeling, sett i samanheng med kompleksiteten i tenestetilbodet
i dei ulike avdelinga.
Figuren under illustrerer ei eventuell ny organisering.
Det er teke utgangspunkt i dei ressursane vi har i dag og kvalitetssikra at vi har ressursar til å
yte dei tenestene vi i dag har gjort vedtak om. Ingen faste tilsette skal miste arbeidet, men for
nokre tilsette vil det medføre nye, endra og spennande oppgåver. Brukarane skal motta dei
tenestene dei har vedtak på.
Vurderingane som er gjorde er at det er positivt å ha ein einingsleiar som har det overordna
ansvaret for tenesta samla og har overordna økonomi- og personalansvar for alle tre
avdelingane. Vi har tru på at ressursane vil verte betre utnytta og tenestene kan koordinerast
betre slik at det kan takast høgde for individuelle tilpassingar til den enkelte brukar.
Ny organisering kan bidra til betre kvalitet på tenesta ved at det blant anna ikkje vert så
mange ukjente personar på enkelte brukarar slik det er i dag. Vi vil få eit større fagmiljø og
høve til å tilsette folk i større stillingar ved at dei kan arbeide mellom tenestene ved behov.
Dette kan bidra til betre rekruttering i tenesta.
Vi vil no halde informasjonsmøte for tilsette og brukarar/pårørande og vurdere innspel som
kjem til forslaget om ny organisering. Så skal det eventuelt gjerast eit endeleg administrativt
vedtak om ny organisering. Dersom ny organisering vert fastsett, skal ei ny eining
planleggast. Tidsperspektivet på ei eventuell omorganisering er ikkje klart. Det er viktig å
bruke nok tid slik at vi får gode prosessar. Vi skal ivareta dagens einingsleiarar og andre
tilsette. Ny einingsleiar og avdelingsleiarar bør vere delaktige i planlegging av ei ny
miljøarbeiderteneste. Dato for ei eventuell omorganisering er uviss, kanskje kan vi få det til i
løpet av 2017.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Møtedato
21.11.2016
Avgjerd av: Rådet for menneske med nedsett
funksjonsevne
Saksbehandlar: Åslaug Haugset
Objekt:
Arkiv: F40
Saksnr
030/16
Arkivsaknr.:
15/48-25
Plan for samordning av tenester til barn og unge - høyring
Vedlegg:
Dok.nr
284626
Tittel på vedlegg
Samordning av tenester til barn og unge - høyringsutkast
Tidlegare behandling av saka, då oppvekstutvalet og helse- og omsorgsutvalet vedtok å legge
framlegget til plan ut på høyring:
Bakgrunn for saka:
Gloppen kommune har mange barn og unge med behov for ulike tenester, både frå
oppvekstsektoren og helse- og omsorgssektoren. Fagmiljøet ser behov for ei betre
samordning desse av tenestene, og fleire har peika på behovet for ein heilskapleg plan
for tenestetilbodet til denne gruppa. Auka tverrsektorielt samarbeid og meir
heilskaplege og samstemde tenester er òg eit målbilete i kommunen sin planstrategi
for 2016-2019. Med bakgrunn i dette har to administrative arbeidsgrupper utarbeidd
eit utkast til «Plan for samordning av tenester til barn og unge».
Saksutgreiing:
Målet med planen er å sikre betre kvalitet og kontinuitet i tenesta gjennom å styrke det
tverrsektorielle samarbeidet og auke kompetansen blant tilsette. Planen er utarbeidt av
to tverrfaglege arbeidsgrupper der den eine har hatt fokus på barn og unge med nedsett
funksjonsnivå og den andre på barn, unge, foreldre og familiar som det er kan vere
grunn til å vere urolege for.
Planen løftar fram nokre område der Gloppen har eit potensiale for å betre tenestane
sine til målgruppa:
- Ei god og systematisk koordinatoropplæring
- Sikre gode overgangar mellom ulike tenestearenaer og i ulike fasar i livet til barn
og unge
- Prøve ut ei ny organisering av tenester kring barn og unge som har eit
avlastningstilbod
- Greie ut om det er tenleg å etablere eit alternativt skuletilbod for barn med nedsett
funksjonsevne og store habiliteringsbehov ved ein av barneskulane
- Utarbeide gode tverrsektorielle samarbeidsmodellar for å sikre at vi unngår brot i
oppfølginga til barn/familiar som det er kan vere grunn til å vere urolege for
- Arbeide med informasjon og kunnskap om dei ulike tenestene, både internt i
kommunen og ut til brukarane
-
Samordne kommunale tilbod innan foreldrerettleiing i dei ulike tenestane og
vidareutvikle kompetansen på feltet.
Planen peikar òg på behovet for både private og kommunale bustader som er tilpassa
dei ulike funksjonsnivåa og behova til den enkelte brukar.
Mykje av innhaldet i planen bygger på erfaringar frå målgruppa og føresette slik dei
har kome til uttrykk i møte med hjelpeapparatet, men så langt har det ikkje vore lagt
opp til medverknad på utforminga av planen. Difor vil vi i høyringsperioden legge til
rette for at målgruppa/føresette kan uttale seg. Tenestene som møter desse skal gjere
dei merksame på planen som ligg til høyring, og kunne formidle innspel. Det kan òg
bli aktuelt å arrangere møtepunkt med aktuelle grupper for å informere om planen og
hente inn innspel. Også rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal behandle
høyringsutkastet i høyringsperioden.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Planen legg opp til eit arbeid på systemnivå som vil krevje ressursar i form av
arbeidstid. Utviklingsarbeid knytt til prosjekt som er omtala i planen er delfinansiert
gjennom tilskot.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen vurderer det som viktig at denne planen vert lagt ut på høyring og at det
aktivt vert lagt til rette for medverknad frå målgruppa/føresette i høyringsperioden.
--Rådmannen legg opp til at saka blir behandla felles på oppvekstutvalet og helse- og
omsorgsutvalet sine møte den 16. november.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Oppvekstutvalet og helse- og omsorgsutvalet vedtek å legge planen for samordning av
tenester til barn og unge ut til høyring med høyringsfrist 9. januar 2017.
Høyring i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne:
Behandlinga av saka i oppvekstutvalet og helse- og omsorgsutvalet er ikkje ført inn i
møteboka, men utvala vedtok å utsette fristen til februar 2017: oppvekstutvalet til 1. februar
og helse- og omsorgsutvalet til 9. februar. Høyringsfristen blir nok då 9. februar 2017.
Høyringsframlegget er vedlagt saka, og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er
inviterte til å uttale seg.
Rådmannen kjem ikkje med framlegg til høyringsuttale.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
…….