Sjå saklista til møtet!

GLOPPEN KOMMUNE
OPPVEKSTUTVALET
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
19.12.2016
Gloppen ungdomsskule - etter kommunestyremøtet
Kl.
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på
tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på
heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene
på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i
møtesekretariatet.
Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si
heimeside: gloppen.kommune.no
Gloppen kommune
12. desember 2016
Bernt Reed
utvalsleiar
Per Arne Strand
oppvekstsjef
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
046/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
047/16
Referat og orienteringssaker
048/16
Godkjenning av planprogram for barnehage- og skulebruksplan 20172030
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekstutvalet
Avgjerd av: Oppvekstutvalet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
SAKSGANG
Møtedato
19.12.2016
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
046/16
Arkivsaknr.:
16/1405-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møteboka frå oppvekstutvalet sitt møte den 24. november i år blir lagt fram til godkjenning.
Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.
UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING:
1. Oppvekstutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 24. november 2016
2. Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 19. desember 2016.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekstutvalet
SAKSGANG
Møtedato
19.12.2016
Avgjerd av: Oppvekstutvalet
Saksbehandlar: Per Arne Strand
Referat og orienteringssaker
Refererte skriv og meldingar:
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
047/16
Arkivsaknr.:
16/1404
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekstutvalet
Avgjerd av: Oppvekstutvalet
Saksbehandlar: Åslaug Haugset
Møtedato
19.12.2016
Objekt:
Arkiv:
A00
Saksnr
048/16
Arkivsaknr.:
15/1529-3
Godkjenning av planprogram for barnehage- og skulebruksplan 2017-2030
Vedlegg:
Dok.nr
287101
Tittel på vedlegg
Planprogram for barnehage- og skulebruksplan 2017-2030
Bakgrunn for saka:
Oppvekstutvalet gjorde 10.11.15 vedtak om å setje i gang arbeidet med ein barnehage- og
skulebruksplan.
I «Kommunal planstrategi 2016-2020» som vart vedteken av kommunestyret 26.09.16 er
denne planen definert som ein kommunedelplan. Etter plan- og bygningslova skal det då
vedtakast eit planprogram.
Saksutgreiing:
Planprogrammet inneheld føremål med planen, organiseringa av planprosessen, opplegg for
medverknad og ein framdriftsplan. Det vert lagt ut på høyring i 5 veker, slik at det er høve til
å kome med innspel til korleis prosessen med å utforme planen skal vere.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Planprogrammet har ingen økonomiske konsekvensar for kommunen utover arbeidstida til dei
som deltek i planarbeidet.
Rådmannen si vurdering:
Etter rådmannen sitt syn oppfyller planprogrammet forventingane i plan- og bygningslova, og
det er realistisk å gjennomføre planprosessen i høve framdriftsplanen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Oppvekstutvalet legg rådmann sitt framlegg til planprogram for «Barnehage- og
skulebruksplan 2017-2030» ut på høyring med føreslege framdriftsplan, organisering og
opplegg for medverknad.