Universitetet i Stavanger Styret ved Universitetet i Stavanger US 103/16 Etablering og endring av namn på studier Saksnr: 15/05960-4 Møtedag: 01.12.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Dokument i saka Møtebok frå Utdanningsutvalet 21. september 2016 Møtebok frå Utdanningsutvalet 16. november 2016 Saka gjeld Det humanistiske fakultetet søkjer om akkreditering og etablering av nye femårige masterprogram for grunnskulelærarutdanning, for trinn 1 – 7, heiltids- og deltidsstudium, og trinn 5 - 10. Sjå sak 36/16 i utdanningsutvalet. Det samfunnsvitskaplege fakultetet søkjer om akkreditering og etablering av fire nye masterprogram: - Nordic Master in Social Work and Welfare. Sjå sak 29/16 i utdanningsutvalet. Master in Energy, Environment and Society. Sjå sak 35/16 i utdanningsutvalet. Master i rus og psykisk helsearbeid. Sjå sak 35/16 i utdanningsutvalet. Masterutdanning i helsesøsterfag. Sjå sak 35/16 i utdanningsutvalet. Vidare søkjer Det samfunnsvitskaplege fakultetet om endring av namn på master i sykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- eller operasjonssykepleie. Sjå sak 41/16 i utdanningsutvalet. Det ligg til utdanningsutvalet sitt mynde å akkreditera studier og å rådgje styret. Styret skal ta stilling til om studia kan etablerast og verta tilbodne søkjarar, og til sak om endring av namn. Universitetsdirektøren si vurdering Universitetsdirektøren ser at søknadene om etablering og namneendring av studier er gjort godt greie for. Universitetsdirektøren har i vurderinga lagt serleg vekt på krav til trong for studia, strategisk forankring og finansiering. Det vert vist til fyldigare utgreiingar og vurderingar under gjennomgangen av kvar enkelt søknad nedanfor. Framlegg til vedtak: a) Universitetsstyret etablerar femårig masterprogram i grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7, med oppstart hausten 2017. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1 – 7. Studiet vert gjennomført på både heiltid og deltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master i grunnskulelærarutdanning 1 – 7. b) Universitetsstyret etablerar femårig masterprogram i grunnskulelærarutdanning for trinn 5 – 10 med oppstart hausten 2017. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5 – 10. Studiet vert gjennomført på heiltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master i grunnskulelærarutdanning 5 – 10. c) Universitetsstyret etablerar Nordic Master in Social Work and Welfare, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Nordic Master in Social Work and Welfare. 1 d) Universitetsstyret etablerar Master in Energy, Environment and Society, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Master in Energy, Environment and Society. e) Universitetsstyret etablerar master i rus og psykisk helsearbeid, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Det engelske navnet er Master in Substance Use and Mental Health Work. Fullført og bestått utdanning gir graden master i rus og psykisk helsearbeid/ Master in Substance Use and Mental Health Work. f) Universitetsstyret etablerar master i helsesøsterfag, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Det engelske navnet er Master in Public Health Nursing. Fullført og bestått utdanning gir graden master i helsesøsterfag/ Master in Public Health Nursing. g) Universitetsstyret endrar namn på master i sykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiveller operasjonssykepleie til master i spesialsykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiveller operasjonssykepleie, med verknad frå studieåret 2017-2018. Det engelske namnet er Master in Advanced Practice Nursing with major in Nurse Anesthesia, Intensive Care Nursing or Operating Room Nursing. Stavanger, 17.11.2016 John B. Møst universitetsdirektør 2 US 103/16 Etablering og endring av namn på studier Det humanistiske fakultetet – Etablering av femårig master i grunnskulelærarutdanning, trinn 1 - 7 og 5 - 10 Bakgrunn I «Lærerløftet - På lag for kunnskapsskolen» varsla regjeringa i 2014 at dagens fireårige grunnskulelærarutdanningar skal omgjerast til femårige utdanningar i 2017. Samtidig varsla regjeringa andre tiltak, som at ein vil skjerpa opptakskrava til lærarutdanningane og innføra nasjonale deleksamenar i utvalde fag i grunnskulelærarutdanningane. NOKUT arrangerte seminar om dei nye lærarutdanningane 16. februar i år, der UiS var representert både frå IGIS, Det humanistiske fakultetet og utdanningsdirektøren. Her vart framdriftsplan for etablering av utdanningane presentert. Det vart lagt opp til eit stramt løp for at institusjonane skal vera klare til å ta opp studentar til dei nye utdanningane hausten 2017. Kunnskapsdepartementet fastsette forskrifter om nye rammeplanar for dei femårige grunnskulelærarutdanningane 7. juni i år. Departementet har bestemt at dei nye lærarutdanningane skal starta opp frå hausten 2017. Universitets- og høgskolerådet fastsette 1. september i år nasjonale retningsliner for alle undervisningsfaga og for pedagogikk og elevkunnskap, og for praksis. NOKUT har gitt sjølvakkrediterande institusjonar frist til 31. januar 2017 til å etablera nye lærarutdanningar, og deretter senda inn vedtak om akkreditering, vurderingsgrunnlaget for akkrediteringa og planane for dei nye utdanningane. Handsaming i utdanningsutvalet Styret har gitt utdanningsutvalet mandat til å akkreditera studier og gi råd til styret om etablering. Utdanningsutvalet handsama planane for nye femårige grunnskulelærerutdanningar 16. november i år, og gjorde fylgjande vedtak (UU 36/16): a) Utdanningsutvalet akkrediterar master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1 - 7. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1 – 7. Studiet vert gjennomført på både heiltid og deltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master grunnskulelærarutdanning for trinn 1 - 7. Utdanningsutvalet tilrår styret å etablera studiet med oppstart hausten 2017. b) Utdanningsutvalet akkrediterar master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5 - 10. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5 – 10. Studiet vert gjennomført på heiltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5 - 10. Utdanningsutvalet tilrår styret å etablera studiet med oppstart hausten 2017. Om utdanningane Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk har i dag fireårige grunnskolelærarutdanningar (GLU) i porteføljen. I dag vert og GLU 1-7 tilbydd både som heiltids- og deltidsstudium. Frå hausten 2017 vil det ikkje verta tekne opp studentar til fireårige GLU. Når dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane er fullt innfasa, vil dermed alle grunnskulelærarar verta utdanna på masternivå. Departementet krev at institusjonane må tilby masterspesialisering i minimum to av dei prioriterte faga, dvs norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk, før dei kan tilby master i andre fag. UiS vil tilby masterspesialisering i matematikkdidaktikk, norskdidaktikk, kroppsøving, engelsk og samfunnsfag, pedagogikk og spesialpedagogikk. 3 Departementet har også innført strengare opptakskrav til grunnskulelærarutdanningane frå studieåret 2016/2017. I tillegg til generell studiekompetanse må søkjarar ha eit karaktersnitt på 3 eller betre i norsk, 4 i matematikk og minimum 35 skulepoeng totalt. Søkjarar som elles tilfredsstiller opptakskrava, men har mellom 3 og 4 i matematikk, får tilbod om forkurs. Det som skil programmet for 1-7 og 5-10 er serleg vektleggjinga av begynnaropplæring i 1-7 og kravet til at to av undervisingsfaga i 5-10 skal vera på 60 studiepoeng. For 1-7 er kravet 30 studiepoeng i undervisingsfaga. Begge utdanningane skal i fylgje forskrifta kvalifisera for ei profesjonsutøving som byggjer på forskings- og erfaringsbasert kunnskap, og for vidare studier på ph.d.-nivå. Med ein mastergrad frå grunnskulelærarutdanninga kan kandidatar verta tilsette som lektor i grunnskulen. Universitetsdirektøren si vurdering Universitetsdirektøren har gått gjennom planane for nye femårige grunnskulelærarutdanningar, serleg med vekt på krav til trong for studiet, strategisk forankring og finansiering. Denne saka gjeld reetableringar av studietilbod som er ein del av universitetet sin portefølje, og som Kunnskapsdepartementet har pålagt institusjonane å etablera. Universitetet har tidlegare gitt melding til departementet om at UiS med dei nye femårige masterutdanningane vil gje tilbod om grunnskulelærarutdanning for både trinn 1-7 og 5-10. Grunnskulelærarutdanning er ei viktig oppgåve for Universitetet i Stavanger og trongen for nye lærarar i regionen er heilt klart. Det har nyleg i media vorte helde fram at avgangen i grunnskulen er større enn rekrutteringa av nyutdanna lærarar. Utdanningsvitskap er eitt av satsingsområda for universitetet, i fylgje Strategi 2013 – 2020. Omgjering av grunnskulelærarutdanningar til masterprogram fell også godt inn i UiS sin strategi om å auka rekrutteringa til masterstudier. Søknaden gjer godt greie for storleiken på studentopptaket, som vil vera som ved dagens fireårige utdanningar. Søknadene til grunnskulelærarutdanningane gjekk ned fram mot 2014, og serleg for GLU 1-7 ved UiS. Dei siste to åra har søkjartala teke seg opp igjen, og ved opptaket 2016 var der ventelister. Noko av forklaringa på dette finn fakultetet i systematisk arbeid med rekruttering, men viser også til endringar i arbeidsmarknaden i regionen som den kanskje viktigaste grunnen til auka søknad. I ein region der petroleumsindustrien ikkje lenger tilbyr så mange arbeidsplassar som tidlegare, er det grunn til å rekna med at tendensen til høgare søknadstal til lærarutdanningar vil halda fram. Utvidinga frå fire til fem år vil krevja ekstra ressursar. KD har i 2017-budsjettet sett av 150 millionar kroner for utviding av GLUane frå fireårig til femårig utdanning. Dvs. at utdanninga vert utvida med eitt heilt årskull. Dersom dei 150 millionane vert delte på 2 700 studentar, som er talet på opptekne studentar i 2016 på nasjonalt nivå, vil det tilseia ca 60 000 kr pr student. Det er uvisst på kva måte KD vil fordela pengane mellom institusjonane. Innen 2020 vil UiS verte tilført minst 18,4 millioner i samband med at vi går frå 4 årstrinn til 5 års trinn, slik at den økonomiske ramma for dei 5 årige utdanningane er sikra. Universitetsdirektøren vurderar at trong for studiet, og omsynet til strategi og finansiering er godt gjort greie for. 4 Det samfunnsvitskaplege fakultetet – etablering av fire masterprogram og endring av namn på eitt masterprogram a) Nordic Master in Social Work and Welfare - etablering Bakgrunn Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning av 01.02.2010, gir universitet og høgskular høve til å etablera grader og yrkesutdanningar i samarbeid med andre norske eller utanlandske institusjonar, såkalla fellesgrader. Fellesgradssamarbeid mellom norske institusjonar føreset at institusjonane sama oppfyller standardar og kriterier for akkreditering av studier som NOKUT har fastsett (§ 4-1). Styret ved Institutt for sosialfag godkjende hausten 2013 eit initiativ til å oppretta ein nordisk fellesmaster i sosialt arbeid. Utgreiingsarbeidet har vore leia frå UiS i samarbeid med Aalborg Universitet og Umeå universitet. Nordisk ministerråd løyvde i 2015 1,5 millionar danske kroner til etableringsstøtte til masterprogrammet. UiS er koordinator for samarbeidet, som med føresetnad om etablering, vil vera ein felles mastergrad i Norge, Sverige og Danmark. Programmet er planlagt å starta hausten 2017. Handsaming i utdanningsutvalet Utdanningsutvalet handsama søknad om akkreditering i møte 21. september i år og gjorde fylgjande vedtak i sak 28/16: a) Utdanningsutvalet akkrediterar Nordic Master in Social Work and Welfare, 120 studiepoeng. Utvalet ber om at kommentarane frå møtet vert kommunisert tilbake til fakultetet. b) Utdanningsutvalet tilrår universitetsstyret å etablera studiet med oppstart frå hausten 2017. Om utdanninga Programmet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Aalborg Universitet og Umeå universitet. Fyrste semesteret er lagt til UiS, med tre emne i velferdspraksis og teori om sosialt arbeid, etiske refleksjonar i sosial arbeid, og den nordiske modellen for likestilling og velferd. Andre semester er lagt til Umeå universitet og består av emne i migrasjon, integrasjon og etniske relasjonar i sosialt arbeid, og metode. Tredje semester er lagt til Aalborg Universitet og inneheld eit feltarbeid, forskingsmetode og problembasert læring (PBL). Aalborg Universitet har lagt opp mykje av undervisinga si etter PBL, og dette samarbeidet kan gi studentane erfaring med ein arbeidsmetode som er svært relevant for yrkesutøving og gje UiS djupare innsikt i ei undervisings- og læringsform som kan vera aktuell også for andre studier. I fjerde semester skal studentane gjennomføra eit sjølvstendig forskingsprosjekt (masteroppgåva) og kan sjølv velja kven av dei tre institusjon dette skal leggjast til. Universitetsdirektøren si vurdering Universitetsdirektøren har gått gjennom søknaden, serleg med vekt på krav til trong for studiet, strategisk forankring og finansiering. Det vert vist til det internasjonale og fleirkulturelle arbeidsmiljøet i regionen, og generelt trong for høg kompetanse til å møta komplekse arbeidssituasjonar i velferdsyrka. Denne vurderinga er basert på kjennskap til arbeidsfeltet som programmet skal utdanna til, utan at det vert vist til nasjonale eller internasjonale føringar for slikt arbeid. Det eksisterar i fylgje søknaden ikkje tilsvarande studier i Norge eller i Norden. Det vert lagt vekt på den nordiske velferdsmodellen, som studiet vil vera orientert mot. Organiseringa av samarbeidet rundt studiet er godt gjort greie for, og det syner at studentar vil vera involvert i styring av evaluering av studiet. Det synest også som at eksterne aktørar («eksperter fra fagfeltet») vil vera involverte i den årlege evalueringa. 5 Det vert vist til universitetet sin strategi (2013 – 2020) som har som mål å utvikla fleire joint masters og engelskspråklege studietilbod. Eit anna mål er å utvikla samarbeid med andre ECIU-medlemer. Ålborg universitet er ein av samarbeidspartnarene i den omsøkte masteren og også medlem i ECIU. Studiet vil også medføra samarbeid mellom to institutt på UiS. Slikt tverrgåande samarbeid er støtta av universitetet sin strategi. Det vert også vist til at Nordisk ministerråd har gitt etableringsstøtte til studiet. Studiet har dermed klart å tiltrekkja seg ekstern finansiering, i tråd med strategien. I tillegg vil universitetsdirektøren visa til målet om å auka rekrutteringa til master- og ph.d.-studier, og rekruttering av studentar internasjonalt, som denne masteren vil medverka til. Når det gjeld forankring i nasjonal politikk og føringar for utdanning, vert det vist til to stortingsmeldingar og ein rapport frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som viser at utvikling av internasjonale fellesgrader og at utdanning og forsking er eit viktig fagfelt i nordisk samarbeid. Dette er eit felles studietilbod saman med to andre nordiske institusjonar. UiS har ansvar for kun eitt av tre semester, i tillegg til eventuell rettleiing av masteroppgåve. Studiet er dimensjonert for 20 studentar, og UiS sin del av opptaksplassane vert omdisponert frå master i sosialt arbeid (6,7 plasser). Det vil måtta utviklast to nye emne, elles vil der ikkje vera serlege meirkostnader. Finansieringa vert ivareteken med at studieplassar (basisfinansiering) vert omdisponerte frå eksisterande studietilbod, og av auka studiepoeng- og kandidatproduksjon. Det er i tillegg løyvd 1,5 millionar danske kroner for etablering av studiet. Universitetsdirektøren ser at ser at det er gjort godt greie for trong for studiet, strategisk forankring og finansiering, og vurderar at universitetet sine krav på desse punkta er oppfylde. b) Master in Energy, Environment and Society - etablering Bakgrunn Utredningstillatelse for etablering av Master i miljø, energi og samfunn ble innvilget av dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet 7.6.2016, med begrunnelse at søknaden viser hvordan studiet møter et samfunnsmessig behov både nasjonalt og regionalt, og at studiet er godt forankret i nasjonale føringer. Det ble også i vedtaket vektlagt som positivt at søknaden er et samarbeid over institutt- og fakultetsgrensene, og at masteren er internasjonal, med internasjonalt opptak. Utdanningsutvalget behandlet søknad om akkreditering i møte 16. November og gjorde følgende vedtak i sak 35/16: Utdanningsutvalget akkrediterer Master in Energy, Environment and Society, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Master in Energy, Environment and Society. Universitetsdirektørens vurdering Universitetsdirektøren har gått gjennom søknaden med hensyn til krav til behov for studiet, strategisk forankring og finansiering. Det blir ellers vist til den vedlagte søknaden. Søknaden viser til et internasjonalt, nasjonalt og ikke minst regionalt behov for omstilling, forskning og utdanning knyttet til store utfordringer innen energi, miljø og bærekraftig utvikling som Norge og andre nasjoner står overfor. Omstilling fremheves som et sentralt aspekt ved den nye masteren, og knyttes opp til særlige regionale utfordringer i vår region. Det faktum at det ikke finnes et tverrfaglig studietilbud på masternivå nasjonalt med basis i samfunnsvitenskap, styrker denne søknaden. Samtidig vil universitetsdirektøren trekke frem den strategiske viktigheten av at det internasjonalt finnes lignende 6 studieprogram. Blant annet finnes det flere ECIU-universiteter som UiS (et nettverk UiS er en del av), som styrker internasjonaliseringsdimensjonen ved studiet med tanke på studentutveksling. Studiet er engelskspråklig og vil bli lyst ut for både norsk og internasjonalt opptak. Det er også et godt strategisk grep at masteren i miljø, energi og samfunn er tverrfaglig og tverrfakultær, samt at den er innovativ i sin egenart nasjonalt. Universitetsdirektøren vil fremheve viktigheten av at masteren tar på alvor tre viktige dimensjoner som skal kjennetegne UiS i årene som kommer; innovasjon, internasjonalisering og teknologiorientering/digitalisering. Dette er et nytt studium som i noen grad henter innhold (emner) fra eksisterende studieprogrammer ved SV og TN. Det vil i tillegg måtte utvikles 6 nye emner (60 SP) samt en masteroppgave på 30 SP. Etableringen støttes finansielt ved at universitetsdirektøren tilfører 15 av 65 studieplasser gitt UiS gjennom RNB 2016. For øvrig må opptaksstudieplasser sikres ved omdisponering fra andre studieprogram (studiet dimensjoneres for årlig opptak av 25 studenter). I tillegg vil finansiering sikres gjennom forventet økt studiepoengproduksjon. I og med at det sikres «basisfinansiering» av studieprogrammet, anses etablering å gi positiv økonomisk effekt, og risiko anses å være liten. c) Master i rus og psykisk helsearbeid Bakgrunn Dette er en søknad om tillatelse til omlegging av et allerede eksisterende masterstudium til et annet masterstudium. Styret ved Institutt for helsefag ga sin tilslutning til søknaden om restrukturering av eksisterende masterutdanning i helsevitenskap og etablering av nytt masterprogram i rus og psykisk helsearbeid 24.5.2016. Fakultetsstyret ga sin tilslutning til søknaden 7.6.2016. Det ble i vedtaket fremhevet at omgjøringen av spesialiseringen i rusproblematikk og psykisk helsearbeid i master i helsevitenskap til en egen master i rus og psykisk helsearbeid vil styrke både studiets relevans, rekruttering og gjennomstrømning. Utdanningsutvalget behandlet søknaden i møte 16. november, og gjorde følgende vedtak i sak 35/16: Utdanningsutvalget akkrediterer Master i rus- og psykisk helsearbeid/ Master in Substance use and Mental Health Work, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden master i rus og psykisk helsearbeid/ Master in Substance Use and Mental Health Work. Universitetsdirektørens vurdering Universitetsdirektøren har gått gjennom søknaden med hensyn til krav til behov for studiet, strategisk forankring og finansiering. Det blir ellers vist til den vedlagte søknaden. Master i rus- og psykisk helsearbeid er en omstrukturering av master i helsevitenskap. Situasjonen ved institutt for helsefag (IH) i dag, er at studieretningene rusproblematikk og aldring og eldreomsorg ikke er tilfredsstillende etterspurt. Psykisk helse, som er en av studieretningene, er derimot godt søkt og har god gjennomstrømning. IH ønsker å imøtekomme nasjonale føringer om å kunne se rusproblematikk og psykiske lidelser i sammenheng, noe de eksisterende studieprogrammene i dag ikke i tilstrekkelig grad klarer å fange opp. Institutt for helsefag ønsker å etablere en bærekraftig og robust masterutdanning som et viktig grep og et steg i arbeidet med å bli et helsefakultet innen 2017. Det faktum at studiet nå tilrettelegges for yrkesaktive som ønsker kompetanseheving innen feltet, gjennom muligheten for å ta masterutdanningen på deltid, er et godt strategisk grep. Dette gjelder også for målet om økt gjennomstrømning. Studiet erstatter det som i dag er tre ulike helsefaglige videreutdanninger, og opptaksstudieplassene hentes derfra. Faglig innhold baserer seg i stor grad på eksisterende helsefaglige emner, men det må 7 utvikles noen nye emner, samt at flere studenter forventes å måtte gjennomgå veiledning på masteroppgaven. Studiet vil bli tilbudt både som heltidsutdanning over to år og som deltidsutdanning over tre år. Finansieringen hentes fra nedleggelse av eksisterende program og overføring av studieplasser (basisfinansiering) fra disse. Videre vil det forventes noe økt studiepoengproduksjon som følge av utvidelse av tilbudet (fra videreutdanning til master). Etableringen anses å gi marginalt positiv økonomisk effekt, og risiko anses å være liten. Søknaden har en tilfredsstillende beskrivelse av dimensjonering av opptaksplasser på studiet. d) Master i helsesøsterfag - etablering Bakgrunn Utredningstillatelse for etablering av master i folkehelse (tentativt navn på studiet) ble innvilget av universitetsstyret 1.3.2012. Styret ved Institutt for helsefag ga sin tilslutning til søknaden om omgjøring av dagens videreutdanning i helsesøsterfag til en master i helsesøsterfag 24.5.2016. Fakultetsstyret ga sin tilslutning 7.6.2016. Fakultetets tilslutning til søknaden begrunnes i at den viser at det er sannsynlig at rekrutteringen til helsesøsterutdanningen vil være god, og at det vil være tilstrekkelig etterspørsel etter helsesøstre på arbeidsmarkedet i årene fremover. Dagens videreutdanning har svært god søking og gjennomføring. Institutt for helsefag ønsker i tråd med fakultetets strategi, og i tråd med studieporteføljen til UiS, å tilby gradsutdanninger. I tillegg er kompetansen innenfor området økende. Utdanningsutvalget behandlet søknaden i møte 16. november, og gjorde følgende vedtak i sak 35/16: Utdanningsutvalget akkrediterer Master i helsesøsterfag, Master in Public Health Nursing, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden master i helsesøsterfag/ Master in Public Health Nursing. Universitetsdirektørens vurdering Universitetsdirektøren har gått gjennom søknaden med hensyn til krav til behov for studiet, strategisk forankring og finansiering. Det blir ellers vist til den vedlagte søknaden. Søknaden om master i helsesøsterfag er en søknad om utvidelse av eksisterende videreutdanning til helsesøster (60sp) til en mastergradsutdanning. Helsesøster er den eneste profesjonen innen helsefag som spesifikt retter seg mot barn og unge i alderen 0-20 år. Kravene til kompetanse og kunnskapsbasert praksis innen faget er økende, og helsesøsteryrket er i stadig forandring. Med dette følger også krav om endring i utdanningen innen feltet til en utvidelse av studentenes kunnskaper om forskning, evnen til kritisk tenkning og kvalitetsutvikling innen fagområdet. Dette er i tråd med regjeringens ønske om styrking av profesjonsutdanningene og satsing på god folkehelse. Regjeringen har siden 2013 bevilget store ressurser til helsestasjon- og skolehelsetjenesten. Nasjonale planer peker på styrking innen feltet. Kartlegginger viser en underdekning på 850 helsesøstre. Rekruttering av studenter til videreutdanningen i helsesøsterfaget ved UiS har vært veldig god, med en gjennomstrømning på imponerende 100% de siste årene. Nedslagsfeltet er stort, med Rogaland og VestAgder. Nasjonalt er det stor pågang av søkere til helsesøsterstudier. Et av hovedmålene for UiS frem mot 2020 er å gi studentene mulighet for gjennomgående studieløp. Universitetsdirektøren er derfor positiv til ønske om etablering av et femårig løp for helsesøsterstudiet, noe som også er i tråd med fakultetets mål om å tilby etterspurte utdanninger, og møte utfordringene sentrale myndigheter reiser i utdanningsfeltet. Studiet er tenkt etablert som en utvidelse av den eksisterende helsesøsterutdanningen (60 sp) og legges opp som et deltidsstudium over tre år, der det tas opp 25 studenter annethvert år. Studiet henter innhold 8 som gis parallelt med den ordinære helsesøsterutdanningen og studenter som har fullført helsesøsterutdanningen gis innpass i masterstudiet. For å fylle utvidelsen med innhold må det utvikles tre nye emner, samt masteroppgave på 30 studiepoeng som vil kreve ressurser til veiledning. Finansieringen vil komme fra forventet økt studiepoengproduksjon og opptaksstudieplasser forutsettes omdisponert fra andre program. Etableringen anses å få marginal økonomisk effekt, og risiko anses å være liten. Søknaden har en tilfredsstillende beskrivelse av dimensjonering av opptaksplasser på studiet. e) Master i sykepleie – endring av namn Bakgrunn Det samfunnsvitskaplege fakultetet søkjer om endring av namn på master i sykepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- eller operasjonssykepleie til master i spesialsykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- eller operasjonssykepleie. Studiet vart akkreditert av utdanningsutvalet 6. november 2013 og etablert av styret 27. november 2013. I samband med programrevisjonen denne hausten såg fagmiljøet trong for å endra namn på studiet. Utdanningsutvalet handsama søknaden i møte 16. november og gjorde fylgjande vedtak i sak 41/16: Utdanningsutvalet tilrår universitetsstyret å endra namn på master i sykepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- eller operasjonssykepleie til master i spesialsykepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- eller operasjonssykepleie med verknad frå studieåret 2017-2018. Det engelske namnet er Master in Advanced Practice Nursing with major in Nurse Anesthesia, Intensive Care Nursing or Operating Room Nursing. Universitetsdirektøren si vurdering Det vert vist til søknaden frå fakultetet. Universitetsdirektøren ser at søknaden er godt gjort greie for og sluttar seg til utdanningsutvalet si tilråding. Framlegg til vedtak: a) Universitetsstyret etablerar femårig masterprogram i grunnskulelærarutdanning for trinn 1 – 7, med oppstart hausten 2017. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1 – 7. Studiet vert gjennomført på både heiltid og deltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master i grunnskulelærarutdanning 1 – 7. b) Universitetsstyret etablerar femårig masterprogram i grunnskulelærarutdanning for trinn 5 – 10 med oppstart hausten 2017. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1 – 7. Studiet vert gjennomført på heiltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master i grunnskulelærarutdanning 5 – 10. c) Universitetsstyret etablerar Nordic Master in Social Work and Welfare, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Nordic Master in Social Work and Welfare. d) Universitetsstyret etablerar Master in Energy, Environment and Society, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Master in Energy, Environment and Society. e) Universitetsstyret etablerar master i rus og psykisk helsearbeid, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Det engelske navnet er Master in Substance Use and Mental Health Work. Fullført og bestått utdanning gir graden master i rus og psykisk helsearbeid/ Master in Substance Use and Mental Health Work. 9 f) Universitetsstyret etablerar master i helsesøsterfag, 120 studiepoeng, med oppstart hausten 2017. Det engelske navnet er Master in Public Health Nursing. Fullført og bestått utdanning gir graden master i helsesøsterfag/ Master in Public Health Nursing. g) Universitetsstyret endrar namn på master i sykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiveller operasjonssykepleie til master i spesialsykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiveller operasjonssykepleie, med verknad frå studieåret 2017-2018. Det engelske namnet er Master in Advanced Practice Nursing with major in Nurse Anesthesia, Intensive Care Nursing or Operating Room Nursing. Stavanger, 17.11.2016 John B. Møst Veslemøy Hagen universitetsdirektør utdanningsdirektør Sakshandsaming: Eilef Johan Gard og Maren Anne Kvaløy 10 Universitetet i Stavanger Møtebok Møtebok frå utdanningsutvalet Møtestad: Tid: AR-T 401 21.09.2016 kl. 9:00 – 11:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Bjørheim, Jonas Brun, Eric Christian Hauken, Håkon Hoff, Lene Katrine Husebø, Dag Melberg, Jorunn Nielsen, Marit Aamodt Oftedal, Bjørg Frøysland Selvik, Jon Tømmerås Sjøberg, Jørgen Trulsen, Stine Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Knutsen, Ketil Fylgjande varamedlemmer møtte: Brita Strand Rangnes Frå utvalsekretariatet møtte: Veslemøy Hagen Eilef J. Gard Marit Cecilie Farsund Stig Selmer-Anderssen Kristofer Henrichsen Møtet vart leia av Dag Husebø Møtebok: Utdanningsutvalet, 21.09.2016 1 UU 25/16 Godkjenning av innkalling Vedtak: Innkalling og sakliste er godkjent. UU 26/16 Møtebok frå utdanningsutvalet 25. mai 2016 Vedtak: Utdanningsutvalet godkjenner møtebok frå 17. februar 2016. UU 27/16 Endring av namn på studium Utdanningsdirektøren innleia kort i saka. Eric Brun og Jon Tømmerås Selvik fylte ut. Innhaldet i dei to programma i offshoreteknologi er breiare enn namnet har vist. NTNU har eit liknande studium som heiter undervannsteknologi. UiS har ynskt å profilera studiet meir mot offshore for å spissa retninga, men pga endringar i arbeidsmarknaden er det naudsynt å endra namnet for å syna breidda i studiet. Utvalet diskuterte kort den nye studiekvalitetsforskrifta sitt krav om at masterprogram skal vera fagleg breie og ikkje bindestreksprogram, og om dette ramma den omsøkte endringa av dei to programma i offshoreteknologi. Det vart konkludert med at namneendringane i dette tilfellet nettopp er gjort for å visa ein større fagleg breidde i programma. Prodekan frå Det humanistiske fakultetet presiserte at master i lesevitskap og nordisk har vore gjennom ei lang undersøkjing og diskusjon. Namneendringa er meir i tråd med det som marknaden og erfaringane tilseier og ein ynskjer å signalisera desse endringane i namnet. Vedtak: Utdanningsutvalet tilrår universitetsstyret å endra namn på fylgjande studier: a) Master i offshoreteknologi – marin- og undervannsteknologi endrar namn til master i marin- og offshoreteknologi frå studieåret 2017 - 2018. b) Master i offshoreteknologi – industriell teknologi og driftsledelse endrar namn til master i industriell teknologi og driftsledelse frå studieåret 2017 – 2018. c) Master in Environmental Technology endrar namn til Master in Environmental Engineering. Spesialiseringa Offshore Environmental Engineering endrar namn til Offshore Environmental Technology frå studieåret 2017 - 2018. d) Master i lesevitenskap endrar namn til master i nordisk og lesevitenskap frå studieåret 2017 2018. UU 28/16 Akkreditering - Nordic Master in Social Work and Welfare Utdanningsdirektøren innleia i saka. Utvalet roste satsinga på ein felles master. Universitetet ynskjer å fremja etablering av slike studier. Dette er også eit samarbeid som involverer ein samarbeidspartner i ECIU, og som også er i tråd med universitetet sin strategi. Studieprogrammet vil også vera positivt for UiS sitt samarbeid med regionale aktørar i feltet. Møtebok: Utdanningsutvalet, 21.09.2016 3 Samtidig vart det vist til erfaringar frå Universitetet i Agder, der juridiske hindringar gjorde at ein fellesmaster mellom UiS og universitet i Finland og Danmark gjorde det naudsynt å etablera bilaterale avtalar mellom institusjonane. Kan der vera slike hindringar her? I diskusjonen om saka vart det vidare peika på fylgjande tilhøve som utvalet ber om avklaring på: - Kva løysingar finst for kontinuasjonseksamen ved stryk med omsyn til at studentar flyttar mellom institusjonar frå eitt semester til neste? Er der studentbustader ved dei ulike institusjonane? Det er ikkje sagt noko om nettløysing for studiet. Vil det vera tilbod om fjernstudium? Arbeidsomfang i dei ulike emna er ikkje presisert. Vedtak: a) Utdanningsutvalet akkrediterar Nordic Master in Social Work and Welfare, 120 studiepoeng. Utvalet ber om at kommentarane frå møtet vert kommunisert tilbake til fakultetet. b) Utdanningsutvalet tilrår universitetsstyret å etablera studiet med oppstart frå hausten 2017. UU 29/16 Studieportefølje ved UiS, opptak og dimensjonering av studier 2017-2018. Forslag til opptaksrammer. Utdanningsdirektøren innleia i saka. Saka skal leggjast fram for styret i møte 4. oktober. På grunn av at saka ikkje var ferdig utgreia ved dato for utvalet sitt møte, vart det gjeven ei munnleg orientering. Diskusjonen i saka dreia seg om korleis sak om studieportefølje, opptak og dimensjonering kan vera både eit økonomisk og strategisk styringsverktøy. Til oversikta i tabellen må det fylgja eit tekstleg dokument som framstiller dei vurderingane som er gjort mellom omsyn til økonomi i studier, kva fagleg profil universitetet og fakulteta skal ha, og samanheng mellom studier som er gjensidig avhengige av kvarandre. Utdanningsdirektøren trekte framlegget til vedtak som låg i saksframlegget, og erstatta det med fylgjande: Utdanningsutvalet tek saka til orientering. Vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til orientering. UU 30/16 Fastsetjing av undervisningsterminar for studieåret 2017 - 2018 Utdanningsdirektøren innleia i saka. Det er sett opp relativt vide rammer for undervisingsterminar med oppstart tidleg i kvart semester. Spørsmål om oppstart av undervising i høve til desse datoane vart avklara i ein forenkla høyringsrunde i 2014. I diskusjonen i saka vart det understreka at fastsetjing av oppstartdato ikkje inneber eit pålegg om å starta undervisinga. Einingane kan sjølv planleggja oppstart og gjennomføring av ordinær undervising og andre tiltak innføre dei fastsette undervisingsterminane. Einingane må i planleggjinga ta omsyn til gjennomføring av fadderveka og offisiell semesteropning i haustsemesteret og mottak av nye internasjonale studentar i vårsemesteret. Utvalet ber om at dette vert kommunisert til fakulteta. Det vart også frå studentrepresentant peika på at det føregår mykje undervising i stolpetimen, og at det i fylgje avtalen mellom universitetet og StOr ikkje skal skje. StOr vil fylgja opp dette ovanfor dei miljøa der dette førekjem og er kjent, men vil også be om at utdanningsdirektøren fylgjer opp dette med fakulteta. Møtebok: Utdanningsutvalet, 21.09.2016 4 Utvalet ber også utdanningsdirektøren om at dato for offisiell semesteropning vert fastsett med det fyrste, og rår til at den vert sett til måndag 14. august. Vedtak: Utdanningsutvalet fastset fylgjande undervisningsterminar for studieåret 2017 - 2018: 2017 haustsemesteret: måndag 7. august - fredag 22. desember. 2018 vårsemesteret: tysdag 2. januar - fredag 22. juni. All undervising og eksamen/prøve (jf. eksamensforskrifta) skal haldast innføre dette tidsrommet. Ulike typar prøvar eller forkurs og liknande, som er naudsynte for å begynna på undervisinga, kan gjennomførast før semesterstart. Slike tiltak skal vera omtalte i fag- og studieplanar og dessutan vera tydeleg annonserte. Utvalet tilrår at undervising normalt ikkje vert lagt til før semesteropninga. Heilagdagane som kan falla i perioden mars – juni inneber årlege justeringar av undervisingsopplegget. Eksamenar, prøvar, oppgåver med meir, som er avlagde eller innleverde i perioden mellom 1. august og 31. desember og mellom 1. januar og 31. juli kjem fram på karakterutskrift/vitnemål som avlagde eller innleverde høvesvis i haustterminen eller vårterminen. UU 31/16 Andre orienteringssaker Utdanningsdirektøren orienterte om høyring om framlegg til ny studietilsynsforskrift og om det arbeidet som er gjort tidlegare i år med førebuingar til endringar i eige regelverk. Utvalet diskuterte implikasjonar av den nye forskrifta for UiS sitt eige kvalitetsarbeid. Utdanningsdirektøren har ansvar for arbeidet med implementering av forskrifta i UiS sitt regelverk og arbeid med kvalitet, og vil leggja fram sak for utdanningsutvalet om dette i fyrste møtet i 2017. Sak om høyringsuttale til NOKUT vil verta lagt fram for utvalet i møtet 16. november. Einingane har fått frist til å gje uttale til 18. november, og frist for høyringssvar til NOKUT er 9. desember. Vedtak: Utdanningsutvalet tek sakene til orientering. UU 32/16 Eventuelt Der var ingen saker til eventuelt. Møtebok: Utdanningsutvalet, 21.09.2016 5 Møtebok Utval: Stad: Dato: Utdanningsutvalet AR-T 401 16.11.2016 kl. 9:00-11:30 Fylgjande faste medlemer møtte: Bjørheim, Jonas Brun, Eric Christian tom sak 40 Hoff, Lene Katrine Husebø, Dag tom sak 40 Melberg, Jorunn Nielsen, Marit Aamodt Oftedal, Bjørg Frøysland Sjøberg, Jørgen Fylgjande hadde meldt forfall: Hauken, Håkon Knutsen, Ketil Selvik, Jon Tømmerås Trulsen, Stine Fylgjande varamedlmer møtte: Jan Terje Kvaløy Marte Mæland Observatørar med talerett: Faret, Elisabeth Kolstrup, Gitte Sekretariat: Veslemøy Hagen Eilef J. Gard Kristofer Henrichsen Birgitte Tysdal frå IGIS var innkalla til sak 36/16. Møtet vart leia av Dag Husebø. Veslemøy Hagen tok over frå sak 41/16. UiS, 23. November 2016 Side 1 Saksnr. Innhald U.off. UU 33/16 Godkjenning av innkalling UU 34/16 Møtebok frå utdanningsutvalet 21. september 2016 15/01302-40 UU 35/16 Akkreditering av tre masterstudier ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet 15/01629-6 UU 36/16 Femårig master i grunnskulelærarutdanning, trinn 1 - 7 og 5 - 10 15/01629-5 UU 37/16 Forslag til ny forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (tilsynsforskriften) - høring UU 16/05561-3 UU 38/16 Endring i Regler for opptak og rangering til mastergradsstudier ved UiS 16/04644-8 UU 39/16 Plan for utvalet sitt arbeid 2017 15/06435-2 UU 40/16 Tema for strategisak i februarmøtet 15/01339-3 UU 41/16 Endring av namn på master i sjukepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie 15/05228-7 UU 42/16 Andre orienteringssaker 15/02099-8 UU 43/16 Eventuelt Side 2 Arkivnr. UU 33/16 Godkjenning av innkalling Vedtak: Innkalling og sakliste er godkjent. UU 34/16 Møtebok frå utdanningsutvalet 21. september 2016 Saksnr: 15/01302-40 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Dokument i saka Møtebok frå utvalet sitt møte 21. september 2016. Vedtak: Utdanningsutvalet godkjenner møtebok frå 21. september 2016. UU 35/16 Akkreditering av tre masterstudier ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet Saksnr: 15/01629-6 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen Utdanningsdirektøren innleia i saka og ga honnør til fakultetet for å ha gjort eit godt arbeid med søknadene. Utdanningsdirektøren har i saksframlegget peika på mindre ting i planane, og har stilt nokre spørsmål til læringsutbytteformuleringane. Ho har også lagt fram forslag til endring i namn på master i miljø, energi og samfunn. Saka inneheldt søknad om akkreditering av tre masterprogram ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Programma vart handsama kvar for seg i møtet. Jørgen: Søker om 25 studieplasser, men 15 studieplasser er tilgjengeleg. Kvar kjem dei andre frå? Lene: Vert henta frå … Marit: Vert vidareutdanning i helsesysterfag lagt ned? Lene: mulighet for avkorta løp slik at ein kan få vidareutdanning. Master i miljø, energi og samfunn Side 4 i søknaden: «Studenter vil bli involvert etter hvert i det videre arbeidet med utforming av masteren. Det vil bli gjennomført samtaler med studentrepresentanter fra eksisterende relevante mastere ved UiS.» Studenter frå bachelorprogram kan også gjerne verta bedne om innspel til vidareutvikling av studiet. Fylgjande setning på side 7 i søknaden må vurderast på nytt: «Søkere med andre typer utdanningsbakgrunn vil bli vurdert av opptakskomiteen. Komiteen vil legge vekt på å oppnå tverrfaglighet i studentgruppen, og det kan bli aktuelt med særskilte vurderinger for å oppnå dette målet.» Det er problematisk å stilla slike krav til opptaket. Side 3 Med utgangspunkt i at dette er eit tverrfagleg program, vart det spurt om det er tilrettelagt for å kunna ta forkurs for studentar som ikkje har alle faga som masteren inneheld. Master i rus og psykiatri Utvalet ber om at fylgjande formulering i søknaden (side 10) vert endra: «Gjennomført mastergrad kvalifiserer til å søke opptak på PhD-studier», slik at det vert presisert at fullført master kan gje grunnlag for opptak på ph.d.-studier. Master i helsesøsterfag Utvalet hadde ingen serlege kommentarar til dette programmet. Det vart elles kommentert at ingen av læringsutbyteformuleringane i programma inneheldt krav til digital kompetanse. Utvalet drøfta om digitalisering bør vera med i krav til akkreditering. Det vart her helde fram at det skjer mykje i ulike utdanningar når det gjeld digitalisering, og at det må handla om relevans. Vidare vart det peika på at biblioteket må verta spurt om ressursbehov når nye program skal starta opp. Ein diskusjon med biblioteket kan setja i gong ein diskusjon som fagmiljøet kan ha nytte av. Vedtak: a) Utdanningsutvalget akkrediterer Master in Energy, Environment and Society, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden Master in Energy, Environment and Society. b) Utdanningsutvalget akkrediterer Master i rus og psykisk helsearbeid/ Master in Substance Use and Mental Health Work, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden master i rus og psykisk helsearbeid/ Master in Substance Use and Mental Health Work. c) Utdanningsutvalget akkrediterer Master i helsesøsterfag/ Master in Public Health Nursing, og tilrår universitetsstyret å etablere studiet med oppstart høsten 2017. Fullført og bestått utdanning gir graden master i helsesøsterfag/ Master in Public Health Nursing. UU 36/16 Femårig master i grunnskulelærarutdanning, trinn 1 - 7 og 5 - 10 Saksnr: 15/01629-5 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Utvalsleiar og utdanningsdirektøren innleia kort i saka og rosa institutt og fakultet for eit godt arbeid på kort tid. Utvalsleiaren peika på at det digitale aspektet er skrive inn, både som kommunikasjonsreiskap og som dugleik, og rosa samtidig fakultetet for å ha inngått utvekslingsavtalar med ECIU-medlemer. Dei vedlagde programme vert akkrediterte etter gjeldande regelverk. Ved utløpet av 2018 skal alle masterprogram førast i samsvar med nye akkrediteringsreglar. Utvalet slutta seg til kommentarane frå leiar og utdanningsdirektøren og gjorde fylgjande Vedtak: a) Utdanningsutvalet akkrediterar master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1 - 7. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1 – 7. Studiet vert gjennomført på både heiltid og deltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master. Utdanningsutvalet tilrår styret å etablera studiet med oppstart hausten 2017 b) Utdanningsutvalet akkrediterar master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5 - 10. Det engelske namnet er Master in Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5 – 10. Studiet vert gjennomført Side 4 på heiltid og gir 300 studiepoeng. Fullført og bestått utdanning gir rett til graden master. Utdanningsutvalet tilrår styret å etablera studiet med oppstart hausten 2017. UU 37/16 Forslag til ny forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning (tilsynsforskriften) - høring UU Saksnr: 16/05561-3 Møtedag: 16.11.2016 Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Saksansvarlig: Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen Utdanningsdirektøren innleia. Ein har ikkje lagt fram forslag til uttale frå utvalet, men ber om kommentarar til nokre problemstillingar. Utvalet hadde fylgjande innspel til høyringssvar frå UiS: - - - - Forskrifta må still krav til institusjonen, og ikkje berre til fagmiljøa. Vert ein for strame i akkrediteringskrava kan ein stå i vegen for innovasjon. Krava kan verta for strenge på programnivå. Kva er det som skaper kvalitetskultur? Er det krav eller tilretteleggjing? Det er institusjonen som må møta krava. Studieleiarordning er vanskeleg og er potensielt konfliktfylt. Kva betyr det å vera studieleiar? Fylgjer det med ressurser og myndighet? Kva dokumentasjon skal skaffast fram? Programevalueringar er ein ting, men korleis kan det kvantifiserast? I den nye forskrifta vert merksemda flytta frå å driva eit kvalitetssystem til å ansvarleggjera fagmiljøa på å vera merksam på kvalitetsarbeidet. Dokumentasjonskrava skal ikkje vera andre enn kvalitetskrava. Det er viktig at nokon som sit tett på studia har eit vitskapleg mandat. Ein vitskapleg tilsett studieleiar møter studentane og kollegene. Korleis kan mandatet til studieleiarar unngå å koma i konflikt med mandatet til instituttleiar? Å gå frå system og kontroll til at fagmiljøa skal vera sjølvgåande, er positivt. Men krava til dokumentasjon er ikkje klare. Ein kan risikera at mange institusjonar brukar mykje ressurser på ting som ikkje nyttar. Eit tiltak kan vera å tilby workshops og seminar om korleis ein får det til, gjerne som samarbeid med fleire institusjonar. Fagleg leiing er veldig viktig og sentralt på alle nivå. Det må avklarast kva som ligg til det enkelte nivået. Det må ikkje berre vera administrativt. Detaljstyring av faglærar og faglærar sitt forskingsfelt og relevans for undervisinga kan verka avgrensande. Universitetet bør problematisera det føreslegne kravet om gjennomføring på programnivå. Vedtak: Utdanningsutvalget ber om at utvalgets innspill tas med i universitetets høringsuttalelse UU 38/16 Endring i Regler for opptak og rangering til mastergradsstudier ved UiS Saksnr: 16/04644-8 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen utdanningsdirektør Utdanningsdirektøren innleia i saka. Det vil skje ei innfasing av ny praksis for internasjonalt opptak, fyrst ved det humanistiske fakultetet. Der er juridiske og kommunikasjonsmessige problemstillingar som må avklarast. Utdanningsdirektøren vil koma tilbake til saka og føreslår at gjeldande formulering vert ståande. Side 5 Forslag til vedtak: § 2 i Regler for opptak og rangering til mastergradsstudier ved UiS tilføyes ny litra g) For opptak til engelskspråklige masterstudier, hvor det foreligger en opptaksramme for både lokalt opptak og for internasjonalt opptak, må kandidater som ikke har norsk personnummer søke internasjonalt opptak. Kandidater med norsk personnummer, samt nordiske statsborgere med utdanning fra nordiske land, søker lokalt opptak. UU 39/16 Plan for utvalet sitt arbeid 2017 Saksnr: 15/06435-2 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Vedtak: Utdanningsdirektøren tek innspel frå utvalet med i utarbeiding av endeleg framlegg til plan for utvalet sitt arbeid i 2017. Planen vil verta lagt fram for utvalet sitt møte 15. februar. UU 40/16 Tema for strategisak i februarmøtet Saksnr: 15/01339-3 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Utvalsleiar innleia til saka. Ein har diskutert om utvalet også skulle føra strategiske diskusjonar, og denne saka handlar om kva slike diskusjonar skal vera. Utvalet slutta seg til framlegget frå utdanningsdirektøren, og ga også innspel til innhald i møtet 15. februar. Utdanningsdirektøren og utvalsleiar fylgjer opp saka. Vedtak: Utdanningsutvalet støttar forslaget til tema og ber utdanningsdirektøren førebu møtet 15. februar, med dei innspela som kom fram i møtet. UU 41/16 Endring av namn på master i sjukepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie Saksnr: 15/05228-7 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Utdannigsdirektøren innleia kort i saka. Vedtak: Utdanningsutvalet tilrår universitetsstyret å endra namn på master i sykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie til master i spesialsykepleie med spesialiseringar i anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie med verknad frå studieåret 2017-2018. Side 6 UU 42/16 Andre orienteringssaker Saksnr: 15/02099-8 Møtedag: 16.11.2016 Saksansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Informasjonsansvarlig: Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør Utdanningsdirektøren orienterte. a) Høring av utkast til forskrift om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og om henvisning til Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. Vedlegg 1. Dette er ei formalisering av ei sak som er gjennomført. b) Prosjektet digital eksamen. Vedlegg. c) Studiebarometeret. Munnleg orientering ved utdanningsdirektøren. d) Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Rundskriv fra Kunnskapsdepartementet. Vedlegg. Vedtak: Utdanningsutvalet tek sakene til orientering. UU 43/16 Eventuelt Det var ingen saker til eventuelt. Side 7
© Copyright 2024