Annonse varsel - Ørskog kommune

Annonsetekst:
VARSEL OM OPPSTART AV PRIVAT REGULERING
AV OMRÅDE TIL BUSTADER PÅ AMDAM
KARTUTSNITT AV
PLANOMRÅDET
I samsvar med Plan- og bygningslova vert det med dette
varsla om oppstart av reguleringsarbeid.
Meir opplysningar om planlegginga blir tilgjengeleg på
Ørskog kommune si nettside (www.orskog.kommune.no)
eller kan fåast tilsendt frå planleggaren.
Området ligg ved eksisterande bustadområde på Amdam i
Ørskog kommune
På kartutsnittet er vist området som tiltakshavaren ynskjer
regulert.
Føremålet med reguleringa er å legge til rette for
opparbeiding eit nytt bustadfelt på gbnr. 83/1, inkl.
omlegging av tilkomstvegen. Etter ønske frå kommunen er
også eksisterande bustadområde medteke i planområdet
for å regulere inn ny tilkomst til 2 bustadhus som har
direkteavkøyrsle til fylkesvegen.
Kommunen har i referatet frå
oppstartmøtet/førehandskonferansen vurdert at planen
ikkje utløyser krav om planprogram eller
konsekvensutgreiing.
Oppdraget blir utført av Ha-Plan AS på vegne Tor Einar
Amdam.
Opplysningar og innspel som kan vere til hjelp i
planarbeidet kan rettast til Ha-Plan AS, Strandgata 44A,
6270 Brattvåg innan 15. Desember 2016.
LOGO HA-PLAN AS