Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sakshandsamar: Arnt Erik Nordheim
Telefon: 57643112
E-post: [email protected]
Vår dato
12.12.2016
Dykkar dato
Vår referanse
2016/3822- 421.4
Dykkar referanse
Mottakarar etter liste
Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon og rammeløyve for seawalk med
forankringsbøyar, gbnr. 46/4, Eid kommune
Vi viser til oversending frå Eid kommune 28.10.2016, som gjeld klage på vedtak frå teknisk- og
samfunnsutvalet den 22.09.2016, sak 84/16. Det er klaga innan fristen, og vilkåra for å handsame
saka er oppfylte.
Vedtak
Fylkesmannen tek ikkje klaga frå Rita Karin Nyland m.fl. 08.10.2016 til følgje. Med heimel
forvaltningslova § 34, jf. plan- og bygningslova § 1-9, stadfestar vi vedtaket frå Eid kommune
22.09.2016, sak 84/16, jf. tilleggsvilkår fastsett 27.10.2016 om årleg fagkyndig kontroll.
Fylkesmannen set i tillegg følgjande vilkår for igangsettingsløyve:

Fortøyingsprosedyre, jf. pkt. 7.11 til søknad om rammeløye; Ship to shore access, skal
oppdaterast slik at prosedyren utelukkande tillét fortøying med baug inn mot land. Skip
som ikkje følgjer fortøyingsprosedyren, skal kunne avvisast med heimel i hamnereglement.
Det er ein føresetnad at hamnereglement, jf. FOR-2014-06-06-711 § 4, vert oppdatert i
nødvendig grad før ferdigattest blir gitt.
Bakgrunn for saka
På vegner av Seawalk Nordfjord AS søkte Nordplan AS den 02.09.2016 om rammeløyve for etablering
av seawalk m/tilhøyrande anlegg på gbnr. 46/4, jf. også søknad datert 22.06.2016 til Eid kommune.
Tiltaket er plassert ved Godsterminalen i Nordfjordeid sentrum.
Seawalken er tiltenkt persontrafikk og skal fungere som landgang frå forankra cruiseskip.
Konstruksjonen kan faldast saman. I parkert modus vil seawalken gå om lag 80 meter ut frå land,
medan han i utfalda posisjon er om lag 230 meter lang. I tillegg til seawalken omfattar søknaden
forankringsarrangement med to bøyar, anker og ankerkjettingar.
Arealet for tiltaket er omfatta av reguleringsplanen for Sørøyane,1 vedteken 16.03.2006. Arealbruken
er vidareført i kommuneplanen2 med heimel i plan- og bygningslova § 11-8 f; «sone hvor gjeldende
reguleringsplan fortsatt skal gjelde uendret». Ved bruk av denne sona gjeld reguleringsplanen
framfor kommuneplanen ved eventuell motstrid. Sjøområdet utanfor reguleringsplanen er avsett til
bruk og vern av sjø og vassdrag utan underinndeling, jf. plan- og bygningslova § 11-7 nr. 6.
1
2
PlanID: 1443_2001007.
Arealdelen i kommuneplanen (2015 – 2027), vedteken 04.06.2015.
Telefon 57 64 30 00
Organisasjonsnummer N-974 763 907
Nettstad fylkesmannen.no/sfj
E-post [email protected]
Besøksadresse
Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postadresse
Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger
Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/12
Landarealet i reguleringsplanen er i hovudsak regulert til kombinerte byggjeformål, i tillegg til
kollektivanlegg for sjøtrafikk på land, og tilhøyrande landareal for småbåthamn. Sjøarealet er regulert
til småbåthamn, hamneområde og farlei/trafikkområde i sjø. I sørvest er trafikkområdet avgrensa
mot eit friluftsområde i sjø, utanfor moloen på gbnr. 46/167.
Den eine bøyen m/anker og ankerkjetting skal plasserast innanfor trafikkområde i sjø (TS).
Tilsvarande forankringsarrangement for den andre bøyen ligg utanfor reguleringsplanen, i området
for «bruk og vern av sjø og vassdrag» i kommuneplanen. I tillegg til rammeløyvet føreset bøyane
med forankringsarrangement dispensasjon frå dei respektive arealformåla. Det følgjer av
samanhengen i søknaden at bøyane er ein føresetnad for gjennomføring av tiltaket, og at dette er
grunngjevinga for søknaden om dispensasjon.
Eid kommune v/teknisk- og samfunnsutvalet handsama søknaden i møte 22.09.2016, sak 84/16, og
gav rammeløyve og dispensasjon for tiltaket i tråd med søknaden. Vidare heiter det i vedtaket:
«…Teknisk- og samfunnsutvalet presiserer at det som her blir gitt er eit rammeløyve. Utvalet føreset at før det
blir [gjeve] igangsettingsløyve skal det gjerast uavhengig tredjepartskontroll av geoteknikk og
konstruksjonssikkerheit, jmf byggteknisk forskrift…»
Rita Karin Nyland m.fl. klaga på vedtaket 08.10.2016, jf. også tidlegare felles, utdatert merknadsskriv
frå september 2016. Klagarane er eigarar og bebuarar av eigedomane gnr. 46/31,73, gbnr. 46/9,91
og gbnr. 46/30, og av gbnr. 46/131, snr. 1 til 4.
Klagen er grunngjeven med omsynet til klagarane sine eigedomar og heimar, brot på reglane om
offentlege innkjøp, manglande revisjon av plangrunnlaget, feil bruk av tiltaksklassane i byggteknisk
forskrift (TEK10) og bruken av dispensasjonar for å få tiltaket godkjent. Klagarane meiner også at det
er manglar ved saksopplysningane i søknaden, og dermed også ved kommunen sitt avgjerdsgrunnlag.
Fylkesmannen viser til klageskrivet i sin heilskap, som vi legg til grunn er kjent.
Kommunen handsama klagen i møte 27.10.2016, sak 91/16. Kommunen tok ikkje klagen til følgje,
men la til følgjande dispensasjonsvilkår i vedtaket:
«Det er ein føresetnad for å gje dispensasjon frå forbodet mot oppankring at tiltaket ikkje utset tilstøytande
terreng for skade eller vesentleg ulempe. Av omsyn til tryggleiken og for å trygge oppføringa av byggteknisk
forskrift § 7-1 (2), vert det sett som vilkår at det vert gjennomført årlege fagkyndige kontrollar av sjøbotnen i og
rundt området ved Seawalk og fortøyingsbøyer, med sikte på å få avklart om tiltaka og bruken av området som
cruisehamn påverkast faren for utvasking av masser. I den grad slik utvasking vert påvist, må dette følgast opp
med nærare utgreiingar utført av fagkyndige.»
Saka vart deretter oversendt hit for endeleg klagehandsaming. Kommunen opplyser i brev
28.10.2016 at Nordplan AS er orientert om det nye vilkåret, og at dei som ansvarleg søkar har
stadfesta at det ikkje er aktuelt å klage på endringa.
Klagarane kom med avsluttande merknader til saka i brev 10.11.2016 og 13.11.2016, der dei utdjupar
synet på behov for ny plan. I merknaden er det i hovudsak vist til at trafikk med cruiseskip vil påverke
eit langt større areal enn sjølve reguleringsområdet, at gjeldande reguleringsplan ikkje tek
tilstrekkeleg omsyn til klimatilpassing, og at dei geotekniske tilhøva ikkje er forsvarleg utgreidde.
Klagarane held fram at det er krav om geotekniske undersøkingar ved søknad om tiltak, og at
Norconsult, som tiltakshavaren sin geotekniske konsulent, i søknaden ikkje hadde dokumentasjon på
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/12
grunnforholda i planområdet. Undersøkingar må ifølgje klagarane under alle omstende gjerast i form
av prøvetaking/grunnboring.
Regelverk
Fylkesmannen er delegert mynde til å avgjere klager som gjeld enkeltvedtak etter plan- og
bygningslova, sjå plan- og bygningslova § 1-9 femte ledd og rundskriv T-2/09 frå Kommunal- og
moderniseringsdepartementet.
Vi skal som klageinstans sjå til at kommunen under handsaminga av saka har følgt dei lovene,
forskriftene og sakshandsamingsreglane som gjeld på området. Fylkesmannen kan under
klagehandsaminga prøve alle sider ved vedtaket, også dei skjønnsmessige vurderingane som
kommunen har gjort, jf. forvaltningslova § 34. Ved prøving av det kommunale skjønnet skal
Fylkesmannen leggje vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret.
Kommunen skal gje løyve til tiltak som ikkje er i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av planog bygningslova, jf. plan- og bygningslova § 21-4 første ledd. Eit kvart tiltak skal prosjekterast og
utførast slik at det oppfyller krav til tryggleik, helse, miljø, energi og berekraft, jf. plan- og
bygningslova § 29-5.
Tiltak som er i strid med bindande arealplanar, kan berre godkjennast dersom det samstundes vert
dispensert frå dei formåla eller føresegene tiltaket strid mot, jf. plan- og bygningslova kapittel 19.
Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 kan kommunen dispensere frå føresegner gjevne i eller i
medhald av plan- og bygningslova. Kommunen kan ikkje dispensere dersom omsyna bak føresegna
det vert dispensert frå, eller omsyna i formålsføresegna i lova, vert sett vesentleg til side. I tillegg må
fordelane ved å dispensere vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vilkåra i plan- og
bygningslova § 19-2 er rettslege vurderingstema, ikkje eit kommunalt skjønn. Det er derfor ikkje
høve til å leggje nemneverdig vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret.
Dispensasjon krev grunngjeven søknad. Etter forvaltningspraksis skal grunngjevinga for å dispensere
vere spesiell og gjelde særleg for tiltaket, og kommunen skal ikkje dispensere ut frå meir generelle
vurderingar.
Fylkesmannen si vurdering
Plangrunnlaget; rettsleg behov for ny plan
Fylkesmannen tek først stilling til klagegrunnen som gjeld manglande planavklaring, ettersom denne
har overordna karakter.
Det klare utgangspunktet etter plan- og bygningslova er at kommunane si arealforvaltning skal skje
med bakgrunn i fastlagte planar. Kommunal planlegging etter lova skal sikre ei langsiktig og
føreseieleg arealforvaltning, jf. plan- og bygningslova § 1-1 fjerde ledd, og gje grunnlag for
samordning av private og offentlege interesser. Strandsona er eit område det knyter seg særlege
interesser til, jf. § 1-8 første ledd. Det er derfor særleg framheva gjennom statlege planretningslinjer
for strandona at kommunane skal avklare arealbruken i strandsona gjennom plan, og først og fremst
kommuneplanen.3 Dette gjeld også i sentrumsområde og tettbygde strøk.
3
Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen, kgl.res. 23.03.2011,
pkt. 4.2.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
4/12
Landfestet for seawalken er i reguleringsplanen for Sørøyane regulert til blanda byggeformål (BL2) og
hamn (HL), jf. plan- og bygningslova av 1985 § 25 nr. 1 og 3. I hamneområdet er det avsett areal for
ein kai på om lag 150 meter, som løysinga med seawalk vil erstatte. Den opprinneleg planlagde kaien
er omtala i planføresegnene pkt. 25.3.5:
Hamneområde – HL og HS
I område HL skal der etablerast ny kai for anløp av større båtar. Kaia skal ikkje føre til vesentleg reduksjon i
vassutskiftinga i hamnebassenget. Området skal haldast ryddig, og ikkje nyttast til langtidslagring.
Område HS skal nyttast til fortøying av cruiseskip, lastebåtar og andre større båtar.
Dersom hamna skal brukast som cruisehamn, skal det om naudsynt etablerast tilfredsstillande løysing for
bunkring, mottak av avfall/kloakk m.m.
I sjø vert sjølve Seawalken etablert innanfor området HL og HS. Fylkesmannen kan ikkje sjå at denne
delen av tiltaket er i strid med gjeldande plan, ettersom reguleringsplanen er utarbeidd for å kunne
ta høgde for ei utvikling av cruisekai. Vi viser elles til kommunen si vurdering saksutgreiinga
22.09.2016 under avsnittet «[t]ilhøvet til gjelande plangrunnlag», som vi ikkje har vesentlege
merknader til. Samanlikna med kaien og føresetnadane som allereie ligg inne i gjeldande plan, kan vi
ikkje sjå at seawalken, ut frå storleiken eller endringar i arealbruken, utløyser lovfesta
reguleringsplikt i medhald av plan- og bygningslova § 12-1 andre eller tredje ledd. Det vert då i stor
grad opp til kommunen sitt skjønn om det likevel er ønskjeleg å utarbeide ny plan.
Sjølv om reguleringsplanen er om lag ti år gamal, er arealbruken nyleg vurdert gjennom
kommuneplanprosessen, der kommunestyret har konkludert med å vidareføre reguleringsplanen
uendra. Ved anløp av cruiseskip er det er rett at arealbruken i sjø vil omfatte ei større område enn
det som er regulert i dag. Sjøarealet i kommuneplanen er derimot avsett til «bruk og vern» med alle
underformål, jf. plan- og bygningslova § 11-7 nr. 6, der ferdsel og farlei for sjøtrafikk inngår. Klaga er
derfor ikkje teken til følgje på dette punktet.
Privatrettslege forhold
Vi tek vidare stilling til klagegrunnen om at tiltakshavaren manglar eigedomsrett, og heller ikkje har
annan privatrettsleg heimel til å gjennomføre tiltaket, jf. plan- og bygningslova § 21-6.
Slik vi oppfattar klagen og merknadane 10.11.2016, meiner klagarane at særleg den indre bøyen med
anker og kjettingar er i strid med deira tilflots- og eigedomsrett i sjø. Bøyen er opplyst å liggje om lag
55 meter frå kai. Det er særleg vist til bøyen med undersjøiske installasjonar vil kome i konflikt med
fortøying av private fartøy, noko klagarane motset seg. Klagarane har også vist til friluftslova §§ 1, jf.
6 om «Ferdsel på sjøen og i vassdrag», som dei meiner burde ha vore diskutert.
Om friluftslova viser Fylkesmannen til at den generelle ferdselsretten «gjelder med de
begrensningene som følger av annen lovgivning eller av forskrifter gitt i medhold av lov»,
jf. friluftslova § 19. Allemannsretten etter friluftslova vik derfor for planlegging og utbygging i
medhald av plan- og bygningslova. Slik avgrensing skjer ved at arealbruken vert bunden opp og bygd
ut til ulike formål, som då gjeld føre den generelle ferdselsretten. Forholdet til allmenne interesser er
derfor primært eit plantema, og som ikkje kan gje grunnlag for avslag i byggesak med bakgrunn i
godkjent plan. Når det gjeld sjølve bøyen, som er i strid med plan, konkluderer vi med at
konsekvensane for generell ferdselsrett er forsvarleg drøfta av kommunen i dispensasjonsvurderinga.
For eigedomsforhold og andre privatrettslege forhold er utgangspunktet etter plan- og bygningslova
§ 21-6 at bygningsstyresmaktene ikkje skal ta stilling til dette. Bakgrunnen for regelen er at plan- og
bygningslova regulerer forholdet mellom utbyggjaren og det offentlege, ikkje mellom dei private
partane.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
5/12
Kommunen skal i byggesak ikkje gjennomføre kompliserte eigedoms- eller avtalerettslege tolkingar
og vurderingar, men pliktar å avvise søknaden dersom det følgjer eintydig av offentlege register at
tiltakshavaren ikkje har rett til å gjennomføre tiltaket. Ved lovendring 01.07.2015 vart denne plikta
klargjort, samstundes som terskelen for avvising vart heva frå «klart» til «åpenbart» i lova. Avvising
kan derfor berre skje i dei tilfella det ikkje er tvil. Er forholdet derimot uklart, er utgangpunktet at
kommunen skal handsame søknaden. Eit løyve etter plan- og bygningslova har då ingen bindande
verknad for dei privatrettlege forholda, og det blir tiltakshavaren sjølv som får risikoen for at det ligg
føre tilstrekkeleg heimel.
Spørsmålet er dermed om det er «åpenbart» at Seawalk Nordfjord AS ikkje har rett til å plassere
seawalken med forankringsanlegg. For sjølve landfestet av seawealken er dette uproblematisk,
ettersom Eid kommune eig gbnr. 46/4 og samtykker til tiltaket gjennom leigeavtale med Seawalk
Nordfjord AS.
Tiltaket vil også påverke sjøområdet utanfor klagarane sine eigedomar, nord for Godsterminalen. Det
er tidlegare avstått grunn til gjennomføring av offentleg veg langs eigedomane, men Eid kommune
har lagt til grunn at denne avtalen4 ikkje omfattar vegetasjonsbeltet langs sjøen.
Fylkesmannen føreset med dette at dei private avtalepartane framleis har eigedomsrett til sjø.
Punkt 4 i avtalen inneheld derimot ein føresetnad om at partane seier frå seg rett til tilflot og kai,
mot at kommunen etablerer erstatningsordning «på vestsiden av kommende Sjøgate». Sjølv om den
konkrete ordninga i avtalen har synt seg å ikkje vere tilrådeleg i praksis, er det etter vår oppfatning
ikkje lenger «åpenbart» at avtalepartane kan hevde tilflotsrett utanfor Godsterminalen. Kommunen
viser mellom anna til at det i 2004 vart inngått avtale med gbnr. 46/91 om økonomisk erstatning, i
staden for kaiordninga som ikkje kunne gjennomførast. For eigedomen gbnr. 46/131, meiner
Fylkesmannen at denne har tilstrekkeleg avstand til bøyar og fortøyingsanlegg, til at tilflotsretten
ikkje er krenkt.
Forutan strandretten er det i tillegg eit spørsmål kor langt ut i sjøen klagarane har alminneleg
eigedomsrett. Som kommunen har gjort greie for, er utgangspunktet i norsk rett at eigedomsretten
gjeld ut til marbakken,5 medan grunneigaren ikkje har eigedomsrett ved brådjup.6
I området ved Godskaiterminalen har det historisk sett skjedd vesentlege utfyllingar av omsyn til
sjøtransport i etterkrigsåra. Fylkesmannen oppfattar kommunen slik at det er uråd å avgjere kva
verknad mudringa har hatt for dei private eigedomsgrensene, eller nøyaktig kor langt ut
eigedomsgrensene går i dag. Vi er einige med kommunen i at dette spørsmålet er eigedomsrettsleg,
og at løysinga ikkje er opplagt. Det er heller ikkje openbert at klagarane har bruks- og eigedomsrett
på grunn av lokal sedvane eller alders tids bruk, slik det er argumentert for i brev 10.11.2016. Vi viser
på nytt til at avvising berre er aktuelt i dei heilt klare tilfella, medan det ligg til jordskrifteretten eller
dei alminnelege domstolane å avgjere eventuelle uklarheiter, dersom partane krev det.
Bygningsstyresmaktene skal då ikkje ta ytterlegare stilling til spørsmålet, jf. plan- og
bygningslova § 21-6.
Vi nemner for ordens skuld at det kan vere forskjell mellom eigedomsgrenser i sjø og på land, og at
bygningsstyresmaktene i visse tilfelle pliktar å ta stilling til kvar nabogrensene går mellom
4
Jf. avtale mellom gbnr. 46/30, 46/91 og Eid kommune v/ordføreren, 04.01.1999.
Jf. mellom anna NOU 1988:16 s. 27 flg, med tilvisingar til rettspraksis.
6 Jf. dom frå Høgsterett i Rt. 2011 s. 566.
5
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
6/12
landeigedomar, jf. plan- og bygningslova § 29-4, sjølv om grensene er uklare. Vi kan likevel ikkje sjå at
denne regelen, som gjeld krav om fire meters avstand mellom byggverk og nabogrense, er aktuell i
denne saka. Det er derfor rett av kommunen å ikkje avvise søknaden om dispensasjon og
rammeløyve. Klaga har ikkje ført fram på dette punktet.
Reglar om habilitet og offentleg innkjøp
Klagarane har vidare peika på det dei meiner er uryddige forhold og moglege førehandsbindingar i
prosessen, i tillegg til brot på reglane om offentlege innkjøp.
Når det gjeld innkjøpsreglane7, er dette ikkje relevant for handsaminga etter plan- og bygningslova.
Ved byggesakshandsaming er kommunen si oppgåve å kontrollere tiltaket mot reglane i eller i
medhald av plan- og bygningslova, jf. § 21-4. Det er vidare uttømmande regulert i § 21-5, jf. forskrift
om byggesak § 6-2, korleis og i kva grad kommunen skal samordne byggesakshandsaminga med
andre styresmakter. Felles for desse reglane er at det gjeld lovverk som kan ha verknad for utnytting
av bygningar og areal. Anna lovverk, slik som innkjøpsreglane, er bygningsstyresmaktene
uvedkommande. Vi tek derfor ikkje stilling til klagegrunnen om innkjøp og pris, men nemner at det er
mogleg å klage til KOFA for den som meiner at innkjøpsreglar er brotne, sjå www.kofa.no.
Vi forstår også at klagarane meiner ordførar Alfred Bjørlo har vist eit stort personleg engasjement i
saka, kome med tvilsame påstandar til Nordfjord Havn IKS, utelatt relevant informasjon for andre
politikarar i Eid, og generelt arbeidd aktivt for raske avklaringar. Fylkesmannen forstår klagen som ein
påstand om at kommunen kan ha teke førehandsstandpunkt i saka, jf. forvaltningslova § 6 andre
ledd, og at søknadshandsaminga kan ha blitt uforsvarleg som følgje av dette.
Fylkesmannen finn ikkje grunn til å gå nærare inn i spørsmåla om habilitet eller førehandsbindingar.
Vi viser til at kommunen som forvaltningsorgan ikkje kan identifiserast med ordføraren sine
handlingar eller utsegner. Etter kommunelova § 9 har ein ordførar ikkje anna mynde enn det som er
delegert frå kommunestyret, jf. særleg § 9 nr. 5, og ordføraren har heller ikkje instruksjonsrett over
tilsett administrasjon utover dette, sjå kommunelova § 23 nr. 1. Ordføraren er ikkje medlem av det
politiske utvalet som har handsama og avgjort søknaden. Det er heller ikkje indikasjonar på at
kommunen har lagt vekt på usaklege eller utanforliggande omsyn, korkje i vedtaket eller i
klagehandsaminga.
Landstraum og val av tiltaksklasse
Klagarane meiner at tiltaket skulle ha vore plassert i tiltaksklasse 3, jf. forskrift om byggesak (SAK10)
kapittel 9.
Systemet med tiltaksklassar inneber ei inndeling av oppgåvene innanfor kvart fagområde i søknaden,
ut frå vanskegrad, kompleksitet og moglege konsekvensar av manglar og feil. Val av tiltaksklasse er
avgjerande for om eit føretak kan få sentral godkjenning for ansvarsrett, jf. plan- og bygningslova
§ 22-1.
Dei lokale bygningsstyresmaktene si oppgåve er å godkjenne valet av tiltaksklasse «etter forslag frå
ansvarlig søker», jf. SAK10 § 9-3 andre ledd. Føresegna er meint å sondre mellom det ansvaret
ansvarleg søkar tek på seg overfor styresmaktene, og det ansvaret kommunen har for
søknadshandsaming og tilsyn.
7
Jf. LOV-2016-06-17-73 om offentlige anskaffelser.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
7/12
Det direkte ansvaret for det byggtekniske ved gjennomføringa ligg alltid hjå tiltakshavaren og det
føretaket som ansvaret er vidareført til, jf. plan- og bygningslova § 23-1. Bygningsstyresmaktene er i
utgangspunktet ikkje meint å overprøve det byggtekniske prosjekteringsgrunnlaget, eller godkjenne
søknader om ansvarsrett,8 men sjå til at tiltaket har rett tiltaksklasse og at ansvarsområda er dekte.
Kommunen si oppgåve er å vurdere tiltaket opp mot rammeføresetnader i plan, lov og forskrifter, i
større grad enn ei reint fagleg overprøving. Forvaltningspraksis er derfor at bygningsstyresmaktene
berre overprøver forslag til tiltaksklasse dersom forslaget er klart feil.
Kriterium for inndeling av tiltaksklassar går fram av SAK10 § 9-4 med rettleiing. For fagområdet
geoteknikk er det sagt følgjande om tiltaksklasse 2 og 3:
«Tiltaksklasse 2
Fundamentering av byggverk med 3-5 etasjer. Fundamentering på tomt med vanskelige grunnforhold. Metode
for fastleggelse av grunnforhold er godt utviklet. Fundamentering for anlegg og konstruksjoner som iht NS-EN
1990 + NA plasseres i pålitelighetsklasse 2.
Tiltaksklasse 3
Byggverk med flere enn 5 etasjer. Fundamentering på tomt med vanskelige grunnforhold. Metode for
fastleggelse av grunnforhold er lite utviklet. Fundamentering for anlegg for konstruksjoner som iht NS-EN 1990
+ NA plasseres i pålitelighetsklasse 3 og 4.»
Fylkesmannen er einig i kommunen si vurdering om at tiltaksklasse 2 ikkje er openbert feil. Dette
gjeld også dei andre fagområda i gjennomføringsplanen 21.06.2016, slik som arkitektur,
konstruksjonstryggleik og montering av berande metall- og betongkonstruksjonar.
Klagarane har vidare hevda at det ikkje er realistiske moglegheiter for å etablere landstraum, slik det
er lagt til grunn i søknaden pkt. 6.2. I tilleggsmerknadane 10.11.2016 viser klagarane til EU-direktiv
2014/94/EU; «Clean-power direktivet», som er funne EØS-relevant av Noreg, og som føreset
vurdering av landstraum for hamner innan 31.12.2025.9 Kravet i direktivet artikkel 4 nr. 5 er ikkje
absolutt, og rettar seg primært mot hamner som inngår i TEN-T-kjernenettverket.10 Direktivet er, så
langt Fylkesmannen kjenner til, heller ikkje implementert i norsk regelverk enno. På denne
bakgrunnen kan det ikkje stillast vilkår eller krav om landstraum i samband med bygge- eller
dispensasjonssaka per i dag. Ulemper som følgjer av manglande landstraum, slik som støy frå
straumgeneratorar når cruise-skip ligg stille, er forsvarleg vurdert og kommentert av kommunen i
sakutgreiinga for rammeløyvet.
Geotekniske forhold; verknad for eigedomane i Hola
Når det gjeld klagene på fortøyingsprosedyren, viser Fylkesmannen til søknaden pkt. 7.11 og til
kommunen si vurdering i sak 84/16 og 91/16, som vi ikkje har merknader til. Vi viser særleg til at
fortøying av cruiseskip i seg sjølv ikkje er eit tiltak etter plan- og bygningslova § 1-6, men at
fortøyingsprosedyre likevel er blitt vurdert av kommunen som eit relevant moment i saka, mellom
anna for dei geotekniske forholda.
Klagarane hevdar elles at bruk av det godkjente ankersystemet kan gje farlege botnvibrasjonar ved
kvart skipsbesøk. Anker skal dessutan gravast ned og trekkast til på sjøbotnen. Dette er ein operasjon
8
Jf. lovendring i pbl. § 21-4 andre ledd, i kraft frå 01.07.2015.
9 https://www.regjeringen.no/no/sub/eos-notatbasen/notatene/2013/juni/forslag-til-europaparlamentets--og-
radsdirektiv-om-distribusjon-av-infrastruktur-for-alternative-energibarere/id2433607/
10 http://www.vegvesen.no/fag/Fokusomrader/EU+EOS+samarbeid/TEN-T
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
8/12
som i seg sjølv kan skape mykje uro i grunnen nær land, og som ikkje er vurdert geoteknisk.
Klagarane meiner derfor at rammeløyvet er for svakt opplyst før vedtak.
Det følgjer av forvaltningslova § 17 at rammeløyvet skal vere forsvarleg opplyst før vedtak. Det
generelle kravet i forvaltningslova må sjåast i lys av dokumentasjonskrav i medhald av plan- og
bygningslova. Ifølgje plan- og bygningslova § 28-1 første ledd kan det berre gjevast løyve til
byggetiltak dersom det er dokumentert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe frå
natur- eller miljøforhold, jf. også byggteknisk forskrift (TEK10) § 7-1 andre ledd om krav til
prosjektering og utføring av tiltak.
Føresegnene gjeld tilsvarande for konstruksjonar og anlegg i sjøområde, jf. plan- og bygningslova
§ 30-4. Kravet til tryggleik omfattar sjølve byggjegrunnen, i tillegg til nabogrunn mv. som «utsettes
for fare eller vesentlig ulempe» på grunn av tiltaket. Plan- og bygningslova § 28-1 omfattar både ytre
påverknader som skred og flom, og eigenskapar ved sjølve grunnen, slik som førekomst av leire, fare
for flyteskred, utvasking og vibrasjonar. Nærare krav til dokumentasjon av natur- og miljøforhold er
gitt i SAK10 § 5-4 bokstav g. Ifølge rettleiinga frå Direktoratet frå byggkvalitet må tiltakshavaren
kunne vise til tidlegare kartleggingar av grunnforhold, eller til eigne undersøkingar.
Sjøområdet utanfor Hola er i kommuneplanen for Eid også synt som fareområde for ras og skred
(omsynssone H310), jf. planføresegnene pkt. 5.2 (utdrag):
«Ved utarbeiding av reguleringsplanar eller ved søknader om løyve etter plan- og bygningslova innanfor
område H310, skal det i område under marin grense gjennomførast geoteknisk utgreiing for å avdekkje om det
finst skredfarleg kvikkleire. Det skal dokumenterast at utbygging vil gje tilstrekkeleg områdestabilitet i samsvar
med krava i byggteknisk forskrift».
Det er uført fagkyndig vurdering av grunntilhøva i førebels vurdering frå Norconsult 12.08.2016,
jf. vedlegg 7.7 til søknaden. Det er ikkje utført grunnundersøkingar som grunnlag for vurderinga, men
vist til fem referanseprosjekt nær tiltaket. Den førebelse rapporten legg til grunn at det ikkje er
rimeleg å forvente store avvik i grunnforholda, samanlikna med referanseprosjekta. Fylkesmannen
kan ikkje sjå at er det i strid med plan- og bygningslova, SAK10 eller kommuneplanen pkt. 5.2. å
leggje denne premissen til grunn.
Rapporten peikar på mogleg fare for flyteskred, og at området er særs ømfintleg for erosjon og
utvasking frå propellstraumar. Ved ankring i samsvar med fortøyingsprosedyre konkluderer likevel
rapporten med at straum frå hovudmaskineri ikkje vil vere eit faremoment. Derimot heiter det i
rapporten:
«Vi er noko usikre på om propellstraumar frå dei fremre thrusterane kan føre til utvasking av massane under
molopiren for småbåthamna eller under næraste hjørne av fyllinga for Sjøgata 19. Vi vil tilrå at dette
spørsmålet blir utgreidd av fagfolk.
[…]
Som eit ledd i denne utgreiinga vil det vere ein stor fordel å få laga eit detaljert kart av sjøbotnen i dette
området ved hjelp av multistråle ekkolodd eller tilsvarande utstyr.
Dersom ei slik utgreiing munnar ut i at det blir definert potensiell erosjonsfare i nokon del av det nemnde
området, kan det bli nødvendig å dokumentere korngradering for botnsedimenta ved hjelp av prøvetaking med
minigrabb.
Skulle det etter dette bli konkludert med at det er fare for utvasking av til dømes molofundament/molofylling
eller andre definerte parti av sjøbotnen, kan det også bli nødvendig å utføre meir omfattande geotekniske
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
9/12
undersøkingar. Det må då brukast tyngre, maskinelt utstyr for å skaffe grunnlag for vurdering av stabilitet,
herunder også faren for flyteskred, og fundamenteringsforhold for eventuelle stabiliserande tiltak.»
Kommunen har lagt til grunn at denne rapporten oppfyller kravet i TEK10 § 7-1 andre ledd for å
kunne gje rammeløyve. Fylkesmannen viser til SAK10 § 6-4; «Rammetillatelse», med nærare krav til
kva opplysningar som må vere avklara før rammeløyve blir gjeve. Bokstav e i føresegna føreset at
tryggleik mot fare skal vere opplyst, jf. plan- og bygningslova § 28-1. I rettleiinga til SAK10 § 6-4
bokstav e er kravet presisert:
«For å tillate det omsøkte tiltaket er det tilstrekkelig at eventuell fare er identifisert, og at det kan gjennomføres
sikringstiltak. Mer detaljert prosjektering av sikringstiltak kan i så fall vente til søknaden om
igangsettingstillatelse.»
Den førebelse rapporten frå Norconsult har avdekt fare for utvasking, primært frå
baugpropellar/trhusterar, og at det er behov for tilleggsutgreiingar på dette punktet. Rapporten viser
vidare at funn kan gjere det nødvendig med meir omfattande fysiske undersøkningar, og eventuelt
også stabiliserande tiltak. På den andre sida er det ikkje indikasjonar på at det ikkje vil vere mogleg å
etablere slike sikringstiltak, om tilleggsutgreiingane avdekker behov for dette. Fylkesmannen er einig
med kommunen i at dette er tilstrekkeleg kunnskap for å kunne gje rammeløyve. Reell fare,
attståande prosjektering og uavhengig kontroll må derimot vere avklara før det blir gitt løyve til
grave- og/eller fundamenteringsarbeid.11
Klagarane har også peika på det usikre momentet om at båtar kan ankre opp i strid med
fortøyingsprosedyren, for eksempel ved å bakke inn, og at grunnsedimenta då vert utsett for
propellstraum frå hovudmaskineri. Fylkesmannen er einig med kommunen i at fortøying i strid med
prosedyrane verkar lite sannsynleg, ut frå dei erfaringane som er gjort med tilsvarande anlegg andre
stader.
Tiltakshavar og ansvarleg søkar har i e-post 28.11.2016 presisert at fortøyingsprosedyren vil bli
endra, slik at prosedyren berre tillét fortøying med baug inn mot land. Dette kravet vil då bli absolutt,
og eventuelle fartøy som ikkje følgjer prosedyren vil bli avvist av hamneadministrasjonen. Klagarane
har kommentert framlegget i brev 02.12.2016. Oppsummert meiner dei at denne endringa bør
vurderast på nytt av kommunen som førsteinstans.
Klagarane stiller også spørsmål ved om endringa er i tråd med løyvet frå Nordfjord Havn IKS
07.07.2016, jf. løyvevilkår nr. 1. Vilkåret krev at «[d]et ikkje må foretas endringer utan at dette på
forhånd er godkjent av Nordfjord Havn IKS». Den endringa som er foreslegen, inneber derimot ikkje
endringar utføring eller plassering på teikning og kartutsnitt, som er dei rammeføresetnaden vilkår
nr. 1 viser til. Endringa i sjølve prosedyren, til berre å tillate fortøying med baug inn mot land, inneber
ikkje endringar i utføringa, og innfører heller ikkje nye fortøyingsarrangement som ikkje har vore
vurderte av kommunen og hamnestyresmaktene. Fylkesmannen kan derfor ikkje sjå at endringa i
prosedyren føreset ny handsaming i kommunen. Løysinga gjev ein situasjon losoldermann har
vurdert som utfordrande, jf. høyringsinnspel 09.08.2016 og innspel frå Kystverket til Fylkesmannen
09.12.2016 per telefon. Konsekvensane av at fartøy som ikkje kan fortøye med baugen inn, enten på
grunn av vêr eller andre forhold, vil verte at hamna blir stengt for anløp. Dei byggtekniske og
miljømessige tryggleikskrava i plan- og bygningslova vil derimot vere ivaretekne ved ei løysing som
nemnt.
11
Jf. mellom anna Ot.prp.nr. 39 (1993-1994) pkt. 8.3 om trinnsvis søknadshandsaming.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
10/12
Etter ei samla vurdering kjem Fylkesmannen derfor til at tilstrekkeleg tryggleik mot erosjon og
undersjøiske skred er ivareteke, jf. plan- og bygningslova § 28-1. Vi tek derfor ikkje klaga til følgje,
men finn det rett å stille vilkår om at fortøyingsprosedyren vert endra som signalisert. Fylkesmannen
føreset vidare at tiltakshavaren vil gjere denne avgrensinga kjent for aktuelle operatørar.
Det er i tillegg ein føresetnad at hamnereglementet blir ajourført, slik at hamnestyresmaktene sikrar
verkemiddel for å avvise fartøy som ikkje følgjer fortøyingsprosedyren, eventuelt stenging av
seawalk-anlegget ved grov sjø. Myndet til å revidere hamnereglementet per dags dato ligg til
Nordfjord Havn IKS, som får kopi av denne avgjerda. Gjeldande hamnereglement har også i dag
føresegner om forsvarleg fortøying, oppankring og flytting, jf. FOR-2014-06-06-71112 § 4 andre ledd.
Dersom det er nødvendig med ei ajourføring for å handheve avgrensinga ovanfor, må slik
oppdatering vere rettskraftig før seawalken vert ferdigstilt.
Det er elles ansvarleg søkar som har hovudansvaret for sikker prosjektering og utføring. Obligatorisk
tredjemannskontroll for geoteknikk skal vidare sikre at den vurderinga som vert gjort, er kvalifisert
for å bestemme geoteknisk kategori og pålitelegheitsklasse, jf. SAK10 § 14-2 andre ledd boktav c, ut
frå gjeldande standardar for geoteknisk prosjektering13.
Kommunen har i klagehandsaminga gjort greie for at den uavhengige kontrollen ikkje var motteken
per 27.10.2016. Dette er også eit forhold som høyrer til i fase to av søknadshandsaminga, og som må
ivaretakast før kommunen kan gje igangsettingsløyve, jf. plan- og bygningslova § 21-4 andre ledd.
Samla sett tiltrer Fylkesmannen kommunen sin konklusjon om at søknaden om rammeløye er
forsvarleg opplyst.
Klagarane sitt krav om kontroll av konsekvensar for naturmangfald, er eit tema som fell utanfor
kravet om obligatorisk kontroll etter SAK10. Kontroll kan likevel påleggast av kommunen etter ei
konkret vurdering, jf. plan- og bygningslova § 24-1 bokstav b. Kommunen har i klagehandsaminga
gjort ei omfattande vurdering av dette spørsmålet, der dei også tek omsyn til reglane i
naturmangfaldslova kapittel II, jf. særleg § 8 om forsvarleg kunnskapsgrunnlag. Fylkesmannen har
ikkje merknader konklusjonen om å ikkje krevje ytterlegare utgreiingar eller kontroll av rapporten frå
Rådgivende Biologer AS.
Dispensasjonane frå gjeldande plan
Klagarane viser til at søknaden om dispensasjon er svakt grunngjeven, jf. plan- og bygningslova
§ 19-1, og at kommunen ved å utfylle denne grunngjevinga har gått utover rolla som
bygningsstyresmakt. Dette synspunktet kan ikkje føre fram. Sjølv om dispensasjonssøknader skal vere
grunngjevne, fritek ikkje dette kommunen frå den generelle undersøkings- og grunngjevingsplikta
som gjeld for enkeltvedtak, jf. forvaltningslova §§ 17, 24 og 25. Desse generelle
sakshandsamingskrava er ikkje i konflikt med kommunen si rolle som nøytral bygningsstyresmakt.
Det er rett at kommunen ikkje pliktar å handsame ufullstendige søknader, jf. plan- og bygningslova
§ 21-4. Kommunen kan derfor avvise dispensasjonssøknader som ikkje er grunngjevne, dersom ikkje
feilen vert retta innan ein rimeleg frist. Dersom kommunen tek søknaden til handsaming, skal
kommunen på vanleg måte sjå til at saka er forsvarleg opplyst før vedtak. Vi kan ikkje sjå at dette er
ein sakshandsamingsfeil, så lenge det går klart fram av søknaden at tiltakshavaren søker om
dispensasjon.
12
13
Forskrift om bruk av og orden i havner og farvann, Nordfjord Havn IKS.
NS-EN 1997-1:2004+A1:2013-NA:2016.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
11/12
Kommunen har gjort greie for at det i dispensasjonssøknaden berre er vist til reguleringsplanen, sjølv
om den eine bøyen m/forankringsanlegg ligg utanfor planområdet for reguleringsplanen. Ein rett
utfylt søknad skulle derfor ha vist til både kommuneplanen og reguleringsplanen.
Vi kan ikkje sjå at dette ein feil som kan ha hatt verknad for utfallet av søknaden, eller for dei
vurderingstemaa som kommunen har avgjort dispensasjonssøknaden etter.
Kommunen har i dispensasjonshandsaminga gjort greie for at dei trafikale omsyna i sjø ikkje blir
tilsidesett, og vist til at styresmaktene etter hamne- og farvasslova ikkje har avgjerande merknader til
tiltaket. Vidare legg kommunen til grunn at bøyane i liten grad avgrensar den allmenne bruken av
Eidsfjorden elles. Kommunen har såleis vurdert dei relevante omsyna som ligg til grunn for
arealdisponeringa i kommuneplanen, i tillegg til reguleringsplanen, og dei moglege konsekvensane
tiltaket kan ha for desse omsyna. Vurderinga dekker krava i plan- og bygningslova § 19-2 fullt ut.
Fordelen ved å dispensere er høvet til å gjennomføre den vedtekne arealbruken i reguleringsplanen,
utan behov for etablering av omfattande kai/molo, slik planen opprinneleg syner. Ulempene ved å
dispensere, samanlikna med gjennomføring av eit kaianlegg utan seawalk, er eventuelle geotekniske
meirulemper på grunn av forankringsarrangementa. Slik Fylkesmannen ser det, vil desse ulempene
verte avbøtte gjennom dispensasjonsvilkåra om årleg, fagkyndig kontroll av sjøbotnen.
Fylkesmannen viser i tillegg til dei føresetnadane som er lagt til grunn for rammeløyvet, og til
nødvendige avklaringar før igangsettingsløyve vert gjeve. I denne påfølgjande prosessen er det
ansvarleg søkar sitt ansvar å identifisere, dokumentere og kvalitetssikre at relevante krav i mehald av
plan- og bygningslova, er ivaretekne.14
Vedtak
Fylkesmannen tek ikkje klaga frå Rita Karin Nyland m.fl. 08.10.2016 til følgje. Med heimel
forvaltningslova § 34, jf. plan- og bygningslova § 1-9, stadfestar vi vedtaket frå Eid kommune
22.09.2016, sak 84/16, jf. også tilleggsvilkår fastsett 27.10.2016 om årleg fagkyndig kontroll.
Fylkesmannen set i tillegg følgjande vilkår for igangsettingsløyve:

Fortøyingsprosedyre, jf. pkt. 7.11 til søknad om rammeløye; Ship to shore access, skal
oppdaterast slik at prosedyren utelukkande tillét fortøying med baug inn mot land. Skip
som ikkje følgjer fortøyingsprosedyren, skal kunne avvisast med heimel i hamnereglement.
Det er ein føresetnad at hamnereglement, jf. FOR-2014-06-06-711 § 4, vert ajourført i
nødvendig grad før ferdigattest blir gitt.
Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast vidare, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.
Med helsing
Gunnar O. Hæreid
assisterande fylkesmann
14
Jf. SAK10 kapittel 10,
Anne Kristin Eitungjerde
juridisk sjef
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
12/12
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Mottakarar:
Rita Karin Nyland
Karin Olsen Husevåg
Rune Husevåg
Wenche Os Noste
Barbro Os Noste
Anne-Kirsti Noste
Kaivegen 2
Hola 3
Kaivegen 8
Almenningen 4
Almenningen 4
Almenningen 4
Kopi:
Nordplan AS (ref. IBN)
Postboks 224
SeaWalk Nordfjord AS v/Ole Heggheim Osvegen 10
Nordfjord Havn IKS (ref. 03/2016)
Postboks 104
Elektronisk kopi:
Eid kommune (ref. 16/20161)
6770
6770
6770
6770
6770
6770
Nordfjordeid
Nordfjordeid
Nordfjordeid
Nordfjordeid
Nordfjordeid
Nordfjordeid
6771
6770
6701
Nordfjordeid
Nordfjordeid
Måløy